Hovland
Hovland (hovland): Hoffland (1563, 1603, 1611), Hofland (1645, 1667, 1701, 1711, 1718, 1723), Hovland (1816, 1838, 1886, NG, Ba).
Lnr 4 Hovland
4,13 spd. Eigar i 1647: futen Simon Nilssen 1,25 laupar, Kongen 0,90 laupar. Eigar i 1723: Peder Holberg 1,00 laupar, oppsitjaren Ola 1,20 laupar. Seinare eigd av Anders Daae og arvingar etter han. Sjølveigd frå 1834. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 2,25 laupar. Data for 1845: 12,2 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 18 storfe, 40 sauer, 6 geiter, 3 vinterfôra svin.
Vi reknar med at Hovland låg øyde i ca 200 år etter Svartedauden. Den første bonden på Hovland i skattelister etter øydetida var Lasse. Han var der i 1563, men i 1567 var Antonius leiglending på garden. I 1601 var det ei enkje som styrde bruket. I 1611 hadde ho med seg Lasse (som var med i Kalmarkrigen) og i 1635 var det Lasse som styrde åleine. Ettermannen var Roland Samsonson Finnen (–) frå Arnafjord sokn, ein son til adelsmannen Samson Ingebrigtson til Finde. Roland knyter vi til adelsslekta på grunn av eit arveoppgjer om eige i Frønningane. Arvingane var etterkommarar etter Ingebrigt Person Tenål i Vik. Roland var gift med Gjertrud. I 1645 hadde Roland med seg Sjur, gift med Turid Bendikdtr. Sjur kom tidleg bort, medan Roland var på Hovland også i 1662. I 1667 var Ola (1616–1676) bonde, og han hadde Trond 1660 og Synneva 1672. (Synneva gifte seg 1692 med Per Jonson «Valsvik». Valsvik må vera tenaradresse. Dei to blir borte.) Kona til Ola måtte vera mykje yngre enn han. Ho styrde bruket etter Ola. Så kom Amund Monsson (1644–1709). Det vi veit om han finn vi i manntalet frå 1701 og i kyrkjeboka ved død. Ola Olason Juvik (1683–1758) & 1711 Synneva Botolvdtr Stjernegjerd (1682–1762) frå Feios dreiv Hovland seinast frå 1711. Vi veit om borna: Botolv 1712, Gyrid 1715 (lnr 7 Gotevik), Gjertrud 1718, Gjertrud 1723 (truleg til Tjønn i Feios), Marta 1728 (kanskje konfirmert 1747 med adresse Limmesand, ugift i 1763). Botolv Olason Hovland (1712–) & 1749 Sigrid Markusdtr Voll (1722–) frå lnr 80 i Vik fekk: Synneva 1750, Markus 1753–53, Marta 1754–56, Marta 1757, Ola 1760–73, Markus 1766–72. Omkring 1760 gjorde Botolv «gardabyte» og kom til lnr 7 Vange i Vik, og til Hovland kom frå Vange: Markus Hansson Føli (1704–1764) frå lnr 20+21 i Vik & 1733 Brita Lassedtr Dale (1700–1773) frå lnr 23 i Arnafjord sokn. Born: Per 1735, Barbra 1737 (plass 29 Vangsnes), Lars 1740–64, Kari 1743 (lnr 39 Stor-Nummedal i Vik), Solveig 1746–64. Per Markusson Hovland (1735–1802) & 1764 Brita Nilsdtr Vange (1733–1824) frå lnr 5 i Vik fekk: Markus 1765–90, «Kari 1766» (sjå lnr 1 Tveit), Nils 1771–71, Nils 1772–93, Brita 1776– 1814 (ugift). Markus Anfinson Røysum (1767–1825) frå Leikanger & 1797 Brita Perdtr Hovland (1776–1814) fekk: Nils 1798–98, Per 1799, Brita 1801 (lnr 4b), Kari 1804 (plass 1 Tveit), Ingrid 1806–07, Brita 1807 (bnr 26/16 Moane-Hove i Vik), Ingrid 1811 (gift med Amund Fjærestad i Balestrand), Solveig 1814–14, Bothilda 1814–15. Markus vart attgift 1815 med Åsa Eirikdtr Myrkaskog (1786–1868) frå lnr 43 i Vik og dei fekk: Ingeborg 1816 (sjå note lnr 21 Dale i Arnafjord sokn), Anfin 1818 (namnet feilskrive som «Markus» i kyrkjeboka, sjå òg note), Brita 1822 (sjå note under lnr 20 Le i del 4). Enkja Åsa gifte seg til lnr 73 Hove. Per Markusson Hovland (1799–1876) & 1834 Lussi Anfindtr Seim (1791–1876) frå lnr 9 i Vik var barnlause. I 1865 vart bruket frådelt lnr 4b 0,33 spd. Lnr 4a 3,72 spd = bnr 75/1 5,92 mark. Tor Helgeson Liktvorane (1835–1897) frå lnr 9 & 1865 Anna Nilsdtr Tryti (1843–1916) frå lnr 109 hadde bruket 1865–94. Tor fekk skøyte på garden under føresetnad at han gifte seg med Anna. Anna var i slekt med Lussi og vart oppfostra på bruket på Hovland frå ho var 12 år. Born: Lovisa 1866 (lnr 1 Tveit), Brita 1868 (Nedre Eiker), Per 1870, Gyrid 1874 (Svelvik), Helge 1879 (overtok Tømmerås i Svelvik), Kristina Maria 1882 (Nedre Eiker), Nils 1887 (ugift, sagbruk i Svelvik). I tillegg til å vera bonde var Tor jekteskipper. Tor og Anna kjøpte garden Tømmerås i Svelvik i 1894, men han var alt då sjuk av tuberkulose. Per Torson Hovland (1870–1957) & 1894 Brita Perdtr Tveit (1869–1960) frå lnr 1 fekk: Tor 1895 (sjå Skulejordi-Sæbø i del 3), Per 1896–99 («faldt op i en vandgryde»), Sigurd 1898–99, Per 1900, Anna 1902–88 (Bergen, så heime), Signy 1904–87 (Bergen, så heime), Teodor 1906 (ugift, heime), Synneva 1910 (Stavanger, Høyanger, Bergen). Per Torson var ein leiande mann innan kristenlivet og politikken. Han var på Stortinget 1919–21 og 1934–36. Per Person Hovland (1900–1982) var ugift og dreiv bruket frå 1951 saman med Teodor. Per Person var ordførar i Balestrand i 12 år. I 1974 fekk brorsonen Knut Johan Torson Hovland (1937–) frå Skulejord-Sæbø i Vik skøyte på bruket. Han gifte seg 1962 med Jorunn Irene Juliusdtr Olfinvik (1936–) frå Skrolsvik på Senja. Born: Kjersti 1964, Eskil 1970.
Karl Knutson Feten (1918–1984) frå Fjærland kom som barneheimsbarn til bruket og vart buande der resten av livet. Om broren Ragnvald: sjå bnr 43/15 Juvik.
Lnr 4b Hovland 0,33 spd = bnr 75/2 0,53 mark. I 1875 var jordbruket: 1,2 daa bygg, 2,1 daa poteter, 4, 9 sauer og 1 vinterfôra gris. I 1968 var det ca 2,1 daa åker med skrin jord på småbruket. Det var også lite og dårleg slåttemark.
Denne frådelte parsellen var ein tidlegare husmannsplass. Der var: Markus Nilsson Vange (1772–1834) frå lnr 7 & Ragnhild Jondtr Føli (1777–1842) frå lnr 23 i Vik. Born: Hermund 1802–30, Jon 1805 (plass 1 Vange), Brita 1807 (bnr 26/16 Moane-Hove i Vik), Nils 1808–33, Synneva 1811 (truleg død før konfirmasjonsalder), Botolv 1813–15, Botolv 1815 (sjå lnr 31 Stadheim i hefte 2), Ola 1821 (plass 4 Sæbø). Markus og Ragnhild var på ein plass på Vange, men var komne til Hovland i 1815. Sjur Lasseson Vangsnes (1794–1883) frå lnr 187 & 1828 Brita Markusdtr Hovland (1801–1887) frå lnr 4 fekk kjøpt plassen i 1865. Born: Brita 1829, Lasse 1832 (lnr 5 Juvik, så USA), Brita 1836 (bnr 25/16 Hove i Vik), Ragnhild 1839, Markus 1845 (sjå note). Johannes Halvarson Trædal (1844–) & husmannsdtr Andrina Johannesdtr Ringereide (1846–), båe frå Lavik, hadde så bruket. Dei fekk på Hovland: Ranveig 1877, Halvar 1882 og Nille Bertine 1883 og på Vangsnes: Kristian 1887. Huslyden var i 1887 blitt innerstar på Vangsnes. Dei flytta så til Årstad, Bergen. Neste småbrukarpar var Nils Jonson Helleland (1839–) & 1885 Brita Monsdtr Hove (1853–), båe frå Feios. Dei fekk på Hovland: Kari 1885, Endre Martin 1887. Huslyden reiste til USA i 1893. Deretter kom Kristian Ivarson Torvund (1861–) & 1884 Ragnhild Sjurdtr Frivik (1847–). Dei flytta tilbake til Kyrkjebø, og i året 1900 var det nye folk på småbruket. Ingebrigt Ellingson Frettheim (1871–1946) frå plassen Frettheimsøyri i Arnafjorden & 1896 Larsina Lassedtr Svalhamar (1870–1966) frå Lavik fekk: Sitona 1894 (Vikøyri), Elling 1897, Ingeborg 1900 (Grøneng i Balestrand), Ida Maria 1907 (Balestrand), Leif 1911 (ugift, Balestrand og Førde). Larsina var syster til Brita 1873 på lnr 67 Ovri i Vik og Petrina 1863 som fekk eit barn med Arne Balvoll i Vik. Ei syster, Kari Ellingdtr Frettheim (1875–1955), budde som gamal nokre år på bruket. Elling Ingebrigtson Hovland (1897–1979) fekk heimel til bruket i 1946. Han var ugift, snikkar og bonde. I 1985 gjekk heimelen til arvingane Ingeborg Grøneng, Ida Instebø og Leif Hovland og dei skøytte eigedomen same året til: Arnfinn Instebø (1936–) og Kirsti Instebø (1942–), busette på Mathopen, Bergen.
Jekteførar Anfin Markusson Hovland (1818–) & 1853 Kristi Johannesdtr Nedre Ambla (1825–1853) fekk i Kaupanger: Krist 1853. Anfin vart attgift 1855 med Kristense Oladtr Lyngbye (1829–) frå Kaupanger og dei var busette i Kaupanger. Dei fekk: Anna 1856. Huslyden reiste til USA i 1856. I USA fekk dei 8 born til.
Markus Sjurson Hovland (1845–1890) fekk Gjertrud 1867 (USA i 1897) og Ola 1871 (USA i 1893) med Inga Oladtr Hønsi (1846–1905) frå ein plass under lnr 82 i Vik. I 1865 var Inga i teneste i Tveit. I 1875 var dei to borna hjå ei syster til Inga, Ragnhild 1836, på ein husmannsplass i Juvik. Markus vart snikkarmeister i Bergen. Han gifte seg 1878 med Karen Oladtr Haukeland (1846–) frå Fana og dei hadde 7 born i 1900. Inga 1846 døydde i Bergen.