Allmenningen 

I matrikkelen i 1906 vart det skrive «den største del af Viks almue» budde i allmenningen (under bnr 42/1). Dette stemmer ikkje med oppgåver ved folketeljinga i 1900. Ein langt større del av strandsitjarane budde då på resten av Vikøyri og på Vetleøyri.

Busetnaden i Allmenningen var først på 1900-talet ikkje så tett som i Sæbø- og Sjøtun-delen av Vikøyri. Vi kan difor lettare samanlikna med kart frå nyare tid, og kan slå fast at bustadhus nr 83, 84 og 91–93 på Ivar Refsdal sitt kart var borte i 1965.

Hus nr 82. Dette var eit hus som hadde vore eigd av Knut Larsson Vikøyri v622, v572 (1802–1878). Saman med eit naust vart det for den nye eigaren taksert i 1907 til kr 320. Andreas Kristenson Vikøyri v586, v102 (1823–1910), korgarbeidar og grisehandlar, & 1853 Inga Bendikdtr Hamnen v120 (1823–1892) fekk: Kristen 1850 (v588), Martin 1853–65, Brita 1854 (sjå v142), Bendik 1860–92. Huset vart mellom 1908 og 1915 overteke av Klemmert Olsen v566 (1866) frå Bohuslän, Sverige, & Maren Marie Nilsdtr (1865) frå Strusshamn. Born: sjå v566. Klemmert var blekksmed, men dreiv òg handel. Huset og eit naust vart i 1922 taksert kr 5500. Huslyden flytta frå Vik i 1924. Huset vart overteke av Øystein Torgeirson Vikøyri v982, v984 (1893–1985) & 1922 Brita Hermunddtr Vikøyri v358 (1893–1984). Born: sjå v984. Huset er eigd av Jens Kristian Martinson Christensen (1944–) frå bnr 41/110 i Tomtebu. Det er restaurert og bli leigd bort.

Hus nr 83. Nils Person Vange v722 (1821–1872) & 1851 Brita Ingebrigtdtr Vetleøyri s076 (1821–1918) fekk fem born, sjå v722. Stova med fjøs og naust vart i 1909 verdsett til kr 200. Omkring 1918 flytta Anna Helgedtr Ovri v110 (1859–1953) inn i huset. Ho var då skild frå Ola Menes, Balestrand. Ho hadde nokre sauer og skaffa seg fôr ved å slå vegkantar. Ho brukte eit skaut som truleg ein gong hadde vore kvitt. Men Anna er eit prov på at ein ikkje treng vaska så mykje for å bli svært gamal. I 1922 vart huset taksert til kr 2500. Huset var overteke av Andrina Oladtr Holane (1883–1965). Mora var husmannsdtr Johanna Andersdtr Holane (1860–1937). «Taong-Andrina» fekk Anton Bertin 1911 med «reisande» Botolv Eirikson Farnes (1888) frå Bergen. Deretter var ho fram til ca 1939 sambuar med Johan Schønning Hansson Balstad (1875). Dei budde på bnr 52/4 på Ådlane i Framfjorden og fekk: Hans 1916 (Bergen, så Bærum), Martina 1918 (Oslo), Jenny 1920 (Oslo), Anna 1921 (Vik, så Oslo). «Balstaen» var skreppehandlar, selde mest vispar og kostar. Andrina kom åleine til Vikøyri. Huset vart rive.

Hus nr 84. Gjertrud Oladtr Finnen v242 (1852–1926) og systera Brita Oladtr Finnen (1844–1920), husmannsborn, var i året 1900 busette på Vikøyri under bnr 42/1. Dei levde av strikking og spinning. Brita fekk frå 1903 litt fattigstønad og i 1914 vart det gitt ekstraløyving til henne og nokre andre på Vikøyri for at skulle få installert elektrisk lys. Hus med stabbur vart i 1909 taksert til kr 100, men i 1922 var verdi av bustad, stabbur og vedahus kr 1500. Huset vart overteke av Francis Fredrikson Olsen v228 (1881–1946), fødd i USA. Foreldre var Fredrik Olason Hopperstad (1824) & Ragnhild Botolvdtr Stadheim (1840–1920). Han kom til Vik i 1928. Frans var ein original som har fått minnetavle på Vikøyri. Huset vart rive ca 1950.

Hus nr 85. Endre Guttormson Vikøyri v252, v220 (1860–1933) & Anna Jakobdtr (1859–1889): sjå lnr (1+4)f i Sæbø. Tre bygningar vart i 1886 taksert til kr 1540. Endre hadde òg ei pakkbu som i 1903 vart taksert til kr 700. Denne bua vart seinare leigd av Knut Styve, sjå hus nr 49. Huset vart ca 1916 overteke av: Endre Hans-Petterson Vikøyri v302, v222 (1887–1974) & 1911 Johanna Ivardtr Hove (1883–1928) frå lnr 77a. Born: sjå v222. Endre tok familienamnet Pettersen. Ivar Endreson Pettersen (1915–1976) & 1941 Gerda Tordtr Borlaug (1916–2001) frå Feios har: Edvin 1941 (bnr 41/134 på Vikøyri-søraust) og Odd 1948 (bnr 41/187 i Sjøtun-tunet). Busett av familie i 2008.

Hus nr 86. Andreas Jensson Løland v098 (1861–1931) frå Hyllestad & 1892 Ingeborg Monsdtr Thorsen v692 (1864–1941) fekk 8 born, sjå v098. Anders var fargar. Familienamnet var Jensen. I 1908 var det taksering av det kombinerte bustad- og fargarhuset: kr 3800. I 1922 var verdien av bustadhuset heile kr 20000. Huset vart overteke av: Jens Andreasson Jensen (1892–1972) & 1918 Eli Oladtr Vikøyri v786 (1896–1967). Dei hadde ikkje born. I den andre enden av huset budde Edvard Andreasson Jensen (1900–1960) & 1946 Brita Johannesdtr Tenold v478 (1901–1976). Dei hadde ikkje born. Huset er i 2008 eigd av Anlaug Sørensen i Bergen, dotter av ein son til Johan Martin 1894.

Hus nr 87. Dette var ei røykstove som Lasse Eirikson Målsnes v632 (1810–1889) hadde. Ola Knutson Sylvarnes v810 (1859–1905) & 1882 Hansina Jondtr Tune (1859–1950) frå Ortnevik overtok. Dei dreiv ei tid eit lnr 62 Alrek. I 1909 var huset noko påbygd og verdsett til kr 650. Born: Kari 1882 (Oslo), Knut 1884–84, Knut 1885–1907 (USA 1903, kom sjuk tilbake), Marta 1888 (Drammen), Johanna 1890–1979 (Fjell, budde i hus nr 87 som enkje), Hans 1892 (USA 1920), Harald Olai 1895 (USA 1814), Johan 1897–97, Johan 1899, Ragna 1901–57 (ugift, Bergen, men kom tilbake). Ola var tambur. Johan Olason Sylvarnes (1899–1989), ugift, overtok. Staden er no feriehus.

Hus nr 88. Nils Knutson Hatlevik (Kvamme) v714 (1852–1947) & Margreta Jondtr Vikøyri v518 (1859–1936) hadde dette huset. Born: sjå v714. I 1922 vart stove og fjøs taksert til kr 4700. Sonen Per selde 1957 til Gustav Georgson Settevik (1923) & 1950 Ellinor Nilsdtr Fedje v724 (1927–2006) frå hus nr 77. Born: Nils Georg 1955 (Fresvik) og Gerd Elin 1962. Huset har bnr 42/12. Gerd Elin Georgdtr Settevik (1962) overtok i 2007.

Hus nr 89. Anders Person Vikøyri v870, v086 (1853–1924), potethandlar i 1875, & 1879 Anna Jondtr Vikøyri v518 (1853–1905) fekk 8 born: sjå v086. «Vossa-Anders» og «Vossa-Anna» sette opp huset i 1879. Det vart flytta frå Tenål. Det hadde fjøs i ein ende og bustad i den andre. Hus nr 89 vart verdsett i 1881 til kr 400. Ved omtakstering i 1909 vart det skrive at huset hadde gått noko ned i verdi, til kr 350. Men i 1922 var takst på bustad, vedahus og naust kr 4600. Olina Andersdtr Vikøyri v086 (1884–1954) overtok. Ho fekk: Agnes Amalie 1905 (v312) med Lars Johan Svendsen (1884) frå garden Sanden i Os ved Bergen og Anna Lovise 1915 (bnr 41/72 i Sjøtunvegen) med gift mann Asle Johanson Liljedahl (1865–1929), busett på bnr 43/1 på lnr 5 Juvik. Huset vart restaurert av Johan Fagerheim, mann til Anna Lovise.

Hus nr 90. Forsamlingshuset Ebenezer bygt av Sivert V. Ulnes v908. (1865–). Huslyd: sjå v908. I 1915 leigde Frelsesarmeen huset. Seinare fekk dei kjøpt det. Det, og fleire naust, vart rive då Strandvegen kom.

Hus nr 91. Brita Larsdtr Vikøyri v608, v148 (1842–1932), «Habna-Lars-Brita», fekk Ingebrigt 1878 (til Florø, sjå òg v354) med Gjert Nilsson Vikøyri v718 (1854–1914). I 1900 var Brita huseigar saman med systera Marta Larsdtr Vikøyri (1842–1924). I 1909 hadde ho òg overteke huset etter Brita Ingebrigtdtr Vetleøyri s076, v146. Det vart uthus. Verdien var kr 350. Hus og uthus vart rive i 1925.

Hus nr 92. Martin Styrkson Vikøyri v928, v676 (1868–1935) & 1894 Sitona Jensdtr Vikøyri v436 (1868–1943) fekk 8 born, sjå v676. Martin var handelsmann og jekteførar. Hus med vedhus og naust vart i 1903 omtaksert til kr 1850. Martin overtok kanskje etter Ludvig Eikaas v652. Jens Martinsen (1900–1953) overtok. Han var ugift. Guttorm Lønberg (1943) frå Lofoten var enkjemann då han kom til Vik i 1989. Han var ei tid sambuar med Magny Andersdtr Stadheim (1948) frå lnr 29. Dei budde i bnr 41/40 i Villastrøket-Sjøtun. Huset vart kjøpt ca 1998. Huset har bnr 42/1-3. Vik Bil A/S overtok i 2007 og dei reiv huset i 2008.

Hus nr 93. Ola Olason Juvik v828 (1788–1844) & 1828 Eli Alfdtr Hola-Seljadalen (1798–1880) fekk 5 born, sjå v928. Systrene Kari Oladtr Vikøyri (1828–1914) og Gjertrud Oladtr Vikøyri (1841–1926) var ugifte og hadde hus saman i 1900. Taksten i 1909 var berre kr 390, men i 1922 kr 1800. «Juvik-Gjertrud» hadde Anna 1867 med Jon Botolvson «Vange» (1837). Om foreldra til Jon: sjå note lnr 31 Stadheim. Anna Jondtr Vikøyri (1867–1955), «Juvik-Anna», overtok huset etter mora. Ho var kjent som ei ordrapp kvinne. Huset er borte.