Liktvorane
Liktvorane (liktvåradne, liktvåradn, ligtvår): Lygtner (1563), Lügtuer (1567), Logwer (1603), Lychtuær (1611), Løchtuer (1647), Løchtwer (1667), Løctver (1723), Lyktvær (1838, 1863), Lyktvor (NG, VIK). Familienamnet har vore mest Ligtvor.
Lnr 9 Liktvorane
4,61 spd. Eigarar: i 1647 og 1723 Hospitalet i Bergen 1,50 laupar og Vik prestebol 0,17 laupar. I 1838 var presteboleiga borte. Sjølveige frå 1842. Matrikkelskyld: 1,67 laupar i 1647, 1668 og 1723, 1,50 laupar i 1838. Jordbruksproduksjon i 1845: 14 daa bygg, 4,9 daa potet, 2 hest, 18 storfe, 25 smalar, 15 geiter 3 svin.
Etter øydetida finn vi at Liktvorane var busett på nytt alt i 1563. I 1603 var Anbjørn leiglending på garden. I 1611 heitte brukaren Jon. Deretter kom Sæbjørn. Han var der i 1635 og fram til 1655. I 1645 var han gift med Anna Andersdtr og dei hadde sonen Per. I 1668 finn vi Endre Sæbjørnson Liktvorane (1628–) som leiglending med sonen Anbjørn 1660. Endre hadde òg Brita (som overtok bruket) og truleg Sigrid 1668–1748 (som døydde i Svardal). Enkja etter Endre må ha gift seg oppatt med Johannes Olason (1644–) og i 1701 var det han som var leiglending, men han hadde truleg ikkje born med enkja. Neste gong var han gift med Turid. I 1711 var ho enkje og hadde tre born. Brita Endredtr Liktvorane (–1721) & Anders Helgeson Bø (1680–1718) frå lnr 101+102 fekk: Sjur, Marita og Guri (v038). Brita gifte seg på nytt med Ola Ellingson Hallrynjo (1694–1738) frå lnr 65. Ola vart attgift med Agata Helgedtr (1683–1765) og dei fekk: Brita 1722 (v380), Elling 1725, Helge 1726, Gjertrud 1730 (lnr 2 Sæbø), Brita 1731 (lnr 109 Tryti). Agata var kanskje ei syster til Anders Bø. Elling vart konfirmerte i Vik, men kjem så bort for oss. Agata vart attgift 1739 med Jon Person Røyrvik (1708–1771) frå lnr 12. Han døydde barnlaus. Helge Olason Liktvorane (1726–1779) & 1763 Eli Tordtr Linde (1739–1773) frå Kvamsøy sokn fekk: Ola 1762–63, Ola 1764, Tor 1766–1814 (ugift), Ellend 1768–1804 (ugift), Kristen 1770 (lnr 120 Hopperstad). Eli slekta tilbake på adelsfolka i Finnen. Ho hadde vore i Svardal frå konfirmasjonsalder. Helge vart attgift i 1774 med Ingeborg Oladtr Stadheim (1731–1798) frå lnr 30. Dei fekk ikkje born. Ola Helgeson Liktvorane (1764 –1804) & 1797 Brita Ingebrigtdtr Seim (1771–1841) frå lnr 12 fekk: Helge 1799, Ingebrigt 1801 (lnr 16 Tenål) og Ola 1803 (lnr 105 og 106 Tryti). Brita vart attgift med korporal Ola Arneson Bø (1761–1834) frå lnr 102. Helge Olason Liktvorane (1799–1884) & 1822 Bothilda Nilsdtr Limmesand (1792–1871) frå lnr 13 fekk kongeleg skøyte på bruket i 1842. Born: Brita 1821–22, Ola 1823, Nils 1826, Ola 1829 (lnr 196a Vangsnes), Tor 1835 (lnr 4 Hovland). I 1857 vart bruket frådelt lnr 9b Øyjordet til Nils 1826. Sjølve bruket lnr 9a 4,47 spd = bnr 45/1 6,62 mark, gjekk på same tid til Ola Helgeson Liktvorane (1823–1907) & 1856 Anna Tollakdtr Seim (1822–1905) frå lnr 9. Born: Brita 1858, Anna 1860 (bnr 1/27 i Røysane-Sæbø). Brita Oladtr Liktvorane (1858–1942) & 1886 Bertin Olai Nilsson Hennøy (1860–1944) frå Radøy kommune i Nordhordland tok over bruket i 1892. Barn: Ola 1887. Ola Bertinson Ligtvor (1887–1966) & 1916 Ragnhild Oladtr Hellane (1885–1960) frå lnr 26 i Arnafjord sokn fekk: Brita 1917 (lnr 31 Stadheim), Bjarne 1918–84, Gudrun 1920 (Bergen), Ola 1922. Ola 1887 hadde òg Anna 1913 (Sogndal) med Sigrid Andersdtr Tune (1885–) i Ortnevik. Ola Olason Ligtvor (1922–1975) overtok bruket i 1927 og dreiv det saman med broren Bjarne. Det var ein son til Brita 1917 som overtok bruket. Oddvar Ingebrigtson Grønsberg (1958–) frå lnr 31 Stadheim & 1983 Irene Levalddtr Helleland (1962–) frå bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim fekk skøyte i 1981. Born: Sondre 1984, Ane 1986, Vilde 1990 og Dorte 1994.
Bnr 45/3 Friheim 0,05 mark, frå bnr 45/1, 1928. Anfin Botolvson Hopperstad (1877–1960) frå lnr 117 & 1907 Anna Kristine Andreasdtr Riim (1880–1967) frå Bergen bygde som pensjonistar hus i 1936. Han var i posten i Bergen. Dei hadde ikkje born. Hans Olason Svardal (1893–1970) frå lnr 10 & 1928 Gjertrud Jensdtr Ligtvor (1898–1987) frå lnr 9b flytta hit som kårfolk frå Svardal. I 1970 kom staden under bnr 45/2.
Bnr 45/8, frå bnr 45/1, 1983. Kurt Arne (1951–) frå Dalekvam & 1979 Aud Olin Sumstad (1954–) frå Roan kommune i SørTrøndelag har: Andreas 1979 og Guro 1983. Dei bygde hus på bnr 42/1-6 Vikøyri-søraust og selde i 1988 til Magnus Karlson Vikøren v558 (1920–2001) & 1951 Gerd Ledvindtr Fedje (1929–) frå Feios. Dei hadde tidlegare budd på Vikøyri-Sæbø, hus nr 36.
Bnr 45/9, frå bnr 45/1, 1983. Hus vart bygt i 1986. Sølve Petterson Følid (1950–) frå bnr 6/3,4,5 Føli & 2000 Anne Gro Guttormdtr Refsdal (1961–) frå bnr 40/1–15 i Prestegardstunet har: Silje 1983, Tonje 1991, Anja 1994. Om Silje: sjå bnr 2/57 under Vange–aust.
Lnr 9b 0,14 spd = bnr 45/2 Øyjordet 0,42 mark, 1857. I 1865 var det: 1,2 daa bygg, 2,5 daa potet, 1 ku og 6 sauer på bruket. Nils Helgeson Liktvorane (1826–1869) frå lnr 9 & 1859 Gjertrud Jensdtr Bjørk (1830–1915) frå Kaupanger fekk borna: Brita 1859 (USA 1897), Jens 1861–61, Helge 1861–61, Birte 1863 (Hyllestad), Helge 1865–1935 (ugift), Jens 1867, Ingebrigt 1867–68, Anna 1868–97. Jens Nilsson Liktvorane (1867–1949) & 1897 Brita Botolvdtr Hopperstad (1864–1942) frå lnr 117 hadde bruket 1893–1946. Born: Gjertrud 1898 (lnr 10 Svardal), Jenny 1900 (bnr 46/2 under lnr 10 Svardal). Nils Jensson Ligtvor (1903–1977) & 1933 Johanna Gallefoss (1911–1999) frå Guddal i Hyllestad fekk sonen Jens 1933. Johanna hadde òg Emil 1930 (Bergen). Jens Nilsson Ligtvor (1933–) & 1963 Kari Andersdtr (Gjerde) Ese (1931–) har: Kari Johanne 1964 (Kvamsøy sokn, så Høyanger), Ann Elisabeth 1967 (Kaupanger). Kari var enkje etter skyttarkongen Lars L. Ese. Jens overtok i 1967. Han var postmeister i Balestrand 1963–80, deretter i Vik.
Husmannsplass. I 1723 hadde Nils Ingebrigtson Vange (1695–1777) frå lnr 5 & Marta Ellingdtr Hallrynjo (1699–1772) frå lnr 65 overteke drifta som leiglendingar på lnr 5 Vange. Dei fekk Ingeborg 1727–32 og Synneva 1729 på Vange, men vart deretter husmannsfolk på Liktvorane, der bror til Marta var bonde. Der fekk dei: Ingeborg 1730–32, Ivar 1732–32, Marta 1733 (lnr 4 Hovland i Vangsnes sokn), Ivar 1735 (lnr 6 Vange), Anna 1738 (lnr 11 Svolsvik), Ingeborg 1739–39, Randi 1740 (v704). Dei gamle folka døydde på Vange der sonen Ivar var bonde. Seinare har vi ikkje registrert husmannsfolk på Liktvorane.