Juvik

Juvik (juvik): Dyuigenn (1563), Dyuig, Dyffuiigh (1567), Diubuig (1647), Dybeuig (1667), Diubevig (1723), Dybevik (1838), Dybevig (1863), Djupvik (NG), Djuvvik (VIK).

Juvik var i drift i 1522, for då betalt Lasse i Juvik tiendepengeskatt. Det reknar vi som prov for at garden hadde vore busett gjennom heile øydetida frå 1350. I 1563 og 1567 var Per leiglending i Juvik. Merkeleg nok finn vi ingen på garden i ei skatteliste frå 1603, men i 1611 var Sjur der. I 1635, 1645, 1647 og 1657 var det Ola som var leiglending. I 1645 var han gift med Marta. I 1667 var garden delt i to like bruk, kvar med landskyld 1,73 laupar. På det eine bruker sat Anders 1615 og på det andre Eirik Johannesson Juvik (1618–) med sonen Nils 1661. I 1685 var Ola Andersson på det eine bruket og Knut på det andre. Vi trur at bestefar til Ola var brukaren i åra 1635–55. I kriseåra sist på 1600-talet gjekk talet på gardsbruk i Vik prestegjeld nedover, og i 1701, 1711 og 1718 finn vi berre ein brukar i Juvik og han dreiv heile namngarden. I 1701 var det Ola Andersson Juvik (1647–1730) som var brukar, og det må vera same karen som i 1685. Ola var gift med ei dotter til Endre Lauritsson Engesæter på Leikanger. Ola hadde i 1701 sønene Ola 1683 (lnr 4 Hovland), Anders 1689, truleg òg Johannes og døtrene: Brita 1694 (lnr 5 Juvik), Gjertrud og Ingegjer. Kanskje var Svein, som var brukar i 1711, gift med ei av døtrene. Svein hadde då eitt barn. I 1718 var Ola brukar. Denne karen har vi ikkje identifisert.

I 1647 var 2,14 laupar i Juvik eigd av Anna Jensdotter Hjerman (som var førstebygslar) og 1,32 laupar av Marie Virgine Prebendegods. I 1723 hadde etatsråd Blixencrone overteke etter Anna Jensdotter. All eige i Juvik kom seinare over på Anders Daae og deretter til arvingar etter han. I 1723 var Juvik delt i to bruk.

Lnr 5 Juvik

3,40 spd = bnr 43/1 4,93 mark. Matrikkelskyld 1723 og 1838: 1,33 laupar. Bruket vart frikjøpt frå presten Kristen Dahl i 1819. Data for 1845: 0,2 daa rug, 4,9 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 18 smalar, 1 vinterfôra svin.

I 1723 var Johannes Olason (–) leiglending på bruket. Han var gift med Brita Oladtr (1694–1741) og ho var truleg dotter til Ola 1647. Vi veit om borna: Guri 1729, Ola 1731 (plass 55 Vangsnes), Johannes 1735 og Marta 1740. Guri og Marta døydde truleg før konfirmasjonsalder. Johannes vart attgift 1743 med Anna Andersdtr Vange (1682–1756) frå lnr 6. Ho skulle vera «tilforn besvangred» då ho gifte seg, noko som tyder på at ho var fødd tidlegast i 1696. Men det er ikkje i samsvar med alder ved død. Johannes vart truleg husmann i Juvik, for i 1741 var det nye folk på bruket: Rognald Sjurson (–1786) & Gjørond Oladtr (1706–1748). Giftarmålet finn vi ikkje i kyrkjeboka for Vik eller Leikanger prestegjeld. Born: Sjur 1743 (lnr 3 Sæbø), Ingeborg 1745–64 (ugift) og Ola 1748–48. Rognald vart attgift 1749 med Anna Ingebrigtdtr Ovri (1716–1764) frå lnr 69 og dei fekk: Gjørond 1750 (Langeteig i Vetlefjorden), Ingebrigt 1751 (lnr 47 Bruavoll i Vik), Brita 1753 (Vikøyri v140), Barbra 1754–56, Barbra 1757 (Vikøyri v212) og Ingeborg 1760–1820 (ugift, men hadde Ingebrigt 1792 som kom til plassen Holedna lnr 60 Refsdal). Rognald vart gift for tredje gong 1764 med Brita Perdtr Horpedal (1745–1807) frå Fjærland. Oppgitt alder for han var då 30 år, men det rette må vera om lag 50 år! Torjus eller Torgeir Olason Sæbø (1740–) frå lnr 3 & 1768 Brita Oladtr Vikøyri v820 (1738–) var neste leiglendingspar. Torgeir var tambur. Han kom til Juvik ved ei form for gardabyte ved at Sjur 1743 gifte seg med ei syster til Torgeir og dei vart leiglendingar på lnr 3 Sæbø. Torgeir og Brita fekk: Marta 1767 (plass 48 Vangsnes), Sigtrud 1769 (plass 32 Vangsnes), Gjertrud 1771, Ola 1774–80, Ola 1776 (sjå note), Kari 1779–80, Kari 1781–1813. Torgeir, Brita og dottera Gjertrud døydde før 1801. Neste leiglendingspar kom frå Seljadalen i Vik: Ola Eirikson Fosse (1755–) frå lnr 33 & 1788 Brita Oladtr Nummedal (1756–1802) frå lnr 38. Born: Ola 1788–88?, Ola 1789 (Vikøyri v828), Arne 1792–1862 (ugift), Eirik 1795 (plass lnr 44 Øvstedal i Vik) og Eli 1798–1802. Ola vart attgift ca 1804 med Gjertrud Johannesdtr Juvik (1772–) frå lnr 6 og dei fekk: Johannes 1805–05, Johannes 1807. Gjertrud vart attgift 1817 med enkjemann Johannes Guttormson Berge (1769–1820) i Fjærland og flytta dit. Ola Ellingson Kvåle (1771–1844) & 1804 Synneva Oladtr Hildeskår (1771–1858), båe frå Sogndal, kom til bruket før 1809 og vart sjølveigarar frå 1819. Born: Marta 1802, Elling 1804, Bothilda 1804 (plass 31 Vangsnes), Ola 1807 (lnr 105 Tryti), Ranveig 1809, Jens 1810 (lnr 13a Limmesand), Synneva 1814. I 1802 og 1804 var paret i Sogndal, i 1807 på Mo i Hafslo. Marta, Ranveig og Synneva døydde truleg før konfirmasjonsalder. Elling Olason Juvik (1804–1885) & 1828 Gjertrud Ingemardtr Halland (1807–1850) frå Leikanger fekk: Synneva 1830–30, Ola 1831–31, Synneva 1833, Ola 1837, Ingemar 1840–40, Ingemar 1843 (sjå note), Helge 1847–47, Helga 1848–48, Helga 1850–50. For dødsfallet til Elling står det i kyrkjeboka: «Skjælven og magtløshed, dog under bevisthed til det sidste». Frå ca 1863 pakta husmannsson Lasse Sjurson Hovland (1832–) & 1864 Synneva Ellingdtr Juvik (1833–) bruket. Born: Gjertrud 1863, Brita 1865. I tillegg hadde Lasse sonen Mons 1858 med Eli Monsdtr Vetleøyri (1830–1905), sjå Vikøyri v190. Huslyden reiste til USA i 1866. Ola Ellingson Juvik (1837–1912) & 1864 Synneva Ivardtr Vikøyri v390 (1840–1911) fekk: Elling 1868, Ivar 1871, Ola 1873, Per 1876, Gjertrud 1878, Guri 1879, Ola 1882. Om Ivar 1871: sjå note lnr 195g Vangsnes og Vikøyri v582. Huslyden reiste til USA i 1892. Det var vanskeleg å finna nokon som ville kjøpa bruket for å driva det vidare. Det vart difor selt sterkt oppstykka.

Ein liten part, bnr 43/5 0,15 mark, gjekk til ein nabo, Lasse Johannesson Juvik, medan resten vart kjøpt av to «spekulantar»: Mikkel Holstad på lnr 86 og skomakar Ivar Liljedahl på bnr 39/13 under lnr 121 Hopperstad. Dei to delane fekk bnr 43/1 2,40 mark og bnr 43/6 2,39 mark. Mikkel selde sin del samla. Det vart eit småbruk medan Ivar selde sin del i småbitar: bnr 43/6 0,36 mark gjekk til Hans Salbu, Vangsnes, som selde vidare til Steffen Svardal (1853–1933) som hadde bustad i hus nr 102 på Vetleøyri; bnr 43/7 0,95 mark vart kjøpt av Anders Sjurson Gotevik og kom såleis inn under bnr 44/1 Gotevik; bnr 43/8 0,68 mark kom inn under bnr 43/3; bnr 43/9 0,28 mark vart kjøpt av Olav Jonson Thune og kom saman med bnr 1/65 Røisheim på Vetleøyri; bnr 43/10 0,13 mark vart kjøpt av Mikkel Holstad, og som selde vidare til Hans Salbu, sjå lnr 195e Vangsnes.

Bnr 43/1 2,40 mark vart kjøpt av Asle Johanson Liljedahl (1865–1929) frå lnr 121 Hopperstad. Han kom frå eit lite småbruk på Voll. Han gifte seg 1897 med Lussi Eirikdtr Bale (1847–1938) frå Balestrand. Asle fekk Anna Lovisa 1915 med Olina Andersdtr Vikøyri (1884–1954), sjå Vikøyri v086. Asle selde i 1916 til broren Herman Johanson Liljedahl (1887–1965), men heldt att bnr 43/14 Vikane 0,80 mark, der han vart busett. Denne parsellen kom seinare inn under bnr 43/4. Bnr 43/12 0,15 mark vart òg frådelt og gjekk til Ola Markusson Frivik på Vangsnes (sjå lnr 195f under Salbu). Herman gifte seg i 1915 Johanna Oladtr Midlang (1892–1981) frå lnr 100 i Vik. Born: Johan 1916, Anna 1919 (sjå note), Rannveig 1921 (Sotra), Olav 1922 (Sotra), Edvard 1924 (lnr 191e Vangsnes), Johannes 1927 (Arvål, Sogndal), Per 1930 (bnr 98/5 Tveit), Harald Asbjørn 1932–52 (døydde av stivkrampe), Kåre 1934 (bnr 98/2 Tveit). Ved auksjonsskøyte i 1934 gjekk bruket til Johan Hermanson Liljedahl (1916–1998) & 1952 Marta Helgedtr Skjerven (1928–) frå lnr 70a Ovri i Vik. Born: Harald Asbjørn 1952, Anne Lise 1956. Harald Asbjørn Johanson Liljedahl (1952–) & 1985 Irene Lovise Reidardtr Hatlevik (1960–) frå Landås i Bergen overtok i 1990. Born: Jan Rune 1989, Marianne 1992. Irene Lovise 1960 er dotter til Borghild Larsdtr Bungum (1919–) på lnr 15 Bungum i Arnafjord sokn og er syster til Bjørg Reidardtr Hatlevik (1950–) i Øvste Hopperstadmarki nr 22 i Vik.

Bnr 43/10 0,13 mark, frådelt 1896. Dette er to teigar nord for Juvik. I 1967 vart det delt frå tre strandtomter: bnr 43/27, bnr 43/28 og bnr 43/29. Parsellen kom i 1896 inn under lnr 195e Vangsnes med Hans Person Salbu (1866–1925) som eigar. Kristi Hansdtr Salbu (1896–) overtok eigedomsretter. I skifteskøyte etter henne i 1975 overtok Olav Olason Salbu (1937–2001) & 1962 Aslaug Sofie Støfringsdal (1938–). Dei budde med familie på lnr 195e i Kalviki, sjå meir der. På den sørlegaste teigen, Kråketeigen, bygde Olav hytte. Han og kona busette seg her som pensjonistar. Etter Olav døydde, flytta kona til Voss. Tor Egil Ivar-Johannesson Tenold (1977–) frå lnr 15b Tenål overtok i 2003. Han er ugift.

Bnr 43/37 Solvang 0,01 mark, frådelt 1977. Her er busett: Anne Lise Johandtr Liljedahl (1956–) & 1977 Kjell Magne Arneson Tveit (1953–) frå Hatlevegen 13 i Prestberget. Born: Jarle 1976, Wenche 1978 (Askøy), Arild 1984.

Ola Torgeirson Juvik (1776–1811) & 1811 Margrete Sørendtr Haveland (1792–1841) frå Eivindvik gifte seg på Vangsnes. Margrete gifte seg på nytt 1818 med Mons Andersson Njøs (1788–1855), husmannsson frå Leikanger. Dei hadde plass på Nautaskreda i Fjærlandsfjorden. Mons vart attgift 1844 med Brita Oladtr Mundal (1796–1876) frå Fjærland. Brita døydde på legd.

Anna Hermandtr Liljedahl (1918–1994) & 1950 Alfred Sjurson Stavedal (1906–) frå bnr 73/3 i Arnafjord sokn busette seg i Høyanger, men var eigar av småbruket i Stavedal. Frå før hadde Anna sonen Jon Håkon 1943. Han overtok bnr 73/3, men bur i Høyanger.

Bnr 43/7 0,95 mark, 1916. Hans Eirikson Husabø (1889–1976) frå Leikanger & 1910 Brita Larsdtr Husabø (1877–1977) bygde hus her. Born: Einar 1910–10, Kari 1910 (Husabø, Leikanger), Borghild 1912 (Husabø, Leikanger), Leif 1914 (hus nr 51 Vikøyri), Sigurd Emil 1918 (Husabø, Leikanger), Einar 1923 (Husabø, Leikanger). Ei dotter til Borghild 1912, Solveig Ramsfjell (1948–2005) bygde hus på eigedomen og budde der livet ut. To halvsystrer i Høyanger, Åse Janne 1968 og Sønnøve Caroline Natalie1984, har hatt det som feriehus. I 2007 overtok Åse Janne.

Bnr 43/34 Skjerpehaugen, frådelt 1973. Hus bygt i 1974. Jens Arnvid Andersson Brekke (1951–) frå «Lærarjord» i Gildhus i Vik & 1992 Brit Eli Magnardtr Vassli (1963–) frå Tingvoll på Nordmøre har: Åsa 1993, Anders 1995, Ivar 1999.

Bnr 43/15 Viktun 0,06 mark, frådelt bnr 43/8 i 1953 og kjøpt av Lars Rognaldson Feten (1895–1987) frå Vetlefjorden. Han flytta eit hus frå Vik til eigedomen. Han var gardsarbeidar og busett i Juvik. Ein brorson, Ragnvald 1917 frå Fjærland, var barneheimsbarn og utplassert på Vangsnes. Han tok familienamnet Viktun. Om broren Karl 1918: sjå lnr 4a Hovland. Ragnvald Knutson Viktun (1917–) & 1940 Jensina Martindtr Nesse (1918–) frå Nessane i Kvamsøy sokn fekk: Liv 1940 (Åsane i Bergen), Leif Inge 1944 (Mastrevik i Austreim i Nordhordland), Signe Berit 1949 (Sotra) og Kjell Olav 1955. I 1987 vart eigedomen testamentert til Ragnvald 1917 som straks skøytte til Kjell Olav Ragnvaldson Viktun (1955–). Han vart i 1977 gift med Reidun Einardotter Halvorsen/Tyssland (1959–). Om foreldra til Reidun: sjå lnr 2 Øksdal. Kjell Olav og Reidun var leigetakarar i Vikfalli sine rekkehus i Moane-Hove i Vik. Dei to vart skilde, og Reidun reiste med foreldra sine og dei to borna, Vivian 1978 (Bindal) og Kjetil 1980 (Brønnøysund), til Bindal i Nordland. Ho vart seinare busett i Brønnøysund. Kjell Olav busette seg så på bnr 97/28-7 Tråna på Vangsnes. Der var han sambuar med Aslaug Brusegard (1947–1990) frå Fardal i Sogn. Dei fekk: Kim Andre 1986 (Lindås i Nordhordland). Aslaug døydde etter ei trafikkulukke i Vik. Kjell Olav Viktun gifte seg på nytt 1994 med Kari Kjellevold (1964–) og dei fekk dottera Amanda 1993. Dei vart skilde. Kjell Olav Viktun flytta til Hafslo, så til Bergen. I 2006 bur han i Gaupne. Kari Kjellevold vart busett på bnr 40/38 Moane-Grov i Vik, men flytta i 2002 til bnr 97/37-9 Tråna på Vangsnes.

Ingemar Ellingson Juvik (1843–1894) & 1876 Guri Sjurdtr Gotevik (1849–1919) fekk: Gjertrud 1876–1940, Anna 1878–1959, Synneva 1881–1956, Elling 1882–1970, Hansina 1885–1962. Ingemar var jekteførar. Huslyden budde mest i Juvik, men i 1881 var dei på Dale i Arnafjorden og 1882–85 var dei i Røysane-Sæbø i Vik. Dei reiste til USA i 1888.

Lnr 6 Juvik

3,40 spd. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,33 laupar. Bruket kjøpt frå Ludvig Daae i Lindås i 1788. Data for 1845: 0,2 daa rug, 4,9 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 18 smalar, 1 vinterfôra svin.

I 1723 var Aslak Olason Berge (1690–1766) frå Kyrkjebø med kone på dette bruket. Born: Synneva 1722, Randi 1725–41, Marta 1730 (Hola på Seljadalen), dotter 1731–31, Ola 1735–40, Anfin 1738–40. I 1732 overtok Aslak truleg husmannsplassen Hagen under Juvik og etter 1740 kom huslyden til ein plass i Hola på Seljadalen. Knut Amundson «Nummedal» (1686–1768) & Kristi Hermunddtr (1701–1768) overtok som leiglendingar. Vi trur Knut var son til Amund 1661 frå lnr 39 Store-Nummedal. Amund med huslyd var busett i Skitnevik i Fjærlandsfjorden. Knut hadde to sysken som kom til lnr 7 Gotevik: Brita 1701 og Nils 1707. Marta Hermunddtr «Vange», gift til Vikøyri v872, var truleg ei syster til Kristi. Knut og Kristi fekk: Kristi 1728–33, Amund 1731, Kristi 1736, Marta 1737–37?, Marta 1740–40, Marta 1741–49. Amund Knutson Juvik (1731–1811) & 1756 Brita Larsdtr Nummedal (1723–1777) frå lnr 39 gjorde ca 1762 gardabyte som leiglendingar slik at dei flytta til lnr 39 Nummedal, og frå Nummedal kom: Johannes Larsson Nummedal (1725–1801) & 1756 Kristi Knutdtr Juvik (1736–1802). Johannes vart sjølveigar i 1788. Born: Kari 1758 (konfirmert 1777, truleg død før 1801), Knut 1760, Kristi 1764 (sjå plassen Hagen), Lars 1767–67?, Lars 1768–68?, Marta 1770–1853 (ugift, på legd frå 1849), Gjertrud 1772 (lnr 5 Juvik), Brita 1777–78. Knut Johannesson Juvik (1760–1811) & 1787 Brita Pauldtr Hopperstad (1757–1817) frå lnr 122 i Vik fekk: Lars 1787, Kristi 1790 (lnr 30 Stadheim), Ingeborg 1793 (Håum i Feios), Brita 1797–97?, Brita 1798 (lnr 30 Stadheim). Juvik var på 1900-talet fruktgard. Det er difor av interesse at i jordavgiftsprotokollen frå 1802 vart det skrive at bruket hadde frukthage, men som «intet afgiver at sælge». Lars Knutson Juvik (1787–1849) & 1811 Ingeborg Perdtr Stadheim (1789–1872) frå lnr 30 fekk skøyte på bruket i 1809. Born: Brita 1812–14, Brita 1815 (lnr 30 Stadheim), Sigrid 1817–18, Sigrid 1818 (plassen Brunnadn under lnr 58 Refsdal i Vik), Per 1819–19, Knut 1824, Kristi 1827 (lnr 105b Vomb under lnr 88 Brekke i Vik). Knut Larsson Juvik (1824–) & 1847 Brita Beintdtr Håum (1826–), husmannsdtr frå Feios, overtok i 1844. Born: Lars 1847–47, Lars 1848, Beint 1851, Per 1853–53. Huslyden reiste til USA i 1854. Kjøpar av bruket var: husmannsson Johannes Lasseson Sæle (1827–1909) & 1851 Brita Perdtr Tusvik (1825–1920), båe frå Kvamsøy sokn. Dei fekk Lasse 1854. Lasse fekk skøyte på bruket i 1882. Han selde bruket same året, men tok unna ein liten part lnr 6a 0,17 spd. Resten vart delt i lnr 6b 1,62 spd og lnr 6c 1,62 spd. På denne tida vart det ved utskifting lagt stor vekt på å samla jorda i store teigar. Men ved deling av denne garden vart likevel den gamle metoden med todeling av dei fleste teigar brukt. Det var denne delingsmåten som var hovudgrunnen til den sterke teigblandinga som låg til grunn for utskiftingane.

Lnr 6a 0,17 spd = bnr 43/2 0,24 mark. Bnr 43/5 0,15 mark kom inn under dette bruket.

Lasse Johannesson Juvik (1854–1947) & 1888 Unni Anbjørndtr Bale (1854–1902) frå plassen Munken i Balestrand, fekk: Johannes 1889, Brita 1891–1919 (ugift tenestejente). Johannes Lasseson Djupvik (1889–1960) & 1919 Birte Jensdtr Berdal (1887–1971) frå Feios busette seg i Moss, men var mykje i Juvik og dreiv fruktdyking frå 1933. Dei eigde bruket 1941–64. Born: Unn 1920 (Sandefjord), Gerd 1922 (Bærum), Borghild 1925 (ugift, Bærum), Leiv Jostein 1925. Dei tre første har alle hytte på tomt som er frådelt bruket i Juvik. I 1968 vart bnr 43/5, bnr 43/12 og bnr 43/30 0,06 mark (av bnr 43/3 i 1968) slegne saman med bnr 43/2. Leiv Jostein Johannesson Djupvik (1925–) & 1951 Karin Vesterås (1923–) frå Moss overtok. Dei bur i Moss og har Ellen 1953 (Asker) og Lasse 1958. Lasse Josteinson Djupvik (1958–) & 1985 Berit Josteindtr Berdal (1958–) frå Ås i Akershus har: Mari 1985 og Jørgen 1990. Dei bur i Ski i Akershus. Dei overtok bruket i 1998. Far til Berit er frå Feios.

Lnr 6b 1,62 spd = bnr 43/3 2,42 mark. Elling Torkjellson Skrenes (1853–1947) frå Balestrand & 1884 Brita Rognalddtr Åse (1852–1944) frå lnr 36b i Arnafjord fekk: Tomas 1885 (USA 1902) og Rognald 1893. Elling hadde vore jekteførar før han kom til Juvik. Ola Rognaldson Åse (1849–1928), ein bror til Brita, døydde på bruket. Rognald Ellingson Juvik (1893–1971) tok over i 1933. Han var ugift. I 1972 kom bruket inn under bnr 43/4.

Bnr 43/32 Solstrand 0,06 mark, frådelt bnr 43/3 i 1969, vart busett av Einar Erlingson Stokkebø (1935–) frå lnr 123 Hopperstad i Vik. Han er ugift maskinentreprenør.

Bnr 43/33 Knausen 0,01 mark, frådelt 43/73 i 1973, og kjøpt av: Guttorm Larsson Holstad (1928–) på bnr 29/7 Holstad. Seinare overteke av Brita Guttormdtr Holstad (1966–). På eigedomen står ein bygning som i 2007 er busett av broren Lars Michael Guttormson Holstad (1968–). Han er ugift.

Lnr 6c 1,62 spd = bnr 43/4 2,42 mark. Dette halvbruket vart kjøpt av ei par frå Arnafjorden: Anders Johannesson Åse (1853–) frå lnr 35 & 1883 Birte Endredtr Nese (1861–) frå lnr 44. Born: Johannes 1883–83, Gjertrud 1885 (USA 1905), Gjertina 1887 (USA 1905), Johanna 1890 (lnr 192a Vangsnes), Endre 1894 (sjå note), Karl Bertin 1898 (Hokksund, så Barkåker i Vestfold), Albert 1900–10, Anna 1903 (lnr 1 Tveit). I 1925 reiste Anders og Birte til sønene sine på Hokksund. Endre Olason Lidal (1897–1986) frå Fjærland pakta bruket til 1928, då han kjøpte det. Til bruket kom òg foreldra til Endre: Ola Endreson Distad (1857–1945) & 1883 Gyrid Endredtr Lidal (1858–1943) med to døtrer, Kari 1895–1978 og Synneva 1890–1935 (sinnsjuk). Dei dreiv gard i Lidal før dei kom til Juvik. Endre gifte seg 1928 med Mathilde Gurine Perdtr Nesse (1904–1930) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk: Einar Olav 1929 (Edmonton, Canada). Endre vart attgift 1939 med Anna Eirikdtr Tveit (1897–1975) frå lnr 1 og dei fekk Erik 1942. Erik Endreson Lidal (1942–) & 1965 Agnes Reidun Sverredtr Øksdal (1941–) frå lnr 3 har Eivind 1965 (ugift), Asbjørn 1967, Britt Karin 1969 (bnr 97/192 under lnr 196b Vangsnes). I 1972 kom bnr 43/3 inn under bruket og i 1988 fekk Agnes skøyte på foreldrebruket bnr 99/2 Øksdal. Det blir drive frå Juvik. Asbjørn Erikson Lidal (1967–) har før vore på Leikanger, men byggjer i 2006 hus på garden. Han er sambuar med Hilde-Gunn Olavdtr Hellen (1967–) frå Hella på Leikanger. Dei har: Anne Grethe 2003 og Eva Othelie 2005.

Endre Andersson Juvik (1890–) & 1918 Anna Nilsdtr Åse (1894–) frå bnr 60/4 Åsberget i Arnafjord flytta til Hokksund i 1927. Born: Alf 1919, Synneva 1921, Johannes 1924, Bertha 1928–57, Nora 1930, Olav 1932, Ann Elise 1934. Alf Endreson Djupevik (1919–) vart gift med Klara Edvarddtr Vangsnes (1918–) frå lnr 192a og dei vart busette på Hokksund.

Plassen Hagen. I 1701 var Ola Monsson (1639–) innerst i Juvik. I 1732 vart gravlagd ein 13 år gamal gut som vart kalla «Anders Olsen i Hagen», slik at det må vera Ola sin familie som var på husmannsplassen i Juvik i matrikkelen i 1723. Kanskje var det ei tid to husmannsstover i Juvik, for i 1732 vart Anfin 1655 og kona Brita 1661 i Juvik gravlagde på ein og same dag. Deretter var truleg den tidlegare leiglendingen på lnr 6, Aslak Olason med familie, på plassen før dei flytta til Hola på Seljadalen. I 1756 finn vi i Juvik husmannen «Mons i Hagen». Ekteparet var Mons Andersson Helland (1713–1769) frå Feios & 1745 Ingeborg Ambla (–1764) frå Kaupanger. Då dei gifte seg vart Ingeborg kalla «Pederdatter Rinde», men i skiftet Botolvdtr. Av di dei fekk ein son Per, er truleg det første rett. Men dåpen hennar finn vi ikkje i databasane. I 1764 hadde dei borna: Anders 1747 (Vikøyri v062), Anna 1751 (plass 5 Vangsnes), Simon 1754 (Seimsøyri s204), Per 1758 (lnr 30 Stadheim). Sonen Anders var fødd på Helland og Per i Juvik. Då Mons døydde, var han attgift med Marta Oladtr (–). Vi finn ikkje vigsla i innlagde datafilar. Det kom nye folk til plassen, for i folketeljinga i 1801 finn vi som husmenn i Juvik: Amund Simonson Huke (1759–) & 1793 Kristi Johannesdtr Juvik (1764–) frå lnr 6. Born: Mari 1792, Johannes 1794, Simon 1801. Huslyden flytta truleg til Huke på Leikanger. Deretter vart plassen nedlagd, og i 1825 var det ingen husmann i Juvik.

Plass under lnr 5. I 1875 var det 0,3 daa bygg, 1,1 daa poteter, 1 ku, 10 smalar og 2 vinterfôra svin på plassen. Sjømann Ola Ivarson Vangsnes (1838–1882) frå plass 31 & 1867 Ragnhild Oladtr Seim (1836–1917) frå lnr 11a var i 1875 husmannsfolk i Juvik. Mor til Ola, Bothilda 1805, var frå lnr 5 Juvik. Foreldra til Ragnhild kom til ein plass under lnr 82 Hønsi, og Ragnhild var truleg der i det meste av oppveksten. Ola og Ragnhild hadde ikkje born. I 1875 var Ola og Ragnhild fosterforeldre for to born som ei syster til Ragnhild, Inga 1846, hadde fått med husmannsson Markus Sjurson Hovland (1845–1890): Gjertrud 1867 (USA 1897) og Ola 1871 (USA 1893), sjå òg note under lnr 4 Hovland. Ola 1838 døydde på Vangsnes. I året 1900 var Ragnhild framleis på plassen i Juvik. Enkja Ragnhild fekk fattighjelp frå 1905 med stadnamnet Juvik. I 1917 fekk Elling Juvik utbetalt kr 13,70 for pleie (vask og reinhald) av Ragnhild.