Vikøyri 

Skattelister frå 1500-talet tyder på at det då var svært få som var busette på strandstaden Vikøyri. Men det er først i året 1645 vi har sikre oppgåver over busetnaden. Då var det 14 husmannsfamiliar «ved sjøen». Ved manntalet i 1701 finn vi 21 «husmenn» på «Wiigøren». Det må vera medrekna Seimsøyri. To av desse var knytt til «kompaniet». Strandsitjarane hadde då til saman 12 guteborn under 12 år. Dette var altså nokså barnefattige familiar. Utover på 1700-talet auka det på med strandsitjarar, og gjennom kyrkjebøkene får vi etter 1728 bra innsikt i kven som budde der. I eit skattemanntal for 1763 er dei fleste personar over 11 år på Øyri med. Militære huslydar manglar, men dei er med i eit sjeleregister for 1760. Med tillegg av desse personane var det i 1763 ca 60 menn og 98 kvinner over 11 år på Vikøyri og Seimsøyri. Tilsvarande tal ved folketeljinga i 1801 er 83 menn og 105 kvinner. Medrekna born budde det i 1801 121 menn og 134 kvinner på Vikøyri og Vetleøyri. I 1823 skreiv bispen Neumann at på strandstaden «finder man en heel landsby for sig i vrimmel af små og for største delen elendige hytte, i hvilke 240 strandsittere skal være boende». Det siste var eit tvilsamt tal, for ved folketeljing i 1825 var det 63 bustadar under Sæbø (medrekna Sjøtun) med 244 personar, 9 bustadar under Grov med 36 personar og 10 bustadar i Allmenningen med 36 personar. Totalt var det då 150 menn og 166 kvinner på Vikøyri. Livsvilkåra på Vikøyri må ha vore særleg vanskelege i hungersår. I perioden 1798–1813 var det fleire naudår. I Vetlefjorden blir det fortalt at i 1809 fekk dei jordlause på Vikøyri lov til å henta almebork og -kvist langs strendene der for å skaffa seg almemjøl til mat. Men det har vore uråd å påvisa at det var høgare dødsrate på Øyri i desse åra enn i resten av bygda.

Den 16. juni 1838 brann Vikøyri ned. Det var sterk vind frå vest. I følgje Anfin Refsdal var det berre nokre hus vest på Vikøyri som ikkje brann ned. Det sørlegaste var hus nr 22 på Ivar Refsdal sitt kart. Dei fleste andre var buer og var truleg rivne før 1865. I alt 294 hus brann ned innanfor ei strekning på 215 m, og 81 huslydar med 333 personar vart huslause. Svært lite av det som var i husa vart berga. Men det kom raskt opp nye hus, og dei stod minst like tett som før, og det vart ikkje gjennomført nokon regulering av busetnaden. I 1846 var det kome opp i alt ca 190 hus, av det 99 stover, 36 fjøsar, 7 løbygningar og 16 naust. Berre 4 stovehus var i to høgder og berre 5 hadde teglsteinstak. Folketalet steig stadig, og i 1865 budde det 482 personar på Vikøyri og Vetleøyri til saman. I året 1900 var det 99 hushald og 481 personar. Sjølv om folketalet var uendra, budde øyringane likevel ikkje så trongt som før, for etter 1865 var Øyri utvida med busetnad vest for den noverande hovudgata og sør for den gamle øyragrensa (Øyravegen), mest på Sæbø-grunn («kvartal sør»), men òg i aust (Vikøyri-søraust).

Dei fleste øyrafamiliar hadde sauer og gris, og i teljinga i 1865 hadde dei 130 dekar poteter, det meste på leigd jord. Det var meir enn husmennene i Vik og Arnafjord sokn hadde til saman. Svært mange øyringar var framleis dagsarbeidarar, men ikkje så få var handverkarar. I 1875 finn vi mange som levde av bondehandel. Fleire av dei var grisehandlarar, det vil seia at dei selde smågris for bøndene. På denne tida, og fram mot 1920, var det elles vanleg å ha grisepurke på Vikøyri og Vetleøyri. Det var ei viktig inntektskjelde.

Med få unntak høyrde Vikøyri midt på 1800-talet inn under Sæbø, Sjøtun, Grov og Allmenningen. Allmenningseiga hadde tidlegare vore stor og skulle i prinsippet ikkje busetjast, men likevel kom det opp hus. Anders Daae skulda i 1758 på bøndene, men dei meinte at dei andre grunneigarane ulovleg kravde inn grunnleige av allmenningsareal. Allmenningsstyret hadde ei vanskeleg oppgåve, og Allmenningen vart etter kvart mindre brukt, slik at bøndene vart den tapande parten.

Ved folketeljinga i 1900 var det på Vikøyri 15 strandsitjarplassar under bnr 1/1 Sæbø (nr 1–4, 6, 20, 33, 351–437, 40, 49–52), 1 plass under bnr 1/4 (nr 47), 1 plass under bnr 1/6 (nr 30), 12 plassar under bnr 1/24 (nr 25–29, 31, 32, 38, 39, 42–46), ein plass under bnr 40/1 Grov (nr 10), 24 plassar under bnr 41/1 Sjøtun (nr 53–64, 66–80) og 12 plassar under bnr 42/1 Almenningen (nr 82–93). Det var òg grunn som høyrde inn under Holstad, Brekke og Tryti. I tillegg var det då ca 15 sjølveigde eigedomar på Vikøyri, av dei var 5 frådelt prestegarden Grov. Dette var mest handelshus. I 1922 var det ei ny storbrann, men no stod vinden frå aust, slik at det stort sett var forretningsstrøket som strauk med (sjå meir under Vikøyri-vest). I 1948 vart Vikøyri endra ved at naust og sjøbuer vart rivne for å gje plass til Fjørevegen.

Tilflytting og fråflytting til Vikøyri har alltid vore stor. Dei fleste tilflyttarar kom frå gardar og husmannsplassar i prestegjeldet, men det kom òg mange frå Ytre Sogn og sist på 1800-talet også frå Holmedal i Sunnfjord. Mange øyringar flytta til Bergen. I åra 1812–45 reiste 18 personar til Nord-Noreg. Nokre kom tilbake. Utvandringa til Amerika var stor etter 1856 og relativt størst først på 1900-talet.

Etter 1950 har folketalet på Vikøyri gått sterkt ned. Husa stod for tett og kunne ikkje ombyggjast til tilfredstillande standard. Dei fleste uthus og mange gamle stover er rivne. Mange er blitt feriehus og er svært godt vedlikehaldne.

På grunnlag av grunneigarforhold ved folketeljinga i året 1900, brannen i 1922 og Refsdal sine kart har vi valt å dela Vikøyri inn i fem område: Vikøyri-vest, Vikøyri-Sæbø, Vikøyri-Sjøtun, Vikøyri-søraust og Allmenningen. I tillegg kjem bustadområdet Tomtebu som kom på Sjøtungrunn sør for Øyravegen etter 1950. Men før vi går inn på busetnaden på Vikøyri frå sist på 1800-talet tek vi inn dei endringane og oppdelingane som skjedde for lnr (1+4) Sæbø i dei siste 30 åra av 1800-talet og omtalar dei to familiane som eigde dei to delbruka som omfatta mykje av Vikøyri og Vetleøyri: bnr 1/1 og bnr 1/2. Gjestgjeveriet og gjestgjevarane på Vikøyri er også med her.