Husmannsplassar på Vangsnes
Publisert i Pridlao 24(1):64–71 (2007)
I Gards- og ættesoge for Vik i Sogn, hefte 5, er husmannsfolk på Vangsnes skilt ut i eit eige kapittel. I prinsippet er stoffet i hefta ordna områdevis. Men for dei mange husmennene på namngarden Vangsnes, kunne ikkje dette gjennomførast. I staden er plassane ordna i alfabetisk rekkjefølgje etter førenamnet på husmannen. For å ha tilvisingspunkt, vart kvar familie gitt eit nummer. I alt er 69 slike «plassar» med i heftet. Men då nye folk kunne overta ein tidlegare husmannsplass, er det reelle talet på husmannsplassar langt mindre. Ved teljinga i 1865 var det 23 einingar som kan reknast som husmannsplassar. I 1875 var det færre. Men vi kan slå fast at det særleg under bruk på Indre Vangsnes var fleire husmannsplassar per bruk enn det vi finn til dømes i Vik. Jordbruksproduksjonen på dei fleste av desse plassane var relativt liten, fordi fjorden var den viktigaste delen av levevegen.
På grunn av dette vart mange husmenn på Vangsnes i 1865- og 1875-teljinga kalla strandsitjarar. Det hadde lite med avstanden til fjorden å gjera, for mange vanlege husmenn hadde husa sine like nær stranda. Husmenn og strandsitjarar var i Sogn jamt over fattige. Men på Vangsnes var fleire jekteførarar og nokre var båtbyggjarar. Dei var truleg ofte meir velståande enn mange småbrukarar og bønder.
For bruka på Indre Vangsnes har vi utskiftingskart frå 1878 og for Ytre Vangsnes kart frå 1866. Hus på plassar som låg innan innmarksområdet kom med på karta. Men karta fortel ikkje kven som budde i husa, og stundom er det vanskeleg å finna ut om eit hus på kartet er ei husmannsstove eller til dømes eit høyløe. Dessutan var det på denne tida fleire småbruk som ofte ikkje hadde større og fleire hus enn det vi finn på somme husmannsplassar. Men i teljingane i 1865 og 1875 har vi oppgaver over husmannsplassar og husmannsfolk på denne tida, og vurdert saman med utskiftingskarta har det vore råd å finna ut kor dei aller fleste plassar låg. For det vanskelegaste området, «Sjøkanten» på Vangsnes, har eg dessutan hatt god hjelp av ein teikning av Arne Berg, trykt i 1968. Denne teikninga er med i hefte 5 av gards- og ættesoga.
På denne tida var gardsmatrikkelen ordna i eit løpenummersystem. Gardssoga i dei fem hefta for Vik i Sogn er bygd opp kring dette systemet. Det er også brukt her og er kalla lnr. Dei som ønskjer å finna ut kva bruk plassane låg under, må gå inn i hefte 5 og slå opp under rett lnr. For dei som meiner det er lettare å orientera seg etter det noverande systemet med gards- og bruksnummer, er det ein hjelpetabell på side 8 i heftet.
Kartutsnitt nr 1.
Plassar ved sentrum av Vangses
Kartutsnitt nr 1. I dette utsnittet for «Sjøkanten» av kartet frå utskiftinga på Vangsnes i 1878 er det to hus som også står i dag. Det eine er gjestgivarstova frå før 1801 og som er merka med 1. Det andre er det kombinerte bustad- og forretningsbygget til Nils Ellendson Vangsnes (1815—1891) oppført av faren Ellend Lasseson Åfet (1772-1857) ca 1830 og som er 2 på kartet. På staden var det Og eit stabbur og eit eldhus. Vidare er med to andre sjølveigde eigedommar. Det eine tunet er merka med 3 og er lnr 187b, eigd i 1878 av bøkker Lars Olason Vangsnes (1842-1934). Det andre er merka som 4 og var bustad for – Amund Olason Vangsnes (1825–1881) og kona Anna Katrina Johannesdtr Elvagjeng (1823–1897) frå Sogndal. Amund hadde i 1851 fått skøyte på foreldrebruket lnr 186, men alt i 1856 selde han bruket og vart husmann under bruket. Amund var jekteførar. Det, og at paret i tillegg var barnlaust, var truleg grunnen til at han selde garden. Plassen under bruket var stor. Plassen fekk han i 1873 kjøpt som lnr 1860c (= bnr 97/7). Amund døydde på sin post: han drukna i Kråkenesfjorden i Solund. Plassjorda kom inn under eiga til Bjørn Hanekam og vart deretter, saman med nokre andre småparsellar, Hovland-eige.
Vi må kunna gå ut frå at på kartet er alle hus nede på stranda naust og sjøbuer. Resten av husa i området, og som ikkje er nemnde ovafor, må ha høyrt inn under husmannsplassar. Husa på desse plassane er på kartutsnittet merka med bokstavar frå A til H.
Plass A
Sjøarteigen var ein teig under lnr 187 (Øen-bruket). Han hadde størst breidd ned mot sjøen. Teigen vart skilt frå i 1870 som lnr 187c og kom seinare inn under bruket til Otto Karl Ottoson Opsal (1837–1919). Det bruket var lnr 189c. I 1865 var det på Sjøarteigen ein plass som i teljinga vart kalla «Sjøtetgen». Der hadde plassfolka: 1,5 dekar poteter, ei ku, 6 smalar og ein vinterfôra gris. Det var altså ein nokså stor plass. Kartet frå 1878 viser då òg eit stort uthus i tunet A. Plassfolka var: jektebyggjar Lars Olason Kvåle (1823–1880) frå Sogndal og Ragnhild Nilsdtr Vangsnes (1822–1857) frå plass D nedanfor. Lars og Ragnhild gifte seg i 1853 og fekk: Ola 1854—1936 og Anna 1857. Sonen Ola vart ugift sjømann. Morfar hans var frå Rinde i Feios, og det er grunnen til at han vart kalla «Rindes-Ola». Det at han «arva» Rindenamnet gjennom mora, er kanskje litt uventa. Men at morbroren «Rindes-Anders» på plass D nedanfor fekk eit slikt tilnamn er meir sjølvsagt. Ola var frå først på 1930-talet busett i huset på lnr 189d og døydde der, sjå under Hamraplassen under Midttun. Det morlause barnet Anna vart oppfostra på plassen. Ekra under Tue i Balestrand og vart gift til Tuftedal i Balestrand. Lars vart attgift 1860 med Kristina Ottodtr Vangsnes (1824–1872) frå plass G og dei fekk: Otto 1860, Ragnhild 1863, Johannes 1866 og Jon 1870. Vi ser at også desse borna tidleg vart morlause. Sonen Otto reiste til Amerika i 1882, Ragnhild 1863 gifte seg i 1888 med arbeidar Anders Bendikson Råsberg frå Lavik. Dei fekk to born på Vangsnes, men familien flytta så truleg til Bergen. Johannes 1866 gifte seg i 1888 med Johanna Johannesdtr Dale (1862–) frå lnr 21 i Arnafjord sokn. Johanna var oppfostra av besteforeldra på lnr 52 i Orvedal i Vik. Johannes og Johanna vart gardbrukarar på Bleie i Hardanger. Jon 1870 reiste til USA i 1893. Lars Olason Kvåle gifte seg for tredje gong i 1875 med husmannsdotter Anna Jørgendtr Håum (1829–1899) frå Feios. Dei fekk ikkje born. Plassen vart lagt ned innan teljingsåret 1900.
Telthusvollen
Hus for militærdepot vart på 1700-talet, og utover på 1800-talet, kalla telthus. I mange bygder låg telthuset nær ei kyrkje, men på Vangsnes låg Telthusvollen på eit område som gjekk til sjøen og som i 1906 kom inn under garden Hovland. På 1800-talet låg området under lnr 186. På Telthusvollen har det vore minst to plassar. Dei er her kalla plass B og plass C.
Plass B
I 1878 var det berre ei husmannsstove på Telthusvollen. Stova ser ut til å vera påbygd fleire gonger, noko som tyder på at ho har lege der i lengre tid. Den først busette kan ha vore Kristen Larsson Henjasand (1777-1843) frå Leikanger. Han var først gift med Solveig Botolvdtr Njøs (1768—1797), også frå Leikanger. Dei gifte seg i 1798 og fekk Unni 1797. Ho kom til Lidal t Fjærland. Kristen vart attgift i 1801 med Marta Ingebrigtdtr Vangsnes (1780-1855) frå lnr 192. Dei var først busett på Henjasand. Der var Kristen skulehaldar. Dei kom så til Eitorn før dei busette seg på Telthusvollen. Kristen var lærar på Vangsnes i nokre år, men var seinare vanleg husmann. Born: Solveig 1801–81 (til plass nr 21 Vangsnes-heftet, og ho var på legd i 1875), Ingeborg 1804–07, Ingeborg 1809, Brita 1814 og Ingebrigt 1818. I 1865 var stova busett av dottera Ingeborg Kristendtr Vangsnes (1809–1911) og Nils Eirikson Hatlekolo (1806–) frå ein plass under lnr 39/21 Hopperstad i Vik. Dei gifte seg i 1836 og fekk: Brita 1836—36, Kristen 1839 og Marta 1814–41 (døydde av strupehoste). Nils hadde òg Knut 1831 med Marta Larsdtr Vikøyri, sjå Vikøyri v622 i hefte 3 og plassen Sløkji under Ådlane i hefte 4. Nils med Ingeborg og Kristen reiste til Amerika i 1866, og det flytta straks nye folk inn i stova. Det var Anders Olason Veslehagen (1828–1874) frå Vestre Slidre, kalla «Målar-Anders», gift 1864 med Kari Botolvdtr Vangsnes (1831–1902) frå plass E nedanfor. Born: Gjertrud 1870 og Marta 1872–72. Anders drukna saman med to andre vangsnesingar under frakt av ved frå Veganeset til Vangsnes, sjå meir under plassen Åkrane. Dottera Gjertrud gifte seg i 1901 med ein handelsmann i Bergen.
Plass C
Den andre plassen på Telthusvollen var borte i 1878, men kan ha lege ved merket C på kartet. Der var det er eit firkanta område som kan vera ei tidlegare hustomt. Plassen var busett i 1865, men husmannen hadde ikkje jord eller husdyr. Paret då var: steinarbeidar Simon Olason Vangsnes (1804–1888) og Ingrid Oladtr Fosse (1800–1874), husmannsdotter frå Leikanger. Om foreldra til Simon: sjå plass C på Steiggelteigen. Simon og Ingrid gifte seg i 1828 og fekk: Anna 1826 (plass under Grinde på Leikanger, til USA i 1865), Ola 1829 (plass i Suphamar i Leikanger, så USA), Nils 1831 (plass på Fosshage på Leikanger, så USA), Kari 1833 (plassen Djupepollen under Eggum på Leikanger), Ola 1836–40, Unni 1839–40, Ola 1841 (plass på Husabø i Leikanger, til USA i 1882), Unni 1844–44, Nils 1831 og familien hans vart det skrive om i Pridlao nr 1 2002. I 1875 var enkjemannen Simon innerst på plassen til broren Anders på Steiggelteigen.
Plass D
Rindesplassen, under lnr 184. I følgje teikninga av Arne Berg budde «Rindes-Anders» i det tunet som er merka med D på utskiftingskartet frå 1878. Eg har fått stadfesta av Bjarne Johan Sylvarnes at Anders, som var oldefar hans, budde i ei stove nedanfor hus nr 2. Foreldra til Anders hadde nokså sikkert vore på denne plassen tidlegare. Dei var Nils Andersson Rinde (1770–1836) og Synneva Perdtr Vangsnes (1786-1861) frå lnr 184. Nils og Synneva har tydelegvis fått bygsla jord til plassen av foreldra til Synneva. Born: Anders 1819 og Ragnhild 1822. Ragnhild har vi nemnt før: Ho gifte seg til plassen på Sjøarteigen, plass A. Vi må leggja til at Nils hadde vore gift før. Det var i 1816 med Ragnhild Gullakdtr Fjærestad (1779–1819) frå Balestrand. Dei hadde ikkje born. Anders Nilsson Vangsnes (1819–1890) bygsla same plassen under lnr 184. Det er denne karen som vart kalla «Rindes-Anders». Han hadde i 1865: 0,3 daa bygg, 1,1 daa poteter, 2 kyr, 4 sauer og eit vinterfôra svin. Dette var altså ein nokså stor plass. Ut frå kartet i 1878 må vi tru at alle tre husa nedanfor forretningsbygget til Ellend Lasseson høyrde inn under plassen og at det største huset var fjøsbygning. Anders gifte seg i 1848 med Anna Andersdtr (ca 1815–1892). Eg har ikkje funne fram til kven som var foreldra til Anna, men då dei gifte seg vart det skrive at ho var frå Aurland, og ved teljinga i 1875 blir det fortalt at ho var frå Nærøy sokn. I den gamle Balestrand-boka er det skrive at ho var frå Dyrdal. Born: Nils 1848–48, Unni 1850–1911, Synneva 1852–1942 og Anna 1855–1954. Unni gifte seg i 1881 med Hans Monsson Rå (1855–1944) frå Lavik. Dei hadde lnr 193b på Framnes. Hans vart attgift 1914 med ei syster til Unni: Anna 1855. Synneva 1852 gifte seg i 1882 med Nils Knutson Sylvarnes (1856–1915) på lnr 186a (= bnr 97/4).
Plass E
Holeplassen, under lnr 184. På denne plassen var det i 1865: 2,1 daa poteter, 1 ku, 4 sauer og 1 vinterfôra svin. Plassfolka var Botolv Larsson Vangsnes (1807–1833) frå plass nr 43 i Vangsnes-heftet og Gjertrud Ingebrigtdtr Vangsnes (1807–1884). Dei gifte seg i 1831. Gjertrud var frå lnr 184 og det var vel grunnen til at plassen vart oppretta. Born: Lars 1830 (til plassen Åkrane, kartutsnitt 3), Kari 1831 (til plass B), Botolv 1834–34. Botolv hadde òg Johannes 1830 med Kari Jondtr Vangsnes (1807–1881) frå lnr 188. Johannes kom til lnr 189b. Gjertrud vart attgift 1835 med Sjur Hansson Refsdal (1809–1884) frå plassen Holedna på Ovrisdalen i Vik. Det var nok årsaka til namnet Holeplassen. Sjur hadde ei syster på plassen Træet under lnr 197 på Ytre Vangsnes og han var farbror til Hans Matiasson Sætevik (1840–1913) på lnr 191a. Gjertrud og Sjur døydde med ei vekes mellomrom på seinhausten i 1884. Dei hadde borna: Per 1836, Ingrid 1839–39, Hans 1840, Botolv 1843–68, Ingebrigt 1846–46, Ingeborg 1847–47 og Brita 1848. Per kom til lnr 193d. Hans var skreddar og budde på lnr 193f. Botolv var ugift og var målar av yrke, og Brita gifte seg til lnr 191d. «Ekte» vangsnesingar bør difor studera hefte 5 om dei slektar tilbake til Gjertrud og Sjur.
Plass F
Gaute-Marta-plassen. Plassen låg under lnr 187a + lnr 184b. I 1875 var det ei ku, 5 sauer og eit vinterfôra svin på plassen. Åkerarealet vart ikkje registrert. På denne plassen var truleg Tor Hermundson Vangsnes (1811–1874) frå lnr 192 og Marta Oladtr Vangsnes (1822–1904) frå lnr 186. Dei gifte seg i 1870. Fleire år tidlegare hadde dei fått: Lars 1854 og Jon 1857. Då sambuarskap ikkje var vanleg, budde dei neppe i lag før dei gifte seg. I den gamle Balestrand-boka blir det hevda at Tor bygsla ein del av foreldrebruket frå 1850 (lnr 192c), men at mora selde parten i 1856. Dette er ikkje i samsvar med panteboka, slik at det er lite sannsynleg at Tor var bonde før han vart husmann. Sonen Jon vart som liten oppfostra på lnr 186, men i 1875 var dei to sønene på plassen saman med foreldra. Lars 1854 reiste til USA i 1882. Jon kjem bort for oss. Tor hadde frå før Eli 1832 med Brita Ingebrigtdtr Vangsnes (1813–1833) frå lnr 184. Eli vart kanskje oppfostra hjå besteforeldra på lnr 184. Ho gifte seg i 1857 med lærar Ivar Ivarson Refsdal (1829–1865) i Vik og på nytt i 1870 med Anfin Refsdal (1839–1920). Sjå meir om Anfin nedanfor. Bestefar til Marta på lnr 186 heitte Gaute. Det må vera grunnen til at ho vart kalla Gaute-Marta. Marta hadde i 1845 gift seg med jekteskipper Lars Markusson Tveit (1822–1852) og dei var innerstar i Tveit. Der fekk dei Markus 1842–42, Turid 1845 og Synneva 1851. Turid gifte seg i 1864 med Ingebrigt Olason Øksdal (1827–1900). Dei hadde i åra 1870-76 lnr 83a Hønsi i Vik, men kom så til lnr 2 Øksdal. Synneva gifte seg i 1878 til lnr 192b Vangsnes. I 1891 reiste ho med mann og born til Amerika. Lars Markusson hadde òg Anfin 1839 med Gyrid Johannesdtr Orvedal (1811–1888) i Vik. Anfin, som brukte familienamnet Refsdal, vart ein kjend politikar og skulemann. Eli 1832 var andre kona til Anfin.
Det er sannsynleg at denne plassen hadde vore busett før Tor og Marta kom dit. I 1865 var jekteførar Ola Monsson Espeland (1843–) frå Fana og Synneva Bendikdtr Vangsnes (1843–) frå lnr 189 på ein plass under lnr 187a+184b. Dei gifte seg i 1865. Dei fekk: Brita 1866, Mari 1868–69 og Mons 1870.
Huslyden reiste til Amerika i 1871, og Marta og Tor kan då ha flytta inn i plasshusa.
Plass G
Ottadn. Plass under lnr 187a+184b i 1865. Jordbruk i 1865: 1,1 dekar poteter, 1 ku, 6 smalar, 1 vinterfôra gris. Otto Karl Ottoson Opdal (1798–1878) fra Eivindvik og Randi Oladtr Vangsnes (1798–1855) frå lnr 186 gifte seg i 1825. Born: Kristina 1824, Otto Karl 1828–28, Otto Karl 1830–30, Olina 1831, Otto Karl 1837.
Otto Karl vart attgift 1858 med Unni Samsondtr Henjum (1817–1879) frå Leikanger. Dottera Kristina kom til plass E på Sjøarteigen. Plassen til «Ottadn» var liten, men Otto Karl hadde råsegl-jekt. Drift av jekta var nok den viktigaste inntektskjelda. Otto Karl og Unni fekk i 1868 kjøpt eit lite jordstykke, lnr 193g, av lensmannsgarden Framnes. Denne garden vart dette året oppstykka i mange parsellar. Otto Karl og Unni busette seg neppe på parsellen, for ved teljinga i 1875 er dei oppførde som kårfolk hjå sonen. Truleg var dei då alle på plassen i tunet G. Men etter at dei gamle døydde i 1878 og 1879, busette sonen Otto Karl 1837 seg med kone og born på lnr 189c, ein parsell som han hadde kjøpt i 1868.
Plass H
Ut frå utskiftingskartet kan det neppe vera tvil om at husa på staden var plasshus. Verre er det å finna ut kven som budde der. Det mest sannsynlege er at dette var plass under lnr 186 og at det var Ola Olason Vangsnes (1835–1883) og Kristi Eirikdtr Ølnes (1821–1906) frå Sogndal, gifte i 1857, som budde der. Med tre hus på plassen må vi gå ut frå at dei hadde husdyr. Det hadde Ola og Kristi i 1875, men problemet er at i 1865 er dei førde opp som strandsitjarar utan jord og husdyr. Ola var jekteførar. Kanskje tente Ola så godt på sjøen i dei første åra etter at han gifte seg at han ikkje brydde seg med å skrapa saman fôr til husdyr? Ola og Kristi hadde Eli 1858–62 og Helga 1860. Helga gifte seg til Balevik i Balestrand og ho er mor til Helga og Anders Balevik som kom til Hallsete i Arnafjord sokn. Ved teljinga i året 1900 var Kristi hjå dotter si i Balestrand.
Kartutsnitt nr 2.
Plassar innan området bnr 97/8
Kartutsnitt nr 2. I 1881 kjøpte Elling Olason Vangsnes (1852–1926) parsellen Inr 186d. Denne parsellen fekk seinare matrikkelnummeret bnr 97/8. Parsellen vart ikkje busett av Elling, men vart seinare overteken av Gunhild Lassedtr Vangsnes (1894–1965). Ho bygde hus på staden. I dag er eigedomen eigd av dottersonen Harald Steinar Schmidt Førde. Han bur i Stavanger og brukar bustadhuset som sommarhus. Før utskiftinga låg jorda i området under fleire bruk. På to stader låg det husmannsplassar. Den ein var plassen Bakken på Bakkateigen og som på kartutsnitt 2 er merka med A. På Steiggelteigen var det to strandplassar, merka med B og C på kartet. Plasshusa på desse to plassane låg vest for dei noverande husa på teigen. Vi kan merka oss at ved sjøen var det god båthamn. Det var nok særleg viktig for dei to familiane på Steiggelteigen. Der vart det mykje seinare bygt rutebåtkai. Ved folketeljinga i 1900 var parsellen 97/8 utan busetnad. Det viser at då var desse tre plassane nedlagde.
Plassen Bakken, plass A
På denne plassen var det i 1865: 1,1 daa bygg, 11,4 daa poteter, 1 ku og 6 vinterfôra smalar. Plassfolka var Hans Jonson Vangsnes (1801–1875) frå Inr 188 og Brita Hermunddtr Vangsnes (1804—1833) frå Inr 192. Dei gifte seg i 1829 og fekk borna: Brita 1827 og Hermund 1830. Dottera Brita busette seg i Bergen. Hans gifte seg på nytt i 1834 med Gjertrud Samsondtr Njøs (1788–1869). Dei fekk ikkje born. Plassen vart overteken av «Bakka-Hermund», Hermund Hansson Vangsnes (1830–1908), og husmannsdotter Marta Kristofferdtr Eri (1836–1900) frå Lærdal. Dei gifte seg i 1870. Born: Hans 1870, Kristoffer 1874, Johan 1877, Jon 1880. I 1887 kjøpte dei den vesle parsellen 189f = bnr 97/20 og flytta dit. Hermund var skreddar. Dei fire sønene brukte Framnes som familienamn. Om dei er det skrive i Pridlao nr 3 1995.
Plass under Inr 186, plass B
I 1865 var jekteførar Jon Olason Vangsnes (1820–1896) strandsitjar utan jord under Inr 186. Han hadde ikkje husdyr i 1865, men ein vinterfôra gris i 1875.
Det er usikkert kor plassen låg, men Inr 186 hadde før utskiftinga jord i området, og fordi det ser ut til å vera eit «ledig» plasshus i dette området, plasserer vi han her. Jon var gardmannsson frå Inr 186. Han gifte seg i 1851 med Anna Maria Ambla (1826–1856) frå Kaupanger og dei fekk Ingeborg 1850 og Ola 1853. Ingeborg vart plasskone i Brokeviki. Sonen Ola fekk Olina 1875 med husmannsdotter Brita Oladtr Finnen (1849–1929) i Arnafjord sokn. Olina flytta til Sund i Hordaland i 1895. Ola kjem bort for oss. Jon vart attgift i 1857 med Marta Arnedtr «Øvstetun» (1821–1915) frå Fana. Far til Marta var lærar i Fana då Marta vart fødd. Born: Arne 1857–59, Anna Maria 1859–60, Helga 1861–64 og Per 1865–90. Vi ser at berre Per voks opp. Han døydde då han gjekk på lærarskule. Ved teljinga i 1900 var enkja Marta hjå stedottera Ingeborg i Brokeviki. Ho fekk då fattighjelp.
Plass under Inr 187a, plass C
Denne plassen vart kalla Steiggelteigen i 1865. Jordbruket var: 0,6 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 1 sau og 1 vinterfôra gris. Plassfolka var Anders Olason Vangsnes (1807–1894) og Kari Larsdtr Tveit (1808–1882) frå Inr 1. Anders var husmannsson. Foreldra var Ola Simonson Tveit (1768–1828) og Unni Oladtr Vangsnes (1783–1855), gifte i 1804. Dei hadde berre to born: Simon 1804 og Anders 1807. Dei kan ha hatt denne plassen på Steiggelteigen eller plassen som sonen Simon hadde på Telthusvollen. Anders og Kari gifte seg i 1837 og fekk borna: Ola 1832–54, Kari 1841 og Lars 1845. Kari gifte seg til Menes i Balestrand. Lars var i 1875 medeigar av parsellen Inr 195g i Kalviki og familien hans budde der. Men i 1891 reiste han med kona Malena Eirikdtr Sogndalsfjøra (1848–1911) og born til USA. Dei kom tilbake i 1905 og kjøpte bnr 97/2+57+59. Bnr 97/2 er det tidlegare Inr 184b. Sjå meir om familien Lars og Malena under dette matrikkelnummeret i gards- og ættesoga. Sonen Ola Larsson Vangsnes (1871–1971) overtok. I vår tid har eigedomen der hadde, vore eigd og driven av Johan Handal og kona Helga. Johan var fosterson hjå Ola og kona hans, Ellen Marie. Anders og Kari var fattige folk, og Anders var fattiglem då han døydde.
Kartutsnitt nr 3.
Plass under lnr 188a
Kartutsnitt 3, plassen Åkrane. På eit område av lnr 188a som i 1949 vart fråskilt som bnr 97/94 Åkre var det i 1865 ein husmannsplass som vart kalla Åkrane. Teigen og plassen er med i kartutsnitt 3. På plassen vart det i 1865 dyrka 1 dekar med poteter, og huslyden hadde ei ku. Plassfolka var jordarbeidar Lars Botolvson Vangsnes (1830–1874) og Anna Oladtr Vangsnes (1828–1886) frå lnr 188, gifte i 1853. Lars var frå Holeplassen på «Sjøkanten». I 1855 reiste han og Sjur Olason Vangsnes (1823–1868) til Bergen. Kva dei skulle gjera der er uklart, men dei hadde truleg lite pengar, for dei stal ei tønne sild frå ein kjøpmann. For Sjur var dette katastrofalt, for han hadde vore borte i slike ting tidlegare. Han vart dømd til fengsel i 3 år og ein månad. Han døydde på Bergenhus festning av blødning som følgje av skjørbuk. Årsak til skjørbuk var mangel på vitamin C. Lars slapp kanskje unna med ei bot. Lars og Anna fekk: Ola 1851–52, Gjertrud 1853, Botolv 1855–74, Ola 1857, Per 1860, Brita 1863, Johanna 1866, Ola 1869, Sjur 1871. Vi merkar oss at det ikkje var naust nede ved sjøen, slik at Lars neppe hadde eigen båtplass. Lars og sonen Botolv drukna på fjorden saman med Anders Veslehagen, sjå òg under overskrifta Telthusvollen. Per 1860 busette seg i Bergen og gjorde det svært godt. Han dreiv møbelfabrikk. Men mora Anna døydde som fattiglem. Syskena til Per reiste alle til Amerika.
Brokeviki
Plassen Brokeviki vart ikkje oppretta før etter 1875. Plassen låg ca 100 m aust for teigen Åkre. Dette var den sist busett husmannsplassen på Vangsnes, og husa er vedlikehaldne og moderniserte av eigaren av bruket: Kristen Fosse. Her budde Hans Larsson Rødsetneset (1851–), husmannsson frå Fjærland, gift 1872 med Ingeborg Jondtr Vangsnes (1850–1898). Om foreldra til Ingeborg: sjå plass under lnr 186 under overskrifta «Plassar under bnr 97/98». Hans var husmann, skreddar og kyrkjetenar. Born: Lars 1872–74, Mari 1875, Jon 1878, Gyrid 1881, Lars 1885 (til USA), Martin 1889 (til USA). Jon flytta i 1898 til Bergen og gifte seg same året med ei fanajente. Gyrid gifte seg i Bergen I 1905 med Rasmus Emanuelsen frå Masfjorden. Ved teljinga i året 1900 var Mari hjå broren Jon i Bergen. I den gamle Balestrandboka er det fortalt at då Hans og Ingeborg feira gullbryllaup, kom alle borna heim, også dei som var busette i Amerika.
Plassar under Midttun-bruk
Tråna, lnr 191c. I 1865 var det på plassen Tråna under lnr 191a følgjande jordbruk: 1,1 daa poteter, 1 ku og 3 vinterfora sauer. Då plassen låg i «utmarka», kom han ikkje med på utskiftingskartet for Ytre Vangsnes. Plassfolka var: Endre Nilsson Lagmannsås (1812–1855) og Mari Botolvdtr Lagmannsås (1811–1877), båe frå Fresvik. Born: Anna 1836–36, Anna 1838, Botolv 1841–41, Botolv 1842–1901, Mari 1845 og Nils 1849. Anna 1838 kom til Grinde på Leikanger, Botolv vart spedalsk og alt i 1865 kom han på hospital i Bergen. Nils Endreson Vangsnes (1849–) fekk i 1875 skøyte på lnr 191c og vi trur at det var plassen han var oppvoksen på. Denne vesle parsellen fekk seinare bnr 97/25 0,08 mark. Nils gifte seg i 1879 med Synneva Ronalddtr Drege (1854–1884) frå Aurland.
Dei fekk: Endre 1880, Marie 1882 og Synneva Regina 1884–84. I 1885 reiste enkjemannen Nils med dei to borna til Amerika. Ved teljinga i 1875 budde Mari 1845 med familie som innerst i huset. Ho hadde gift seg i 1872 med Elling Ellingson Njøs (1847–1921) frå Leikanger. Born: Endre 1866, Per 1869 (USA), Endre 1873–83 og Botolv 1875. Innan 1883 hadde familien flytta til ein plass under Huke på Leikanger. I 1890 stod Nils framleis som eigar, men så kom småbruket på framande hender. Eigar i dag er Geir Steinar Guttomson Vangsnes, fødd i 1964. Han er busett på eigedomen.
Kartutsnitt nr 4.
Hamraplassen under lnr 189a+195b
På Midttun er det bratte området vest mot fjorden kalla for Hamrane. Plassen kan såleis ha lege under Hamrane og innanfor den parsellen som i dag er eigd av Anders Colban Følid og har bnr 97/18, sjå kartutsnitt 4. Anders bur i Bergen. Denne parsellen vart frådelt som lnr 189d i 1870 og kjøpt av Hans Sjurson Vangsnes (1840–1925 frå Holeplassen. Foreldra hans skreiv eg om fremst i artikkelen. Eg trur Hans budde på parsellen lnr 193f som han også eigde. Seinare kom det andre eigarar; sjå i Gards- og ættesoge for Vik i Sogn, hefte 5. På 1930-talet var «Rindes-Ola» busett i huset. Om han: sjå plass A på Sjøarteigen. Data for husmannsplassen i 1865: 0,6 daa bygg, 0,4 daa poteter, 1 ku, 3 sauer. Jon Bendikson Vangsnes (1795–1859) frå lnr 189+190 & 1824 Marta Larsdtr Tveit (1801–) frå lnr 1 fekk: Simon 1825, Bendik 1827, Solveig 1830, Kari 1834, Marta 1837, Anna 1840 (USA), Lars 1844–44. Simon gifte seg som dreng i Vik i 1851 med husmannsdtr Magdeli Knutdtr Grinde, fødd i 1824, og dei reiste truleg til USA før 1865. Bendik kom til Eitorngjerde på Leikanger og Kari til Vestreim på Leikanger. Solveig Jondtr Vangsnes (1830–1898) fekk Lars 1854–54 med Sjur Andersson Hopperstad (1824–) frå lnr 171 Vik og Anna 1855 og Synneva 1855 med Herman Gerhard Rasmusson Asklund (1814–), futeson frå Balestrand. Solveig gifte seg i 1863 med husmannsson Ola Ingebrigtson Limmesand (1786–1881). Dei flytta til Vikøyri. Vi finn dei att under v520 i hefte 3. Synneva 1855 døydde kanskje lita, for vi finn henne ikkje i folketeljinga i 1865. Anna 1855 var fosterdotter hjå besteforeldra på denne plassen og reiste til USA i 1867 saman med Marta 1801 og Marta 1837.
Ukjend plass
Per Sjurson Stjernegjerd (1822–) frå Feios & 1847 Solveig Tollakdtr Vangsnes (1823–) frå lnr 189 var i 1865 husmannsfolk under lnr 189a+195b og jordbruket var då: 1,4 daa poteter, 1 ku og 4 sauer. Vi har ikkje funne ut kor denne plassen låg. Born: Magnhild 1847 (sjå Vikøyri v342 i hefte 3), Gjertrud 1849 (USA i 1867), Gyrid 1852, Ola 1855–1916, Sjur 1857, Tollak 1861, Hermund 1864. Per og Solveig med dei fem yngste borna reiste til USA i 1866. Ola Person Vangsnes (1855–1916) vart i USA gift med Olina Endredtr Brekke (1853–) frå lnr 90 i Vik. Ola var prest i USA. Det står litt om han i Pridlao nr 3 1989.
Plassar på Ytre Vangsnes
Under bruka på Ytre Vangsnes har det vore færre husmannsplassar enn på Indre Vangsnes. I Kalviki har det vore strandsitjarar, men i 1865 var dei som budde der sjølveigarar. Vi veit sikkert plasseringa av tre plassar på Ytre Vangsnes i 1866, men har forslag på to til i kartutsnitt nr 4.
Plassen Kleivi
I 1865 låg plassen Kleivi under lnr 196b, men etter utskiftinga i 1878 låg han under lnr 194. I 1875 var det 0,7 daa poteter og ei ku på plassen. Plassfolka var: Jon Jonson Vangsnes (1804–1896) frå lnr 188 og Anna Monsdtr Ytre Borlaug (1813–1886) frå Feios. Dei gifte seg i 1836. Born: Hans 1835–59, Jon 1839–1923, Gjørond 1843, Anna 1846, Mons 1850–1919 og Ingeborg 1852–98 (ugift). Den eldste guten Hans vart spedalsk og døydde på hospital i Bergen. Jon var ugift. Han hadde småbruket lnr 192c i åra 1882–91, men tok så kår og selde til broren Mons. Mons hadde småbruket så lenge han levde. Enkja etter han selde bruket ut av slekta. Det er i dag eigd av Jan Sverreson Kløve. Gjørond fekk Ola 1872–1906 med Per Olason Vangsnes (1847–1931). Ved teljinga i året 1900 hadde ho guten med seg på plassen. Anna fekk Hansina 1870 med Adam Ingebrigtson Berdal (1850–) frå Feios. Hansina var hjå besteforeldra på plassen Kleivi i 1875. Ho flytta til Bergen i 1891 og gifte seg der i 1900 med Ingvald Steinsland (1877–), ein sjømann frå Tondenes i Troms. Mora flytta til henne i Bergen og då vart plassen lagd ned.
Usikker plass
På ein plass under lnr 197a+195a Endregard var det i 1865 0,6 daa bygg, 2,1 daa poteter og ei ku. Det er ikkje usannsynleg at plassen etter utskifting kom under lnr 190a Midttun, sjå kartutsnitt nr 4. På plassen var Gabriel Borgeson (1829–) og Ingeborg Jondtr (1826–1865), båe frå Eid i Nordfjord. I 1865 hadde dei borna: Ingeborg Johanna 1855, Borge Olai 1859 og Ola 1862. Alt i 1866 tok enkjemannen Gabriel borna med seg tilbake til Eid. Husmenn eigde vanlegvis husa på plassen. Her vart dei truleg selde for flytting då Gabriel reiste frå Vangsnes.
Stove for ugift mor
Ei tenestejente på Vangsnes, Gjertrud Ivardtr Husabø (1808–1891), fekk sonen Jon 1842 med Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192. Ola gifte seg i 1847, men fekk ikkje fleire born. Meir om Ola finn du i ein fotnote under lnr 3 Øksdal i hefte 5 av gards- og ættesoga. Jon vart truleg fostra opp på Vangsnes av mora. Gjertrud er ved teljinga i 1865 førd opp som husmann utan jord under lnr 1974+195a. Vi trur at dette kan vera husa nord for kviene på kartutsnitt nr 4. Jon gifte seg i 1865 og han og kona var ved teljinga i 1865 innerstar på Grinde på Leikanger. Der vart han seinare bonde. Innan 1875 må Gjertrud ha flytta til Grinde, der ho døydde.
Kartutsnitt nr 5 med plassen Træet.
Plassen Træet
Kartutsnitt nr 5. Denne plassen låg i 1875 under lnr 197a. Eit større område, medrekna plassen, vart seinare fråskild som bnr 97/65 Vellene. Dette småbruket er no eigd og busett av Sverre Fedje. Det er grunn til å framheva av også andre område på Vangsnes vart kalla Træ eller Træet. Det gjeld til dømes bustadområdet sør for småbruka med namna Tråna og som nokså feilaktig har fått namnet Tråna. Tolkinga av namnet træet er at det opphavleg var eit område som vart svarttrakka av husdyr. Det må ha vore rett også her, sjølv om det er litt vanskeleg å skjøna at det kan ha vore samlingsplass for husdyr. Men det kan ha vore ein mjølkeplass for kyr på beite. Kartutsnitt nr 5 viser at det i 1878 var tre hus på plassen. I 1875 var det: 2,2 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 1 kalv og 7 sauer på plassen. Plassfolka var då: Ola Olason Vangsnes (1818–1906) frå lnr 194 og Alis Hansdtr Refsdal (1804–1887) frå plassen Holedna på Ovrisdalen i Vik. Dei gifte seg i 1842 og fekk i Refsdal: Hans 1845–45 og Hans 1847–51. Ola og Alis var i 1865 truleg på ein plass utan jord under lnr 194. Alis hadde vore gift tidlegare. Det var i 1836 med Eirik Endreson Tusvik (1795–1841) frå Kvamsøy sokn og dei hadde Endre 1836. Denne guten døydde truleg liten. Alis var syster til «Hole-Sjur» på ein plass i sentrum av Vangsnes. Ein brorson, sersjant Hans Matiasson Sætevik, busette seg på lnr 191d Vangsnes. Enkjemannen Ola vart attgift 1888 med Ingrid Eirikdtr Husabø (1845–1910), strandsitjardotter frå Leikanger. Ho døydde som fattiglem på Vangsnes. Ho hadde frå før Maria 1875 med Endre Monsson Nedre Njøs (1851–1899) frå Leikanger. Maria Endredtr Vangsnes (1875–1958) var på plassen ved teljinga i året 1900. Ho fekk Inga 1898 med husmannsson Mons Knutson Thy (1878–) frå Aurland og på Leikanger fekk ho Theodor 1905 med Per Ingebrigtson Øksdal (1877–) frå lnr 2. Inga ser ut til å ha flytta frå Vangsnes før ho vart konfirmert. Ho vart busett i Bergen. «Stega-Teodor» var sjømann, vart gift med ei nederlandsk jente og var som enkjemann busett på «Sjømannshjemmet» i Bergen.
Kalviki
Fleire småbruk på Vangsnes kan opphavleg ha vore husmannsplassar. Dette er det vanskeleg å finna ut av. Men vi kan nokså sikkert seia at det gjeld ein plass i Kalviki og som vart til lnr 195e 0,11 spd = bnr 97/51 0,13 mark. Husmannsfolk der var: Simon Lasseson Vangsnes (1796–1864) frå nr 187 & 1828 Brita Larsdtr Tveit (1798–1865) frå lnr 1. Dei fekk: Lasse 1828, Kari 1831, Lars 1838, Unni 1839–40, Ragnhild 1843–43 og Unni 1844–44. I 1860 fekk Kari Simondtr Vangsnes (1831–1909) skøyte på parsellen. Ho var ugift og hadde i 1865 med seg brørne Lasse og Lars på småbruket. Jordbruksoppgåver i 1865: 0,6 daa bygg, 1,8 daa poteter, i ku og 6 sauer. Jekteførar Lasse Simonson Vangsnes (1828–) gifte seg i 1867 med Ragnhild Helgedtr Stebole (1842–) frå Lærdal. Dei fekk på Vangsnes: Brita 1867. Familien reiste til USA i 1870. Broren Lars Simonson Vangsnes (1838–1918) vart kalla skreddar i 1865. Ved teljinga i 1875 var han framleis i Kalviki og hadde familie. Han gifte seg i 1868 med Johanna Jakobdtr Olderkalv (1837–1893). I 1885 kjøpte dei farsbruket til Johanna, Inr 192b = bnr 97/29.
Lars og Johanna hadde fleire born. I 1890 vart Kalviki selt ut av slekta. I dag er staden eigd av Halvor og Reidun Flatland.
Gudmund Balvoll