Gards- og ættesoge for Feios i åra 1723‒1838

I Pridlao nr 1–2015 hadde eg ein artikkel om gardsutviklinga i Feios fram til 1723. Ein artikkel om ekstraskattane 1816–20 i Pridlao nr 1–2013 er ei anna kjelde.

Artikkelen Gards- og ættesoge for Feios er utforma slik som «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn».

Som for Vik var matrikkelskylda for namngardane nær på uendra i denne perioden, og løpenummersystemet frå 1838 er difor, som i gards- og ættesoga for Vik, ført tilbake til 1723. Viktige referansepunkt er ekstraskatten 1762 og folketeljingane i 1801 og 1815. Den siste er spesiell for Leikanger prestegjeld og har lege godt gøymt i Digitalarkivet sine databasar.

Slektsgransking for denne perioden er arbeidskrevjande og vanskeleg. For å forstå det kan du gå inn i lnr 159 Drege.

I denne perioden var det nokså mange husmannsplassar i Feios. Desse plassane, og folka som budde på dei, er ikkje med i denne artikkelen. Oppgitt husdyrhald og åker på plassane i 1802 er ikkje med i oversynet for bruka.

Sjøkart frå 1869 viser gardsnamn i Feios. (Kartverket)

Indre Borlaug, lnr 144+145

2,50 laupar.

På bruket vart Ola Botolvson (1644–1708) i 1699 gift for andre gong med Brita Nilsdtr Stjernegjerd frå lnr 176, deretter med Brita Botolvdtr. Med den første og ukjende kona hadde han etter seg Ola1682 (truleg død før 1709) og Per 1688. Med andre kona hadde han Sjur (Sivert), Ola og Kari. Med tredje kona hadde han Unni og Gjertrud. Det var skifte etter Ola Botolvson i 1709. Brita Botolvdtr vart attgift i 1710 med Johannes Anfinnson Feidje (1684–1753) frå lnr 150. Johannes var bonde på bruket i 1723. Det var skifte etter Brita i 1747. Det går då fram at ho med Johannes hadde to døtrer: Synneva 1712 og Agata 1716. Dei fire døtrene var då gifte. Unni Oladtr gifte seg 1731med Halvar Sveinson Sætre frå lnr 163. Dei blir borte for oss. Gjertrud Oladtr var gift med Johannes Undredal, Synneva Johannesdtr (1712–1794) var gift med Per Amundson Horpedal og Agata Johannesdtr (1716–1786) med Jon Øvre Mundal. Då dette var eit leiglendingsbruk, sat Johannes truleg som leiglending inntil han døydde.

På bruket var også Per Olason Borlaug (1688–?) med kona Synneva, og dei hadde Gyrid 1717 og Ola 1726. Per var nokså sikkert son til Ola Botolvson, og han kan ha drive bruket saman med faren. Men då dette var eit leiglendingsbruk, fekk Per aldri bruksrett fordi enkja etter faren gifte seg på nytt. Ola Person Borlaug (1726–1787?) med kona Gyrid Ellingdtr Grøneng (1733–1774) var leiglendingspar på bruket i 1762. Ola og Gyrid fekk borna: Randi 1758–58, Amund 1760–62, Randi 1763–63, Amund 1767–67, Mari 1768–?. Her var det ikkje born som kunne overta. Den nye bonden kom frå Fjærland: Hans Person Horpedal (1742–1812), son til Synneva 1712. Han gifte seg i 1769 med Gjertrud Oladtr Smidje (1748–1807) frå lnr 166. Born: Ola 1770, Per 1773, Guri 1776, Johannes 1777, Nils 1779, Ragnhild 1787 (til lnr 166 Smidje). Bruket var proprietæreigde i 1762. Hans frikjøpte bruket i 1781. Det vart delt mellom dei to eldste sønene.

Lnr 144, 1,25 laupar. I 1802: 7 kyr, 4 ungdyr, 1 hest, 2 småfe, 5,6 daa korn, 1 husmann. Hans delte garden i 1801, men dreiv halvparten vidare nokre år til han overdrog til eldste son: Ola Hansson Borlaug (1770–1835). Han gifte seg 1803 med enkja Gjertrud Eirikdtr Feidje (1771–1839) på lnr 150 og dei fekk: Nils 1807, Gjertrud 1811–12, Johannes 1815 (til lnr 145). I 1836 overtok Nils 1807.

Lnr 145, 1,25 laupar. I 1802: Jordbruk som for lnr 144, 1 husmann. Det var nest eldste son: Per Hansson Borlaug (1773–1825) som fekk skøyte på dette halvbruket. Han gifte seg 1813 med enkja Unni Oladtr Berdal (1781–1863) frå lnr 177.Ho gifte seg første gong 1802 med Hans Andersson under tenaradressa Osen. Dei budde ikkje i Leikanger prestegjeld. Per og Unni fekk: Hans 1817–17, Hans 1819–19, Kari 1821. Unni gifte seg på nytt 1825 med Halvar Nilsson Tjønn (1780–1863) frå lnr 156 og dei dreiv bruket vidare. Men alt i skiftet etter Per i 1825 vart bruket skøytt over på Kari 1821. Då Kari Perdtr Borlaug (1821–1885) i 1840 gifte seg med Tøger Nilsson Hove (1816–) frå lnr 181, vart bruket skøytt over frå Halvar til Tøger (noko som var unødvendig?), men deretter straks skøytt tilbake til Halvar. Det var vel for å hindre atKari skulle bruke odelsretten.* I 1845 gjekk så bruket til Johannes 1815 frå nabobruket lnr 144. Tøger og Kari vart bondepar på lnr 181 Hove.

*Framgangsmåten var tvilsam. Men Kari var berre 19 år og vart såleis kanskje rekna som umyndig. Dette var elles ein metode som var brukt av proprietærar som ville setje eit av borna sine inn som bonde på eitt bruk for å hindre personar med leiglendingsrett frå å kome med odelskrav. Sjå meir under lnr 33 Fosse i Gards- og ættesoge for Vik i Sogn.

Ytre Borlaug, lnr 146+147

3,50 laupar. Bruket delt ca 1720.

Lnr 146, 2,33 laupar. I 1802: 16 kyr, 1 ungdyr, 2 hestar, 30 småfe, 9,8 daa korn, 3 husmenn. På dette bruket var PerJonson Huke (1691–1765) bonde i 1723. Han var gift med enkja Steinor Oladtr (Mundal) Borlaug (–1747). Ved skiftet etter henne hadde dei tre born: Jon 1722 (til lnr 119+120 Hopperstad i Vik), Ola 1727 (tillnr 177 Berdal) og Sigrid 1730(til lnr 177 Berdal og lnr 159 Drege). Då dette var eit sjølveigd bruk, var det eldste son til Steinor i første ekteskap som hadde odelsretten. Då Sigrid 1730 flytte til lnr 177 Berdal, vart difor faren med på flyttelasset. I første ekteskap med HansPerson Borlaug (1693–1720) hadde Steinor: Per 1716, Hans 1718 og Randi 1718–1747). Randi og mora døydde på same tid. Den reelle eigaren var Per Hansson Borlaug (1716–1772) frå første ekteskap. Han gifte seg 1749 med Kari Endredtr Grinde (1724–1799) og fekk borna: Steinor 1751, Hans 1753–53, Anna 1754, Randi 1757–57, Hans 1759–59, Randi 1760, Hans 1761–71, Endre 1764–64?, Endre 1766–66. Då det var skifte etter Per i 1772, var det berre Steinor og Anna som levde av borna. Steinor Perdtr Borlaug (1751–1787) gifte seg 1777 med Hans Andersson Sværen (1745–1807) og dei fekk: Per 1781–81?, Brita 1784, Anna 1785–85?, Per 1787–87. Hans fekk skøyte på bruket i 1781. Han gifte seg på nytt 1787 med Brita Bårddtr Stokkebø (1757–1808) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk: Steinor 1789, Anders 1790–91, Per 1792–94, Hans 1795, Bård 1799–99. Brita Hansdtr Borlaug (1784–1830) gifte seg 1804 med Anders Olason Flom (1772–1838) frå Flåm. Dei fekk: Steinor 1805, Marta 1807, Per 1809, Ola 1812–33, Kari 1816–16, Kari 1817–18, Hans 1821. Per Andersson Borlaug (1809–1864) overtok i 1830.

Lnr 147, 1,17 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 1 hest, 24 småfe, 5,1 daa korn. Etter odelskrav overtok Knut Eirikson Midlang (1689–1760) frå lnr 99 i Vik ⅓ av namngarden. Før han kom til Feios vart han gift med Ingrid Perdtr (1690–1767) frå eit bruk på Indre Nesse i Kvamsøy sokn, og dei hadde då døtrene: Kari, Alis og Anna. Anna kom til Vikøyri (v658 i gards- og ættesoga). Alis gifte seg 1750 med Jon Lasseson frå Vadheim. Dei var innerstar på bruket i 1762. Alis døydde kanskje på Vikøyri i 1791. Kari gifte seg 1738 med Johannes Hermundson Sæle og dei vart oppsitjarar på bruket på Indre Nesse som mora Ingrid kom frå. Dei hadde sonen Tor, som vart neste bonde på lnr 147. Tor Johannesson Indre Nesse (1748–1814) gifte seg 1767 med Turid Ellingdtr «Slinde» (1739–1809). Slinde var tenaradresse. Ho var truleg frå Gjerlaug i Aurland. Born: Sigrid 1768 (til lnr 160 Tveit) og Johannes 1774. Johannes Torson Borlaug(1774–1836) gifte seg 1804 med Birte Jondtr Hamre (1784–1875) frå Leikanger. Born: Tor 1806, Mari 1808, Jon 1811–12, Turid 1813–13, Jon 1814, Turid 1817–17, Karen Maria 1818, Turid 1821–22, Knut 1823, Elling 1827. I 1832 vart bruket skøytt til Tor Johannesson Borlaug (1806–1875).

Feidje, lnr 148–153

12,76 laupar. Frå 1723 til 1838 skjedde det store bruksendringar på Feidje. Berre lnr 150 kom uendra gjennom perioden. Men etter at Løsebolteig vart inkludert i Feidje, var samla matrikkelskyld uendra for namngarden. I 1723 var det 8 bruk på namngarden, i 1762 var det 6 bruk. Vi kan rekna det som sikkert at i denne perioden vart Hagetun samla til eitt bruk. I oppsettet nedanfor er det dessutan gått ut frå at to bruk på 1,11 laupar var blitt til eitt. Brukarane på Feidje i 1762 var alle om lag like gamle og hadde få born som levde opp. Det førte til at det kom inn nye familiar i åra 1790–1800 og at det av kårfolk berre var to enkjer på dei 6 bruka ved teljinga i 1801.

Lnr 148, 2,15 laupar. I 1802: 6 kyr, 6 ungdyr, 2 hestar, 15 småfe, 7,0 daa korn. Dette bruket vart frådelt storbruket lnr 148+150 ca 1690. Det er skrive at storbruket vart delt mellom to systrer: Synneva Nilsdtr og Sigrid Nilsdtr. Det rette er truleg at Synneva og mannen dreiv storbruket udelt frå ca 1675 til ca 1690 då ein leiglendingsdel (seinare lnr 148) vart frådelt til Sigrid og mann hennar. Sigrid Nilsdtr har vi ikkje data for, men ektefellen Anders Anfinnson (1647–1724) var frå storbruket lnr 192+193 Vangsnes. Anders er registrert som brukar så seint som 1723. Bruket var då på 2,11 laupar. Av skiftet etter han går det fram at han hadde etter seg: Gjertrud 1692 (til lnr 152), Anders 1698 (til lnr 150) og Åsa 1702. Det siste fødselsåret er usikkert. Men då Åsa var eit lite brukt namn, er det sannsynleg at det var Åsa Andersdtr Feidje som gifte seg til Grinde i 1727. Fødselsåret er her utrekna på grunnlag av oppgitt alder ved gravferd. Vi veit dessutan sikkert om to born som døydde før dei vart vaksne: Anfinn 1694 og Kari 1695. Det var eit fattigsleg skifte etter Anders. Kanskje for å pynte litt på dette, vart namnet til storbonden Botolv Vangsnes skrive inn med stor skrift. Han var bror til Anders. Det er usikkert kva som skjedde med bruket i år 1724–1755. Truleg vart det drive saman med hovudbruket lnr 150. Til bruket kom kanskje Sigrid Andersdtr Feidje (1728–) frå lnr 150. Ho var gift med Anders Andersson Dyrdal/Feidje. Dei fekk tre born på Feidje: Anfinn 1755, Brita 1756, Anders 1757. Dyrdal var truleg tenaradresse for Anders. Kanskje var han knytt til det militære, for to av fadrane på borna var: «Peder Tambour» og «Corporal Peder Fedje». Familien var på Feidje ved eit skift i 1763. Deretter blir dei borte frå bygda. I 1762 var det nye folk på bruket. Nils Samsonson Husabø (1716–1795) gifte seg 1757 med Randi Tomasdtr Fosse (1734–1790). Nils kan ha kome til Feidje lenge før 1757, for Nils Samsonson Feidje var fadder på Anders 1757. Ei anna tilknytning til Husabø er at Ingeborg Lassedtr Husabø (1712–1765) var fadder på Brita 1756. Born til Nils og Randi: Tomas 1758–58?, Tomas 1766–67. Samson 1759–71, Lars 1763. Lars Nilsson Feidje (1763–1832) gifte seg 1790 med enkja Randi Hansdtr Torsnes (1754–1826). Dei fekk skøyte på lnr 194 Vangsnes i 1797. På nytt kom det nye folk til bruket. Ola Person Åfet (1770–1820) frå lnr 173 gifte seg 1797 med gjestgjevardotter Solveig Oladtr Osen (1775–ca 1837). Born: Gjørond 1798, Ola 1799, Lussi 1801–02, Per 1803, Palne 1804–15, Birte 1809. Ola fekk skøyte på bruket i 1797. Det var skifte etter Ola Person i 1821. Solveig vart attgift med Anfinn Olason Berdal på lnr 180 og flytta dit. Medverkande til det kan vere problem med sonen Ola, som vart neste brukar. Ola Olason Feidje (1799–ca 1833) overtok i 1826. Han gifte seg 1824 med Kristi Larsdtr Rinde (1801–) frå lnr 155. Dei fekk Massi 1824 og Ola 1826. Det var skifte etter Ola 1799 i 1834. Han vart då kalla sjømann og det var ingen ting etter han. Han må ha døydd langt unna heimbygda. Kanskje var det den frie brennevinsbrenninga som hadde skulda for at han reiste (eller vart jaga) frå bruket. Kristi vart attgift 1834 med enkjemann Anders Mikkelson Feidje(1807–) frå lnr 152 og dei dreiv bruket til Ola 1826 overtok. Anders og Kristi reiste til Amerika i 1867.

Lnr 149, 2,38 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 30 småfe, 8,4 daa korn. Ola Alfson og Gjertrud Ellingdtr, båe frå Vik, var leiglendingar på Feidje frå ca 1710*. Det var skifte etter Gjertrud i 1746. Dei hadde tre døtrer og Elling 1717. Den eldste dottera, Brita 1705–53, gifte seg til lnr 99 Midlang i Vik, den andre Guri 1710 gifte seg til lnr 161 Dale, den tredje, Ragnhild 1712, kom til lnr 166 Smidje. Elling Olason Feidje (1717–1800) var i 1762 gift med Kristi Endredtr Henjum (1714–1770). Born: Synneva 1745 (til lnr 163 Sætre), Ivar 1747, Gjertrud 1751–1812, Birte 1754–57 og Torbjørg 1757–82 (som gifte seg 1781 til lnr 99 Midlang i Vik). Ivar Ellingson Feidje (1747–1827) gifte seg 1778 med Mari Johannesdtr Bøtun (1748–1784) og 1785 med Ingrid Anfinndtr Sætre (1762–1826) frå lnr 163. For dei som leitar i kyrkjeboka etter dødsåret for Ivar: eg meiner at farsnamnet er feilskrive Anfinnson ved død. Born i første ekteskap: Ola 1779–83, Johannes 1780 (til lnr 159 Drege), Mari 1784–84, og i andre: Anfinn 1786, Mari 1788 (til lnr 152), Ola 1791, Gjertrud 1793, Kirsti 1793, Elling 1797–98, Torbjørg 1798, Unni 1801–02**, Elling 1803, Synneva 1806 (til lnr 167 Helleland). Ivar skøytte bruket til Anfinn Ivarson Feidje (1786–1874) i 1821. Anfinn gifte seg 1824 med Randi Jensdtr Suphamar (1800–1853). Born: Ingrid 1825, Kari 1826, Unni 1828, Brita 1832, Ivar 1834, Jens 1839.

*Før det var Nils Larsson bonde på dette bruket. Ved skifte etter dottera Kari 1700 på lnr 167 Helleland i 1770 er det nemnt 4 andre born etter Nils: Beint 1698 på lnr 169 Helleland, Lars 1699 på Grinde, Ola 1705 på lnr 156 Tjønn, og Marita 170676 som døydde som enkje i Osen. Ektefelle til Marita var Mons Hansson og dei hadde Hans 1711 som kom til lnr 153.

**På 1700-talet vart folketalet halde nede ved høg dødsrate for born. Den vanlegaste årsaka var epidemiar av koppar. Den siste store kopparepidemien i Midtre Sogn kom i 1802. For Feios finn vi to samla innføringar av barnedødsfall i 1802. Den første er i april, og galdt 7 born. Den andre kom i september og for 6 born: 01. Unni Ivardtr Feidje, 1 år; 02. Massi Oladtr Feidje, ½ år; 03. Sigrid Nilsdtr Feidje, 1 år; 04. Brita Oladtr Berdal, 7 år; 05. Per Anfinnson Rinde, 1 mdr; 06. Marta Oladtr Osen, 7½ år; 07. Turid Oladtr Borlaug, ½ år; 08. Ingrid Sjurdtr Hove, 2 mdr; 09. Synneva Perdtr Stjernegjerd, 6 år; 10. Lasse Olason Åfet, 5 år; 11. Anfinn Anfinnson Grindedal, 1 år; 12. Ola Einarson Helleland, 1 år; 13. Ola Andersson Åfet, 2 år. Til samanlikning vart det i Feios i 1802 døypt 19 born.

Lnr 150, 2,58 laupar. I 1802: 6 kyr, 6 ungdyr, 1 hest, 18 småfe, 7,0 dekar korn. I 1701 var det Anfinn Johanson (1636–1712?) som sat på bruket. Han hadde kome dit ved å gifte seg med Synneva Nilsdtr Feidje (–1702). Det var skifte etter Synneva i 1702, og då var borna: Nils 1676 (til Øvre Mundal), Synneva 1681 (lnr 173 Åfet), Johannes 1684 (til lnr144+145 Borlaug), Kristi 1694? og Sigrid 1698 (døydde truleg ung). Det lange opphaldet mellom 1684 og 1794 tyder på at Synneva fekk born som døydde i mellomrommet. Vi merkar oss at i skiftet etter Synneva vart eige i jordegods delt mellom borna. Det må vere eige som Synneva fekk med seg inn i ekteskapet. Kristi Anfinndtr Feidje (1694?–1761) gifte seg 1711 med Anders Trulsson Ulvestad (1687–1753) frå Vetlefjorden. Fødselsår for Kristi er utrekna på grunnlag av oppgitt alder ved gravferd. Men då det er lite truleg at ei 17 år gamal jente var brud, er 1690–92 meir sannsynlege fødselsår. Som nygifte budde dei truleg på Ulvestad og fekk der Anders 1712–12. På grunnlag av skifta etter Kristi og Anders veit vi at følgjande born levde opp: Ambjørn 1714, Synneva 1716, Hans 1718, Anfinn 1721, Birte 1725, Lars 1729, Randi 1729, Mari 1731, Ingeleiv 1733. Omkring 1730 må familien ha flytta til Ulvestad og ingen av borna kom tilbake til Feios. Med unntak av Hans vart dei busette i Leikanger prestegjeld. Hans kom til Glavær i Gulen. Ambjørn vart bonde i Ese, men han og Anfinn var i 1762 gifte sjølveigarar på Ulvestad. Lars overtok truleg bruket i Ese, men døydde i 1763. Synneva gifte seg til Mel og Randi til Langeteig. I skiftet etter Kristi i 1761 står det at Mari var gift med Sjovat Knutson Bøyum. Men i oversynet for ekstraskatten i 1762 ser vi at Sjovat var på bruket til ein bror på Skeie i Fjærland. Der var då Ingeleiv Andersdtr tenestejente. Då må Mari vore død, og dessutan døydde også Sjovat i 1762.

Det verkar sannsynleg att det var eit syskenbarn til Kristi som overtok storbruket på Feidje. Det var Anders Andersson Feidje (1706–1756) frå lnr 148. Han gifte seg 1728 med enkja Guri Andersdtr Ese (1702–1763). Guri var først gift 1723 med Anders Ese. Han er ikkje identifisert. Dei hadde neppe born. Guri Andersdtr Ese vart døypt i 1702. I 1724 var det skifte etter Anders Anfinnson Indre Ese. Der går det fram at tredje dotter hans var Guri Andersdtr. Det er ein nærliggjande tanke at Anders Trulsson kan ha hatt nær slekt i Ese og det var han som ordna med at Guri kom til Feidje. Ved skiftet etter Anders på Feidje går det fram at han og Guri hadde: Sigrid 1728 (til lnr 148) og Anna 1736. Guri vart attgift 1760 med Johannes Sjurson «Rinde» (1714–1784). Johannes var fødd Eggum og var truleg husmann eller innerst på Rinde. Han var«kårmann» på bruket i 1762, men døydde på Rinde. Ved ekstraskatten i 1762 var Sjur Jonson Dale (1737–1795) frå lnr 161 komen inn som sjølveigar. Men sjølveiga må ha gått tapt seinare. Sjur gifte seg 1761 med Gyrid Nilsdtr Berdal (1739–1827)* frå lnr 178+179. Born på Feidje: Nils 1764–64?, Guri 1766 (til lnr 163 Sætre), Kari 1768, Ola 1770–70. Familien flytta så til lnr 164 Sæterli og fekk der: Synneva 1771, Nils 1774, Barbra 1775, Jon 1783 og Sjur 1786. Neste brukarpar var Nils Botolvson Drege (1761–1803) frå lnr 159 og Gjertrud Eirikdtr Slinde (1771–1839). Dei gifte seg i 1797. Born: Unni 1795, Anna 1798, Mette 1799, Sigrid 1801–02, Sigrid 1803. Gjertrud vart attgift til lnr 144 Borlaug i 1803. Bruket vart frikjøpt for 650 rd i 1797. Prisen var for høg, skreiv jordkommisjonen i 1802. Eiga kan vi følgje tilbake til skiftet etter Tor Nilsson Stølen (1717–1769) i Fjærland. Då vart eiga i Feidje-bruket delt mellom tre born: Anders, Sigrid og Durdei. Kjøpesummen vart truleg ikkje betalt, og etterkomaren Tor fekk hand om heile eiga i 1807/1808. Tor Nilsson Mundal (1782–1857) og Synneva Ivardtr Eiken (1790–1859) gifte seg i 1811 og kom til Feidje seinast i 1812. Born: Hans 1812–12, Brita 1813, Durdei 1817–18, Nils 1819, Ivar 1823, Randi 1826–26, Hans 1828, Tor 1835.

*Gyrid vart kanskje 90 år. Det var uvanleg med så gamle folk. I 1801 var det 5 menn og 10 kvinner over 72 år i Feios, i 1815 berre to menn
og tre kvinner. Det siste er ein indikasjon på at dei harde naudåra først og fremst gjekk ut over gamle folk. I Feios var det både i 1801 og
1815 ca 100 personar både i aldersgruppene 012 år og 1324 år. Det tyder på at tilflyttinga av ungdomar til Feios var større enn utflyttinga.

Lnr 151, 1,42 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 30 småfe, 9,8 daa korn, 1 husmann. Dette var i 1723 truleg eit bruk på 1,33 laupar og drive av Ola Tollakson. Han var gift med Unni Toralddtr Åfet frå lnr 172. Det var skifte etter dei i 1742 og 1743 og dei hadde då Helga 1710 og Anna 1712 (til lnr 155 Rinde). Ved skiftet etter Helga Oladtr (1710–1745) var Halvar Torsteinsson Lunde (1706–1766) frå lnr 162 ektefelle og dei hadde borna: Tollak 8 år, Ingeleiv 3 år og Ola ½ år. Halvar vart attgift 1745 og familien flytta nokre år seinare til lnr 158 Drege. Til leiglendingsbruket lnr 151 kom Kristi Oladtr Vangsnes (1727–1806) frå lnr 189+190 gift 1748 med Per Larsson Tue (1714–1775) frå Balestrand. Kristi var dotter til ein velståande og mektig lensmann på Vangsnes. Born: Lars 1750–59, Ola 1753–57, Unni 1756–1813 (vart gift 1789 med Hans Eirikson «Feios» 1763–1819 og vart husmannsfolk under Hove, fleire born), Per 1762–1812 (ugift på bruket i 1801), Solveig 1766–66?, Solveig 1767 (sjå lnr 154 Rinde). Kristi vart attgift 1775 med Fredrik Jonson Vangsnes (1748–1806) frå lnr 186. Til bruket kom husmannsson Ola Jonson Fosshage (1766–1834) og Turid Sjurdtr Fosse (1771–1847), båe frå Leikanger og gifte i 1795. Ei søster til Turid, Brita, vart gift med enkjemann Lars Nilsson Feidje frå lnr 148 og dei overtok på Fosse etter Sjur. Sjur Sjurson Ølmen sat i 1829 på eige som Ølmen kyrkje hadde hatt i dette bruket. I 1829 selde han eiga til Hans Kristenson Grinde (1795–1857), gift 1816 med Randi Larsdtr Fosse (1787–1833). Familien budde på Grinde. Men i 1843 skøytte han bruket til Kristen Hansson Grinde (1819–) og som busette seg på bruket. I matrikkelen 1838 er enkja etter Ole Johannessen førd opp som oppsitjar. Dette må vere eit ektepar som har drive bruket for Hans Grinde frå 1729 til 1843.

Lnr 152, 2,34 laupar. I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 18 småfe, 7,0 daa korn. Dette var truleg i 1723 to bruk, kvar på 1,11 laupar. Brukarane var då Sjur Sjurson og Hans Taraldson.* Grunnlaget for samanslåinga skjedde kanskje alt i 1716 då Hans Taraldson Åfet (1666–1754) frå lnr 172 gifte seg med Brita Sjurdotter Feidje. Hans er registrert som brukar på Feidje i 1718, og dersom Brita då var det einaste barnet til Sjur, kan Hans alt i 1720 ha hatt hand om dei to bruka på 1,11 laupar. Brita må ha døydd før 1721, og Hans vart attgift med Gjertrud Andersdtr Feidje (1692?–1752) frå lnr 148. Vi veit om tre born: Anna ca 1720 (til lnr 162 Lunde), Sigrid 1722 og Torald 1724–31. Bruket var i 1762 proprietæreigd og drive av Ingebrigt Torsteinson Lunde (1733–1794) frå lnr 162 og Sigrid Hansdtr Feidje (1722–1763), gifte i 1746. Sigrid og Ingebrigt fekk: Anders 1747, Torald 1750, Gjertrud 1753, Synneva 1756 og Brita 1762. Ingebrigt vart attgift 1763 med Kari Botolvdtr Eitorn (1743–1810). Dei fekk Lasse 1764. Bruket vart truleg frikjøpt i 1777. Anders Ingebrigtson Feidje (1747–1806) gifte seg 1788 med Kari Nilsdtr Feios** (1769–1835). Born: Ingebrigt 1792, Sigrid 1795, Nils 1797, Randi 1800. Kari gifte seg på nytt 1806 med Mikkel Hansson Gjerde (1767–1818) og dei dreiv bruket vidare. Dei fekk Anders 1807 (til lnr 148 Rinde). Ingebrigt Andersson Feidje (1792–) fekk skøyte på bruket i 1826. Han gifte seg med Mari Ivardtr Feidje (1788–) frå lnr 149.

*Før Hans Taraldson var Lasse Larsson brukar. Truleg hadde han sonen Jon 1711. Han blir borte for oss.

**Etternamnet Feios ved dåp er problematisk. Kanskje var dette barnet til ei tenestejente og Nils Feidje. Den siste kan vere Nils 1774 på lnr 150. Barnet vart truleg oppfostra på Feidje, for Kari Nilsdtr Feidje vart konfirmert i Rinde kyrkje i 1787.

Lnr 153, 1,89 laupar. (Hagetun, i 1723 0,92+0,92 laupar.) I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 18 småfe, 5,6 daa korn. I 1723 dreiv Mons Hansson halvparten av Hagetun. Deretter overtok sonen Hans Monsson Feidje (1711–1758) bygslinga av heile bruket. Hans gifte seg 1735 med Durdei Amunddtr Jordal, men ho må ha døydd kort tid etterpå, og borna han fekk må vere med Marita Nilsdtr. Born: Hans 1743–1795 (til lnr 196 Vangsnes), Brita 1746 (til lnr 179 Berdal), Gyrid 1748 (til lnr 168 Helleland), Anna 1750–59, Ragnhild 1752–59, Brita 1753 (til lnr 183 Osen), Mildrid 1756 og Marita 1758 (til lnr 196 Vangsnes). Brita 1746, Gyrid og Marta vart døypte med stadnamnet Hagetun. Det er uklart kor Marita kom frå. Men ut frå namna til borna kan mor til Marita heitt Gyrid. Ein av fadrane til Gyrid 1748 var Lasse Nilsson på lnr 176 Stjernegjerd. Han var frå Henjum. Han var kanskje bror til Marita Nilsdtr. Det var felles skifte etter Mons og Marita i1759. Borna var då: Hans 15 år, Brita 13 år, Gyrid 11 år, Mildrid 4 år og Marita 1 år.* På dette bruket var i 1762 Lars Andersson «Feidje» (1719–1772) og Sigrid Jensdtr Berdal (1724–1803) frå lnr 178+179. Dei gifte seg 1757. Lars var frå lnr 168 Helleland. Dei hadde ikkje born. Det var eit nokså stort skifte etter Lars i 1773. Sigrid vart attgift 1773 med Lars Endreson Nokken (1743–1797) frå Kvamsøy sokn. Heller ikkje dei hadde born. Det var skifte etter Lars Endreson i 1797. Då vart bruket kalla Hagetun. Då hadde han broren Johannes som var husmann på Dale, Ola (som var bonde på lnr 156 Tjønn) og systera Gjertrud som var gift på lnr 155 Rinde. Det var skifte etter Sigrid i 1803. Då var det etterkomarar etter sysken som var arvingar. Det kom nye folk til bruket. Anders Larsson Henjasand (1760–1843) gifte seg 1797 med Eli Jondtr Ytre Hamre (1774–1867). Foreldra hans var truleg Lars Andersson Henjasand (1722–1768) og 1759 Rannei Ivardtr Njøs (1729–1796). Dei var først bønder på Hauglum, men flytta til Husabø. Anders og Eli kom til Feidje i 1797. (Ein bror til Anders, Lars 1768, var på bruket i 1801. Han gifte seg til lnr 160 Tveit i 1820). Born: Rannei 1794. Marta 1800, Jon 1804–15, Kari 1807–15, Lars 1809–15, Anders 1812–31, Jon 1817, Lars 1820. I 1833 fekk Sjur Sjurson Sæterli (1786–) kongeleg skøyte på bruket. Han var gifte med Rannei 1794, dotter til Anders. I 1835 fekk Anders kårbrev.

*Personopplysingane i skifteprotokollane er som regel å stole på. Men her manglar Brita 1753. Hovudgrunnen til dette kan vere at når båe foreldra var borte, var det kanskje ikkje personar til stades som fortalde at det var to døtrer med namnet Brita. Brita Monsdtr Tjønn, 18½ år, vart konfirmert i 1771. Kanskje var det slik at ho alt før gravferda til foreldra var plassert som fosterdotter på Tjønn. Problemet med å identifisere Brita 1753 er også store etter ho vart gift til Osen, for alder ved vigsla er som vanleg misvisande og ved 1801-teljinga er det ført inn at ho var 40 år! Men alder ved gravferd er nokså rett.

Rinde, lnr 154 + 155

2,68 laupar, delt ca 1740. Benefisert. I 1701 var oppgitt alder for Anders Larsson Rinde 60 år. Likevel står han som brukar også i 1723. Anders hadde truleg fleire døtrer. Ei av dei var Ingeborg (1707–1732). I skiftet etter henne vart mora Turid Toralddtr (1661–1747) førd opp som arving. Ei anna var Kari 1704 (til lnr 154). I 1701 finn vi fire Anderssøner: Lars 34 år, Johannes 16 år, Amund 14 år og Per 8 år*. Amund Andersson Rinde (1687–1738 ) gifte seg 1724 med Brita Torsteindtr Åfet (1704–1748). Brita var ei syster til Eirik på lnr 170+171. Dei fekk Per 1725–25?og Kari 1731?–31). Det er ikkje registrert fleire born. Det er rimeleg å tru at Amund dreiv saman med den gamle faren også før Amund gifte seg. Det er ikkje skifte etter dei to. Etter Amund overtok systera Kari 1704. Før det, eller litt seinare, vart namngarden delt.

*Av dei fire Anderssønene gifte Lars (1670–1732) seg til Nedre Breili i Fresvik. Med tenaradresse Hove gifte Johannes Andersson (1685–1733) seg i 1726 med G. Nilsd. Dette må vere Gjøa Nilsdtr Gjerde (1698–1768). Dei to vart husmannsfolk under Hove og fekk truleg der: Nils 1727 (til lnr 169 Helleland?), Anna 1729, Kari 173256? og Mari 1732. Johannes og Gjøa døydde båe med Hove som adressenamn. Det var ikkje skifte etter dei.

Lnr 154, 1,34 laupar. I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 15 småfe, 4,2 daa korn, 3 husmenn. Kari Andersdtr Rinde (1704–1754) gifte seg 1729 med Nils Frikson Lunde (1699–1732?). Lunde må vere tenaradresse. Vi finn han i 1701-manntalet med stadnamnet Strømsnes. Dei fekk Anders 1730. Det var skifte etter Nils «Fredrikson» i 1732. Kari vart attgift ca 1733 med Johannes Sjurson Eggum (1714–1784). I skiftet etter henne i 1755 hadde dei: Ingeleiv 1736–1801, Gyrid 1738, Nils 1742, Kari 1745 og Turid 1747. Anders Nilsson Rinde (1730–1807), gifte seg 1753 med Kari Monsdtr Tveit (1730–1814) frå lnr 160. Dei fekk: Sigrid 1752, Nils 1754–54 og Kari 1755 (sjå note lnr 157), Unni 1760 (til plass 69 Vangsnes), Gjertrud 1763, Marta 1766, Nils 1770, Mons 1777–79. Dei var brukarar på Rinde i 1762, men vart seinare husmannsfolk på Rinde. Det kom nye folk til bruket. Tomas Olason Slinde (1731–1803) gifte seg 1769 med Brita Gunnardtr Nybø (1742–1773). Fødselsår er berekna på grunnlag av alder ved død. Nybø er truleg tenaradresse for Brita, ho kan vere fødd Ås i Aurland i 1743. Dei fekk: Synnøva 1770–70, Ola 1770 (smed, gift 1798 med Solveig Perdtr Feidje på lnr 151, Ola og Solveig døydde på legd i 1849). Tomas vart attgift 1774 med Sigrid Anfinndtr Grindedal (1742–1810) frå lnr 165. Born: Anfinn 1775, Nils 1778–78?, Nils 1780, Brita 1784. I skiftet etter Tomas i 1803 hadde han etter seg Ola 1770 frå første ekteskap og Anfinn, Nils og Brita frå andre. Anfinn Tomasson Rinde (1775–1843) gifte seg 1801 med Kristi Perdtr Åfet (1767–1810) frå lnr 173 og 1810 med Kari Oladtr Åfet (1784–1848) frå lnr 174. Born: Per 1802–02, Tomas 1803–30, Per 1806–13, Ola 1808–08, Lasse 1812, Nils 1821, Johannes 1824. Bruket vart frikjøpt med kongeleg skøyte i 1847 og deretter delt.

Lnr 155, 1,34 laupar. I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 4,2 daa korn, 1 husmann. Det første ekteparet på dette halvbruket var Sjur Torsteinson Lunde (1714–1776) frå lnr 162 og Anna Oladtr Feidje (1712–1762) frå lnr 151. Dei gifte seg i 1742. Born: Unni 1743–72, Helga 1746 (gift 1781 med Lasse Nilsson Hamre), Ola 1749, Synneva 1754. Det var skifte etter Anna i 1762 og Sjur i 1777. Då hadde han etter seg sonen Ola og døtrene Helga og Synneva. Ola Sjurson Rinde (1749–1812) gifte seg 1783 med Gjertrud Endredtr Nokken (1744–1807) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk: Randi 1785, Anna 1788, Sjur 1791. Helsesvikt var kanskje grunnen til at dei før 1801 tok kår under bruket og eit nytt ektepar overtok. Lars Andersson Henjum (1770–1836) og Ragnhild Tomasdtr Njøs (1757–1841), gifte 1794, fekk: Anders 1796, Kristi 1801(til lnr 148 Feidje). Gjennom ein mellommann fekk Lars kongeleg skøyte på bruket i 1822.

Lnr 156–157 Tjønn

2,84 laupar. Dei to bruka i Tjønn hadde i 1723 ei samla matrikkelskyld på 3,17 laupar. Nedgangen fram til 1838 er ikkje klarlagt, men det ser ut til at lnr 156 hadde mist ⅓ laup (= 1 pund) i matrikkelskyld.

Lnr 156, 1,56 laupar. I 1802: 6 kyr, 6 ungdyr, 2 hestar, 24 småfe, 5,6 daa korn. Lasse Torson var på bruket i 1723. Det var skifte etter han i 1730 og etter ektefellen Guri Andersdtr i 1749. Då går det fram at dei hadde 6 søner og ei dotter. 1) Tor var i 1749 bonde i Sunnhordland, 2) Johannes var i 1730 soldat under slottet og var i live også i 1749, 3) Lars 1690 var i 1749 i Sunnfjord, 4) Ola 1705 var i 1730 bonde i Tjønn etter Lasse, 5) Jon var i 1730 soldat i Bergen, men var bonde på lnr 29 Stadheim i Vik i 1749, 6) var Nils 1714. Dottera Kari 1710 var ugift i 1749 og arbeidde på bruket. Ola Lasseson Tjønn (1705–1781) gifte seg 1735 med Anna Sjurdtr Dale (1704–1784?) frå lnr 161. Dei fekk Lasse 1736–36, Lasse 1737–37, Nils 1743 ( i 1762 var han truleg tenar på lnr 162 Lunde, i 1775 kom han til dette bruket). Vi merkar oss at i kyrkjeboka 1784 vart det skrive inn at det var Anna Nilsdtr Tjønn som vart gravlagd. Vi trur det er oppgitt feil farsnamn, sjølv om det er merkeleg at sonen som vart døypt i 1743 ikkje fekk namnet Sjur. Det var ikkje skifte etter Ola og Anna. Nils Olason Tjønn (1743–1821) gifte seg 1775 med Ingeleiv Halvardtr Drege (1742–1813) frå lnr 158. Born: Ola 1776, Halvar 1780 (til lnr 145 Borlaug). Nils fekk skøyte på bruket i 1775. Ola Nilsson Tjønn (1776–1845) gifte seg 1811 med Guri Nilsdtr Dale (1787–1833) frå lnr 161. Born: Nils 1811, Kari 1812, Guri 1813 (til lnr 168 Helleland), Ingeleiv 1816, Anna 1818, Nils 1821, Synneva 1824, Kirsti 1827, Helga 1830.

Lnr 157, 1,28 laupar. I 1802: 5 kyr, 6 ungdyr, 2 hestar, 24 småfe, 5,6 daa korn, 1 husmann. Endre Torsteinson Tuftedal (1651–) frå Balestrand var brukar i 1701. Han døydde truleg før 1711 og hadde etter seg dottera Guri. Guri Endredtr Tjønn (1685–1749) gifte seg med Ola Knutson «Husabø» (1676–1749) i 1709 og dei dreiv bruket i 1723. Vi kan tolke manntalet i 1701 til at Ola då var utplassert soldat på Lagmannsåsen, men var frå Indre Sogn. Ut frå skiftet i 1749 hadde dei tre døtrer: Synneva 1711, Ingeleiv 1713 og Gyrid 1716–63. Den siste var ugift og var på legd i 1762. I 1762 var bruket proprietæreigd. Det var då ført opp to oppsitjarar. Den eine var ei fattig enkje: Ingeleiv Oladtr (1713–1801). Det var skifte etter mannen Ola Nilsson Tjønn (1705?–1762) i 1763. Han var bror til Beint Helleland på lnr 169 og son til Nils Larsson som var bonde på Feidje i 1701 (sjå lnr 149). Ved skiftet etter Ola i 1763 var borna: Kari 1746, Ola 1753 (til lnr 171 Åfet), Guri 1754, Nils 1756* og Endre 1759 (til lnr 169 Helleland). Men den reelle leiglendingen var ikkje Ingeleiv, men Per Sjurson Hove (ca 1720–1765) frå lnr 182. Han gifte seg 1760 med Gjertrud Oladtr Hovland (1723–1763) frå lnr 4 i Vangsnes sokn. Mor hennar var frå Stjernegjerd. Per vart attgift 1764 med Brita Anfinndtr Grindedal (1731–1814) frå lnr 165 og dei dreiv lnr 157. Born: Gjertrud 1765 og Anna 1767–71. Den første vart nok kalla opp att etter den første kona til Per, den andre truleg etter mor hans. Fadrar kan stundom avdekke slektskap. Her finn vi ar Markus Olason Hove var fadder på Anna 1767. Det tek eg som eit prov for Per var frå Hove. Brita vart attgift 1769 med Ola Endreson Nokken (1740–1803) frå Kvamsøy sokn og dei fekk Per 1770–71. Gjertrud Perdtr Tjønn (1765–1836) gifte seg 1799 med Sjur Anfinnson Tveit (1763–1844) frå lnr 160. Dei hadde ikkje born.

*Nils Olason Tjønn (1756 1835) gifte seg 1786 med Kari Andersdtr Rinde (17551832) frå lnr 154. Dei vart husmannsfolk under Drege. I 1801 hadde dei fire born. På plassen var då også mor til Nils og ho hadde då kår frå lnr 157.

Drege, lnr 158–159

4,00 laupar både i 1723 og 1838.

Lnr 158, 1,83 laupar. Benefisert i 1762. I 1802: 8 kyr, 6 ungdyr, 2 hestar, 12 småfe, 7,0 daa korn, 1 husmann. Lasse Jonson var oppsitjar i 1723. Det var skifte etter han i 1725. Då hadde han borna: Jon 1710? (til lnr 172 Åfet), Agata, Anna (døydde i 1728) og Kari. Kari kom truleg til Vigdal i Fresvik (sjå fotnote lnr 168). Deretter kom Agata Lassedtr Drege (1693?–1753) og Hans Larsson (1688?–1758). Hans var neppe frå prestegjeldet. Born: Gjertrud 1722, Lars ca 1730, Ragnhild 1732, Gyrid 1735. I skiftet etter Agata i 1754 var det berre Gyrid og Lars som levde. I skiftet etter Hans i 1759 var også Lars borte, men Hans hadde sonen Eirik, truleg frå eit tidlegare ekteskap. (Eirik Hansson, 1718?–1773, husmann på Rinde i 1762.) Gyrid 1735 gifte seg 1759 med korporal Endre Endreson. Dei blir borte frå bruket. Halvar Torsteinson Lunde (1706–1766) og Kari Oladtr «Skeie» (1725–1768) var bønder på dette bruket i 1762. Dei kom frå lnr 151 Feidje. Dei gifte seg i 1745. Skeie i Baletrand er tenaradresse. Av skiftet etter Kari går det fram at ho var frå Vårstølen/Vetlestøleni Fjærland. Då var berre to av borna i live: Tollak 1737 og Ingeleiv 1742 (til lnr 157 Tjønn). To eldre born, Svein 1732 og Ola 1734, var då borte. Men då det var skifte etter Halvar i 1766, var Ola framleis i live. Tollak Halvarson Drege (1737–1812) gifte seg 1766 med Anna Beintdtr Helleland (1739–1807) frå lnr 168. Born: Halvar 1767, Kari 1770, Beint 1773, Ola 1776, Helga 1779. Det var skifte etter Anna i 1807. Då går det fram at sonen Halvar var heime, Beint var i Bergen, Ola hadde også vore i Bergen, men deretter i Drøbak og Oslo, Kari var gift og var på ein plass under Drege og Helga var i teneste hjå Anfinn Grindedal. Vi finn at Halvar 1767–1845 døydde som ugift innerst på Drege. Helga Tollakdtr Drege (1779–1858) gifte seg 1809 med Halvar Olason Flom (1778–1868), skysskar frå Flåm. Dette var eit leiglendingsbruk, og dermed galdt ikkje odelslova. Halvar 1778 kunne tydelegvis betale innfestingsavgifta. Born: Ola 1810, Beint 1813, Anna 1815, Marta 1818, Tollak 1821.

Lnr 159, 2,17 laupar. Proprietæreigd i 1762. I 1802: 8 kyr, 7 ungdyr, 2 hestar, 15 småfe, 8,4 daa korn, 1 husmann. Til dette bruket kom Per Olason Fyli (1661–1718) frå Vik ved å gifte seg i 1701 med enkja Anna Johannesdtr (1681–?). Anna døydde truleg før 1713 og deretter fekk Per i følgje kyrkjeboka fire born: Anna ?–1813, Ola 1714–?, Nils 1715 og Anna 1718. Ut frå skiftet etter Per kan vi slå fast at berre dei to siste voks opp. Sist på året 1713 finn vi i kyrkjeboka lysing om ekteskap mellom Peder Drege og Magdeli Grinde. Ut frå skifta etter Per og Magdeli er det lite truleg at dei to vart vigde. Grunnen kan vere at då barnet Anna som Per fekk med Magdeli døydde i 1713, må Per ha trekt seg frå ekteskapsavtalen. I 1701 var Botolv Johannesson, 46 år, bonde på Grinde. Han ser ut til å ha hatt born som var fødde ca 1685–1690. Magdeli kan altså vore 25–30 år i 1713. Grunnlaget for påstanden om at Per ikkje gifte seg med Magdeli finn vi i skiftet etter Per i 1718: Den attlevande enkja var Ragnhild Nilsdtr, og borna etter Per var Nils 1715 og Anna 1718. Vi får også greie på at Per hadde to brør i Vik: Tollak Brudevoll og Hans (som i 1701 var tenar på Fosse og 36 år). Den einaste kjelda vi har om Ragnhild er skiftet etter Per. På bruket var då og seinare Magdeli Botolvdtr. Det var skifte etter Magdeli i 1723 og då vart ho kalla Magnhild. Det går fram av skiftet at ho var mor til Anna 1718. (Anna vart i1742 gift til lnr 123 Hopperstad i Vik. I samsvar med dette kalla Anna 1718 det andre barnet sitt i 1745 for Magdeli). Eg meiner at det går fram av skiftet at Magdeli ikkje var mor til Nils 1715. Anna må ha vore eit «uekte barn», og Magdeli må ha fortalt at det var Per som var faren. Ut frå manntalet i 1701 kan neste brukar vere Sjur Botolvson Stjernegjerd (1681–1733). Det samsvar med at det i 1731 var skifte etter Gullov Botolvdtr Stjernegjerd og ho vart oppgitt å vere syster til Sjur Drege. Han vart gift med Magdeli Botolvdtr Grinde (ca 1687–1723). Dei fekk neppe born. Sjur vart attgift med Anna Nilsdtr Berdal (1704–1785) frå storbruket lnr 178+179, truleg i 1724. Mor hennar var frå rik Fardalslekt. Dei to fekk Botolv 1726. Anna vart attgift 1734 med Nils Person Drege (1715–?) og dei var på Drege i 1762 og dreiv bruket til 1771. Dei var truleg barnlause. Merkeleg nok var det ikkje offentleg skifte etter Nils og Anna. Botolv Sjurson Drege (1726–1787) gifte seg 1750 med Sigrid Perdtr Ytre Borlaug (1730–1816) frå lnr 146 og dei fekk i lnr 177 Berdal: Steinor 1750 (til lnr 167 Helleland), Anna 1751–79, Sjur 1755, Nils 1761 (til lnr 150 Feidje), og etter dei kom til Drege: Per 1771–71?. I 1762 dreiv Botolv og Sigrid bruket i Berdal. Det var skifte etter Botolv i 1787 og etter Sigrid i 1816. Av borna hennar var det i 1816 berre Per som levde (men han var ikkje i bygda) og to andre hadde etterkomarar (Unni etter Sjur 1755 og tre jenter etter Nils 1761.) Lnr 159 Drege vart frikjøpt i 1787. Sjur Botolvson Drege (1755–1803) gifte seg 1790 med Gjøa Anfinndtr Sætre (1766–1816) frå lnr 163. Dei fekk Unni 1791. Gjøa vart attgift 1803 med Eirik Jonson Dale (1760–1816?) frå lnr 161. Unni Sjurdtr Drege (1791–1850) gifte seg 1814 med Johannes Ivarson Feidje (1780–1842) frå lnr 149. Born: Synneva 1815, Sjur 1817, Ivar 1819, Kari 1825, Per 1829.

Tveit, lnr 160

0,75 laupar. I 1802: 5 kyr, 4 ungdyr, 1 hest, 18 småfe, 4,2 daa korn. Sjølveigd i 1762. På dette bruket var Mons Sjurson Dale (1689–1754) gift 1721 med Sigrid Hermunddtr Bruhjelle (1687–1735). Mons var ein bror til Jon 1707 på lnr 161. Born: Anfinn 1722, Johannes 1727, Kari 1730 (til lnr 154 Rinde). Vedskiftet etter Mons i 1755 var borna Anfinn og Kari arvingar. I 1762 var Anfinn Monsson Tveit (1722–1780) sjølveigar. Han gifte seg 1754 med Kari Anfinndtr Grindedal (1726–1812) frå lnr 165. Born: Mons 1755, Sigrid 1758–59, Anfinn 1760 (til lnr 165 Grindedal), Sjur 1763 (til lnr 157 Tjønn), Anna 1766 (til lnr 167 Helleland), Sigrid 1770–82. Det var skifte etter Anfinn i 1781 og Kari i 1813. Mons Anfinnson Tveit (1755–1812) gifte seg 1791 med Sigrid Tordtr Borlaug (1768–1844) frå lnr 147. Mons fekk skøyte på bruket i 1790. Born: Marta 1792 (til lnr 171 Åfet), Anfinn 1795, Tor 1798–99, Sigrid 1799–1800, Turid 1801–01, Tor 1802–06, Turid 1805–06, Tor 1809–10. Sigrid vart attgift 1820 med enkjemann Lars Larsson Kvålen (1768–1841). I 1820 vart bruket skøytt til Anfinn Monsson Tveit (1795–1872). Han gifte seg 1820 med Brita Oladtr Åfet (1791–1856) frå lnr 171.

Det er eit problem at i Vangsnes sokn er det også ein gard som heiter Tveit. Det er uråd å skilje folka på dei to gardane frå kvarandre i dei digitaliserte kyrkjebøkene og i 1801-teljinga. Men då det ikkje kan ha vore to bruk på Tveit i Feios i denne perioden, reknar eg med at det som er kome med under lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn i gards- og ættesoga er rett.

Dale, lnr 161

1,42 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 24 småfe, 7,0 daa korn, 1 husmann.
Proprietæreigd i 1762. Jon Sjurson Dale (1707–1789) gifte seg 1737 med Guri Oladtr Feidje (ca 1710–1741) frå lnr 149 og dei hadde: Kari 1738–38?, Sjur 1740 (til lnr 159 Feidje, så lnr 164 Sæterli).

Det var skifte etter Guri i 1741. Jon gifte seg på nytt i 1742 med Synneva Eirikdtr Bergum (ca 1720–1764) frå lnr 175. Born: Nils 1745, Anders 1748–50, Ola 1749, Guri 1751 (til lnr 172 Åfet), Anders 1754, Eirik 1757–59, Eirik 1760 (til lnr 159 Drege). Jon gifte seg for tredje gong i 1765 med Mildrid Simondtr Vikøyri (1716–1767)*. Dei fekk ikkje born. Det var skifte etter Jon i 1789. Nils Jonson Dale (1745–1788) gifte seg 1777 med Guri Ellingdtr Feidje (1751–1804) frå lnr 149 og dei fekk: Ola 1778 (til lnr 168 Helleland), Jon 1780 (til lnr 162 Lunde), Elling 1782–86, Sjur 1784, Guri 1787 (til lnr 157 Tjønn). Det var skifte etter Nils i 1789. Då var borna oppgitt å vere: 11, 9, 4 og eitt år. Guri vart attgift 1789 med Gjest Johannesson Henjum** (1761–1833) og dei fekk: Kristi 1792–93, Kristi 1793–94, Kristi 1794 (til lnr 181 Hove) og Christi 1797 (til lnr 173 Åfet). (Det siste var vel same namnet, og to døtrer med same namn vart kanskje gitt i von om at ei av dei ville vekse opp.) Sjur Nilsson Dale (1784–1844) gifte seg 1830 med Anna Jørgendtr Lunde (fødd 1803–attgift, levde i 1865) frå lnr 162. Sjur fekk frikjøpt bruket i 1834. Born: Guro 1831, Gjørond 1833, Nils 1835, Jørgen 1838.

*I Gards- og ættesoge for Vik i Sogn står Mildrid oppførd som dotter til Simon Tveit-Vangsnes. Det er feil. Av skiftet etter henne i 1767 går det fram at ho var dotter til Simon Olason Stedje (16831766) på Vikøyri v906. Ho hadde brørne: Ingebrigt 1711, Ola 1713 og Mons 1719.

** Foreldra til Gjest var Johannes Johannesson Uglum og Kristi Gjestdtr Kvåle, gifte i Sogndal i 1755. Dei flytta til Henjum ca 1760. Dei var der på eit benefisert bruk i 1762.

Lunde, lnr 162

1,75 laupar. I 1723 1,67 laupar. I 1802: 7 kyr, 7 ungdyr, 2 hestar, 12 småfe, 8,4 daa korn. Var benefisert i 1762. På bruket var Torstein Ingebrigtson Lunde (1673–1759) gift 1704 med Synneva Halvardtr Sætre (1668–1757) frå lnr 163. Dei hadde Halvar 1706 (til lnr 151 Feidje), Brita 1709 (til lnr 154+155 Rinde), Sjur 1714 (til lnr 155 Rinde), Endre 1719 og Ingebrigt 1733 (til lnr 152 Feidje). I 1762 var Endre Torsteinson Lunde (1719–1767) og Anna Hansdtr Feidje (ca 1720–1799) frå lnr 152 brukarar. Vi finn ikkje vigsla i dei digitaliserte kyrkjebøkene. Born: Ingeleiv, Gjertrud 1750, Hans 1752, Brita 1754, Synneva 1756, Kari 1759. Det var skifte etter Endre i 1767. Då var borna: Ingeleiv 21 år, Gjertrud 17 år, Hans 15 år, Brita 12 år, Synneva 11 år og Kari 8 år. Det var skifte etter Brita 1754 i 1799 og Gjertrud 1750 i 1801. Der går det fram at Hans 1752 kom til Høgheim i Fresvik og Ingeleiv 1746 til Breili i Fresvik. Dei andre var ugifte. Anna vart attgift 1769 med Jørgen Andersson «Grøneng» (1737–1803). Grøneng er tenaradresse. Han var truleg frå Turli i Aurland. Jørgen vart attgift 1799 med Gjørond Oladtr Åfet (1774–1846) frå lnr 173. Born: Anders 1800, Anna 1803 (til lnr 161 Dale). I 1801 hadde dei òg fostersonen Endre 1793. Faren var soldat Nils Andersson og mora Kari Endredtr Lunde (1759–1830) og som i 1801 var tenar på Feidje og som døydde på legd. Gjørond vart attgift 1804 med Jon Nilsson Dale (1780–1847) frå lnr 161. Born: Guri 1806 (til lnr 163 Sætre), Jørgen 1808–19, Ola 1811–12, Kari 1813, Anna 1816. Bruket vart frikjøpt i 1840.

Sætre, lnr 163

2,14 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 småfe, 2 hestar, 24 småfe, 8,4 daa korn. Svein Anfinnson Berdal (1649–1729) var bonde på Sætre i lang tid. Han var gift med enkja etter Halvar Sætre og som hadde dottera Synneva 1668 og som kom til lnr 162 Lunde. Svein hadde i 1701 sønene Anfinn 1688 (til lnr 165 Grindedal) og Halvar 1694. Om Halvar: sjå lnr 144+145 Borlaug. I 1762 var Ola Anfinnson Berdal (1697–1764) frå lnr 177 sjølveigar. Han gifte seg 1724 med Gjøa Botolvdtr Vangsnes (1697–1767) i 1724. Gjøa var frå storbruket lnr 184+185+186+198. Born: Anfinn 1725, Gjørond 1727–27?, Ola 1729–68, Kristi 1734, Gjørond 1738 (til lnr 173 Åfet). Anfinn Olason Sætre (1725–1785) gifte seg 1753 med Gjertrud Markusdtr Stjernegjerd (1729–1770) frå lnr 176 og i 1771 med Synneva Ellingdtr Feidje (1745–1803) frå lnr 149. Born: Unni 1754–59, Gjøa 1755–58, Ingrid 1756–59, Gjøa 1756–58, Ingrid 1758–59, Unni 1760–85, Ingrid 1762 (til lnr 149 Feidje), Gjøa 1766 (til lnr 159 Drege), Ola 1770–71, Gjertrud 1772–76, Kristi 1774–83, Ola 1776–76, Ola 1777, Gjertrud 1779–83, Torbjørg 1782–83, Unni 1785. Det var skifte etter Anfinn og dottera Unni 1760 i 1785. Av den store barneflokken var det berre Ingrid 1762, Gjøa 1766, Ola 1777 og Unni 1785 som levde i 1785. Berre to var på bruket i 1801: Ola 1777 og Unni 1785. Synneva vart attgift 1785 med Johannes Andersson Henjum (1752–1837). Dei fekk: Anfinn 1788. Det var skifte etter Synneva i 1803. Johannes vart attgift 1803 med Guri Sjurdtr Feidje (1766–1848) frå lnr 150. Born: Synneva 1804, Sjur 1808. I tillegg fekk Johannes sonen Ola 1805 med Unni Anfinndtr Sætre (1785–), ei dotter til den første kona hans! Familien flytta til Sæterli etter 1815. Ola Anfinnson Sætre (1777–) gifte seg 1803 med enkja Unni Johannesdtr Eitorn (1772–1844). Ho var kanskje frå Lærdal. Dei fekk: Anfinn 1804, Eirik 1806, Turid 1812. Familien var på Eitorn då borna vart fødde. Anfinn Olason Sætre (1804–1846) gifte seg 1830 med Guri Jondtr Lunde (1806–1846) frå lnr 162. Born: Gjørond 1831, Jon 1833–33, Unni 1838, Jon 1840.

Sæterli, lnr 164

1,03 laupar (av det 0,53 laupar frå Sætre). I 1802: 4 kyr, 4 ungdyr, 1 hest, 12 småfe, 4,2 daa korn. Dette bruket var neppe fast busett på 1600-talet. Hermund Person (1670–1738) finn vi truleg i 1701-manntalet som soldat i Indre Farnes, 30 år og fødd i soknet. Han kom til garden før 1711 ved å gifte seg med ei dotter til Svein Sætre. Dei fekk Per 1710. I 1762 var garden proprietæreigd og busett av Elling Mikkelson Grinde (1703–1795) og Åsa Botolvdtr Vangsnes (1702–1774), ei syster til Gjøa på lnr 163 Sætre. Dei hadde Ingegjer som var over 12 år i 1762 og ho kan vere fødd ca 1740. Ho gifte seg 1764 med Hermund Markusson Tenål (1730–1790) frå Vik og dei vart husmannsfolk på Vangsnes (plass 28 i gards- og ættesoga). Elling og Åsa hadde neppe andre born som levde opp. Sjur Jonson Dale (1740–1795) frå lnr 161 gifte seg 1761 med Gyrid Nilsdtr Drege (1737–1827) frå lnr 159. Born: Nils 1764–64?, Guri 1766 (til lnr 163 Sætre), Kari 1768, Ola 1770–70, Nils 1770–71, Synneva 1771–71?, Nils 1774, Barbra 1775, Ola 1779–79?, Jon 1783, Sjur 1786 (til lnr 153 Feidje). Fram til 1768 var fødselsadressa for borna lnr 150 Feidje, deretter Sæterli. Ved teljingane i 1801 og 1815 vart Gyrid gitt opp som brukar av Sæterli og ho hadde med seg fleire vaksne born. Men ho døydde på legd på Helleland. Ola Anfinnson Sætre (1777–) på lnr 163 løyste inn bruket og i 1807 skøytte han det til Johannes Andresson Sætre (1752–1837)*. I 1828 skøytte Johannes bruket til sonen Anfinn Johannesson Sætre (1788–). Han var ugift og skøytte bruket i 1833 til halvbroren Sjur Johannesson Sætre (1808–). Han gifte seg 1833 med Marta Johannesdtr Helleland (1811–) frå lnr 168.

*Ein leiglending sat som oppsitjar på livstid. Når ein proprietær selde bruket til ein som ville drive bruket, kunne driftsovertakinga først skje når leiglendingen aksepterte kår, flytta frå bruket for godt eller døydde. Gyrid hadde med seg vaksne born som dreiv bruket. Men dei hadde ingen framtid på bruket. Også eit husmannspar hadde plassen på livstid, men borna kunne ikkje hindre at plassen deretter vart lagd ned. Men i motsetnad til ein leiglending eigde ein husmann husa på plassen.

Grindedal, lnr 165

1,25 laupar. I 1802: 5 kyr, 6 ungdyr, 1 hest, 18 småfe, 4,9 daa korn. Sjølveigd i 1723 av Nils Torson (1660–1749). Det var skifte etter kona hans, Kari Oladtr, i 1729. Dei hadde då døtrene Ragnhild og Anna. I skiftet etter Nils i 1749 var Ragnhild 1698–1765 ugift på bruket og Anna var gift. Dei to døtrene døydde på same tid, og det var skifte etter dei i 1765. I 1762 var Anfinn Sveinson Sætre (1688–1764) frå lnr 163 og Anna Nilsdtr Grindedal (1700–1765) bondeparet. Born var alle i live då Anna døydde: Marta 1725 (til lnr 167 Helleland), Kari 1726 (til lnr 160 Tveit), Brita 1731 (lnr 157 Tjønn), Svein 1735, Nils 1738 (til lnr 167 Helleland) og Sigrid 1742 (til lnr 154 Rinde). Svein Anfinnson Grindedal (1735–1769) må ha gift seg 1766–68 med Brita Eirikdtr (1731?–1806) og dei fekk Anna 1768. Vi finn ikkje vigsla i digitaliserte kyrkjebøker. Ho var neppe frå Feios. Brita Eirikdtr Grindedal vart attgift 1770 med Hans Olason Henjasand/Sanden (1744–1809). Dei fekk ikkje born. Det var eit omfattande skifte etter Hans, der arven vart delt på 31 slektningar. Men på bruket var det i 1801 eit ektepar som var innerstar og der båe hadde odelsrett: Anna Sveindtr Grindedal (1768–1841) gift 1795 med Anfinn Anfinnson Tveit (1760–1837) frå lnr 160. Dei to var syskenborn. Dei vart neste bondepar. Born: Svein 1794–1814, Hans 1798, Anfinn 1801–02, Anfinn 1806, Brita 1808, Kari 1812–14. Hans Anfinnson Grindedal (1798–1869) gifte seg 1828 med Kari Perdtr Berdal (1803–1874) frå lnr 177. Born: Kari 1832, Brita 1835, Sigrid 1838, Anfinn 1845.

Smidje, lnr 166

1,25 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 18 småfe, 7,0 daa korn. Benefisert bruk i 1762. Ola Olason Smidje (1703–1752) gifte seg 1739 med Ragnhild Oladtr Feidje (1712–1791) frå lnr 144. Dei fekk: Gjørond 1740*, Brita 1743–67, Guri 1745–67, Gjertrud 1748, Anna 1751 (til lnr 119+120 Hopperstad i Vik). I 1762 var det to døtrer over 12 år på garden: Brita og Guri. Det var skifte etter Ola i 1753. Ragnhild vart attgift 1753 med Nils Ingebrigtson Hove (1729?–1764) frå lnr 71 Hove i Vik, og dei var leiglendingar på garden i 1762. Dei fekk ikkje born. Det var skifte etter Nils i 1764. Arvingane var i Vik, men han hadde hatt ein farbror som også heitte Nils og vart gift til lnr 177 Berdal. Brita Oladtr Smidje (1743–1767) gifte seg 1766 med soldat Endre Andersson «Hamre» (1734–1816). Han var truleg frå Skarestad i Fjærland. Det var skifte etter Brita i 1767. Arvingar var mora og systrene Gjørond (død, men dottera Steinor var 6 år), Gjertrud 19 år og Anna 16 år. Endre vart attgift 1768 med Kari Mikkeldtr Eitorn (1748–1816) og dei fekk: Brita 1769 (til lnr 182 Hove), Eirik 1771–1771?, Steinor 1773, Synneva 1776 (til lnr 168 Helleland), Anders 1778, Torbjørn 1782–82?, Mikkel 1783, Ivar 1786–86?, Nils 1791. Anders Endreson Smidje (1778–1826) gifte seg 1812 med Ragnhild Hansdtr Borlaug (1787–1863) frå lnr 143 og dei fekk: Hans 1813, Kari 1816. Ragnhild fekk kongeleg skøyte på bruket i 1833, og ho gifte seg same året med enkjemann Anders Jørgenson Lunde/Sæterli (1800–1888). Ho skøytte bruket til sonen Hans i 1846.

*Manglande innføring av born i kyrkjeboka skaper ofte problem. Her manglar dåp av Gjørond 1740, men ho står i skiftet etter faren. Ho var gift og innerst på bruket i 1762. Sjå meir under lnr 177 Berdal.

Helleland, lnr 167–169

2,00 laupar. Matrikkelskylda er uendra frå 1723 til 1838, men rekkjefylgja for bruka er endra.

Lnr 167, 0,71 laupar. I 1802: 5 mjølkekyr, 4 ungdyr, 1 hest, 12 småfe, 4,2 daa korn. På dette bruket var Anders Olason Helleland (1670–1746) og Magdeli Nilsdtr Husabø (1674–1746). Ved skifte etter Anders hadde dei sonen Ola og dottera Gjøa 1720*. I 1762 var Ola Andersson Helleland (1712–1769) sjølveigar. Han gifte seg 1743 med Kari Nilsdtr «Osen»(1700–1769) frå lnr 149 Feidje. Det var skifte etter Ola i 1769 og Kari i 1770. I det siste går det fram at ho var barnlaus og var syster til Beint Nilsson på lnr 169. Til bruket kom Nils Eirikson Husabø (1714–1773) og Marta Anfinndtr Grindedal (1725–1783) frå lnr 165. Dei gifte seg 1763 og fekk same året Eirik 1763. Skiftet etter Nils viser at dei ikkje hadde fleire born. Marta vart attgift 1775 med Tolleiv Mikkelson Dalsbotn (1748–) frå Aurland. Han må ha vanstyrt bruket for Marta. Det var eit omfattande og vanskeleg skifte etter Marta. Tolleiv skulda pengar til svært mange i bygda, både rike og fattige, og slektningar til Nils Eirikson møtte opp med arvekrav i jordegodset. Dette må reknast som eit konkursbu. Pantegjelda åleine var over 100 riksdalar. Tolleiv måtte bort frå bruket, og ved folketeljinga i 1801 finn vi Tolleiv Mikkelson som husmann under garden Loven i Aurland. Skiftet enda med at den ugifte Nils Anfinnson Grindedal (1738–1815), ein bror til Marta, og som var den største kreditoren med 20 riksdalar, overtok bruket. Kvifor Nils var velståande, finn vi ikkje ut av. Men det er nærliggjande å tenkje seg at han frå unge år har drive med krøtterhandel. Nils gifte seg 1784 med Steinor Botolvdtr Drege (1750–1799) frå lnr 169 og dei fekk Botolv 1790–90. I skiftet etter Nils i 1815 var det uvanleg mange arvingar. Eirik 1763 fekk skøyte på bruket i 1795. Det var nærast ei gåve. Han betalte 32 riksdalar. Eirik Nilsson Helleland (1763–1854) gifte seg 1798 med Anna Anfinndtr Tveit (1766–1840) frå lnr 160. Born: Nils 1798, Anfinn 1806. Nils Eirikson Helleland (1798–) gifte seg 1834 med Synneva Ivardtr Feidje (1806–) frå lnr 149. Born: Eirik 1835, Anna 1839, Ingrid 1839.

*Gjøa Andersdtr (17201812) gifte seg 1757 med Anders Rasmusson frå Solvorn. På Helleland fekk dei Anders 1757. Dei kom så til Stjernegjerd, for der var Gjøa i 1762, og Anders Andersson «Stjernegjerd» vart konfirmert i 1774. Dei kom seinare til ein plass under Berdal. Anders Andersson Berdal gifte seg 1783 med Kari Jondtr Åfet frå lnr 172, og også dei var husmannsfolk i Berdal i 1801.

Lnr 168, 0,47 laupar, Skotabø. I 1802: 6 kyr, 4 ungdyr, 1 hest, 15 småfe, 5,6 daa korn. Anders Monsson Fretheim (1675–1733) frå Arnafjorden kom til bruket ved å gifte seg med enkja Doretea Knutdtr i 1703. Han vart attgift 1709 med Gjertrud Johannesdtr (1681–1755). Dei hadde tre søner som voks opp: Mons 1713–1769 (til plassen Hagen, Juvik i Vik), Johannes 1715 og Lars 1719 (til lnr 153 Feidje). Ved skiftet etter Gjertrud var det også ei ugift dotter, Durdei 1715–84. Det var eit omfattande skifte etter Durdei i 1784. Bruket var proprietæreigd i 1762 og brukarar var då Johannes Andersson Helleland (1715–1774) og Kari Jensdtr (1726?–1814), gifte i 1745*. Eg trur at det her er feilskrift i kyrkjeboka ved at det er skrive inn Ola i staden for Johannes ved vigsla. Born: Anders 1746–46, Anna 1747, Turid 1749, Anders 1751, Jens 1754–54, Jens 1756 (til lnr 173 Åfet). Det var skifte etter Johannes i 1775. Då var borna: Anna 28 år, Turid 26 år, Anders 24 år, Jens 22 år. Anders Johannesson Helleland (1751–1813) gifte seg 1776 med Gyrid Monsdtr «Stjernegjerd» (1748–1825?). Det siste gardsnamnet er tenaradresse. Gyrid var frå lnr 153 Hagetun. Det var skifte etter Gyrid i 1826. Born: Johannes 1775, Kari 1783–83, Mons 1785 (til lnr 178 Berdal), Kari 1788, Marta 1790–92. Johannes Andersson Helleland (1775–1820) gifte seg 1801 med Synneva Endredtr Smidje (1776–) frå lnr 166. Born: Endre 1801, Hans 1805, Marta 1811 (til lnr 164 Sæterli), Gyrid 1814. Synneva vart attgift 1820 med Ola Nilsson Dale (1778–1848) frå lnr 161. Dei fekk ikkje born. Då Ola døydde, vart det skrive at han var sersjant og kårmann. Den militære tittelen hadde han kanskje frå før 1801, då han ikkje var i Feios under teljinga. Endre Johannesson Helleland (1801–) gifte seg 1837 med Guri Oladtr Tjønn (1813–) frå lnr 157. Bruket vart frikjøpt i 1840.

*Kari Jensdtr er det vanskeleg å finne ut av, men Synneva Jensdtr Vigdal var fadder på Jens 1754. Saman med Marta Jensdtr, som var bondekone i Vigdal i 1762, kan ho vere syster til Kari. Då er faren Jens Olason Vigdal. Jens var truleg 2 år i 1701 og fødd Huke. Han gifte seg 1725 utan stadnamn med Magnhild Larsdtr. Ho døydde i Vigdal i 1758. Jens Olason Vigdal (1698-1769) vart attgift 1760 med Kari Lassedtr Drege, truleg frå lnr 158. Dåpen til dei tre Jensdøtrene er ikkje med i fylkesarkivet sin database, og familien kan då ikkje ha vore i sognebygder som basen omfattar.

Lnr 169, 0,82 laupar. I 1802: 4 kyr, 3 ungdyr, 1 hest, 15 småfe, 3,5 daa korn. På bruket var i 1723 Mons Kristofferson. Bruket var benefisert i 1762 og brukarparet var Beint Nilsson Feidje (1698–1768?) frå lnr 149 og gift med Kari Knutdtr Åfet (1699–1767) frå lnr 173. Dei fekk Guri 1736 og Anna 1739. Nils Johannesson «Åfet» (1727–1764) gifte seg 1763 med Guri Beintdtr Helleland (1736–1821). Åfet var tenaradresse, Nils var truleg frå plass under Hove (sjå note lnr 154+155). Guri vart attgift 1764 med Jon Bårdson Øksdal (1733–1804) frå Vangsnes sokn. Born: Nils 1765–66, Kari 1766, Ingeborg 1769 (til plass under Eitun), Gjertrud 1772–96, Ingrid 1777, Gyrid 1782. Det var skifte etter Jon i 1804. Då vart bruket kalla Øvre Helland. Ved død vart Guri ført inn i kyrkjeboka med farsnamnet Nils. Det var vel ein feil som kom av at ho vart uvanleg gamal! Kari Jondtr Helleland (1766–1848) gifte seg 1795 med Endre Olason Tjønn (1759–1814) frå lnr 157. Born: Ola 1801, Jon 1806, Ola 1809. Kari vart attgift 1814 med Amund Olason Bøyum (1778–1835). Amund fekk kongeleg skøyte på bruket i 1833. Jon Endreson Helleland (1806–) gifte seg 1827 med Kari Oladtr Åfet (1797–1878) frå lnr 171. Jon fekk skøyte på bruket i 1833. Born: Endre 1827, Ola 1829, Synneva 1832, Kristi 1835, Nils 1839.

Åfet, lnr 170–174

6,38 laupar + 0,67 laupar drive frå Bergum (samla 7,00 laupar i 1723). Det var fire bruk i 1723, men eit bruk (lnr 173+174, 2⅓ laupar) hadde blitt delt 1707–08 mellom Knut Halvarson Åfet (1674–1751) og systera Anna, gift 1708 med Johannes Lasseson Eitorn (1683–1753). I 1838 hadde tal bruk auka til 5. Det var lnr 170+171 som var delt ca 1785.

Lnr 170+171, 2,00 laupar. Eirik Torsteinson Åfet (1687–1741) gifte seg 1721 med Kari Andersdtr «Husabø» (1695–1783). Ho var kanskje frå Feidje. Eirik hadde broren Jon (1693–1742) som kom til lnr 98 Midlang i Vik og systera Brita 1704 som kom til lnr 154+155 Rinde. Det var skifte etter Eirik i 1741. Då var borna Torstein 19 år, Anders 18 år og Sylfest* 15 år. Det var skifte etter Torstein i 1749. Kari vart attgift 1742 med Per Johannesson Åfet (1712–1787) frå lnr 174. Dei hadde ikkje born. I 1762 var det Per og Kari som var på det delvis sjølveigde bruket og dei hadde med seg Anders Eirikson. Anders Eirikson Åfet (1721–1816) gifte seg 1779 med Kari Johannesdtr Rinde (1747–1827). Rinde må vere tenaradresse. Ho kan ha vore frå Eggum. Kari og Anders hadde ikkje born. Anders fekk skøyte på bruket 1787. Då vart bruket delt. Anders dreiv halvparten av bruket vidare. Den andre halvparten vart i 1798 skøytt ut av slekta.

*Sylfest Eirikson (17251779) gifte seg 1758 med Kari Perdtr Amble. I 1762 var Sylfest husmann under lnr 182 Hove. I skiftet etter Kari i 1783 hadde Sylfest etter seg Eirik 1758 og Anna 1763 og som båe var knytt til bruket til Tøger Hove. Anna gifte seg 1787 med Knut Beintson Tjønn (1756), og i 1801 var dei husmannsfolk på Hove. Eldste son var Sylfest 1788.

Lnr 170, 1,00 laupar. I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 12 småfe, 4,2 daa korn. I 1802 var bruket lnr 170+171 delt og Anders og Kari dreiv dette delbruket. Sylfest Knutson Tjønn (1788–1857) gifte seg 1810 med Barbra Andersdtr Henjum (1773–1863). Tjønn var tenaradresse. I 1801 var Sylfest husmannson på Hove og Barbra var i 1801 tenar i Dale. Sylfest var i slekt med Anders og fekk skøyte på bruket i 1810. Born: Anders 1811, Kari 1816.

Lnr 171, 1,04 laupar. I 1802: 5 kyr, 5 ungdyr, 1 hest, 12 småfe, 4,2 daa korn. Ola Olason Tjønn (1753–1849) frå lnr 157 gifte seg 1788 med Kristi Lassedtr Åfet (1759–1828) frå lnr 174. Born: Lasse 1789, Brita 1791 (til lnr 160 Tveit), Ingeleiv 1794, Kari 1797 (til lnr 169 Helleland), Ola 1800, Per 1804. Ola fekk skøyte på dette halvbruket i 1789. Lasse Olason Åfet (1789–) gifte seg 1816 med Marta Monsdtr Tveit (1792–1864) frå lnr 160. Dei fekk: Mons 1816, Kristi 1819. Lasse fekk skøyte på bruket alt i 1810.

Lnr 172, 2,00 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 18 småfe, 8,4 daa korn. Ingebrigt Toraldson Åfet (1676–1761) var gift med Kari Oladtr frå lnr 144+145 Indre Borlaug . Born: Torald 1708 (til lnr 177 Berdal), Ola 1711 (til lnr 177 Berdal), Unni 1718, Brita 1727, Nils 1729 (til lnr 166 Smidje), Lasse 1732. 1762 var brukarparet: Jon Lasseson Drege* (1710?–1774) frå lnr 158 og Unni Ingebrigtdtr Åfet (1718–1796), vigde i 1748. Born: Lasse 1750, Eirik 1751–1826 (som enkjemann gift 1799 til lnr 192 Vangsnes), Kari 1754 (plasskone i Berdal i 1801). Det var skifte etter Jon i 1774. Lasse Jonson Åfet (1750–1814) gifte seg 1780 med Guri Jondtr Dale (1751–1808) frå lnr 161. Born: Jon 1780, Johannes 1782, Synneva 1785–91, Unni 1788. Det var skifte etter Guri i 1809 og Jon i 1814. Ved det første skiftet var sønene soldatar og var stasjonerte i Bergen. Jon Lasseson Åfet (1780–1844) gifte seg i Vik som soldat i 1809 med Brita Andersdtr Tenål (1782–1827) frå lnr 15 i Vik. Born: Guro 1810, Anders 1814, Marta 1818.

* I kyrkjeboka finn vi som døypt Jon 1711 med Lasse Feidje som far, sjå fotnote lnr 152. Men ved dåp av Lasse 1750 var Agata Drege fadder. Det må vi kunna ta som prove på at dåp av Jon 1710? manglar i kyrkjeboka.

Lnr 173, 1,17 laupar. I 1802: 7 kyr, 5 ungfe, 2 hestar, 12 småfe, 6,3 daa korn. Knut Halvarson (1674–1751) og Synneva Anfinndtr Feidje (1681–1741) frå lnr 150 var på dette bruket. Det var skifte etter Synneva i 1741. Borna var då: Kari 1699 (til lnr 169 Helleland), Halvar 1701 og Anna 1717–80 (ugift på Åfet). Deretter overtok Halvar Knutson Åfet (1701–1767) gift med Unni Jondtr Vangsnes (1706–?) frå lnr 191 og dei hadde borna: Brita 1735, Per 1737, Synneva 1739 og Knut 1743–49. Dei var kårfolk på bruket i 1762. Brukarar var då Per Halvarson Åfet (1737–1796) og Gjørond Oladtr Sætre (1738–1777) frå lnr 163. Dei gifte seg 1761. Dei fekk: Gjøa 1762, Unni 1765, Kristi 1767 (til lnr 154 Rinde), Ola 1770 (til lnr 148 Feidje), Gjørond 1772–72?, Gjørond 1774 (til lnr 162 Lunde). Det var skifte etter Gjørond i 1778. Gjøa Perdtr Åfet (1762–1794) gifte seg 1786 med Jens Johannesson Helleland (1756–1744) frå lnr 168. Jens vart attgift 1795 med Gro Einardtr Njøs (1772–1815), men ved fødsel var adressa hennar Sie i Hafslo prestegjeld. Born: Anders 1786, Per 1789–97, Ingeborg 1791, Gjøa 1794–94, og med andre kona: Johannes 1796 (til USA), Per 1796 (til USA), Gjøa 1801, Anna 1804. Det var skifte etter Jens i 1847. Då vart det skrive at han døydde i 1844. Anders Jensson Åfet (1786–1851 gifte seg 1815 med Kristi Gjestdtr Dale (1797–1887) frå lnr 161. Dei fekk: Gjøa 1815 og Guro 1817–64 (innerstjente). Anders fekk skøyte på bruket i 1812. Sjølv om han vart rekna som sjølveigar, hadde Rinde kyrkje frå gamalt av litt eige i bruket, og denne eiga vart i 1832 skøytt over på Anders.

Lnr 174, 1,17 laupar. I 1802: jordbruk som for lnr 173. Johannes Lasseson Eitorn (1683–1753) var tenar på Hove i 1701, og i 1708 gifte han seg med Anna Knutdtr Åfet (–1708), ei syster til Halvar på nabobruket, og deretter i 1711 med Unni Nilsdtr «Hove» (ca 1685–1767). Hove var kanskje tenaradresse. Born: Per 1712,Lasse 1715, Anna 1716 (gift 1745 med Johannes Lasseson, dei kom til Stølsåsen i Fresvik), Nils 1727? Det var skifte etter Johannes i 1753. Nils, 26 år, var då ugift. I 1762 var det meste sjølveige, men litt var benefisert. Brukarparet var då Lasse Johannesson Åfet (1715–1788) og Brita Oladtr Bøyum (1721?–1791), gifte i 1749. Her er det ein merkeleg feil i kyrkjeboka ved at Lasse vart kalla Ola. Bøyum kan ha vore tenaradresse, men dersom ho var frå Fjærland kan ho ha vore fødd på Lillestølen. På nabogarden Bergum var det dessutan folk frå Mundal, slik at det kan ha vore ei feiosjente som var tenestejente på Bøyum. Lasse og Brita fekk: Ola 1750, Johannes 1853–53, Johannes 1754–54, Unni 1756, Kristi 1759 (til lnr 171 Åfet), Brita 1762, Nils 1765, Johannes 1768, Ellend 1772, Lasse 1774. Det var skifte etter Lasse i 1789 og Brita i 1791. Ola Lasseson Åfet(1750–1826) gifte seg ca 1783 med Gjertrud Sjurdtr Vangsnes (1757–1826?) frå lnr 191. Vi finn ikkje vigsla i kyrkjeboka. Born: Kari 1784 (til lnr 154 Rinde), Brita 1787 (til Nokken), Lasse 1789–1802, Brita 1790 (gift 1825 til lnr 188 Vangsnes), Unni 1792 (til Skeie, Fjærland), Gjertrud 1795 (til plass Nokken), Sjur 1800–00, Sjur 1802. Det var skifte etter Gjertrud i 1826. Som for lnr 173 hadde Rinde kyrkje frå gamal tid litt eige i lnr 174. Sjur 1802 fekk kongeleg skøyte på denne eiga i 1831. Sjur Olason Åfet (1802–) gifte seg 1823 med Kari Sjurdtr Hove (1798–1875) frå lnr 182. Born: Gjertrud 1826, Sjur 1829, Nils 1832, Brita 1835, Ingrid 1837.

Bergum, lnr 175

2,00 laupar (medrekna 0,67 laupar frå Åfet). I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 30 småfe, 8,4 daa korn. I 1723 var Eirik Anbjørnson Åfet bonde på Bergum. Han var gift med Randi Hansdtr Øvre Mundal. Dei hadde Synneva som gifte seg med Anders Hansson Øvre Mundal. Eirik Andersson Øvre Mundal (1684–1773) gifte seg 1712 med Ingeborg Perdtr Ytre Borlaug (1686–1749) og dei vart bondeparet på Bergum. Dei fekk Synneva (til lnr 161 Dale) og Anbjørn 1721. I 1762 var det Anbjørn Eirikson Bergum (1721–1784), gift 1747 med Lussi Jondtr Jordal (1719–) frå Fjærland, som var på Bergum. Dei hadde då Randi som var over 12 år, og far til Eirik var også på garden. Born: Nils 1748–48?, Randi 1749, Ingeborg 1751–83, Per 1754, Jon 1757, Ola 1762–62, Hans 1763–63. Per Anbjørnson Bergum (1754–1815) gifte seg 1783 med Gjertrud Endredtr Seim (1751–) frå lnr 10 i Vik. Born: Eirik 1784, Lussi 1787 (til lnr 176 Stjernegjerd). Eirik Person Bergum (1784–1877) gifte seg 1810 med Marie Botolvdtr Hatleli (1781–1869) frå Fresvik. Per 1813–15, Per 1816, Botolv 1816, Anbjørn 1818, Anders 1824.

Stjernegjerd, lnr 176 2,25 laupar. I 1802: 11 kyr, 11 ungdyr, 3 hestar, 24 småfe, 11,2 daa korn, 1 husmann. Anfinn Markusson Grønsberg (1661–1733) frå Vik gifte seg med enkja Gjertrud Sjurdtr Stjernegjerd (1649?–1736)*. Ho var kanskje først gift med Botolv, for Synneva Botolvdtr (1682–1762) kom til Hovland i Vangsnes sokn. Dessutan var Sjur Botolvson, 19 år, på garden i 1701. Markus Anfinnson Stjernegjerd (1696–1738) gifte seg 1725 med Ingrid Andersdtr Mundal (1701–1782). Dei fekk: Synneva 1726 (til lnr 180 Hove), Gjertrud 1729 (til lnr 163 Sætre), Anfinn 1733. Det var skifte etter Markus i 1739. Ingrid vart attgift 1739 med Eirik Sjurson Hove (1694–1744) frå lnr 182 og 1745 med Lasse Nilsson Henjum (1718–1794). Dei fekk Nils 1786. I 1762 var bruket proprietæreigd. Ingrid vart då kalla Ingeleiv og det var ei vaksen Eirik-dotter på bruket: Unni 1701. Den gamle enkjemannen Lasse Nilsson gifte seg på nytt 1783 med ungjenta Marie/Massi Oladtr Osen** (1765–1803). Ho vart attgift 1794 med Per Olason Slinde (1764–). Born: Lasse 1795, Synneva 1796–1802, Ingrid 1798, Margrete 1801–01, Ola 1803. Per var ikkje på garden i 1815. Han flytta truleg med borna til Slinde. Nils Lasseson Stjernegjerd (1786–) gifte seg 1810 med Lussi Perdtr Bergum (1787–) frå lnr 175 og dei fekk: Massi 1813, Synneva 1814, Gjertrud 1816, Per 1818, Gjertrud 1825, Brita 1826. I 1806 vart eige i garden skøytt frå Per Olason til Nils Lasseson og i 1840 skøytte Daae-arving resten av eiga til Nils. Søk for å finne fødestaden for Per har mislukkast. Ut frå namna på borna er det rimeleg å tru at mor hans heitte Margareta. Men søk etter vigsle av Ola og Margreta gav ingen oppklaring. Per fekk neppe kår og er ikkje registrert som død på garden. To flyttemeldingar for Leikanger kan gjelde han. I ei av dei blir han omtalt som innerst. Per Olason 1768–1845 døydde på legd på Høyum på Leikanger.

*Anfinn Markusson var komen til garden i 1701, men likevel vart det deretter fødd born på garden med farsnamnet Eirik: Unni 170000, Unni 1701, Kari 1703, Anna 1708, Per 1715. I 1701-manntalet finn vi under Hove som dreng: Eirik Botolvson, 23 år. Det kan ha vore ein son som Gjertrud hadde med første ektefelle. Jamvel om det uvanleg med husmannnsplassar i Sogn først på 1700-talet, kan huslyden ha levd under husmannsvilkår. Men Eirik kan også ha drive ein del av garden, for i 1665 var Stjernegjerd delt i to bruk.

**Marie Oladtr Osen vart døypt i desember 1765. Same år vart vigde: Ola Lasseson Osen 1735 og Synneva Palnedtr Osen 1745. Det spesielle ved innføringa av giftarmål i Leikanger prestegjeld er at dei to alltid vart oppgitt å vere: 20, 30, 40 eller 50 gamle. Nesten alltid ved første ekteskap vart jenta ført opp som 10 år yngre enn mannen. Vi må gå til dåpen for dei to for å finne dåpsår. Her går det greitt: Ola Lasseson Henjum 1732 og Synneva Palnedtr Henjum 1746. Vi ser at Synneva berre var 19 år då Marie vart døypt. Det ser ut til at Marie er feilskrift for Massi, eller det siste er eit kallenamn. Massi Oladtr Osen, 16 år vart konfirmert i 1782. Ved dåp av ei dotter av Massi i 1796 var to sysken av Massi fadrar: Palne og Solveig Osen.

Berdal, lnr 177180

6,52 laupar (som i 1723). Frå omkring 1730 vart det mangel på søner i Berdal som kunne ta over bruka. Dessutan gifte to døtrer seg til storbruk utanfor Feios. Kristi Nilsdtr (1733–1806) kom til lnr 5 på Vange i Vik og Unni Anfinndtr (1691–1733) til lnr 189+190 Vangsnes. Det var døtrer til bøndene i 1723 som til ei viss grad førde slekta vidare i Berdal.

I 1723 var det to bønder som var sjølveigarar i Berdal: Jens Hansson og Nils Olason Hopperstad. Jens Hansson dreiv eit bruka på 1,30 laupar og far hans hadde eitt på 0,65 laupar.

Nils dreiv eit storbruk på 3,25 laupar. Men her er det gått ut frå at bruket frå omkring 1730 vart drive av to familiar, men frå ca 1750 vart det på nytt samla, slik at i 1762 finn vi berre ein oppsitjar. Mellom 1762 og 1801 må det ha blitt delt i eitt på 1,94 og eitt på 1,31 laupar. Det vart i 1838 til lnr 178 Berdal 1,94 laupar og lnr 179 1,32 laupar. Bruket til Jens Hansson var nær på uendra fram til 1838 og vart då lnr 180 1,32 laupar.

Vi må også ta med ein familie og som kom frå lnr 146 Ytre Borlaug. Det var skifte etter Steinor Oladtr Mundal/Borlaug i 1742 og etter andre mann hennar, Per Jonson Huke/Borlaug/Berdal, i 1764. Dei hadde borna: Jon 1722 (til lnr 119–120 Hopperstad i Vik), Ola 1727 og Sigrid 1730 (båe til lnr 177).

Lnr 177, 1,94 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 12 småfe, 8,4 daa korn. Dette bruket var opphavleg i 1723 på 1,30 laupar, men fekk eit tillegg på 0,65 laupar. På eit proprietæreigd bruk i Berdal i 1762 var Botolv Sjurson og Sigrid Perdtr. I 1750 vart gift Botolv Sjurson Drege (1720–1787) frå lnr 159 og Sigrid Perdtr Borlaug (1730–1816) frå lnr 146. Mor til Botolv var Anna Nilsdtr Hopperstad/Berdal (1704–1784). Botolv og Sigrid fekk fleire born i Berdal. Men innan 1771 flytta dei til lnr 159 Drege, for der vart Per 1771 fødd. Ola Person Borlaug/Berdal (1727–1805) frå lnr 146 gifte seg 1760 med Gjørond Oladtr Smidje (1740–1763) frå lnr 166. Dei to var innerstar i lnr 166 Smidje i 1762. Der fekk dei Steinor 1761* (som var oppfostra av bror til Ola, Jon 1722, på lnr 119+120 Hopperstad) og Ola 1763. Denne guten døydde 11 veker gamal. Det var skifte etter Gjørond i 1764. Ho vart då kalla Gyrid. Ola Person kom så til Berdal og fekk Per 1767 med Kari Johannesdtr Eggum (1747–1802). Vi finn ikkje vigsla i kyrkjeboka, men dei to overtok i Berdal og fekk der: Johannes 1771, Gjørond 1774, Unni 1781 (til lnr 145 Borlaug), Sjur 1784. Det var skifte etter Ola Person i 1806. Då var borna: Per, Johannes, Ola (død), Sjur, Stenor (gift på Hopperstad), Gjørond (gift med Jon Nilsson Dale) og Unni. Per Olason Berdal (1767–1824) gifte seg 1802 med Brita Ivardtr Breili (1785–1817) og 1818 med Ingeborg Sjurdtr Huke (1794–1886). Ingeborg vart attgift til lnr 182 Hove. Born: Kari 1803 (til lnr 165 Grindedal), Ivar 1805, Ola 1807–10, Brita 1811–12, Ola 1816–18, Ola 1819, Sjur 1822. Ivar Person Berdal (1805–1885) gifte seg 1830 med Anna Anfinndtr Henjum (1806–) og dei fekk: Brita 1831, Gjørond 1832, Per 1834–38, Gunnhild 1837–38, Per 1839.

*Kyrkebøkene på 1700-talet er stundom sterkt misvisande. Då Steinor vart døypt, er det skrive «Ole Smidjes datter». Det må vi oppfatta som dotter til bonden på Smidje. Men oversynet for ekstraskatten i 1762 viser at «Ole» var ein innerst på garden.

Lnr 178+179, 3,25 laupar. Anfinn Sjurson Berdal (1639–1701) gifte seg med Kristi Jensdtr Holts Ylvisåker (–1733). Ho var av rik Fardalslekt og med henne kom det velstand til Berdal. Ved skifte etter henne finn vi borna ho hadde med Anfinn: Jens 1686, Sjur 1694, Ola 1697 (til lnr 163 Sætre) og Unni. Kristi vart attgift 1702 med Nils Olason Hopperstad (1675–1743) frå lnr 122 i Vik og hadde med han: Anna 1704 (til lnr 159 Drege) og Gyrid (som truleg døydde som spedbarn). Nils vart attgift 1732 med Kari Oladtr Kjos (1709–1748) frå Hafslo. Bryllaupet stod nok på Kjos, for vigsla erført inn i kyrkjeboka for Hafslo. Ved skifte etter Nils var det følgjande born med Kari: Christi 1733 (til lnr 5 Vange i Vik), Brita 1736 og Gyrid 1739 (til lnr 150 Feidje). Skifte etter Nils var stort og omfattande. Det er sannsynleg at rikdomen på bruket i stor grad vart borte under skiftet etter Nils. Kari vart attgift med Torald Ingebrigtson Åfet (1708–1748) frå lnr 172. Det var felles skifte etter dei to i 1748 og då var borna: Ingeleiv 3 år og Kari ½ år. Dei to var i 1762 tenestejenter i Åfet. Jens Anfinnson Berdal (1686–1751) gifte seg med Gjertrud Andersdtr Målsnes (1686–1751) frå Kvamsøy sokn. Jens var av Fardalslekt og denne slekta var også tidlegare sterkt inngift med den velståande lensmannsslekta på Målsnes. Truleg hadde dei to drive ein del av storbruket frå ca 1718. Det var skifte etter dei to i 1751. Dei hadde etter seg: Anna 1719, Ragnhild 1725 og Eli 1734. Borna er fødde i Berdal. Ragnhild vart 1752 gift med Eirik Ingebrigtson Røysum og Eli i 1757 med Lars Lasseson Henjum. I 1743 gifte Anna Jensdtr Berdal (1719–1787) seg med Ola Ingebrigtson Åfet (1711–1782) frå lnr 172 og dei var bondepar i Berdal i 1762 for heile lnr 178+179 og dei var sjølveigarar. Men vi må rekne med at dei hadde stor pantegjeld. I 1762 hadde dei to born over 12 år: Anfinn og Kari. Borna var: Anfinn 1743, Kari 1745?, Botolv 1747–47?, Lars 1748–50, Gjertrud 1752, Brita 1755, Kristi 1758. Det var skifte etter Anna i 1787. Anfinn Olason Berdal (1743–1810) gifte seg 1768 med Brita Monsdtr Feidje/Hagetun (1746–1814) frå lnr 153. Dei fekk 10 born: Mons 1768–1803, Ola 1770–71, Jens 1771–1802, Marta 1771, Ola 1777, Anna 1779, Gjertrud 1782, Nils 1784, Anfinn 1788–88?, Hans 1790, Lasse 1794. Økonomiske problem kan vere grunnen til at Anfinn delte bruket i lnr 178 1,94 laupar og lnr 179 1,32 laupar. Den største delen vart selt på auksjon.

Lnr 178, 1,94 laupar. I 1802: 8 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 18 småfe, 8,4 daa korn, 1 husmann. Det er sannsynleg at det var dette bruket som vart kjøpt på tvangsauksjon av vossingen Rasmus Andersson (1730–1784) i 1776. Han kom til Berdal med kone og to born. I 1790 selde enkja brukte til to familiar frå Hafslo og tok kår både for seg og dottera Ingeborg. Ingeborg sa frå seg odelsrett, men saman med mannen Tomas Monsson Tjønn (1756–1841) fekk ho plass under det todelte bruket. Det eine ekteparet var Ingebrigt Einarson Eikeberg (1752–1830) gift 1790 med Gunhild Oladtr Li (1762–). Gunhild hadde då Maren 1784 med Ingebrigt Simonson Nedre Li. Maren var på bruket ved teljinga i 1801. Born i Berdal: Einar 1791–94, Brita 1793, Einar 1796–1803, Eli 1799, Maria 1802. Ingebrigt kom truleg i økonomiske vanskar og døydde som husmann, og det var ein som heitte Torbjørn Eirikson som i 1813 skøytte bruket til Brita 1793. Brita Ingebrigtdtr Berdal (1793–1871) gifte seg 1813 med Mons Andersson Helleland (1779–1857) frå lnr 168 og dei overtok drifta. Born: Anders 1813, Ingebrigt 1816, Johannes 1820, Gyrid 1833.

Det andre ekteparet frå Hafslo var Anders Larsson Melheim og Marta Oladtr med borna Anna og Lars. Etter få år selde han sitt halvbruk til Ingebrigt, og han og Marta fekk kår under bruket. Dei blir deretter borte frå Berdal.

Lnr 179, 1,32 laupar. I 1802: 5 kyr, 4 ungdyr, 1 hest, 15 småfe, 4,9 daa korn, 1 husmann. Delinga av bruka skjedde medan Anfinn var bonde. I 1798 vart bruket skøytt til den ugifte sonen Mons Anfinnson Berdal (1768–1803). I 1805 overtok Ola Anfinnson Berdal (1777–1841). Han gifte seg med Brita Perdtr Engum (1775–1851) frå Kvamsøy sokn. Det må vi rekne som eit godt gifte. Born: Mons 1809, Kari 1812, Kari 1816, Brita 1818, Brita 1820. I 1834 overtok Kari Oladtr Berdal (1812–) gift med Jens Monsson Ese (1799–1849).

Lnr 180, 1,32 laupar. I 1802: Jordbruk som for lnr 179. Jens Hansson Bøtun (1691–1758) og Ragnhild Oladtr Berdal (1686–1764) var i 1723 bønder på eit bruk på 1,30 laupar. Far til Jens, Hans Torsteinson Bøtun, hadde i 1723 0,65 laupar i eit eige bruk. Dersom mitt oppsett er rett, gjekk denne siste eiga inn i lnr 177. Jens og Ragnhild hadde borna: Ola 1712, Sjur 1716, Anna 1719, Torstein 1720, Torald 123 og Sigrid 1727. Det var skifte etter Jens Hansson i 1762 og etter kona hans, Ragnhild Oladtr, to år seinare. Eldste son, Ola var då død, men han hadde dotter Solveig, som hadde overteke i Berdal. Andre son var Sjur og som var bonde på Grinde, tredje son var Torstein som var ugift, og den fjerde var Toraldsom vart gifte til Frekaland, men som var død. Jens og Ragnhild hadde dessutan to døtrer etter seg: Anna, som hadde sonen Halvar Endreson, og Sigrid som var gift med Lars Andersson Feidje på lnr 153. Ola Jensson Berdal (1712–1762) overtok bruket. Han kan ha vore gift med Turid Mikkeldtr (1714–1785) og dei hadde Solveig 1742. Anders Andersson Tjugum (1732– ) og Solveig Oladtr Berdal (1742–1822) gifte seg i 1762 og var på eit sjølveigd bruk i Berdal i 1762. Vi finn ikkje dåpen for Solveig i kyrkjebok, men året 1742 høver med alder ved folketeljinga i 1801 og ved gravlegging. I «foreldrekolonna» i oppsettet i 1762 finn vi to kvinner: Ragnhild Oladtr og «Thurid Micheldtr». I 1764 døydde bestemor til Solveig, Ragnhild Oladtr. Den andre kvinna som var på bruket i 1762, Turid Mikkeldtr (1705–1785), døydde i Berdal. Det var uvanleg namn for Feios, men ved søk finn vi som fødd i Lærdal i 1714: «Tørond Micheldtr» med foreldre Mikkel og Kari. Truleg er dette mor til Solveig. Anders og Solveig fekk Brita 1768–68?, Brita 1771–71. Det gir grunnlag for åhevde at mor til Anders heitte Brita. Det var skifte etter Anders Andersson Tjugum i 1750. Enkja etter han var Brita Klausdtr, og ein av fire søner var Anders, 18 år. I 1765 var det skifte etter Brita Klausdtr. Då var ein av sønene Anders Andersson Berdal. Det gjekk truleg galt for Anders og Solveig økonomisk. Anders Andersson blir borte frå bruket, og Solveig finn vi i 1801 att som arbeidshjelp «til hånde» på lnr 177. Ho døydde på legd i Berdal.

Ola Eirikson fekk 16.04.1782 skøyte på lnr 180 for 280 rd. Ola Eirikson Hamre (1749–) gifte seg 1780 med Trina Anfinndtr Hove (1757–1820) frå lnr 181. Ho var døypt Dorthe Catarina. Kvifor dette stormannsnamnet ikkje vart bruk, kan ein vel lure på? Born: Anfinn 1780, Eirik 1783, Nils 1786–87, Kristi 1787–88, Brita 1789–94, Kristi 1792–1834, Brita 1795–1802. Trina var attgift 1813 med Hans Olason Grinde og flytta til Grinde. Anfinn Olason Berdal (1780–1865) overtok i 1807. Han gifte seg 1807 med enkja Mari Tordtr (Lønne) Nokken (1767–1823). På Nokken var ho først gift med Per Person og hadde to born med han, og frå 1793 til 1806 med Ola Eirikson Kvist og hadde fem born med han. I 1815 hadde ho med seg tre born i Berdal: Eirik 1798, Tor 1802 og Anders 1805*. Anfinn gifte seg på nytt ca 1825 med enkja Solveig Oladtr Osen (1775–1837), først gift til lnr 148 Feidje. Dei hadde ikkje born, og Anfinn skøytte bruket til broren Eirik Olason i 1830. Anders var då oppteken av at Solveig skulle få ei framtid i Berdal, for han utferda først eit kårbrev til henne under bruket, dernest fekk dei båe kår av Eirik. Det var skifte etter Solveig i 1838. Det var grunn til å ta vel i mot Solveig i Berdal, for ved kjøpet i 1830 var det meste av kjøpesummen ordna med pantobligasjon til Solveig. Men det var ikkje lett å ha langvarig pantegjeld i desse åra for det var jamn deflasjon frå ca 1820 til 1842. Kårmannen Anfinn var på bruket i 1838. Eirik Olason Berdal (1783–1844) gifte seg 1817 med Kristi Johannesdtr Njøs (1789–1844). Dei fekk: Trina 1820, Johannes 1822, Anna 1825, Ola 1827. Denne familien var på bruket også før Eirik overtok, truleg som husmannsfolk. I 1822 vart såleis Eirik kalla husmann.

*«Anders Olsen Nokken, 17 aar» vart konfirmert i Rinde sokn i 1822. Etter at Mari døydde, reiste kanskje borna tilbake til Nokken. I den gamle bygdeboka står det at Eirik vart bonde i Berdal. Det er feil. Nokså tilfeldig fann eg at Eirik Nokken gifte seg på Askøy. Han var då smedlærling. Dei to andre vart gifte i Vik prestegjeld: Tor i 1835 og Anders i 1837.

Hove, lnr 181–182

4,67 laupar.

Lnr 181, 2,60 laupar både i 1723 og 1838. I 1802: 14 kyr, 14 ungdyr, 3 hestar, 36 småfe, 9,8 daa korn, 1 husmann. Nils Person Hove (1658–1728) er registrert som bonde på bruket 1701–23. Han var gift to gonger. Andre gong var i 1690 med Anna Oladtr Midttun frå storbruket lnr 189+190 Vangsnes. Det var skifte etter Anna i 1743. Då var det 5 døtrer som var arvingar: Gjøa, Gjørond 1710, Kari 1702–52, Synneva 1705, og Ragnhild. Det var truleg Gjørond som var lengst på bruket. Ho gifte seg 1735 med Nils Monsson Osen og dei fekk truleg på Hove sonen Mons 1835. Ho døydde i 1751. Bruket var sjølveigd i 1762 og brukarar var Anfinn Stillaugson og Birgitta (Bertha) Tøgerdtr. Dei var nye folk på bruket. Anfinn Stillaugson Rødesæter (1706–1765) frå Fjærland var enkjemann då han vart gift med Birgitta Tøgerdtr Nitter (1732?– 1775). Foreldra var Maren Andersdtr Rønneid (1687–1768) og Tøger Henrikson Nitter (1687–1752), proprietær til Rønneid i Gaupne. Før det var Anfinn gift med enkja Dorothea Catharina Bugge (ca 1707–1746)*. Anfinn og Dorothea må ha gift seg 1738 eller 1739, for den førstefødde var Nils 1740. Dei to busette seg på Huke og fekk fleire born, men av skiftet i 1746 går det fram at berre Jens 1743 levde opp. Anfinn og Birgitta må ha gift seg ca 1748 og på Huke fekk Birgitta 4 born i åra 1749–54. To av dei fekk namnet Dorothea Catharina. Av borna som Anfinn fekk på Huke levde berre Jens 1743 og Tøger 1752 då Anfinn døydde. På Hove fekk Anfinn og Birgitta: Dorthe Catharina 1757 (til lnr 180 Berdal) og Henrik 1761. På Hove vart enkja Birgitta gift 1766 med sersjant Anton Jakob Bendikson Nachskov og fekk sonen Hans 1767. I 1770 vart ho attgift med Ola Olason Husabø og flytta til Husabø. Der fekk ho: Anfinn 1770 og Steinor 1772.Det var skifte etter henne i 1775. Då var Tøger, Dorthe Catharina, Henrik, Hans, Anfinn og Steinor arvingar**. Det er merkeleg at vi må henta dei fleste opplysingane om desse folka frå skifte. Jens 1743 gifte seg 1787 med Unni 1751 på lnr 182. Dei vart leiglendingspar på lnr 183 Osen. Tøger Anfinnson Huke/Hove (1752–1815) gifte seg i Vik 1771 med Brita Sjurdtr Refsdal (1751–1830) frå lnr 58. Far hennar var frå Berdal og mora frå Kvamme i Kvamsøy sokn. Born: Gyrid 1772–72, Anfinn 1773–74, Anfinn 1774–1830, Nils 1779, Sjur 1779. Tøger viste i 1803 fram fire skøyter for bruket: 1775, 1783, 1790 og 1793. Nils Tøgerson Hove (1779–) gifte seg 1813 med Kirsti Gjestdtr Dale (1794–1864) frå lnr 161. Dei fekk 10 born: Brita 1814, Tøger 1816 (neste brukar), Sjur 1818, Brita 1824, Johannes 1826, Anfinn 1828, Gyrid 1830–31, Gyrid 1832, Elling 1836, Nils 1839.

*Dorothea Catharina Bugge gifte seg i 1729 med ein ikkje namngitt kar frå Grinde. Ved skiftet etter henne får vi oppgitt at faren var Jens Bugge og at ho hadde vore gift med sersjant Nils Botolvson Grinde. Dei fekk Nils 1730 og Botolv 1735 og då var stadnamnet Holum. Foreldra til Dorothea Catharina er ikkje identifiserte.

**Gjestgjevar Palne Endreson i Osen vart gift ca 1746 med Maren Tøgerdtr Nitter (1720?1759). I følgje skiftet etter Maren i 1761 hadde dei fire born. I protokollen vart slektsnamnet skrive Nitter Fejos. Maren må vere ei syster til Birgitta.

Lnr 182, 2,07 laupar både i 1723 og 1838. I 1802: 10 kyr, 8 ungdyr, 2 hestar, 24 småfe, 8,4 daa korn, 1 husmann. Eirik Taraldson Åfet var leiglending på bruket. Han døydde i 1700. Han gifte seg 1698 med Unni Perdtr (1679–1742). Ho var kanskje ei syster til Nils på lnr 181. Ho gifte seg på nytt 1701 med Sjur Olason Vangsnes (1675–1746) og som truleg var frå same bruket som Anna på nabobruket. På dette benefiserte bruket var Sjur leiglending. Det var skifte etter Unni i 1743. Då hadde ho tre søner og tre døtrer: Eirik, Ola, Per (21 år, til lnr 156 Tjønn), Gjørid, Ragnhild og Anna (17 år). Synneva 1705 døydde truleg lita. Sonen Eirik 1694 gifte seg i 1739 med ei enkje på lnr 176 Stjernegjerd. Ola Sjurson Hove (1712–1762) gifte seg ca 1744 med Synneva Markusdtr Stjernegjerd (1726–1803) frå lnr 176 og dei fekk: Markus 1745–82, Sjur 1747, Unni 1749–49?, Unni 1751, Eirik 1754, Ola 1759, Anfinn 1761. Ved skifte etter Ola Sjurson i 1762 levde: Markus 1745, Sjur 1747, Unni 1751 (til lnr 183 Osen), Eirik 1754 og Anfinn 1761. Synneva vart attgift 1763 med Jens Andersson Berge (1727–1779?) frå Balestrand. Ved oppgåvene for 1762 er dei oppførde som brukarar. Då vart bruket sagt å vere benefisert, men ein propriætereigd del var frikjøpt i 1733 og vart skøytt vidare til Ola 1712 i 1749. Jens og Synneva fekk: Synneva 1764–71, Ola 1768. Det var skifte etter Jens i 1781. Sjur Olason Hove (1747–1830) gifte seg 1787 med Brita Endredtr Smidje (1769–) frå lnr 166. Dei fekk: Synneva 1789, Torbjørg 1790, Jens 1793, Ola 1794, Kari 1796 (til lnr 174 Åfet), Ingrid 1802–02, Endre 1803–31, Ola 1805, Markus 1805, Ingrid 1813. Jens Sjurson Hove (1793–1872) gifte seg 1826 med enkja Ingeborg Sjurdtr (Huke) Berdal (1794–1886) på lnr 177. Dei fekk Synneva 1830, Sjur 1834.

Osen, lnr 183

0,37 laupar. I 1802: 3 kyr, ikkje ungdyr eller hest, 6 småfe, 2,8 daa korn. I 1723 var det Botolv Olason (1681–?) som var leiglending. I 1762 var han og kona Brita Larsdtr (1680–1763) kårfolk på småbruket. Leiglendingsparet på det proprietæreigde bruket var då Gjertrud Botolvdtr Osen (1708–1788) og Nils Olason. Då dei gifte seg i 1757 hadde Nils stadnamnet «Haugevik». Ektemannen var truleg Nils Olason Hjelseng (1728–1814). I 1762 var bruket proprietæreigd og leiglendingparet var Gjertrud og Nils. Det var skifte etter Gjertrud i 1788. Ho hadde ikkje born etter seg. Foreldra hadde fått mange born, men berre etter tre sysken var det born: etter Ola 1711–64 var det Anders, etter Lars 1715, som vart husmann på Vangsnes (plass 40 i gards- og ættesoga), var det fleire born og etter Sigrid 1725–63, gift med Arne Halvarson Osen, var det Anna og Marta. I tabelloppsettet for ekstraskatten i 1762 går det fram at Ola var husmann under småbruket, og han er der førd opp saman med «Gyrid» Grimdtr og Anders Olason. Ektefellen til Ola må vere Gjøa Grimdtr Vangsnes (1708–) frå lnr 188 i gards- og ættesoga. Ho var først gift 1740 med Botolv Markusson Espesete (1712–1762) frå Vik på lnr 184 Vangsnes. Her gjekk det raskt å finna ei ny mann. Vigsla for Ola og Gjøa, og dåp av Anders, finn vi ikkje i dei digitalisert kyrkjebøkene. Nils Olason Osen vart oppgitt å vere 69 år i 1801, så det høver bra med fødselsåret 1728. Han vart attgift 1789 med Brita Monsdtr «Tjønn»/Feidje (1753–1822). Ho var truleg fosterdotter på Tjønn, sjå fotnote lnr 153 Hagetun. Ho døydde på legd. Dei to var barnlause, og til bruket kom Jens Anfinnson Hove (1753–1804) frå lnr 181 og Unni Oladtr Hove (1751–1813) frå lnr 182, vigde i 1787. (Vi merkar oss at Jens var av Bugge-slekt.) Dei fekk Ola 1789, fødd på Hove. Brita 1752 vart kalla kårkone i 1801 og 1815, men døydde på legd. Ola Jensson Osen (1789–1864) gifte seg 1815 med Maria Kristofferdtr Fimreite (1786–1849). Med førenamnet Mari, 15 år, var ho tenestejente på Hove i 1801. Foreldra henna var lensmann Kristoffer Jensson Slinde gift 1781 med Kari Perdtr Ylmheim. Dei kom først til Fimreite. I 1801-teljinga finn vi dei under gardsnamnet Qvalem (= Kvalheim i Balestrand). Ola vart kalla skarpskyttar då han og Maria gifte seg! Det var vel ein tittel frå krigsåra. Born: Unni 1815, Jens 1818, Anna 1821, Kristoffer 1828–28, Kari 1831, Kristoffer 1834.

Gudmund Balvoll

Matrikkelen 1838

I tabell er oppsett matrikkelen for Feios. Talverdiane for den nye skylda i spesidalar var jamt over 2,5 gonger så høg som den gamle skylda i laupar. For hovudsokna i Vik var den nye skylda jamt over noko høgare enn for Arnafjord sokn. For Feios var auken i middel 2,35 gonger laupsverdien, noko som indikerer eit nivå som låg under hovudsokna. Ved alle registreringar av jordbruksproduksjonen var bøndene redde for auka skattekrav. Men i 1838 var motstanden liten, noko som kanskje kom av at det ikkje var lett å samanlikne nivåa i dei to einingane. Men det skjedde ei viss forskyving mellom bruka. Størst auke bør vi venta for bruk der nydyrking og grøfting hadde vore omfattande. Dessutan kan gamle feil i nivået ha blitt retta opp. I tabellen er den nye matrikkelskylda omrekna til det eg kallar nylaup slik at sum for nylaup i Feios er 62, det same som for gamal skyld i laupar i 1838. Vi ser då at skylda for Ytre Borlaug, Dale, Lunde, Smidje, Helleland og lnr 173 og 174 Åfet har auka, medan dei to bruka på Drege, dei to minste Berdalsbruka og Osen har gått ned i matrikkelverdi.

 

Matrikkelen for Feios 1838, omrekna til desimalsystem

Matrikkelen for Feios i 1838