Salbu

Under Salbu reknar vi her alle eigedomar frå Salbuneset sørover til grensa mot Tveit.

Bnr 97/103 Salbuflaten 0,40 mark, 1950 av bnr 97/53 (lnr 196a). Harald Botolvson Øksdal (1912–1977) frå lnr 2 Øksdal & 1956 Synneva Perdtr Øvstedal (1922–1994) frå lnr 44c Øvstedal i Vik fekk: Bjørg 1953 (Feios), Helge 1957. Eigedomen vart i 1979 skøytt til Helge Øksdal. Han bur på lnr 196a.

Bnr 97/210, 1982, frå bnr 97/103. Tore Martin Olavson Røyrvik (1959–) bygde hus her. I 1991 flytta huslyden til bnr 41/10 i Villastrøket-Sjøtun i Vik. Per Henning Kåreson Liljedahl (1965–) frå bnr 98/2 Tveit & 1984 Ingunn Einardtr Aafedt (1965–) frå Feios har: Ann Helen 1984, Synne 1989, Eirik 1991.

Lnr 193n Salbu 0,05 spd = bnr 97/41 0,07 mark. I 1875 var jordbruket: 0,6 daa bygg, 1,1 daa poteter, 1 ku, 1 kalv, 7 sauer. I 1907 låg bnr 97/25 0,08 mark under bruket. Per Olason Tveit (1836–1921), husmannsson under lnr 1, & 1860 Kristi Oladtr Snytta (1833–1902) frå Undredal fekk borna: Nils 1859 (skomakar i Skien), Brita 1861 (Njøs på Leikanger), Ola 1864–85, Hans 1866, Markus 1868–69, Markus 1872 (politi i Bergen). Per og Kristi var husmannsfolk på Menes i Balestrand før dei bygde hus på denne utmarksteigen som vart kalla Salbu. I 1875 var mor til Per, Brita Hansdtr, òg på bruket og Per dreiv plassen hennar i Tveit. I åra 1922–29 var Salbu eigd av Hans Person Salbu (1866–1925) & 1887 Ingeborg Kristendtr Olderkalv (1864–) frå lnr 192b. Born: Ola 1888–88, Ola 1890 (sjå note lnr 187a), Anna 1892, Kristi 1896. I 1929 skøytte enka Ingeborg staden til Gunhild Oladtr Borlaug (1910–) frå Feios. Ho vart seinare gift Strømberg. I 1947 gjekk bruket frå dødsbuet etter henne til foreldra hennar: Olaf Olason Indre Borlaug (1884–1973) & 1906 Jensina Larsdtr Osland (1873–1947) frå plassen Slåttekvina under Alrek i Arnafjord sokn. Dei fekk i Feios: Aslaug Karolina 1906 (gift i Bergen), Thea 1907 og Gunhild 1910 (Oslo, så Nord-Noreg). Olaf og Jensina flytta til denne eigedomen då Gunhild vart eigar, og dei døydde på Vangsnes. I 1954 overtok Thea 1907 og mannen Hans Johanson Fjærestad (1901–) frå Balestrand, busette på bnr 10/94 i Balestrand. Staden vart ferieplass. I 1967 overtok hotelleigar Magne Prestegard (1907–) og kona Kristi 1902, busette på Voss. Kristi sat så i uskift bu. Deretter overtok Leiv Prestegard (1936–), busett på Voss.

Bustader

Bnr 97/161 Bittebu 0,02 mark, 1971 av bnr 97/29. Magne Torkelson Røyrvik (1946–) frå lnr 12 i Arnafjord sokn & 1971 Berit Karin Bjarnedtr Sylvarnes (1949–) frå lnr 193d har: Jorunn Åsfrid 1972 (bnr 41/17 i Villastrøket-Sjøtun i Vik), Tron Bjarte 1972–92 (døydde i ei traktorulukke), Bjørn Magnar 1977 (Flåten under lnr 1+4 Sæbø i Vik).

Bnr 97/164 Utsyn 0,03 mark, 1971 av bnr 97/30. Edith Johanna Johannesdtr Vangsnes (1935–) & 1958 Sverre Kløve (1932–1999) frå Voss bygde hus her, men flytta til lnr 192c = bnr 97/30. Sjå meir om familie der. I 1987 overtok Olav Endreson Hanekam (1957–) frå bnr 71/1 i Arnafjord sokn & 1985 Unni Bendikdtr Systad (1962–) frå Lavikdalen. Born: Erlend 1988, Torill 1991. Tvillingbroren Harald er gift med ei syster til Unni, sjå bnr 97/190 under Krossen.

Bnr 97/170 Sjåstad 0,01 mark, 1974 av bnr 97/29. Anders Hansson Lillevangstu (1948–) frå Gaupne & 1976 Gerd Erlingdtr Fjærestad (1953–) frå bnr 1/131 Skulejordi-Sæbø i Vik har: Tone Merete 1976 (Førde).

Bnr 97/171 Solstad 0,01 mark, 1975 av bnr 97/29. Karl Johan Utmo (1928–) frå Bardu & 1952 Gerd Ella Fagertun (1924–) frå Salangen har: Toralf 1953 (Oslo), Brynjulf 1955, Geir Kåre 1960 (bnr 97/198 Krossen og Kalviki på Vangsnes). Brynjulf gifte seg 1979 med Gyrid Jondtr Vikøren (1956–) frå bnr 1/142 Skulejordi-Sæbø i Vik og dei bur på Skedsmokorset i Akershus, men har fritidsbustad på bnr 99/4.

Bnr 97/150 Åshammar 0,03 mark, 1967 av bnr 97/11. Jan Gunnar Husebø (1943–) frå Blomvåg i Øygarden & 1969 Aud Margrethe Kristiandtr Åse (1944–) frå bnr 64/32 under lnr 48 Nese i Arnafjord har: Gerd Anny 1968 (ugift, bur i Vik), Liv Irene 1969. Foreldra til Aud Margrethe budde i kjellarhusvære i huset, sjå òg bnr 97/133 under lnr 197a. Liv Irene Husebø (1969–) & sb Arne Morten Gunnvaldson Sætevik (1967–) har: Robert 1995, Linn Marie 1998. Arne Morten har overteke bnr 44/3 i Juvik, og Liv Irene er i 2005 sambuar med Tommy Gerhardson frå Sverige. Dei er i 2006 leigebuarar på bnr 97/28-11 i Tråna.

Lnr 195f 0,08 spd + lnr 195h 0,12 spd + lnr 193m 0,01 spd = bnr 97/40 0,31 mark. Vetlehagen. Denne eigedomen ligg ved grensa mot Tveit. Parsellane vart kjøpte av Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192 & 1847 Synneva Oladtr Øksdal (1825–1906) frå lnr 3. Om dei sjå meir i note under lnr 3 Øksdal. Ola døydde ca 1871 og Synneva vart attgift 1872 med Lasse Johannesson Lunde (1825–1917), paktarson frå prestegarden Lunde i Balestrand. Han hadde i 1860 gift seg med Emma Kristendtr Sjøtun (1840–1867) frå Balestrand og dei fekk: Kristen 1862 og Matea 1864. Matea var kalla opp at etter ei bestemor som ei kort tid var på lnr 184 Vangsnes. Lasse og Synneva bygde opp hus på parsellen. I 1918 kjøpte Eirik Person Tveit eigedomen på auksjon og same året selde han vidare til Ola Markusson Frivik (1877–1974) frå lnr 193k i Krossen & 1908 Johanna Gabrieldtr Ruskedal (1886–1916) frå Hyllestad. Dei fekk: Martin 1909 (Kristiansand), Jenny 1911 (lnr 196b) og Sverre 1914. Ola vart attgift 1920 Mathilde Birgitte Sjurdtr Østgulen (1872–1959) frå Austgulen i Gulen. Ola fekk kjøpt til tre andre parsellar og som i 1954 vart samla under bnr 97/87. (Sjå vidare om dette bruksnummeret under overskrifta Krossen). I 1941 vart bnr 97/40 og bnr 97/87 skøytt til Odd Johan Kristianson Vangsnes (1935–) frå lnr 196b, ein son til Jenny 1911. I 1943 vart bnr 97/40 selt vidare ved verje til Sverre Olason Frivik (1914–1979) & 1945 Else Gurine Gabrieldtr Lone (1918–1988) frå Gjølanger i Fjaler. Dei har: Aud Johanne 1952. I 1974 overtok Aud Johanne Frivik (1952–) & 1975 Audun Andersson Haugshagen (1950–) frå Lærdal. Born: Ronny 1976, Karsten 1979, Siv Anette 1987. Ronny bur i gamlehuset på bruket. Han er sambuar med Trine Lise Jan-Olavdtr Gjerde (1981–) frå Sande i Gaular. Dei har: Daniel 2007.