Gotevik
Gotevik (gåtevikji): Guddevig (1603), Gotteuig (1647, 1667), Gottewig (1718), Gottevig (1701, 1723), Gotevig (1863), Gotevik (1838, NG, VIK).
Lnr 7 Gotevik 0,85 spd = bnr 44/1 1,47 mark, Vik hovudsokn. Eigar i 1647 og 1723: Vik prestebol 0,33 laupar. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 0,42 laupar. Frikjøpt frå benefisert eige i 1844. Data for 1845: 0,2 daa rug, 2,2 daa bygg, 1,4 daa poteter, 6 storfe, 12 smalar og 1 vinterfôra gris.
Vi reknar med at Gotevik var busett før 1350, men etter Svartedauden var garden liggjande øyde fram mot år 1600. I 1603 var Johannes leiglending der og i 1635 var det Sjur som var brukar. I 1645, 1647 og 1655 var det Knut. I 1647 var Knut «forarmet», det vil seia at han ikkje var i stand til å betala skatt. Knut var i 1645 gift med Anna Oladtr. I 1657 og 1667 var Ola Lasseson (1633–) i Gotevik. Han hadde truleg sonen Lasse 1669. I 1701 var det Ola Eirikson (1636–) som var der, og han hadde kanskje gift seg med enkja etter Ola Lasseson. I 1711 var Lasse Olason Gotevik (1669–1763) med kone og to born på småbruket, og han var der òg i 1723. Kona var truleg Gyrid Nilsdtr (1666– 1734). Eitt av borna må vera Nils 1703. Deretter kom Nils Lasseson Gotevik (1703–1744) & 1733 Brita Amunddtr Skitnevik (1701–) frå Jordal, Fjærland, ei syster til Knut på lnr 6 Juvik. Dei hadde ikkje born, og Brita vart attgift 1744 med soldat Torberg Person «Kvamme» (1717–). Kvamme var utvilsamt soldatadresse, han var truleg frå Sværefjorden. I 1748 kom Nils Amundson Skitnevik (1707–1767) til bruket, han var ein bror til Brita 1701. Nils gifte seg 1738 med Gyrid Oladtr Hovland (1715–1768) frå lnr 4. Gyrid miste livet i ei ulukke. Born: Amund 1740 (sjå note), Synneva 1741 (Nedre Njøs, Leikanger), Ola 1744 (sjå note), Nils 1749 (Vikøyri v964), Hermund 1752–52, Hermund 1753 (plass lnr 41 Grønsberg i Vik), Markus 1756 (ikkje konfirmert i Vik, døydde kanskje på Njøs på Leikanger i 1779). Eirik Nilsson Høgheim (1731–1806) frå Fresvik & 1759 Kari Bårddtr Øksdal (1739–1785) frå lnr 3 var i 1760 i Øksdal, i 1763 var dei innerstar på lnr 190+191 Vangsnes og i 1765 var dei i Borlaugviki i Feios. Dei var truleg leiglendingar i Goteviki frå ca 1768. Born: Nils 1760 (Vikøyri v702) og Bård 1765 (Nes i Sogndal). Med etternamnet Gotevik vart Eirik attgift 1790 med Barbra Botolvdtr Refsdal (1742–1823) frå lnr 60 i Vik. Dei kom til Vikøyri v182. Sjur Andersson Kinni (1744–1831) frå lnr 56 i Vik & 1787 Marta Andersdtr «Vangsnes» (–1787) var leiglendingspar frå 1787. Vangsnes må vera tenaradresse, jenta var truleg Marta 1755 frå lnr 54 Rislåg i Vik. Ho døydde truleg i barselsseng. Sjur vart attgift 1788 med Mildrid Monsdtr «Myrkaskog» (1756–). Myrkaskog er tenaradresse, ho var frå Feidje i Feios. Mildrid døydde etter 1801. Born: Marta 1789 (sjå note), Anders 1792. Anders Sjurson Gotevik (1792–1866) & 1819 Gjertrud Lassedtr Vangsnes (1795–1877) frå plass 48 Vangsnes fekk: Marta 1820–20?, Sjur 1822, Lasse 1825 (Vetleøyri s130), Hans 1828–69 (drukna til sjøs), Marta 1830 (plass i Hola, Seljadalen). Sjur Andersson Gotevik (1822–1905) & 1846 Anna Oladtr Øksdal (1824–1894) frå lnr 2 fekk: Anders 1846, Guri 1848–48, Guri 1849 (sjå note lnr 5 Juvik), Ola 1851 (flytta til Balestrand i 1885, døydde i 1886), Gjertrud 1854 (bnr 26/17 Moane-Hove i Vik), Anna 1857 (sjå note under lnr 117 Hopperstad), Sjur 1859 (USA 1881), Marta 1861 (USA 1891), Anfin 1865 (USA 1883), Anna 1867–67, Anna 1868 (USA 1891), Hansina 1872–72. Anders Sjurson Gotevik (1846–1920) & 1877 Mari Mikkeldtr Husabø (1846–1921) frå Leikanger hadde ikkje born. Ola Person Hellem (1862–) frå plassen Hellemshaugen i Hyllestad & 1893 Olina Larsdtr Tenningåsen (1869–) frå Eitorn krins på Leikanger eigde bruket frå 1877. Born: Per 1893, Lars 1895, Edvard 1898, Kristian 1900 (ugift, døydde vaksen), Kari 1903 (sjå lnr 192b Vangsnes), Ola 1905 (Sandeid i Ryfylke), Marta 1907 (gift 1927 med gardbrukar Ivar Henrikson Jordalen på Vossestrand, ein bror til Endre 1911 på lnr 64 Stedje i Vik, og dei fekk i Vik: Oline 1927), Olga 1911–19. I 1932 flytta Ola og Olina til sonen Ola i Ryfylke og selde til: Georg Johan Hansson Settevik (1884–1960) frå lnr 191d Vangsnes. Han gifte seg 1910 med Guri Johannesdtr Grinde (1876–1915) frå Leikanger. Ho hadde før 1910 vore i USA. Born: Harald 1910–42, Gyda Johanna 1911 (Haslum i Bærum). Georg gifte seg på nytt 1915 med Anna Marie Johannesdtr Grinde (1891–1974), ei syster til Guri. Familien budde på Vangsnes før dei kom til Gotevik. Born: Gunhild 1915 (Balestrand), Sigrid 1917 (Leikanger), Borghild 1920 (bnr 2/15 under lnr 5 Vange), Astrid Malina 1922 (Dale i Sunnfjord), Gustav 1923 (Vikøyri, hus 88), Alf Johannes 1926 (Øyane i Vik, Ovestevegen 9), Lovisa 1927 (bnr 44/3), Kåre Martin 1929 (Sollihøgda, Hole i Buskerud), Gunnvald Andreas 1932, Rolv Sigurd 1934 (bnr 44/4). Gustav Georgson Sætevik (1923–) fekk skøyte på småbruket i 1954, men i 1957 skøytte han det vidare til Gunnvald Andreas Georgson Sætevik (1932–) & 1960 Margit Edvarddt Fjellheim (1925–) frå lnr 192a Vangsnes. Born: Georg Johan 1960 (Færvik i Arendal), Petra Johanna 1963 (har vore gift og med bustad i Naustdal i Sunnfjord, men bur i 2005 heime), Edvard 1964 (Balestrand), Arne Morten 1967 (bnr 44/3). I 2006 overtok Arne Morten 1967.
Bnr 44/3 Nytun, 1966. Lovisa Georgdtr Sætevik (1927–) & 1961 Yngve Øysteinson Vikøren (1930–1975) frå Vikøyri, hus nr 82. Yngve døydde i bilulukke og Lovisa selde bnr 44/3 og flytta til bnr 1/233 Røysane-Sæbø i Vik. Arne Morten Gunnvaldson Sætevik (1967–) var ei tid sambuar med Liv Irene Husebø (1969–) frå bnr 97/150 under lnr 193n Salbu og budde då i Salbu. Born: Robert 1995, Linn Marie 1998.
Bnr 44/4 Sjøheim, 1970. Rolv Sigurd Georgson Settevik (1934–2004) & 1964 Ragnhild Heimlid (1947–) frå Fresvik fekk: Geir Olav 1965 (Kaupanger), Kjell Arne 1968 (Leikanger), Reidun 1971 (Prestvegen 10 i Prestberget i Vik; i 2005 i kommunal bustad i Prestegardstunet Grov).
I 1963 vart bruket frådelt bnr 44/2 0,04 mark, i 1966 bnr 44/3 0,01 mark, i 1970 bnr 44/4 0,05 mark og i 1978 bnr 44/5 0,01 mark.
Amund Nilsson Gotevik (1740–) & 1764 Sigrid Nilsdtr Høgheim (1724–1776) frå Fresvik busette seg på Vikøyri, sjå v014. Ola Nilsson Gotevik (1744–) & 1772 Anna Oladtr Tenål (1744–) frå lnr 18 vart husmannsfolk under Borlaug i Feios.
Marta Sjurdtr Gotevik (1789–) & 1819 Torgeir Lasseson Vangsnes (1785–) kjem bort for oss. Fødselsdata for Torgeir manglar i kyrkjeboka, men vi trur at han var ein bror til Gjertrud 1795, og såleis frå plass 48. Torgeir var dreng på Holstad i Vik i 1801.