Gjestgjeveriet
Frå 1659 var det gjestgjeveri og kro på Vikøyri. I dette året fekk Per klokkar «bevilgning». Husa stod då på prestebolet sin grunn. Frå først på 1700-talet låg gjestgjeveriet på grunn under lnr 1 Sæbø, og fleire av eigarane av dette bruket var også eigar av gjestgjeveriet. Truleg låg gjestgjeveriet om lag der det gamle Hopstock hotell låg (hus nr 14) eller litt lengre nordaust. Dansken Mads Hansson Sæbye (1640–1734) var klokkar, men fekk i 1708 også gjestgjevarløyve. Han var først gift med Eli Bertildtr (–) og deretter med Sofie Hansdtr Møller (1652–1744). Vi veit om to born med den siste kona: Else Sofie og Hans. I den gamle bygdeboka blir det hevda at Mads fekk løyve saman med dottera Else Sofie. Else Sofie Sæbye (–1771) & 1726 David Fredrik Orning (1697–1772) stod truleg for drifta i om lag fire år. David var klokkar og lærar. Han og huslyden budde i 1760 på Vetleøyri, seinare truleg på Skaffargard (sjå meir under Sjøtun). Frå 1730 vart svogeren Hans Madsson Sæbye (–1774) gjestgjevar. Han hadde òg lnr 1 Sæbø, sjå meir om familie der. I 1764 overlet han til Gjertrud Kristine Hansdtr Sæbye (1736–1798), gift med Henrich Konrad Fesser (1742 ?), og frå 1785 var det Fesser som hadde løyvet. Han var truleg bergensar. Dei fekk: Wilmicke 1770, Hans Levi 1774 og Maren 1776. Dei døydde alle som born. Sersjant Ole Goe Madsson Sæbye (1744–1789) & 1776 Sigrid Oladtr Midttun (1756–1777) frå lnr 189+ 190 Vangsnes fekk neppe born. Han vart attgift 1781 med Karen Christine Grytting (–1798) og dei fekk: Maren Susane 1781 og Birgitte Maria 1783. Ole Goe hadde kanskje stor eige i gjestgjeveriet, og i følgje den gamle bygdebok stemde både han og halvbroren Mads svogeren Fesser for skuld. Det var kanskje ei følgje av dette at Ole Goe overtok som kremmar på Vikøyri. Enkja etter han gifte seg på nytt 1792 med Henrich Martens (1759), ein bergensborgar, og dei fekk Ludvig Oluf 1793–93?. Martens overtok løyvet frå året 1800. Fesser fekk eit slags kår, mellom anna skulle han ha to drammar og ein liter øl dagleg. Enkjemannen Henrich gifte seg før 1801 med Anna Bernhoff Due (1761). Martens kom ikkje godt ut av det med bygdefolket. Dei meinte at han, som dei andre kremmarane før han, plyndra ut folket utan at privilegiet gav tilsikta nytte. Dei reagerte såleis sterkt på at når det kom sildebåtar til Vik, forbaud Martens direkte sal til bygdefolk. Han nytta retten sin til å kjøpa opp lasta og selja vidare til overpris. Martens vart ikkje lenge i bygda, for alt i 1803 overtok Rolf Rolfsen (1768). I 1801 var Rolf kjøpmann i Bergen. Han var då gift med enkja Anna Kuhlman (1762) og dei hadde Else Margrethe 1797. På denne tida var det i alt 12 hus som høyrde gjestgjevarstaden til, og Rolfsen gav 2500 rdl for alt. Områdenamnet «Rulsen» kjem visstnok frå han, men det merkeleg er at det i 1865 ikkje var busetnad på dette området. I 1813 overtok eigarane av lnr 4 Sæbø: Christine Marie Tuchsen (1772–1858) & 1798 Nils Olason Åse (1768–1849). Ho hadde stor arv som gjekk tilbake på oldefaren Anders Daae, og ho og mannen Nils var dugande forretningsfolk. (Sjå meir under lnr 4 Sæbø). Det skal ha vore Kristina som styrde gjestgjeveriet og handelsstaden. I 1830 overtok sonen Ola Nilsson Sæbø (1803–1887) for ei kort tid som kremar og gjestgjevar. Dersom vi har tolka «karakteren» som Ola fekk etter konfirmasjonsførebuing rett, var han neppe i stand til å driva handel. Låg intelligens kan også ha vore årsak til at den store eiga han overtok var borte lenge før han døydde. I 1833 overtok skipskaptein Jens Boalt Pederson Valentinsen (1796) & 1829 Sophie Amalia Dankertdtr Krohn (1808–1866), båe frå Bergen. Valentinsen hadde landhandel og gjestgjeveri på Vikøyri, dreiv med jordhandel og bygde opp eit storbruk på Hove. Storbrannen på Vikøyri starta i det kombinerte bustad- og handelshuset hans. Bygningane som han sette opp att etter brannen, og som alle stod på bygsla grunn, var: Hovudbygningen (hotellet som vart rive i 1972) 2600 spd; sjøbu 600 spd; naust 70 spd; krambu og bakarhus 250 spd; tingstove 200 spd; storfefjøs 60 spd; våningshus 4050 spd; mindre hus 500 spd. Jens hadde neppe born. Han reiste tilbake til Bergen og seinare truleg til USA. Kjøpar av handelsstaden og gjestgjeveriet var: Ole Andreas Hopstock (1815–1870) & 1844 Elisabeth Severine Johan-Hermandtr Krohn (1825–1850). Elisabeth og Sophie var syskenborn. Valentinsen, og føregjengarane hans, hadde hatt handelsprivilegium. Frå 1842 vart handelen friare, og frå 1857 nokså fri, og Hopstock fekk etter kvart konkurrentar som dreiv ulike former for handel. Det vart ein viktig næringsveg for mange som budde på Vikøyri og Vetleøyri. Men næringsdrifta til Ole Andreas og sonen Jens hadde stor innverknad på utviklinga i bygda i over 50 år. Sjå meir under lnr (1+4)a.