Arnafjord sokn
Gardar i Arnafjord sokn. Røyrvik og Limmesand er ikkje med. Stadar merka med punkt er gardar som vi trur var i drift før år 1350. Andre stader er merka med kryss.
Arnafjord sokn omfatta frå eldre tid gardar frå og med Røyrvik til og med Alrek. Gardane lnr 12 Røyrvik og lnr 13 Limmesand er med i del 3, Vikøyri. Resten er med i denne delen. Området omfattar bygder og grender kring botnen av Arnafjorden og langs Strendene. Det siste er i boka gardar frå Otterskreda til Alrek.
I den gamle bygdeboka skreiv Sivert Finnebotten at «det er tre bygder ved fjorden; Nese, Indrefjord og Framfjord og med garden Otterskred på den vestre side og garden Nistad (Nissestad) på den austre. Framfjord er eit nytt namn. I 1908 vart det stoppestad for Fylkesbåtane der, før heitte det Valsvik.» Før det hadde Nese vore einaste stoppestaden og det førde til punktnamnet Arnafjord for bryggjeområdet Klubben. Seinare kom òg Indrefjord som punktnamn for bryggje og brevhus og tilsvarande: Finnefjord for Finnen. Desse punktnamna kom inn på kart i 1930-åra og står på kart også i dag. Det har ført til at namnet Arnafjord nokså ofte blir avgrensa til bygda Nese. Det er forståeleg når dei fleste kart her er misvisande. På kart er det vanleg at stadnamn har endinga -fjord og at sjølve fjorden har endinga -fjorden. For vårt område har ikkje denne skilnaden noko grunnlag i daglegtalen.
Då det ikkje er nokon gard i området som heiter Framfjord eller Indrefjord, brukar vi dei to namna som bygdenamn eller områdenamn. Men desse to namna frå først på 1900-talet, var ikkje gode namneval. Framfjorden kan vi knapt rekna som fjord, men ei vik (tilsvarande Vikjabukta). Det opphavlege namnet for bukta var kanskje Valsviki. Det er heller ikkje naturleg å gi den inste delen av sjølve Arnafjorden eige namn. Truleg kjem namna av «fram i fjorden» for Valsvikområdet og «inn i fjorden» for bygda Indrefjord.
I tillegg til gardane, har vi omtalt busetnaden på tre område for seg: Hola under Flete, Åsberget under Åse og Morki under Nese.
Folka i Arnafjord hadde mykje samkvem med folk i Kvamsøy sokn på andre sida av Sognefjorden og Ortnevik sokn i Kyrkjebø (no Høyanger kommune). Det førde til mykje inngifte og flytting mellom dei tre soknene. Til Kvamsøy sokn høyrde gardane: Koldingsnes (Kollangsnes), Brekke i Lånefjorden, Bolstad, Lønne, Kvist, Ytre Nesse, Indre Nesse, Nokken, Ytre Tennefoss, Indre Tennefoss, Sagi, Tusvik, Sæle, Linde, Kvamme, Kvamsøy, Engum, Naustvoll, Målsnes, Kallestad, Hanevik og Stokkebø. Under Ortnevik reknar vi her: Fitje, Brekke, Øvre Tune, Nedre Tune, Sande, Mjølsvik, Indre Dyrdal, Ytre Dyrdal, Slantevik, Tangen, Heggenes, Skultestrand, Fuglsbø og Vamråk. Namnet Kyrkjebø er i denne delen mykje brukt for resten av den noverande Høyanger kommune.
Utflyttinga til Nord-Noreg og Amerika var omfattande på 1800-talet. Gardar og husmannsplassar vart i stor grad overtekne av folk frå Modalen og Eksingedalen. I samband med det vart mange av bruka delte.
Frå først på 1900-talet var gardsstrukturen i Arnafjord sokn nokså stabil. Men i mellomkrigsåra førde mangel på arbeidsplassar til at jordbruket på nytt vart tiltrekkjande som leveveg. Jordvegen vart utbetra, men i dette soknet låg det ikkje til rette for omfattande nydyrking og bureising. Fire gardar vart delte: lnr 38 Hallsete i 1918, lnr 26 Hellane i 1920, lnr 54 Vollavik i 1925 og lnr 16 Holane i 1938. På 1930-talet var det fleire som kjøpte bruk på Askøy ved Bergen og mange reiste til Høland i Akershus.
Etablering av gruvedrift og mølle for talkproduksjon av kleberstein i Framfjorden i 1908 fekk mykje å seia for busetnad og levekår i Framfjorden. Ei tid var det over 100 mann i arbeid. Mange var der berre ei kort tid, og hadde ikkje fastbuande familie, og er difor ikkje komne med her. Dei fleste arbeidarar og funksjonærar som etablerte seg i bygda var bygdefolk. Mange småbrukarar hadde heiltidsarbeid i gruvene eller på fabrikken og dreiv jordbruket på fritida, eller rettare: det var konene som stod for gardsdrifta av di det var få kvinnearbeidsplassar knytt til verksemda. I 1976 var det framleis 12–14 personar som var fast tilsette ved det som då var kalla Framfjord Talk Mill. I tillegg var det 6–7 deltidstilsette.
Bilveg frå Nese til Framfjorden vart offisielt opna i 1965 og vidare til Vik i 1974.