Galilea

Dette er åtte rekkjehus og eit messebygg oppsette i samband med kraftutbygginga i bygda. Men vi tek her òg med einskildbustader nord for Hopperstadvegen. I 2004 var busette i rekkjehusa, rekna frå sør:

  1. Bnr 40/77. Harry Einarson Harbakk (1968) frå Feios & 1999 Siv Merete Kjelldtr Voll (1969) frå bnr 26/8 har: Chris 1992, Jeanette 1995. Dei er skilde. Kjell Voll (1946–) er eigar i 2008.
  2. Bnr 40/ 64. Odd Harald Ingvaldson Gram (1955) frå lnr 84e Hønsi & sb Jorunn Monsdtr Nese (1953) frå lnr 43 i Arnafjord sokn har: Cathrine 1988.
  3. Bnr 40/71. Gunvald Andersen (1928–1993) frå Bergen & 1957 Marie Johandtr Liljedahl (1929) frå lnr 121 Hopperstad har: Ove Johan 1958 (bnr 40/67 i Gildhus) og Anne Mette 1959 (bnr 40/47 i Gildhus).
  4. Bnr 40/63. Bernt Gunnar Skogsrud (1957) frå Elverum & 1999 Marianne Reidardtr Hjortland (1970) frå lnr 56 Sylvarnes har ikkje born. Bernt var tidlegare sambuar med Erna Endredtr Ovrid (1960) og dei har: Fredrik 1990 og Maren 1992. Marianne var før sambuar med Frode Arnfinnson Risløw (1964) frå bnr 41/87 i Sjøtunvegen og dei har Holger 1996. Dei var då busette i Nedste Hopperstadmarki nr 11. Marianne har flytta.
  5. Ikkje busett i 2004.
  6. Bnr 40/54. Ivar Viland (1939–2005) frå Fardal & 1987 Iniz Edna Clausen (1943–2004) frå Århus i Danmark kom til Vik i 1989, kjøpte huset i 1990. Begge hadde vore gifte tidlegare og har born i dei ekteskapa. Inger Kari Langeteig (1959–) frå lnr 185 Vangsnes har overteke. Ho har flytta frå bnr 1/173 i Røysane-Sæbø.
  7. Bnr 40/53. Frå 1996 Norvald Gunnarson Stadheim (1957) frå lnr 26 & sb Cecilia Pasqual (1975) frå Nederland. Huset var før eigd av Per Gunnarson Solberg.
  8. Aslaug Johanna Kristendtr Christensen v594 (1917) & 1940 Olav Gustavson Skagen (1915–1960) fekk tre born, sjå «Fengslet» i Røysane-Vange. Ho gifte seg på nytt 1967 med Peder Sjølseth (1923–1988) frå Øksendal i Møre og Romsdal og flytta frå bygda. Aslaug kom tilbake til Vik 1989 og kjøpte huset same året. Ho brukar etternamnet Skagen Sjølseth.

Bnr 40/85, 1999. Georg Bjarneson Sjøthun (1953) frå Leikanger & 1977 Inger Randi Ingvalddtr Gram (1954) frå lnr 84e Hønsi har: Asbjørn 1975 (Bergen), Steinar 1977 og Arnt-Yngve 1981. Arnt-Yngve Georgson Sjøthun (1981–) & 2007 Kinga Piekarska frå Radon i Polen leiger husvære på Vikøyri.

Bnr 40/1-4, 1949. Bjarne Lundeland (1910–1977) frå Hyllestad, lensmann, & 1942 Ester Kristofferdtr Torsnes (1916), Balestrand, fekk: Jens Kristian 1943 (Lørenskog), Magne 1945 (Aurland), Kåre 1951 (Trondheim), Åge 1957 (Nedste Hopperstadmarki 18). Ein son til Magne, Vidar 1973, har lnr 31 Stadheim.