Vikøyri-søraust
Busetnaden i dette området kom først etter oppdeling av lnr 1+4 Sæbø i 1872. Då kjøpte garvar Mons Torson ein parsell av storbruket. Seinare kom til under bnr 41/1 Bedehuset og to vanleg hus: hus nr 79 og 80.
Bnr 41/67 Åsheim 0,02 mark, 1943. Hus nr 79. Per Hansson Svardal v870 (1839–1916), jekteskipper og murar, & 1865 Gyrid Amunddtr Vikøyri v018 (1841–1934) fekk 9 born, sjå v870. Tor Person Vikøyri (1871–1928), «Gyrid-Tor», overtok huset. Han var ugift. I 1922 vart huset og eit utedo taksert til kr 2400. Omkring 1930 vart huset rive og nytt oppsett av: Ola Botolvson Aasen v748 (1878–1966) frå Frønningane & 1919 Gurina (Gina) Monsdtr Thorsen v692 (1887–1971). Born: Olga Gurine 1920 (Oslo), Margit Mathilde 1921, Bjarne 1923–24. Huset vart overteke i 1969 av Margit Mathilde Oladtr Aasen (1921) & 1964 Herman Johnson Vikøren v504 (1926–1997). Dei bygde ca 1980 nytt hus i Hatlevegen 19 i Prestberget, bnr 41/157. Huset vart ca 1990 kjøpt av Ronny Borlaug (1965) frå Feios. Han bur i Kolbotn og leigde det til Gry Helen Nesse (1971) & sb Edvard Gissinger (1974). Dei kjøpte i 2002 bnr 3/48 Seim under Tønderbruket. Bnr 41/67 gjekk 2004 til Berit Olafdtr Tryti (1954) frå lnr 108 og som bur der.
Bnr 41/52 Sigtun 0,03 mark, 1941. Hus nr 80. Ivar Olason Vikøyri v740, v404 (1825–1900), skomakar og grisehandlar, & 1858 Sigvor Oladtr Vetleøyri s192 (1835–1931) hadde ikkje born. Ivar vart kalla «Karavodlen», for di faren var oppfostra der. I 1903 var branntaksten kr 1450. Sitona Jondtr Vikøyri v510 (1863–1959), «Skule-Sitona», overtok etter Sigvor. I 1973 fekk kommunen skøyte på huset og reiv det.
Lnr (1+4)g 0,41 spd = bnr 1/9 0,75 mark. Denne parsellen mot Vikøyri nokså langt aust i tettstaden, vart kjøpt av garvar Mons Torson Breistein v692 (1842–1929) frå Åsane & Magdelie/Malena Sjurdtr Remme (1839–1921), Alversund. Born: Ingeborg 1864 (v098), Anna Marie 1867 (v104, v160), Johanna 1870 (v444), Tor 1873 (v960), Edvard 1876–76, Edvard 1879 (Leikanger), Hans Olai 1884 (v290), Gina 1887 (v748). Mons tok familienamnet Thorsen. Han var utlærd garvar då han kom til Vik i 1863 og bygde garveri på Allmenningen på Vikøyri (nord for hus nr 93). Han bygde og stort bustadhus samanbunde med eit uthus på eigedomen han kjøpte av Sæbø i 1872, hus nr 81. I 1875 hadde dei to kyr og 2 smalar på bruket. Mons bygde husa sine ca 100 m sør for den sterkt avgrensa strandstaden. Det var det første åtaket på dyrka jord i området. Mons dreiv òg notbruk, fiska sild og laks og handla med laks for utførsle. I 1903 vart frådelt bnr 1/40 0,03 mark til sonen Tor. Deretter var eigedomen uendra fram til 1954. Tor Monsson Thorsen v692, v960 (1873–1949) & 1895 Jørgine Jensdtr Løland (1869–1959) frå Hyllestad fekk 8 born, sjå v960. Tor overtok verksemda til faren. Han dreiv såleis garveriet som før. Det vart med naust taksert i 1902 til kr 3100. Hans Olai Monsson Thorsen v692, v290 (1884–1968) & 1914 husmannsdtr Ingeborg Oladtr Hauge (1874–1944) frå Lærdal overtok eigedomen i 1920. Dei fekk: Mons 1915–35. Hans dreiv notbruk og fiska laks. Han bygde hus på eigedomen. I 1954 vart frådelt bnr 1/118 0,12 mark og bnr 1/120 0,05 mark og i 1961–1/128 0,02 mark. Her vart det bygt hus som vi reknar inn under feltet Tomtebu. Resten av eigedomen vart borte i industriutbygginga.
Bnr 42/1-6. «Bedehuset». Kurt Arne (1951) frå Dalekvam & 1979 Aud Olin Sumstad (1954) frå Bessaker i Roan kommune i Sør-Trøndelag har: Andreas 1979 og Guro 1983. Dei reiv bedehuset og bygde nytt hus på same stad. Før hadde dei bnr 45/8 under lnr 9 Liktvorane. Der overtok Gerd og Magnus Vikøren.
Bnr 41/134 Lysebu 0,01 mark, frådelt bnr 41/57 i 1966. Edvin Ivarson Pettersen (1941) frå hus nr 85 & 1965 Marit Eivinddtr Sande (1945) frå Nessane har: Ivar 1965 (Fardal), Erna 1967 (Leikanger), Terje 1968 (bnr 1/237? på Flåten under lnr 1+4 Sæbø) og Reidun 1973. Reidun Edvindtr Pettersen (1973 –) & sb Svein Roar Olavson Berdal (1971–) frå Feios har leigd i Kalviki, Vangsnes. Born: Eirin 2005, Marita 2007.
Bnr 41/124 Elvetun 0,02 mark, 1959. Hit flytta Bjarne Karlson Vikøren v558 i 1959 eit hus utan riving. Det var før trykkeri for Sogningen og stod nord for bustadhus for meieriet. Huslyden flytta til Lillesand. Sverre Olason Fjærestad v796 (1930) & 1955 Anna Jondtr Grønsberg (1919–2004) frå lnr 15k Tenål overtok eigedomen i 1969. Før hadde dei hus nr 51. Born: Sigurd Ole 1959 (Kristiansund) og Sven-Arne 1964 (Sjøtunvegen nr 16). Sigurd Ole Fjærestad (1959) overtok i 2002, men Sverre bur i huset.