Vikøyri-Sæbø

Dette området kan vi dela i to ved Øyravegen, den gamle grensa for Vikøyri. Vi kallar delene «Kvartal sør» og «Kvartal nord». Vi følgjer Refsdal si nummerering, og startar difor med «kvartal sør».

«Kvartal sør»

Med unntak av hus nr 24 og 25 vart området først busett mellom 1865 og 1900. Det hadde maksimal busetnad ved folketeljinga i 1900. Jorda låg under to bruk i Sæbø: hus nr 32–37 og 40 under bnr 1/1 og hus nr 25–30 og 39–40 under bnr 1/24. Omkring 1946–48 fekk husrekkja nr 34–37 kjøpt til jord aust for husa frå bnr 41/1 Sjøtun.

Bnr 1/21 0,02 mark,1882. Hus nr 24. På denne staden var truleg busett: Ola Jakobson Bartolomæi Wulff v426, v792 (1814–1893), smed, & 1841 Ingebjørg Nilsdtr Vange (1816–1895) frå lnr 6. Dei reiste med dottera Brita 1841 til Amerika 1857. Det var då to hus på staden. Dei vart i 1860 overtekne av Søren Olason Bauge v942 (1832–1864), handelsmann frå Ytre Holmedal. Han bygde nytt huset i 1861. Søren gifte seg 1857 med Marta Knutdtr (1834) frå Lærdalsøyri. Born: sjå v492. Huset vart kjøpt 1864–65 av Christopher Parelius Rasmussen v156 (1826–1913) som brukte det som krambu, men budde i hus nr 25. I 1882 kjøpte Ola Hansson Vange og Søren Rivedal grunnen og huset. Dei dreiv her handel i fellesskap, seinare var Ola åleine. Ola Hansson Røysane-Vange v776 (1854–1918) & 1880 Ingeborg Vilhelmdtr Dale (1850–1924) fekk 6 born, sjå v776. Huslyden var først i hus nr 25. I 1902 var det akkordforhandlingar over forretningseiga. Men Ola vart sitjande med huset. Det var i 1909 ombygt til bustadhus for huslyden, men Rasmussen hadde postkontor i halvparten av det tidlegare kramburommet. Taksten på huset var kr 3000. Under brannen i 1922 vart huset skadd for kr 500. Dottera Lovisa var eigar i 1920 og 1922, men ho leigde bort huset til Ingvald Sjurson Husabø (1897–1963) frå Leikanger. Han gifte seg 1919 med Fredrikka Ola-Tuksendtr Vange (1895–1983) og dei fekk i Vik: Anna 1920, Arne 1921, Kitty 1923, Sture Tuxen 1930. Huslyden budde her til dei i 1924 bygde hus på bnr 41/11 i Villastrøket-Sjøtun. Ingvald Husabø hadde truleg trykkeri i huset fram til det vart kjøpt av Mons Thorsen (1895–1983) frå hus nr 81 på Vikøyri-søraust i 1928. Mons bygde det om. Mons Thorsen hadde butikk der han selde bakarvarer, kolonial- og daglegvarer. I 2004 er det «Dampen» som heldt til i huset.

Bnr 1/235. Hus nr 25. Huset vart bygt i 1849 av Christopher Parelius Rasmussen v298 v156 (1826–1913) & 1849 Magdalene Katharine Henrikdtr Parelius (1816–1897). Born: sjå v156. Christopher starta truleg med handel med frihandelsvarer omkring 1848 og bygde deretter vidare ut. Men kongeleg løyve til å driva handel fekk han først i 1862. Krambua var i stova mot sør. Rasmussen kjøpte ei røykstove som han bygde om til bakeri. I kjellaren på denne stova hadde han husdyr. I 1864–65 kjøpte han hus nr 24 av Søren Olason Bauge v942 og brukte dette huset som krambu. Ved omtakst i 1856 var hovudbygningen i «fuldkommen stand». «Den nordre stue og kammer betrukket og malet samt med det fornødne listværk anbragt». I 1882 flytta han til ny bustad nedanfor meieriet (lnr 2c = bnr 1/3) og han gjekk då ut av handelen. Han selde huset til Ola Hansson Røysane-Vange v776 (1854–1918) & 1880 Ingeborg Vilhelmdtr Dale (1850–1924) som hadde dette som bustadhus for seg og borna. Ola hadde hus nr 24 som forretningshus, men kom etter århundreskiftet i økonomiske vanskar, og innan 1909 må han ha selt dette huset og familien flytta inn i hus nr 24. Kjøpar var Martin Larsson Vikøyri v628, v674 (1873–1928) & 1900 Olina Oladtr Turvoll (1874–1918). Martin var bakar, han hadde handelsbrev og hadde utsal. I 1909 eigde Martin ein hovudbygning, eit fjøs og vedhus, eit bakeri og eit naust til samla verdi kr 5150. I 1922 vart dei omtaksert til kr 17400. Born: sjå v674. Leif Martinson Larsen v648 (1904–1975) & 1927 Gyrid Sjurdtr Grønsberg (1903–1957) overtok, sjå meir under v648. Sigurd Leifson Larsen (1927–2002) & Eva Johannesdtr Sandvik v902 (1935) busette seg i Bergen, sjå òg v902. Huset vart kjøpt 2002 av Ottar Wiik og Knut Iversen. Dei har restaurert bygningen.

Bnr 1/171 Holheim. Hus nr 26. Johannes Johannesson Vikøyri v476, v472 (1831–1904) & 1864 husmannsdtr Brita Arnedtr Teigum (1837–1911) hadde 7 born, sjå v472. I 1875 hadde huslyden 2,5 daa poteter, 1 ku og 6 smalar. I 1900 var Johannes treskoarbeidar. Brita døydde i Sogndal. Huset vart selt til Endre Hans-Petterson Vikøyri v302, v222 (1887–1974) & 1911 Johanna Ivardtr Hove (1883–1928) frå lnr 77a. Dei hadde tre born som voks opp. Endre tok familienamnet Pettersen. Omkring 1916 selde Endre huset til Ragnhild Nilsdtr Refsdal (1886–1963) og overtok hus nr 85 i Allmenningen. Om foreldra til Ragnhild: sjå note lnr 58 Refsdal. Branntakst på huset, uthus og eit stakittgjerde var i 1925 kr 11.940. Ragnhild gifte seg 1929 med Thormod Edvardson Liljedahl (1885–1962) og flytta til bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun. Ho selde då eigedomen til Knut Jonson Holen (1894–1989) frå Hola på Seljadalen & 1924 Anna Andersdtr Refsdal (1900–1938) frå lnr 34 Fosse. Born: Jon 1925–27, John 1927 (bnr 4/57 under lnr 18aTenål) og Arne 1929. Grunnen vart kjøpt 1981 og eigar av eigedomen vart Arne Knutson Holen (1929–2004), Stanghelle. Huset er kjøpt av Odd Ingolf Dale (1946–) frå lnr 23a. Han bur i Hattfjelldal.

Hus nr 27 under bnr 1/24. Ola Jonson Føli v798 (1785–1854) & 1825 Kari Andersdtr Vikøyri v058 (1794–1874) med born budde i dette huset. Ola og Kari hadde eit hus til 25 spd, 4,8 m x 3,0 m (stove med kammers og fordør), og ein liten fjøs. I 1868 var fjøsen deira riven. Huset vart overteke av den ugifte Synneva Oladtr Stadheim v938 (1831–1920). Huset vart i 1909 svært lågt taksert, kr 40. Det vart rive etter Synneva. Grunnen ligg i dag under bnr 1/171.

Hus nr 28. Anders Olason Vikøyri v798, v080 (1834–1917), «Fylis-Anders», & 1862 Gunhild Lassedtr Sinjarheim (1835–1931) frå Lærdal fekk 5 born: sjå v080. I 1903 vart huset taksert til kr 1000, og då var sonen Edvard eigar, men det var dottera Olina Lovisa Andersdtr Vikøyri (1869–1947), «Fylis-Lina» som budde i huset. Alf Johan Fanebust (1910) frå Mathopen ved Bergen & Wilhelmina (Mina) Jondtr Vikøyri v520 (1910) kom til Vik i 1942 og budde først i bnr 41/19 i Villastrøket-Sjøtun og så i hus nr 28 til ca 1951 då dei flytta til Bergen. Alf hadde ein gamal lastebil som han dreiv leigekøyring med. I Vik hadde dei borna: Berit Wenche 1937, Gerd Johanna 1942. Deretter budde Bjarne Karlson Vikøren v558 og kona Olina i huset nokre år før dei flytta eit hus frå Sæbø til bnr 41/124 på Vikøyri-søraust. Hus nr 28 vart rive ca 1963.

Bnr 1/98 Askheim 0,03 mark, 1943. Hus nr 29. Kjell Frikson Vetleøyri s044, v560 (1836–1923), fiskar, & 1860 Gjørond Sjurdtr Vetleøyri s208 (1833–1924) fekk 8 born: sjå v560. Kjell hadde før 1868 overteke ei røykstove, med innsett skorstein, frå Hermund Sjurson v348. Det var kanskje hus nr 29, som han eigde seinare. Sjå vidare under v232. Fredrik Martin Olai Olason Friksen v232 (1871–1946) frå Øksnes i Lofoten, fyrbøtar, & 1896 Sitona Kjelldtr Vikøyri (1872–1949) overtok huset, ei røykstove etter Guttorm Rolandson v254. Då Guttorm neppe var busett i «kvartal sør», vart stova truleg flytta. Ho var i 1909 påbygd og verdien var kr 800. Far til Fredrik var frå Vetleøyri: s044. Fredrik og Sitona var søskenbarn. Born: sjå v232. Arvingar overtok i 1949, og i 1959 vart staden skøytt til Hjørdis Kristine Karldtr (Vikøren) Rode v558 (1917–2007).

Bnr 1/102 Kamprosa 0,07 mark, 1946. Hus nr 30. Oluf Theodor Jakobsen v863 (1857–1907) frå Bergen, urmakar, & 1858 Henrikke Elisabet Andersdtr Christensen v056 (1858–1944) hadde 5 born, sjå v863. Hus var nytt i 1898 og taksert til kr 3200. Verdien ved omtakst av huset i 1911 var kr 3700, i 1925 for bustad, uthus og fjøs kr 19200. Borgny Henrikke Andreasdtr Hove v095 (1925–1998) overtok huset etter besteforeldra. Ho gifte seg 1950 med Norvald Johannesson Sandvik (1925–2003) frå bnr 3/5 Seimstrondi på Vetleøyri. Born: Britt Lillian 1950 (Hatlevegen 22 i Prestberget), Arne Jostein 1952 (Raufoss), Einar 1956 (Naustdal), Gunnar 1957 (Stavanger) og Gerd Irene 1960 (Raufoss). I 1981 vart eigedomen skøytt til Gerd Irene 1960 og i 2002 var Arne Jostein 1952 eigar. Huset er feriebustad.

Bnr 1/113 Helletun 0,01 mark, 1950. Hus nr 31. Lars Olason Helleland v626 (1870–1956) & 1893 Ragnhild Oladtr Vikøyri v832 (1869–1958) fekk 8 born, sjå v626. Bustadhuset vart i 1909 taksert til kr 400, i 1922 omtaksert til kr 4250. Per Larsson Helleland v626 (1899–1966) var eigar 1959–66. Deretter overtok Åge Helleland (1929–2002). Han har Ragnhild 1986 med Bjørg Solveig Andersdtr Grønsberg (1946) frå bnr 7/6 Fosse, sjå hus nr 67. Åge vart fødd i Odda. Han var son til Birte Olina Larsdtr Helleland v626 (1895–1979). Ho gifte seg 1932 med Alf Christian Torbjørn Lorentsen Knoff (1903–1989), fødd i Bindal i Nordland, og dei fekk Ruth Liv 1933 (Laksevåg). Han var maskinist og båteigar. Huslyden budde på Vikøyri, men Alf flytta seinare til Bergen. Huset er eigd av to søner av Ruth Liv Knoff Baldershaug.

Hus nr 32. Ivar Lasseson Osland v205, v400 (1843–1912) frå Kyrkjebø, skreddar, & 1864 Ingeborg Øysteindtr Vikøyri v974 (1832–1911) hadde ikkje born, men fostra opp Brita 1869 (v144), ei dotter som Brita Øysteindtr Vikøyri v974 (1841–1926) hadde med husmannsson Hans Olason Røyrvik (1845). Huset vart i 1909 taksert til kr 900 og i 1925 til kr 3000. Brita Hansdtr Vikøyri v400, v144 (1869–1919) overtok huset etter fosterforeldra. Ho fekk Immanuel Ingolf 1897, «Mandu», med Jens Larsson Husabø (1873–1931) frå Leikanger. Immanuel Ingolf Jensson Vikøyri (1897) var ugift og ein original. I 1946 skøytte han huset, som framleis stod på leigd grunn, til Per Limmesand (1889–1948) og reiste frå bygda, truleg til Hallingdal. (Om Per: sjå bnr 34/15 under Balvoll i del 1.) Huset er rive og grunnen er hage for hus nr 31.

Bnr 1/84 Guritomten 0,03 mark, 1942. Hus nr 33. Martin Ellingson Vikøyri v205, v666 (1852–1912) var først gift 1874 Barbra Andersdtr Hove (1839–1879) og så 1880 med systera Guri 1854. Born: sjå v666. Sonen Ola 1874–1919 budde åleine i huset då han døydde. Huset hadde låg branntakst i 1877. Det var i 1909 påbygt og utbetra, takst kr 400. Hus og grunn vart kjøpt av skomakar Lars Jonson. Det kom såleis inn under hus nr 34. I 1947 overtok systera Kristina eigedomsretten. Deretter kjøpte Johan Andersen (frå hus nr 35) huset og brukte det som skomakarverkstad.

Bnr 1/38 0,05 mark, 1900. Hus nr 34. Jon Olason Viddene v532 (1833–1932) frå Gol & 1865 Ingeborg Larsdtr Hafslund (1838–1911) frå Sogndal fekk 5 born, sjå v532. Jon var fargar. Det nye bustadhuset hans vart i 1868 verdsett til 140 dalar. I tillegg hadde Jon fargarhus sør for bustaden. Det var truleg eit ombygd uthus etter Jon Johannesson v514 og som han hadde kjøpt hjå Johanna Jondtr. I 1909 vart bustadhuset taksert til kr 1030, fargeriet til kr 240. Lars Jonson Vikøyri (1873–1947) var ugift skomakar. I 1924 vart våningshus, fjøs, vedahus og skomakarverkstad taksert til kr 14800. I 1946 fekk Lars også skøyte på bnr 41/79 0,02 mark. I 1987 skøytte arvingane, familien Vaksinen, dei to eigedomane til: Per Olason Bø (1921–1998) & 1952 Borghild Andersdtr Lie (1928), sjå lnr 101 Bø. På den store tomta bygde Per nytt hus sør for det gamle og leigde bort det gamle. Det nye har fått det opphavlege bruksnummeret, medan det gamle har bnr under Sjøtun.

Bnr 1/103 Trommestad 0,02 mark, 1948. Hus nr 35. Botolv Ivarson Koldingsnes v136 (1856–1911) frå plassen Teigen & 1884 Anna Sofie Gjertdtr Erikstad (1848–1928) hadde dette huset frå ca 1895. Born: sjå v136. Før 1908 må Botolv med huslyden ha flytta til hus nr 97 Vetleøyri. Huset vart overteke av: Anders Ivarson Vikøyri v412, v040 (1875–1956) & 1902 Johanna Andersdtr Røysane-Sæbø (1879–1960). Dei hadde 9 born, sjå v040. Anders kjøpte hus nr 35 under bnr 1/1 av enkja etter Botolv Ivarson v136. Det vart i 1904 verdsett til kr 1200, og saman med fjøs og naust i 1922 til kr 7000. Anders fekk i 1945 og 1950 kjøpt tilleggsgrunn som bnr 41/77+95 Musikktun 0,01+0,01 mark. Dottera Anna Andersen (1903–1999) var ugift. I 2004 stod Ruth Engebretsen, Inga Andersen og Johan Andersen som eigarar, men berre Inga budde der.

Bnr 1/104 Torkjelltomta 0,03 mark, frå bnr 1/47, 1948. Hus nr 36. Lars Olason Vikøyri v768, v628 (1841–1910) & 1867 Anna Sofie Hansdtr Vikøyri v270 (1846–1908) budde på Vikøyri der Lars var båtførar, seinare korgmakar. Born: sjå v628. Huset vart i 1915 kome over på ny eigar. Bustadhus, uthus og naust vart i 1922 taksert til kr 6300. Karl Torkjellson Vetleøyri s226, v558 (1883–1945) & 1908 Konstanse Elida Sofie Karlsen (1886–1971) frå Tromsø overtok. Born: sjå v558. Karl fekk kjøpt litt jord aust for huset i 1945 som bnr 41/78 Hagtun 0,01mark. I 1973 tok Magnus over heimen til foreldra. Magnus Karlson Vikøren v558 (1920–2001) & 1951 Gerd Ledvindtr Fedje (1929) frå Feios. Born: Kåre Magnar 1951 (Oslo), Odd-Frode 1954, Vidar 1957 (Stavanger). I 1988 overtok Odd-Frode 1954. Odd-Frode Magnusson Vikøren (1954) overtok i 1988. Han er ugift. Foreldra kjøpte bnr 45/8 under lnr 9 Liktvorane.

Bnr 1/61 Aanheim 0,01 mark. Hus nr 37. Ivar Sjurson (Bø) Vikøyri v412 (1839–1925), grisehandlar m. m., & 1869 husmannsdtr Anna Kristendtr Hopperstad (1839–1917) fekk 5 born som voks opp, sjå v412. Huset vart i 1904 verdsett til kr 850. Om «Brit-Ivar» sjå note lnr 102 Bø. I 1948 var Kristina Ivardtr Vikøyri (1877–1955) eigar og i 1972 Ivar Samuelson Vikøyri v898 (1914–1973). Systera Brita 1865 kom tilbake frå Bergen (sjå hus nr 23) og budde saman med Kristina. Eigedomen vart kjøpt av Vik kommune i 1975 for riving. Kommunen eigde og litt av bnr 41/1 nord for bnr 41/78. Dei sørlege delane av dei to stykka vart lagde inn under hus nr 36 som bnr 41/166. Resten gjekk inn i veganlegg.

Bnr 1/117 Johnstun 0,01 mark, 1951. Hus nr 38. Jon Øysteinson Vikøyri v982, v542 (1862–1949) & 1884 Inger Oladtr Vikøyri v734 (1863–1931) fekk 12 born, sjå v542. «Ysteid-Jon» var skomakar. Huset hans vart i 1909 taksert til kr 600, og i 1922 vart det, saman med uthus, verdsett til kr 5500. I 1951 vart eigedomen skøytt til Øyvind Jonson Johnsen (1896–1968). I 1977 hadde systera Olina 1905 heimelen. I 1988 gjekk eigedomen til Leidulf Jonson Finden (1962) frå Hatlevegen 4 i Prestberget. Han flytta til bnr 40/32 i Moane-Grov og huset vart kjøpt av Arne Torkelson Røyrvik (1931) som før dreiv lnr 12 Røyrvik. Han er ugift.

Hus nr 39. Birge Hansson Myren v124 (1847–1931) frå Lavik & 1885 Hansina Andersdtr Vamråk (1850–1897) frå Kyrkjebø fekk: Ragnhild Olina 1885, Anna Serine 1891. Birge var bakar. Han vart attgift 1900 med Anna Knutdtr Kvamme (1845–1939). Stova vart i 1909 taksert til kr 460. «Birje-stovao» vart kjøpt av Arne Balvoll og sette opp som kåruthus på Balvoll.

Hus nr 40 = bnr 1/105 Steinortomta 0,01 mark. Huset på tomta var lite. Kristen Andreasson Hamnen v102, v588 (1856–1920) budde her med to koner: Marta Johannesdtr Hove (1850–1896) frå plassen Bleiehaugen under lnr 72 og husmannsdtr Ingeborg Oladtr Prestteigen-Midlang (1845–1933). Med første kona fekk han fire born: sjå v588. Huslyden budde her i året 1900. Men i 1908 var dei i hus nr 77 som låg under bnr 41/1 Sjøtun. Huset vart overteke av den ugifte Kari Oladtr Valsvik (1865–1952) frå plassen Teigen under lnr 31. Det vart i 1909 taksert til kr 280. Kari gifte seg 1914 til v832. Deretter kom Steinor Helgedtr Røyrvik v926 (1846–1929) frå lnr 12. Ho var ugift. Vik kommune kjøpte tomta i 1948 og reiv huset.

«Kvartal nord»

Bnr 29/6 Fiskebutikken 0,02 mark, 1957, utskilt frå bnr 29/2 og 37/10. På denne staden, i ei tidlegare bu som hadde vore eigd av Guttorm Endreson Vikøyri v220, hadde Knut Styve kjøtutsal frå 1936. Seinare dreiv Vik samyrkelag fiskebutikk i bygget. Knut Styve starta Vik slakteri- og pølsefabrikk på austsida av Vikja i 1925. Men i dei harde 30-åra var det svært vanskeleg å få inn pengar, og Styve gjekk konkurs i 1936. Fabrikken vart kjøpt av John Nilsson Lilleøren s148 (1903–1993). Om Knut Larsson Styve (1894–1992) frå Evanger med familie: sjå v584. Knut bygde hus på bnr 41/23 i Villastrøket-Sjøtun, men då han gjekk konkurs, miste dei eigedomen og hadde deretter husvære i hovudbygningen i Hamnen. Etter ny kartfesting i 1990 fekk samyrkeeigedomen, m. m., bnr 15/17 Sjøheim I og vart selt til Knut Mykkeltvedt og kom inn under neste eigedom.

Bnr 96/1 Sjøheim 0,04 mark, 1937. Forretningsverksemda til Kvamme starta i hus nr 49. Det var bygt av Gjert Nilsson Vikøyri v718, v238 (1854–1914) & Maria Torsteindtr Brusegard (1858–1948) frå Sogndal. Dei fekk 10 born, sjå v238. Gjert var først handelsmann, men gjekk konkurs og dreiv deretter som målar. Huslyden reiste til USA i 1904. Per Sveinson Kvamme v886 (1863–1951) & 1890 Anna Perdtr Trones (1865–1923), Verdal, overtok. Born: sjå v 886. Per var målar og dreiv forretning. Anna dreiv kaffistove i huset. Dottera Borghild heldt fram med drifta. Per Person Kvamme v882, v886 (1899–1957) & 1927 Ingeborg Hjemsæter (1902–1995) overtok, sjå om familie under v882. «MålarPer» hadde målarforretning bak bustaden, men han handla og med kolonialvarer, kol, koks og ved. I 1953 opna han fiskebutikk. I 1955 brann bustadhuset og butikken ned. Nytt forretningsbygg og bustad var ferdig i 1957. Sonen Richard var med på oppbygginga og vart så eigar. Knut Norvald Mykkeltvedt (1950) & 1973 Grete Skjoldli (1950), båe frå Voss, har: Gro 1974 (Sotra), Paul Cato 1977 og Ole 1980. Mor til Knut var Kathleen Ann 1921, dotter til Minnie Lovise og Knut Styve. Mykkeltvedt leigde forretningsbygget i 1974 og kjøpte det i 1977. I 1980 kom det ny verkstad bak forretninga og ny utviding skjedde før 1991. Grunneigarforholda først på 1900-talet må ha vore uklare. I teljinga i året 1900 er Gjert Nilsson oppførd som huseigar under bnr 1/1, men i Per Sveinson si eigartid vart det tydelegvis ikkje betalt grunnleige. Ingen gjorde krav på grunnen og i skyldskifte i 1937 vart eigedommen registrert som ny gard, etter gardane i Kvamsøy sokn! Verkstaden kom på bnr 1/106 Smie-tomta 0,02 mark, ein eigedom etter «Brei-Lars» v614. Mykkeltvedt har òg bnr 15/17 Sjøheim I og som ligg inntil bnr 96/1.

Bnr 1/55 Strandheim 0,01 mark, 1916. Hus nr 41. Dette var eit hus som ei tid var bakeri med eigar Edvard Andersson Vikøyri v080, v160 (1871–1945). Seinare dreiv han kafé i huset, «Fyliskaféen». Hus med grunn vart kjøpt 1901 og taksten var i 1903 til kr 1800. Kanskje var dette bustadhuset som var bygd av bakar Tor Torson v966 i 1851.

Bnr 1/87 Fagerheim 0,04 mark, 1951. Hus nr 42 under bnr 1/24. Elias Andersson Vikøyri v030, v192 (1841–1919), krøtterhandlar, & 1878 Kari Johannesdtr Kringlen (1849–1923) fekk 8 born som voks opp, sjå v192. Branntakst i 1909 var kr 1990, i 1922 på bustad, fjøs og WC kr 8300. Som huseigar var oppgitt Ivar Eliasson Vikøyri v388 (1877–), men huset var busett av: Andreas Jonson Vikøyri v538, v100 (1880–1945), skomakar, & 1907 Birte Eliasson Vikøyri v192 (1881–1974). Born: sjå v100. Det var Kari Andreasdtr Johnsen (1919–2002) som tok over huset. Ho vart sambuar med Per Bendikson Breilid (1916–2000) frå hus nr 19 på Vikøyri-vest, og dei budde som pensjonistar i huset. Huset er overteke av Kari Danmo (1944–), Bergen, ei dotter til Martin Andreas 1909, ein bror til Kari.

Hus nr 43 under bnr 1/24. Ola Andersson Vikøyri v030 v738 (1838–1898) & 1863 Ingeleiv Håkondtr Lysne (1832–1926) frå Lærdal hadde eit nokså stort hus etter det var påbygt og forbetra då det i 1909 vart taksert til kr 600. Born: sjå v738. Huset er borte.

Bnr 1/97 Inngjerdet 0,04 mark, 1943. Hus nr 44 under bnr 1/24. Knut Sjurson Lindehagen v582 (1863–1948) & 1907 Karen Oladtr Vikøyri v746 (1869–1953) fekk berre to born, men Karen hadde òg tre born utanfor ekteskap, sjå òg v354. Karen hadde i 1903 overteke huset etter Ola Einarson v752. Det var taksert til kr 850. I 1922 vart det brannskadd for kr 800. Ny takst på huset var kr 4600. Svanhild Knutdtr Linde (1914–2003) hadde Kirsten 1949 med Nils Grindheim frå Bømlo. Kirsten Nilsdtr Linde (1949) & 1965 Hans Hansen (1945) frå Telemark har: Arild 1965 (Lørenskog), Helge 1965 (bnr 41/11 i Villastrøket-Sjøtun), Kjell 1967–83 og Svein 1968 (Skien). Kirsten og Hans er skilde. Kirsten bur i huset.

Hus nr 45 under bnr 1/24. Ola Person Nese v846 (1825–1898), «Krao-Ola», & 1854 Sigrid Lassedtr Vetleøyri s132 (1823–1907) fekk 4 born som levde opp, sjå v846. Ola dreiv med skyss. Brita Oladtr Vikøyri (1865–1946), «Krao-Brita», vart buande i huset med to born, sjå v846. Men det var «Krao-Ales», som vart huseigar. Alis Oladtr Vikøyri v012 (1853–1940) fekk Olina 1890 (USA) med Hans Hansson Eidsvåg. I 1909 vart huset påbygt og vart taksert til kr 750. I 1922 vart brannskade taksert til kr 75. Huset er borte.

Bnr 1/127 Smidstad 0,01 mark, 1961. Hus nr 46, under bnr 1/24. Markus Larsson Vikøyri v622, v656 (1812) & Randi Samsondtr Langateig (1808–1845) frå Vetlefjorden fekk: Johannes 1839–41, Anna 1841, Synneva 1845. Huset vart bygt etter storbrannen i 1838. Huslyden reiste til Tverrlandet i Nordland i 1845. Huset vart kjøpt av Kjell Torson Vikøyri v962, v564 (1817–1897) & 1844 Ingeborg Oladtr (1816), sjå v564. Kjell var smed. Smidja var i eit tilbygg på huset. Lars Johannesson Hatlekolo v614 (1850–1936), «Brei-Lars», & 1877 Kari Hansdtr Hagen-Bøadalen (1851–1931) fekk 8 born, sjå v614. Lars var smed. I 1893 var det to hus, verdsette til kr 1400. Bustad og smidjehus vart i 1904 taksert til kr 1350. Smidja vart fråskild som bnr 1/106. Stova er borte. Tomta låg under bnr 1/24.

Hus nr 47 under bnr 1/4. Nils Johannesson Prestteigen-Svolsvik v708 (1868–1909) & 1895 Brita Andreasdtr Grov v096 (1868–1931) fekk: Johannes 1895–1905, Johanna 1897 (USA 1920, så Sogndal), Andreas 1900 (til sjøs, døydde ung), Ragnvald 1903 (s200), Johannes 1908–10. Brita vart kalla «SkaffarBrita» og sonen Ragnvald var «Skaffaren». Huset er borte.

Bnr 30/10–11 Bølgetun 0,02 mark, 1942. Hus nr 48 låg under to bruk på Brekke. Jens Amundson Holum v432 (1854–1889) frå Fresvik & 1881 IngeborgAmunddtr Gullteigane (1850–1918) frå lnr 53 fekk: Johan 1882 (v448, USA) og Amund 1888. I 1909 vart huset taksert til kr 500, i 1922 omtaksert til kr 4400. Jens var skomakar, og det var også sonen Johan, og som budde i huset til han reiste med familie til USA i 1913. Neste eigar var Edvard Andersson Vikøyri v086, v162 (1892–1973), «Moses», & 1919 Kristina Tomasdtr Nese (1896–1978) frå lnr 46b. Dei fekk: Anna 1921 (Høyanger), Kari 1923 (Årdal), Arne 1925 (Bergen). Arne overtok eigedomsretten. Huset vart selt til Gyrid Nilsdtr Hove (1958) frå lnr 72, gift i Oslo. Huset er feriebustad.

Bnr 1/53 Minde 0,03 mark, 1915, frå bnr 1/1. Hus nr 50. Martin Kristenson Christensen v592, v670 (1867–1951) & Anna Lassedtr Bakka (1868–1923) frå Aurland fekk 6 born. sjå v670. Huset hadde Martin overteke etter faren og taksten var i 1903 kr 1800. I 1922 vart det omtaksert til kr 9500. I 1951 gjekk eigedomen til dottera Anna Marie 1893–1981, men med rett for Sverre med huslyd å leiga andre etasje. Sverre Martinson Christensen v936 (1905–1991) & 1928 Marie Guttormdtr Nummedal (1908–1999) overtok i 1966. Born: sjå v936. I 1981 vart eigedomen skøytt til Sølve 1944.

På tomta vart det 2007 bygt nytt hus av Jarle Sølveson Christensen (1978–) frå Hatlevegen 14 i Prestberget & 2006 Turid Christine Finne (1984–) frå bnr 40/41 i Gildhus. Born: Viktoria 2006, Sander 2007.

Bnr 1/88 Styrkheim 0,04 mark, 1954. Hus nr 51. Lars Kristofferson Solvorn v620 (1877), strandsitjarson frå Solvorn i Hafslo, & 1898 Kristina Styrkdtr Vikøyri v928 (1877) fekk i Vik: Kristoffer 1898. Lars var bakar. Huslyden reiste frå bygda før 1908. Huset vart overteke av Jens Styrkson Vikøyri v928, v444 (1874–1942) & 1905 Johanna Monsdtr Thorsen v692 (1870–1941). Det vart i 1903 omtaksert til kr 1000 og i 1922 saman med eit naust til kr 6000. Jens og Johanna tok til seg «Bulle-Martin». Martin Andreas Kristenson Christensen v672 (1918–2002) & Marta Kristiandtr Vangsnes (1918–1992) selde i 1954 og flytta til bnr 41/110 i Tomtebu. Kjøpar var Sverre Fjærestad v796, som budde her med familie til dei flytta til bnr 41/124 på Vikøyri-søraust. I 1969 overtok Leif Hansson Husabø (1914–1993) frå bnr 43/7 under lnr 5 Juvik & 1952 Brita Hermunddtr Sæbø (1920–1998) frå lnr 3. Dei hadde ikkje born. Per Tubbene (1938), sjå Vange-aust, hadde huset ei kort tid. Det vart overteke av Jens Kristian Martinson Christensen (1944–) frå bnr 41/110 i Tomtebu, som har fornya det og leiger det bort.

Bnr 1/108 Samueltun 0,03 mark, 1949 frå bnr 1/1. Hus nr 52. Jens Kristofferson Åberge v436 (1831–1910) & 1858 Marta Øysteindtr Vikøyri v974 (1828–1918) hadde før 1868 overteke ei lemstove etter Marta Tolleifdtr Vikøyri v956 v664 (1791–1876). Huset vart i 1881 verdsett til kr 1400. Born: sjå v436. Kjøpar var: Samuel Ivarson Vikøyri v412, v898 (1882–1944) & Anna Ingebrigtdtr Molde (1881–1959) frå Lærdal. Born: sjå v898. Branntakst på stove og uthus i 1911 var kr 900, i 1922 kr 5500. I 1949 vart eigedomen skøytt til Ivar Samuelson Vikøren (1914–1973). I 1987 gjekk heimelen til arvingane Marie Iversen og Ingvald Vikøren. Ny eigar er Aril Grønningen (busett på bnr 41/106 i Tomtebu) og huset er busett av Borghild (Rysjedal) Borlaug (1918) frå Hyllestad/Feios. Ho budde før på bnr 41/179 i Sjøtuntunet.