Husmannsplassen på Balvoll

Publisert i Pridlao 8(1):52–53 (1989)

I eitt av dei fyrste åra etter krigen 1940–45 kom eit ektepar frå Bergen med etternamnet Endresen gåande frå Hopstock hotell opp til Balvoll. Mannen fortalde at han ætta frå garden. Dei namna som han la fram for far var ukjende for oss, men far og bestemor fann at det var lite sannsynleg at vi var i slekt. Endresen reiste att utan å ha fått nye opplysningar.

Noko meir kontakt med desse folka hadde vi ikkje på Balvoll før ei jente på 14–15 år i Nordland for 8–9 år sidan byrja med slektsgransking og gjennom Endresen fekk adressa til Balvoll. Seinare har denne jenta (Hanne-Eia Jørgensen) og foreldra hennar vore på Balvoll, og ein son til ekteparet Endresen, Henning, har vore der fleire gonger.

Dei første husmannsfolka på Balvoll

Av kyrkjebøkene ser vi at det på 1800–talet var langt fleire husmenn på Bøadalen enn det som går fram av bygdeboka, sjøl om det var lengre mellom plassane der enn på dei andre dalane og i flatbygda. Mellom dei som manglar i bygdeboka er husmannsfolka på Balvoll.

Ein enkel måte å finna ut kvar husmennene heldt til er å merkja seg stadnamnet i kyrkjebøkene, for på 1700– og 1800–talet var ikkje det siste namnet noko familienamn, men eit bustadnamn. Men for folk som flytta mykje, er det ikkje alltid så lett å finne samanhengen – og feil førekjem ikkje så sjeldan. Så når vi finn at den første husmannen på Balvoll heitte Endre Helgeson Hagen då han gifte seg i 1789, er det ikkje dermed sikkert at han var oppvaksen på husmannsplassen Hagen på Bøadalen. I slike høve er det godt å få hjelp av Anna Nummedal. Ho finn ut av det meste: Endre vart døypt som husmannson under Midlang. Foreldra var Helge Palneson Midlang og Marta Johannesdotter frå Rosheim. Kona til Endre, Sigrid, var dotter av ein gardbrukar på Tryti. I bygdeboka finn vi at foreldra hennar var Jon Person og Brita Olsdotter på bruk nr 4.

Det første husmannsfolket på Balvoll, Endre Helgeson og Sigrid Jonsdotter, var altså ekte bøadalingar. Dei flytte truleg til Balvoll mellom 1790 og 1800.

Endre og Sigrid fekk berre ein gut: Helge, fødd i 1790.

Endre døydde i 1816, 67 år gamal, og frå då av budde Helge og mora åleine på plassen til ho døydde i 1831. Året etter gifte Helge seg, 42 år gamal, med Sigrid Olsdotter Finden. Sigrid hadde ei syster, Lussi, som var gift med gardbrukar Nils Knutson Midlang, så Helge Balvoll brukte neppe båt på friarturen.

Helge og Sigrid fekk to born: Sigrid (1831–?) og Endre (1835–1888). 

Denne familien budde på husmannsplassen til 1844. Då flytta dei til Nord-Noreg.

Utflytting til Nordland 

Utflyttinga til Nord-Noreg på 1840-talet burde bli teke opp som tema i Pridlao, for omfanget var stort. I 1844 reiste nokså mange. Mellom dei var Helge og Sigrid Balvoll og dei to borna. Dette året minka folketalet i Vik sterkt, for i tillegg reiste 93 personar til USA. Husmenn og strandsitjarar reiste nordover, dei som hadde betre råd til USA. Dei som flytte nordover reiste til «Norderlandene» står det i kyrkjeboka.

Dei fleste vart strandsitjarar i Troms og levde mest av fiske. Det kom vikjer til Gratangfjorden og til Tjelsund i Troms. Eit syskinbarn til Helge, Per Olsen (Tryti) og familien hans, var på Dalsletta i Gratangen, så difor trudde vi at også Helge og Sigrid Balvoll kunne ha vore i nærleiken. Men løysinga fekk vi først etter å ha fått kontakt med Hanne-Eia Jørgensen: Dei slo seg ned på Tannøy, Hamarøy i Nordland, på sørsida av Vestfjorden. Dottera Sigrid vart gift og busette seg på Opeid, senteret på Hamarøy, medan sonen Endre Helgeson Endresen og familien hans budde på Tannøy. Dei tre eldste borna døydde ugifte i høg alder, medan dei yngste, Hans Sigfred Endresen og familien hans flytte frå Tannøy til Sørkil i 1906. Det var ein av sønene til Hans Sigfred som budde i Bergen og kom på vitjing til Balvoll.

Den neste husmannsfamilien på Balvoll

Johannes Olson Hagen og kona Brita Johannesdotter flytte inn i den ledige husmannstova på Balvoll. Dei var båe fødde i 1806 og dei gifte seg i 1840.

Brita var dotter til husmann Johannes Olson (Tennefoss) Lindehagen og den første kona hans, Brita Arnesdotter Sæle.

Foreldra til Johannes (Hagen) Balvoll var husmann Ola Johannesson Hagen og Kari Johannesdotter frå Hopperstad. Plassen I Hagen høyrde inn under Hopperstad, og eilgarar var truleg foreldra til Kari Johannesdotter. Ut frå det som står i bygdeboka får ein inntrykk av at dette var ein plass på Hopperstad, men det er meir truleg det var Hagen på Bøadalen. I tilfelle var det to husmannsplassar der på 1800-talet.

Før dei vart husmannsfolk i Hagen budde Ola og Kari på Tryti, og der vart eldste dottera fødd i 1793. Dei fekk ei dotter til før dei gifte seg, så det å vera sambuar er ikkje noko nytt.

Anna Nummedal har sett opp eit oversyn over alle 7 borna til Ola og Kari i Hagen, men det tek for mykje plass å ta det med her. Johannes var nr 4 i barneflokken.

Johannes Olson Hagen må ha interessert seg for jenter også før han kom i lag med Brita Johannesdotter, for i 1833 fekk han ei dotter, Kari, med Sigtrud Johannesdotter på Vikøyri, men ungen levde berre i tre veker.

Johannes Olson og kona Brita budde i Hagen då eldste sonen Ola vart fødd i 1842, men då borna Brita (1845–) og Endre (1848–) vart døypte, var dei husmannsfolk på Balvoll.

I 1859 reiste Johannes og Brita Balvoll og dei tre borna til «Norderlandene». Frå Nord-Noreg skal dei alle fem seinare ha reist til USA.

Husmannsplassen kom inn under Balvoll

Då husmannsplassen vart ledig nytta Ingebrigt Balvoll høve til å kjøpa han. I 1860 var det skyldsetting på Tryti for ein teig kalla «Balvolden» som var «en enslig millem naboernes eiendomme beliggende teig, der har sine gamle uomtvistelige merker». Seljar var Ole Olson Tryti (bruk nr 2 i bygdeboka).

Ca 1866 kjøpte Ingebrigt Balvoll eit lite hus i Sunnfjord. Det vart sett opp på denne teigen. Dette var tenkt å vera kårhus, men vart seinare selt frå og var då eg voks opp kjent som «Vossastovao» mellom bøadalingar. No er huset rive og jorda er blitt parkeringsplass ved skulehuset. «Vossastove-stykket» utgjorde meir enn ein tredel av teigen, så det var ikkje mykje jord på husmannsplassen.

Dei siste som budde på husmannsplassen 

Ved folketeljinga i 1865 var det to «beboede huser og husholdninger» på Balvoll. I det eine huset budde Ingebrigt og Barbra Balvoll med ungar og kårfolk. I det andre, som måtte vera den gamle husmannsstova, budde «agergraver» Tellef Olson med to søner 18 år og 14 år. Den yngste, Gudbrand Balvoll, vart konfirmert i 1867. Som mor for dei to borna var oppført ei Marta Knutsdotter. Tollef Olson var i folketeljinga oppgitt å vera frå Nordre Aurdal i Valdres.

«Agergraver» Tellef grov truleg grøfter, dvs han laga steinveiter. Det vart gitt tilskott både frå Landhusholdningsselskapet og staten til dette. Grøftegravarane var «ekspertar» som til og med fekk reisetilskott. Ein eller annan stad har eg sett at nokre av dei som dreiv med dette i Sogn var frå Sverige.

Vi veit ikkje kor det vart av Tollef og sønene hans. Men dei må ha vore dei siste som budde i husmansstova på Balvoll.

Kvar låg husmannsstova?

Husa på husmannsplassen må ha vore der fram mot 1870. Men då eg vaks opp var det ikkje grunnmurar å finna, og korkje far eller Ole Tuxen Bø hadde høyrt om ein slik plass. Oldemor Barbra må ha hatt god kjennskap til plassen, men ho hadde tydelegvis ikkje fortalt om dette til borneborna på Balvoll. Staden for husa var ei gåte heilt til Ragnvald fortalde meg at han hadde kart frå storutskifting 1859–64. På kartet fann vi husa midt på teigen «Balvolden». Husa på plassen må ha lege midt mellom stovehuset til Ragnvald Balvoll og «Vossastova». Dei enkle grunnmurane må ha blitt fjerna då husa blei rivne, slik at det ikkje var spor å finna seinare.

Gudmund Balvoll

Sjå òg Frå husmannsplass på Balvoll til Nord-Noreg