Vikøyri, Vetleøyri, bustadområde og gardar frå Grov til Limmesand
Hopperstadmarki
Grov med bustadområde, lnr 126
Sjøtun med bustadområde, lnr 127
Skulejordi-Sæbø og Hamnen, av lnr 3 og lnr 1+4
Liktvorane – Limmesand, lnr 9 –13
Kartforklaring:
6 = Prestegardstunet
7 = Galilea
8 = Skulen-Grov
9 = Skulejordi-Sæbø
10 = Villastrøket-Sjøtun
11 = Sjøtunvegen
12 = Sjøtuntunet
13 = Øyane-Sjøtun
14 = Øyane-Grov
Område omtalt under Flatbygdi:
1 = Flåten,
2 = Røysavegen-Sæbø
3 = Røysane-Sæbø
4 = Røysane-Vange
5 = Moane-Grov
I denne delen av «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» finn vi Vikøyri, Vetleøyri og ein rest av Flatbygdi som ikkje er med i hovudkapittelet om Flatbygdi. Under Vikøyri reknar vi her all busetnad nord for tverrvegen ved meieriet. «Resten» er Hopperstadmarki og all busetnad nedanfor kyrkjereina vest for riksveg 13. Jorda der kjem frå gardane Hopperstad, Grov, Sæbø og Sjøtun. Del tre omfattar òg strandgardar i vest frå og med Hamnen til og med Limmesand.
Husmanns- og strandsitjarplassar var ikkje matrikulert jord under eit bruk. Dei to gruppene hadde stort sett same vilkår. Men dei fleste strandsitjarplassane på Vikøyri var jamt over berre hustomter. For ein del husmannsplassar har vi for 1800-talet tinglesne bygselavtalar. Det finn vi ikkje for Vikøyri og Vetleøyri. Grunnleiga for strandsitjarane vart mest betalt med arbeid. Sjølv om dei fleste hadde husdyr som gjekk på beite i vekstsesongen, hadde dei vanlegvis ingen beiterett hjå grunneigaren, heller ingen rett til åkerjord, til fôrsanking eller til vedhogst. Fiske og sjømannsyrke var viktig for mange. Viktigast var kanskje sildefisket. Ved teljinga i 1801 var strandsitjarane på Øyri ei nokså yrkeslaus gruppe. Utover på 1800-talet vart ein stigande del av øyringane handverkarar. Skomakarstanden var særleg talrik. Konene til strandsitjarane og særleg enkjer tok ofte dagsarbeid på gardane i bygda eller spann, strikka og vov for sal.
Kjøp av grunn for hus på Vikøyri og Vetleøyri skjedde for det meste mellom 1907 og 1952. I samband med ei rettssak om eigedomsrettane på Vikøyri i 1758–59 sette Anders Daae opp eit dokument over grunnleige som han og Hans Madsson Sæbye tok inn på Øyri. Der er med namn på huseigar, alder, økonomisk betalingsevne og familieforhold. For året 1760 er det oppsett eit «Siæleregister» over «Wiigørens Beboere og Huusmænd samt Husqvinder med fleere». Desse oppsetta er med i den gamle bygdeboka. Saman med manntalet frå 1762, har dei vore viktige for å klarleggja busetnaden kring 1760. Neste faste haldepunkt er folketeljinga i 1801. Denne teljinga er svært viktig fordi kyrkjebøkene er spesielt mangelfulle i åra 1786–1817. Men born som var fødde frå og med 1802, og som levde opp, finn vi i konfirmasjonslister frå og med 1818. Etter 1801 får vi ein ny periode på ca 45 år der vi har lite opplysingar om busetnaden utanom kyrkjebøker, rettsprotokollar og skifte. Branntakstar for Vikøyri og Seimsøyri frå 1846, 1856 og 1868 har vor mykje brukt i arbeidet med boka. Huseigarane med omtale av taksten er med i den gamle bygdeboka. Innhaldet i dokumenta kunne vurderast i samanheng med folketeljingane i 1865 og 1875.
Vi må tru at mange budde på Øyri i korte eller lange periodar utan at dei kom med i kjeldene. Manglar her kjem difor ikkje av liten interesse for desse personane.