Hopperstadmarki
Tomtene i Hopperstadmarki er bygsla frå kommunen. Vegnummer er valt som grunnlag for rekkjefølgja.
Øvste Hopperstadmarki
Nr 9. Bnr 39/43-1, 1978. Per Hjermann Feet (1924–2004) & 1950 Hilborg Molland (1930), båe frå Hafslo, har: Arild-Jarle 1951 (Kaupanger), Hjalmar (1957–1981) og Anngunn 1960 (Oslo).
Nr 10. Bnr 39/42-9, 1977. Odd Gunnvald Guttormson Refsdal (1949) frå bnr 40/1-15 i Prestegardstunet Grov & 1972 Ingunn Bjørk (1950), Sogndal, har: Anette 1973 (Stavanger) og Ørjan 1978 (Åsane, Bergen).
Nr 11. Bnr 39/44-1, 1975. Ottar Johannesson Øyrehagen (1937) frå Fardal i Sogndal & Anne Lise Arnolddtr Larsen Ekeberg (1941) frå Sarpsborg har: Jan Ove 1968 (Fardal), Ada Kristin 1969 (Kongeberg). Dei to er skilde. Ottar flytta tilbake til Fardal i 1987, ho til Tønsberg i 1996. Jon Gunvald Olason Simlenes (1952) frå Fresvik & 1981 Bente Helgedtr Turvoll (1960) frå lnr 46 har: Linda 1981 og Anja 1990. Linda bur i Sogndal og har Natalie 2001 og Isak Andre 2006. Bente har overteke eigedomen.
Nr 12. Bnr 39/42-8, 1977. Ivar Andersson Risløv (1950) frå lnr 55b Rislåg & 1973 Reidun Magnedtr Vikøren (1952) frå bnr 59/23 under lnr 30 Valsvik i Framfjorden har: Ann Kristin 1973 (bnr 39/65 på Hatlekolo) og Øystein 1977.
Nr 13. Bnr 39/41-4, 1979. Huset er eigd av A/S Sognekraft og har vore busett av fleire. Sigbjørn Olason Tonning (1944) frå Hyllestad & 1970 Helga Jondtr Tjosås (1945) frå Øystese var i Vik 1974–81, men flytta til Øystese. Born: Jorunn 1971 (Norheimsund), Elin 1973 (Øystese), Lene 1978 (Øystese).
Nr 14. Bnr 39/42-10, 1977. Asbjørn Karstein Årevik (1946), Gloppen, & 1971 Reidun Loven (1953) frå Aurland har: Rita 1971 (bnr 35/33 under lnr 100 Midlang), Bjørn Tore 1973 (lnr 2 Sæbø).
Nr 15. Bnr 39/41-2, 1976. Vilhelm Berge (1944) frå Byrknesøy & 1971 Bjørnhild Olafdtr Thingvoll (1948) frå bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun har: Vebjørn 1972 (Vik), Kjerstin 1973 (Sogndal) og Elin 1980. Vilhelm har flytta til bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun og Bjørnhild overtok eigedomsretten i 2007.
Nr 16. Bnr 39/42-7, 1975. Gerd Sjøthun (1937) bygde hus her. I 1987 overtok Dan Harry Haraldson Sjøthun (1959) frå Feios & sb Venke Helene Ingvalddtr Gram (1959) frå lnr 84e Hønsi. Dei har: Steffen 1986, Tonje 1989 og Aleksander 1997. Familien har i 2006 flytta til bnr 1/246 under bnr 1/66 Røysane-Sæbø og eigedomen er overteken av Helge Roald Helgeson Jomisko (1962–) frå Hatlevegen nr 9 i Prestberget & 2005 Kjerstin Elvik (1964–) frå Blindheim i Åsane, Bergen. Ho har frå før: Tommy Aleksander 1995 og Kjetil Andre 1993. Om tidlegare ekteskap og born for Helge Roald: sjå bnr 1/180 i Røysane-Sæbø.
Nr 17. Bnr 39/50-4, 1981. Arne Inge Alvson Sæbø (1950) & 1988 Hilde Mæhlum (1960) frå Dokka har: Sindre 1989 og Mari 1991. Om foreldra til Arne Inge: sjå note lnr 3 Sæbø.
Nr 19. Bnr 39/50-1, 1977. Jostein Nilsson Myrkaskog (1949) frå bnr 41/104 i Tomtebu på Vikøyri & 1972 Kari Janne Johannesdtr Sandvik (1953) frå Nedste Hopperstadmarki nr 3 i Prestberget har: Aina 1971 (Oslo) og Cato 1974 (Sverige). Huset er kjøpt av: Nini-Beate Johannesdtr Tryti (1981) frå lnr 108a & sb Asbjørn Odd-Asbjørnson Myrkaskog (1984) frå lnr 43a på Seljadalen. Dei har: Emma 2005. Ho har Mathias 2002 frå før.
Nr 20. Bnr 39/40-19, 1982. Jon Martinson Holen (1918–1989) frå bnr 13/2 Øvstedal & 1949 Gunvor Lovise Gurvin (1926) frå Sogndal har: Kjell Martin 1950 (Kløfta i Akershus). Huset vart selt til Tommy Jan-Erikson Gruer (1969) frå bnr 40/59 i Gildhus & sb Gyrid Kjelldtr Christensen (1973) frå Nedste Hopperstadmarki nr 25. Dei har: Malin 1995 og Jan 1996. Familien har flytta til Lunner i Oppland. Huset har vore bortleigd, men er kjøpt av Bjørn Kjetil Jon-Arveson Holen (1976–) frå bnr 41/58 på Vikøyri-vest. Han eig òg eit småbruk i Hola på Seljadalen.
Nr 21. Bnr 39/50-3, 1979. Olav Håkon Guttormson Refsdal (1946) frå bnr 40/1-15 i Prestegardstunet Grov & sb Guri Kolskår (1951) frå Granvin har: Nils Gunnar 1988.
Nr 22. Bnr 39/40-9, 1976. Reidar Olai Antonson Hauglum (1946) frå bnr 51/10 under lnr 17a Holane i Arnafjord sokn & 1972 Bjørg Ranveig Hatlevik (1950) frå Bergen/Masfjorden har: Vidar 1975 (bur i huset), Wenche 1977 og Bente Renate 1981.
Nr 23. Bnr 39/43-1, 1975. Sverre Nilsson Myrkaskog (1951) frå bnr 41/104 i Tomtebu på Vikøyri & 1975 Inger Alise Vaktskjold (1948) frå Radøy har: Eli 1975 (Oslo), Ove 1978 (Hammerfest).
Nr 24. Bnr 39/40-11, 1977. Anne Lise Frostad (1954) flytta til Bergen, og skøytte i 1980 til Agnar Audunson Ørbech Alme (1955) frå Feios & 1976 Anne Torunn Olavdtr Hove (1955) frå bnr 26/39 i Moane-Hove. Dei har: Tove Elisabeth 1974, Gry 1986 og Vegard 1991.
Nr 25. Bnr 39/40-17, 1979. Ingebrigt Andersson Risløv (1945) frå lnr 55b Rislåg & 1969 Hildegunn Bakketun (1947) frå Voss har: Hilde 1970 (Oslo) og Dag 1973. Dag er sambuar med Janne Haralddtr Aalien (1969) frå Nedre Eggedal og dei har Marius 2003. Dei bur på lnr 55b Rislåg på Ovrisdalen.
Nr 26. Bnr 39/40-16, 1979. Arild Olafson Thingvoll (1955) frå bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun & 1982 Bjørg Svanhild Brynjulfdtr Tjønn (1953–2000) frå Feios har: Camilla 1983 (Trondheim) og Daniel 1987. Om sysken til Bjørg Svanhild: sjå note Nedste Hopperstadmarki. Familien er i 2007 flytta til Arendal. Kjøpar er: Stig Roar Einarson Hovland (1978) frå Nedste Hopperstadmarki 21 & 2005 Bjarnhild Haralddtr Samland 1977 frå Feios. Ingen born.
Nr 27. Bnr 39/40-10, 1977. Finn Boger (1934–1996) frå Oslo & 1960 Kari Giæver (1937) frå Molde har: Anne 1961 (Oslo), Ulf 1964 (Stavanger) og Jo 1969 (Oslo).
Nedste Hopperstadmarki
Nr 10. Bnr 39/42-11, 1981. Helge Grønningsæter (1951) frå Ålesund & 1975 Grete Mogensen (1951) frå Sandefjord har: Silje 1976, Anders 1979 (Oslo) og Øyvind Emil 1984 (Sogndal). Silje Helgedtr Grønningsæter (1976–) & Noralv Ivarson Pedersen (1975–) frå Øvste Hopperstadmarki nr 3 i Prestberget har busett seg i Førde. Dei har: Hans 2006.
Nr 11. Bnr 39/42-2, 1975. Inge og Joan Hatlestad bygde huset. Dei flytta til Sandnes og selde til Frode Arnfinnson Risløw (1964) frå bnr 41/87 i Sjøtunvegen & sb Marianne Reidardtr Hjortland (1970) frå lnr 56 i Arnafjord sokn. Dei har Holger 1996. Frode har flytta til Prestberget og Marianne til Galilea-Grov nr 4. Odd Roger Haugen (1957) frå Malm i Nord Trøndelag & 1987 Adelheid Austrheim (1963–2008) frå Kyrkjebø har borna: Gard Eirik 1983, Rene Anthoni 1985, Trym Odne 1987 og Frie Sunniva 1995.
Nr 12. Bnr 39/42-6, 1975. Ole Gunnar Kleven (1927) frå Bremsnes, Nordmøre & 1954 Olaug Marie Åsen (1931) frå Førde har: Stein Arne 1955 (bnr 1/189 i Røysane-Sæbø), Per Magne 1959 (Sandnes), Anne Marie 1960 (Nedste Hopperstadmarki nr 23) og Gunnar Ole 1964 (bnr 2/35 i Røysane-Vange).
Nr 13. Bnr 39/42-1, 1975. Frode Henning Wilhelmson Nesse (1949) frå Nessane i Kvamsøy sokn & 1971 Grethe Kristiandtr Sørevik (1949) frå bnr 59/13 under lnr 33a Valsvik i Arnafjord sokn har: Gry Helen 1971 (bnr 3/6 Tønderbruket på Seim) og Robert Wilhelm 1977 (Bergen).
Nr 14. Bnr 39/42-4, 1975. Helge Seehus Brekke (1941) & 1969 Kristin Hilbjørg Såtendal (1949) frå Austevoll har: Hege Kristin 1972 (Knarvik), Cecilie 1974 (Bergen) og Stian 1986–87. Familien har vore i Knarvik, men har nytta huset i feriar. Underetasjen er leigd ut. Om Helge: sjå lnr 88b Brekke.
Nr 15. Bnr 39/42-6, 1975. Nils Nilsson Tjønn (1916–2000) frå Feios & 1958 Marta Berg (1925) frå Jølster har : Norvald 1960 (Haugesund) og Jarle 1962 (Hafslo). Nils og Marta hadde tidlegare vore busette i Vadheim og på Oppheim på Vossestrand.
Nr 16. Bnr 39/45-1, 1975. Erling Guddal (1937) frå Guddal & 1961 Reidun Astrid Andal (1942) frå Vågsøy har: Elin 1961 (Voss), Arild 1966 (Bergen) og Øyvind 1970 (Hatlevegen 1 i Prestberget).
Nr 17. Bnr 39/42-3, 1975. Oddvar Johannes Olavson Linde (1932) frå «Lærarjord» i Gildhus & Åse Iversen (1940) frå Stavanger har: Jogeir 1964 (Sandnes), Marianne 1967 (Davik i Bremanger), Elisabeth 1971 (Bryne). Dei var i Vik 1969–82 og budde først i Overstvegen 11, så i Galilea. Svein Helland (1957) frå Feios & 1984 Britt Hilmardtr Grov (1957) frå lnr 103a har: Anja 1984, Silje 1987 og Arve 1995.
Nr 18. Bnr 39/45-5, 1979. Aril Grønningen (1952) bygde huset, men flytta til bnr 41/106 Tomtebu på Vikøyri. I 1987 overtok Åge Bjarneson Lundeland (1957) frå bnr 40/1-4 på Galilea Grov & Nina Tefre (1955). Paret flytta til Åsane, og eigedomen vart skøytt i 1994 til Harald Rune Olavson Fretheim (1958) frå bnr 41/61 i Sjøtunvegen & 2004 Inger Lise Hansen (1957) frå Finnsnes. Dei har ikkje born.
Nr 19. Bnr 39/45-2, 1975. Kristian Karlson Voll (1913–1989) frå bnr 26/8 Voll & 1952 Signy Årdal (1924) frå Jølster har: Anne Berit 1953 (Førde) og Terje 1956 (Oslo).
Nr 20. Bnr 39/40-12, 1978. Ole Johnny Nilsen (1939–1998) frå Skien & 1958 Reidun Hemmingsen Lieng (1936), Balsfjord, har: Anne Britt 1959 (bnr 35/6 Midlang), Hilde 1963 (Oslo) og Ståle 1971 (Trondheim).
Nr 21. Bnr 39/45-3, 1975. Hans Grønningen (1925–2000) bygde seinare hus på bnr 1/211 i Røysane-Sæbø. Staden vart i 1988 skøytt til Einar Kåre Hovland (1953) frå Fjaler & 1974 Wenche Britt Konraddtr Valsvik (1954) frå Nedste Hopperstadmarki nr 27. Born: Robert 1974 (Stavanger) og Stig Roar 1978 (Øvste Hopperstadmarki nr 26).
Nr 22. Bnr 39/40-15, 1978. Martin Gunstein Jonson Holen (1956) frå bnr 4/57, lnr 18a Tenål & 1980 Lisbet Underdal (1955) frå Undredal i Aurland har: Ørjan 1984, Jon Bjarte 1987, Jarle 1991, Janne 1996.
Nr 23. Bnr 39/40-3, 1975. Jan Kåre Bjarneson Fosse (1948) frå bnr 60/19 i Åsberget i Arnafjord sokn er ugift. Ei tid budde ei farsyster, Gudrun Jakobdtr Fosse (1919–1977) frå bnr 68/19 Hellane hjå han etter ho var blitt pensjonist. Anne Marie Kleven (1960) frå Nedste Hopperstadmarki nr 12 bur i eit husvære i huset.
Nr 24. Bnr 39/40-1, 1975. Leiv Edvardson Fjellheim (1928) frå lnr 192a Vangsnes & 1950 Alma Andreasdtr Midttun (1926) frå lnr 191a Vangsnes har: Gunnstein 1955 (bnr 40/40 i Gildhus), Gunnar 1957 (Hatlevegen 9 i Prestberget), Leif Arne 1963 (Øvre Årdal) og Kjell Bjarne 1967 (bnr 40/72 i Gildhus). Leiv og Alma kom frå Feios.
Nr 25. Bnr 39/40-5, 1975. Kjell Johan Martinson Christensen v672 (1943) & 1970 Gunhild Oline Helgedtr Skjerven (1948) frå lnr 112a Skjørvo har: Turid 1971 (bnr 61/1 Hallsete i Arnafjord sokn), Gyrid 1973 (Øvste Hopperstadmarki nr 20), Helge Martin 1975 (Vik) og Eli Marie 1978 (Vik).
Nr 26. Bnr 39/40-2, 1975. Olav Bertinusson Straume (1909–1983) frå bnr 59/9 under lnr 30 Valsvik i Arnafjord sokn & 1969 Nancy Alette Oladtr Hopperstad (1933) frå lnr 117 budde i Leikanger, men bygde hus her i 1975. Dei har: Odd Rune 1971 (Bergen). Om Olav og første ekteskap: sjå note under bnr 59/9.
Nr 27. Bnr 39/40-4, 1975. Konrad Alfred Andersson Valsvik (1929) frå lnr 31a i Arnafjord sokn & 1952 Astrid Gjertdtr Hanevik (1931) frå Kvamsøy sokn har: Wenche Britt 1954 (Nedste Hopperstadmarki nr 21) og Frode 1960 (bnr 40/47 i Gildhus).
Nr 29. Bnr 39/40-8, 1976. Odd Brynjulfson Tjønn (1936) frå Feios & 1975 Eldbjørg Kristendtr Koltveit (1937) frå Arna har: Brynjar 1977 (Vik) og Kristin 1980 (Oslo).
Følgjande born til Brynjulf Tjønn i Feios er med i denne boka: Kjell Norvald 1935 (Prestvegen 18 i Prestberget), Odd 1936 (Nedste Hopperstadmarki nr 29), Gyda 1941 (Hatlevegen 5 i Prestberget), Aslaug 1947 (bnr 97/28-2 i Tråna, Vangsnes), Bjørg Svanhild 1953 (Øvste Hopperstadmarki nr 26). Dessutan er Magnar Brynjulfson Tjønn (1943–) gift med Helga Ovrid Grønsberg (1949–) frå lnr 41a Grønsberg. Dei bur i Feios.
***
Kommunen kjøpte parsellane slik: bnr 39/40 0,08 mark frå bnr 39/4 i 1973, bnr 39/41 0,02 mark frå bnr 39/14 i 1973, bnr 39/42 0,08 mark frå bnr 39/19 i 1973, bnr 39/43 0,02 mark frå bnr 39/20 i 1973, bnr 39/44 0,01 mark frå bnr 39/26 i 1973, bnr 39/45 0,03 mark frå bnr 39/27 i 1973 og bnr 39/50 0,04 mark frå bnr 39/12 i 1977.