Vikøyri-Sjøtun
Denne delen av Vikøyri vart truleg samla under Sjøtun ved storutskiftinga 1859–63. Dette var ei utskifting mellom namnegardar. Teigblandinga mellom bruka på Sæbø vart først ordna opp i ved seinare utskiftingar.
Hus nr 53. Ola Olason Røysane-Sæbø v832 (1848–1934) & 1870 Brita Larsdtr «Ramsøy» (1837–1914) frå Gudvangen fekk 6 born, sjå v832. Ola vart attgift 1914 med Kari Oladtr Valsvik (1865–1952) frå plassen Teigen. Ho kom frå hus nr 40. Stovehuset var i 1909 utbetra og verdsett til kr 360. Huset vart rive.
Bnr 41/13 Svendstun 0,05 mark, 1924. Hus nr 54. Ola Sjurson Vikøyri v910, v854 (1844–1912), skomakar, & 1871 Anna Hansdtr Vikøyri v296 (1848–1908) fekk 7 born, sjå v854. I 1909 var verdien av huset berre kr 250. Matias Olai Johanson Svendsen v450, v682 (1879–1931) & 1912 Marta Karldtr Nissestad (1890–1951) fekk 6 born, sjå v682. I 1930 vart tillagt bnr 41/30 0,10 mark. Huset vart truleg ombygt, og Matias dreiv handel i 2. etasje. Han selde kolonialvarer, sko og klede. I kjellaren hadde han eit lite kaffibrenneri. I 1945 overtok Torleiv Matias-Olaison Svendsen v682 v944 (1922–1998) & 1950 Aslaug Oladtr Brekke (1926) frå Årdal. Dei fekk: Torfinn Mathias 1952 (Sjøtunvegen 11) og Ola 1955 (Hatlevegen 21 i Prestberget). Aslaug hadde frå før Helene Alvida 1946. Om Helene Alvida: sjå bnr 1/29 under Røysane-Sæbø.
Bnr 41/175 Vikabu, 1990. Hus nr 55. Hans Øysteinson Vikøyri v974, v308 (1825–1872) & 1860 Brita Oladtr Vetleøyri s172 (1831–1923) fekk: Ola 1859, Olina 1860 (lnr 103b Bø), Lasse 1864 (til Flåten under lnr 1+4 Sæbø), Øystein 1868 (v976). Øystein reiste til Vestfold, men i 1922 stod han likevel som huseigar ved ein takst på bustad, fjøs og naust til kr 6200. Etter at hus nr 5 brann i 1922 vart staden overteken av Andrina Knutdtr Vikøyri v578 (1883–1962). Huset vart rive og nytt feriehus oppsett av Terje Hjalmar Larsen (1964). Han bur i Blomsterdalen, Bergen. Terje er etterkommar av Andrina gjennom dottera Olina 1903.
Hus nr 56. Lars Olason Mo v624 (1855–1938) frå Hafslo & 1880 enkja Olina Perdtr Vikøyri v088 (1843–1914) hadde ikkje born. Lars reiste til Amerika 1885. Kona Olina var ikkje med. Han kom att etter ca 20 år. Truleg hadde han vore i gruvearbeid, for han var kalla «Gruben». Lars vart attgift 1914 med Marie Jondtr Vikøyri v518 (1867–1948). Branntakst på huset og eit naust var i 1909 kr 1100. Kanskje eigde Lars to stover, for i 1919 vart ein bygning som ikkje hadde vore trygda før, verdsett til kr 1000. Huset er rive.
Bnr 41/35 Almetun 0,02 mark, 1937. I 1966 også bnr 29/8 Almetun I 0,01 mark. Hus nr 57. Jon Jonson Limmesand v520 (1860–1938), skreddar, & 1884 Anna Andersdtr Vetleøyri s016 (1864–1953) fekk 13 born, sjå v520. I 1901 var verdien av huset kr 1000. I 1955 vart eigedomen skøytt til sonen Martin 1901, i 1956 til Alf Schreuer (1938) i Bergen (ein son til dottera Marie 1894) og i 1963 til Kristen Sverreson Christensen v936 (1928–2003) & 1953 Anna Eldbjørg Karldtr Hustavenes (1934–2001). Om foreldra til Anna Eldbjørg: sjå note lnr 47 Nese i Arnafjord sokn. Born: Steinar 1953 (Manger), Gjertrud Marie 1955 (Ålgård) og Karsten 1960 (Stavanger). Huset er overteke av Jens Kristian Martinson Christensen (1944–) frå bnr 41/110 i Tomtebu og som leiger det bort.
Bnr 41/28 Heim 0,03 mark, 1929. Hus nr 58. Lasse Øysteinson Vikøyri v974, v646 (1835–1919) hadde dette huset. I 1909 vart det ved taksering skrive at huset var «betydelig udbedret». Likevel var taksten berre kr 200. I 1922 var taksten kr 2400. Huset vart overteke av husmannsdotter Synneva Tollakdtr Finnabotn (1871). Ho gjekk under namnet «Fidna-Synva». Foreldra hadde i nokre år Notaberget under lnr 49 Otterskreda, men kom så til Finnabotn. Synneva fekk Rognald 1902 med Ola Jonson Flete (1878). Ola reiste til USA 1902. Rognald Olason Flæte (1902–1976) & 1925 Inga Jondtr Refsdal (1894) frå lnr 61 budde i Høyanger, seinare Årdal. Born: Synneva 1927, John 1928 (Høyanger), Sigmund 1929 (Årdalstangen), Ola 1933 (Øvre Årdal). I 1971 var eiga overført til borna. I 2007 er Roald Olason Flæthe (1964–) eigar. Huset er rive og det er bygt nytt feriehus.
Bnr 41/26 Solheim 0,05 mark, 1928. Hus nr 59. Andreas Styrkson Vikøyri v928, v104 (1860–1895) & 1888 Anna Marie Monsdtr Thorsen v692 (1867–1946) fekk fire born, sjå v104. Anna Marie vart attgift 1905 med bakar Edvard Andersson Vikøyri v080, v160 (1871–1945). Born: sjå v160. Huslyden budde i året 1900 under bnr 41/1, i eit hus som enkja tok med seg inn i det nye ekteskap. Huset vart i 1903 omtaksert til kr 1800. Bakeriet var hus nr 41. Martin Jonson Vikøren v520, v668 (1901–1965) & 1944 Gudrun Edvarddtr Vikøren v160 (1907–2002) hadde ikkje born. «Alme-Martin» var butikkekspeditør. I 1976 fekk Olav Skagen (1961), Oslo, skøyte. Han er son til Gerd Olavdtr Skagen (1940) frå «Fengslet» i Røysane-Vange
Bnr 41/70 Flåheim 0,04 mark, 1945. Hus nr 60. Helge Jonson Vikøyri v498, v316 (1858–1931), «Subla-Helje», & 1898 Ellen Hansdtr Eggum (1867–1949) frå Sogndal fekk 5 born, sjå v316. Huset vart i 1909 verdsett til kr 1000. Det var Jon Helgeson Vikøyri v390 (1899–1978) som i 1945 fekk skøyte på grunnen. Jon var busett i hus nr 76 og skøytte i 1948 til Sofie Helgedtr Vikøyri v316 (1905–1955), gift 1953 med Anders Jonson Tryti (1894–1968). Han var skild, sjå lnr 13a3 Tenål og hus nr 62. I 1959 vart Anders eigar og gift med Turid Nøklebø (1904). I 1970 overtok borna til Anders, men i 1991 vart Johanna Andersdtr Tryti (1918) eineeigar. Ho gifte seg 1949 med Martin Hommedal (1915–2000) frå Vossestrand. Born: Ingunn 1951 (Voss) og Alf Tore 1956 (Bergen). Huset er feriebustad.
Bnr 41/29 Tollaktomten 0,04 mark, 1929. Hus nr 61. Eigar av dette huset hadde vore Ingebrigt Larsson Vetleøyri v606, v368 (1835) & 1860 Gyrid Amunddtr Vikøyri v016 (1831). Då huslyden flytta til Bergen overtok: Tollak Hansson Svardal v950 (1848–1902), husmannsson, & 1873 Anna Ingebrigtdtr Vikøyri v209 (1850–1926). Dei fekk 9 born, sjå v950. Nils Tollakson Vikøyri (1883–1966), ugift, overtok og budde der. I 1967 overtok Vik kommune og som reiv huset.
Bnr 41/181 Strandtun, 1991. Hus nr 62. Hans Petter Hansson Vikøyri v288, v302 (1850–1927) & 1874 Brita Halvordtr Horge (1846) frå Lærdal gifte seg i Bergen. Born: sjå v302. I 1909 vart stovehuset og eit lite fjøs taksert til kr 610. Sofie Hans-Petterdtr Pettersen (1892–1978) var ugift huseigar. Anders Tryti (1894–1968) med huslyd leigde huset 1934–51, sjå òg lnr 13a3 Tenål og hus nr 60. Huset er kjøpt av Jan Martin Fredriksen (1938) og Brita Nilsdtr Nummedal (1936) frå lnr 40d Vetle-Nummedal. Dei bur i Sørkedalen og brukar «Pettersen-huset» som feriebustad.
Bnr 41/96 Sverestad 0,02 mark, 1950. Hus nr 63. Jon Sjurson Vikøyri v922, v538 (1847–1927) & 1875 Ingeborg Andersdtr Vikøyri v030 (1846–1933) eigde dette huset. Born: sjå v538. «Raustein-Jo» var sjømann og skomakar, seinare snikkar. Huset vart i 1877 taksert til kr 680. Branntakst på huset var i 1909 kr 970. I tillegg hadde Jon eit naust til kr 200. Ved omtakst i 1922 på bustad, fjøs og naust var verdien kr 7.850. Huset vart overteke av Sigurd Nilsson Sværen v902 (1901–1975) & 1932 Julia Martindtr Vikøyri v676 (1894–1974). Dei hadde adoptert dotter: Eva Bjørg 1935. Foreldra var: Johannes Nilsson Sandvik (1900–1987) & 1924 Lovisa Olaidtr Stavedal (1903–1987), busette på Vetleøyri-Seimsstrondi. Eva Bjørg overtok. Ho gifte seg med Sigurd Leifson Larsen v648 (1927). Dei busette seg i Bergen og dette har vore feriehuset.
Hus nr 64. Anders Jakobson Bjørkehaug v044 (1843–1928) frå Lavik & 1874 Ragnhild Halvordtr indre Hjartholm (1853–1933) frå Gulen fekk 9 born, sjå v044. Anders var bakar. Birte Andersdtr Jakobsen (1888–1972 fekk Arne 1915 med Anton Otterstad (1896–1965) frå Modalen. Guten vart fødd i Bergen. Han voks opp hjå besteforeldra. Anton reiste til USA i 1915, men kom att, vart gift og døydde i Bergen. Arne Antonson Otterstad (1915–1975) gifte seg og budde ei tid i huset, men huslyden flytta til Ovestevegen 1, Øyane-Sjøtun. Huset vart hytte i Skjelingen på Vikafjellet.
Bnr 39/34 Sjøbu, 1991. Hus nr 65. Huset låg under bnr 29/1 Holstad. Eirik Ellingson Vikøyri v205, v174 (1843–1927), «Bostov-Eirik», & 1869 husmannsdtr Helene Hansdtr Svardal (1837–1909) fekk fem born, men berre to voks opp, sjå v174. Etter Eirik budde svært mange familiar i huset, såleis Annike Marie (1880) & Bernhard Olai Olsen (1883) med sønene: Alfred 1907 og Sverre Leonard 1909. Dei var «splintar». Siste eigar var: Johan Martin Matias-Olaison Svendsen v682 (1927–1976). Han budde i Arna, men kom tilbake til Vik. Han var gift med Asbjørg Jensen (1926) frå Sortland. Born: Arne Johnny 1950 (Narvik), Robin 1958 (Tromsø) og Heidi 1959 (Svolvær). Johan Martin måla huset sitt med teikningar og tekstar, og det var ein turistattraksjon. Nytt oppbygt feriehus er eigd av Per Arne Rosmo (1938), Oslo, gift med Gudrun Anfindtr Nummedal (1936–) frå lnr 38.
Bnr 41/71 Menesheim 0,04 mark, 1944. Hus nr 66. Huset var truleg frå ca 1840 og hadde vore eigd av Ingebrigt Torgeirson v384. Kristian Abelson Hindøya v596 (1841–1906) frå Davik, skomakar og garvar, & 1866 Malena Ivardtr Brekke (1831–1902) frå Lånefjorden hadde ikkje born. Huset vart overteke av Anders Eirikson Menes v028 (1856–1933) frå Balestrand & 1887 Johanna Jondtr Breivik (1855–1928), frå Gulen. Born: Gjertrud 1887 (v240), Kari 1888 (Odda), Eirika 1891 (Oslo), Johanna 1893 (Oslo). I 1909 var verdien av huset berre kr 200, i 1922 medrekna uthus kr 2000. Gjertrud 1887, som hadde hus nr 74, overtok. Eit jordstykke, bnr 41/126 Menesheim II 0,01 mark, vart tilkjøpt i 1960. Huset hadde torvtak og var falleferdig då det vart rive på 1950-talet. I 1964 overtok Erika Andersdtr Menes (1891–1971) og systera Johanna Sørlie (1893) tomta. Arkitekt Jon Vikøren fekk skøyte 1970. Ved makeskifte overtok Vik kommune og Vikøren fekk hus nr 68 og grunn nord for huset.
41/38 Strandheim 0,02 mark, 1937. Hus nr 67. Ola Ingebrigtson Vikøyri v358, v786 (1865–1944), gards- og skogsarbeidar, & 1894 Jensina Tollakdtr Finnabotn (1868–1946) fekk Eli 1896 (v440). Branntakst i 1922 på bustad, fjøs og naust var kr 9200. Sjur Person Limmesand (1885–1950) frå lnr 13a reiste til USA i 1910, men kom tilbake og kjøpte huset i 1947. I 1949 vart huset selt til Lina Jondtr (Vikøren) Mellingen (1912) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø. Ho hadde vore gift på Stord. Ho bygde seinare hus i Prestvegen 23 i Prestberget. I 1965 vart huset skøytt til Dorthea Bertine Hansdtr Norevik (1894–1981). Ho dreiv ei tid bruk på Hustavenes, budde så i Kålhagen og Flåten-Sæbø. I 1982 gjekk eigedomen til Bjørg Solveig Andersdtr Grønsberg (1946) frå bnr 7/6 Fosse. Ho har Ragnhild 1986 med Åge Helleland (1929–2002), sjå hus nr 31.
Bnr 41/172 Helgabu, 1989. Hus nr 68. I dette huset budde i året 1900 truleg Elias Nilsson Navdal v194 (1856–1944) & 1889 Inger Gerharddtr Hjartås (1858–1940), båe frå Gulen. Dei kom til Vik ca 1892. I åra 1902–40 bygsla dei ein plass under Dingja i Gulen. Elias var snikkar. Born: sjå v194. Huset, som i 1909 var taksert til kr 700, vart overteke av Helene Tollakdtr Dale v314 (1844–1926). Ho var ugift. I 1915 var Anna Jondtr Espesete v112 (1849–1939) busett her, men i 1922 var det Jensina Perdtr Undi (1859–1933) frå lnr 62 som var eigar. Branntaksten var då kr 2300. Deretter kom Olina Lassedtr Målsnes v861 (1864–1956) frå plassen Sandviki i Kvamsøy sokn. Ho var ugift, men hadde to søner: Hans 1886 med enkjemann Botolv Henrikson v130 og Bernhard 1894 med styrmann Bernhard Ottesen (1866) i Bergen. Dei var borte då Olina døydde, men ho hadde ei sonedotter i Bergen. Det vesle huset vart overteke av Vik kommune. Ved makeskifte med tomta for hus nr 66 vart arkitekt Jon Vikøren eigar. Han fornya huset og bygde på mot nord. Dagny Bergljot Vikøren (1929), busett på bnr 1/142 på Skulejordi-Sæbø, vart eigar frå 2003.
Bnr 41/96-1, 2001. Hus nr 69, «Fiske-Guri-huset». Håvard Jørgenson Lukreim v350 (1798–1847), bondeson frå Vang i Valdres, & 1834 Sigtrud Johannesdtr Vikøyri v466 (1803–1876) fekk fire born, men berre tre voks opp. To av dei og dei reiste til Amerika og den tredje døydde ung som spedalsk, sjå v350. Sigtrud hadde før Synneva 1829 med husmannsson Jon Markusson Moane-Vange. Det vesle huset vart overteke av Synneva Jondtr Vikøyri v828 (1829–1907). Ho var ugift. Synneva fekk fattigstønad frå 1900. I 1907 hadde ho tilsyn og pleie i Juvik. «Fiske-Guri» overtok huset. Guri Jondtr Sæle v638 (1845–1929) & 1875 Lasse Larsson Vikøyri v606 (1853–1897) var på plassen Sælsvedledna i Kvamsøy sokn, men enkja flytta til Vikøyri. I år 1900 budde ho hjå Ludvig Eikaas i Allmenningen. Born: Johan 1876 (skomakar i Bergen, gift 1890 med Birte Jondtr Stedjeberget frå lnr 64b), Jensina 1879 (England), Anna 1886 (Bergen), Svein 1890– 93. Lasse hadde òg Lasse 1873 med Gjertrud Gjestdtr Dale (1837) frå Kyrkjebø. Johan 1876 fekk Olav 1898 (v860) med Johanna Oladtr Tryti v454 (1869–1946). Branntaksten i 1909 var den lågast tenkelege: kr 50, men i 1922 kr 500. Olav Tryti (1898–1982) vart eigar, men Vik kommune har overteke huset. Det er eit kulturminne, vedlikehalde av Vik historielag.
Bnr 41/27 Nygard 0,03 mark. Hus nr 70. Amund Torkjellson Vetleøyri s224, v018 (1821–1873) & 1849 Marta Oladtr (Røyrvik) Vikøyri v622 (1824–1905) hadde dette huset. Om born: sjå v018. Amund fekk òg Gyrid 1841 (v870) med Marta Perdtr Kvamme (1807–1872). Marta 1807 gifte seg til Vikøyri v209. Bernant Martin Martinson Vikøyri v666 (1881) & 1900 Severine Alette Pauldtr Vedvik (1875) frå Vågsøy i Selje budde truleg i Bergen fram til 1906. Huset vart i 1909 taksert til kr 750. Born: Martin 1902, Anna 1903, Gudrun 1903, Lovise Mathilde 1906, Alfred Bertin 1908–08, Alfred 1909–1911, Amanda Bertine 1911. Severine tok borna med seg til Bergen i 1913 og dei to vart skilde. Brita Tordtr Ovri v152 (1870–1952) overtok. Ho fekk i Hyllestad Torvald 1903 (kalla Piteseten) med Anton August Andreasson. Torvald reiste til Australia. I 1939 vart huset skøytt til Johannes Larsson Finnebotten (1913–1996) frå lnr 53b & 1937 Ingeborg Eirikdtr Kyrkjeteig (1911–2003) frå lnr 55, båe frå Arnafjord sokn. Dei kjøpte i 1974 bnr 41/31 i Villastrøket-Sjøtun og selde i 1975 til Andreas Jonson Hønsi (1903) frå lnr 84b og andre kona Randi Oladtr Fjærestad (Vikøyri) v796 (1923–2001). Dei budde i Bergen og nytta huset som ferieplass.
Bnr 41/39 Fjørheim 0,01 mark, 1937. Hus nr 71. Anders Monsson Vetleøyri s144, v066 (1839–1912), «Vossa-Anders», «Gamle-Vossen», & 1863 Kari Sjurdtr Vikøyri v916 (1820–1903) hadde ikkje born. Huset var ei røykstove som dei hadde overteke etter Magnhild Endredtr v916. Det vart overteke av Gabriel Larsson Løfald v234 (1870–1929) frå Indre Holmedal & 1900 Kari Larsdtr Mundal (1874–1936), Fjærland. Dei kom til Vikøyri ca 1910. Born: sjå v234. Gabriel bygde nytt hus på staden, men fekk økonomiske problem og måtte selja. Kjøpar var: Ola Jonson Fjærestad v796 (1880–1948), & 1920 Ingeborg Endredtr Ovri (1888–1966) frå lnr 69. Born: sjå v796. Ola var fast tilsett i militærmusikken frå 1902, men han tok seinare arbeid i Vik. I åra 1958–83 var sonen Ingolv Olason Fjærestad (1934–) eigar. Han flytta med familie til bnr 1/118 i Tomtebu og selde til: Malvin Johannesson Hove (1947) frå lnr (71+73)a. Han er ugift.
Bnr 41/37 Fjørtun 0,01 mark, 1937. Hus nr 72. Lasse Ellingson Vikøyri v209, v634 (1848–1925) & 1871 Jensina Johannesdtr Hov (1841–1875) frå Fresvik fekk tre born. Lasse vart attgift 1876 med Ragnhild Hermunddtr Valsvik s068 (1854–1931) og dei fekk 10 born. Verdien ved omtakstering av stove og fjøs i 1909 var kr 1150 og ved ny takst i 1919 kr 2900. Huset var overteke av: Jørgen Olason Vikøren v552 (1895–1970) & 1925 Ragna Andersdtr Fosse (1900–1938) frå lnr 34. Born: sjå v552. Odd Jørgenson Vikøren (1925) er ugift.
Bnr 41/69 Knutstun 0,04 mark, 1984. Hus nr 73. Anders Jonson Vikøyri v518, v054 (1856–1941) & 1877 Sigrid Arnedtr Stadheim (1856–1930) fekk 8 born som levde opp. Våningshus, fjøs og naust vart taksert i 1922 til kr 4000. Huset er rive og oppattbygt som feriehus av Audun Bernhard Knutsen (1921), Bergen, son til Anna Marie Andersdtr Vikøyri (1896–). Huset er overteke av Stig Audun Tuftedal Hollund (1975–), Bergen, barnebarn av Audun.
Bnr 39/34 Marietun 0,01 mark, 1960. Hus nr 74. Jon Johannesson Vikøyri v476, v518 (1823–1912) & 1847 Randi Jondtr Vikøyri v496 (1825–1893) fekk 9 born. Gjertrud Andersdtr Menes v028, v240 (1887–1971) overtok og bygde nytt hus. Ho var ugift, dreiv syskule. I 1970 vart eigedomen skøytt til arkitekt Jon Vikøren. Huset vart påbygt. Eit naust som hadde vore eigd av Edvard Breilid kom inn under eigedomen. Gyrid Jondtr Vikøren (1954) frå bnr 1/142 på Skulejordi-Sæbø, busett på Skedsmokorset i Akershus, er ny eigar.
Hus nr 75. Ingebrigt Ingebrigtson Vetleøyri s078, v358 (1837–1917) & 1866 Eli Oladtr Vikøyri v828 (1830–1896) fekk to born, sjå v358. Ingebrigt vart attgift 1899 med Olina Perdtr (Stadheim) Svolsviki (1864–1945), sjå note lnr 30 Stadheim. Svolsviki vart kalla «Vikji», og Olina «Vikjao» Dei fekk: Eli 1900–49 (Vikja-Eli, Vetla-Vikjao, ugift). Plassen hadde òg uthus, og i 1925 fekk «Vikja-Olina» stønad for å vøla fjøsen. Huset er borte.
Bnr 41/36 Fredtun 0,01 mark, 1937. Hus nr 76. Styrk Jakobson Grov v928 (1833–1909) & 1858 Gjertrud Perdtr Fimreite (1834–1896) fekk 8 born, sjå v928. Styrk eigde òg lnr (1+4)n 0,03 spd = bnr 1/13 0,05 mark. Denne vesle parsellen låg i Røysane-Sæbø og var i 1905 kome over på Anders A. Seim, busett i Røysane-Sæbø. Styrk vart attgift 1898 med plassdtr Inga Eirikdtr Øvstedal (1839–1929). Huset vart overteke av: Jon Helgeson Vikøyri v316, v504 (1899–1978) & 1925 Eli Jondtr Hove (1897–1961) frå bnr 26/12 i Moane-Hove. Born: Herman 1926 (hus nr 80, så Prestberget), Anna 1928 (Bergen), Einar 1930–32, Einar 1932 (Feios), Agnar 1935 (Førde), Jon 1936 (Manger), Harald 1938–42. Jon eigde ei tid også hus nr 60. Hus nr 76 vart i 1975 skøytt til Anna 1928 og er feriehus.
Bnr 41/97 Feidjetun 0,01 mark, 1950. Hus nr 77. Dette huset hadde vore eigd av Ola Endreson Nesev768 (1801–1878) & 1832 Malena Oladtr Vikøyri v852 (1803–1887). Det var ei lemstove som i 1909 vart taksert til kr 780. Huset vart overteke av: Kristen Andreasson Hamnen v102, v588 (1856–1920) & 1882 Marta Johannesdtr Hove (1850–1896) frå plassen Bleiehaugen under lnr 72. Born: sjå v588. «Habna-Kristen» var skomakar. Han vart attgift 1897 med husmannsdtr Ingeborg Oladtr Prestteigen-Midlang (1845–1933). Huslyden budde i året 1900 i hus nr 40, men i 1908 var dei komne hit. Ny eigar vart: Nils Sjurson Feidje v724 (1897–1960) frå Feios & 1920 Anna Andreasdtr Lilleøren s028 (1898–1980). Born: sjå v724. Sonen Reidar kom til hus nr 78. Huset er ferieplass i slekseige.
Bnr 41/81 Grønheim 0,04 mark, 1946. Hus nr 78. Hans Johannesson Skagen v282 (1833–1900) frå Indre Holmedal & 1869 Anna Johanna Nilsdtr Eid (1835–1909) frå Kvinnherad fekk fire born, sjå v282. I 1909 vart stova, eit fjøs og eit naust verdsett til kr 800 og i 1921 til kr 4500. Johan Hansson Skagen (1871–1944) overtok huset. Han var ugift, var ei tid i USA og var bakar og skipskokk i Vik. I åra 1946–63 budde Sjur Jonson Grønsberg 1911–1974) & 1939 Guri Sveindtr Aase (1915–1993) i huset, sjå meir under v914. Reidar Nilsson Fedje v724 (1937–2003) frå hus nr 77 & 1957 Anna Sofie Hansdtr Fimreite (1937) fekk: Jorunn Helene 1957 (Nesodden), Nils Arild 1960 (Vikøyri), Solveig 1962 (Høyanger), Arne Rikard 1963 (Voss), Liv Olaug 1967 (Nesodden) og Kjell 1969 (Holter). Om foreldra til Anna Sofie: sjå bnr 46/2 under lnr 10 Svardal. I 2003 overtok Anna Sofie Fedje (1937–).