Limmesand

Limmesand (limmesand, limesand): Lindesand (1603), Limesand (1611), Lemmesand (1647, 1667, 1723), Limesand (1838), Limmesand (1863, NG, VIK).

Lnr 13 Limmesand

4,01 spd. Eigarar: I 1647 Munkeliv kloster, i 1723 Blixencrone, deretter oberst Coucheron, Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt etter 1802. Matrikkelskyld: 1,25 laupar i 1647 og 1668, 1,58 laupar i 1723 og 1838. Jordbruk i 1845: 14,6 daa bygg, 2,1 daa potet, 1 hest, 17 storfe, 20 smalar, 20 geiter, 2 vinterfôra svin.

Etter øydetida var Limmesand busett på nytt i 1603 av Jørgen. I 1611 heitte brukaren Ørje og i 1626 Johannes. Den siste var i 1645 gifte med Brita Guttormdtr og hadde sønene Lasse og Ola med seg på bruket. I militærrullar frå 1655 finn vi to Johannes-søner: Ola og Helge. Omkring 1650 overtek Lasse Johannesson Limmesand (1617–) drifta. Vi veit om sonen Guttorm 1649. Neste leiglending av truleg Guttorm Lasseson Limmesand (1649–). Anna Andersdtr (1655–1736) vart kalla danekvinne då ho døydde, og ho må ha vore gift med Guttorm. Neste brukar var Johannes Guttormson Limmesand (1670–1727), men han flytta med huslyd til Gildhus i Vik. I 1711, 1718 og 1723 var brukaren Lasse (1670–1737), og av di verfar hans budde på bruket i 1711, trur vi han kan ha vore gift med ei dotter til Guttorm. Deretter kom Lasse Klausson Alrek (1693–1734) frå lnr 62 til bruket. Lasse hadde ein bror, Anders, som vart husmann på garden. I følgje den gamle bygdeboka var Lasse gift med Lussi Tolleivdtr (–) og dei fekk Ragnhild 1731. Brita Lassedtr vart konfirmert 1749. Enkja Lussi gifte seg på nytt med Bjørn Hansson Geithus (1697–1749) frå lnr 50 og han fekk bygsel på bruket i 1735. Dei fekk Hans 1733–33. I 1750 overtok Endre Olason «Skaffargard» (1720–1785) & 1747 Brita Kristofferdtr Hove (1722–1771) frå lnr 73 bygslinga. Born: Gjertrud 1750 (lnr 20 Le), Synneva 1751 (lnr 19 Le), Ragnhild 1754–80, Gjertrud 1756 (lnr 29 Valsvik), Lussi 1760 (lnr 58 Hanekam), Kari 1762. Huslyden var på bruket i 1763, men flytta så til lnr 20 Le. Frå lnr 6 Vange kom Halvar Nilsson Ovri (1709–1788) f & 1737 Anna Tordtr Ovri (1716–1782) med fleire born fødde på lnr 68 Ovri og på Vange. Dei to yngste døydde på Limmesand: Bendik 1754–64 og Ola 1659–71. Dottera Bothilda vart husmannskone på Limmesand. Under Ovri har vi skrive at Halvar truleg måtte forlata bruket der på grunn av drikk og svir. På Vange gjekk det kanskje betre, og i tida på Limmesand vart det ikkje innført refs i kyrkjeboka. Nils Halvarson Ovri (1750–1804) frå lnr 68 & 1774 Randi Oladtr Midttun (1749–1824) frå lensmannsgarden lnr 189+ 190 Vangsnes overtok som leiglendingar. Born: Tor 1775, Per 1777–79, Anna 1779 (lnr 56 Kinni), Halvar 1782 (plass under bruket), Ragnhild 1788 (lnr 57 Sylvarnes), Sigrid 1788, Bothilda 1792 (lnr 9 Liktvorane). Av den gamle bygdeboka ser vi at Nils låg i strid med Johannes Ellingson Åse om beiterett på Eitrastrondi. Eit par år seinare var dei òg i slagsmål. Tor Nilsson Limmesand (1775–1830) & 1806 Brita Sjurdtr Hallsete (1783–1837) frå lnr 38 hadde borna: Anna 1806 (død før 1831), Nils 1808, Sjur 1810 (Nord-Noreg, lnr 18b Flete, så plass 1 på Nese), Anna 1813–20, Brita 1815–15, Per 1816, Ola 1819, Randi 1821–93 (ugift), Johannes 1823 (lnr 24a Dale, så lnr 40a Frettheim), Brita 1825 (USA 1867). Om borna: sjå note. Ingebrigt Ivarson Vikøyri v364 skal ha overfalle Tor på skjærtorsdag i 1822 etter preika. Men Tor må ha vore ein snill mann, for Ivar skulle få behalda ein vadmålstrøye som han hadde lånt av han og veden som han hadde hogge i skogen hans. Dessutan betalte Tor sakskostnadene i forliksrådet. I 1824 skulle Tor betala tilbake eit lån til Hermund Sjurson Voll på lnr 81. Hermund hevda det var 5 spd, medan Tor påstod det berre var 1 spd. Men til slutt betalte han 5 spd. Nils Torson Limmesand (1808–) & 1836 Kari Guttormdtr Åse (1813–) frå lnr 35 fekk på Limmesand borna: Tor 1837, Marie 1840, Guttorm 1843, Bertinus 1846. Deretter fekk dei: Anders 1849, Nikolas 1853, Elling 1856. I 1846 selde dei garden ved deling og reiste til Nord-Noreg. Kjøparar var to karar frå Modalen. Lnr 13a 2,01 spd gjekk til Nils Nygard og lnr 13b 2,00 spd til Anders Steinsland.

Nils Torson Limmesand og kona Kari flytta mykje. I 1846 reiste dei til Ibbestad i Troms. Der nord fekk dei to born til: Andreas 1849 og Nikolai 1852. I 1855 kom Nils og Kari med seks born attende til Vik, og dei busette seg på Liktvorane. På Liktvorane fekk Kari og Nils sonen Elling 1856. Men i 1859 reiste heile familien, mann, kone og sju born, på nytt til Nord-Noreg. I 1875 utvandra dei derifrå til USA. Brita Tordtr Limmesand (1825–) fekk Tor 1854 med Elling Olason Vikøyri v764. Brita reiste til USA i 1867 med Tor og mora Brita Sjurdtr. Sjur 1810, Per 1816, Ola 1819 og Randi 1821 reiste alle til Nord-Noreg. Ola og Sjur reiste i 1844, men i 1846 kom Ola heim att før han i 1846 for nordover att med brørne Nils og Per. I 1846 var Ola heime att og gifte seg med Brita Oladtr Finnen (1818–) frå lnr 52. Brita døydde der nord utan at ho og mannen hadde fått born. Ola gifte seg oppatt og fekk 12 born i det nye ekteskapet. Randi 1821 kom tilbake og døydde på Nese. Sjur 1810 kom og tilbake, og i 1848 gifte han seg med Ingeborg Gunnardtr Mjølsvik (1814–) frå Kyrkjebø og dei to reiste nordover. Dei to eldste borni Birte 1849 og Sigrid 1851 er ikkje fødde i Vik. Men i 1853 er familien komne til plass 1 på Nese, og der får dei fire born: Anna 1853–76, Olina 1855 (USA), Tor 1858–72 (drukna) og Ola 1863–63. Sjur 1810 døydde som fattiglem på Nese i 1890, og enkja Ingeborg reiste til Amerika i 1893 med dotteri Olina.

Lnr 13a Limmesand 2,01 spd = bnr 48/1 2,75 mark. I 1865 var det på bruket: 5,5 daa bygg, 1,4 daa potet, 1 hest, 22 smalar, 12 geiter og ein vinterfôra gris.

Nils Simonson Nygard (1823–) frå Modalen kjøpte dette halvbruket i 1845, alt i 1848 kom han med familie til lnr 18cd Flete i Arnafjord sokn. Kjøpar var: Jens Olason Juvik (1810–1870) frå lnr 5 & 1846 Hansina Perdtr Linde (1826–1895), bondedtr frå Kvamsøy sokn. Born: Synneva 1846–1922 (ugift, fattiglem), Per 1848, Ola 1850 (plass nr 6 Vange), Karl 1852 (lnr 14b Nissestad), Guri 1855 (lnr 14a Nissestad), Elling 1857–57, Elling 1858–58, Elling 1860 (USA 1879), Birte 1865 (sjå note), Marta 1865–65. Per Jensson Limmesand (1848–1911) & 1876 Johanna Helgedtr Røyrvik (1850–1932) frå lnr 12 fekk borna: Jens 1877–77, Jens 1878, Helge 1882 (lnr 13b), Elling 1883 (Kvamme i Kvamsøy sokn), Sjur 1885–1950 (USA 1910, deretter hus nr 67 på Vikøyri), Hansina 1887–1955 (ugift, bustad på Tenål), Per 1889–1948 (ugift skomakar, USA 1910, deretter Vik, sjå: bnr 34/15 på Balvoll, bnr 39/30 på Hatlekolo og hus 32 på Vikøyri-Sæbø), Johanna 1891 (til Lavik). Husa på eigedomen låg i Limmesandhagen, og for Per vart etternamnet Hagen bruk, truleg for å skilja han frå Per på det andre bruket. Jens Person Limmesand (1878– 1950) & Lovisa Anbjørndtr Kvamme (1878–1961) fekk borna: Johanna 1906, Borghild 1910 (til Feios), Astrid 1916 (til Kvam i Hardanger), Petra 1918–42 (døydde av blindtarmbetennelse), Per 1920–30 (døydde av difteri). Johanna Jensdtr Limmesand (1906– 1991) & 1934 Ivar Guttormson Tistel (1909–2002) frå lnr 99c Midlang tok over i 1942. Før det hadde Ivar eigd og drive foreldrebruket på Midlang. Born: Guttorm 1935 (Kristiansund), Jens 1943, Liv Berit 1947 (Sogndal). Jens Ivarson Tistel (1943–) & 1971 Kari Hess (1941–) frå Hafslo overtok i 1977. Born: Ivar 1974, Jørgen 1975 (Lillehammer), Joar 1977. Ivar Jensson Limmesand (1974–) & sb Toril Øyan (1977–) frå Hønefoss var busett på Limmesand i 2004. Ho har i 2007 flytta til bnr 41/198, Ovestevegen under Øyane.

Birte Jensdtr Limmesand (1865–1947) & 1894 Tor Tolleivson Alrek (1861–1932) frå plassen Slåttekvina fekk Thea 1895. Huslyden reiste til USA i 1897.

Lnr 13b Limmesand 2,00 spd = bnr 48/2 2,73 mark. I 1865 var det på bruket: 6,7 daa bygg, 1,4 daa potet, 1 hest, 8 storfe, 23 smalar, 10 geiter og 2 griser.

Anders Knutsen Steinsland (1814–1885) & Kari Larsdtr Nedre Helland (1820–1888), båe frå Modalen, hadde borna: Anna 1846, Lars 1849 (USA 1871), Karl 1852 (sjå note), Bertinus 1854 (USA 1875), Brita 1858 (lnr 58a Hanekam), Anders 1861 (Bergen, USA 1887). Anna Andersdtr Limmesand (1846–1915) & 1879 Per Rognaldson Sæle (1845–1904) frå Kvamsøy sokn fekk: Marta 1882, Rognald Andreas 1885 (Høyanger), Anna 1892 (USA 1923). Per drukna på fjorden. I 1885 hadde han vore med då båten deira velta utafor Limmesand. Då berga han dottera Marta, men faren drukna. Bruket vart i 1909 skøytt til Marta Perdtr Limmesand (1882–1952) & 1909 Helge Person Limmesand (1882–1941) frå lnr 13a. Born: Anna 1910–60 (ugift tenar), Johanna 1911 (bnr 61/1 Vollavik), Petra 1914 (ugift, Øvre Årdal), Hilda 1916 (Sogndal), Per 1918–18, Per 1919–30, Astrid Karoline 1921 (Nord-fjordeid), Aaslaug 1925. Aaslaug Helgedtr Limmesand (1925–2008) & 1951 Asbjørn Vaage (1924–2006) frå Stolmen, Austvoll i Hordaland, overtok i 1952. Born: Margot 1952 (Leikanger), Helje 1953 (Tromsø).

Karl Andersson Limmesand (1852–1906) & 1880 Synneva Larsdtr Nese (1848–1893) frå plass 9 fekk: Anders 1880 (USA 1900), Kari 1881 (lnr 24a Dale), Lars 1883 (lnr 15a Bungum), Marta 1887, Anna Marie 1889 (USA 1908). Marta 1887 fekk Sigvald 1900 med sjømann Ola Olason Rømme. Ho vart seinare gift og busett på Austlandet. Då borna vart fødde, vart Karl kalla innerst, husmann eller arbeidar. Familien var busett på Limmesand. Men då Karl vart attgift i 1895 og kjøpte lnr 15a Bungum, flytta huslyden til Bungum. Sjå meir der om born i andre ekteskap.

Husmenn i Limmesandhagen

Johannes Jakobson (1668–) var innerst på Limmesand i 1701, og det var truleg han som vart oppførd som husmann på Limmesand i 1723. I 1701 hadde han sonen Guttorm 1696. Guttorm Johannesson Limmesand (1696–) vart i 1728 kalla husmann. Han fekk tre born på Limmesand, men flytta før 1730 til Hovsviki.

Marta Johannesdtr Limmesand/Gildhus (1699–1778) & Hans Bendikson Refsdal (1698–1780) frå lnr 59 fekk på Limmesand: Marta 1729 og Gjertrud 1730. Dei kom så til lnr 2 Sæbø og lnr 62 Undi og fekk der: Magdeli 1732, Bendik 1736–36, Bendik 1737, Johannes 1737 og Alis 1743. Sjå under Undi om borna.

Anders Klausson Alrek (1699–1772) frå lnr 62 & 1735 Ragnhild Hansdtr Geithus (–1788) frå lnr 50 var husmannsfolk på Limmesand. Born: Anna 1736–1752, Lasse 1739.

Bothilda Halvardtr Limmesand (1741–1781) frå lnr 13 & 1776 Amund Endreson Valsvik (1742–1800) frå lnr 33 fekk Anna 1776. Dei kom til Fjærestad i Balestrand. Han vart attgift 1782 med Tora Oladtr Kvam (1743–1816) frå Aurland. Amund hadde òg Johanna 1767 med Ingeborg Andersdtr Valsvik på lnr 30.

Per Johannesson Vikøyri v492 (1750–1808) & 1781 Gjertrud Andersdtr Vikøyri v074 (1753–) var i 1801 plassfolk utan jord i Limmesandhagen. Born: Sigrid 1780 (plass Linde), Gjertrud 1783–83?, Marta 1787–91, Gjertrud 1789 (plassen «Skårane», Kollangsnes i Kvamsøy sokn), Anders 1791 (plass nr 2 i Skulen-Grov), Marta 1793 (v260), Synneva 1796–1819.

Halvar Nilsson Limmesand (1782–1836) & 1812 Sigrid Rognalddtr Åse (1786–1864) frå lnr 34 i Arnafjord sokn fekk 9 born: Randi 1813, Rognald 1815 (Bergen), Anna 1818 (USA 1844), Sigrid 1820–25, Nils 1822 (Bergen), Anna 1825, Sigrid 1827 (plass Hyllestad), Lars 1829–29, Ragnhild 1830 (Skjeldestad i Sogndal). Sigrid hadde òg Johanna 1809 med Knut Jonson Hellane (1781–1861) frå lnr 26 i Arnafjord sokn. Johanna kom til Hyllestad. Fattigkassen betalte i 1859 opphald for Sigrid Limmesand på sjukehus i Bergen. Ho kom på legd frå 1861.

Hans Hansson Nese (1780–1844) frå plass nr 19 & 1812 Guri Halvardtr Bungane (1788–1845) frå lnr 15 fekk: Gjertrud 1812 (Senja), Ola 1820 (plass Røyrvik), Kari 1824–99, Sigrid 1831 (plassen Nygjerdet i Kyrkjebø). Dei var plassfolk på Nese, men kom til Limmesand før 1830. Kari 1824 fekk Hans 1860 (USA 1880) med Mons Ivarson Vetlesand (1831–) frå plassen Slåttane. Om Kari: sjå plass i Øyane-Sjøtun.

Randi Halvardtr Limmesand (1813–) & 1844 Kristen Kristenson Røyrvik (1817–) frå plass under lnr 12 fekk: Eli 1843 og Kristina 1845–46. Huslyden reiste til Senja 1846.

I 1865 var Ola Ingebrigtson Dale (1786–1881), frå ein plass under lnr 23, husmann utan jord på Limmesand. Han gifte seg 1812 med Brita Hansdtr Le (1787–1842) frå lnr 19 og dei fekk: Ingebrigt 1810 (plass under lnr 23 Dale), Synneva 1813 (plass lnr 12 Røyrvik), Hansina 1820 (lnr 30 Åse-Arnafjord). Ola vart attgift 1845 med Ingeborg Ingebrigtdtr Dale (1800–1860) frå plass under lnr 23 og tredje gong 1863 med Solveig Jondtr Vangsnes (1830–1898) frå plass nr 33. Saman med den første kona si var Ola truleg på ein plass på Dale. Der vart òg sonen Ingebrigt husmann. På Vikøyri var namnet «Alme-» knytt til desse folka. Det er usikkert om dette går på Almeplassen på Dale eller om plassen på Limmesand også hadde dette namnet. Ola og Solveig flytta til Vikøyri, sjå v520. Det var lurt av Ola å få seg ei så ung kone, for i 1877 vart det skrive i fattigprotokollen at «de naturalydelser der 1877 var tillagt Ole Ingebrigtsen Limmesand, er af ham ikke benyttet». Den 95-år gamle mannen døydde utan å ha fått fattighjelp, medan Solveig, etter søknad frå sonen Jon, fekk fattigstøtte frå 1892. Då Solveig kom til Limmesand, hadde ho med seg Jon 1860 (v520) som ho hadde fått med Jon Styrkson Vikøyri v932 (1833–). Dessutan hadde ho fått Lars 1854–54 med Sjur Andersson Hopperstad (1824–) frå lnr 117 og tvillingane Anna 1855 og Synneva 1855 med Herman Gerhard Endreson, Askelund i Balestrand.

Ola Jensson Limmesand (1850–1923) frå lnr 13a & 1878 Anna Ingebrigtdtr Øyri (1853–1919) frå Fresvik var plassfolk på Limmesand fram til 1894 då dei pakta eit bruk på Nese. I 1900 var dei husmenn under lnr 47b Bruavoll, men var så på plass 6 Vange. Born: Jens 1878–1957 (USA 1897, seinare plass 6 Vange), Maria 1880 (USA 1900), Ingebrigt 1882 (USA 1900), Hansina 1885–1964 (USA 1910, seinare busett på plass 6 Vange med broren Jens), Birte 1888–1919 (USA 1905, ugift), Elling 1894–1912.