Tomtebu
I 1953 vart det første byggefeltet i Vik planlagt: Tomtebu. Alt vart lagt på dyrka jord. Dette var av den eldste kulturjorda i bygda. Området, og heilt ned til grensa for den gamle strandstaden, området vest for Tomtebu mot hotellet og vidare opp mot Sæbøtunet var i 1864 det største samanhengande åkerområdet i bygda.
Det meste av bustadområdet vart skilt ut frå ein stor parsell av garden Sjøtun, bnr 41/57–1,10 mark, frådelt bnr 41/1 i 1942. Tomtebu vart frådelt samla som bnr 104 Tomtebu 0,40 mark i 1953 og straks frådelt 7 tomter, bnr 41/106–112. Sør i feltet låg to tomter som i 1954 vart frådelt bnr 1/9, eigd av Hans Olai Thorsen. Dette var opphavleg lnr (1+4)g 0,41 spd, selt til garvar Mons Thorsen i 1872. Under Tomtebu tek vi her òg med bnr 1/128, utskilt frå bnr 1/9 i 1961. Vi fører opp bustadane frå nord mot sør.
Bnr 41/109 Grønvoll 0,05 mark. Johan Andersson Andersen v040, v446 (1918–) & 1955 Borgny Marie Olafdtr Atterås (1930–) frå bnr 1/92 på Vetleøyri har: Astrid Johanne 1955 (Høyanger), Jan Olav 1956 (Røysane-Sæbø, så Oslo), Inger Torill 1963 (Førde).
Bnr 41/110 Kristentun 0,05 mark. Martin Andreas Kristenson Christensen v594, v444, v672 (1918–2002) & 1943 Marta Kristiandtr Vangsnes (1918–1992) frå lnr 191c fekk tre born, sjå v672. Huset vart i 2002 skøytt til Jens Kristian Christensen (1944–), før busett i Oslo. Han har kjøpt og fornya fleire hus på Vikøyri.
Bnr 41/108 Solfryd 0,05 mark. Bernt Kristenson Kristensen s112 (1914–1996) frå hus nr 101 på Vetleøyri & 1947 Torhild Matiasdtr Svendsen v682 (1916–2003) frå hus nr 54 var dei fyrste som bygde seg hus på Tomtebu i 1954. Torhild var først gift 1940 med Teodor Olai Vorland (1916–1940). Dei fekk Tordis 1941 (Ovestevegen 27 i Øyane-Grov). Faren døydde før Tordis vart fødd og Torhild flytta tilbake til Vik med dottera. Frå 1968 var arkitektane Vikøren eigarar. I 2001 vart eigedomen skøytt til: Lin Marie Jondtr Vikøren (1970–) frå bnr 1/142 på Skulejordi-Sæbø & 1997 Kjell Arnstein Vikestad (1968–) frå Trondheim. Born: Kajsa 1998, Tord 2001, Viljar 2003.
Bnr 41/112 Vangestad 0,05 mark. Konrad Hansson Lilleøren (1913–1994) frå «Smedhuset» i Røysane-Vange & 1949 Sunniva Knutdtr Sylvarnes (1921–) frå lnr 193d Vangsnes fekk: Bjørg Solveig 1952 (Sandane).
Bnr 41/107 Ristun 0,05 mark. Ivar Ivarson Risløw (1914–1993) frå bnr 39/15 under lnr 122b på Hatlekolo & 1941 Synneva Lie (1921–) frå Aurland har borna: Ingvald Arnold 1943 (Arendal), Kirsten Gunn 1946 (Førde) og Odd Steinar 1952 (bnr 39/15 på Hatlekolo).
Bnr 41/104 Tomtebu 0,05 mark. Nils Jonson Myrkaskog (1921) & 1945 Gunnvor Sveindtr Aase (1921) frå bnr 15/1 Åse har: Ingrid 1947 (Lillestrøm), Marit 1948 (Bergen), Jostein 1949 (Øvste Hopperstadmarki nr 19), Sverre 1951 (Øvste Hopperstadmarki nr 23), Liv 1955 (Askøy) og Nils Geir 1958 (bnr 4/86 under lnr 13e Tenål).
Bnr 41/106 Hovtun 0,05 mark, bygt av N.V.E. og Sognekraft. Bustad for driftsstyrar Nils Fredrik Severin Erlingson Tambs (1917) & 1948 Borghild Louise Georgdtr Larsen (1920–), båe frå Kragerø. Born: Nils Fredrik Severin 1950 (Snarøya i Bærum), Ingebjørg Vibecke 1953 (Oslo), Anne Chatrine 1958 (Trondheim), Gudrun 1960–98. Familien var i Vik 1958–83. Huset vart overteke av Tor Wang (1947–), Askim, & 1970 Bodil Kristensen (1949–) frå Spydeberg. Tor var kommuneveterinær 1976–87. Born: Solveig 1972 (Fredrikstad), Øystein 1973 (Oslo) og Asbjørn 1976 (Murmansk i Russland). Familien bur no på Fagernes. Eigedomen vart kjøpt av Aril Hansson Grønningen (1952–) frå bnr 1/210 i Røysane-Sæbø & 1984 Bjørg Sigrun Borlaug (1956–) frå Feios. Born: Linn 1976 (USA, bnr 41/184-6 Sjøtuntunet) og Andre 1987.
Bnr 41/111 Flatheim 0,05 mark. Olav Jonson Risløw (1921–1993) frå lnr 55 Rislåg & 1949 Gjertrud Oladtr Grønsberg (1925–2004) frå lnr 41b har: Jan Olav 1950 (Bergen) og Osvald 1954. Bnr 41/162 er skilt frå. I 2004 overtok Jan Olav Olavson Risløw (1950–).
Bnr 41/162 Flathun. Osvald Olason Risløw (1954–) & 1978 Gunn Oddrun Oddtr Nyland (1959–) frå Bergen fekk: Yvonne Merethe 1979 (Oslo), Fred David 1981 og Olav Johan 1986. Gunn Oddrun er sonedotter til Durdei 1884 på lnr 53 Gullteigane.
Bnr 1/118 Fridtun 0,12 mark. Likningssjef Haukeland bygde hus på tomta. Eigedomen gjekk i 1959 til Ola Larsson Helleland v626 (1897–1982). Han kom då tilbake frå USA. I huset budde ei tid broren Per Larsson Helleland (1899–1966). Dei var båe ugifte. I 1983 vart det skrive skøyte frå dødsbuet til: Ingolv Olason Fjærestad (1934–) frå Vikøyri v796 & 1960 Martha Marie Ottodtr Svendsen (1941–) frå lnr 98 Midlang. Dei kom frå hus nr 71 på Vikøyri-Sjøtun som Ingolv hadde overteke etter foreldra. Born: Kari 1961 (Osterøy) og Irene 1965 (lnr 38 Nummedal).
Bnr 1/120 Torebu 0,05 mark. Marie Tordtr Thorsen v728, v960 (1911–1998) & 1944 Odd Larsson Helleland v626 (1915–1967) fekk: Leif Tore 1944 (Bergen). Odd var bakar, men frå 1947 dreiv han kiosk ved kaien. Denne kiosken vart 1976 kjøpt av Kjell Brekke. Leif Tore 1944 eig huset.
Bnr 1/128 Arildstun 0,02 mark. 1961. Tomta kjøpt av enkja Aslaug Skagen (1917) frå «Fengslet» i Røysane-Vange og så eigd og busett av: Odd Olavson Skagen (1947–) & 1969 Anne Guri Trygvedtr Schrøder (1948–). Born: Cecilie 1969 (Førde), Mads Are 1972 (bnr 97/236 under lnr 191b Vangsnes) og Joachim 1978 (Bergen).
Meieriet-Sæbø, styrarar og styrarbustad
1937–46. Arne Brigtson Vik (1925–1969) frå Øystese & 1941 Ruth Anfindtr Øen (1912–1989) frå bnr 1/27 i Røysane-Sæbø fekk: Arne Kai 1941–77 (død i bilulukke) og Kari 1942 (Voss). Etter at Arne Vik slutta som styrar starta han smelteostfabrikken Ara i driftsbygningen på Sjøtun. Fabrikken fekk kort levetid. Gerda Brigtdtr Vik (1913) arbeidde på meieriet og budde på loftet på meieriet. Ho har deretter budd i kommunalt husvære.
1946–47. Ove Kristiansen (–) var frå Tresfjord. Han tok over styrarstillinga ved Surnadal meieri.
1947–70. Lars Skeie (1916–1970) frå Herand & 1944 Kirsten Lunde (1921) frå Ålesund. Born: Oddmund 1945 (bnr 2/15 under lnr 6+7 Vange), Egil 1947 (Bergen), Helge 1947–65, Gro 1955 (Rosendal). Gro er gift og skild frå Arne Egilson Sunde (1955) frå bnr 1/130 på Skulejordi-Sæbø.
1971–74. Arne Fridjof Olavson Bø (1926) frå lnr 101a & 1954 Martha Sigurddtr Sildnes (1929) frå Eid, Nordmøre, har: Terje 1955 (Skien), Anne Berit 1956 (Sogndal), Kari 1961 (Oslo). Flytta til Sogndal. 1974–90. Olav Markusson Fosse (1928–1994) frå Strandebarm & 1955 Solveig Redvalddtr Ødegarden (1933) frå Vinstra fekk: Anne 1955 (Sogndal), Per Morten 1960, Stein Redvald 1963 (Sverige). Huslyden bygde hus på bnr 97/84 i Sinklesteinsviki på Vangsnes (overteke av Per Morten). Olav og Solveig flytta til Vinstra. Olav var son til Markus Kristenson Dale (1891–1971) på lnr 21 i Arnafjord sokn.
1990–91. Aksel Larsson Njøsen (1941) frå Bygstad & 1967 Bjørg Haldis Otterås (1942) har: Gro 1969 (Jølster), Lars Hilmar 1972 (København). Huslyden har vore i Byrkjelo sidan 1970.
1991–94. Clement Roaldstveit (1960) frå Ørsta & 1986 Olaug Horstad (1961) frå Naustdal fekk: Eivind 1985, Jørgen 1988, Øystein 1992
Frå 1994. John Inge Ottarson Sørland (1958) frå Nordfjordeid & 1997 Berit Perdtr Ellefsplass (1965) frå Tolga i Østerdalen har: IngerMargrethe 1995, Kari-Anne 1997, Ole-Kristoffer 1998. John Inge har frå før Heidi Elisabeth 1983.