Sinklesteinsviki
Dette byggefeltet av to bruksnummer ligg vest for riksveg 13.
Bnr 97/202 Einebu I 0,01 mark, 1981, frå lnr 97/28. Staden var eigd av Olav Brandseth (1924–), Skulstadmo, Voss. Han hadde eit naust som overnattingsplass. Staden var skøytt 2003 og busett av: Kristin Tordtr Ulvestad (1973–) frå lnr 193f & 2000 Kåre Kjellson Espeland (1970–) frå Hatlevegen 2 i Prestberget, Vik. Born: Synnve 2001, Elida 2004.
Bnr 97/205 0,01 mark, 1980, frå lnr 97/28. Tomta var eigd av Magne Alrek (1924–), busett i Bergen. Sjå om han i note under lnr 50a Geithus i Arnafjord sokn. Tomta var skøytt 1991 til: Kåre Egil Arneson Skjerven ( 1966–) frå bnr 38/32 under lnr 114 Skjørvo i Vik & sb Gry Terjedtr Blomseth (1969–) frå bnr 97/191 under lnr 196b. Born: Kenneth 1996, Joakim 1999, Erland 2002. Kåre Egil eig og driv med turisme på bnr 59/25 og bnr 59/30 under lnr 31 Valsvik i Arnafjord sokn.
Bnr 97/184 Fossdal 0,02 mark, 1978, frå bnr 97/44. Busett av meieristyrar Olav Markusson Fosse (1928–1994) og kona Solveig, sjå under Tomtebu på Vikøyri. I 1993 overtok Ranveig Olafdtr Turvoll (1962–) frå lnr 8 Vange i Vik & 1986 Per Morten Olavson Fosse (1960–), son til Olav og Solveig. Born: Ingvild 1986, Eli 1988, Sigrid 1990, Ådne 1993.
Bnr 97/189 Sjøtrøa 0,01 mark, 1978, frå bnr 97/44. Tomta var eigd av Liv Markusdtr Nese Sjømark (1952–) frå lnr 45a Nese i Arnafjord sokn. I 1989 busett av Carl Andre Riiber (1964–), som driv Hopstock hotell i Vik, & 1989 Jorunn Helgedtr Fosse (1964–) frå bnr 7/11 under lnr 34 i Vik. Born: Carl Henrik 1990, Marcus Andre 1994, Regina 1997.
Bnr 97/181 Anjatun 0,03 mark, 1978, frå bnr 97/44. Busett som fritidsbustad av Jakob Johannesson Flæte (1915–) frå lnr 18cd Flete i Arnafjord sokn. Deretter overtok Kolbjørn Alfson Ringen (1961–) frå Meråker i Nord-Trøndelag & Jorun Oledtr Aase (1960–) frå Os i Hordaland. Dei fekk: Elise 1989 og Ada 1989. Jorun var lærar i Feios. Dei flytta til Meråker. Eigedomen vart skøytt 1998 til Olav Jakob Sigurdson Aase Seim (1968–) frå lnr 11 Seim i Vik & 2000 Gro Amunddtr Heimdal (1968–) frå bnr 97/140 under lnr 195c. Born: Torgeir 1999, Kristine 2002, Andrea 2007.
Bnr 97/180 Kjerstilund 0,03 mark, 1978, frå bnr 97/44. Busett av: Kirsten Lunde Skeie (1921–). Ho er enkje etter meieristyrar Lars Skeie i Vik, sjå under Tomtebu på Vikøyri.
Bnr 97/188 Sprakahaugen 0,01 mark, 1978 frå bnr 97/44. Busett av: Jarle Knutson Nyre (1952–) frå Voss. Han var ei tid lærar på Flatbygdi skule. Han flytta til Voss og eigedomen vart i 1988 skøytt til: Odd Bjarte Helgeson Turvoll (1962–) frå lnr 46 i Vik & 1999 Anne Marit Hilmardtr Grov (1960–) frå lnr 103a Bø i Vik. Born: Joar 1994, Hilde 1996.
Bnr 97/183 Sjølyst 0,02 mark, 1978 frå bnr 97/44. Busett av: Trygve Schrøder (1919–1987) frå Tromsø & 1947 Astrid Marie Andersen (1929–) frå Bardu. Born: Anne Guri 1948 (bnr 1/128 Tomtebu, Vikøyri), Øivind 1950 (Stockholm), Inger Elisabeth 1951 (Stord), Jon Andreas 1961 (Oslo).