Øyane-Grov

Tollak Eirikson Kvist (1859–1946) frå Kvamsøy sokn & Ingeborg Tollakdtr Koldingsnes (1868–1944) frå plassen Teigen var på plassen Hovden under Ytre Nesse, så på Kvist før dei bygde hus i skråninga i Øyane. Born: Anna 1894 (Bergen), Ivar 1895 (Bergen), Helene 1897–1929, Erik 1900 (USA), Johan 1904–33, Ingeborg Terese 1907–67 (Bergen), Kristiane 1909– 86. Helene fekk Anna Sofie 1924 med Lars Ingebrigtson Tryti (1890–1968) frå plass under lnr 108.

Lars Andersson Rysjedal (1877–1946) frå Hyllestad & 1909 Mathilde Botolvdtr Koldingsnes v136 (1884–1968) frå Vikøyri budde på Vetleøyri og Vikøyri, frå ca 1920 i Øyane nær Ovestevegen 17. Born: Borghild 1910–1995 (Høyanger), Albert 1911–87 (Høyanger), Anton 1914, Lilly Marie 1917–2002 (Høyanger) og Kristoffer 1924 (Voss). Sønene tok etternamnet Sognnes etter nabogarden Sågnes i Hyllestad. Anton Sognnes (1914–1996) overtok. Han var ugift. Huset er rive.

Ovestevegen 11–27

Nr 11. Bnr 40/1-21. Sognekraft bygde, og huset var 1974–81 busett av el-sjef Kolbjørn Sigurdson Kloppen (1937–) frå Sjoa i Gudbrandsdalen & 1961 Bjørg Einardtr Hjelmestad (1936–) frå Gausdal. Born: Kathrine 1967 (Bergen), Solveig 1971 (Oslo). Per Arne Person Refsdal (1968–) frå lnr 59 & 2003 Sidsel Solheim (1969–) frå Luster kjøpte huset. Dei har ikkje born.

Nr 13. Bnr 40/1-12, 1964. Ingvald Andreasson Røyrvik (1911–1989) frå lnr 12 & 1933 Anna Hansdtr Hustavenes (1913–2003) frå bnr 50b har: Svanhild 1933 (Rennesøy), Brita 1936 (Årdal i Ryfylke), Agnar 1941 (Hundvåg), Inger 1944 (Stavanger) og Hallfrid 1955 (Kleppestø). Ingvald og Anna dreiv først bnr 46/2 Jernadn under lnr 10 Svardal og deretter bnr 68/3 i Finnen før dei kom til Grov. Bustaden er kjøpt av Omar Person Helleland (1972–) frå lnr 62 Undi og som kom frå bnr 39/35 under lnr 124 Hopperstad.

Nr 15. Bnr 40/1-13, 1964. Erling Knutson Stavedal (1911–1988) frå bnr 73/2 under lnr 59 i Arnafjord sokn & Ragnhild Rognalddtr Sæle (1904–1986) frå Kvamsøy sokn fekk: Eldbjørg 1941 (Ovestevegen nr 17), Kari Reidun 1944 (bnr 40/48 i Gildhus), Klara 1946 (bnr 3/38 under lnr 9 Seim). Huslyden dreiv foreldrebruket i Stavedal til 1954 då dei flytta til Vik. Terje Jonny Arneson Tveit (1965–) frå Hatlevegen 13 i Prestberget & 1987 Liv Hege Perdtr Grov (1966) frå Overstevegen 17 overtok. Dei har: Vegard 1988, Ørjan 1991 og Ingvild 1994. (1936) frå bnr 40/25 i Skulen-Grov & 1964 Eldbjørg Erlingdtr Stavedal (1941–) frå Ovestevegen 15 har: Liv Hege 1966 (Ovestevegen 15), Eva Renate 1968 (bnr 1/27 i Røysane-Sæbø), Laila 1974 (bnr 40/25 i Skulen-Grov).

Nr 17. Bnr 40/1-14, 1964. Per Haraldson Grov (1936–) frå bnr 40/25 i Skulen-Grov & 1964 Eldbjørg Erlingdtr Stavedal (1941–) frå Ovestevegen 15 har: Liv Hege 1966 (Ovestevegen 15), Eva Renate 1968 (bnr 1/27 i Røysane-Sæbø), Laila 1974 (bnr 40/25 i Skulen-Grov).

Nr 21. Bnr 40/1-20, 1967. Oddbjørn Helgås (1940) frå Naustdal i Sunnfjord & 1961 Margit Olafdtr Atterås (1937–) frå hus nr 95 på Vetleøyri har: Tove 1960 (Nedste Hopperstadmarki nr 9 i Prestberget), Ingunn 1962 (Feios), Bente 1964 (bnr 1/180 i Røysane-Sæbø), Oda 1965 (Florø) og Siv 1967 (bnr 1/145 i Røysane-Sæbø).

Nr 25. Manglar bnr. Nils Arnfinnson Finne (1878–1958) frå Voss & 1921 Eli Oladtr Svardal (1895–1975) frå lnr 10 fekk Arnfinn Olai 1921. Nils hadde skreddarverkstad på Vikøyri. Arnfinn Olai Nilsson Finne (1921–2002) & Marta Aas (1922–2007) frå Aurland overtok huset og fornya det. I åra 1954–56 dreiv dei lnr 10 Svardal.

Nr 27. Bnr 40/1-3, 1926. Eit hus vart flytta til denne staden av: Brita Andersdtr Hopperstad (1889–1941) & Olaf Person Sandnes (1895) frå Lærdal. Om foreldra til Brita: sjå note lnr 117 Hopperstad. Olaf var arbeidar. Då ho døydde, var mannen med 7 born i Vik: Anna 1916, Ingeborg 1918, Borghild Oline 1921, Aslaug 1923, Liv 1927, Per 1930, Solveig 1933. Olaf flytta med born til Årdal. I 1965 overtok: Borghild Oline Sandnes (1921–1969) & 1941 Alf Kristian Wahl (1921–1982) frå Kristiansund. Born: Britt Marie 1941 (Asker, sjå note lnr 192b Vangsnes), Else Karin 1948–2007 (Feios) og Ann Elin 1960 (Øvre Årdal). I 1998 vart tomta kjøpt som bnr 40/84. Huset vart rive og nytt oppsett av: John Sjurson Grønsberg v914 (1939–) frå Vikøyri-Sjøtun & 1961 Tordis Olaug Vorland (1941–) frå bnr 41/108 i Tomtebu på Vikøyri. Born: Bjarne Sigve 1962 (Ås i Akershus), Jostein 1963 (Haugesund) og Gunn Tove 1975 (Oslo).