Svolsvik
Svolsvik (svålsvikji): Svolsvig (1863), Svolsvik (NG, VIK).
Lnr 11 Svolsvik
0,13 spd = bnr 37/12 0,21 mark. Denne buplassen var frå først av husmannsplass under Tryti. I 1801 låg plassen under lnr 108, men av di husmannen kjøpte plassen omkring 1820, fekk han eige løpenr i 1838. Men eiga gjekk tilbake til bruket, og Svolsvik var deretter husmannsplass fram til 1916. I 1845 var det på plassen: 1,1 daa bygg, 1,4 daa potet, 4 storfe, 12 smalar og 2 vinterfôra svin. Den første husmannen vi kjenner til var Hermund Person Tryti (1723–1760) frå lnr 105+106. Han gifte seg 1756 med Ragnhild Andersdtr (1726–1802) og dei fekk Brita 1756 (Lindehagen i Kvamsøy sokn). Ragnhild vart konfirmert i 1747 med tenaradresse Espesete, men gift som «Ovri». Vi trur ho er frå lnr 104 Bø. Paret flytta seinare til Vikøyri v344. Kristen Jonson (1737–1808) & 1769 Anna Nilsdtr Liktvorane (1738–1808) frå plass under lnr 9 vart gravlagde på same dag. Vi finn ikkje dåp av Kristen i kyrkjeboka, han vart konfirmert i 1757 med tenaradressa Svardal og gift med soldatadressa Flete. Born: Kristen 1769–69?, Kristen 1772 (plass lnr 12 Røyrvik), Nils 1776–1810 (ugift), Marta 1781, Anna 1782–82. Sonen Nils var tenar i Svardal i 1801. Marta Kristendtr Svolsvik (1781–) & 1808 Ola Hermundson Bø (1775–1833) frå lnr 101+102 var det første sjølveigarparet på plassen. Born: Anna 1809–15, Hermund 1812–15, Kristen 1814–15, Hermund 1816–52 (spedalsk, døydde i Bergen), Anna 1818 (plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Kristen 1821. Marta vart attgift 1836 med Ola Bendikson Fjærestad (1799–1862) frå lnr 95+97, men han flytta truleg aldri til Svolsviki. Kristen Olason Svolsvik (1821–1856) & 1845 Brita Tollakdtr Kvamme (1822–1891), syster til Kari 1816 på plass under lnr 10 Svardal, var neste brukarpar. Born: Ola 1845 (Øvre Trytisøyna på Bøadalen) og Tollak 1847 (stove under lnr 119 Hopperstad). Kristen hadde vore spedalsk i 8–10 år då han døydde og fekk fattighjelp dei fire siste åra. Brita vart attgift med enkjemann Per Olason Stadheim (1815–) frå lnr 30 og husmann på Fosse. Dei fekk Olina 1864 (Vikøyri v358). Men Brita må ha flytta frå han, for i 1865 var ho tenestejente i Tusviki i Kvamsøy sokn og hadde ungen med seg. Både før og etterpå var nok tilværet svært vanskeleg for Brita. Frå 1877 fekk ho fattighjelp og var då på Vikøyri. Dei to siste åra var ho på legd under namnet «Vika-Brita Tollaksdatter Tryti». Ho døydde på Rosheim. Alf Ingebrigtson Hove (1807–) frå lnr 73 & 1836 Mari Aslakdtr Prestteigen-Svolsvik (1816–) var på Vikøyri, men kom til Prestteigen-Svolsvik ca 1845 og kan ha overteke denne større plassen i Svolsviki ca 1850. Born: Agata 1838 (USA 1858), Ola 1842, Randi 1846–60 (spedalsk), Ingebrigt 1848, Anders 1856. Huslyden reiste til USA i 1861. Hans Olason Nokken (1819–1883) frå Kvamsøy sokn & 1859 Sjurina Andersdtr Kyrkjeteig (1824–1904) frå lnr 55 i Arnafjord sokn kom så til plassen. Born: Anders 1858 (USA 1893), Ola 1860 (Hyllestad), Karl 1864, Eli 1866 (Bruhjelle i Balestrand), Olina 1868. I følgje den gamle bygdeboka budde så Karl Hansson Svolsvik (1864–1942) og systera Olina Hansdtr Svolsvik (1868–1936) på plassen. Dei var båe ugifte. Plassen vart overteken og kjøpt i 1916 av Ola Knutson Geithus (1874–1948) frå lnr 50a & 1906 Anna Larsdtr Finnen (1879–1929) frå lnr 52, og dei bygde nye hus. Før det var dei innerstar på lnr 50a Geithus i Arnafjord sokn. Born: Brita 1906–35, Birte 1908–72 (ugift), Kristina 1909–38 (tuberkulose), Torleif 1912, Anna 1915, Lovisa 1917 (Kvamme i Kvamsøy sokn). I 1926 bygsla kommunen grunn for nytt skulehus. Torleif Olason Geithus (1912–1973) overtok i 1948. Han var ugift, dreiv bruket saman med Birte 1908. Dei hadde 2 kyr, ungdyr, 5–6 sauer og geiter. Torleif var òg fiskar. Bruket vart drive fram mot 1970. Anna Oladtr Geithus (1915–1999), gift med Ludvig Brosvik i Balestrand, overtok eigedomsretten. I 2003 overtok ei dotter, Alfhild Målfrid Skeie (1950–). Ho bur på Karmøy.
Svolsvik skulehus vart kjøpt av lærar Anders Olason Brekke (1903–1972), busett i Gildhus, i 1970. Grunnen er kjøpt. Staden er no eigd av sonen Lars Olav Brekke (1941–). Han bur i Gildhus.
Prestteigen-Svolsvik. Som fleire bruk på Tryti, hadde lnr 126 Grov ein teig som gjekk frå sjøen til eggi. Prestteigen låg heilt inntil soknegrensa mot Arnafjord. Her var ein husmannsplass. I 1816 betalte Aslak Jonson Holane (1766–1838) frå plassen Raudsteinane skatt frå plassen. Han gifte seg 1810 med Ingeborg Oladtr Vikøyri v788 (1772–1850) og dei fekk Mari 1816 (lnr 11 Svolsvik). Då Mari vart fødd, og då Aslak døydde, vart plassen kalla Vigen. Seinare vart namnet Svolsvik brukt. Vi trur at Mari og mann hennar var på denne plassen ca 1845 og at dei noko seinare overtok plassen/småbruket i Svolsviki. Per Monsson Vetleøyri s144 (1834–) & 1859 Brita Botolvdtr Vetleøyri s036 (1823–) kan ha vore på denne plassen. Dei reiste til USA i 1865. Til plassen kom frå Hosanger ca 1864 Johannes Nilsson Øvre Helland (1829–1912) & Randi Andersdtr Nygard (1830–1880), båe frå Modalen. Born: Marta 1863, Nils 1868 (v708), Andreas 1871 (USA), Ragnhild 1873 (sjå note plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Johannes 1873. Ei tid budde også ei syster til Johannes, Randi, på plassen (sjå note). Johannes fekk fattighjelp frå 1908, og i 1912 fekk han og systera Randi felles fattighjelp. Då budde dei truleg saman på Vikøyri, i hus nr 20. På 1930-talet dreiv Torkjel Røyrvik Prestteigen frå Rørvik. Deretter dreiv Ingebrigt Andreasson Røyrvik (1906–1974) & 1931 Borghild Larsdtr Finnabotn (1910–1988) plassen eit par år frå 1939. Han flytta ei stove frå Vikøyri og sette ho opp på dei gamle fjøsmurane. Dei flytta til lnr 53a Finnabotn, sjå der om born. Nils Andersson Fimreite (1888–1971) frå Sogndal var syskenbarn til Torkjel Røyrvik. Han var i USA 1907–32, vart gift og fekk tre born. Han kom inn i religiøse grubleri og vart tvangssendt tilbake til Noreg. Han kom til Røyrviki i 1936, var der nokre år, arbeidde seinare på ulike stader, men hadde huset på Prestteigen som fast bustad frå 1943. I 1948 kom han til sinnsjukeheimen i Tronviki i Kyrkjebø, der han døydde.
I 1972 vart ein del av denne eigedomen under Grov bortbygsla som bnr 40/1-39. Resten er komen inn under Prestteigen-Midlang.
Bnr 40/1-39 vart bygsla til sokneprest Egil Selvåg i 1972 og gjekk i 1975 vidare til Johannes Tuxen Hove som festa vidare i 1985 til Ivar Engan, busett på Flåten frå lnr 1+4 Sæbø. Ivar brende det vesle huset og sette opp hytte på grunnmuren. Han kjøpte eigedomen som bnr 40/78. Grunde Arvidson Engan (1979–) frå bnr 1/160 på Flåten overtok eigedomen i 2005.
Randi Nilsdtr Øvre Helland (1835–1914) kom til Prestteigen-Svolsvik saman med broren Johannes. Ho hadde då med seg dottera Guri 1858. I tillegg fekk ho Hans 1866 med Hans Olason Svardal (1842–1914) frå lnr 10. Dei to borna reiste til USA i 1880. Randi gifte seg 1876 med enkemann Johannes Gullakson Vikøyri v256 (1828–1906). Johannes vart i 1865 kalla for strandsitjar og fattiglem. Men fattigstøtte fekk han først i 1903. Randi og Johannes budde på Vikøyri, sjå v464.