Villastrøket-Sjøtun

Dette området ligg vest for riksveg 13 og nord for det gamle kommunehuset. Her vart det i 1906 skilt frå ei villatomt. I 1915 vart ei ny tomt fråskilt, og 1921–24 vart 13 nye villatomter fråskilde og busette. Desse tomtene var så store at det var plass til ein liten frukt- og bærhage. Det var nokså velståande familiar som busette seg der, og dei sette opp store bustadhus i to høgder og dei hadde i tillegg uthus.

Bnr 41/2 Tingvoll 0,04 mark. Det var Anders Hansson Tenål (1857–1941) frå lnr 13e & 1902 Brita Oladtr Tryti (1872) frå plassen Øvre Trytisøyna som busette seg her ca 1907. Dei fekk borna: Harald 1902, Olaf 1906 og Kristian 1908. Sønene tok familienamnet Thingvoll. Anders var kalla «Svardalen» og sønene «Svardalskaradne». Anders var først handelsbetjent i Forbruksforeningen, men starta opp eigen butikk rett etter brannen i 1922, først i eit privathus (hus nr 1) før han bygde forretningshus på Vikøyri-vest (bnr 40/6), men gjekk konkurs i 1925. I 1931 flytta han forretninga til eit nybygg på Rulsen, bnr 41/41. Det var Harald Andersson Thingvoll (1902–1965) som formelt lenge var eigar av bnr 41/2, men det var bustad for: Olaf Andersson Thingvoll (1906–1994) & 1941 Sigtona Johandtr Tenol-Tuxen (1918) frå lnr 15e Tenål. Dei vart eineeigar i 1967. Born: Arnljot Bjørn 1941 (Lørenskog), Jan 1943 (Sandnes), Bjørnhild 1948 (Øvste Hopperstadmarki nr 15) og Arild 1955 (Øvste Hopperstadmarki nr 26, så Nedenes, Arendal).

Bnr 41/4 Frydenlund 0,06 mark. Huset var bygt av Lloyd George Clarke. Han var gift med Marta Lassedtr Stadheim (1875–1946) frå lnr 31. Dei var i USA, men Marta og borna budde i lange periodar i Vik. Eigedomen var kjøpt av Ragnhild Nilsdtr Refsdal (1886–1963) frå ein bustad under lnr 58 og før busett i hus nr 26 på Vikøyri-Sæbø. Ho gifte seg 1929 med Thormod Edvardson Liljedahl (1885–1962). Thormod hadde overteke bruket i Hamnen etter foreldra. Dei to flytta frå kvarandre. I 1958 vart eigedomen skøytt til: Ivar Andersson Seim (1902–1970) frå hus under lnr 10a Seim & 1934 Birte Eirikdtr Turvoll (1902–1992) frå lnr 45b. Born: Arne 1934, Solveig 1940 (bnr 26/21 Hove). I 1975 overtok: Arne Ivarson Seim (1934–1990) & 1974 Hildur Teigland (1945) frå Osterøy. Dei fekk: Arnhild 1975–2000. Hildur hadde Torhild 1973 (Sogndal) frå før. Jan Erik Eirikson Brekke (1938) frå bnr 40/6 på Vikøyri-vest & 1962 Gunnlaug Kristiandtr Sørevik (1945) frå bnr 59/13 under lnr 33a Valsvik i Arnafjord sokn har: Jan Kristian 1962 (Nessane) og Terje 1971 (Molde). Tidlegare budde dei på Indre Nesse.

Bnr 41/9 Solhaug 0,12 mark. Huset vart bygt ca 1921 av Karl Johannesson Orvedal (1881–1938) frå lnr 22a på Teigum på Ovrisdalen & 1906 Birte Ivardtr Tenål (1873–1940) frå plass 1 under lnr 13. Før dei kom til Sjøtun hadde dei drive småbruket på Teigum. Dei to var barnlause. Eigedomen vart 1940 skøytt til Anna Andersdtr Tryti (1905–1988) frå hus på lnr 10 Seim. Ho hadde Kåre 1929 med Olaf Samuelson Moane-Grov (1901–1957). Kåre Olafson Seim (1929) & 1966 Astrid Ivardtr Refsdal (1933) frå lnr 60 har: Anne Guri 1966, Beate Kristin 1969 (bnr 37/45 under lnr 105 Tryti) og Geir Inge 1971 (bnr 41/184-6 i Sjøtun-tunet).

Olina Andersdtr Fjøsne (1920–) frå Sagøy i Skjolden & 1944 Ingvald Kristianson Høgheim (1911–1974) frå Høyheimsvik i Luster var barnlause leigebuarar. Ho var i mange år styrar ved telefonsentralen i Vik. Han fekk i 1951 skøyte på barndomsheimen og var mykje der. Olina vart seinare busett i bnr 41/58 på Vikøyri-vest. Ho flytta til Luster i 1980. I nytt hus på eigedomen bur: Anne Guri Kåredtr Seim (1966) & 2000 Vidar Person Fosse (1965) frå lnr 34a. Barn: Kristian 1998–98, Helene 2000–02 og adopsjon: Elise Ling 2002 og Synne Ming 2007.

Bnr 41/10 Solvang 0,09 mark. Tomta vart frådelt 1923 og lærar og klokkar Ivar Rognaldson Hopperstad (1865–1938) frå lnr 124 & 1896 Ingeborg Johannesdtr Dale (1874–1962) frå lnr 22 i Arnafjord sokn flytta huset dei eigde på bygsla grunn på Skulejordi-Sæbø til denne staden. Born: Ragnvald 1897–1971, Dagny 1900, Thorild 1902. I 1933 fekk Dagny Ivardtr Hopperstad (1900–1990) skøyte. Ho var gift med Simon Jakobson Røyset (1892–1961) frå Selje. Han dreiv ei tid farsgarden, men var frå 1938 forskar ved Fureneset forsøksgard i Askvoll. Dei var mykje i Vik, men var ikkje fast busette. I 1981 vart eigedomen skøytt til Torild Simondtr Røyset (1932) & Hermund Hustveit (1921). Dei budde i Førde. I 1991 gjekk eigedomen til: Tore Martin Olavson Røyrvik (1959) frå Sjøtunvegen 12 & 1980 Astrid Einardtr Bolstad (1958) frå Skjolden. Born: Kristin 1980 (Bergen), Odne 1984 og Ingrid Elina 1988. Familien hadde først bnr 97/210 i Salbu under Vangsnes. Tore eig òg bnr 47/1 Røyrvik.

Bnr 41/11 Solvoll 0,06 mark. Huset var bygt av Ingvald Sjurson Husabø (1897–1963 frå Leikanger & 1919 Fredrikka Ola-Tuksendtr Vange (1895–1983) frå plass 7. Born fødde i Vik: Anna 1920, Arne 1921, Kitty 1923, Sture Tuxen 1930. Ingvald dreiv prenteverk, sjå òg hus nr 25 Vikøyri. Huslyden reiste til Leikanger, og eigedomen vart 1931 skøytt til skreddar Jon Olavson Tenål (1895–1974) frå lnr 13e & 1931 Anna Larsdtr Vik (1902–1989) frå Kvam. Dei hadde ikkje born. I 1990 overtok Nils Egil Leifson Sandvoll (1958) frå bnr 39/36 under lnr 123a Hopperstad & Tove Brit Solberg (1961). Dei flytta til Voss og selde til: Helge Hansson Hansen (1965) frå hus nr 44 på Vikøyri-Sæbø & sb Kari Johanne Ingvalddtr Målsnes (1971) frå Øvste Hopperstadmarki nr 1 i Prestberget. Born: Isabel 1996 og Susann 1998.

Bnr 41/12 Kveldskvile 0,06 mark, 1926. Lars Jensson Gjerløv v610 (1843–1936) & Ingeborg Guttormdtr Fretheim (1856–1951) frå Aurland, fekk: Anna 1885– 1973 (Bergen), Jens 1888 (Narvik) og Guttorm 1891 (Bergen). Dei bygde hus her etter huset deira på Vikøyri-vest brann ned i 1922. Seinare har mange budd i huset, men det var eigd av Gjerløv-familien. Ola Lasseson Lee (1921–1955) & Klara Edvarddtr Normann (1920) fekk: Berit 1950 og Egil 1952. Om dei: sjå note lnr 20a Le. Huslyden budde her på 1960-talet.

Bnr 41/15 Flatetun 0,06 mark, 1924. Bjarne Martin Jonson Hove (1891–1977) frå bnr 1/5 i Røysavegen-Sæbø & 1918 Mari Johannesdtr Tenål (1896–1972) frå bnr 3/6 Tønderbruket på Seim fekk: John 1919–1982 (Vik), Gunvor 1921 (hus nr 18 på Vikøyri-vest), Inga 1923, Reidar Johannes 1926 og Arvid Håvard 1934 (Høyanger, så Bergen). Inga Bjarne-Martindtr Hove (1923–1996) & Ivar Andersson Vikøren v040 (1916–) busette seg i Høyanger. Inga vart attgift og flytta til Trondheim. I 1983 skøytte arvingane til Reidar Johannes Bjarne-Martinson Hove (1926). Han er ugift. Frå 1960 har han eigd forretningsbygget bnr 1/73 på Vikøyri-vest.

Bnr 41/17 Fagerheim 0,10 mark. Tomta vart frådelt 1924 og busett av Hans Olason Kvamme (1878–1962), gardbrukarson frå Kvamsøy sokn & Ragnhild Margrethe Adamdtr Munthe Reutz (1893–1977) frå Bergen. Far til Ragnhild var dampskipsførar i utanriksfart ved teljinga i 1900. Hans var då skomakar på heimgarden, men i Vik arbeidde han for politimeister Riisnes. Born: Anna Lucie 1920–2001 (Sauda/Sandnes) og Hans 1931 (Egersund). Familien flytta til Leikanger ca 1936. Frå ca 1939 var busett i huset: Oluf Andersen v862 (1897–1971) frå Voss & 1922 Ingeborg Rekve (1899–1980) frå Bulken. Born: Hermann 1922 (Årdal), Nils 1926 (Årdal), Arne 1928 (Årdal), Gunnar 1930 (Høyanger), Agnar 1934 (Høyanger). Oluf var typograf. Huslyden kom til Vik 1932 og flytta til Høyanger 1947. Huslyden budde først i hus nr 25 Vikøyri-Sæbø. I 1958 vart eigedomen skøytt til Hans Kvamme jr og systera Anna Lucie. Karl Ingvaldson Tønjum (1910–) var ugift hybelbuar her ei tid, seinare på bnr 41/4. Han var poststyrar i Vik frå ca 1945 til 1977 då han flytta tilbake til Tønjum.

Bjartmar Eivindson Tjønn Rinde (1973) frå bnr 97/28-2 i Tråna, Vangsnes, & 1998 Jorunn Åsfrid Magnedtr Røyrvik (1972) frå bnr 97/161 i Salbu, Vangsnes, overtok. Born: Eirik Magnus 1999, Anne Birthe 2002 og John Bjarte 2006.

Bnr 41/18 Kveldheim 0,06 mark, 1924. Her vart busett: Anna Oladtr Tryti (1875–1954) frå Øvre Trytisøyna. Ho var ugift. I 1863 arva broren Ola Olason Tryti (1882–1932) eigedomen og så overtok brorsonen Ola Kristenson Tryti (1911–1985), også frå Øvre Trytisøyna. Vik Sparebank vart eigar og i 1987 vart eigedomen skøytt til banksjef Kjell Jostein Person Bø (1954) frå lnr 101a & 1977 Anne Sofie Bolstad (1955) frå Bolstadøyri. Born: Bjarte 1977 (Vik), Jan Arild 1982 (Voss), Siv Hege 1984 og Birte 1987. Huslyden flytta til Voss og staden vart selt Vik sparebank, som leiger ut til banksjef Mads Arnfinn Indrehus (1967) frå Voss & sb Trude Undebakke (1967) frå Bærum. Dei har: Per Andreas 2002.

Bnr 41/19 Grønvold 0,10 mark. Huset vart kanskje bygt av T. B. Clarck. Han skøytte i 1947 til Finn Martinson Larsen v674, v228 (1910–1966) & 1937 Agnes Bremerthun (1907–1978) frå Hafslo. Born: Munde Arnstein 1940–41, Marit 1942 (Balestrand) og Solveig 1945 (Voss). I 1978 gjekk eigedomen til Thorleif Thorvaldson Thorsen (1946–) frå lnr 2c = bnr 1/3 på Vikøyri & 1977 Marit Elisabeth Haaland (1948) frå Bergen. Om Thorleif: sjå i innleiinga under kapitlet Vikøyri. Born: Thale-Charlotte 1973 (bnr 61/7 under lnr 38 Hallsete i Arnafjord sokn), Siri Elisabeth 1978 (Fosnavåg) og Claus Eugen 1983.

Bnr 41/22 Kvilheim 0,12 mark, 1926. Syskena Anders Olason Tenål (1891–1962) og Fredrikka Oladtr Tenål (1892–1986) frå lnr 13e bygde huset. Andres var snikkar og gift 1942 med Marie Johandtr Hauglum (1904–2000) frå lnr 17a i Arnafjord sokn. Dei hadde ikkje born. Huset er overtek av to søner til Oddvar og Astrid Tenold på lnr 13e: Hjalmar 1955 og Tore 1961. Dei bur på Austlandet og leiger ut til: Ivar Roaldson Grov (1978) frå bnr 97/177 i Krossen og Kalviki på Vangsnes & sb Lillian Gunnardtr Tistel (1981) frå lnr 99c på Midlang. Ho har frå før Adrian 2001.

Bnr 41/23 Øyjord 0,20 mark. På denne tomta, frådelt 1926, bygde Knut Larsson Styve (1894–1952) hus. Men då han gjekk konkurs, vart eigedomen ved tvangsauksjon i 1937 selt til Olav Jonson Thune s196 (1909–2007) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø. Deretter budde huslyden til Styve i hovudbygningen i Hamnen. Olav gifte seg 1930 med Brita Jondtr Grønsberg (1909–1983) frå lnr 15k Tenål. Born: John 1930 (bnr 1/65 på Vetleøyri), Arne 1931 (USA, sjå 41/33) og Sigurd 1934 (bnr 1/124 på Vetleøyri), sjå òg bnr 1/65 under Vetleøyri. Arne 1931 fekk skøyte i 1982.

Bnr 41/31 Rulsheim 0,03 mark, 1933 + bnr 41/49 0,05mark, 1940. Kristian Helgeson Hopperstad (1899–1966) frå bnr 39/21 på Hatlekolo & Kari Omvik (1902–1985) frå Dimmelsvik i Kvinnherad fekk: Bjørg 1928, Hilmar 1931 og Martin 1933. Kristian var bakar og han hadde ei tid utsal i huset. I 1968 overtok Martin Kristianson Hopperstad (1933). Han skøytte i 1974 til: Johannes Larsson Findebotten (1913–1996) & 1937 Ingeborg Eirikdtr Kyrkjeteig (1911–2003). Dei kom frå hus nr 70 Vikøyri-Sjøtun. Dei hadde ikkje born. I 2003 overtok Agnar og Gjertrud Orvedal. Dei er busette i Prestvegen 16 i Prestberget.

Bnr 41/33 Fredheim 0,02 mark. Her bygde jordmor Magna Vikdal (–) hus. I 1947 kom også bnr 41/88 Fredheim I 0,01 mark inn under eigedomen. I 1951 overtok bakar Kristian Andersson Seim (1914–1980) frå hus under lnr 10a & 1945 Gudrun Danielsen (1917) frå Bergen. Dei fekk: Terje Arild 1947 (lnr 33a Valsvik i Arnafjord sokn). I 1976 overtok Terje Arild Kristianson Seim (1947). Men han var busett i Valsvik. Huset vart 2004 kjøpt av Arne Olavson Thune (1931) frå bnr 41/23 i Villastrøket-Sjøtun. Han har flytta tilbake frå USA.

Bnr 41/40 Sygnatun 0,07 mark. Denne tomta vart frådelt 1938 og busett av heradsagronom Hermund Endreson Haukenes (1893–1977) frå Fresvik & 1938 Randina Larsdtr Valsvik (1897–1996) frå lnr 29 i Arnafjord sokn. Barn: Håkon 1942 (Lakselv i Finnmark). Randina hadde òg Brita 1923, sjå note lnr 29. Håkon Hermundson Haukenes (1942) overtok 1989, men var ikkje busett der. Rune Bodvar Wold (1943) frå Bergen & 1969 Inger Johanne Hanssen (1948) frå Senja kjøpte i 1997. Dei kom frå lnr 67 Ovri. Born: Inger Lise 1970 (Moss), Solveig 1971 (Sandane), Evelyn 1974 (Byrkjelo), Jon-Rune 1981 (Moss).

Bnr 41/41 Solvoll 0,05 mark. På denne tomta bygde Anders Hansson Tenold forretningshus. (Om huslyden sjå bnr 41/2.) I 1939 overtok sønene Harald 1902, Olav 1906 og Kristian 1908 butikken. Dei vart kalla «Svardalskaradne».I 1950 vart Olav 1906 eineeigar. Opp gjennom åra hadde det vore fleire utpantingar, og i 1961 overtok Kristian 1908 ved auksjonsskøyte. Ved skifteskøyti i 1962 gjekk denne eigedomen og bnr 41/59 til Johannes Sandvik (1900–1987). Han var busett på Seimsstrondi (Vetleøyri) og leigde bort huset. Frå buet etter dei i 1988 gjekk eigedomen til Stig Bjørkum (1962–). Ei tid dreiv Ivar Halset pub og restaurant her. Huset vart så selt til: Lars Botolvson Finden (1961) frå bnr 68/4 under lnr 52 Finnen & 1994 Laila Eline Gunnardtr Lilleøren (1970) frå bnr 4/69 under lnr 15e Tenål. Born: Vilde 1992 og Jon Alexander 1994. Denne huslyden har Finnen som fast bustad. Laila Eline overtok i 2002.

Bnr 41/51 Brekkevang 0,04 mark, 1942. I 1974 bygde Edvin Erlendson Skjerven (1947) frå bnr 38/11 Skjørvo & 1968 Kirsten Solheim (1948) frå Ålvik hus på tomta. Born: Jarle 1969 (Hammerfest), Solfrid 1972 (Sogndal) og Elin 1979. I 1883 overtok dei foreldrebruket hans under lnr 114a Skjørvo.

Bnr 41/53 Brekkevang I 0,04 mark, 1942. Olav Ellendson Brekke (1903–2001) frå lnr 88b var ugift. Huset frå 1960-talet vart overteke av: Olina Jondtr Tenold (1930) frå lnr 18b Tenål & 1968 Johannes Sigmund Andersson Helle (1940) frå Bjørvikstranda i Gaular. Dei budde på Osterøy, men flytta til Vik i 2001. Born: Jarle Johan 1968 (Åsane, Bergen), Arild Håkon 1970 (Osterøy).

Bnr 41/55 Tunjordet 0,10 mark, 1942. Jørgen Nilsson Husabø (1901–1945) frå Leikanger & 1939 Karina Ørbech Svedal (1911) frå Leikanger hadde Magnhild 1940 (Sogndal). Dette huset er kjøpt av Anne Gro Stadheim (1965), sjå lnr 13e Tenål.

Bnr 41/50 Brekketun 0,04 mark, 1940 + bnr 41/54 0,20 mark, 1942. Ivar Ellendson Brekke (1905–2005) frå lnr 88b & 1943 Anna Oladtr Hove (1911–1995) frå bnr 16/1 bygde huset. Dei fekk Erlend 1943 (Kjeller, USA i 10 år, Sola). I 1976 var eigedomen skøytt til borna: Vigdis Anita 1966, John Ivar 1973 og Anna Marie 1975. Erlend har òg: Monica 1983 og Michel 1985. Erlend Ivarson Brekke (1943) overtok i 2007.

Bnr 41/197. Her bygde Vik Samyrkjelag bustad, men staden har for det meste har vore utleigd til andre enn tilsette i laget. Frå august 1992 var Frode Svedhaug styrar ved Vik samyrkelag. Han budde der og var styrar 4–5 år til den nye styraren, Halvor Larsen, overtok. Han bygde bustad på bnr 40/45 i Gildhus.

Eigedomen vart i 2007 selt til enkja Anna Andersdtr (Fosse) Fjærestad (1924–). Ho kom frå Ovestevegen 2 i Øyane-Sjøtun.