Svardal
Svardal (svardal, svardalen): Suardolum, Swardalir, Swardaler (ca 1320), Sweedall (1603), Suerdall (1611), Suardall (1647), Suardal (1667), Svardal (1723, 1838, 1863, NG, VIK).
Lnr 10 Svardal
4,37 spd = bnr 46/1 6,95 mark. Eigarar: i 1647 Vik prestebol 1,00 laup, Munkeliv kloster 0,50 laupar; i 1723 Vik prestebol 1,00 laup og Per Leganger 0,50 laupar. I 1752 sjølveige på privat-eiga. I 1850 sjølveige på den benefiserte delen. Matrikkelskyld: i 1647 og 1723–1,50 laupar, i 1838–1,67 laupar. Data for 1845: 7,0 daa bygg, 2,8 daa potet, 2 hestar, 14 storfe, 8 sauer, 2 vinterfôra grisar.
Garden Svardal var busett før Svartedauden kom i 1349. Då eigde Munkeliv kloster 10 bol i garden. I 1463 hadde Munkeliv avskrive eiga for di garden låg øyde, men klosteret kom tilbake som eineeigar med 1,50 laup då garden på nytt vart busett. I 1603 og 1611 var Lasse leiglending. I 1645, 1647 og 1655 var Hans Lasseson Svardal (1597–) der. Kona hans i 1645 var Sigrid Bårddtr. Dei hadde truleg Klaus som kom til Ytre Nesse i Kvamsøy sokn. I 1668 dreiv Hans framleis ein laup av garden, og vi merkar oss at det var ein «husmann» på garden, Jon Bårdson (1633–). Det var kanskje ein bror til Sigrid. Anfin Person (1628–) var gift med ei dotter til Hans og dei dreiv resten av garden og hadde sonen Per 1661. I følgje den gamle bygdeboka var Anfin gifte to gonger. I 1701 var han framleis bonde. Born: Per 1661 (lnr 5 Vange), Klaus 1668, Hans 1668–1747 (ugift), Brita (lnr 37+38 Hallsete i Arnafjord sokn), Guttorm 1678, Ivar 1679. Ivar Anfinson Svardal (1678–1729) & Barbra Endredtr Vange(1681–1765) frå lnr 5 bygsla bruket frå 1705. Dei hadde ikkje born. Barbra gifte seg på nytt 1730 med Ola Kristenson Målsnes (1711–1781) frå Kvamsøy sokn. Dei to hadde ikkje born. Ola vart lensmann i 1739. Presten Daae må ha hatt stor respekt for lensmannskona, for ved død vart det skrive i kyrkjeboka at ho hadde levd «et berømmeligt og gudeligt liv». Ola vart attgift med Kari Oladtr Sæle (1737–) frå Kvamsøy sokn og dei fekk: Barbra 1766 (sjå note), Anna 1768–70, Eli 1771 (lnr 12 Røyrvik), Anna 1775, Gyrid 1775 (Eitorn på Leikanger). Enkja Kari gifte seg på nytt 1782 med Asbjørn Sjurson Vangsnes (1746–1810) frå lnr 195. Dei hadde ikkje born. Kari var i live i 1801. Asbjørn hadde fleire tvistar som vart løyste i forliksrådet. Han krangla til dømes med Lasse Botolvson Voll på lnr 80 om ein skogateig i Svardalsmarki, og det var ein tvist om eit jordstykke på Sæle. I 1801 hadde Ola Flete selt 12 tønner poteter som viste seg å vera eigd av Asbjørn. Men då Asbjørn i 1804 nekta å betala løn til skulehaldar Guttorm Knutson Midlang, gjekk saka til retten. Barbra 1766 arva eiga etter faren i Svardal, men det var Anna Oladtr Svardal (1775–1850) & 1808 skulehaldar Hans Person Vange (1773–1835) frå lnr 5 som overtok bygslinga av den benefiserte delen i 1808. Dei dreiv truleg heile garden, og i 1813 skøytte son til Barbra, Ola Sjurson, den sjølvleigde delen til dei. Born: Ola 1807, Kristi 1809 (Eitun, USA 1851), Kari 1812 (lnr 95b Fjærestad, så USA), Per 1814 (sjå note), Brita 1815 (USA 1851). Ola Hansson Svardal (1807–1899) fekk skøyte på bruket i 1837 i skiftet etter faren. Han gifte seg 1841 med Olina Guttormdtr Åse (1818–1855) frå lnr 35 i Arnafjord sokn og dei fekk Hans 1842. Olina døydde under barsel. Det var det åttande dødfødde barnet hennar. Ola vart attgift 1855 med Gjertrud Oladtr Stedje (1812–1899) frå lnr 64. Alt i skiftet etter Olina i 1855 fekk sonen Hans Olason Svardal (1842–1914) heimelen til bruket. Hans 1842 fekk sonen Hans 1866 (USA 1880) med Randi Nilsdtr Øvre-Helland (sjå note under Svolsvik), men alt same året gifte han seg med Eli Helgedtr Røyrvik (1841–1906) frå lnr 12. Born: Ola 1866, Olina 1868–1902 (ugift), Hansina 1870 (Bergen), Johanna 1872, Anna 1876–76, Per 1879 (fekk Olina 1843 med Anna Oladtr Svolsvik, sjå plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Anna 1882–1942 (ugift heime). I 1903 vart bruket frådelt bnr 46/2–1,16 mark. Hovudbruket, bnr 46/1 5,79 mark, vart skøytt til Ola Hansson Svardal (1866–1925). Han gifte seg 1890 med Gjertrud Bendikdtr Fjærestad (1864–1941) frå lnr 95c og dei fekk 8 born: Eli 1891–95, Hans 1893, Birger 1894–1918 (døydde i spanska), Eli 1895 (Ovestevegen 25 i Øyane-Grov), Agata 1897–97, Agata 1902–02, Ola 1904–18 (døydde i spanska), Anna 1909. Hans Olason Svardal (1893–1970) & 1928 Gjertrud Jensdtr Ligtvor (1898–1987) frå lnr 9b hadde bruket frå 1927. Dei hadde ikkje born, men tok til seg Svein Erik 1935 frå Bergen. Han kom til Svardal om sommaren under krigen. Som mange andre byborn kom han til bygda for «oppføding» Han flytta til Svardal 1948–49, tok namnet Svardal og overtok bruket i 1951. Hans og Gjertrud flytta ca 1960 til bnr 45/3 på Liktvorane. Svein flytta til Bergen og son til Eli 1895, Arnfinn Olai Nilsson Finne (1921–2002), hadde bruket 1954–56. Arnfinn busette seg i Ovestevegen 25 i Øyane-Grov. Anna Oladtr Svardal (1909–1973) & 1939 Alfred Amundson Hopperstad (1904–1987) frå lnr 117 overtok drifta. Born: Gerd Oline 1940 (Eivindvik), Amund Johan 1942 (Ski i Akershus) og Birger Olai 1950. Amund Johan Hopperstad (1942–) fekk skøyte i 1956, men har ikkje budd i bygda. I åra 1973–85 dreiv Birger Olai Hopperstad (1950–) bruket. Birger vart så busett i Prestvegen 29 i Prestberget.
Barbra Oladtr Svardal (1766–) & Sjur Person Røyrvik (1758–1790) frå lnr 12 fekk Ola 1786–1823. Barbra vart attgift 1794 med Hans Johannesson Kvamme (1770–1844) frå Kvamsøy sokn. Dei var ei tid på Sæle før Hans overtok farsgarden i Kvamme. Ola 1786 vart truleg oppfostra i Svardal. Han gifte seg 1810 med Guri Perdtr Engum og dei pakta Engum i Kvamsøy sokn.
Per Hansson Svardal (1814–) fekk Olina 1843 (v088) med Anna Oladtr Svolsvik (1818–1865) frå lnr 11og Anders 1853 (v086) med Eli Monsdtr Vetleøyri v190 (1830–1919). Per reiste til USA i 1858.
Bnr 46/2 Jernadn 1,16 mark. Denne parten vart busett 1902 av Per Hansson Svardal (1879–1959) & 1910 Anna Eilifdtr Bungum (1878–1944) frå lnr 15a. Born: Eli 1911 (lnr 14a Nissestad), Hans 1913 (Askøy), Emil 1916 (Bergen), Ingvald 1919 (Fresvik), Birgit Oline 1921 (ugift, Vetlefjorden). I åra 1935–38 vart bruket drive av Ingvald Andreasson Røyrvik (1911–1989) frå lnr 12 & 1933 Anna Hansdtr Hustavenes (1913–2003) frå lnr 50b Geithus i Arnafjord sokn. Huslyden flytta til bnr 68/3 Finnen, deretter til Ovestevegen 13 i Øyane-Grov, sjå om born der. Bruket vart overteke 1938 av Lars Olason Åse (1900–1974) frå lnr 36b i Arnafjord sokn & 1933 Jenny Jensdtr Liktvorane (1900–1945) frå lnr 9b. Dei hadde ikkje born. Lars vart attgift 1947 med Janna Konstanse Underdal (1907–1997) frå Aurland og fekk Olaug Gunnhild 1948. Janna hadde frå før Anna Sofie 1937 (hus nr 78 på Vikøyri-Sjøtun) med Hans Fimreite. På bruket var det fram til 1970 to kyr og 10–12 sauer. Lars dreiv òg vedhogst. Olaug Gunnhild Larsdtr Åse (1948–) overtok i 1971. Ho gifte seg 1983 med Ivar Erlendson Skjerven (1942–1999) frå bnr 38/11 Skjørvo. Olaug har onna 20 dekar og hatt 30–35 sauer.
Husmannsplass
Johannes Arneson «Hove» (1782–) & 1810 Gyrid Perdtr Vange (1776–) frå lnr 5 fekk på Hove Brita 1811 og i Svardal Jon 1813–15 og Jon 1817. Familien blir borte etter 1817. Johannes var uekte son med Brita Johannesdtr Teigum (1752–1824) frå Ovrisdalen som mor, og ein ukjende Arne som far. Brita gifte seg til lnr 75 Øvre Hove. Johannes var dreng på Tenål i 1801.
Hans Person Kvamme (1816–1879) frå Kvamsøy sokn & 1845 Kari Tollakdtr Kvamme (1816–1883), bondedtr, fekk: Helene 1837 (v174), Per 1839 (v870), Anna 1845 (Kvamme), Tollak 1848 (v950), Steffen 1853 (Vetleøyri s210), Nils 1857 (plassen Hatlevik i Kvamme), Sigrid 1860 (s028). Dei tre første borna vart fødde i Kvamme. Kari var syster til Brita 1822 på lnr 11 Svolsviki. Hans var frå plassen Bersteigen, og borna som kom til Øyri fekk dermed seinare tillegget «Bersteig-». Vi merkar oss at Kristen Røyrvik i 1872 sende ei rekning til fattigkassen for å ha halde borna Nils og Sigrid med mat i 4 skuledagar.