Gard nr 40 Klokkargard/Skaffargard
Eigar: Kongen i 1647, frå 1666 Ivar Leganger, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae og Marie Daae Leyrdahl. Matrikkelskyld i 1647, 1665, 1723, i 1768 og 1838 0,33 laupar. I 1803 var det 5,5 daa bygg, 1 hest, 4 mjølkekyr og 12 sauer på bruket.
Klokkargard var eit småbruk som kanskje var identisk med Aldinhage frå før Svartedauden. Namnet Klokkargard gjekk ut av bruk etter at garden var blitt privateigd og vart deretter kalla Skaffargard. Bruket låg vest for Hopra, nær sjøen. Etter utskifting kom mykje av jorda inn under eit Sæbø-bruk, deretter under lnr (1+4)a som handelsmann Hopstock eigde og dreiv. Seinare vart dette småbruket Hamnen.
I 1647 var Johannes oppsitjar. I 1658 vart det skrive at Lasse Klokkargard «eijer intet». I 1665 var staden øydegard og vart brukt av soknepresten Ivar Eirikson Leganger. Jordvegen var då skadd både av fjellskred og flaum. Kanskje framstelte Leganger tilstanden dårlegare enn han var for å få kjøpt eigedommen til låg pris. I 1701 var Eirik Johanson (1630–) på staden, men denne gamle mannen var neppe bonde. Dei som dreiv garden no var Sylfest Person Hønsi (1658–1733) & Dortea Eirikdtr (1660–1739). I 1701 hadde dei sonen Per 1697. Frå først på 1700-talet kjem stadnamnet Skaffargard fram, noko som viser at Sylfest og sonen Per dreiv skyss. Det var kanskje mest presteskyss til annekskyrkjene. Per Sylfestson Skaffargard (1697−1764) & 1728 enkja Ranghild Sjurdtr Sæbø (1698−1765) frå lnr 2 fekk Marta 1730. Ragnhild hadde med seg sonen Endre 1721 frå første ekteskap i Sæbø. Endre var utplassert soldat i Skaffargard då han i 1747 gifte seg med med Brita Kristofferdtr Hove (1721−1771) frå lnr 73. Dei var så omlag eitt år på lnr 99 Midlang, der dei fekk Ola 1748, men som døydde same året. I 1750 fekk Endre og Brita bygsling på lnr 13 Limmesand, men ca 1765 overtok dei bygslinga av lnr 20 Ytre Le i Arnafjord sokn. I manntalet frå 1762 finn vi framleis Per og Ragnhild under Skaffargard, men då som fattige legdefolk.
Endre 1721 vart buande på Skaffargard også etter han vart konfirmert i 1740. Sist på året 1746 vart han trulova med Brita Kristoffedtr Hove (1721–) frå lnr 73. Då kom det fram at dei ikkje hadde med seg to vitne, slik det skulle vera. Dessutan var Brita nær fødsel og dei måtte ha kongeleg løyve for å gifta seg på grunn av slektskap. Dette slektskapet kunne ikkje vera nærare enn tremenningar. Først på året 1747 vart Brita og Endre vigde. Endre var då soldat og var plassert i Skaffargard. Litt seinare på året 1747 vart sonen Ola døypt. Dei var då busette på lnr 99 Midlang, der bonden Anfin var gift med Brita Oladtr Feidje (1705–1753). Ho var frå Feios, men likevel syskenbarn til Brita Kristofferdtr. Brita Midlang fekk fem born, men som alle døydde same året dei vart fødde. Same skjebnen fekk også Ola 1747, for han blir borte for oss. Eg merkar meg at av fadrane var tre av Daae-Tuxen-slekt, så personleg motvilje kunne ikkje liggja bak reprimandane under trulovinga.
Brita og Endre kom i 1750 til lnr 13 Limmesand og familien flytta deretter til Le.
Den barnelause enkja Marie Daae Leyrdahl (1720–1799) arva mellom anna Skaffargard etter at Anders Daae døydde i 1763. Ho busette seg på småbruket. Ho tok til seg ei dotter til systerson kaptein Christian Fredrich Tuchsen (1740–1781). Namnet var Karen Tuchsen (1767–1835). Ho kom som småjente til Skaffargard frå Sæbø etter at mora Margrete Marie Rye (1738–1773) døydde. Karen arva Marie Daae. (Vi legg til at ei syster til Karen, Christine Marie 1772, arva og busette seg på lnr 4 Sæbø). For Marie var nok småbruket meir ein bustad enn ein leveveg. I 1796 vart det kjøpt rettar for stølsdrift i Kvassdalen i hennar namn, men vi reknar med at det var pleiedottera som ordna med dette. I 1801 dreiv Karen og mann hennar Skaffargard. Det var framleis eit småbruk, men likevel hadde Karen 7 personar i teneste: «husjomfru» Schiøneman, 3 tenestejenter og 3 drenger. Sjå meir under lnr 127 Sjøtun.