Øksdal

Øksdal (øksdal): Oxzdall (1563), Øxdall (1603, 1611), Øxedal (1667), Øxdal (1723, 1838) Øxdahl (1801), Øksdal (frå 1889).

Vi kan gå ut som sjølvsagt at Øksdal var busett før Svartedauden. Etter øydetida var garden busett på nytt i 1563 av ein som heitte Arne. Truleg var det to bruk på garden på 1300-talet, og frå 1611 vart det på nytt to bruk på garden. Heile Øksdal låg under Bispestolen i Bergen og med ei samla skyld på 1600-talet på 3 laupar. Dei to bruka var like store.

Lnr 2 Øksdal

3,40 spd = bnr 99/1 5,59 mark. I 1647 og 1723 eigd av Bispestolen i Bergen, deretter benefisert. Sjølveige frå 1857. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,5 laupar. Data for 1845: 8,9 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 18 sauer. 6 geiter, 2 svin.

Den første brukaren vi kjenner til var Lasse Hansson Øksdal (1604–) gift med Synneva. Han var leiglending frå ca 1625 til 1670. I 1657 betalte Lasse Knutson Øksdal kvegskatt. Farsnamnet Knut var truleg ei feilskrift for Hans. Denne Lasse var i 1630 ikkje i stand til å svara skatt. Det var han ikkje åleine om. Deretter var truleg ein som heitte Samson ei tid på bruket. Han fekk sonen Ola som kom til lnr 196 Vangsnes. Deretter kom Mons Larsson (eller Olason) (1597–1701). Han veit vi ikkje noko om utanom namn og årstal ved død. Men at han var over hundre år då han døydde, er svært tvilsamt. Jon Andersson «Øksdal» (1660–1750) var bonde i Øksdal i 1701. Han vart gift 1701 med Ingeborg Frikdtr Hanevik (1681–ca 1722) frå Balestrand. Jon vart truleg attgift med enkja Ingeborg på nabobruket. Jon var bonde også i 1723. Deretter kom Ola Andersson Vange (1681–1743) frå lnr 6 i Vik & 1728 Sigrid Ivardtr Hønsi (1704–1780) frå lnr 82+83 i Vik. Aldersskilnaden tyder på at Sigrid var andre kona til Ola. Born: Gjertrud 1728–28, Gjertrud 1730 (lnr 188 Vangsnes), Jon 1732 (døydde i København i 1763), Per 1736 (lnr 100 Midlang i Vik). Sigrid vart attgift med Guttorm Olason «Øksdal» (1705–1781). Vi trur Guttorm er frå lnr 196 Vangsnes og at han først gifte seg i 1734 med Brita Anfindtr Vangsnes (1708–1742) frå lnr 194. Vi går då ut frå at Brita gifte seg med tenaradressa Feidje. Guttorm og Sigrid fekk: Ola 1744. Ola Guttormson Øksdal (1744–1780) & 1770 Anna Tollakdtr Seim (1746–1813) frå lnr 9 fekk: Eli 1770–71, Guttorm 1771 (lnr 190 Vangsnes), Eli 1773 (lnr 79 Hove i Vik), Tollak 1775 (sjå note), Anna 1777 (Vikøyri v254), Jon 1778 (lnr 86 Holstad i Vik). Anna vart attgift 1781 med Johannes Ellendson Hallrynjo (1743–) frå lnr 65 i Vik. Born: Ola 1782–82?, Ola 1784, Johannes 1787 (Fitje i Ortnevik), Anfin 1790–1813. Ola Johannesson Øksdal (1784–1846) & 1811 Guri Lassedtr Voll (1788–1875) frå lnr 80 i Vik fekk: Johannes 1812–12, Johannes 1813, Lasse 1815–15, Lasse 1816–94 (ugift heime, budde i fjøset saman med tenarar i 1875), Anna 1819–22, Anfin 1820–1906 (ugift skreddar i Øksdal), Ola 1822 (Bergen), Anna 1824 (lnr 7 Gotevik), Ingebrigt 1827, Anna 1831 (lnr 9 Seim i Vik). Johannes Olason Øksdal (1813–1910) & 1858 enkja Brita Eirikdtr Tveit (1804–1897) eigde bruket 1851–76. Dei hadde ikkje born. Ingebrigt Olason Øksdal (1827–1900) & 1864 Turid Markusdtr Tveit (1844–1936) frå lnr 1 hadde lnr 83a Hønsi i Vik i åra 1870–76. Born: Ola 1864–1955 (postopnar Vangsnes, ugift), Markus 1867 (skomakar i Flåm), Johannes 1870–1904 (ei dotter Birgitte 1899, sjå lnr 191c Vangsnes, han døydde av tuberkulose), Guri 1874–90, Per 1877, Brita 1879, Anders 1881–1970 (ugift, på bruket), Olaf 1883–1978 (ugift snikkar, på bruket), Eirik 1886–1963 (ugift, på bruket, var felespelar), Anna 1889–1940 (ugift, Balestrand). Per Ingebrigtson Øksdal (1877–) fekk skøyte på halvparten av bruket i 1914, men sat med denne delen berre i eitt år. Han var deretter ugift skomakar i Bergen. Brita Ingebrigtdtr Øksdal (1879–1946) & 1904 Botolv Olason Vangsnes (1879–1960) frå lnr 196a fekk: Olav 1904, Ingebrigt 1905 (Flåm), Gudrun 1908–97 (ugift, Vangsnes), Johannes 1909 (lnr 196a Vangsnes), Toralf 1911 (Flåm), Harald 1912 (bnr 97/103 under Salbu), Erling 1913 (ugift, Vangsnes), Gunhild 1916–2004 (ugift, Vangsnes), Bjarne 1918 (Ski i Akershus), Sigurd 1920 (bnr 97/130 under lnr 196a Vangsnes), Turid 1922 (ugift, Luster, Sandvika og Øksdal), Ingolf 1925 (bnr 97/139 under lnr 192c Vangsnes). Olav Botolvson Øksdal (1904–1942) & 1938 Hanna Hansdtr Nummedal (1903–1979) frå bnr 9/5 Vetle-Nummedal fekk Bjarne 1941. Hanna og Bjarne var i Nummedal til 1948 då dei flytta til Øksdal. Då fekk Bjarne skøyte på bruket. Hanna dreiv så bruket, frå 1953 saman med sonen. Bjarne Olavson Øksdal (1941–) & 1965 Bjørg Wangen (1942–) frå Aurland har ikkje born. Frå 1966 hadde Bjarne heiltidsarbeid utanfor bruket, frå 1975 i Bergen. Frå 1973 vart bruket pakta bort, først 1973–75 til Olav Fjærestad Tveit, så 1976–85 til Einar Arnt og Lillian Oliva Halvorsen frå Stavanger og Bergen. Om dottera Reidun 1959: sjå bnr 43/15 under lnr 5 Juvik. Frå 1985 har jorda vore driven av Kjell og Jensina Høyum på bnr 97/176 Vangsnes, sjå under Krossen.

Tollak Olason Øksdal (1775–) & 1806 Ingeborg Jakobdtr Vangsnes (1784–1872) frå lnr 187 fekk på Vangsnes Anna 1806 (plass lnr 47a Bruavoll i Vik) og Ola 1809. Dei var ei tid på plassen Hola i Hafslo, men kom til Vikøyri v952 ca 1822.

Lnr 3 Øksdal

3,40 spd = bnr 99/2 5,51 mark. I 1723 eigd av Bispestolen i Bergen. Sjølveigd frå 1835. Matrikkelskyld 1723 og 1838 1,5 laupar. Data for 1845: 8,9 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 18 sauer. 6 geiter, 2 vinterfôra svin.

Første brukar var kanskje Rasmus, som var her i 1625. Neste brukar var Torstein. Om han veit vi ikkje anna enn namnet. Mons Olason (–1701) var leiglending på dette bruket ca 1680. Han var først gift med Gjøa Einardtr (–) og dei hadde: Ola (til Skitnevik i Fjærland), Botolv 1650 (lnr 1 Tveit), Brita 1658–1736 (ugift, heime), Hans 1660, Gjertrud (lnr 104 Bø i Vik), Gjøa ca 1670–1727 (gift 1704 med Hans «Vangsnes», kanskje busett på Vangsnes), Med andre kona si, Ingeborg Eirikdtr (–1727), fekk Mons: Barbra, Gjertrud og Unni. Dei tre var truleg alle fødde før 1690. Dei kjem bort for oss. Ingeborg vart attgift med Jon Andersson Øksdal (1660–1750) på lnr 2 og flytta til han. I 1701 var Hans Monsson Øksdal (1660–1721) bonde på bruket. Han var gift med Gyrid Oladtr Stedje (–) frå lnr 64 i Vik. Dei var ei tid på Stedje. Born: Ingeborg 1700, Mons 1702–02, Mildrid 1703 (lnr 188 Vangsnes), Mons 1704–04, Ola 1704–04, Mons 1710 (døydde etter 1721). «Gudsfrøgtige danneqvinde» Gyrid levde i 1721. Fordi «Peder Olsen Stedje» møtte opp for enkja i skiftet etter Hans i 1721, er vi sikre på at ho var syster til Per Stedje. I 1723 er det Bård Sjurson Dale (1692–1767) frå Feios & 1721 Ingeborg Hansdtr «Vangsnes» (1700–1779) som var på bruket. Vi trur Vangsnes var tenaradresse for Ingeborg og at ho var frå bruket. Born: Hans 1721, Karen 1724, Ola 1727 (lnr 43 Myrkaskog i Vik), Sjur 1730 (lnr 191 Vangsnes), Jon 1733 (Helland i Feios), Mons 1737, Kari 1739 (lnr 7 Gotevik), Lasse 1740–1806 (heime i 1763, tenar i Myrkaskog i 1801 og døydde truleg der). Hans Bårdson Øksdal (1721–1785) & 1761 Brita Håvarddtr Åfet (1735–1794) frå Feios fekk: Bård 1762, Håvard 1769–1832 (ugift), Knut 1771–1836 (ugift, døydde på Tue i Balestrand), Jon 1775–1841 (Vikøyri v778). Bård Hansson Øksdal (1762–1805) & Brita Oladtr Åse (1762–1805) frå lnr 50 i Vik fekk: Brita 1792, Hans 1793 (død før 1805), Per 1794–94?, Ola 1795 (plass Tveit), Per 1797–99, Alf 1798 (levde i 1801, døydde truleg ung), Gyrid 1800 (Huglagjerde under Orvedal i Vik), Barbra 1802–59 (i teneste på Midlang i Vik i 1818, døydde på Sylvarnes), Per 1802–30 (døydde som dreng på Holstad i Vik). Bård og Brita døydde båe i 1805 utan at det vart ført inn i kyrkjeboka. Truleg kom dei bort i ei drukningsulukke. I den gamle bygdeboka er det fortalt at borna kom til skyldfolk i Vik. Men slekta fekk ordna det slik at Nils Bø skulle få overta bygslinga av bruket på det vilkåret at han gifte seg med den eldste dottera. Bryllaupet stod då ho var 16 år. Nils Hermundson Bø (1773–1821) frå lnr 101 & 1807 Brita Bårddtr Øksdal (1792–1826) fekk: Barbra 1808 (Vikøyri v632) Brita 1810–30, Marta 1812–41, Kari 1814 (Nord-Noreg 1844), Hans 1818 (til Alvøen ved Bergen 1846). Brita og Marta vart spedalske og var båe på St. Jørgen hospital frå 1828. Smitten kom kanskje frå Bø, for også born til ein bror til Nils, Ola 1775, vart spedalske. Også Nils vart truleg spedalsk. Også i denne generasjonen døydde foreldra før borna vart vaksne. Borna kom truleg til slektningar i Vik. Det kom nye folk til bruket. Ola Guttormson Fosse (1801–1860) frå lnr 34 & 1826 Anna Helgedtr Turvoll (1798–1873) frå lnr 46 i Vik fekk: Synneva 1825, Kari 1826 (lnr 192a Vangsnes), Marta 1828 (lnr 105 Tryti i Vik), Anna 1832–46 (hadde nedfallssykje), Guttorm 1833–61 (sinnsvak), Brita 1836 (lnr 191a Vangsnes). Det var Marta 1828 som fekk heimelen på bruket etter faren. Men i 1863 overtok Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192 & 1847 Synneva Oladtr Øksdal (1825–1906). Alt i 1864 selde Ola bruket mot kår, og Ola og Synneva busette seg i eit hus på eigedomen, sjå note. Ola Person Engum (1826–1900) frå Kvamsøy sokn & 1851 Gyrid Guttormdtr Grøneng (1828–1875) frå Balestrand fekk borna: Per 1850, Kari 1852–52, Guttorm 1854 (USA 1882), Ola 1857 (lærar Eidsberg, så Oslo), Johan 1860 (USA 1882), Anders 1862 (Vikøyri v082), Kari 1864 (til Austlandet), Klaus 1867 (USA 1891), Synneva 1870 (sjå Vikøyri v976), Gyrid 1875–1928 (gift og skild frå Emil Schultz, ein bror til Agnes 1869, til USA i 1928 med dei tre yngste borna: Gudrun 1903, Signy 1905 og Nils 1907). Ola vart attgift 1877 med Solveig Ivardtr (1827–1921), enkje etter Per Eirikson Bøyum (1807–1875) på lnr 1 Tveit, og flytta til Tveit. Per Olason Øksdal (1850–1946) & 1876 Anna Nilsdtr Vikøyri v718 (1852–1885) fekk: Ola 1875, Gyrid 1879 (Oslo), Brita 1877–1903 (hushalderske i Strømm, døydde av tuberkulose), Kari 1881 (sjå plass 1 Skulen-Grov under Grov i hefte 3), Ingebjørg 1883 (Krok, Strømm ved Drammen), Nils 1885 (Skarnes i Akershus, så USA). Per dreiv bruket til ca 1890, men var frå 1903 gardsstyrar på eit bruk i Strømm (no Svelvik) ved Drammen, men kjøpte eit bruk i Sør-Odal i 1908. Bruket i Øksdal vart pakta bort til 1909 då det vart kjøpt av: Ola Person Øksdal (1875–1952) & 1903 Agnes Teodora Schultz (1869–1916) frå Fardal i Sogndal. Born: Peder Andreas 1903–96 (ugift, Oslo), Sverre 1906, Anna Svanhild 1911 (ugift, Oslo). Agnes hadde frå før Johan Herman 1890 med Ivar Ivarson Eskestand (1858–) i Fardal. Johan Herman kom til bnr 97/71 under lnr 197a+195a Vangsnes. Ola vart attgift 1918 med Anna Andersdtr Vangsnes (1889–1968), ei dotter til Sigrid Arnedtr på lnr 193a Vangsnes. Born: Alf Teodor 1918 (Måløy), Sigvald 1919–2007 (Stavanger), Bjarne 1921 (bnr 97/31 = lnr 193a Vangsnes), Harald 1923–79 (ugift, sjømann), Sigrid 1925 (bnr 97/114 under lnr 193a Vangsnes). I mellomkrigsåra var det økonomiske problem, og i 1933 gjekk bruket ved auksjonsskøyte til nest eldste son. Bonde og snikkar Sverre Olason Øksdal (1906–1990) & Borghild Bjørndtr Vangsnes (1902–1976) frå bnr 97/69 under lnr 197a+195a fekk Agnes Reidun 1941 (bnr 43/4 Juvik). Agnes overtok i 1988, og bruket har vore drive frå bnr 43/4 Juvik.

Ein Ola Andersson (1672–1743) gifte seg 1699 med Agata «Øksdal» (1679–). Ho døydde truleg innan 1704, for då vart Ola attgift med Ingeborg Vangsnes (1684–). Desse folka finn vi ikkje ut av.

Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192 & 1847 Synneva Oladtr Øksdal (1825–1906) dreiv mykje med kjøp og sal av eigedomar, og før 1865 hadde dei skaffa seg kår av to eigedomar, lnr 195b Vangsnes og lnr 3 Øksdal. I åra 1850–56 hadde dei lnr 195b på Vangsnes, så 1856–63 lnr 192c Vangsnes og 1863–64 lnr 3 Øksdal. I 1865 var dei busett i eit hus på lnr 3 og Ola vart kalla jordarbeidar. I 1865–68 eigde Ola lnr 105 Tryti i Vik, men der hadde han forpaktar. I 1866 flytta Ola og Synneva til Vik og budde då truleg i Bø. I 1868 selde han bruket på Tryti til ei syster til Synneva, Marta 1828. Same året møtte «Ole Hermundsen Bø» opp på auksjonen av lensmannsgarden på Vangsnes og kjøpte lnr 193m 0,01 mark. I 1870 kjøpte han i tillegg parsellane lnr 195f 0,08 mark og lnr 195h 0,12 mark. Ola hadde sonen Jon 1842 med Gjertrud Ivardtr Husabø (1808–1891). Gjertrud vart ved teljinga i 1865 ført opp som husmann på Vangsnes, men ho døydde på Grinde. Guten gifte seg i 1865 og han og kona var ved teljinga i 1865 innerstar på Grinde på Leikanger. Ein dag i 1871 reiste Ola over til Grinde, visstnok for å ordna opp i ein odelsrett for sonen på eit bruk på Grinde. Men då han var på veg heim var han så rusa at båten hans kantra og Ola drukna. I 1872 gifte enkja Synneva seg med enkjemann Lasse Johannesson Lunde (1825–) frå Balestrand. Dei hadde båe adressa Øksdal då dei gifte seg og budde i 1875 i huset i Øksdal. Dei hadde då med seg to born som Lasse hadde frå første ekteskap. Denne huslyden busette seg seinare på ein av parsellane på Vangsnes, sjå vidare under lnr 195f Vangsnes.