Vetleøyri

Vetleøyri (vetleøyri / vetløyri) / Seimsøyri (seimsøyri).

Namnet «Seimsøren» finn vi første gong i kyrkjeboka for Vik (frå 1727). Tidlegare var det ein samla omtale av folk «ved søen». Så seint som i manntalet i 1701 var busetnaden samla under namnet «Wiigøren» der «Huusmænd og deslige ichun have huse». Området vart i kjeldene mest kalla Seimsøren fram til ca 1810, deretter Lilleøren. Men vi finn òg «Lille Wigøren». Det vanlege familienamnet har vore Lilleøren.

Seimsøyri/Vetleøyri er den delen av strandstaden som ligg aust for elva Vikja. Elva hadde i tidlegare tider eit breitt utlaup under flom, slik at husa lenge låg i større avstand frå elva enn dei gjer i dag. Dessutan er det grunn til å tru at utlaupet fram mot slutten av 1600-talet låg lengre aust enn i dag. Elvelaupet vart kanskje endra på grunn av ras frå Seimshesten, men elva kan òg ha endra lege ved graving av elvestraumen.

Det meste av området låg fram til ca 1780 inn under garden Seim, men det var også ein allmenning for andre bønder i bygda. Bønder oppover i bygda hadde dessutan båtnaust på Vetleøyri. I 1763 kjøpte Karen Cathrine Tuchsen (1719–1796), ei dotter til den rike prosten Anders Daae, eit lite bruk på Seim, kalla lnr 11b i del 2. Kanskje etter seinare makebyte, og etter utskiftingar, kom dette bruket til å omfatta det meste av Vetleøyri. I 1802 hadde bruket 13 strandsitjarplassar. Ikkje noko anna bruk på Seim hadde då slike plassar. Bruket vart slege saman med eit bruk ho også eigde i Sæbø, og bruket fekk namnet lnr 4 «Sæbø med Seim». Ein ugift son til Karen Cathrine dreiv det. Til dagleg vart bruket kalla «Tuksagarden». I 1836 vart lnr 4 slege saman med lnr 1 Sæbø.

Jamvel om Vetleøyri ikkje brann ned under storbrannen på Vikøyri, vart området likevel med i den omfattande branntaksten i 1846. Der var då 15 huseigarar på Vetleøyri, men utanom stovene var det overraskande få hus som høyrde strandsitjarane til: 7 sengebuer, 2 fjøs, 2 naust og ei smie. Men stovene på Vetleøyri var jamt over større enn på Vikøyri. Dei fleste på Vikøyri var under 6,5 m lange, dei på Vetleøyri 7,5–8,5 m. Det kom det nye hus til, for folketalet på Vetleøyri steig fram til ca 1870. I mange hus vart det deretter færre folk enn før, for di borna utvandra. I 1872 vart storbruket lnr (1+4) Sæbø på 6,44 spd delt med dei to største delane til handelsmennene Hopstock og Rasmussen. Rasmussen sin del var lnr (1+4)b 1,62 spd. I 1873 vart frådelt lnr (1+4)o 0,08 mark og litt seinare nokre småstykke, slik at skylda i 1886 var 1,52 spd. I den nye matrikkelen vart dette bnr 1/2 2,75 mark. Dette var ein eigedom som omfatta mest heile Vetleøyri: grunn for strandsitjarplassar, dyrka jord, marka- og skogastykke i lia aust for Vetleøyri, beiterettar, stølsrettar og andre «herligheter».

Rasmussen dreiv gardsbruk på Vetleøyri i tillegg til anna næringsdrift. Han må ha hatt driftsbygningar på Vetleøyri. Dei stod truleg på den delen av eigedomen som seinare vart frådelt som bnr 1/33. I 1899 selde han frå jordbrukseigedomen på Vetleøyri som fire parsellar, bnr 1/33–36. For to av parsellane følgde grunnen til ein annan strandsitjarplass med. Skylda på bnr 1/2 var deretter 0,93 mark. Dette var mest grunneigarrettar for strandsitjarhus og naustplassar på Vetleøyri.

Rasmussen, og deretter svigersonen Harald Riisnes, sat med restane av bnr 1/2 til 1921. Då vart eigedom og eigedomsrettar skøytt til kjøpmann Bernhard Julius Kristenson Christensen v592 (1869–1945), busett i Laksevåg. Han gifte seg 1892 med Sara Jakobine Johannesen (1864) frå Laksevåg. Ho og borna overtok eigedomane i Vik etter at mannen døydde. Bernard var medeigar då trevarefabrikken i Vik vart starta. I 1941–43 vart grunneiga til hus på Vetleøyri selde til strandsitjarane. Det var 11 parsellar: bnr 1/78 80, 82–83, 85–86, 90–93, 99. I alt var det 9 strandsitjarar som vart sjølveigarar. To av strandsitjarane hadde naustplass, og eigedomane fekk difor to bruksnummer. Restskylda for bnr 1/2 var i 1948 0,41 mark. Det var mest innhaldslaus skyld ved at parsellane ved sal vart lågare skyldsett enn det skylda i 1887 skulle tilseia. Ved folketeljinga i året 1900 var det 81 personar på Vetleøyri fordelt på 18 hushald.

Som for Vikøyri har vi for Vetleøyri først eit alfabetisk og nummerert system, medan denne andre delen omtalar busetnaden frå ca 1890. Busetnaden på Vetleøyri i 1908 og 1915 har vi på kart teikna av Ivar Refsdal. På det siste kartet har bustadhusa nr 94–109. Mellom 1900 og 1908 var det fleire endringar. Det var kome nye folk i hus nr 95, 101, 108, 109. To huslydar hadde reist til USA (s008 og s080), ein hadde reist frå bygda (s168), ein einsleg, gamal mann var død (s134) og ein flytta inn hjå andre (s060). Eitt bustadhus var såleis borte. Det var flytta til Tenål (sjå s008).

Eigedommen til Rasmussen, bnr 1/2–2,75 mark, vart oppdelte slik (først bnr, så skyld i mark og så årstal): 1/21 0,01 i 1882 til Ola Hansson Vange, 1/33 0,67 i 1899 til Lars Amundsen, 1/34 0,57 i 1899 til Nils Jonson, 1/35 0,44 i 1899 til Anders Lasseson, 1/36 0,14 i 1899 til Anders Olason. I 1907 var skylda på bnr 1/2 0,93 mark. Fram til 1941 var skylda på denne restdelen uendra. Spørsmålet er kven det var i desse åra som eigde og dreiv bnr 1/2. I 1941–43 skjedde følgjande frådelinga: 1/78 0,07 til John N. Lilleøren, 1/79 II 0,02 til Kristen O. Lilleøren, 1/80 0,03 til Ragnvald Nilsen, 1/81 0,01 til Sivert A. Lilleøren, 1/82 0,01 og 1/83 0,01 til Inga B. Koldingsnes, 1/85 0,03 til Hans B. Lilleøren, bnr 1/86 0,02 til Hans B. Lilleøren, 1/89 Bakketun I 0,01 til Ragnvald Nilsen, 1/90 0,15 til Jon Lilleøren, 1/91 0,05 til Ingvald Svendsen, 1/92 0,06 til Olaf Atterås, 1/93 0,01 til Hans Hønsi, 1/99 0,04 mark til Margit Lilleøren. I 1948 var dermed skylda på bnr 1/2 redusert til 0,41 mark og eigar var Sara Christensen. Ein av arvingane etter Sara og Bernhard Christensen var Svanhild Holbæk Hansen som fekk skøyte i 1956. I 1978 gjekk eigedomen til Svanhild Sandtorn og Elsa Kjelsås.

Vidare oppdeling var: 1/35 av bnr 1/65 0,27 i 1925 (seinare delt i bnr 109, 124, 138), 1/33 av bnr 1/74 0,60 i 1934 til Nils L. Lilleøren (Sandvoll), 1/90 frådelt bnr 1/141 0,06 i 1964 til Nils J. Lilleøren.

Bnr 1/33 Sæbø med Seim 

0,67 mark. Hus nr 94. Dette var den største parsellen då bruket til Rasmussen var delt i 1899. Det var bygt opp ny stove og to uthus på eigedomen, i 1886 samla verdsett til kr 900. Lars Amundson Vikøyri v018, s118 (1846–1926) & 1882 Brita Oladtr Vetleøyri s180 (1853–1889) fekk: Andreas 1881–85, Olav 1884 (Fana), Anna 1887 (Bergen), Andreas 1889–90. Lars vart attgift 1892 med Marta Nilsdtr Vikøyri v722 (1856–1944) og dei fekk: Marie 1900, Nils 1892, Brita 1896–1970 (ugift, Hedmark og Vik). I 1922 vart bustadhus, låve og fjøs verdsett til kr 7600. I åra 1921–34 budde sonen Nils og kona hans i huset. Dei overtok i 1934 det meste av eigedomen som bnr 1/74 og bygde hus der. Resten var bnr 1/33 0,07 mark. Det var bustadhuset med litt jord som gjekk til: Marie Larsdtr Lilleøren (1900–1988) & 1934 Olav Olason Nummedal (1901–1962) frå lnr 39. Born: Olav 1935 og Lars 1938 (Bærum). I 1974 var eigedomen skøytt til Olav 1935, sjå òg bnr 3/22 under lnr 9 Seim.

Bnr 1/74 Sandvoll 0,60 mark. Nils 1892 var snikkar. Han reiste til USA 1911, men kom raskt tilbake. Han tok familienamnet Sandvoll. Nils Larsson Sandvoll (1892–1975) & 1921 Martha Andreasdtr Røyrvik (1901–1974) frå lnr 12 fekk: Leif 1922–25, Birger 1925–25, Marie 1925–25, Arne 1923, Lars 1926 (bnr 26/55 i Vollareina under Voll), Bjørg Marie 1929–46, Leif 1929 (bnr 39/36 under lnr 123 Hopperstad), Astrid 1932 (sjå note lnr 123 Hopperstad), Marta 1932–64. Marta 1932 fekk: Nils Jarle 1956 (Trondheim). I 1963 vart frådelt grunnen til eit strandsitjarhus, bnr 1/139. Bnr 1/74 0,59 mark gjekk i 1961 til: Arne Nilsson Sandvoll (1923–) & 1947 Brita Hansdtr Tenold (1923–) frå lnr 13e. Dei har borna: Arve 1952 (Lillehammer) og Magne Harald 1956 (Oslo).

Bnr 1/139 Hagen 0,01 mark. Grunnen frådelt bnr 1/74 i 1963. Hus nr 108. Her var busett: Hermund Hansson Lindehagen s070 (1872–1907) & Sitona Gjertdtr (Tuftedal) Vetleøyri s210 (1874–1956). Born: Birgitta 1896–1906 (difteri), Hans Kristian 1898–1922 (ugift, fekk fattighjelp i dei siste åra som sjuk, fattig og sinnsjuk), Gerda Sofie 1901 (Bergen), Kristine 1904, Birgitta 1907 (Balestrand). Hermund hadde òg Brita 1893 (v984) med enkja Olina Perdtr Stadheim (1864–?), sjå v358. Sitona var dotter til Gjertrud Hansdtr Tuftedal og Gjert Gjertson Hanevik. Gjertrud vart gift til bnr 1/85 på Vetleøyri. Enkja Sitona hadde vanskar med å greia seg. I 1909 måtte ho få fattighjelp for å betala rentene av eit lån i Vik sparebank. Men ho måtte lova at neste gong skulle ho greia dette sjølv. Men året etter fekk ho likevel fattighjelp. Ho vart attgift 1912 til plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove med enkjemann Ola Andersson (Fardal) Hove (1852–1920). Dei fekk Bernhard 1913 og Marie 1916. Fattigprotokollen viser at Sitona ikkje fekk det lett som husmannskone heller. I 1922 fekk ho såleis pengar til eitt mål ved og til to par sko for borna. Det kan sjå ut som huset etter Sitona var eigd av Sigrid Perdtr Tønder (1851–1891) frå Tønderbruket på Seim. Ho hadde Anna Marie 1875 som reiste til USA i 1891 (sjå note Tønderbruket). Då huset vart taksert til kr 4000 i 1922, var det eigd og busett av Brita Hansdtr Lindehagen (1870–1942). Ho og Sigrid Hansdtr Lindehagen (1875–1955) var systrer til Hermund. Grunnen kom i 1899 inn under bnr 1/33, men vart i 1963 frikjøpt av: Bernhard Olai Olason Lilleøren (1913–1975) & Olga Kristendtr Lilleøren (1912–1989) frå hus nr 101. Om Bernhard: sjå òg hus nr 98. Barn: Signe Johanna 1946. Signe Johanna Bernharddtr Lilleøren (1946–) er ugift.

Bnr 1/34 Sæbø med Seim 0,57 mark. Hus nr 105. Truleg budde Helge Olason Vetleøyri s172 (1834–1915) & 1861 Marta Jondtr Nosi (1829–1904) ein stad på denne eigedomen. Born: sjå s066. Til dette nye småbruket frå 1899 kom: Nils Jonson Stedjeberget frå lnr 64b (1865–1919) & 1888 Kristense Sveindtr Voll (1862–1891) frå lnr 80 fekk borna: Jon 1887 (sjå plass i Øvstedal), Svein 1889 (USA) og Kristense Jensina 1891. Nils og Kristense budde først på Stedjeberget. Nils vart attgift 1897 med Johanna Helgedtr Vetleøyri s066 (1866–1945) og dei fekk: Marie 1897–1992 (ugift), Hans 1899, Ragnvald 1901 (bnr 41/3 Vikøyri-vest), John 1903 (bnr 1/78, hus nr 100), Jenny 1908– 08, Johanna hadde òg Hanna Mathilde 1891 (USA 1913) med Klaus Olason Øksdal (1867–) frå lnr 3. Klaus reiste til USA. I 1922 var branntaksten på bustad, fjøs og naust kr 8000. Hans Nilsson Lilleøren (1899–1959) & 1942 Unni Tordtr Stadheim (1897–1972) frå lnr 29 fekk: Nils Magnar 1942 (Bergen). Unni hadde òg Tor 1925 med Fredrik Petterson Fosse (1901–1978) frå lnr 24 Stadheim, sjå bnr 6/30 under lnr 20 Føli og note under lnr 24. I 1959 vart eigedomen skøytt til Nils Magnar Hansson Lilleøren (1942) som bur i Bergen. Huset har vorte ferieplass.

Bnr 1/35 Sæbø med Seim 

0,44 mark. Denne parten av lnr (1+4)b vart frådelt i 1899. Med i kjøpet var stovebygning, fjøs, løde og naust, noko som tyder på at det var her seljaren hadde husdyra sine. Ved bryggja var det ein «ladebygning» som kjøparen skulle eiga halvparten av. Kjøpar var: Anders Lasseson Vetleøyri s130 (1851–1939) & 1874 Gjertrud Gjertdtr Brekke (1845–1919) frå Aurland. Born: Brita 1874 (USA 1894), Marta 1876–76, Marta 1877–1972. Huslyden budde på Vetleøyri, men var ei tid i Flåm, der Marta vart fødd. Anders døydde på Vetleøyri. I 1922 vart våningshus, fjøs og naust taksert til kr 9000. I 1925 vart det meste av eigedomen frådelt som bnr 1/65, slik at skylda på eigedomen vart redusert til 0,08 mark. Denne resten, hus nr 104, med litt jord, vart av Marta 1877 skøytt til Harald Gjertson Seim (1904–1965) frå lnr 11a, busett i Oslo. Eigedomen gjekk i 1966 til Vik kommune. Huset er rive.

Bnr 1/65 Røisheim 0,36 mark vart kjøpt av Jon Olason Vikøren (1880–1960), som dreiv eigedomen frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø. Men han sette opp ny driftsbygning på Vetleøyri. Seinare kom det også lagerrom for frukt. I 1949 vart frådelt bnr 1/109 0,06 mark som bustadtomt. Bnr 1/36 Sæbø med Seim 0,14 mark, ein marka- og skogateig, kom inn under bruket. I 1951 vart bnr 1/36, 1/65 og 1/109 selt til sonen Olav. Han var busett på bnr 41/23 i Villastrøket-Sjøtun frå 1937 og dreiv bruket derifrå. Olav Jonson Thune s196 (1909) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø & 1930 Brita Jondtr Grønsberg (1909–1983) frå lnr 15k Tenål busette seg på bnr 41/23 i Villastrøket-Sjøtun. Born: John 1930, Arne 1931 (USA, eig bnr 41/23 frå 1982), og Sigurd 1934 (bnr 1/124 på Vetleøyri). I 1958 vart bnr 1/124 frådelt og i 1963 bnr 1/138 Sagtun 0,01 mark (sagbrukstomt, seinare lager). I 1982 vart bnr 1/36, 1/65 og 1/109 skøytt til: John Olavson Thune (1930–) & 1953 Eli Anfinndtr Seim (1928–1988) frå lnr 9. Dei var busette på eigedomen. Born: Kirsten Marie 1955 (Høyanger), Olav 1959 (bnr 1/190 i Røysane-Sæbø), Brynhild 1961 (bnr 2/56 i Vange-aust). Olav og John dreiv byggefirma.

Bnr 1/124 Hagatun 0,02 mark, 1957. Sigurd Johan Olavson Thune (1934–) & 1957 Helga Hansdtr Tenold (1927–) frå lnr 13e. Born: Omar 1958 (Kolsås) og Hans Henrik 1961 (Rødberg).

Bnr 1/2 Sæbø med Seim

0,93 mark. Etter frådelingane i 1899 var denne resten av lnr (1+4)b tomter som strandsitjarhus stod på, og med litt jord omkring, naustplassar på Vetleøyri og dessutan rettar som hadde høyrt til lnr 1+4 og som ikkje vart selde frå i 1899. Nedanfor er oppsett dei strandsitjarplassane som kom i sjølveige i 1941–43. Men eit av bustadhusa i 1915 vart rivne utan å koma inn i matrikkelen, hus nr 98. Her var busett: Ola Larsson Vikøyri v606, s176 (1844–1928) & 1870 Marta Jondtr Vetleøyri s096 (1843–1933). Born: Sigrid 1871–72, Jon 1873 (Bergen), Ingeborg 1869–1921 (Bergen), Kristen 1876 (bnr 1/79 Vetleøyri), Jakob 1878 (bnr 1/92 Vetleøyri), Severin 1881 (s202), Brita 1884–1908, Lars 1886 (lnr 105b Vomb-Brekke). Marta fekk truleg huset etter faren. Det vart i 1921 overteke av Kristen 1876 og verdsett til kr 3500, men vart i 1922 nedsett til kr 1400. Kristen leigde det bort til Sitona Gjertdtr (Vetleøyri) Hove (1874–1956), enkje frå plassen Bleiehaugen under lnr 72. Med seg hadde ho sonen Bernhard Olai Olason (Hove) Lilleøren (1913–1975). Han kjøpte hus nr 108, som mora hadde hatt i første ekteskap, og busette seg der. Hus nr 98 vart rive ca 1960.

Bnr 1/92 Atterstad 0,06 mark, 1942. Hus nr 95. Dette var strandsitjarplassen for: Jakob Olason Vetleøyri s176 (1878–1945) & 1901 Synneva Hansdtr Sætevika (1877–1962) frå Bø sokn, Hyllestad. Born: Marie 1901–28, Trina 1904. Synneva hadde frå før Anna 1898 med husmannsson Nils Sjurson Lindehagen (1879). Nils kom til Indre Nesse i Kvamsøy sokn. Han hadde broren Knut på Vikøyri, sjå v582. Anna vart gift med Thorset i Høyanger. Jakob vart kalla «Fiske-Jakob». Olaf Sørenson Atterås (1901–1965) frå Mundal, Fjærland & 1929 Trina Jakobdtr Vetleøyri (1904–1995) overtok. Olaf arbeidde i Høyanger. Born: Borgny Maria 1930 (bnr 41/109 Tomtebu), Signe 1931 (Grimo, Hardanger), Jon 1933 (Sjøtunvegen nr 14), Sigurd 1935–84 (ugift, Vetleøyri), Margit 1937 (Ovestevegen 8 i Øyane-Sjøtun), Gerd 1943 (USA), Leif 1947 (Bergen). Huset er rive.

Bnr 1/80 Bakketun 0,01 mark, 1941. Hus nr 96. Det høyrde eit naust til plassen (bnr 1/89 0,01 mark). Strandsitjarparet var: Torkjell Halvarson Trædal s226 (1861–1919) frå Lavik & 1883 Sigrid Kjelldtr Vikøyri v560 (1862–1925). Dei fekk på Vetleøyri: Karl 1883 (v558), Hermund 1885 (Bergen), Brita 1887–1915, Jørgine 1889–91, Jørgen 1891, Sitona 1894, Anna Marie 1898–1904, Franka 1900, Thora Sofie 1902. I 1922 vart bustad og naust for «Sigrid Halvorsen» taksert til kr 3500. Sitona Torkjelldtr Vetleøyri (1894–1918) & 1916 Ingvald Benjamin Ivarson Løland (1894) frå Hyllestad fekk Sigrid Monsine 1917 (Hyllestad). Ingvald hadde gard i Hyllestad, men Sitona døydde før ho hadde flytta dit. Torkjell var landpostbod, hadde rute på Seljadalen. Huset vart overteke av: Ragnvald Nilsson Vikøren v708 (1903–1968), rutebilførar, & 1934 Thora Sofie Torkjelldtr Lilleøren (1902–1993). Ragnvald og Tora hadde ikkje born. Huset vart overteke av Magnus Karlson Vikøren v558 (1920–) og han selde vidare i 2002 til Edith Sofie Johndtr (Lilleøren) Jordalen (1938) frå hus nr 100, gift til lnr 64a Stedje. Huset var under oppussing i 2003.

Bnr 1/82 Nylund 0,01 mark, 1942. Hus nr 97. Plassen hadde òg naust (bnr 1/83 0,01 mark). Botolv Ivarson Koldingsnes v136 (1856–1911) frå plassen Teigen i Kvamsøy sokn & 1848 Anna Sofie Gjertdtr Erikstad (1848–1928) frå Kinn med huslyd budde i år 1900 i hus nr 35 på Vikøyri, men var i 1908 komne til hus nr 97. Born: sjå v136. Dottera Inga Lovise Botolvdtr Koldingsnes (1885–1970) overtok. Ho fekk Svanhild 1919 (til bnr 1/134) med matros Bertin Smilden (1895) frå Hyllestad. Ein bror til Inga, Gerhard 1887–1967, budde òg i huset. I 1922 vart huset taksert til kr 4800. I 1959 vart eigedomen skøytt til Svanhild Bertindtr Koldingsnes (1919–1992) & 1945 Harald Hansson Lilleøren (1915–2000) frå «Smedhuset» i Røysane-Vange. Born: Irene 1945 (Tyskland) og Svein Harald 1948 (Prestvegen 20 i Prestberget). Huset vart 2003 kjøpt av Kari Helene Flæte Lyngset (1973–) frå Fresvik. Ho er gift og bur i Frønningane.

Bnr 1/134 Mikeltun 0,03 mark, 1962, delt ut frå bnr 1/85. Hus nr 99, «Gamlestova». Dette huset kjøpte Kari Jondtr Vetleøyri s096, s102 (1848–1933) i 1890 av Sjur Kolbeinson s206, som reiste til Amerika. Gamlestova skal vera bygd som røykstove av Ola Mikkelson Vetleøyri s180. «Stora-Kari» budde i huset saman med systera Kristina Jondtr Vetleøyri s096 (1852–1939). Kristina fekk Brita 1881 (s058) med Ola Olason Vetleøyri s180 (1851). Han vart kalla ungkar og målar og var reist til USA då jenta vart døypt. Huset vart kjøpt av Hans Kristian Lilleøren, og grunnen vart frikjøpt saman med hus nr 102 som bnr 1/85 i 1942. Harald Hansson Lilleøren (1915–2000) arva eigedomen. Gamlestova er det eldste huset på Vetleøyri i dag. Huset har ikkje vore busett etter Kari og Kristina. Det er eigd av Kari Helene Flæte Lyngset (1944–), sjå hus nr 97.

Bnr 1/78 Soltun 0,07 mark, 1941. Hus nr 100. Johannes Olason Vikøyri v808, s094 (1854–1925) & 1878 Ingeborg Perdtr Vikøyri v884 (1853–1930) hadde sju born, sjå s094. «Angunne-Joans», eller «Fjufjakken», var snikkar. Kjøpar av huset var: John Nilsson Lilleøren s148 (1903–1993) & 1927 Ragnhild Ellenddtr Orvedal (1897–1962) frå lnr 51. Born: Nils 1927, Ruth 1930 (Drøbak), Jenny Eli 1934 (Hatlevegen 10 i Prestberget), Edith Sofie 1938 (lnr 64a Stedje). John fekk kjøpt grunnen i 1942. I 1942 vart han også eigar av bnr 1/90 0,15 mark. Sonen Nils overtok og bygde nytt hus, men gamlehuset har blitt ståande.

Bnr 1/141 Solheim 0,06 mark, utskilt frå bnr 1/90 i 1964. Nils Johnson Lilleøren (1927–2008) & 1952 Annlaug Heldal (1932–) frå Drangedal bygde og flytta inn i 1953. Born: John Anker 1953 (Årdal), Inger 1955 (Kirkenes), Kjell Gunnar 1959 (Hafslo), Anne Sissel 1961 (Oslo) og Roar 1972 (Bergen).

Bnr 1/223, frådelt bnr 1/78, 1996. Nytt hus i 2003. Jorunn Henrikdtr Jordalen (1961–) frå lnr 64a Stedje & sb Jan Erik Skoglie (1964–), fødd i Oslo, oppvaksen i Tønsberg) har borna: Armand 1991, Marte 1992 og Frida Sofie 1998.

Bnr 1/79 Midthun II 0,02 mark, 1941. Hus nr 101. Her var busett: Kristen Olason Vetleøyri s176, s112 (1876–1948) & 1900 Johanna Oladtr Vikøyri v738 (1875–1951). Born: Oline 1903–88 (Florø), 1905 (Stalheim), Sigurd 1908, Ida 1909–87 (Haugesund), Olga 1912 (bnr 1/139 Vetleøyri), Bernt 1914 (bnr 41/108 Tomtebu), John 1917 (sjå bnr 3/29). Sigurd Kristenson Vetleøyri (1908–1984) var ugift. I 1987 skøytte arvingane eigedomen til Ida Spånberg (1909) som straks skøytte vidare til dottera Gerd, gift med Rolf Johannesen i Haugesund. Dette er no feriehus.

Bnr 1/85 Smedtun 0,03 mark, 1942. Hus nr 102. På denne staden var busett: Steffen Hansson Svardal s210 (1853–1933) & husmannsdtr Gjertrud Hansdtr Nokken s060 (1852–1939). Steffen var murar. Born: Hans Kristian 1879 (s058), Hanna Dorthea 1891 (til lnr 3 Sæbø, fekk òg Gudrun Sofie 1914 med Jon Olason Hellane 1893–1961 frå lnr 25, Gudrun kom til bnr 1/129 på Skulejordi-Sæbø), Hanna 1891–91. Gjertrud hadde dessutan Sitona 1874 (s070, hus nr 108 Vetleøyri) med Gjert Gjertson «Hanavik» (1851–). Hanavik var tenaradresse. Foreldra hans gifte seg i 1852 og faren var Gjert Gjertson Balholm. Steffen hadde stor naustplass på Vetleøyri (bnr 1/86 0,02 mark). I 1922 var hus og naust taksert til kr 4600. Steffen kjøpte ein marka- og skogteig i Juvik, bnr 43/6 0,36 mark. Der vart det henta ut sauefôr, ved og tømmer. I 1942 var det sonen Hans Kristian Steffenson Lilleøren (1879–1961) som kjøpte grunnen for huset og bnr 1/86. Bnr 1/86 vart brukt som slipp for båtar. Hans med huslyd budde i Røysane-Vange, og huset var bortleigd ei tid. I 1963 vart staden skøytt av medarvingar til Sigvald Hansson Lilleøren (1908–1991) & 1945 Anna Ingebrigtdtr Refsdal (1915–2002) frå lnr 59. Dei fekk: Hilmar 1945 (Bergen). Sigvald arbeidde ved kraftstasjonar i Vik. Dei budde lenge i Refsdal, seinare på Hove. I 1969 var bnr 1/85 og bnr 1/86 selt til ÅSV. Vik kommune har overteke bnr 1/86. Bnr 1/85 vart 1991 skøytt til Oddvar Hove (1961) frå bnr 41/48 på Vikøyri-vest. Han har bygt hus på bnr 5/39 (sjå sist under Føli). Jonny Johnson Tenold (1967) frå lnr 18a Tenål er eigar i 2005.

Bnr 1/81 Strandheim I 0,01 mark, 1941. Hus nr 103. Sjur Kolbeinson Menes s206 (1837) & 1860 Ingrid Oladtr Homrane (1831), båe frå Balestrand, budde frå ca 1864 på Vetleøyri i ei lemstova som dei kjøpte av Eirik Jakobson s038. Sjur var skreddar i 1865, seinare jekteførar. Omkring 1882 selde han huset til Andreas Hansson Kvamme s028 (1854–1928) & Sigrid Hansdtr Svardal (1857–1934) frå plass under lnr 10. Born: sjå s028. I 1922 vart huset taksert til kr 4300. Sivert Andreasson Lilleøren (1902–1970) og broren Hans Andreasson Lilleøren (1895–1972) var ugifte. Huset vart rive etter dei, og kommunen overtok grunnen.

Bnr 1/91 Jensheim 0,05 mark, 1942. Hus nr 106. På denne strandsitjarplassen var busett: Fredrik Johan Johanson Svendsen v450, s042 (1869–1901) & Inga Larsdtr Vetleøyri s120 (1870–1940), «Vedle-Inga», reiste båe til USA, gifte seg der og fekk: Anna 1895, Fredrik Johan 1897, Johanna Mary 1901. Fredrik vart sjuk. Han, Inga og Anna 1895 kom tilbake til Vik, men Anna reiste tilbake til USA då ho var 21 år. Inga vart attgift 1909 med Jens Jakob Johanson Svendsen v450 (1876–1949). Også han hadde i unge år vore i USA. Born: Jenny 1909–09, Ingvald Johan 1910, Jens Andreas 1912. I 1915 vart ein rekning på kr 5,00 for ved betalt av fattigkassa og i 1916 går det fram at det vart gitt støtte fordi Jens var arbeidslaus. Tre av medlemene av fattigstyret skulle hjelpa han med å få nytt arbeid. Jens Andreas Jensson Svendsen (1912–1959) var ugift, men han fekk Torunn Herborg 1951 (Nedre Trytisøyna) med Borghild Haralddtr Tryti (1919–1997) frå lnr 107. I 1948 vart bustaden skøytt til Ingvald Jensson Svendsen (1910). Han vart på sine eldre dagar gift med ei Anna frå Bergen. Ho hadde fleire born frå første ekteskap. Ei dotter har overteke eigedomen og brukar «Svendsehuset» som feriehus.

Bnr 1/93 Slåttetomti 0,01 mark, 1942. Hus nr 107. Anna Kristofferdtr Vetleøyri s012 (1844–1933) var ugift. Ho hadde overteke huset etter mora. Namnet «Slaott-Anna» hadde ho etter oldeforeldra på plassen Slaottedna på Vetlesand. Også mora gjekk under dette namnet. Anna fekk støtte frå Fastings legat 1918–20 og høgste støtte av fattigkasse frå 1925. Huset vart kjøpt av Anna Nilsdtr Fosse (1876–1952) frå lnr 33. Takst på huset hennar var i 1922 kr 4200. Kjøpar av grunnen var Hans Johannesson Hønsi (1919–2006). Han bygde seinare hus på Hopperstad, bnr 39/31. I 1950 gjekk eigedomen til Anders Ellingson Nummedal (1913–1986) frå bnr 8/9 under lnr 36d & 1943 Sigrid Søfteland (1918) frå Bergen. Born: Else Berit 1945 (Oslo), Signe Johanne 1947 (Oslo), Arne Dag 1949 (Prestvegen 8 i Prestberget) og Sverre Arild 1953–1962. Familien flytta til Oslo. I 1952 gjekk eigedomen til Johannes Nilsson Eggum (1900–1965) frå Sogndal & 1930 Ingebjørg Eirikdtr Fosse (Henjum) (1904–1985) frå Leikanger. Dei hadde eit bruk på Eggja i Sogndalsdalen før dei kom til Vik. Dei var barnlause. I 1971 skøytte Ingebjørg til ÅSV. Huset vart i 1989 overteke av Olav Fredrikson Fosse (1922–2000) frå bnr 7/1 under lnr 33. Han var ugift. Karin Jondtr Lilleøren (1963) på bnr 3/29 eig huset.

Bnr 1/99 Fjøretun 0,04 mark, 1943. Hus nr 109 vart i 1922 taksert til kr 4300. Severin Olason Vetleøyri s176, s202 (1881–1966), sjømann, & 1903 Sofie Nilsdtr Fuglsbø (1875–1951) frå Kyrkjebø fekk: Nils 1903–24, Margit 1908, Ole Johan 1916–16. Det var Margit Severindtr Lilleøren (1908–2002) som fekk skøyte på grunnen og overtok huset. Ho var ugift. I 1988 gjekk staden vederlagsfritt til Bente Helgaas (1964). Huset vart rive på 1990–talet.

***

Plassen Vedledna-Sæbø. Ola Guttormson Vikøyri v254 (1821–1867) & 1857 Mari Hermunddtr Vetleøyri s072 (1823–1914) busette seg på Vetleøyri og fekk: Guttorm 1855–1906 (ugift, Vetleøyri), Hermund 1858–95, Jon 1860, Anders 1862–1907 (ugift), Olina 1867–69. Frå før hadde Ola fått Guttorm 1849–49 og Brita 1850 (USA) med Sigrid Andersdtr Vikøyri v070 (1821–1852). I åra 1862–67 pakta Ola og Mari Tillisch garden på Vange. Kanskje alt medan Ola levde, busette dei seg på ein plass under lnr 2 Sæbø og som i teljinga 1900 vart kalla Vedledna. Dessutan vart namnet «Lilleøren» ofte brukt om dei i kyrkjebøkene. På plassen var Mari og borna i 1875 og dei hadde: 9,3 daa bygg, 2,1 daa potet og 10 sauer. Hermund 1858 reiste til USA 1881, men kom att. I 1895 var han på S/S Bjørgvin og der døydde han av «diarrhe og stivkrampe». «Marie Vellene» fekk fattigstøtte frå 1901. I 1905 fekk ho støtte saman med sonen Guttorm. I eit brev frå USA til Vetleøyri i 1908 står det: «Det glæder mig at se at Marie Vellene er taget vare på. [...]. Det er forunderlig at hun kunde overleve sine fire sønner som alle døde i sin beste ungdom.» Anders 1862 kjøpte i 1899 bnr 1/36 0,14 mark av bruket til Rasmussen. Det var ein marka- og skogateig. Etter at Anders døydde, overtok Johannes Jonson Tenål (1866–1946) på Tønderbruket på Seim teigen.

Bnr 1/59 Vetleøyrgranden 0,22 mark vart frådelt bnr 1/24 Sæbø i 1920. Der vart det bygt trevarefabrikk i 1920. Han brann ned i 1923, men vart bygd opp att. Bygningen vart kjøpt 2000 og busett av Johnnie Jacobsen (1952–). Han gifte seg 1973 Torunn Basken (1952–). De er båe frå Lillestrøm, sjå òg Hovsviki, bnr 41/129. Dei to har Morten 1975. Johnnie og Torunn er skilde, og Torunn har gift seg med Gunnar Fjellheim, sjå bnr 40/1-49 i Prestberget. Morten Jacobsen & sb Randi Hillestad (1975–) frå Borgund i Lærdal bur òg i huset. Dei har borna: Mats 1997, Morgan 2001 og Jun 2001.

Bnr 3/29 Strandhagen 0,01 mark, frådelt bnr 3/1–1960. John Kristenson Lilleøren (1917–1971) frå hus nr 101 & 1960 Synneva Fredrikdtr Fosse (1919–2005) frå bnr 7/1 under lnr 33 bygde nytt hus på eigedomen. John var murar. Born: Tore Johan 1961 (Svelvik) og Karin 1963. Karin Johndtr Lilleøren (1963) & sb Terje Hagene (1963–) frå Bærum har: Elise 1991, John Ivar 1995. Sjå òg under Gildhus.

Bnr 3/31 Strandstua med Seim 0,02 mark. Denne tomta var skilt frå bnr 3/9 Seim i 1965, men var truleg busett tidlegare. Dei som bygde hus der var: Hans Christian Jacobsen (1892–1966) & 1912 Marianne Marie Thomsen (1893–1977) frå Hjørring i Danmark. Dei hadde borna Svend Aage 1915–79, Leif Georg 1918–2001 (Årdal), Ingrid Elise 1920–66 (Bergen), Ellen 1922 (lnr 15e Tenål) og Rigmor 1927–96 (Bergen). Sonen Svend Aage budde i huset etter foreldra. Etter han døydde har huset stått tomt. Eigar er Odd Ivarson Pettersen (1948–) frå hus nr 85.

Bnr 3/5 Seimstrondi. Johannes Nilsson Sandvik (1900–1987) frå Brekke i Ytre Sogn & 1924 Lovisa Olaidtr Stavedal (1903–1987) frå plassen Ospedotten under lnr 59 i Arnafjord sokn hadde borna: Svanhild 1923–28, Olav 1924 (Sverige), Norvald 1925–2003 (hus nr 30 på Vikøyri-Sæbø), Svanhild 1927 (Braskereidfoss), Johan Laurits 1929, Margit 1930 (Bergen), Trygve 1931 (Fjærland), Lilly 1933 (bnr 41/48 på Vikøyri-vest), Eva 1935 (Bergen, sjå hus nr 25 på Vikøyri-Sæbø), Helga 1937 (Bergen), Jorunn 1938 (Solvorn), Bjørg 1940–2003 (Førde), Liv 1941 (Oslo) og Terje 1944 (Raufoss). Johannes og Lovisa overtok bruket Sandvik i Brekke 1924, men då barneflokken voks fram til 1931 vart det tronge tider. Dei flytta fyrst til plassen Ospedotten i Stavedal, sidan til Vik der dei bygde seg hus ved Kyrelvi i 1948. I 1962 kjøpte Johannes bnr 41/41 Solvoll i Villastrøket-Sjøtun på Rulsen og nokre parsellar av Sjøtun. Vik kommune eig no bnr 3/5. Johan Laurits Sandvik (1929) bur i huset i 2003.

Bnr 3/5-1 Seim, 1975. Her var det tidlegare slakteri. Tomta er eigd av Vik kommune. Gunnar Solberg (1935) frå Bergen & 1955 Ingeborg Eide (1932–2001) frå Strandebarn var først busett på bnr 1/145 i Røysane-Sæbø. Gunnar og Ingeborg bygde så hus på denne staden ved Kyrelvi i 1995. Born: Stein Gunnar 1955 (Prestvegen 23 i Prestberget), Per Åsmund 1966 (bnr 1/145 Helgheim i Røysane-Sæbø), Mary Anne 1957 (Voss), Tove 1961 (Voss).