Vikjer i Bergen i 1875, del 1
I bygdehistorisk litteratur har den store utvandringa til Amerika fått stor plass. I Pridlao har det også vore mykje stoff om utflyttinga til Nord-Noreg i åra 1845–65. Men i utvandringsperioden var det òg stor utflytting frå Vik til Bergen. Det gjorde at eg under arbeidet med gards- og ættesoga skaffa meg eit visst oversyn over utflyttinga til Bergen på grunnlag av folketeljingane i 1863 og 1875. Jon Sværen, busett I Bergen, hjelpte meg mykje med den opphavlege lista. Dette stoffet har eg no teke fram att og arbeidd vidare med. I alt har eg no med 101 personar i Bergen i 1875 som var fødde i Vik. Stoffet er delt i to. Andre del kjem i neste nummer av Pridlao. Personar som er med i første del, er førde opp i tabellen. Lista følgjer rekkefølgja i teljinga. Dermed veit vi at dei som står nær kvarandre på lista, jamt over budde nær kvarandre i byen.
I dag har vi god hjelp til slikt arbeid av dei utlagde folketeljingane på nettet.
Men slike granskingar er likevel kompliserte og tek mykje tid når målet er å kartleggja kor det vart av personane etterpå. Problema går fram av ein artikkel i Kjelda nr 1 i 2003. Kjelda er utgitt av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Artikkelen er skriven av arkivar Karianne Schmidt Vindenes og gjeld ei gransking ho hadde prøvd seg på omkring 181 kvinner frå Sogn og Fjordane som ho hadde funne som tenestejenter i Bergen ved folketeljinga i 1875. Hovudføremålet var å finna ut kvar det vart av seinare. Det heile var mislukka. Det var få ho greidde å finna att i kyrkjebøkene, i folketeljinga for Bergen i 1900 og i emigrasjonsprotokollar. Ugifte tenestejenter er den gruppa av personar i folketeljingane som er vanskelegast både å identifisera og følgja etter. Eit generelt problem er at mange personar skifta førenamn når dei kom til Bergen. Brita kunne til dømes bli til Berte (sjå nr 002). Stundom kan det sjå ut til at det var den som skreiv inn namna I skjemaet som har valt skrivemåte. Det gjeld særleg eldre personar. Det tradisjonelle etternamnet (gardsnamnet/adressenamnet) var som regel borte for vikjer busette i Bergen. I staden kom eit familienamn. Ofte var det farsnamn med tillegget «sen» eller «en». Det galdt også for kvinner. Ei Nilsdotter fekk som ugift altså ofte etternamnet Nilsen. Eit familienamn som Iversen, kunne dessutan ha eit anna opphav enn at faren heitte Ivar. Når jenter gifte seg, tok del som regel etternamn som mannen hadde frå før. Men under omtalen av personane vil vi sjå at det er skrivne inn etternamn som er heilt uventa (Sjå til dømes nr 041). I lista går det fram at også for sysken kunne det bli brukt ulike slektsnamn. Nr 009 er såleis Anders Viigøren medan det står Hans Vigør for broren. I tillegg til namnproblema er fødselsår ofte feil. I 1875-teljinga var det alder som vart ført inn. Fødselsår er berekna av dataprogrammet til Digitalarkivet,
I den oppsette tabellen er namn og årstal skrivne som dei står i den digitale utgåva av 1875-teljinga. I artikkelen er original skrivemåte i teljingar og kyrkjebøker ofte sette i hermeteikn. Dåpsnamn i Bergen er ikkje normaliserte av meg. Dei avvik elles ofte frå namna i teljingane.
Dei som er med på lista, er personar som var døypte i Vik herad. Oppføring av Vik prestegjeld som fødestad i teljingane og kyrkjebøker for Bergen er ikkje alltid rett. Den vanlegaste forvekslinga er med Vikøyr sokn og Vikøyr prestegjeld i Hordaland, men vi finn også at rett fødestad kunne vera Vik (Viksdalen) i Indre Holmedal (Gaular). Det siste gjeld såleis Gjertrud Sørendtr «Vigen» (1834–) som eg hadde på den opphavlege lista. Eit anna eksempel er «Johanne Olsen, 1805, kone» og oppgitt fødd i Vik prestegjeld i 1875-teljinga og mannen var Mons Christensen frå Hosanger. Dei gifte seg I Bergen i 1844 og då var namnet hennar «Johanne Olsd. Lyngstad» — frå Sunnfjord. Garden Lyngstad ligg i Viksdalen. Eit tredje eksempel er «Lina Hansen 1841, kone» som var gift med Trond Hansen. Dei gifte seg i 1869, og då var ho «Nicoline Olsdatter» frå Indre Holmedal. Vi kan merke oss at fleire personar og familiar vart borte frå Bergen utan at vi kan finne ut kor det vart av. Fleire reiste truleg til Amerika utan at det vart registrert. Dette skjedde kanskje ved at dei ordna seg overfart utan vanleg billettkjøp, til dømes med ein fraktebåt. For slik oppklaring er det ei ulempe at for mange område er ikkje teljingane i 1875 og 1885 lagde ut på nettet.
Personane på lista
Nr 001 Lussi Vikøyri gifte seg 1860 i Bergen med Joseph Pettersen, sjømann frå Løddingen i Nordland. I 1875 hadde dei Josefine 1867. Då var han truleg «fløttmann» (person som hadde løyve til å frakta folk over elvar eller sund). I 1885 vart Lussi kalla Luise Sjurdatter og mannen hennar Josef Pedersen Grønvold. Adressa for bustaden var Nordnæsveien 2. Dottera, budde i same huset og vart kalla Josefine Pedersdatter og ho var gift med Andrias Sørensen Jønnevåg frå Eivindvik. Josefine Petrine Margrete Sørensen, «stewards hustru», døydde i 1892. «Fløtmand Joseph Petersen» (1821–1889) døydde i Bergen med same adresse som Josefine: 1-176a. I 1910 budde Lusst saman med to barneborn i Nordnesvei 2, der det var fire husvære. Ho vart då kalla huseigar.
Under namnet Lucie Pettersen døydde ho same året.
Nr 102 Tømmermann Carl Johan Olsen frå Bergen gifte seg 1868 med Brita Oladtr Orvedal (1842–1868). Ho var fødd i Bergen, men av ein familie som flytta til Bergen (sjå Orvedal i ættesoga). Meir om desse Orvedal-folka kjem i neste nummer av Pridlao. «Berte Olsen» døydde som almisselem. Carl Johan vart attgift 1870 med nr 002 Brita Hermundsdtr Tenål (1838–). Også ho vart kalla Berte Olsen. Ho voks opp i Bergen. Born i siste ekteskap: Johanne Bergitta 1878, Halfdan Edvardus 1881 (truleg død same året), Olaf Marius 1883. Carl Johan har ulike utrekna fødselsår – frå 1841 til 1843. I 1865-teljinga var han truleg ein person som då var tømmermannslærling og 24 år. Ved dåp av borna var han dagarbeidar. Familien blir borte etter 1883.
Nr 003 «Marthe Madsdtr Vigøren» gifte seg i Bergen 1869 med Christofer Jonasen Koste (1841—-) frå Tysvær. Han var styrmann. Born: Christian Bernhard 1876, Christopha 1877, Margit Otilia 1879, Johanne Cathinka 1881. Frå 1877 vart Christoffer kalla skipper eller skipskaptein. I 1900 budde familien Jonassen i Schrødersmuget 5. Då var tre av borna heime, men i kontorarbeid. Mora hadde då ei tenestejente. Det tyder på velstand. I 1910 dreiv det ein tobakksforretning.
Nr 004 «John Vigøer» i 1875 var John Bottolfsen som gifte seg 1876 i Bergen med Synnøve Caldine Johannessen (1852–1887) frå Bergen. Under namnet John Botholfsen gifte han seg på nytt 1888 med Bertha Gurina Johnsen (1846–), også ho frå Bergen. Born døypte i Bergen: Bernt Andreas 1877–78, Wilhelma Edvardine 1878, Bernt Andreas 1580-80, Ludvig Johan 1881, Anne Mathilde 1884, Sønvard Johan 1889. I 1900 budde Jon Bottolfsen med huslyd i Tydskesmuget. Det var: Berthe 1846, Vilhelma 1878, Ludvig 1881, Anna 1884 og Sønvard 1889. Jon var heile tida tømmermann på skipsverft. I 1910 budde det 8 personar i husværet. I tillegg til familie var det Sofie Rivedal (1885-) frå bnr 1/28 i Røysane–Sæbø.
Nr 005 Jakob Peter Bartolomæi Wulf (1843–), furer, med kone Marie Martine 1842 frå Årstad i Bergen var i 1865-teljinga i Bergen. Men etternamnet vart då skrive Wolf. Furer var ein stilling mellom sersjant og kommandersersjant. I 1875 var han kommandersersjant. I 1885 vart han kalla Jakob Pitter Bartolomæus Wulff. Då var han fanejunker og budde utan kone i Nygaardsgt 42. Der var det svært mange leigebuarar. Seinare vart dei båe borte både frå teljingar og emigrasjonslister.
Nr 006 Tollak Knutson Rislåg (1842–1911) hadde i 1870 gift seg i Vik med Anna Andersdtr Sæbø. Dei hadde i 1875 fleire born. Ved teljinga sist på året i 1875 hadde Tollak mellombels hybel i eit hus eigd og busett av ein handelsmann. Tollak vart kalla bondeson, noko som viser at han då ikkje hadde fått tildelt lnr 35a Fosse. Kanskje dreiv Tollak bondehandel og reiste til Bergen for å selja varer.
Nr 007 Sjur Ellingson (1843–1908) var frå husmannsplassen Bjørkvika på Sylvarnes. I 1875 var Sjur matros og som broren Ola (nr 047) på båtfart i Norland.Men han hadde bustad i same hus som nr 006 Tollak Fosse. Der var også «Ingeborg Simensdt. Ellingsen» (1833–) frå Rø i Hålandsdalen, tilsynskvinne, gift og oppførd som mor til Sjur! Med 10 års aldersskilnad, måtte dette vera feil. Det rette er at dei to gifte seg I Bergen i 1870. Vi finn ikkje Sjur att i teljingane etterpå. Men han døydde på ein aldersheim i Årstad prestegjeld, og er då førd opp som tidlegare verksarbeidar. Han var gift, men ingen person er førd opp i kollonna for pårørande.
Nr 008 Hans Nielsen Amland (1813–1901) frå Bergen gifte seg 1842 med Marte Marie Gullaksdatter Wiig (ca 1510–1864) frå Valdres. Dei fekk to born som truleg døydde små. Marthe Marie Amland døydde som almisselem. Hans vart attgift 1867 med Johanne Sjurdtr (1824–1909) frå Åse-Arnafjord. Dei fekk ikkje born. Hans vart kalla blokkmakar. Ein blokkmakar laga blokker (som taljar) til seglskip. Det viktigaste arbeidsreiskapet for ein blokkmakar var dreiebenk. Men Hans fekk berre fattigdom ut av yrket. Johanna fekk truleg nerveproblem. I fattigmanntalet for Bergen 1878–86 står det at Hans reiste til Amerika sommaren 1882 men kom att i januar 1883. I fattigmanntalet 1881–95 var bustaden asylet, men Hans arbeidde på Arbeidsanstalten. I teljinga i 1900 var adressa for det to Skottesa|smug 1, og det var også bustaden då Hans døydde.
Nr 009 «Anders Olsen Viigøren» gifte seg 1860 med Karen Oline Olsdtr (1831–) frå Bergen. Ho vart seinare kalla Karoline. Familien må ha vore i Bergen i 1865, men manglar i teljinga dette året. Det støttar mistanken om at teljinga var mangelfull i Bergen. Anders vart kalla janitsar, frå 1872 musikkorporal (i brigademusikken). Born fødde i Bergen: Olufine Mathilde 1860–60, Olaf Martin Bartolomay 1861, Olufine Mathilde 1865–65, Carl August 1866, Inga Marie 1868, Frithjof Bartolomeaus 1872. Harald Bartolomæus 1875. Frå 1865 budde familien i bnr 10–90. Anders vart i 1875 kalla huseigar. Då budde også nr 010, 011 og 012 i huset. I 1885, 1900 og 1910 var adressa Nøstegaden 45. I 1910 var Anders pensjonert musikkorporal. Då budde berre Karl 1866 saman med foreldra. Skrivemåten for slektsnamnet Bartolomæi (Bartolomaey) er vanskeleg, og i 1885 vart dei tre sønene med dette tilleggsnamnet skrivne: Olaf Bartholdomay, Fridtjof Bartholm og Harald Bartholm. Det var mor til Anders som hadde Bartolomæi som slektsnamn.
Nr 010 «Johannes Andersen» var også frå Vikøyri og budde i 1875 hjå nr 009 Anders «Viigøren». «Boghandlerfuldmægtig» Johannes Andersen gifte seg i Bergen 1891 med Nicoline Togstad (1866–) frå Bergen. I 1892 var Johannes «regnskapsfuldmægtig» og paret budde i Strømgaden 31 og dei fekk Erna Bartholomay 1892. I 1894 vart Johannes på nytt kalla bokhandlarfullmektig, paret budde i Hans Holmboegade 15b og fekk barnet Finn Togstad 1894. Ved teljinga i 1900 vart Johannes kalla «forlagsboghandler, papirhandler, bogtrykkerieier, huseier». I tillegg til Erna og Finn hadde dei no Laura Eckhoff 1897. Våningshuset låg i Musægade 1 og dei hadde ei tenestejente, fødd 1879 i Dale, Sunnfjord. I 1910 hadde dei flytta på nytt, no til Årstad (som var blitt eige prestegjeld). Dei var i eit hus under garden Lille Solheim og som hadde tre husvære. Heller ikkje dei to andre familiefedrane var fattigfolk. Men tittelen til Johannes var no redusert til papirhandlar. Nicoline vart kalla Lena og borna var skrivne inn som Erna B., Fin T., Laura E. og ein ny son: Leif S. 1905. Tenestejenta var fødd 1888 i Manger.
Nr 011 Anders Andersen (1851–1919) var bror til nr 010 Johannes Andersen. Far deira, Endre Andersson Andersen (1825–1908), var forretningsmann på Vikøyri, hus nr 19 i gards- og ættesoga. Anders 1851 flytta tilbake til Vik og overtok forretninga til faren. Han var ugift. I 1885 var Anders framleis i Bergen. Han var då kontorist hjå Peter Mohn og budde i Gartnergade 1.
Nr 012 Ole Viigøren er vanskeleg å identifisera, men han var truleg ein gut som Marta Oladtr Vikøyi (1830–) fekk i Vik i 1849 med Kristen Johannesson «Linde». Det rette namnet var truleg Kristen Johannesson Lunde (1827–) frå Leikanger. Ola 1849 er ikkje med i gards- og ættesoga. Marta var frå Vikøyri v780 og såleis ei syster til nr 009 Anders Vigøren. Ola vart ikkje konfirmert i Vik og han og mora finn vi ikkje i folketeljinga i 1863. I militære Ioddtrekningslister 1850–75 i Bergen finn vi, på side 409 av 410 sider, Ole Christian Vigøren, fødd i 1849. Dette må vera vår Ola, sjølv om det står at han var frå Bergen. Ola står som Ole Vigøren, musikkorporal i brigademusikken, i teljinga i 1885. «Ole Christensen Vigøren», fødd 1849 i Vik, emigrerte som musikkorporal til USA frå Bergen i 1888. Ola kan ha vore fosterson hjå morbroren Anders (nr 009) etter han kom til Bergen, kanskje alt frå 1853.
Nr 013 og 014. Nr 013 Barbra Perdtr Midlang (1828–1893) var gift med skomakarmeister Johannes Ellefsen (1828–1899) frå Haus prestegjeld. Born: Hjalmar Pedro 1866 (medisinsk student i 1885), Jenny 1872. I 1875 hadde Johannes ein skomakar og tre lærlingar i teneste. I 1885, i 1893 og i 1899 var adressa Store Markvei 42. I 1875 var nr 014 «Karen Millang» hushjelp hjå Barbra. I 1878 døydde «Karen Millang», oppgitt fødd 1823, på sinnsykeasylet. Kanskje er dette Andersdtr Vikøyri (v070 i gards- og ættesoga), fødd 1824. Ho vart konfirmert 1839 med karakteren «gode kundskaber og flittig», men blir borte seinare. Kanskje er grunnlaget for Midlang-namnet at jenta vart oppfostra av foreldra til Barbra?
Nr 015 Ragnhild Andersdtr Vikøyri gifte seg 1877 med Johannes Olai Johannesen (1849–), matros, frå Haus. Ragnhild fødde 10 born i åra 1878–92. Namna finn vi på nettet i ei fil for døypte i Bergen. Dei fleste døydde små, av dei tvillingar fødde i 1892. Ragnhild var ved teljinga i 1900 enkje og fekk fattigstønad. To søner var då med henne: Alfred Johan 1879 og Thorvald Olai 1856. Vi finn tre adresser for familien: I 1890 Nedre Fjeldsmug 18, i 1892 Ny Sandvigsvei 46 og i 1900 Øvre Blegevei 18b. I 1910 var Ragnhild enkje, fekk fattigstønad og budde saman med sonen Alfred på ein kvist i Rosenbergsgate 8. Oppgitt fødselsdag ved denne teljinga var 14.01.1849. Dette måtte difor kontrollerast i skanna kyrkjebok i Digitalarkivet. Ingen Ragnhild var fødd i Vik på den oppgitte dagen. Rett dato er 21.01.1850.
Nr 016 Øystein Olason Vetleøyri (1806–1883), var busett i Vik, men var på ein privat sinnsjukeheim i 1875. Han hadde eit lite fjøs på Vetleøyri, men å kalla han for bonde var vel litt i overkant. Av fattigprotokollen for Vik finn vi i året 1871 at kostnaden til «den sindssvage Østens kur og pleie» skulle delast mellom amtet (4/5) og fattigkassen (1/5).
Nr 017 Styrk Larsson Moane-Hove. «Skjak» er ei merkeleg feilskrift. Styrk (Størk) var kanskje eit ukjend namn for teljaren. Styrk var «indkommanderet musketer», altså i pliktig soldatteneste. Han kom tilbake til Vik og vart bonde på bnr 26/9 av lnr 71+73 Hove.
Nr 018, 019 og 020. Nr 018 Anders Kristenson og nr 019 Isabella Eliasdtr, båe frå Vikøyri, gifte seg i Vik i 1850. Før det hadde dei fått Christine 1848. Born døypte I Bergen: Christian Henrich 1852–80 (ved død: fyrbøtar, tæring, fattiglem), Bernhard Julius 1855–67 («hjernebetændelse»), Eilert 1858–66 («faldt i vannet og druknet»), Hendrikke Elisabeth 1861 (til Vikøyri v863 i gards- og ættesoga), Andrea Martine 1865 (USA 1882), Elias Bernhard Bartolomaus 1872. I 1852 var Anders soldat, deretter arbeidsmann eller daglønar, i 1866 fyrbøtar og frå 1875 maskinist til sjøs. I 1865 vart Isabella skrive Elisabeth. Vi finn ikkje familien i 1885-teljinga eller seinare. Truleg var dei emigrantar.
Nr 021 «Ole Olsen Lilleøren» reiste til USA i 1881. «Ble stoppet på grunn av opfostringsbidrag», står det. Han kom vel likevel med båten? Det står at han reiste frå Vik. Men han er ikkje med i boka «Ein stad skal ein vera». Barnet var Brita 1881, sjå s102 i alfabetisk oversyn for Vetleøyri i gardssoga. Ho kom til verda 17.12.1881 og ved dåp vart faren kalla «ugift maler». Ola må ha reist før barnet vart fødd.
Nr 022, nr 023, nr 024. Tre av borna til lærar og klokkar Ola Furrevik (sjå under Skulejordi i gardssoga) budde saman i Bergen i 1875. Johanna Birgitta 1861 var då forsørgja av faren. Ho var døvstum. Ho døydde i Bergen i 1877. Årsaka til dødsfallet finn vi ikkje ut av. Nr 022 Johannes Mathias 1855 reiste til USA frå Bergen i 1880. Nr 023 Rasmus Martin 1858 finn vi som maskinist for dampbåtar i teljinga for Bergen i 1900. Han var då gift med Anne Margrethe Næss 1859–1907 frå Bergen og dei budde i Rosenbergsgade 9. I 1910 hadde Martin barnet Gudrun 1901. Bustaden var då C. Sundtsgate 9,11 og det var tenestejente i huset. Både i 1900 og 1910 budde ei syster til Anne Margrethe, Regine Bertine Næss, fødd 1855, i familien. Ho dreiv manufakturhandel. Det gjorde båe systrene i 1900. Faren til dei to, Ole Johan Næss, var handelsmann, så dei to systrene hadde truleg overteke etter han. I 1910 må Regine ha overteke morsrollen i huset. Ei bror til dei to, Gerhard Olai 1856, var styremann då han gifte seg i Bergen i 1886 med Anne Helene Gabrielsen (eller Johnsen) (1849–) fra Bergen. Dei fekk Olaf Georg 1886. Deretter blir dei borte. Truleg reiste dei til Amerika. Den yngste av fire Furrevik-brør var Lauritz 1867. Han var skuleelev i Bergen i 1885. I 1900 og 1910 finn vi han som kommunelege i Fosnavåg, Herøy kommune i Møre og Romsdal. Han var ugift. Då hadde han enkja Fredrikke Furrevik som husholderske. Også ho var fødd i Vik. Sjå meir under nr 046.
Nr 025 Endre Bergesen, stuert, gifte seg 1890 i Bergen med Anna Margrete Nilssen Pedersen (1867–) frå Bergen.
Ved teljinga 1900 finn vi dei to i Nordre Schrødersmug 9 i Bergen. Endre var framleis stuert. I 1910 finn vi dei to på staden Slettene, Askøy. Endre var då «fedevarehandler». I 1908 og 1914 var Endre Bergesen (Vikøren) på utvandringslistene som hyra stuert. Det tyder på at han også arbeidde seg tilbake til Noreg som stuert. Sjå også nr 036.
Nr 026 «Anfind Olsen» (1844–1908) var den eldste i ein barneflokk på 6 på ein husmannsplass under Sæbø. Familien flytta til Bergen i 1856. Vognmann Anfin Olsen gifte seg 1874 i Bergen med Amalie Bertine Olsen (1847–1878) frå Bergen. Amalie døydde av tuberkulose. Han vart attgift 1880 med Marne Andrea Abrahamsen (1855–), også ho frå Bergen. Born: Oluf Mikal 1875, Harald Emil 1877–78, Vilhelm Emil 1883, Marie Andrea 1886, Hildur Magdalena 1888, Anfin Andreas 1891, Abraham Mikal 1892, Emma Edvarda 1897, Ole Johan 1899. I åra 1875 og 1877 var adressa 15–88, i 1883 15–160, i 1886 15–132, i 1888 Grønnevoldsgate 10 (som kanskje var det same som 15–132). I 1891 og seinare var adressa Hollendergate 10. Ved teljinga i 1900 vart Anfin kalla «Enfin» og han var «kaffevært». Born som budde heime var då: Amalia 1881, Vilhelm 1883, Mari 1886, Hildor 1888, Anfin 1890, Abram 1891, Emma 1897 og Johan 1899 (førd opp som jente i teljinga!). Lagerarbeidar «Anfinn Olsen (Vikør)» døydde i 1908. I 1910 budde enkja Marie Olsen på ein kvist i Hollendergaten 10 og fekk fattighjelp. Ho hadde med seg borna: Anfind 1889 (gullsmedlærling), Emma 1897 og Johan 1900.
Om ei syster til Anfin, Brita 1842, sjå nr 002. I neste nummer av Pridlao kjem det omtale av flere av denne husmannsfamilien i Sæbø.
Nr 027 «Caroline Henrika Badker» vart døypt i Vik 1849, men familien kom ikkje med i gards- og ættesoga. Faren var frå Bergen og mora frå Stavanger. I 1865-teljinga finn vi foreldra i Bergen med etternamnet Bødiker. Faren var då «logerende skeddersvend». Caroline Bødtker var då tenestejente hjå handelsmann Hans Bødtker. Henrikke Bødtker gifte seg i Bergen i 1870 med konditor Arne Johan Madsen.
Nr 028 «Marie Wiese». Marie vart døypt Marie Daae Christensen. Ho var dotter til distriktslege Jørgen Wright Aall (1810–1852) og hustru Karen Daae Christensen (1819–1890) frå lnr 127 Sjøtun. Jørgen var frå rik slekt i Porsgrunn. Ein bror var stortingsmann Hans Cato Aall. Ei farbror var Jacob Aall (1771–1833), som mellom anna er kjend for dagboka si frå Eidsvoll-forsamlinga og som rik jarnverkseigar.
Born: Marie 1844, Anna Kathinka 1845, Mads Christensen 1846, Bergithe Christiane Sofie Aasaminda 1848, Christian Frederik 1851, Jørgen 1852. I 1865 finn vi «Thinka Aall» som pleiedotter hjå slekt i Måren. Då var Bergithe og Jørgen saman med mora på slektsgarden Skeid i Førde. Vi finn ikkje sonen Jørgen som døypt i Vik, men då oppgitt alder i 1865 var 14 år, kan vi rekna at han vart fødd etter at faren døydde på Tenål 15. april 1852. Mads Aall var sjømann i 1865 og busett i Bergen (hjå systera Marie) og «Christian F. Aal» var på Sjøtun i Vik i 1863 og vart seinare eigar av Sjøtun. Marie 1844 var gift med kjøpmann Georg Wiese (1830–1900) i Bergen. Dei vart ikkje vigde i Bergen. I 1875 hadde dei: Leif 1866 (høgsterettsadvokat i Bergen) og Marie 1868 (gift 1898 med Wilhelm Frimann Kahrs). Både i 1865 og 1875 hadde dei ei tenestejente i huset. Ved teljinga i 1885 var Georg blitt bankkasserar og familien budde i andre etasje i Fredrik Meltzergate 26. Tenestejenta var frå Gjerstad prestegjeld. Bankkasserar Georg Wiese døydde i 1900. Adressa var som i 1885. «Bankkasserers enke» Marie Wiese emigrerte til USA i 1902. Ho reiste på 1. plass. Emigrasjonen er førd inn både i Vik og i Bergen. Det tyder vel på at ho hadde avvikla heimen i Bergen før ho kom til vitjing på Sjøtun i Vik før avreise. Marie reiste truleg til dotter si i USA, men vi finn ikkje Marie 1868 i emigrasjonslistene, men ho var ein tur til gamlelandet som enkje 1928–29.
Nr 029 Anna Kathinka «Dahl» var på vitjing hjå systera Marie Wiese under teljinga i 1875.
Nr 030 Bartholine Euphemia Fürstenberg (1850-1881) var dotter til løytnant Ditlef Fredrik Tillich (1811–1896) og Anna Elisabeth (Füstenberg) Vange (1806–1893) på lnr 8. I 1875 var ho gift med Gudbrand Oscar Johan Lunde (1847–1928), ein kjøpmannsson frå Oslo. I 1875 var Gudbrand sykegymnasiast og løytnant, i 1900 infanterikaptein og gymnastikklærar. Dei to hadde: Sigurd 1874 og Anna Margrethe 1879. Ei syster til Bartholine, Margrethe 1848 (nr 031) var på vitjing under teljnga. Ho var busett på lnr 8 Vange. Ved teljinga i 1900 hadde familien Lunde eit våningshus i Kong Oscarsgate 45.
Nr 032 Brita Oladotter Vikøyri (1858–1947) var i 1875 ei av to tenestejenter hjå nr 030 Bartoline. I teljinga for Bergen i 1885 er ho truleg ei tenestejente hjå ein kjøpmann med svært mange born og står då under namnet «Berthe Olsen Vigøren». Men utrekna fødselsår ut frå oppgitt alder er då 1860. Vi finn ho ikkje i digitaliserte folketeljingar i 1883, 1900 eller 1910. Brita døydde på gamleheimen i Vik. Kan også ho vore i Amerika utan at det er registrert?
Nr 033 Olina Johandtr Linseth (1849–) frå lnr 23a Dale i Arnafjord sokn gifte seg borgarleg i Bergen 1872 med snikkarsvein Peder Knutson Radseth (1845–) frå Fræna i Romsdal. Seinare vart han kalla snikkarmeister og han hadde eigen snikkarverkstad. Farsnamnet til Olina vart då skrive Johannesen. I 1875 hadde dei sønene Jachob 1873 og Peder 1875, ei tenestejente og tre lærlingar. I teljinga i 1885 hadde dei borna: Jakob, Peder, Johan Martin 1877, Konrad 1878, Anne Bergitte 1883 og Laura 1885. Seinare fekk dei Leonora 1888, Wilhelm Matheus 1890 og Marie 1894. Dei budde i Lungegaardsgate 3, og det var i 1885 to tenestejenter og 3 lærlingar i huslyden. Olina vart då kalla Lina. Familienamnet var Knudsen. I teljinga i 1900 står det at familien Knudsen høyrde til Baptistsamfunnet. I 1910 budde familien Knudsen framleis i Lungegaardsgate 3, og som var eit kombinert våningshus og fabrikkbygg. Fire av borna var heime. Familien var framleis baptistar.
Nr 034 Ivar Halvarson Vikøyri (1802–1876) var son til enkja Sofie Finndtr og ein kar frå Hemsedal. I 1825 gifte Ivar seg i Bergen med Anne Margrethe Oladtr Berg (1803–1886) frå Kongsberg. I 1825, 1526 og 1829 var han verva soldat og i 1837 og 1840 «gevaldiger», dvs underoffiser og leiar for militærpolitiet i regimentet. I 1865 var han handelsmann og budde i første etasje i gnr 38, gate 18. Sonen Johan vart gitt opp å vera huseigar, og han var skreddarsvein. Det budde heile 22 personar i huset. I 1875 var familien i det same huset, og sonen Anton (som i 1865 berre var kalla «søn») var no handelsbetjent og då sikkert hjå faren. I 1883 vart enkja Anne Margrethe ført opp som huseigar av 38-18, men sonen Anton var no snikkarsvein. Butikkdrifta må då ha vore avslutta. Born: Sophie Margrethe 1826 (gift 1859 med matros lvar Eirikson), Olai Johan 1829–69, Anton 1837, Anne Margrethe 1840 (gift 1863 med bakarsvein Ananias Kobeltvedt).
Nr 035 Johanna Jondtr Vikøyri (1835–1891) gifte seg i Vik 1862 med matros Ola Endreson Vikøyri (1834–1870), sjå Vikøyri v770 i gardssoga. Dei kom til Bergen før 1865. Born: Bertine Marie 1863, Ole Johan 1866, Elisa Jørgine 1868. «Ole Endres. Vigen» vart kalla båtsmann då han døydde. For Johanna var det eit uvanleg langt tillegg i teljinga i 1875: «Med delvis fattighjelp, går ærender og andre lettere.» Kanskje ho hadde helseproblem, sjølv om ho berre var 40 år? Vi finn ho ikkje i teljinga i 1885. Då ho døydde var innføringa: «Johanne Olsen, f. Vig, 1833. Bådsmands enke.» Legg merke til at enkja tok etternamnet Olsen. Det kom kanskje av at det var «rett» for borna, og då var det vel praktisk at mora hadde same etternamn.
Nr 036 Oline Bergesen var syster til nr 025. Ho gifte seg 1881 med brannkonstabel Rasmus Monssen (1852–1888) frå Manger. Dei fekk Bernhard Martin 1881–82 og Randulf Olai 1885. I 1885 og 1888 var Rasmus verksarbeidar på Askøy. Oline Monssen gifte seg på nytt 1891 med arbeidar Ole Johanessen (1855–) frå Haus. Born: Bernhard 1891, Fridtjof 1897. I 1910 budde familen Johannessen i Lyder Sagesgate 5 i Bergen.
Nr 037 «Storch Olsen Vigøren» (1803–1876) gifte seg 1829 i Bergen med Unn Larsdtr Sogndalsfjøra (1802–1874). Han var då tambur ved 2. compani. Unni flytta frå Sogndal til Bergen i 1825. Born: Ole 1827, Syneva Gerthine 1829, Lars Olai 1833–34, Herman Olai 1836–37, Berthe Oline 1841. Styrk var i 1827 soldat og frå 1833 daglønar. I 1865 budde Styrk og Unni utan born, men saman med Ole Pedersen frå Sogndalsfjøra, kona hans frå Bergen og to ungar i eit husvære i gnr 51, gate 18. I huset var det òg fleire andre fattige familiar. Styrk hadde høgste fattigstøtte i 1875.
Nr 038 Johannes Jonson Vikøyri (1848–1911) finn vi også i teljinga i Bergen i 1865. Då var han lærling hjå ein målar. Ei merkeleg feilinnføring i 1875 er at han var frå Leikanger prestegjeld, Vik sokn. I 1875 var oppgitt yrke «bagersvend». Det kunne han ikkje praktisere ved teljinga ved nyår, for då var han tukthusfange. Under innsette i fengsel i Bergen 1850–75 finn vi «løskarl Johannes Johnsen Vigøren». Han vart fengsla på følgjande datoar, 24.01.71, 02.10.71 og 15.01.72. Dette var vel det vi i dag kallar varetekt. Under oversyn frå tukthuset i Bergen finn vi tre domar. Byrettsdom 13.01.72: 6 månader for tre gongers tjuveri (sona frå 17.01. til 17.07.72). Byrettsdom 09.03.75: 1 år og 3 månader for medverknad til tjuveri og i tillegg å ha reist frå arbeidsplassen sin (sona frå 16.03. til 16.06.75). Byrettsdom 07.05.17: 2 års fengsel for nytt tjuveri (sona frå 12.05.77 til 12.06.79). Vi ser at straffa vart skjerpa ved nye brotsverk. Johannes fekk i Bergen Johan 1874 med Mette Larsdtr Rikheim frå Lærdal. Etter soning reiste han til Brønnøy i Nordland og vart fiskar. Han gifte seg 1882 med Jonetta Christine Johandtr (1847–). Born: Anne Regina 1881, Augusta Amalie Josefine 1883, Johan August Møller 1888 og Margrete Bertine Julie 1896. Sjå meir i Pridlao nr 1 2012.
Nr 039 Anders Monsson Vetlesand (1818–1892) var frå plassen Slåttane under Vetlesand. Faren var skulehaldar.
I Bergen finn vi Anders i heimstadprotokollen for 1859 under namnet Anders Monsen Lillesand, 42 år. Då var han dagarbeidar. I teljinga i 1865 sat han på tukthus. I 1875 er han ført opp som «dixlemand». Det ser ut til å vera eit ord som vart mykje brukt i Bergen på denne tida, og tyder lausarbeidar, ofte arbeid med fisketønner. Anders finn vi ikkje i teljinga i 1885, men då sat han på nytt på tukthuset. I teljinga i 1891 finn vi han som fattiglem på arbeidsanstalten. Då var han gift og budde truleg saman med kona, utan ho er namngitt. Han vart då kalla bødker. Han døydde på denne staden i 1892. Då vart han også kalla bødker. Under tvangsarbeid i Bergen finn vi han i følgjande tidsperiodar: frå 20.10.1852 til 20.01.1853; frå 12.07.54 til 17.07.54; frå 12.03.58 til 12.05.58; frå 13.06.58 til 27.06.58; frå 18.07.58 til 21.12.58; frå 04.06.71 til 04.07.71. På tukthuset i Bergen finn vi han innsett for simpelt tjuveri i følgjande periodar: frå 22.10.59 til 22.06.60; frå 05.05.61 til 05.02.65; frå 12.04.72 til 12.04.76; frå 07.03.81 til 07.03.85. Den siste domen vart fastsett av Høgsterett. Anders gifte seg i Bergen 1844 som tenestedreng med Christiane Johannesdatter frå Gloppen prestegjeld, oppgitt fødd 1820. Dette må vera Christiane 1823 frå Breim med foreldre: Johannes Torson og Anna Larsdtr på Øvresæterås (= Sætre øvre, seinare Øvreset). I 1865-teljinga vart ho kalla kone. Ho leigde då husvære, vart oppgitt å vera gift, men med fråverande ektemann, 42 år og «ernærer sig på forskjellig vis». Då vart fødestaden feilaktig skrive Bergen. I 1875 vart namnet skrive Christiane Johannesen, fødd 1823 og frå Gloppen prestegjeld. I teljinga vart ho kalla «moder», men Anders og Christiane hadde neppe born. I 1885-teljinga er ikkje ho og Anders med. Kristiane Lillesand (fødd Johannesdotter), fødd i 1822!, med oppgitt fødestad Bergen! og som «løsarbeiders enke», døydde i Theaterg. 5 i 1894.
Nr 040 «Ole Knudsen» (1836–1887) var frå Framfjorden og vart i fleire av kjeldene kalla «Ole Knudsen Valsvig», men i gards- og ættesoga står han under Odlane. Han gifte seg ca 1861 med Anne Jacobdtr (1837–) frå Manger. Familien kom først inn i kyrkjebøkene i Bergen i 1864. Ved teljinga i 1865 vart det skrive at han var frå Hafslo prestegjeld! Først vart han kalla steinarbeidar, seinare lausarbeidar eller arbeidar og i 1875 altså pramarbeidar. Born: Knud 1861, Jacob 1862–64, Jacobine Marie 1865, Oluf Andreas 1867, Henrik Severin 1869–73, Ingeborg Elise 1870, Karen Gjertine 1872, Henrikke Severine 1874, Herman Johan 1876, Hanne Marie 1877, Haakon Martin 1879. Ola 1836 døydde på Bergen sjukehus.
Nr 041 «Ragnhild Kristianssen» budde i 1875 på same stad som nr 036 Olina Birgedtr frå Vikøyri. Dei var båe tenestejenter. I teljinga 1875 står det at ho var «forlatt af man». Under database vigde I Bergen finn vi i 1862 «Ragnhild Johnsdtr», 30 år frå Vik og sjøfarande «Christian Andersen», 28 år, frå Jølster. Det er ein merkeleg «feil» i teljinga i 1875 at førenamnet til mannen vart brukt som etternamn på kona. Under gravlagde i Bergen finn vi i 1881: «Ragnhild Andersen, f. Johnsdtr», fødd 1833 i Vik, matrosenkje. Rett fødselsår er 1832. Det var ingen Ragnhild med far Jon som vart fødd i Vik i 1833, så jenta finn vi under v524 i gards- og ættesoga. Før Ragnhild reiste til Bergen, fekk ho Jon 1858 med Ingebrikt Tolleifson frå plassen Slåttekvina på Alrek, sjå meir under v954 i gardssoga.
Nr 042 Gunhild Torsteindtr Vikøyri (1824–1904) var gift med Kristen Karlsen (1831–1890) frå Lavik. Han arbeidde i 1875 i eit ølbryggeri. Ved dåp av borna vart han kalla daglønar. Born: Karl Olai 1865, Karen Bertine 1867, Anne Serenne Christence 1869, Gjertine Kristiane 1872, Jørgen Kristinus 1874. Ved død i 1890 vart Kristen kalla almisselem. «Gunhilde Thorstensdtr, Kristen Karlsens enke» fekk fattighjelp 1890–95, sikkert også seinare. «Lider av hjertefeil», står det. Vi finn ikkje Gunhild i teljinga i 1900. Ved død i 1904 budde ho i Lyder Sagesgate 19b. Då vart det ført inn at ho var fødd i Bergen! Sjå òg nr 044.
Nr 043 Nils Anderson Dalsvær (1857–) var i murarlære i 1875. Han budde då saman med foreldra, steinarbeidar Anders Knutson (1823–1884) og Karen Sjurdtr (1826–), båe frå Vossestrand, og syskena Knut 1863 (fødd i Førde), Andrea Rangnille 1866 og Karl Kristian 1871. I teljinga i 1875 vart namna på dei to siste skrivne: Andrea Ragnhilde og Carl Christian. I fattigprotokollen for Vik finn vi at i året 1863 hadde fattigkassen refundert utgifter som fattigkassen i Førde hadde hatt på «sindsykeleghed». Det går fleire gonger fram i protokollen at fattigstyret ikkje likte slike overføringar, og her skreiv dei at familien måtte sendast tilbake til Vik på billigaste måte. I staden reiste dei til Bergen for å livberga seg sjølv. Anders Knutson (oppgitt å vera fødd 1818! på Voss), gift steinarbeidar, døydde i Bergen. «Murersvend Nils Anders», fødd i Vik 1857, finn vi i teljinga i 1900, busett i Nymandsgaden 31, Stavanger, med kona Anna 1848 og to born.
Nr 044 Gjertrud Torsteindtr Vikøyri (1824–) var i 1875 leigebuar hjå familien frå Dalsvær (nr 043) og dreiv med vask i huset. Ho var syster til nr 042 Gunnhild Torsteinsdotter. Gjertrud flytta i 1837 frå Vik til Kyrkjebø. Der var ho sikkert tenestejente, 12–13 år gamal! Ho vart konfirmert i Vik, men som fleire andre med «slette kundskaber». Ho gifte seg 1853 i Vik med Anders Larson Vikøyri (1817–). Dei er v060 i gards- og ættesoga. Dei reiste til Nordland i 1859, men i teljinga i Bergen i 1865 finn vi med fødestad «Sogen»: Anders «Larsen», 49 år, arbeidsmann, og «Gertrud Torstensdatter», 41 år, hans kone. Dei var truleg barnlause. Gjertrud er førd opp som enkje i 1875. Anders må difor ha døydd i åra 1865–73, men han er neppe gravlagd i Bergen. I 1885 finn vi Gjertrud som «vågekone» på St Jørgens Hospital (for spedalske). Deretter blir ho borte.
Nr 045 Brita Andersdtr Vikøyri (1848–) vart i Bergen kalla Berte eller Berthe. Ho gifte seg i Bergen 1876 med matros Lars Salomonson Nordaas frå Fana. Han vart då oppgitt å vera fødd i 1848, men då borna vart fødde var det 1853, og i teljingane i 1885 og 1910 var fødselsåret 1854! Lars var fyrbøtar. Born: Salomon 1876, Agnes Matilde 1879 (død lita), Ingolf Leander 1882, Agnes Mathilde 1885, Alis 1888. I 1885 budde den yngste systera til Brita, Hansina 1861, saman med huslyden. Ho var syerske. Systera Ingeborg 1846 var i Bergen under teljinga i 1875, men gifte seg same året i Vik (v538). I ei særskild teljing for sjøfolk i 1900 finn vi Lars som 1. maskinist på Hornelen. I 1910 var han maskinist på S/S Sogn. Oppgitt fødselsdato i 1910 for Lars er 03.06.1854, men det rette er 02.06.1854. Familien budde då i leigd husvære i Trangesmuget 7a. Der var «Berte Nordaas», oppgitt å vera fødd i Vik 16.11.1849 (det rette er 16.11.1848) og paret hadde hjå seg sønene Salomon 1876 (maskinist) og Ingolf 1882 (maskinistelev).
Nr 046 «Fredrikke Ulrikke Rasmussen». I 1865-teljinga finn vi Fredrikke som husholderske for Hans Theodor Ibsen, ugift borgarmeister i Bergen, og mor hans. I 1875 var ho husstyrar hjå Johan Fredrik Koren, ungkar og handelsmann. I tillegg til Fredrikke hadde han i teneste ei tenestejente og to «butikjomfruer». «Kirkesangerenke Fredrikke Ulrikke Lohman Furrevik, f. Rasmussen» døydde på Herøy i Romsdal i 1911. Ho vart gravlagd i Vik. Om borna til kyrkjesongar og lærar Ola Furrevik (1824–1890): sjå nr 022–024. Ola må ha gift seg med Fredrikke etter at han vart enkjemann i 1878. Men vigsla finn vi ikkje i kyrkjebøkene i Bergen eller i Vik.
Nr 047 Ola Ellingson Sylvarnes (1838–) var jekteskipper og var ved teljinga i 1875 i Nordland, men hadde bustad i Bergen. Han gifte seg 1873 med Nille Andersdtr (1851–) frå Hyllestad. Dåpen for Nille finn vi i kyrkjebøker for Askvoll. Foreldra hennar gifte seg i Kyrkjebø i 1841: Anders Olason Søreide og Brita Nilsdtr Søreide. I 1865 var mora på husmannsplassen Eidejordet i Hyllestad med to søner. Anders var då spedalsk og på pleieheim i Bergen. På St. Jørgen hospital var Anders Olson Eide frå 1879 til han døydde i 1887. I 1875 budde «Berthe Nielsdatter Østrebø» i Bergen hjå dottera «Nelle» (oppgitt fødd i 1859!). Ola og Nille hadde borna: Sine Andrine 1872–74, Edvard Andreas 1875, Sine Bertine 1877, Arnt Gustav 1879. Jekteskipper Ola Sylvarnes med «Nelle» 1850, Edvard 1850!, Line 1850! og Arent 1878 reiste til Amerika frå Bergen i 1881.
Nr 048 Ola Benjaminson Liljedahl (1841–). Under namnet Ole Benjaminsen finn vi han i teljinga i 1865 på eit stort skipsbyggeri i Laksevåg. Der er han smedsvein under hushaldet til ein smedmeister og var der saman med fire smedlærlingar. Ola gifte seg i Bergen 1868 med enkja Inger (Hansen) Gundersen (1831–) frå Lindås prestegjeld i Hordaland. I 1865 var mann hennar «bordarbeider» og då han døydde i 1867 var han almisselem. Inger hadde frå før mange born. Av dei var fem i heimen i 1875. Då hadde Inger også ei tenestejente. Ola må difor ha vore eit svært godt gifte for henne. Huslyden reiste til USA frå Bergen i 1881.
Gudmund Balvoll
Folketeljing Bergen 1875:
Nr. namn, gift/ugift, år, stilling
001 | Louise Pettersen | g | 1855 | |
002 | Berte Olsen | g | 1844 | |
003 | Marthe Jonassen | g | 1840 | kone (er frå Vikøyri) |
004 | John Vigøer | u | 1845 | tømmermand |
005 | Jacob Peter Bartolomeus Wulff | g | 1843 | kommandersergeant |
006 | Tollak Knudsen Fosse | g | 1842 | logerende |
007 | Sjur Ellingsen | g | 1843 | matros (Nordland) |
008 | Johanne Amland | g | 1818 | |
009 | Anders Viigøren | g | 1833 | musikkorporal |
010 | Johannes Andersen | u | 1857 | kontorist |
011 | Anders Andersen | u | 1851 | kontorist |
012 | Ole Viigøren | u | 1850 | musikkorporal |
013 | Barbra Ellefsen | g | 1828 | |
014 | Karen Millang | u | 1822 | (tenar hjå 013 Barbra) |
015 | Ragnild Andersen | u | 1852 | tjenestepige |
016 | Østen Lilleøren | u | 1805 | patient, bonde |
017 | Skjak Larsen Moene | u | 1852 | tjenestedreng |
018 | Anders Christensen | g | 1824 | maskinist til sjøs |
019 | Elisabeth Margarete Christensen | g | 1825 | kone |
020 | Christine Christensen | u | 1850 | datter |
021 | Ole Olsen Lilleøren | u | 1851 | logerende maler |
022 | Johannes Mathias Furrevik | u | 1855 | log., contorist |
023 | Rasmus Marthin Furrevik | u | 1858 | log., smedlærl. |
024 | Hanna Bergithe Furrevik | u | 1861 | logerende |
025 | Endre Bergesen Vigøren | u | 1856 | tjenestedreng |
026 | Anfind Olsen | g | 1844 | vognmand |
027 | Karoline Henrikke Bødtker | g | 1849 | |
028 | Mare Wiese | g | 1544 | (kjøpmannskone) |
029 | Anna Kathinka «Dahl» | u | 1845 | tilreisende |
030 | Bartoline Euphemia Förstenberg Lunde | g | 1850 | |
031 | Margarethe Vilhelmine Sofie Tillisch | u | 1848 | tilreis. |
032 | Brita Olsdatter | u | 1858 | tjenestepige (hjå 030) |
033 | Oline Knudsen Linseth | g | 1849 | |
034 | Iver Halvorsen Vigøren | g | 1801 | handelsmand |
035 | Johanne Vik | e | 1833 | logerende, delvis fattighjelp |
036 | Oline Bergesdatter Vik | u | 1854 | tjenestepige |
037 | Stork Olsen | e | 1804 | fuld understøttelse |
038 | Johannes Johnsen Vigøren | u | 1848 | tugthusfange |
039 | Anders Monsen Lillesand | g | 1818 | tugthusfange |
040 | Ole Knudsen | g | 1835 | pramarbeider |
041 | Ragnhild Kristianssen | g | 1854 | tjenestepige |
042 | Gunelde Torsensdatter | g | 1830 | |
043 | Niels Andersen | u | 1857 | søn, murerdreng |
044 | Gjertrud Torstensdatter | e | 1823 | logerende vask |
045 | Berthe Andersdatter | u | 1849 | tjenestepige |
046 | Fredrikke Ulrikke Rasmussen | u | 1832 | husbestyr. |
047 | Ole Ellingsen Sølvernæs | g | 1839 | jæktesk. Nordl. |
048 | Ole Liljendal | g | 1841 | smedmester |
Gards- og ættesoge:
Namn og fødselsår, farsnamn, stad
Lussi 1836 | Sjur Kristenson | Vikøyri v916 |
Brita 1839 | Hermund Olason | lnr 18 Tenål |
Marta 1840 | Mads Olason | Vikøyri v654 |
Jon 1845 | Botolv Ivarson | Vikøyri v134 |
Jakob Petter 1843 | Hans Jakobson Bartolomær Wulff | Vikøyri v278 |
Tollak 1842 | Knut Olason | lnr 54 Rislåg |
Sjur 1843 | Elling Jonson | lnr 57c Sylvarnes |
Johanna 1827 | Sjur Rognaldson | lnr 34 Åse-Arnafjord |
Anders 1833 | Ola Hansson | Vikøyri v/80 |
Johannes 1857 | Endre Andersson | Vikøyri v216 |
Anders 1851 | Endre Andersson | Vikøyri v216 |
Ola 1849 | Marta Oladtr | Vikøyri v780 |
Barbra 1828 | Per Knutson Midlang | Vikøyri v876 |
Kari 1824? | Anders Nilsson? | Vikøyri v070? |
Ragnhild 1850 | Anders Olason | Vikøyri v078 |
Øystein 1806 | Ola Olason | Vetleøyri s182, s228 |
Styrk 1852 | Lars Lasseson | bnr 26/18 Moane-Hove |
Anders 1826 | Kristen Andersson | Vikøyri v386, v056 |
Isabella Margreta 1825 | (gift med Anders, frå v196) | |
Kristina 1848 | (dotter til Anders og Isabella) | |
Ola 1851 | Ola Mikkelson | Vetleøyri s180 |
Johannes Mathias 1855 | O. R. Furrevik | Skulejordi-Sæbø |
Rasmus 1858 | (som broren | Skulejordi-Sæbø) |
Johanna Birgitta 1561 | (som brørne) | |
Endre 1857 | Birge Olason | Vikøyri v128 |
Anfin 1844 | Ola Markusson | plass nr 4 Sæbø |
Caroline Henrika 1849 | Johan Karbo Badker | Vikøyri |
Marie 1844 | Jørgen Wright Aall | lnr 17 Tenål |
Søster til Marie | ||
Bartholine E. F. 1850 | Ditlef Fredrik Nlhsch | lnr 8 Vange |
Margrethe 1848 | Ditlef Fredrik Tillisch | lnr 8 Vange |
Brita 1858 | Ola Johannesson | Vikøyri v808 |
Olina 1849 | Johan Martin Nilss. Lindseth | lnr 23a Dale |
Ivar 1802 | Sofie Finndtr | Vikøyri v408 |
Johanna 1835 | Jon Larsson | Vikøyri v524 |
Olina 1854 | Birge Olason | Vikøyri v128 |
Styrk 1803 | Ola Hermundson | Vikøyri v784 |
Johannes 1848 | Jon Johannesson | Vikøyri v518 |
Anders 1818 | Mons Bendikson | plass lnr 60 Vetlesand |
Ola 1836 | Knut Jonson | lnr 32 Ådlane |
Ragnhild 1832 | Jon Larsson | Vikøyri v524 |
Gunhild 1830 | Torstein Aslakson | Vikøyr v970 |
Nils 1857 | Anders Knutson | lnr 28 Dalsver |
Gjertrud 1824 | Torstein Aslakson | Vikøyri v970 |
Brita 1848 | Anders Eliasson | Vikøyri v030 |
Fredrikke Ulrikke 1833 | Hans Petter Grødem | v298 |
Ola 1538 | Ola Jonson | Sylvarnes lnr 57c |
Ola 1841 | Kari Oladtr Gilderhus | Vikøyri v556 |