Slik brukar du søkesystemet

Dei aller fleste som er omtalt i boka har eit personsøkenummer. Det er førenamn + år. Søk med hermeteikn slik at du snevrar inn søket til denne frasen. Mitt personsøkenummer er "Gudmund 1934". Søkjer du etter det, stansar søket på rett plass under lnr 116 Balvoll. Gudmund er eit så sjeldan namn at eg var den einaste som vart døypt med det i området i 1934. Men leitar du til dømes etter Anna eller Ola er det sannsynleg at det er minst to. For "Sjur 1798" er det treff på lnr 39 Kjelven i Arnafjord sokn, husmannsson på plass 5 Fæle under lnr 48 Nese i Arnafjord sokn og på lnr 195 Vangsnes.

Vi kan vidare leita etter kor personen vart busett. Då skriv vi inn førenamn + farsnamn med endinga son eller dtr. Eg prøver først med "Gudmund Ingvaldson". Her vart det ikkje svar. Eg har altså her eit bevis på at eg ikkje vart busett i området.

For t.d. personkjennemerke "Sjur 1798" treng vi ikkje søkja bustadplass: Under lnr 39 Kjelven ser vi at Sjur 1798 døydde alt i 1802. Under plass 5 Fæle ser vi at Sjur 1798 kom til Vikøyri v910, og for Sjur 1798 frå lnr 195 Vangsnes les vi rett av at Sjur Sjurson Vangsnes (1798–1878) overtok bruket, gifte seg, fekk mange born, og at paret reiste til Amerika i 1844 og i samband med det selde bruket.
Det er likestilling i oppsettet mitt. Du kan såleis søkja etter søstrene mine: Bjørg 1932 (busett på Voss) og Idunn 1936 og Idunn Ingvalddtr. (Du får sjølv finna ut kvifor det er nytteslaust å søkja etter Bjørg Ingvalddtr.)


For at eit søk skal fungera i denne datautgåva av boka, må du følgja mine skrivemåtar. (Sjå meir om skrivemåtar i kapittelet Innføring, og lista over normaliserte namn før ca 1900.) Du må såleis skriva inn Olason og ikkje Olsen. Du må sjølvsagt velja det du vil i di eiga slektsbok. Men har du mange avvik, blir det vanskar med søkinga. Går du tilbake i tid, må du normalisera namna.
Mange vil ha med fødselsdato i ei slektsoge. Det kan du få til ved først å skriva inn personkjennemerket og så skriva inn fødselsdato etterpå. For meg vil det då vera: Gudmund 1934 fødd 21.02.

Det sjølvkomponert søkesystemet i gards- og ættesoga kan med fordel brukast også av andre som skal skriva gards- og ættesoge eller slektsbok.