Grov
Grov (gråv): Grof (ca 1320), Grof (1723, 1838), Grov (1863, NG, VIK).
Lnr 126 Prestegarden Grov
6,38 spd = bnr 40/1 11,60 mark. Matrikkelskyld: ikkje registrert i 1647, 2,00 laupar i 1665, 2,50 laupar i 1723 og 1838. I 1723 vart skylda sett lågt fordi Grov var pålagt å yta 0,75 laupar årleg til dei fattige i Kaupanger. Data for 1845 (med husmannsplassar): 29,2 daa bygg, 21,0 daa poteter, 3 hestar, 32 storfe, 96 smalar, 5 geiter og 16 svin. Data for prestegarden åleine i 1865: 13,2 daa bygg, 8,4 daa poteter, 2 hestar, 18 storfe, 30 smalar og 5 svin.
Under Grov var det mange husmannsplassar. Vi finn dei i områda: Prestteigen-Midlang, Kålhagen, Gildhus, Moane-Grov, Skulen-Grov og Prestteigen-Svolsvik. I kyrkjebøkene vart stadnamnet Grov stundom brukt for husmenn frå desse plassane. Fleire strandsitjararplassar på Vikøyri høyrde òg inn under Grov.
Før Svartedauden var Grov prestegard for Hopperstad kyrkjesokn. Det var då ei kyrkjesokn til i hovudbygda med kyrkje på Tenål. Denne sokna hadde eit bruk på Føli som prestegard. Etter den sterk folkenedgang i øydetida var det berre ein prest samla for Hopperstad, Hove, Arnafjord, Kvamsøy og Kyrkjebø sokner. Presten var busett i Grov. Til prestekallet var knytt eit prestebol med eige i mange gardar. I 1665 var samla matrikkelskyld for Vik prestebol 31,2 laupar, av det 12,8 laupar i Vik og 9,0 laupar i Arnafjord sokn. På 1600- og 1700-talet hadde presten i Grov dessutan stor privateige. Særleg Ivar Leganger, Ludvig Munthe og Anders Daae hadde mykje jordegods. Ein del av denne eiga låg utafor prestegjeldet.
Grov omfatta til sist på 1800-talet også Gildhus, Moane-Grov, litt av Kålhagen, Prestteigen-Midlang, Prestmyri-Balvoll og Prestteigen-Svolsvik. Grov hadde heimestøl over Midlang og fjellstøl i Unnardal.
Den delen av Grov som ligg nedanfor kyrkjereina er her delt opp i område. Jorda aust for riksveg 13 kalla vi Røysane-Grov. Der ligg Flatbygdi skule, alders- og sjukeheimen og andre kommunale bygningar. I det gamle tunet nord for vegen til Hopperstad er det kome fleire bustader (her kalla Prestegardstunet), på austsida av Hopra, nord for tunet, kom det i samband med kraftutbygginga rekkjebygde bustader og administrasjonsbygg. Det blir kalla Galilea. Lengre nord ligg Skulen, eit namn som går tilbake på skulehuset som låg i området. På vestsida av Hopra ligg Øyane, eit området med sand- og grusgrunn. Jorda var svært tørkesvak og uegna for åker og engdrift. Der er det i dag idrettsbaner, men òg nokre bustader. Vi skil mellom Øyane-Grov og Øyane-Sjøtun. I den bratte skråninga i vest ligg bustadområdet Prestberget. Under Prestberget er òg eit område som kjem frå garden Sjøtun.
Bygging av nyskulen i 1957 og utviding av skulen i 1962 tok mykje jord frå gardsbruket, og i 1965 vart det teke 17 daa til Galilea. Gardsdrifta vart avslutta 1990. I 1890 vart Grov frådelt 10 bnr på i alt 2,43 mark. Dei to største var bnr 40/2 Prestteigen-Midlang 1,58 mark og bnr 40/3 Prestmyri-Balvoll 0,38 mark. Resten var grunn for hus på Vikøyri-vest (området kring hovudgata). I 1902 kom det 10 nye frådelingar. Det var to tidlegare husmannsplassar i Skulen, ein i Moane-Grov, bnr 40/16 0,28 mark i Gildhus og mindre parsellar i Moane-Grov og Gildhus. Ny skyld for Grov: 7,04 mark. Deretter kom det ikkje nokon ny frådeling før etter 1950. Men lensmann Øen bygsla i 1918 ein parsell i Røysane på 7 dekar for 99 år inntil huset han budde i.