Alfabetisk system
Busetnad før ca 1910 på Vikøyri og Vetleøyri
Busetnaden på Vetleøyri og Vikøyri før ca år 1910 kan ikkje følgjast hus for hus. For strandsitjarfamiliar før dette har vi difor brukt eit alfabetisk system. Alfabetiseringa startar med normalisert førenamn på mannen i gifte familiar, deretter farsnamn og oppvekststad for personen. Med fleire like namn er årstal avgjerande for rekkjefølgja. Ein del kvinner er også med i alfabetiseringa. Dei var då som regel gifte fleire gonger, hadde born utan ekteskap eller var huseigar.
Alfabetiseringa av namn er delt i Vikøyri og Vetleøyri. Familiane har fått eit tresifra nummer i rekkjefølgje. Nummer for Vikøyri startar på v, dei for Seimsøyri (Vetleøyri) med s.
Den alfabetiske rekkjefølgja går først på personnamn, deretter på farsnamn og stadnamn. Ein del huslydar som busette seg Vikøyri frå 1910 og fram mot 1950 kan vi finna både i den alfabetiske og stadbundne delen. Nummer er brukt på tre måtar: A I utheva skrift framfor første namn; B Som tilvising til familien personen kom frå; C Som nytt familienummer for born som vart busette på Vikøyri eller Vetleøyri. Her er eit eksempel frå Vetleøyri:
s104 Kjell Guttormson Hønsi (1789–1853) frå lnr 83 & 1823 Ingeborg Jørgendtr Vetleøyri s098 (1802–1851) fekk: Brita 1822, Guttorm 1823–24, Guttorm 1825 (s052, USA), Inga 1827, Lars 1830 (s120), Anders 1833 (lnr 84e Hønsi), Inga 1836, Jørgen 1836–37, Jørgen 1840–41.
Vi ser at familien til Kjell og Ingeborg har fått nr s104 i det alfabetiske systemet. Ingeborg var frå familie s098 på Vetleøyri, sonen Guttorm var med i ny huslyd (s052), men reiste til USA. Lars busette seg på Vetleøyri og Andres kom til Hønsi. Vi har ikkje klarlagt kor det vart av Inga 1836. I første bruksmåte står nummeret i utheva skrift, i den andre i redusert skrift og i den tredje i parentes.
For mange familiar som budde på Vikøyri eller Vetleøyri frå sist på 1800-talet er det ført opp eit husnummer. Dette er bustader som er med på kartet over Vikøyri og Vetleøyri frå 1915 av Ivar Refsdal. I den stadbundne delen finn vi att dei nummererte husa på Vikøyri innanfor eitt av fem oppsette område: Vikøyri-vest, Vikøyri-Sæbø, Vikøyri-Sjøtun, Vikøyri-søraust og Allmenningen. Same familie kan bli omtalt både i det alfabetiske systemet og under huset dei budde i. Men full omtale finn vi berre på ein stad. Familiar frå nyare tid står berre i den stadbundne delen. Det gjeld jamt over også for bustadområdet Tomtebu.