Paktarar av Grov
Ingebrigt Olason Gildhus (1830–1899), husmannsson, & 1851 Brita Jondtr Undi (1820–1906) frå lnr 63 fekk borna: Ola 1851, Anna 1854–56, Jon 1856–56, Jon 1858. Dei to første borna vart fødde i Gildhus. Ingebrigt kom til prestegarden Grov i 1855. I 1858 reiste huslyden til USA.
Johannes Johannesson Hopperstad (1830–1862) frå lnr 124 & 1858 Synneva Eirikdtr Hønsi (1832–1882) frå lnr 82 fekk borna: Barbra 1858, Johannes 1860–61, Synneva 1861. Johannes og Synneva overtok paktinga. Enkja Synneva flytta tilbake til Hønsi.
Bendik Nilsson Fjærestad (1834–1906) frå lnr 95c & 1862 Agata Arnedtr Bø (1835–1916) frå lnr 104 var neste paktarpar i prestegarden Grov. Born: Arne 1862, Gjertrud 1864, Anna 1866, Birte 1874–78, Nils 1881. Av borna var det berre Gjertrud som var fødd i Grov. Kring årsskiftet 1865/66 flytta dei til Fjærestad der dei alt i 1864 hadde teke over halvparten av farsbruket.
Svein Asleson Voll (1839–1927) frå lnr 80 & 1862 Anna Tordtr Voll (1838–1867) frå lnr 81 fekk borna: Olina 1860 (USA 1869), Kristense 1862 (s148), Solveig 1864 (USA 1882). Vi trur dei overtok paktinga i 1865, for Anna vart kalla paktarkone då ho døydde. Svein var deretter på lnr 80 Voll med ny kone.
Guttorm Jonson Rislåg (1831–), husmannsson, & 1865 Ingeborg Beintdtr Rislåg (1832–) frå lnr 55b dreiv i 1865 lnr 55b Rislåg. Born: Brita 1860, Hans 1865, Jon 1868, Ola 1870. Ved dåp av den siste var Guttorm paktar i Grov. Men alt i 1872 reiste dei til USA med borna og var då innerstar på Hove.
Johan Benjamin Apolloniusson Liljedahl (1837–1897) frå lnr 121 Hopperstad & 1864 Ranveig Asledtr Voll (1842–1922) frå lnr 80 fekk borna: Apollonius 1864, Asle 1865, Christense 1868, Brita 1871, Lina 1873, Edvard 1874, Johannes 1875, Synneva 1881, Marie 1885, Herman 1887, Gudrun 1889. Berre borna Edvard, Johannes og Synneva hadde Grov som stadnamn ved dåp. Men vi trur likevel at Johan pakta prestegarden frå 1871. I 1881 hadde han òg overteke farsbruket, lnr 121 Hopperstad.
Endre Ingebrigtson Refsdal (1856–1928) frå lnr 59 & 1877 Brita Jondtr Grønsberg (1853–1893) frå lnr 41a var paktarpar på prestegarden i 1883 og frametter. Born: Ivar 1876–77, Gyrid 1878, Ingebrigt 1879–80, Durdei 1881, Johanna 1883–85, Inga 1885, Johanna 1887, Ivar 1889. Fram til 1881 var Endre og Brita på Grønsberg, og der var Endre skreddar. I 1891 flytta huslyden til Nedre Skjervheim i Myrkdalen. Der døydde Endre då huset vart teke av eit snøskred. I 1891 kom Mikkel Larsson Brekke (1860–1933) frå lnr 90 & 1886 Synneva Johannesdtr Hønsi (1861–1943) frå lnr 82 til prestegarden. Born: Anna 1887, Johannes 1888, Kari 1889 (Brekke sokn i Gulen), Synneva 1891, Anders 1901, Lars 1893, Sigurd 1895, Johan 1897, Anders 1901 og Einar 1904. Mikkel kjøpte i 1899 lnr 86 Holstad og flytta dit.
Husmannsson Hans Bartolomæi Andersson Grov (1865–1934) frå plass 2 i Skulen-Grov & 1887 Gjertrud Nilsdtr Vikøyri v722 (1863–1937) fekk borna: Jakob Bartolomæi 1888, Nils 1891, Brita 1894, Martin Johan 1896, Birgit 1898, Ingebjørg 1900, Harald 1903, Guttorm 1905. Hans var skomakar då han gifte seg, og han dreiv husmannsplassen i Skulen-Grov som han var oppvoksen på. Frå 1899 pakta han prestegarden. I 1902 fekk Hans kjøpt plassen i Skulen, bnr 40/13 Grov 0,50 mark, men han heldt fram med å pakta prestegarden fram til 1915.
Otto Svendson Svendsen (1890–1980), presteson, & 1915 Brita Adamdtr Reutz Midlang (1890–1928) frå lnr 98 pakta Grov frå 1915 til 1920. Dei kom seinare til lnr 98 Midlang.
Deretter var Hans Nikolai Jensson Rasmussen v442, v292 (1892–1976), «Fiske-Hans», & Anna Botolvdtr Tryti (1888–1981) paktarpar. Ho var dotter til Johanna Oladtr Tryti frå lnr 106 og Botolv Guttormson Hatlekolo, sjå Vikøyri v454. Ikkje born. I åra 1936–41 pakta dei bnr 39/1 under lnr 120 Hopperstad. Dei budde deretter på bnr 41/16 på Vikøyri-vest. Ivar Ivarson Rislåg (1890–1978) frå lnr 55a & 1914 Tea Gjertina Johandtr Holane (1887–1973) frå lnr 17a i Arnafjord sokn fekk borna: Ivar 1914, Gjertrud 1916, Johan 1918, Birte 1919, Arnfinn 1920, Johan 1922, Selma 1924. Fram til 1920 var Ivar fabrikkarbeidar i Framfjorden, deretter vart han førd opp som gardbrukar på Hatlekolo der han i 1944 vart eigar av bnr 39/15. I åra 1931–35 dreiv Ivar og Thea lnr 67 Ovri. Ivar pakta prestegarden frå 1936 til 1955. Då flytta han og Thea tilbake til Hatlekolo. Sjå om borna der.
Guttorm Olason Refsdal (1911–1993) frå lnr 60 & 1941 Anna Olavdtr Refsdal (1917–1992) frå lnr 58 fekk fem born, sjå bustad under Prestegardstunet. Guttorm og Anna pakta først lnr 118 Hopperstad, deretter prestegarden. Guttorm og Anna hadde paktaravtale med KUD i to femårsperiodar frå 1966 og deretter med Vik kommune. Året 1979 var det siste med mjølkekyr. Driftsbygningen vart riven i 1989. I siste driftsåret 1990 vart det dyrka 4–5 daa poteter.
Ukjende bustadar. Nokre familiar på 1800-talet og først på 1900-talet hadde bustad i Grov utan at vi veit sikkert kor dei budde. Her tek vi med to. Christopher Bernhard Parelius (1825), fødd i Lavik, & Birgitte Alvig Rasmussen v298 (1823–1898). Christopher var ei tid klokkar og budde i Grov. Sjå meir under v154.
Nils Martin Abrahamsen (1884) & 1906 Elisabeth Rasmusdtr Johannessen (1881–1926), båe frå Bergen, budde også i Grov. Han var murar og steinhoggar. Av di han arbeidde med gravsteinar, kan dei ha leigd hus i prestegardstunet. Dei kom til Vik mellom 1910 og 1918 og flytta til Bergen i 1928. Born: Magnus 1907, Erna 1908, Kirsten 1910 og Johanne Elisabeth 1918.