Midttun
Lnr 189+190 Vangsnes Midttun
I 1647 var 3,00 laupar eig av Kongen i 1647 + 0,50 laupar eigd av Kaupangergodset. Siste del var innan 1723 komen inn under lnr 191. Sjølveigd før 1723. Matrikkelskyld i 1723: 2,50 laupar. Dette bruket var det einaste udelte bruket på Vangsnes mellom 1723 og 1800. I denne perioden var lnr 189+190 lensmannsgard for Vangsnes.
Jon (1610–) dreiv dette bruket i 1647. I 1667 hadde han sønene: Per 1639, Klaus 1642 (lnr 191), Anders 1661, Ingebrigt 1663. Ut frå aldersskilnaden mellom borna er det rimeleg å tru at Jon var gift minst to gonger. Første kona var Gjørond Klausdtr, som var her i 1645. Siste kona var kanskje Halkatla Perdtr (–1691). Ho kan ha vore dotter til Per på lnr 187+188. Sonen Per Jonson Vangsnes (1639–) overtok drifta av heile eller deler av storbruket. Han levde så seint som i 1707. Men vi trur at Ola Johannesson (1634–1717) var brukar på Midttun frå ca 1680. Han kan ha vore ein son til Johannes Hansson som var leiglending på lnr 196+197 i 1745. Ola var truleg gift med Ragnhild 1634–1712. Ola var næraste granne til kaptein Brun, som var eigar og brukar av ein del av bruket. Ut frå rettsprotokollane må vi kunna seia at denne kapteinen ikkje kunne vera heilt normal. Vi tru at Ola overtok eiga som kapteinen hadde hatt og at han til sist eigde heile 3,50 laupar i Vangsnes. Vi trur at Ola hadde borna: Gjørond 1664 (lnr 184+185+186), Johannes 1666 (lnr 13 Tenål), Anna ca 1670 (Håum i Feios), Mons 1676 (kjem bort etter 1701) og Jon 1685. Som arv fekk Johannes 1,50 laupar i Vangsnes og Jon 2,00 laupar. Av Johannes si eige var truleg 1,25 laupar i lnr 191. Jon Olason Midttun (1685–1725) & 1713 Unni Anfindtr Berdal (1691–1733) frå Feios hadde borna: Anfin 1714, Ola 1716–35, Ragnhild 1718–18, Jens 1719. Borna Anfin og Jens ser vi ikkje noko meir til. Unni vart attgift 1726 med Ola Person Stedje (1703–1793) frå lnr 64 i Vik og dei fekk: Kristi 1727 (sjå note). Ola vart attgift 1734 med Ragnhild Bendikdtr Brekke (1709–1800), lensmannsdtr frå lnr 88 i Vik. Born: Per 1735 (ukjend seinare), Unni 1736 (lnr 15 Tenål), Sigrid 1738–40, Bendik 1740, Sigrid 1743 (sjå note), Jon 1744, Randi 1749 (lnr 13 Limmesand), Marta 1752 (lnr 15 Tenål). Ola vart lensmann over eit stort område og var utan tvil ein mektig mann i bygda. Bendik Olason Vangsnes (1740–1821) & 1775 Solveig Tollakdtr Seim (1750–1819) frå lnr 9 i Vik fekk skøyte på all eige i bruket i 1795. Faren hadde hatt bruket til han døydde, og det vart tvist mellom Bendik og syskena om kor mykje han skulle betala. Dei ville sjølvsagt ha størst mogleg arv. Bendik vart òg lensmann, men ei tid delte dei to lensmannsområdet mellom seg. Born: Ragnhild 1775 (lnr 190), Sigrid 1777 (plass under Flesje i Balestrand), Ola 1779 (lnr 190), Tollak 1781 (lnr 189), Per 1785 (lnr 185), Mari 1789 (lnr 57c Sylvarnes i Arnafjord sokn), Eirik 1791–99, Jon 1795 (plass 33 Vangsnes). Bendik og Solveig fekk vanskar ved at eldste sonen Ola 1779 ikkje var i stand til å ta vare på verdiar. Kanskje var det alkohol som var problemet. I 1796 fekk han ein unge med ei vangsnesjente. Ho var sikkert meir enn bra nok for familien som gifte, men ho ville truleg ikkje ha noko meir med han å gjera. Så lenge Ola var ungkar, var han kanskje ikkje interessert i å overta bruket, men då han i 1799 gifte seg med ei 21 år eldre bondejente frå Vetlefjorden, såg foreldra truleg ikkje nokon anna utveg enn å dela bruket med Ola. Under lnr 190 ser vi at det gjekk heilt gale.
Kristi Oladtr Vangsnes (1727–1806) var først gift 1748 med Per Larsson Tue (1714–75) i Balestrand, så 1775 med Fredrik Jonson Vangsnes (1748–1806) frå lnr 186 og dei var busette på Hagetun under Feidje i Feios.
Sigrid Oladtr «Midttun» (1743–1777) & 1776 sersjant Ole Goe Madsson Sæbye (1744–1789) fekk neppe born. Ole Goe dreiv handel på Vikøyri, og då Sigrid døydde vart ho kalla borgarkone, noko som viser at Ole hadde borgarbrev. Alder ved død tilseier at ho var fødd i 1745, medan alder ved vigsla som vanleg for Leikanger prestegjeld vart avrunda til eit 10-år (her 20 år). Desse siste avrundingane er ofte svært misvisande, slik at vi må tru at det er Sigrid 1743 som gifte seg i 1776. Sigrid døydde kanskje på barselsseng.
Lnr 189 Vangsnes
2,42 spd. Sjølveigd. Matrikkelskyld i 1838: 1,25 laupar. I 1845 lnr 189a Vangsnes 2,22 spd., 3 hushald, 14 personar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 6,7 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 21 sauer, 6 geiter, 1 vinterfôra svin.
Bendik Olason Vangsnes sat med halvbruket fram til 1807. Då overtok sonen Tollak, og han hadde bruket til 1836. Tollak Bendikson Vangsnes (1781–1871) & 1810 Magnhild Hermunddtr Undi (1781–1857) frå lnr 63 i Vik fekk: Bendik 1811, Ingeborg 1813–13, Durdei 1814–14?, Hermund 1816 (sjå note), Ingeborg 1816 (plass under Ytre Frønningen), Ola 1819 (sjå note), Solveig 1821–22, Solveig 1823 (plass 61 Vangsnes). Sjå også note om ein bror til Magnhild. Bendik Tollakson Vangsnes (1811–1856) & 1838 Mari Ellenddtr Vangsnes (1817–1881) frå lnr 187a fekk skøyte på bruket i 1836. Bendik og Mari fekk: Hans 1837 (lnr 189a), Tollak 1840 (USA 1867), Synneva 1843 (plass 52 Vangsnes), Ellend 1846–46, Ellend 1848–48, Ellend 1950–50, Ola 1851–51, Ola 1854 (USA 1867). Enkja Mari reiste til USA i 1867. I 1845 vart bruket frådelt lnr 189b 0,20 spd, slik at lnr 189a vart 2,22 spd. I 1856 fekk Bendik kjøpt til lnr 195b 1,95 spd, men frå denne gardparten selde han straks to tredelar, slik at han sat at med ny lnr 195b 0,65 spd. I teljinga i 1865 sat sonen Hans med bruket, men skøyte fekk han først i skiftet etter faren i 1866.
Hermund Tollakson Vangsnes (1816–1903) & 1846 Brita Markusdtr Tveit (1823–1899) frå lnr 1 var busette nokre år på ein husmannsplass på Smiebakken i Sværen, men reiste til USA i 1855. Born: Markus 1846, Turid 1849, Ingeborg 1851–52, Ola 1853. Ola Tollakdtr Vangsnes (1819–) & 1846 Brita Andersdtr Meland (1817–) frå Vetlefjorden var i Sværen før dei reiste til USA i 1850. Dei hadde då Anders 1849.
Hans Hermundson Undi (1788–) frå lnr 63 & 1815 Synneva Steffendtr Brekke (1786–) frå lnr 89 i Vik var ei tid busette på Vangsnes og pakta i 1822 ein gard. Hans var bror til Magnhild 1781. Born: Hermund 1820, Gunhild 1822. Familien kjem så bort for oss.
Lnr 189a + lnr 195b 2,22 + 0,65 spd. Data for 1865: 9 daa bygg, 5 daa potet, 2 hestar, 12 storfe, 12 smalar, 1 vinterfôra svin. I 1868 var det over 15 dekar åker og 5 dekar dyrka eng på bruket. Dette var meir dyrka jord enn på andre bruk på Vangsnes.
Hans Bendikson Vangsnes (1837–) & 1863 Jensina Sveindtr Vangsnes (1840–) frå lnr 194 fekk: Maria 1863 og Bendik 1864. I 1865 hadde dei dessutan fosterdottera Jensina 1858, ein unge som Jensina hadde med Gjert Olason Målsnes. Hans og Jensina tok over bruket i 1866, men huslyden reiste til USA same året og selde bruket til: Eirik Ingebrigtson Eri (1821–1878) & 1850 Gjertrud Henningdtr Lem (1825–1920), båe frå Lærdal. Dei kom frå ein husmannsplass på Nedre Eri. Dei hadde bruket til 1889. Born: Kari 1850 (fekk Lovisa 1877 med Ingebrigt Nilsson Vangsnes frå lnr 187a), Anna 1852, Ingebrigt 1855 (lnr 189a), Henning 1857 (Alversund i Hordaland), Anna 1859 (sjå note), Eirika 1862 (USA 1893), Søren 1863 (lnr 189d), Anders 1865 (USA 1891, gift i USA med Helga Fredrikdtr frå lnr 195g), Gjertrud 1868 («enepige» i Bergen i 1891), Tomas 1870 (USA 1891), Unni 1874 (Bergen). Anna 1852 og Kari 1850 med Lovisa 1877 reiste truleg til USA utan at det er registrert. Eigedomen vart i 1870, 1887 og 1891 redusert ved frådelingar.
Anna Eirikdtr Vangsnes (1859–) fekk Johanna 1882 med Lars Lasseson Vangsnes (1853–1909) frå lnr 188a. Johanna fór til USA i 1912.
I 1870 vart lnr 195b frådelt lnr 195g 0,28 spd og lnr 195h 0,12 spd. Ny lnr 195b 0,25 spd = bnr 97/48 0,39 mark. Det siste bruksnummeret vart i 1891 frådelt bnr 97/56, slik at ny bnr 97/48 vart 0,25 mark. Denne parten vart i 1891 selt til Knut Olason Høvik på lnr 191e og kom seinare inn under lnr 191c. Lnr 189a 2,22 spd vart i 1870 frådelt lnr 189d 0,03 spd og i 1887 lnr 189e 0,03 spd og lnr 189f 0,03 spd.
Ny lnr 189a 2,14 spd = bnr 97/15 3,33 mark. Ingebrigt Eirikson Vangsnes (1855–1897) & 1892 Gjertrud Knutdtr Færestad (1863–1950) frå Lærdal fekk: Eirik 1893–98, Vilgerd 1895–1983 (Bergen), Knut 1897. Gjertrud gifte seg på nytt 1898 med Elling Olason Vangsnes (1852–1926) frå lnr 186. Born: Gjertrud 1899 (Yndesdal i Brekke), Ingeborg 1901 (Askøy), Olav 1904 (overtok Verkland etter faren), Johannes 1907 (Ytre Brekke). Bruket vart i 1899 skøytt til den to år gamle sonen Knut. Før han vart vaksen, vart bruket drive av Gjertrud og Elling. Dei kjøpte så gard på Verkland i Brekke, Ytre Sogn, og tok familienamnet Wergeland. Knut Ingebrigtson Midttun (1897–1989) & 1948 Margrete Mehus (1904–1985) frå Mauranger i Hardanger dreiv bruket 1915–65 og mest med frukt. Dei var barnlause. I 1965 overtok Sigve Martin Ottoson Svendsen (1939–) frå lnr 98 Midlang i Vik & 1960 Gudny Hove (1936–) frå lnr 79a Hagen-Hove i Vik. Sigve hadde sagbruk og dreiv mjølkeproduksjon i nytt fjøs frå 1981. Born: Otto 1962 (Førde), Geir 1965.
Bnr 97/145 Nytun 0,02 mark. Denne bustadtomta ligg inne i tunet og vart skilt frå i 1965 for å gi bustad for seljaren av bruket. Sigve Svendsen har overteke.
Bnr 97/246. Busett i 2005 av: Geir Sigve-Martinson Svendsen (1965–) & 1994 Mona Midtlie (1969–) frå Elverum. Born: Linda 1993, Stine 1995, Martin 2000. Geir budde før i Oslo og var gift med Jorunn Kåredtr Hønsi (1965–) frå bnr 61/1 Hallsete i Arnafjorden.
Lnr 189b 0,20 spd, «Brossberg» (Brystberg). Data for 1865 for lnr 189b+193e: 2,8 daa poteter, 3 storfe, 3 smalar, 2 vinterfôra svin.
Amund Larsson Vangsnes (1796–1864) frå plass 43 & 1826 Sigrid Eirikdtr Vangsnes (1802–1833) frå plass 18 fekk: Synneva 1832 (Vetleøyri s092), Kari 1831–31. Amund vart attgift 1834 med Kari Jondtr Vangsnes (1807–1881) frå lnr 188 og dei fekk: Sigrid 1834–34?, Anna 1837 (lnr 189c). Kari hadde frå før Johannes 1830 med Botolv Larsson Vangsnes (1807–1833) frå plass 43. Amund hadde jekt. I 1862 vart småbruket skøytt til Johannes Botolvson Vangsnes (1830–1880) & 1864 Ingeborg Perdtr Vange (1831–1896) frå lnr 5 i Vik. Johannes var jekteførar. Han drukna i ei båtulukke mellom Vik og Vangsnes. Born: Kari 1865, Per 1866, Gjertrud 1869–69, Gjertrud 1870 (USA 1889), Johanna 1873 (USA i følgje bygdeboka), Anna 1875 (USA 1893). Ingeborg hadde dessutan Brita 1856 med Ola Johannesson Brekke (1835–1917) frå lnr 89 i Vik. Brita 1856 var heime på bruket på Vangsnes i 1875, men i 1885 var ho tenestejente i Bergen. I 1868 vart bruket frådelt lnr 189c 0,10 spd, ny 189b 0,10 spd = bnr 97/16 0,18 mark. Men bruket vart likevel mykje større i 1868, for lnr 193e 0,42 spd = bnr 97/17 0,61 mark vart kjøpt til. Før 1893 må bnr 97/17 ha blitt selt frå til sersjant Hans Sætevik (sjå lnr 191d). I 1886 vart bruket skøytt av enkja til: skomakar Magnus Einarson Ramsli (1856–1952) frå Kyrkjebø & 1885 Kari Johannesdtr Vangsnes (1865–1923). Born: Astrid 1885 (USA), Andreas 1886 (Canada), Signy 1887 (USA), Ingebjørg 1890 (USA), Hjørdis 1893 (lnr 123 Hopperstad i Vik), Einar 1895 (Canada), Solveig 1897 (USA), Helga 1900 (USA), Sigurd 1902 (Langevåg), Anna 1904 (Vågnes), Johannes 1909 (Vågnes). I 1893 flytta familien til garden Vågnes på Sula på Sunnmøre. Ved folketeljinga i 1900 budde Per 1866 med huslyd på bnr 97/16. Men Magnus eigde bruket til 1907. Per kjøpte i 1911 lnr 193h, sjå meir om huslyden der. Bnr 97/16 0,18 mark gjekk til Botolv Hansson Vangsnes (1873–1915) frå lnr 193f. Han gifte seg 1908 med husmannsdtr Sigrid Johandtr Rinde (1884–) frå Feios. Enkja Sigrid gifte seg med ein svenske med familienamnet Arvidson og reiste visstnok til Sverige. Sigrid Arvidson skøytte i 1919 eigedomen til ein bror som var lønningssjef i Høyanger. Olaf Johanson Rinde (1895–) & 1920 Astrid Olga Kristiansen (1898–) fekk på Vangsnes: Kåre Johan 1923–23. Astrid Olga var busett i Bremanger då ho gifte seg. Foreldra til Olaf, Johan Jonson Brandanger (1853–1923) & 1877 Marta Rolanddtr Hereid (1854–1923), døydde båe på Vangsnes. Familien flytta til Svelgen, men Olaf eigde framleis bruket. I 1931 hadde enkja Astrid Olga overteke. Bruket vart i 1932 selt til Nils Ellendson Vangsnes (1872–1956). Han hadde i åra 1925–27 eigd foreldrebruket lnr 187a. Deretter eigde han ein parsell av bruket, bnr 97/89 1,21 mark. I 1932 vart Nils umyndiggjort. Parsellen må då ha blitt selt utan tinglyst skøyte til Anders Fosse (sjå bnr 97/65 under lnr 197a) og som så selde til Nils. I 1949 slo sorenskrivaren fast at Nils hadde heimelen, og då vart parsellen skøytt frå han til Johannes Johannesson Vangsnes (1900–1966) frå Fresvik, busett på Indre Hamre på Leikanger. Om foreldra til Johannes: sjå note lnr 187a. Johannes og kona Gunhild dreiv fiskehandel på Leikanger. Bnr 97/16 0,17 mark vart av Gunhild i 1972 skøytt til Hallstein Johanson Kjøllesdal (1925–). Han bur i Oslo. Han har bygt om huset på staden. Kjøllesdal var ei tid sjef for Vik verk. Sjå om familie under bnr 1/48-3 Hamnen i del 3.
Lnr 189c 0,10 spd, frådelt lnr 189b i 1868. Seinare tilkjøpt 187c 0,01 spd, lnr 193i 0,03 spd, til saman 0,14 spd = bnr 97/12 0,24 mark. I året 1900 var også lnr 193g 0,01 spd = bnr 97/36 kome inn under bruket, sjå plass 60. Data for 1875: 2,1 daa poteter, 2 kyr, 2 sauer og 1 vinterfôra gris.
Otto Karl Ottoson Opdal (1837–1919) frå plass 60 Vangsnes & 1861 Anna Amunddtr Vangsnes (1837–1909) frå lnr 189b dreiv i 1865 halvparten av lnr 190b, men fekk i 1868 kjøpt ein part av foreldrebruket til Anna. Otto Karl hadde råsegljekt og dreiv mykje med frakt. Han var òg «underlensmann». Born: Lars 1861 (på bruket i 1875), Randi 1863 (USA 1886), Otto 1865 (USA 1893), Amund 1868–70, Karl 1870 (USA 1888), Amund 1873–76, Unni 1875 (USA 1893), Amund 1877, Otto 1878–80. Anna hadde òg Sigrid 1858 (sjå note) med Ola Eirikson Vangsnes (1861–1914) på lnr 192a. Amund Ottoson Vangsnes (1877–1953) & 1910 Olina Ivardtr Tenål, (1876–1950) frå plass 1 under lnr 13 i Vik hadde småbruket 1909–50. Born: Otto 1911, Ivar 1912 (Bergen, seinare Tysnes). Otto Amundson Vangsnes (1911–1987) & 1941 Dagny Martindtr Holen (1915–1976) frå bnr 13/2 Øvstedal i Vik fekk: Aud Magnhild 1942 (bnr 97/65 under lnr 197a+195a), Magne Oddvin 1945. I 1973 vart bnr 97/12 + bnr 97/36 skøytt til Magne Oddvin Ottoson Vangsnes (1945–) & 1967 Ragnhild Andora Berglie (1947–) frå Kaupanger. Born: Anette 1970 (Bergen), Morten 1972 (Jessheim), Per Otto 1974, Dagny 1983. Dagny Magne-Oddvindtr Vangsnes (1983–) har Daniel August 2006. Per Otto Magne-Oddvinson Vangsnes (1974–) overtok i 2004.
Bnr 97/109 Vangslund 0,03 mark, frådelt 1951. Butikk og ungdomsherberge, eigd og drive av: Anna Nikolaidtr Langeteig (1910–1993) frå Vetlefjorden & 1933 Alfred Ingebrigtson Skeide (1911–2000) frå Fjærland. Born: Gerd 1934 (Sogndal), Ingvar 1936 (bnr 97/157 under lnr 192b), Kristina 1938 (Sogndal), Nicolai Johan 1945 (Oslo). Alfred var styrar av filial for Vik samyrkelag 1958–62. Huset er overteke av Oddvin Magne Olafson Vangsnes (1944–) frå Bergen. Han arbeider i Stockholm, og dette er feriebustad. Faren Olaf 1906 kom frå lnr 196a.
Sigrid Oladtr Vangsnes (1858–) & 1882 Alf Hermundson Nummedal (1858–) frå lnr 37 i Vik fekk: Kristina 1881–81, Kristina 1884, Anders 1886 og Otto 1888. Alf var snikkar. Huslyden budde på Hove i Vik. Dei reiste til Amerika i 1889.
Lnr 189d 0,03 spd = bnr 97/18 0,05 mark, frådelt lnr 189a i 1870. I 1903 kom bnr 97/70 0,04 mark av lnr 195a+197a inn under bruket. Parsellen vart seinare selt. Lnr 189d låg først under lnr 193f, men var utan tinglyst skøyte eigd i året 1900 av: jekteskipper Søren Eirikson Midttun (1863–1907) frå lnr 189a & 1885 Synneva Ellenddtr Vangsnes (1867–) frå lnr 188b. Søren var busett på Lærdalsøyri då han gifte seg. Born: Johanna 1886 (USA i 1904 og 1921), Brita 1887 (USA 1902), Eirik 1889 (USA 1908), Olina 1891 (USA 1906), Elisa 1893 (USA 1908), Synneva 1895 (USA 1914), Sigurd 1897 (USA 1916), Maria 1899 (USA 1922, sjå òg bnr 97/94 under lnr 188b), Anna 1900 (USA 1922), Ingeborg 1903–04, Ingeborg 1906 (USA 1922). Enkja Synneva reiste til USA i 1922 med to born. Bruket vart i 1931 skøytt til Ola Larsson Vangsnes (1854–1936) frå plass 45. Han vart kalla «Rindes-Ola». Han var frå ein plass nær sentrum av Vangsnes. Etter han døydde var det ugreie med eigarforholdet, men i 1941 erklærte sorenskrivaren at Klaus Thue (1913–) i Kvamsøy hadde heimelen. Han var systerson til kona til Johannes Liljedahl på lnr 191e. Dei var næraste nabo til bnr 97/18. Klaus kom ikkje til Vangsnes, og i 1947 vart eigedomen skøytt til Olav Andersson Følid (1890–1958) frå lnr 20 Føli & 1931 Martha Hansdtr Sandvik (1890–1994) frå Halsenøy. Olav hadde ein liten eigedom i Vik, lnr 15d Tenål, men der var det ikkje bustadhus. Olav var byggmeister og dei to hadde tidlegare budd i Vik, Balestrand, Oslo og Bergen. Dei hadde ein fosterson: Anders 1932. I 1974 vart eigedomen skøytt til Anders Colban Følid (1932–). Han bur i Bergen.
Lnr 189f 0,03 spd = bnr 97/20 0,04 mark, frådelt 1887. Hermund Hansson Vangsnes (1830–1908) & 1870 Marta Kristofferdtr Eri (1837–1900) frå plassen Mita under Moldo i Lærdal flytta hit frå plass 24 og bygde hus på parsellen. Hermund var skreddar. Born: Hans 1870–1941 (Langevåg), Kristoffer 1874, Johan 1877–1950 (skomakar, Bergen, gift 1903), Jon 1880–1959 (slaktar, Sogndal). Marta fekk på Vangsnes òg Ragnhild 1862 med Kristen Ivarson Lærdalsøyri. Ragnhild var ugift fattiglem i Bergen i året 1900. Sønene brukte Framnes som familienamn. Kristoffer Hermundson Framnes (1874–1954) & 1901 Samoline Rasmusdtr (1877–1920) frå Åfoten overtok. Dei var båe svaksynte og møttest på blindeskule. Dei var småbrukarar, men eigde svært lite jord. Born: Sofie Marie Valborg 1902–04, Marta 1907–57 (ugift, var heime), Reinhard 1909 (Måløy), Sverre 1914, Signy 1916 (Måløy), Hanna 1920–20. Sverre Kristofferson Framnes (1914–1964), busett i Åsane, overtok i 1958. Han døydde på Bergensbana mellom Hønefoss og Ål. Enkja Kristiane Framnes Kvist (1909–1986) overtok og i 1969 sonen Ingolf Johan Birgerson Kvist (1948–). Ingolf bur i 2006 i Prestvegen 17, Prestberget i Vik.
Lnr 190 Vangsnes Midttun
2,42 spd. Sjølveigd. Matrikkelskyld i 1838: 1,25 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 6,7 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 24 sauer, 24 sauer, 5 geiter, 2 vinterfôra svin. 2 hushald, 9 personar.
Ola Bendikson Vangsnes (1779–1841) & 1799 Gyrid Hansdtr Meland (1758–1825) frå Vetlefjorden fekk skøyte på dette halvbruket i 1799. Dei to fekk ikkje born, men Ola hadde frå før Hans 1796 med Ingrid Hansdtr Vangsnes (1776–1842) frå lnr 196. Hans fekk Lars 1816 med Brita Oladtr Vikøyri v213 (1796–1877). Hans kom til ein plass på Sveio i Hordaland. På Sveio vart Hans kalla «Kara-Hans» fordi han laga karer for ull. Det gjekk ille med Ola Bendikson. I 1804 selde han bruket til Anders Andersson Tufte (1763–) frå Aurland. Ola og Gyrid fekk kår. Men heller ikkje som kårmann greidde han halda styr på økonomien. Mellom anna pantsette han kårkornet før det var hausta. Ola flytta til Bergen og levde der eit forbrytarliv, men kunne også lura folk som elegant forretningsmann. Siste dom eg veit om var 13.04.1813 for båttjuveri, bedrageri og rømming frå tukthus. Han døydde i Bergen i 1841 som almisselem. Anders Tufte var handelskar. Han kom ikkje til Vangsnes, og han selde bruket i 1807 til Guttorm Olason Øksdal (1771–1811) frå lnr 2 & 1805 Ragnhild Bendikdtr Vangsnes (1775–1854). Bruket kom såleis tilbake til slekta. Born: Anna 1805 (plass 31 Vangsnes), Bendik 1808. Ragnhild vart attgift 1812 med Frik Kjellson Bøyum (1772–1870) frå Fjærland og dei fekk: Guttorm 1813 (lnr 190c), Brita 1817–33. Bendik Guttormson Vangsnes (1808–1863) & 1834 Brita Anfindtr Grindedal (1808–1861) frå Feios hadde bruket 1834– 63. Born: Anna 1835 (plass 7, så USA), Anfin 1837–48, Ragnhild 1839 (døydde truleg før konfirmasjonsalder), Anna 1841 (USA 1864), Ragnhild 1844–44, Kari 1845 (USA 1864), Guttorm 1848 (USA 1864). Bruket vart frådelt lnr 190b 2,08 spd i 1850 og bnr 190c 0,25 spd i 1852, slik at lnr 190a fekk skyld 2,08 spd. Bruka gjekk ut av slekta.
Lnr 190a 2,08 spd = bnr 97/21 3,21 mark. I 1865 var det følgjande data for bruket: 5,7 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 9 storfe, 18 smalar, 1 vinterfôra svin.
Kjøpar i 1863 var: Ola Jonson Helland (1829–1922) & 1862 Brita Lassedtr Åfet (1835–1919), båe frå Feios. I 1865 hadde dei fosterdottera Synneva 1859 (USA 1881). Det var ein unge Ingeborg Rasmusdtr Helland hadde fått med Ola Lasseson Åfet. Seinare tok dei til seg Ola 1868, ein son til Mons Lasseson Åfet, ein annan bror til Brita. I 1879 kom lnr 190c = bnr 97/23 0,43 mark inn under bruket, og det vart i 1954 slege saman med bnr 97/21. Samla skyld 3,62 mark i 1990. Ola Monsson Midttun (1868–1933) & 1894 Jørgina Monsdtr Grindedal (1872–1938) frå Feios tok over i 1895. Born: Brita 1895–1970 (ugift, på bruket), Martin 1897–1914 (tuberkulose), Lasse 1900, Olav 1904–05, Anna 1906–22 (tuberkulose), Olav 1909–56 (ugift), Magnus 1911–38 (tuberkulose). Lasse Olason Midttun (1900–1973) overtok bruket. Han var ugift. Bnr 97/21 og bnr 97/23 vart skøytt i 1973 til Endre Larsson Helleland (1907–1991) & 1938 Olga Perdtr Barsnes (1913–1978). Dei kom frå lnr 62 Undi i Vik. I 1975 overtok Kirsti Endredtr Helleland (1957–) & 1975 Leif Audun Jonson Sætre (1955–) frå Sandane. Born: Laila-Kristin 1975 (Feios), Endre 1979 (Oslo), Jomar 1985, Raymond 1991, Frida 1996.
Lnr 190b Midttun 0,08 spd = bnr 97/22 0,18 mark. Data for 1865: 1,2 daa bygg, 1,1 daa poteter, 2 storfe, 3 sauer.
Kjøpar i 1850 var: Ola Jonson Vangsnes (1812–1866) frå lnr 191 & 1849 Mari Perdtr Nokken (1813–1887) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk Brita 1855. Brita Oladtr Vangsnes (1855–1941) & 1885 Tomas Person Dale (1857–1895) frå Luster overtok. Han var tambur. Born: Mari 1885–1966 (ugift), Ola 1887, Kristi 1889. Buet etter Brita vart først avslutta i 1966, og så var Johan Handal på lnr 184b eigar i tre år. Ola Tomasson Dale (1887–1976) og Kristi Tomasdtr Dale (1889–1987) var eigarar frå 1970. I 1974 kom eigedomen inn under bnr 97/26 (= lnr 191d), men er skilt frå på nytt og busett av Frank Kjellson Høyum (1979–) frå bnr 97/176 under Krossen og Kalviki. Han er ugift.
Lnr 190c Midttun 0,25 spd = bnr 97/23 0,43 mark. Data for 1875: 1,1 daa bygg, 1,8 daa poteter, 1 ku, 3 sauer og ein vinterfôra gris.
Guttorm Frikson Vangsnes (1813–1875) frå lnr 190 & 1847 Synneva Nilsdtr Stjernegjerd (1814–) frå Feios fekk skøyte på parsellen i 1852. Born: Brita 1849–65, Nils 1854 (USA 1879). Ved teljinga i 1865 var det ingen produksjon på bruket. Paret var skilt, og Synneva var flytta med borna til far sin i Feios. Men i 1875 var det Synneva som dreiv småbruket. I 1879 skøytte Synneva Nilsdtr bruket til Ola Jonson Midttun, slik at det kom inn under lnr 190a.
Lnr 191 Vangsnes Midttun
2,42 spd. I 1647 eigd av Anna Jensdtr Hjermann 1,00 laupar, truleg tillagt 0,50 laupar eigd av Kaupangergodset innan 1723. Eigd i 1723 av Johannes Olason Tenål på lnr 13 i Vik. Seinare delvis sjølveigd. Fullt frikjøpt i 1799. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,25 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 8,9 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 12 storfe, 18 sauer, 9 geiter, 2 vinterfôra svin.
I 1647 dreiv Hans og Brita Oladtr eit bruk på ein laup. Hans var der òg i 1657. Deretter er brukaren ukjend fram mot 1680. I 1701 var det Klaus Jonson Vangsnes (1642–1736) frå lnr 189+190 som var leiglending. Han hadde i 1701 sonen Jon 1687. Jon Klausson Vangsnes (1687–1755) dreiv eit bruk på 1,25 laupar i 1723. Han gifte seg 1705 med Brita Oladtr Berdal (1685–1728) frå Feios. Dei fekk Unni 1706 (Åfet i Feios), Gjørond 1711 (plass på Øvre Njøs, Leikanger), Ragnhild 1713 (ugift). Ingeleiv 1718–18, Ragnhild 1726–26. Jon vart attgift med Brita Jondtr Stølen (1674–1733) frå Fjærland og dei fekk Brita 1731 og kanskje Klaus ?–1736. Brita Jondtr Vangsnes (1731–1809) & 1753 Sjur Bårdson Øksdal (1730–1812) frå lnr 3 overtok drifta. Ei tid eigde Sjur 1 laup i bruket, og såleis nesten heile bruket. Men Johannes Andersson Tenål på lnr 13 i Vik tok eiga tilbake på odel, slik at Sjur på nytt vart leiglending. Dette må vera ein del av ei eige på 1,5 laupar som Johannes Olason Vangsnes (1666–1728) hadde i Vangsnes i 1723 (sjå lnr 189+ 190) og som han tok med seg då han gifte seg med ei enkje på lnr 13 på Tenål i Vik. Seinare fekk Sjur kjøpt tilbake ein del av eiga og vart delvis sjølveigar. Born: Jon 1755–56, Gjertrud 1757 (Åfet i Feios), Ragnhild 1757 (lnr 187), Brita 1761 (lnr 195), Jon 1765, Ingeborg 1768–71, Ingeborg 1774–74. Jon Sjurson Vangsnes (1765–1835) & 1794 Brita Hansdtr Vangsnes (1769–1833) frå lnr 188 overtok drifta i 1795 og fekk skøyte på resten av eiga i bruket frå arvingane etter Johannes Tenål i 1799. Born: Gjertrud 1794 (sjå note), Brita 1797–1800, Ingeborg 1799 (plassen Oelgjershaugen på Sylvarnes i Arnafjord sokn), Brita 1801 (sjå note), Sigrid 1804 (ugift), Hans 1806, Sjur 1809 (lnr 195c), Ola 1812 (lnr 190b). I skiftet etter Brita i 1833 vart bruket lagt ut til sonen Hans. Hans Jonson Vangsnes (1806–1891) & 1830 Anna Oladtr Brekke (1804–1893) frå Flåm hadde bruket til 1863. Born: Ola 1831 (USA), Jon 1833, Brita 1836 (lnr 193f), Guttorm 1839 (Aurland 1853, så USA), Sjur 1841 (underoffiser, i Bergen 1865, gift 1876), Hans 1843 (lensmann i Arendal). I 1862 vart frådelt lnr 191b 0,10 spd til Balestrand kommune.
Lnr 191a 2,39 spd. Data for 1865: 2,5 bygg, 6 potet, 1 hest, 10 storfe, 18 smalar og 2 vinterfôra svin.
Jon Hansson Vangsnes (1833–1898) & 1863 Brita Oladtr Øksdal (1836–1917) frå lnr 3 fekk: Ola 1864, Anna 1866 (ugift), Brita 1868 (Berdal i Feios), Hans 1872 (Nesttun i Fana), Anna 1873 (ugift, heime), Johan 1876–1900 (tuberkulose). Brita Jondtr Vangsnes (1868–) fekk Andreas 1899 med kontorist Kristian Hartvigsen Meidell (1878–) i Bergen. Guten vart oppfostra på bruket. Bruket vart i 1874 frådelt lnr 191c 0,05 spd, lnr 191d 0,07 spd og i 1881 lnr 191e 0,17 spd. Ny lnr 191a 2,11 spd = bnr 97/24 3,29 mark. Ola Jonson Midttun (1864–1925) & 1902 Synneva Nilsdtr Jordal (1869–1918) frå Fjærland overtok. Born: Nils 1900, Kristi 1903–19, Johan 1905–26, Nils 1907 (Oslo). Deretter overtok Andreas Kristianson Midttun (1899–1978) & 1922 Gyrid Nilsdtr Berdal (1888– 1975) frå Feios. Born: Bjarne 1922, Borgny 1924 (Bergen), Alma 1926 (sjå note lnr 192a), Gudmund 1928 (sjå bnr 97/93), Norvald 1930 (Bergen). Gyrid var først gift med enkjemann Nils Olason Tjønn (1876–1916) i Feios, og dei hadde: Dagny Mathilde 1913–32 (ugift på Vangsnes) og Nils 1916 (Vadheim, så Oppheim på Voss og så Nedste Hopperstadmarki nr 15 i Vik). Dei to borna voks opp på Midttun. I 1952 overtok Bjarne Andreasson Midttun (1922–) & 1948 Unni Johandtr Fardal (1919–1994) frå bnr 97/71 under lnr 197a+ 195a. Born: Arne Gunnvald 1951, Inger Johanne 1954 (bnr 97/133 av lnr 197a). Eigar i 2005 er Arne Gunnvald Bjarneson Midttun (1951–) & 2004 Agnieszka Nadolska (1975–) frå Polen. Dei har Aleksandra 2006.
Bnr 97/93 Veslevang 0,06 mark vart utskilt 1944 til Kristian Olason Vangsnes (1895–1979) frå lnr 192a & 1919 Brita Monsdtr Tunshella (1894–1984) frå Aurland. Dei fekk: Kari 1919. Kristian hadde motorbåt og dreiv med frakt. Kari Kristiandtr Vangsnes (1919–) & Gudmund Andreasson Midthun (1928–) frå lnr 191a busette seg i Bergen og overtok i 1972. Kristian Gudmundson Midthun (1955–), Bergen, vart eigar i 2002.
Bnr 97/111 0,14 mark. Norvald Midttun overtok i 1960 kårhuset etter faren som feriehus. Det vart overteke av sonen Rune Midttun (1961–) som bur i Olsvik, Loddefjord i Bergen.
Gjertrud Jondtr Vangsnes (1794–1872) & 1822 Tomas Monsson Vangsnes (1794–1828) frå lnr 196 fekk ikkje born. Gjertrud vart attgift i 1830 til lnr 5 Vange i Vik.
Brita Jondtr Vangsnes (1801–1880) fekk tvillingane Brita 1823 og Sjur 1823 med Ola Jonson Vangsnes (1796–1884) frå lnr 188. Brita hadde òg Jon 1837 med Botolv Markusson Moane-Vange, sjå note lnr 31 Stadheim i Vik. Brita flytta truleg til Vik, for ho døydde i Sæbø. I 1855 vart Sjur Olason Vangsnes (1823–1868) dømd til 8 månaders straffearbeid. Frå før hadde han då ein kort dom bak seg. I 1859 reiste han og Lars Botolvson Vangsnes frå plass 41 til Bergen. Der stal dei ei tønne sild frå ein kjøpmann. Sjur fekk ein dom på 3 år og ein månad. Han døydde på Bergenhus festning av bløding som følgje av skjørbuk (mangel på vitamin C).
Lnr 191b + 186b 0,10+0,08 spd = bnr 97/6 + 97/5 0,08+0,05 mark. Skulen på Vangsnes. Skulehuset vart teke i bruk i 1862.
I åra 1832–71 hadde Jakob Olderkalv (1813–1879) vore lærar på Vangsnes, sjå lnr 192b.
Olaus Olason Dahle (1847–1940) var lærar og kyrkjesongar i åra 1871–86. Han hadde bustad under desse bruksnummera i 1875 og var då ugift. Han var frå Isfjorden i Romsdalen. Han hadde i 1875 med seg ei ugift syster som hushalderske: Ingeranna Oladtr Dahle (1850–). I 1881 kjøpte Olaus lnr 191d, sjå meir der.
Neste lærar 1886–1891 var Jens Sjurson Mundal (1858–1923) frå Fjærland gift 1886 med Nilsine Hansdtr Søreide (1861–) frå Kyrkjebø. Born: Synneva 1887 (Oslo), Hans 1888 (Sveio), Sigurd 1890 (Rakkestad), Marie 1893 (USA, døydde i bilulukke i Oslo), Gudveig 1898 (Vegårdshei). Ved teljinga i året 1900 var familien busett i Hafslo. Men Jens eigde bnr 97/19 0,03 mark i 1907. Eigedomen kom i 1964 over på lærar Botolv Fimreite og i 1971 vart Vik kommune eigar.
Andreas Hermundson Kvåle (1866–1947) frå Sogndal var lærar og kyrkjesongar på Vangsnes 1891–1901. Han var gift med Anna Lassedtr Målsnes (1876–1967) frå Kvamsøy sokn. Dei hadde ikkje born, men Kjellaug Hansdtr Ese (1924–), ei systerdotter til Anna, voks opp hjå dei. Ho reiste til USA. Andreas og Anna vart pensjonistar i Sogndal.
Botolv Hansson Fimreite (1868–1936), husmannsson, var lærar 1901–31. Han gifte seg 1901 med Malena Kristofferdtr Raaum (1880–1968) frå Hafslo, og dei budde i skulehuset på Vangsnes i over 30 år. Born: Gudrun 1902 (sjå note lnr 195g), Maria Munthe 1905, Kristoffer Nitter 1909–09, Ingrid Margit 1911– 28. Som pensjonist kjøpte Botolv lnr 191e. Maria Botolvdtr Munthe Fimreite (1905–1990) vikarerte i to år for far sin på Vangsnes. Seinare var ho for det meste lærar i Bergen.
Karl Larsson Bøyum (1905–1993) var vikar i lærarstillinga 1933–34. Deretter var han i Balestrand.
Knut Nikolaison Trå (1906–1982) frå Jondal i Hardanger & Emma Pederdtr Moe (1908–2003) frå Bondal i Hjørungfjord, Sunnmøre, var på Vangsnes 1934–39. Born: Kjell 1936 (Tananger, Rogaland), Ragnhild 1937 (Sofiemyr i Kolbotn, Akershus), Arne 1941 (Tananger), Solveig 1947 (Drammen). Familien flytta til Vatne i Møre og Romsdal, deretter til Stavanger.
Vrål Olavson Øygarden (1891–) frå Lårdal i Telemark var på Vangsnes 1939–40.
Ingvald Markusson Eiken (1903–1976) frå Vetlefjorden var lærar og kyrkjesongar 1940–64. Han var gift med Sigrid Andreasdtr Ulvestad (1905–1988). Dei hadde ikkje born, men ein adoptert son Sølve 1941 (Odnes i Søndre Land). Om mor til Sølve: sjå lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn. I åra 1949–51 eigde Ingvald parsellen bnr 97/99, sjå bnr 97/82 under lnr 188a. Familien flytta til Balestrand.
Bnr 97/236 Skuletunet. Det gamle skulehuset er skilt frå og er busett av Mads Are Oddson Schrøder Skagen (1972–) frå Tomtebu på Vikøyri & sb Lene Harald-Evendtr Haugnes Fosse (1982–) frå lnr 187a. Dei har: Madelene 2007.
Lnr 191c 0,07 spd = bnr 97/25 0,08 mark. Trånao. Data for 1875: 1,0 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 ku og 1 kalv. Denne parsellen ligg nord for bustadfeltet Tråna.
Nils Endreson Vangsnes (1849–) frå plass 19 vart eigar i 1875. Dette er truleg den tidlegare husmannsplassen for foreldra til Nils. Nils gifte seg 1879 med Synneva Rognalddtr Drege (1854–1884) frå Aurland. Dei fekk Endre 1880, Maria 1882, Synneva Regina 1884–84. I 1885 reiste Nils til USA med dei to borna. Nils fekk òg Olina 1879 med tenestejenta Rannei Oladtr Eggum (1859–) frå Leikanger. Rannei (eller Ranveig) vart husmannskone i Husabøhagen på Leikanger. Olina voks opp på Vangsnes og var i året 1900 saman med kårfolka på bnr 97/21 (lnr 190a). Ho hadde då med seg Birgitte 1899 som ho hadde fått med Johannes Ingebrigtson Øksdal (1870–1904) frå lnr 2. I 1905 gifte Olina seg med smed Peter Benjamin Rasmusson Hatlo frå Ulstein og dei vart truleg busette i Ålesund. I 1875 budde ei syster til Nils med familie som innerstar i huset. Det var: Mari Endredtr Vangsnes (1845–) & 1872 Elling Ellingson Njøs (1847–1921) frå Leikanger. Born: Endre 1866, Per 1869 (USA 1894), Endre 1873–83, Botolv 1875. Innan 1883 hadde huslyden flytta til ei plass under Huke på Leikanger. I 1890 stod Nils framleis som eigar. I 1893 kom parsellen inn under eiga til Knut Høvik. Han vart også eigar av lnr 195b = bnr 97/48 0,25 mark. I 1907 var staden eigd av Per Olason Vangsnes (1847–1931) & 1884 Marta Tomasdtr Vangsnes (1850–1919). Dei hadde før vore på lnr 186. Born: Gjertrud 1884 (ugift budeie), Kristi 1888–89, Tomas Kristian 1890, Kristian 1893. Sjå meir om Per og Marta og første ekteskap til Per under lnr 186a. Tomas Kristian Person Vangsnes (1890–) & 1911 Synneva Nilsdtr Hjelseng (1889–1946) frå Balestrand overtok. Dei fekk på Vangsnes: Synneva 1919 (Årdal). Tomas var dagsarbeidar på Vangsnes. Familien busette seg i Høyanger. Kristian Person Vangsnes (1893–) & 1914 Maria Henrikdtr Måredalen (1879–) frå Kyrkjebø vart buande i Tråna og overtok bruket. Born: Per 1914, Henrik 1916–85 (gravlagd på Vinje på Voss), Marta 1918 (v672, bnr 41/110 i Tomtebu på Vikøyri), Guttorm 1920 (bnr 97/114 under lnr 193a), Ulrik 1922 (sjømann, seinare Oslo). Per Kristianson Vangsnes (1914–1982) var ugift arbeidar og sjømann. Han budde i Tråna. Men det var Henrik Kristianson Vangsnes (1916–) som var eigar. Han var snikkar og anleggsarbeidar. Han gifte seg 1974 med Margit Bystøl (1931–) frå Myrkdalen. Dei busette seg i Myrkdalen. Så overtok Geir Steinar Guttormson Vangsnes (1964–) frå bnr 97/114 under lnr 193a & 1994 Oddbjørg Levalddtr Helleland (1963–) frå bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim i Vik. Dei har: Janne 1991, Guttorm 1995, Levald 2000.
Lnr 191d 0,07 spd = bnr 97/26 0,11 mark. I 1875 var det 0,3 daa bygg, 1,4 daa poteter, men ikkje husdyr på småbruket. Dette var kanskje ein tidlegare husmannsplass. Kjøpar av parsellen var sersjant og skomakar Hans Matiasson Sætevik (1840–1913) frå Hyllestad & 1870 Brita Sjurdtr Vangsnes (1848–1928) frå plass 16. Far til Hans var frå plassen Holedna under Refsdal i Vik. Born: Hans Martin 1870–98, Gjertrud 1871–1950 (Haugesund), Sjur Olai 1873–1904 (var jekteskipper, fekk tuberkulose), Birte Lovisa 1875–86, Petra Hansina 1878 (sjå note), Ingeborg Kristina 1882 (bnr 97/74 under lnr 188a), Georg Johan 1884 (lnr 193d, så lnr 7 Gotevik), Birte Lovisa 1886–1925, Bernhard Johannes 1888–94, Gustav Adolf 1890–1923, Dorothea Berntina Johanna 1894–1918. Alt i 1881 kjøpte Hans parsellen lnr 193t og familien busette seg der. Eigedomen vart kjøpt av kyrkjesongar og lærar Olaus Olason Dahle (1847–1940). Han var lærar fram til 1886, sjå lnr 191b. Men i året 1900 var han og systera Ingeranna borte frå bygda og parsellen var ikkje busett. Olaus gifte seg i 1888 seg med Brita Sjurdtr Mundal (1860–1936). Dei var då i Lærdal. Brita var ei syster til neste lærar på Vangsnes, Jens Mundal. Olaus og Brita er gravlagde i Fjærland. I 1907 var Ole Johnsen eigar. Deretter overtok Hans Hansson Framnes (1871–1955) & 1897 Ingeborg Andersdtr Foss (1871–1956) frå Hyllestad. Dei kom frå lnr 193f som dei måtte flytta frå etter tvangsauksjon. Dei hadde Brita 1898. I 1952 overtok Brita Hansdtr Vangsnes (1898–1977) & 1940 Rolf Schunemann (1881–1967) frå Oslo. Dei dreiv forretning i Bergen og hadde bnr 97/26 som feriehus. I 1973 gjekk eigedomen til Alf Johannes Settevik (1926–1995) frå lnr 7 Gotevik & 1950 Petra Fredrikdtr Fosse (1925–) frå Voss. Petra er dotter til Fredrik 1901 frå bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim. Born: Fredrik 1950 (Voss), Jensine 1951 (bnr 97/176 Krossen og Kalviki), Gerd Inger 1956 (Sande i Sunnfjord), Per Arvid 1962– 82. Alf Johannes og Petra var busette i Øyane-Sjøtun i Vik og hadde dette som fritidsbustad. To dottersøner frå bnr 97/176 Krossen vart eigar: Frank Kjellson Høyum (1979–), så Kurt Joakim Kjellson Høyum (1976–). Kurt er ugift, men har vore sambuar med Linn Kristin Steinholm (1981–) frå Florø. Barn: Thea 2002.
Petra Hansina Hansdtr Sætevik (1878–) & 1901 lærar Olai Ivarson Heltvedt (1873–1959) frå Ostereide i Lindås fekk 7 born, dei fleste i lærarbustaden på Torsnes i Balestrand. I 1914 flytta dei til Ostereide.
Lnr 191e 0,17 spd = bnr 97/27 0,27 mark. Denne vesle parsellen ligg ved sjøen og grensar mot Indre Vangsnes. Knut Olason Høvik (1855–) frå Eksingedalen & 1879 enkja Durdei Nilsdtr (1850–) frå lnr 24a Dale i Arnafjorden fekk borna: Hans 1881 (USA), Nikolai 1883 (ugift på Fosse), Karl 1885 (USA), Ingvald 1887 (USA), Knut 1889 (USA i 1911), Birgitta 1891 (overtok Fosse). Knut var smed, med smie i kjellaren på bustaden. Knut kjøpte parsellen i 1881. I tillegg kjøpte han i 1891 ein rest av lnr 195b, bnr 97/48 0,25 mark, av Gjertrud Hermunddtr Vangsnes. Der var det ein son til Gjertrud som var busett i året 1900. I 1893 fekk Knut òg skøyte på lnr 191c 0,05 spd = bnr 97/25 0,08 mark og som Nils Endreson hadde kjøpt i 1874. Parsellen var ikkje busett i året 1900. Han kom seinare saman med bnr 97/48, sjå meir under lnr 191c. Familien Høvik reiste til garden Fosse i Alversund i Hordaland i 1895. Det manglar tingløyste skøyter for sala, men i teljinga i 1900 er Endre Person Romøyri (1869–) frå Fjærland & 1897 Gurina Larsdtr Vangsnes (1873–) frå lnr 187b oppførde som sjølveigarar. Dei vart vigde borgarleg i Bergen. Born: Per 1899, Lars 1902, Randi Lovise 1904. Endre reiste til USA i 1905, resten av huslyden i 1906. Bruket vart kjøpt av Torstein Person Undredal (1842–1914) & 1871 Ingeborg Kristendtr Undredal (1849–). Torstein var husmann og fehandlar i Undredal i 1875. I 1901 fekk dei kjøpt eit bruk i Undredal, men dei kom til Vangsnes i 1906. Born: Ingeborg 1870 (Undredal), Øystein 1872 (USA i 1893), Kristen 1876 (USA 1896), Anna 1878–1910 (Høyanger), Per 1882 (USA 1901), Guttorm 1884–84, Kristina 1885 (USA 1903), Guttorm 1889 (USA 1907) frå Vangsnes. Enkja Ingeborg Undredal reiste til USA i 1914, og då var truleg bruket selt. Deretter var parsellen neppe busett før i 1938. Lærar Botolv Hansson Fimreite (1868–1936) & 1901 Malena Kristofferdtr Raaum (1880–1968) frå Hafslo kjøpte truleg eigedomen i 1931, men budde ikkje her. Sjå meir om dei under lnr 191b. Dei flytta til Hermansverk, men eigde 191e fram til 1938. Johannes Johan-Benjaminson Liljedahl (1875–1963) frå lnr 121 Hopperstad reiste til USA i 1903, men kom att, gifte seg med Synneva Nilsdtr Engum (1880–1951) frå Kvamsøy sokn og kjøpte parsellen. Dei var barnlause. I 1952 overtok Edvard Hermanson Liljedahl (1925–2007) frå bnr 43/1 under lnr 5 i Juvik & 1951 Margit Helgedtr Skjerven (1924–2006) frå lnr 70a på Ovri i Vik. Born: Aud Jorunn 1951 (bnr 97/167), Hildur Solveig 1953 (bnr 97/102), Else Marie 1955 (Åsane i Førde), Astrid 1962 (bnr 97/28-7 i Tråna).
Bnr 97/102 Vesletun 0,01 mark, 1949. Kristian Eirikson Raunehaug (1902–1997) frå plassen Grindavoll under Fardal, Sogndal & Maria Bjørndtr Hanekam (1906–1997) frå bnr 97/69 under lnr 197a+195a busette seg på tomta. Eigedomen er overteken av Hildur Solveig Edvarddtr Liljedahl (1953–) & Leif Magne Stølen (1955–). Dei bur på Hermansverk på Leikanger.
Bnr 97/167 Utsyn 0,01 mark, 1975. Aud Jorunn Edvarddtr Liljedahl (1951–) & 1972 Kåre Berge (1949–), Fjærland, har: Aud Marit 1972 (Feios), Elisabeth 1978 (Stavanger).