Hamnen
Bnr 1/48 Havnen 2,26 mark, frådelt bnr 1/1 Sæbø i 1905. Edvard Apolloniusson Liljedahl (1845–1924) frå lnr 121 Hopperstad tok lærarutdanning og hadde lærar og klokkarpost i Kyrkjebø 1867–89. Han var på Stortinget for Nordre Bergenhus Amt 1879–91, statsråd i 4 månader 1889, postmeister i Ålesund 1891–1901, stortingsmann 1895–1904 og 1906–09, stortingspresident 1903–04, statsråd 1908–09 og 1912–13. Frå 1901 til han gjekk av for alder var han postmeister i Bergen. Han kjøpte Hamnen i 1905, bygde hus og planta hage og budde der til han døydde. Han gifte seg 1869 med Barbra Einardtr Ramslie (1850–1928) frå Kyrkjebø. Born: Bertha Marie 1870 (Oslo), Apollonius 1873–73, Apollonius Johan 1875–1940 (prest i Vik 1921–29), Sigrid 1878 (Oslo), Einar 1882–1955 (generalmajor, Kristiansand), Thormod Olav 1885, Astrid 1893 (Oslo). I 1925 kjøpte Marta Lassedtr Clark (1875–1946) frå lnr 31 Stadheim bruket av Thormod Liljedahl og pakta det bort til systera Brita Lassedtr (1894–1987) & 1928 Ivar Ingebrigtson Grønsberg (1891–1965) frå lnr 41b. Dei overtok lnr 31 Stadheim og Marta selde Hamnen tilbake til Thormod i 1930. Thormod Edvardson Liljedahl (1885–1962) & 1908 Martha Oladtr Stokkebø (1889–1922) frå lnr 123 Hopperstad hadde: Barbara 1908–1993, Johanna 1910 (Oslo), Liv 1912 (Oslo), Gerd 1914 (Lier), Edvard 1916 (Hønefoss) og Ole 1918. Thormod vart attgift 1929 med Ragnhild Nilsdtr Refsdal (1886–1963). Ragnhild vart seinare busett åleine på bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun. Ole Thormodson Liljedahl (1918–1969) & 1952 Monsine Ivardtr Vikøren (1924) frå bnr 1/44 I Røysane-Sæbø fekk: Gro 1953, Marta Barbara 1956 og Ellen 1957 (Oslo). Gro Oledtr Liljedahl (1953) & 1976 John Ulvund (1947) frå Myrkdalen har: Ole Kristian 1977, Thormod 1980 og Marit 1984.
Bnr 1/48-2, 1974. Halvor Olavson Seltveit (1921–1993) frå Rauland & 1942 Anne Rikarddtr Flatastøyl (1918–1999), båe frå Arabygdi i Rauland, fekk: Olav 1943 (sjå note), Tone 1944 (Oslo), Torgeir 1946 (Rauland), Rikard 1948 (Sauda), Liv 1949 (Årdalstangen, gift med Johannes Jensson Hønsi 1947–80), Hjarand 1952–93 (ugift), Agnes 1953 (Risør), Hallvard 1956 (Notodden), Reidun 1959 (Førresfjorden, Tysvær), Martin 1961 (Dønna, Helgeland). Halvor arbeidde ved Vikfalli og pakta Hamnen frå ca 1967 ut året 1970. Huslyden flytta til Arabygdi. Huset er rive.
Bnr 1/48-2. I nytt hus frå 1996 bur: Knut Iversen (1962), Bergen, & 1991 Marta Barbara Oledtr Liljedahl (1956). Dei har teke til seg: Helene Xia 1993 og Ole Xia 1996.
Olav Halvorson Seltveit (1943–2008) & Anna Marie Endredtr Jordalen (1946–) frå lnr 64a Undi busette seg i Arabygdi i Telemark.
I eit brakkehus nær ved budde i anleggstida: Birger Pederson Henden (1926–1999) frå Valsøyfjorden på Nordmøre & 1951 Borghild Olaug Sjøseth (1928) frå Kvamme i Sunndal. Born: Bjørn 1952 (Stavanger), Marvel Peggy 1953 (Haugesund), Jostein 1955 (Rennesøy), Magnus 1960 (Sandnes). Familien flytta til Hardanger. Birger vart deretter busett i Sandnes, Borghild Olaug på Rennesøy.
Bnr 1/48-3 Fjordheim, 1969. Hus oppsett av ÅSV som styrarbustad. I åra 1970–75 busett av: Hallstein Johanson Kjøllesdal (1954) frå Hammarfest & 1954 Gunnlaug Solveig Berentdtr Giif (–) frå Balestrand. Born: Gunnhild Elisabeth 1956 (Hamar), Hallstein Arve 1958 (Anchorage i USA), Karl Sæbjørn 1960 (Lier), Møyfrid 1962 (Kungsbacka i Sverige), Sigrun 1966 (Hurum). Familien flytta til Oslo. Hallstein har kjøpt lnr 189b Vangsnes som ferieplass. I 1981 kjøpt av: Oddvar Johannes Jakobson Flæte (1944) frå Årdal & 1969 Margit Haugå (–) frå Bygland i Setesdalen. Dei har: Jan 1972 (Asker) og Anne 1979 (Oslo). Familien flytta til Oslo, så til Leikanger der Oddvar vart fylkesmann. Far hans er frå bnr 53/4 Flete i Arnafjord sokn. I åra 1982–89 var bustaden eigd og busett av Carl Ludvig Reidarson Kjelsen (1944) frå Røa & 1865 Oddny Ole-Tormoddtr Walberg (1946) frå Leirfjord. Born: Reidar 1970 (Oslo), Øyvind 1973 (Bærum), Erlend 1979 (Oslo). I 1991 overtok: Jacob Ragnarson Hornnes (1955) frå lnr 8c Vange & 1985 Gunnvor Haralddtr Skjerven (1952) frå lnr 17d Holane i Arnafjordsokn. Born: Bjørnar 1985, Janne 1987 og Britt Evy 1990.
Bnr 1/48-4 Granlia, 1972. Huset vart bygt av Richard Person Kvamme (1928) frå Vikøyri v882. Han selde 1986 til Inger Mulelid (1947) og Olav Ingvaldson Kvåle (1943) frå lnr 57c på Sylvarnes. Dei vart skilde, han flytta til Sylvarnes og huset vart selt i 1999. Born: Ingvald 1967 (Førde), Margrete 1968 (Hafslo) og Fred Olav 1969 (Kaupanger). Ove Olason Valsvik (1953) frå lnr 31a i Arnafjord sokn & 1973 Gerd Magnedtr Tveit (1948) frå Feios har borna: Britt 1973 (sjå lnr 81 Voll), Gro 1977 og Mariann 1979.
Bnr 1/161, 1972. Birger Ivarson Vikøren (1926–1991) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø & 1954 Gunborg Janse (1928–2003) frå Stord har: Heidi 1956 (Stord), Gøril 1958 (Sogndal) og Jon 1963–88.
Bnr 1/48-9, 1994. Jostein Vallestad Skjerven (1967) frå lnr 113 Skjørvo & 1998 Siren Rørgård (1967–), Dale, Hordaland, har: Håkon Joar 1995, Sondre Bertin 1999, Sigrid Johanne 2002. Familien har flytta til lnr 113 og huset er overteke av Heidi Arnfinndtr Risløv (1951–) frå bnr 41/87 i Sjøtunvegen og som bur i Bergen og har dette som fritidshus.
Bnr 1/94 Hovstrand 0,01mark. Busett 1942 av Andreas Hove, om familie sjå Vikøyri v095. Sonen Olaf overtok i 1982, sjå òg bnr 41/48 under Vikøyri-vest. Då var også bnr 1/95 0,01 mark kome inn under eigedomen. I 1986 overtok Jan Christian Olafson Hove (1964), sb med Vivian Kjelven Braaten (1976–), ei dotter til Kjellaug 1946 frå bnr 62/4 Kjelven.