Tveit
Tveit/Tveiti (tvaiti): Thuwd (1611), Tueed (1667), Tvedt (1723), Tveiten (1907, Ba 1935).
Lnr 1 Tveit
2,92 spd = bnr 98/1 4,80 mark. I 1647 og 1723 eigd av Bispestolen i Bergen, deretter benefisert. Sjølveige frå 1833. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,0 laup. Data for 1845: 7,8 daa bygg, 2,1 daa poteter, 2 hestar, 10 storfe, 21 sauer, 12 geiter og 3 vinterfôra svin.
Den første brukaren vi kjenner til på Tveit etter øydetida er Jørgen. Han var der i 1603 og fram mot 1630. I 1645 heitte brukaren Eirik og kona var Borni Knutdtr. Born er ikkje oppførd, men dei hadde to tenarar. I 1675 heitte brukaren Johannes, og han var gift med Brita. Han døydde i 1693 og hadde etter seg ein son, Anders 1678, som var på bruket i 1701, men som så kjem bort for oss. Brita vart attgift 1694 med Botolv Monsson Øksdal (1650–) frå lnr 3. Han var bonde på Tveit i 1701 og 1711. Han vart truleg gift for andre gong med Ingeborg Sjurdtr (1691–1765). Ho var kårkone på bruket i 1763. Botolv og kona hadde eitt barn i 1711. Dette barnet kjem bort for oss. I året 1723 var det Guttorm Simonson Midlang (1687–1752) frå lnr 100 i Vik & 1721 Brita Oladtr «Hamnen» (1701–) frå Vikøyri som var leiglendingspar i Tveit. Vi veit om borna: Simon 1722, Brita 1724–24?, Brita 1728 (Njøs på Leikanger) og Ingegjer 1733 (lnr 12 Seim i Vik). Simon Guttormson Tveit (1722–1804) & 1749 Marta Lassedtr Seim (1718–1804), truleg frå lnr 11B i Vik, fekk: Mildrid 1745–67 (døydde på Leikanger), Ingeborg 1749 (lnr 192 Vangsnes), Barbra 1752–52?, Guttorm 1755–1820 (ugift, heime), Lasse 1757 (lnr 187 Vangsnes), Ingegjer 1760–60?, Lars 1761, Ola 1768 (plass 59 Vangsnes). Lars Simonson Tveit (1761–1817) & 1790 Kari Perdtr «Hovland» (1766–1846) fekk: Markus 1790, Simon 1793–93, Marta 1795–99, Brita 1798 (plass 63 Vangsnes), Marta 1801 (plass 33 Vangsnes, så USA), Simon 1805–24, Kari 1808 (plass 9 Vangsnes), Brita 1813 (lnr 187b Vangsnes). Kari 1766 er ikkje innført i kyrkjeboka ved dåp, men er truleg frå lnr 4 Hovland. Ho fekk frikjøpt bruket i 1833. Markus Larsson Tveit (1790–1855) & 1819 Turid Sjurdtr Vangsnes (1790–1838) frå lnr 195 fekk: Kari 1819 (plassen Nedrebøen under Sværen, Balestrand), Lars 1820 (sjå note), Brita 1823 (sjå note lnr 189 Vangsnes), Sjur 1826 (USA 1854), Simon 1830–30, Sitona 1834–34, Simon 1834–34, Per 1837 (USA 1857). Markus vart attgift 1839 med Brita Eirikdtr Bøyum (1804–1897) frå Fjærland. Born: Eirik 1841 (lnr 83a Hønsi i Vik), Turid 1844 (lnr 2 Øksdal), Brita 1846–47. Brita vart attgift 1858 med Johannes Olason Øksdal (1813–1910) og flytta til lnr 2 Øksdal. Bruket Tveit vart i 1858 skøytt til ein bror til Brita. Per Eirikson Bøyum (1807–1875) & 1858 Solveig Ivardtr Suphella (1827–1920), båe frå Fjærland, fekk: Anna 1858–64, Eirik 1861–64, Eirik 1864, Anna 1866–68, Johanna 1868–68, Eirik 1868–75, Brita 1869 (lnr 4 Hovland). Solveig vart attgift 1877 med Ola Person Øksdal (1826–1900) på lnr 3. Eirik Person Tveit (1864–1964) & 1889 Lovisa Tordtr Hovland (1866– 1944) frå lnr 4 fekk: Synneva 1890–1910, Per 1892, Anna 1897 (lnr 6c Juvik), Johanna 1899–1974 (ugift, heime). Per Eirikson Tveit (1892–1977) & 1938 Anna Andersdtr Juvik (1903–1991) frå lnr 6c hadde bruket 1946–1963. Born: Solveig Johanna 1939, Berta Anbjørg 1942 (bnr 98/2), Eirik Leif 1944–45. Solveig Johanna Perdtr Tveit (1939–) & 1959 Olav Einarson Fjærestad (1939–) frå Balestrand har: Anne 1959 (bnr 97/98 under Krossen og Kalviki), Einar 1964, Erik 1968 (ugift, Høyanger). I åra 1962–72 vart frådelt bnr 98/2–8 og i 1980 bnr 98/9. Med to unntak er dette tomter for hytter. Einar Olavson Fjærestad (1964–) & sb Marianne Johannesdtr Lunde (1970–) frå Dragsvik i Balestrand har: Sunniva 2001 og Brage 2004. Einar overtok i 2007.
Bnr 98/2 Kleivi 0,01 mark, 1963. Berta Anbjørg Perdtr Tveit (1942–) & 1962 Kåre Hermanson Liljedahl (1934–) frå bnr 43/1 Juvik fekk: Hege 1962 (bnr 97/213 under Krossen, Vangsnes), Per Henning 1965 (bnr 97/210 under Salbu, Vangsnes), Vidar 1967. Vidar & 2001 Anne Siv Vangsnes (1971–) frå bnr 97/28-10 i Tråna er busette på Hove i Sogndal.
Bnr 98/5 Skogly 0,01 mark, 1966. Per Hermanson Liljedahl (1930–1995) frå bnr 43/1 Juvik & 1967 Anna Ingebjørg Ulvund (1940–) frå Myrkdalen fekk borna: Turid 1968 (Sykkylven), Haldis 1969 (Voss), Harry 1970 (bnr 4/20 Seljestokkane under Tenål i Vik), Lars Hermann 1972 (Ulstein), Asle 1974 (bnr 39/65 Hatlekolo i Vik), Norunn 1976 (Voss), Inga-Lill 1978 (Jølster). Per og Anna Ingebjørg vart skilde, og ho flytta til Sjøtuntunet i Vik. Eigedomen vart i 1998 kjøpt av Inger Ragnvalddtr Balvoll (1956–) frå Vik. Systera Liv 1957 bur òg i huset.
Plass under Tveit. I 1865 var det: 0,3 daa bygg, 1,1 daa poteter, 1 ku og 4 sauer på plassen. Sjur Eirikson Myrkaskog (1802–1891) frå lnr 43 i Vik & 1830 Kari Markusdtr Hovland (1804–) frå lnr 4 fekk: Ingeborg 1829 (Vikøyri v118), Brita 1832, Eirik 1835, Markus 1837–37, Anna 1839, Markus 1841, Ola 1843. Huslyden reiste til Nord-Noreg i 1845, men med unntak av Brita 1832 kom dei att og reiste til USA i 1851. Frå ein plass under Vangsnes kom i 1845 til denne plassen: Ola Bårdson Øksdal (1795–1874) frå lnr 3 & 1830 Brita Hansdtr Brekkehagen (1798–1878) frå plassen Brekkehagen på Bøadalen i Vik. Born: Per 1836 (plass Menes, så lnr 193n på Salbu), Hans 1841–41, Hans 1843 (dreng på Hovland i 1865, så husmann under Huke, Leikanger).
Lars Markusson Tveit (1820–1852) frå lnr 1 & 1845 Marta Oladtr Vangsnes (1822–1904) frå lnr 186 var innerstfolk på Vangsnes, men frå 1850 i Tveit. Born: Markus 1842–42, Turid 1845 (USA 1867), Synneva 1851 (lnr 192b, så USA). Marta vart attgift til plass 68 Vangsnes. Lars hadde òg Anfin 1839 med Gyrid Johannesdtr Orvedal (1811–1888) frå lnr 52 i Vik. Lars var jekteskipper. Anfin vart ein kjend politikar, sjå under Gildhus i Vik.