Skulen-Grov

Skulen er eit område av Grov som har namnet sitt etter den første skulebygninga for Flatbygdi. Etter kvart vart det vanleg også å kalla dei to husmannsplassane i området for «Skulen». Personar som budde der fekk forklarande tilleggsnamn som «Skule-Ola» eller «Ola i Skulen». For å letta identifisering av området legg vi til gardsnamnet som området høyrer under. Det har vi òg gjort for nokre andre område, som «Moane-Grov» og «Røysane-Vange». Eit jordstykke av Sæbø nord for «Skulen» vart kjøpt av kommunen som jordbruksjord for lærarar. Det fekk også skulenamn: «Skulejordi». Av di denne jorda ikkje låg under garden Grov, blir busetnaden der omtalt for seg, etter garden Grov.

Plass 1. Til plassen kom Amund Andersson Vikøyri v022 (1795–1888) & 1834 enkja Gyrid Hermunddtr (Grønsberg) Sæbø (1788–1848) frå plass 5 Sæbø. Dei hadde ikkje born. Amund gifte seg på nytt 1849 med Anna Tordtr Linde (1803–1880) frå Kvamsøy sokn. Heller ikkje dei hadde born. I 1859 betalte fattigkassen eit opphald for Anna på sjukehus i Bergen. I 1865 var det: 2,1 daa poteter, 8 smalar og ein vinterfôra gris på plassen. Då budde skreddar Jon Guttormson Brennene (1845–1922) også på plassen. Jon hadde Unni Jondtr Brennene (1818–1856) frå lnr 97 Brennene-Fjærestad fått med Guttorm Botolvson Hatlekolo (1822–1889). Unni fekk fattighjelp i nokre år etter fødselen. Ho vart spedalsk og døydde på St Jørgen Hospital i Bergen. Guten vart frå 1848 plassert for fostring hjå Amund. Jon gifte seg 1870 med Marta Jakobdtr Skulen-Grov (1840–1914) frå plass nr 2 og dei fekk: Unni 1871 (Rugsund i Nordfjord), Brita 1874–77, Anna 1876–1931 (ugift, Bergen), Jakob Bartolomæi 1879, Ola 1882 («Smedhus» i Røysane-Sæbø). I 1902 fekk Jon kjøpt plassen: bnr 40/14 0,17 mark. I 1885 var Amund Andersson komen på legd. Det kosta kr 109,50 per år. Dette meinte heradstyret var ei for dyr ordning, for Jon var viljug å pleia han for kr 80,00 per år og slik vart det. I 1850 bygde kommunen på ei høgd på skulehuset. Der vart det banklokale og heradstyresal og Amund vart «vaktmeister» og vaskehjelp i sparebanken. Denne stillinga overtok Jon, og i ei jubileumsbok for banken får dei båe heidrande omtale. Småbruket vart skøytt til Jakob Jonson Grov (1879–1951). Jakob hadde både ku, sauer og gris, og han hadde eigen snikkarverkstad ned mot Hopra. Jakob var ugift, men fekk Peder 1919 med Kari Perdtr Øksdal (1881–) frå lnr 3 i Vangsnes sokn. Kari tok guten med seg til Skarnes i Akershus. I 1955 hadde broren Ola Jonson Grov (1882–1966) i Røysane-Sæbø heimelen og i 1957 overtok dottera, Marta Oladtr (Grov) Skjerven (1910–2000). Ho var gift til lnr 113 Skjørvo. I 1969 overtok ei dotter til Marta og ho har busett seg på eigedomen. Ingebjørg Oladtr Skjerven (1950) & 1983 Helge Johan Bjordal (1953) frå Høyanger har: Martha 1984, Leif Olav 1985, Jakob 1988–2007, Dag 1991.

Plass 2. I 1801 var Ola Ivarson (1776–) & Kari Knutdtr (1748–1806) husmannsfolk med jord på ein plass under Grov, men dei hadde då ikkje born som var heime. Kari var truleg frå Givre, Vang i Valdres. Ola døydde kanskje som soldat med stadnamnet Vikøyri i 1807. Deretter kom husmannsson Anders Person Limmesand (1791–1837) & 1819 Marta Nilsdtr Tistel (1793–1822) frå lnr 91+92. Dei hadde ikkje born. Anders vart attgift 1822 med Brita Sjurdtr Røysane-Sæbø (1794–1843) frå plass under lnr 3 og dei fekk: Marta 1823–54, Per 1825 (sjå note), Sjur 1827 (USA 1853), Styrk 1829, Gjert 1832 (USA 1853), Ola 1834– 34, Ola 1836. Brita var spedalsk, vart innlagt på St Jørgen Hospital i 1841 og døydde der. Til plassen kom i 1838 Hermund Jonson Brennene (1810–1846) frå lnr 97 Brennene-Fjærestad. Han gifte seg 1839 med Gyrid Oladtr Vikøyri v758 (1812–1895) og dei fekk: Jon 1838 (v510) og Anna 1844 (v450). Etter at Hermund døydde, vart truleg Gyrid buande på plassen nokre år, men flytta så til son sin på Vikøyri. Frå 1893 fekk ho fattighjelp. Det kom nye folk til plassen omkring 1850. Jakob Bartolomæi Andreasson Vikøyri v094 (1806–1882) & 1833 enkja Borghild Perdtr (Høgheim) Sæbø (1802–1868) frå Fresvik (sjå plass 3 Sæbø og v884) fekk borna: Styrk 1833 (v928), Andreas 1836 (v096), Marta 1840. Borna var fødde i Sæbø, truleg på ein husmannsplass. I 1865 hadde Jakob og Borghild guten Hans Bartolomæi 1865 med seg på plassen i Skulen. Hans hadde Marta 1840 fått med Anders Ivarson Moane-Grov (1846–) frå Samuelplassen. Anders reiste til USA i 1866. Marta gifte seg til den andre plassen i Skulen, men Hans voks opp hjå bestefaren. Jakob gifte seg på nytt 1869 med Brita Ivardtr Vikøyri v394 (1823–1892). Dei fekk ikkje born. I 1889 selde enkja Brita husa til Hans Bartolomæi 1865. Han overtok då bygslinga. I 1865 var det 2,8 daa poteter, 4 kyr, 12 smalar og 1 svin på plassen. Hans Bartolomæi Andersson Grov (1865–1934) & 1887 Gjertrud Nilsdtr Vikøyri v722 (1863–1937) fekk: Jakob 1888, Nils 1891 (USA 1907), Brita 1894 (USA 1914), Martin Johan 1896 (USA 1914), Birgit 1898 (bnr 34/14 under lnr 96 Fjærestad), Ingebjørg 1900–89 (mest heime), Harald 1903 (bnr 40/25), Guttorm 1905 (USA 1927). I 1902 fekk Hans kjøpt plassen og som fekk bnr 40/13 Grov 0,50 mark. I tillegg kjøpte han eit marka- og liastykke av Føli i Klyv i 1893, bnr 6/22 0,39 mark. Han dreiv plassen og var skomakar, men pakta frå 1899 òg prestegarden. Jakob Hansson Grov (1888–1963) & 1921 Anna Marie Hansdtr Bø (1891–1981) frå lnr 103a fekk borna: Hans 1922, Hilmar 1926 (lnr 103a Bø), Arne Johan 1930 (sjå note), Kari 1934 (til lnr 11 Seim). Jakob bygde først hus på bnr 36/17 Svingen i Bø ca 1925, men overtok småbruket i Grov i 1930. Der hadde dei 3–4 mjølkekyr og 10–12 smalar. Hans Jakobson Grov (1922–2008) var ugift. Han overtok bruket i 1965 og var den siste brukaren.

Per Andersson Grov (1825–1866) & 1851 Agata Oladtr Gildhus (1828), fekk Anders 1849. Dei reiste til Amerika 1851.

Arne Johan Jakobson Grov (1930–1979) var ved universitetet i Bergen. Han var gift med Bergljot Endredtr Brekke Fjærestad (1932) frå lnr 88a Brekke.

Bnr 40/25 Fredheim 0,05 mark vart frådelt bnr 40/13 som kårhus i 1931. Eigedomen vart overteken av: Harald Hansson Grov (1903–1980) frå bnr 40/13 & 1934 Olina Perdtr Fosse (1909–1946) frå lnr 34. Born: Hans 1934 (Naustdal i Sunnfjord), Per 1936 (Ovestevegen 17 i Øyane-Grov), Gjertrud 1939 (Bergen), Agnar 1942 (bnr 26/75 i Moane-Hove), Helga 1945 (Vikhamar i Trøndelag, gift med Anders Gjervan), Ole Steinar 1946–47. Laila Perdtr Grov (1974) frå Ovestevegen 17 & 1998 Svenn Egil Ansgarson Finden (1969) bygde nytt hus der huset til Harald og Olina stod. Om Svenn Egil: sjå bnr 64/2-1 under lnr 42 Nese i Arnafjord sokn. Born: Ragnar 1999 og Erling 2002.