Skulejordi-Sæbø
Lnr 3b Skulejordi (Klokkarjordi) 0,22 spd = bnr 1/26 0,24 mark. Dette er eit område vest for riksveg 13 mellom Skulen og Villastrøket-Sjøtun. Jorda vart kjøpt av kommune i 1851 av lnr 3. Der kom kommunehuset. Lærar og klokkar Ola Rasmusson Furrevik (1824–1890) & Gjertrud Johannesdtr Lågøy (1829–1878) var båe frå Eivindvik. I 1865 var det 3 daa poteter, 2 kyr, og 10 smalar på bruket. Born: Johannes Mathias 1855 (USA 1880), Gerhard 1856, Rasmus 1858, Johanna Birgitta 1861–77, Ola Kristoffer 1863–82, Lauritz Møldrup 1867. Alle borna vart fødde i Vik.
Anders Jørgenson Sværen (1879–1953), frå Sværefjorden & 1907 Brita Andersdtr Sæbø (1879–1969), skreddardotter frå hus i Røysavegen-Sæbø, fekk 6 born som livde opp. Anders var lærar og budde i Vik til ca 1917, deretter i Indrefjorden. I 1927 kjøpte Anders småbruk bnr 60/8 i Åsberget. Sjå meir der. I 1915 var lærar og klokkar Ivar Rognaldson Hopperstad (1865–1938) & 1896 Ingeborg Johannesdtr Dale (1874–1962) busett på Skulejordi. I 1923 kjøpte Ivar tomt i Villastrøket-Sjøtun, bnr 41/10, og huset vart flytta dit. Sjå der om born.
Bnr 1/230. Kommunal lærarbustad som i 1960-åra var busett av lærarekteparet Ivar og Eldri Nesbø. Dei kom til Prestvegen 28 i Prestberget. Huset vart i 1983 busett og seinare kjøpt av: organist Øivind Johny Eilivson Netland (1956–) frå Hagavik i Os ved Bergen & 1982 Irene Pauldtr Flatjord (1955–) frå Trondheim. Born: Torbjørn 1982, Asgeir 1987, Håvard 1990, Bård 1996. Familien flytta til Trondheim årsskiftet 2004/05. Kjøpt av Tove Lislelid (1962–), som er skild, sjå bnr 30/13 under lnr 88a Brekke.
Bnr 1/131 Sæbø I 0,02 mark, 1961. Erling Olason Fjærestad (1926–1994) frå Vikøyri v796 & 1952 Anna Jondtr Seljestø (1925) har: Gerd 1953 (bnr 97/170 i Salbu på Vangsnes) og Inger 1954 (Blaker i Akershus). Huslyden flytta inn i 1963. Om foreldra til Anna: sjå note lnr 42 Seljestø.
Bnr 1/142 Arkbo I 0,01 mark, 1962. Jon Ivarson Vikøren (1931–2004) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø & 1954 Dagny Bergljot Hunshammer (1929) frå Høyanger har: Gyrid 1956 (Skedsmokorset, sjå òg bnr 97/171 i Salbu, Vangsnes), Urd 1958 (Fredrikstad), Dagmar 1960 (bnr 40/44 i Gildhus), Hild 1962 (bnr 2/66 på Vange-aust), Eir 1964 (Stord) og Lin Marie 1970 (bnr 41/108 på Tomtebu på Vikøyri).
Bnr 1/129 Skulesnippen 0,02 mark, 1961. Tor Person Hovland (1895–1974) frå lnr 4a i Vangsnes sokn, lærar og klokkar, & 1934 Signe Steinsnes (1905–1988) frå Haugesund fekk: Per 1935 (Fredrikstad), Knut Johan 1937 (lnr 4a Hovland), Bjarne Sigurd 1939 (Kristiansand), Åsmund Kåre 1941 (Naustdal) og Berit Åshild 1943 (Stord). Gudrun Sofie Jondtr Lilleøren (1914–2008) var i teneste hjå Hovland-familen i 27 år og var busett i huset til 2006. Om foreldre: sjå hus nr 102 Vetleøyri.
Bnr 1/132 Sæbø II, 0,02 mark, 1961. Eigd av Vik kommune. Reidar Steffensen (1907–1985) frå Kristiansand, & Maja Margareta (1910–2000) frå Sverige fekk: Ove Reidar 1944 (Bergen) og Ulla Margareta 1945 (Lier). Reidar var dyrlege.
Bnr 1/130 Sundetun 0,02 mark, 1961. Egil Sunde (1911–1995) frå Jølster & 1944 Karen Tuxen Jondtr Vikøren (1914–2000) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø har: Rasmus 1944 (Balestrand), Jon Berge 1945 (bnr 97/37-3 i Tråna på Vangsnes) og Arne 1955 (Rosendal). Huslyden var i Jølster 1944–61 der Karen var jordmor. Dei vart så busette i Vik. Huset vart selt til Oddvar Jonson Hauglum (1930) frå bnr 51/1 under lnr 16 Holane i Arnafjord sokn, ugift, og broren Olav. Olav Jonson Hauglum (1928) & 1996 Berta Kjellaug Oladtr Aase (1932) frå bnr 60/6 under lnr 35 Åse i Arnafjord sokn var båe gardbrukarar då dei gifte seg.