Gardar og gardseige i Fresvik fram til 1723
Fresvikgodset
I 1924 skreiv Jakob Bøthun (1851–1931) artikkelen «Fresvikgodset» i Tidsskrift for Historielaget for Sogn (4). Jakob var lærar i Fresvik. Han innleia artikkelen slik: «Fresvikgodset er heile den lut av Fresvik sokn, som ligg vestafor mynnet av Aurlandsfjorden frå merket mot Dyrdal i Aurlands herad til og med garden Vikdal.»
Det som Jakob Bøthun her kalla Fresvikgodset er det same som bygda Fresvik. Det uheldige ved å kalle heile bygda for gods har eg før skrive om i Pridlao (3). Difor skriv eg namnet i hermeteikn i denne artikkelen.
Året etter gav Jakob Bøthun ut ei bok på 71 sider: «Soga om Fresvikgodset» (5). Nytt stoff var for det meste for tida etter 1723.
Jakob Bøthun må ha brukt mykje tid på arkivarbeid. På denne tida måtte ein i langt større grad enn i dag bruke originalkjelder. Nokre av dei er heller ikkje lett tilgjengeleg i dag, slik at eg brukar ein del av materialet hans i denne artikkelen. Men vi har i dag eit mykje betre grunnlag for å tolke dei gamle kjeldene enn lokalhistorikarane hadde kring 1920. Her vil eg særleg framheve at vi i dag veit at det frå Svartedauden i 1348 var det ei øydetid på 200–250 år der folketalet var langt lågare enn det hadde vore før og at mange gardar låg øyde. Folketalet i høgmellomalderen var høgare enn det dei fleste som skreiv bygdebøker i Sogn før 1990 trudde på.
Det er no ein vanleg akseptert teori at når folketalet i atterreisingstida etter øydetida hadde stige så mykje at alle nedlagde gardar og bruk var komne i drift, var folketalet kome opp på eit nivå som omkring 1340. For Vik og Arnafjord sokn rekna eg i boka «Jordbruket i Vik» med at dette mettingspunktet var nådd ca 1660
Landskyld og matrikkelskyld
Omkring 1340 var dei fleste bønder i Fresvik truleg leiglendingar. Dei eigde dermed ikkje gardane dei dreiv, heller ikkje husa. Men dei hadde plikt til å halde husa ved like. For Fresvik, som hadde mykje fureskog, er det viktig at leiglendingar ikkje hadde lov å ta ut av skogen meir enn det som skulle til for drift av bruket, det vil seie til fôr, gjerdematerial, ved, og til vedlikehald av hus medrekna never til taktekking. Det same galdt kolbrenning og tjøreutvinning. I ny lov i 1687 fekk ein leiglending i tillegg rett til å selje trevirke til ein verdi av halve landskylda.
Landlova av 1274 gav påbod om at gardsbruka skulle takserast. Eininga i denne verdsetjinga var månadsmatabol, og som eg heretter forkortar til bol. Årsaka til takseringa var at det skulle gje ei rettferdig fordeling av kostnaden til leidangen, men bolverdiane vart også teke i bruk som grunnlag for utrekning av årsavgiftene som bonden skulle yte til eigarane. Det er funne at kornet var høgt verdsett, slik at bruk med stor kornproduksjon vart høgare taksert enn bruk der husdyrhaldet var dominerande. Avgifta vart ikkje betalt med pengar, men med landskyldvare. Den viktigaste landskyldvara i vårt distrikt var smør, dernest huder og korn. Hovudeininga i dette systemet var ein laup smør, og som tilsvara ca 15,5 kg. Dei andre landskyldvarene vart verdsette i høve til smør. I dei siste 50 åra før Svartedauden var vanleg årsleige (landskylda) ein laup per bol.
Etter øydetida fall verdsetjing av gardseige i bol bort, og landskylda vart eit grunnlag også ved sal av bruk. I øydetida var det eit dramatisk fall i landskylda. Årsaka var at det var for få leiglendingar i høve til gardsbruk. Mange bruk vart liggjande øyde og årsleiga gjekk ned også for bruk som var i bruk. Det låge nivået helt seg i atterreisingstida. For Vik og Arnafjord sokn har eg rekna med at samla landskyld for bygdene ca 1665 var mindre enn 20 % av landskylda ca 1340 (2). For å forenkle oppgåvene har eg, som i «Jordbruket i Vik», føreteke ei omrekning for tida etter 1520 til laup i eit desimalsystem.
Frå 1667 var det innført ei fast samla offentleg landskyld for bruka. Dette vart eit skattegrunnlag. Denne skylda kallar vi matrikkelskyld og ho vart i våre område rekna i laupar. Ved bruksdeling etter 1667 var samla skylda for bruka uendra. For Fresvik var såleis samla matrikkelskyld for bygda i overkant av 30 laupar i åra 1667–1723. For dei fleste udelte bruk i Fresvik vart matrikkelskyld uendra frå 1667 heilt fram til ei nyordning i 1838 (sjå tabell 2). Nedsett matrikkelskyld var då som oftast ei følgje av naturskadar som flaum og skred.
Som Jabob Bøthun reknar eg ikkje Frønningen og Tingstad inn under Fresvik.
Kyrkjeeige i Fresvik ca 1340
I åra kring 1330 arbeidde biskop Audfinn i Bergen med ei jordebok over kyrkje- og prestegods og kyrkjetidend for Sogn og Fjordane og for Hordaland. Den samla jordeboka må ha bygt på lokale jordebøker for kyrkjesoknene. Den handskrivne jordeboka er kalla «Bergens kalvskinn». Riksarkivet har skanna og lagt ut på nettet ei trykt utgåve. Ho er lett å finne fram i, men for vår interesse er det nyttig å vite at oppgåvene under Fresvik kyrkje finn vi på side 49. Oppgåvene er dels bol, dels laupar. Her fører eg alt opp som bol. Oppgåvene startar med kyrkjeeige: j bo i nedsta tuni eins skettings læigha. Sketting har òg vore kalla skattelaup og var 0,7–0,8 laupar. I oppgåvene er det også skrive om kyr legh – kyrleige. Det var jord som gav eitt kyrlag i landskyld, og eitt kyrlag var verdien av ei ku. Kyrleige ser eg bort frå i utrekninga nedanfor. Men ein sketting set eg til 0,7 bol. Så følgjer oppgåve over kyrkjetidend og at Gudlæikr hadde gitt ei gåve til kyrkja på 1,5 bol i bølar tuni. Deretter kjem ei setning der sira thorŁ›iorn er nemnt. (Sira er prestetittel). Så kjem oppgåve over eige der landskylda vart disponert av presten (prestebolet):
bø 9
grunda land 4
prest husum 7
tolom 1
hofwe 2
hiaullmum 1
skaufi 0,5
Det var vanleg med eige i andre kyrkjesokner. Kapellet i Undredal eigde 5 bol i grundu lande j frøysuiik og under Rinde kyrkje finn vi: j freøyswik j bøartuni einn, altså 1 bol i fresvikgarden Bø. Hopperstad kyrkja i Vik eigde j frøys wik j hole halfs fimtande manadamata bol. Det må vere 7 ½ bol i Hov.
Summerer vi eiga, blir det 40,2 bol. I tillegg kan det ha vore andre geistlege eigarar. I Vik hadde Munkeliv kloster stor eige. Klosteret hadde jordebok og som vart korrigert i øydetida. Det er svært nyttig for å følgje utviklinga i ein periode då vi har lite anna dokumentasjon. Vi kjenner ikkje til eige i Fresvik før Svartedauden, men Munkeliv eigde i 1427 truleg 2 bol i Høgheim. (Sjå meir under overskrifta «Landskyld i 1647».) I atterreisingstida dukkar to andre geistlege gods opp som storeigarar i Sogn: Apostelkyrkjegodset og Allehelgensgodset. Dei hadde sikkert mykje av same eiga også før øydetida. Det kongelege apostelkyrkjegodset hadde stor eige i Vik (i 1647 ca 50 laupar), mellom anna var det eineeigar av alle bruk på Hove. Allehelgengodset eigde omlag halve Vangsnes. Ingen av desse to godsa hadde kjent eige i Fresvik. Kanskje var samla geistleg eige i Fresvik omkring 1340 ca 50 bol.
I «Jordbruket i Vik» har eg rekna med at samla boltal var fem gonger så høgt som samla landskyld i laupar ca 1667. Med same enkle rekning for Fresvik bli det ein samla eigedomsverdi for alle gardar i bygda omkring år 1340 på 150 bol. Dermed kjem vi fram til at samla geistleg eige i Fresvik var ca 1/3 av alt jordegods i Fresvik. Resten må då ha vore verdslege gods og sjølveige.
Vi kjenner att gardsnamna Grundeland, Holum, Hov og Skau i oppgåvene. Garden Bø låg i to tun. Eitt eller båe tun vart i atterreisingstida kalla Bøtun. Gardsnamnet hiau//mum finn vi ikkje ut av. Mitt forslag er at namnet startar med hjell. På Island blir ordet hja//i brukt om terrasse. Husa på garden kan ha lege på ein terrassekant. Det kan vel ha vore rett for garden Høgheim. Ei anna tolking er at namnet er knytt til tjørebrenning – tjørehjell. Det er ikkje utenkeleg at garden låg i eit skogsområde. Kan det vere eit anna namn for Otterhjell?
Eit normalbruk i Ytre Sogn var truleg ca 8 bol. Med det grunnlag må vi kunne hevde at det som vart kalla prestehusa var ein prestegard.
I «Jordbruket i Vik» fann eg at eit delingstal på 9,5 var meir høveleg for hovudbygda enn «normtalet» på 8. Men for Arnafjord sokn brukte eg 7,8. Med 8 som delingstal får vi ca 19 gardsbruk i Fresvik ca år 1340.
Mitt forslag på gardar som var i drift i Fresvik ca 1340 er: Holum (2 bruk), Grundeland, Prestegarden, Skau, Bjørnetun, Bø (2–4 bruk), Høgheim (2 bruk), Hov (1–2 bruk), to strandplassar (Djupevik, Vikdal) og sju «dalagardar» (Flete, Otterhjell, Øvre og Nedre Breili, Tretteteig og Øvre og Nedre Hatleli). Kanskje var også småplassane Simlenes og Haukanes busette.
Djupevik og Vikdal er mest med for di mange slike små plassar langs fjorden elles i Sogn var busette før Svartedauden. Det gjeld til dømes alle strandagardar i Arnafjord sokn. Eit eksempel på utrulege buplassar i høgmellomalderen er den høgthengjande garden Nedbergo i Undredal. Eit anna eksempel er Hellane i Arnafjorden. Vi kan også merke oss at det ser ut til at alle gardar fremst i Sogndalsdalen, 400–450 m o.h., var i drift før øydetida. Dei blir, som dalagardane i Fresvik, omtalte som rydningsplassar i første halvpart av 1600-talet. Eit argument for å ta med dalagardar er elles at når det var så mykje folk i Fresvik at det gav vilkår for eigen prest og prestegard, er det rimeleg å tru at området var busett. Eit anna argument er når det er sannsynleg at Otterhjell var busett før øydetida, er det rimeleg å tru at også gardar vidare nedover i dalføret var busette.
Gardar og folketal på slutten av øydetida
Kva som har vore i drift av gardar og bruk på slutten av øydetida, har for våre område vore tolka ut frå oppgåver for tiendpengeskatten i 1522. Dette var ein ekstraskatt som i prinsippet var ein tidel av det kvar person eigde, fattig som rik. Men i praksis vart oppgjerdet ført inn i listene som ein familieskatt.
Under Ffediaass skibree finn vi først Erick i Ffrøswig og deretter 7 andre menn som også budde i Fresvik: Engilbret, Jacob, Ellinger, Anders, Biornn, Anders og Alff. Deretter iøìgjer 10 mannsnamn med gardsnamn. Dette er gardar som alle ligg i Feios.
Gardsnamna er ikkje med. Også dei neste 100–150 åra er gardsnamn ofte skjult bak samnamnet Fresvik i skattelister og manntal. Her er det ei ulempe at vi dermed ikkje veit kva namngardar som var i drift i 1522. Det einaste vi kan hevde er at av opp mot 20 bruk omkring 1340 var no 7–8 i drift, det vil seie at 60–65 % av bruka i bygda låg øyde. Med eit noko betre grunnlag har eg i «Jordbruket i Vik» rekna ut at i Vik låg ca 69 % av bruka øyde i 1522 og heile 84 % i Arnafjord sokn. Vi burde vente å finne ein høgare øydeprosent for Fresvik enn for Vik. Kanskje er det slik at det for Fresvik er komne med personar på lista og som ikkje dreiv gard, men til dømes hadde yrke knytt til skogsdrift. På tilsvarande måte har eg tidlegare hevda at når det var uventa mange skattelagde menn på Vangsnes i 1522, kan det vere personar som levde av båttrafikk. Desse vangsnesingane trur eg var dei som betalte uvanleg mykje i skatt. Gjermund Vangsnes toppa der med 15 lot sølv i skatt (med eit tillegg på 6 lot, truleg for ein annan person i hushaldet). Tre fresvikjer vart også høgt skattelagde: Ingebrigt med 20 lot (og med eitt tillegg på 8 lot), Eirik med 8 lot og Anders med 6 lot sølv.
Skatt 1563 og leidang 1567
Lister over personskatt i 1563 og leidangen i 1567 gir betre oversikt over gardsbruk i drift enn tiendpengeskatten i 1522. Listene vart trykte av Riksarkivet under fellesnamnet ‹Norske lensreknskapsbøker 1548–1567» i 1938 og 1941.
I 1563 betalte kvar leiglending ein riksdalar eller to lot sølv i skatt. I tillegg vart sjølveige skattlagd med halvparten av sjølveigd landskyld. I artikkelen sin om «Fresvikgodset» har Jakob Bøthun teke med oppgåvene for Fresvik. Dei som betalte skatt som leiglendingar var: Askild på Skau, Eiliv, Eirik, Karl og Jon i Fresvik, Anders på Høgheim, Geirmund i Holum og Oluf og Jakob på Hov. To brukarar hadde sjølveige i 1563: I Fresvik eigde Karl 0,67 laupar og Eirik 0,50 laupar.
For leidangen i 1567 skriv eg person- og gardsnamn som i den trykte boka. Bønder po Frøisuigh: Aschiid, Finnd, Giermund, Eyluff, Karll, Anders. Så følgjer: Hermund po Holum og Oluff po Hoff. Det er uventa stor utskifting av namn på bønder på desse fire åra.
Jakob Hov var kanskje på eit slags kår i 1563. I alt blir det dermed 8 bruk. Dette styrkjer mistanken om at talet på 8 gardsbruk i 1522 er litt høgt.
Leidangen vart betalt med ulike landskyldvarer. Det har vore hevda at leidangen var 1/6 av landskylda. Men det gir for høg samla landskyld for Fresvik. På grunnlag av oppgåver av både landskyld og leidang i 1600–1601, meiner eg at 1/4 må vere det rette. Med det som grunnlag var landskylda for dei åtte Fresvik-bruka frå 1,00 til 3,00 laupar og samla skyld for heile bygda ca 17,50 laupar.
Eg har framme i artikkelen rekna meg fram til at det kan ha vore omlag 19 bruk i drift i Fresvik før øydetida. Ut frå det kan vi hevde at det ca 1565 framleis var 10 bruk som låg øyde. For å kome vidare må vi først finne ut av dei tre bruka under namnet Fresvik i 1563. Det må klart vere bruk som låg sentralt i bygda. Mitt forslag er at det var eitt bruk i Holum og to bruk på Bøtun. Dei bruka som kan ha lege øyde kan då ha vore: Prestegarden, Grundeland, Bøtun (eitt eller to av 3–4 bruk), Holum (eitt bruk), Høgheim (eitt bruk), Bjørnetun, Flete, Otterhjell, Tretteteig. Breili, Hatleli, Djupevik og Vikdal.
Eige av landskyld ca 1525
Under reformasjonen vart alt geistleg gods konfiskert av «staten». Dette godset vart deretter disponert på ulik vis. Det lokale kyrkjegodset med prestebol vart stort sett brukt som før, medan resten vart delt mellom krona og stiftet. Futerekneskap med jordebok for Bergenhus amt gir oppgåver både over jordeeige og inntekter. Vik lokalhistoriske arkiv har digitalisert sider for det noverande Vik kommune for 1600–1601. Då hadde «Kronen» ikkje landskyld i Fresvik, men under «Stiftens landskyld» finn vi: Andfind i Frøssviig 2,0 laupar, OIuff Bøetun 1,5 laupar og Siffuord i Frøssviig 1,0 laup. Dessutan hadde stiftet litt eige i Hoff. Til saman bli dette nærpå 5,0 laupar. Noko av dette kunne teoretisk ha vore bruk som var blitt atterreiste etter øydetida. Men vi vil seinare sjå at heilt fram til 1603 var det lite eller ingen attrydding av bruk i Fresvik. Dei geistlege jordeeigarane var jamt over stabile eigarar som heldt på eiga også i øydetida. Jamt over rundt om i landet auka dei den prosentvise eiga. Men vi må rekne med at geistleg eiga i bruk som var i drift i Fresvik gjennom øydetida fall sterkt i verdi på grunn av øydegardar og sterkt landskyldfall. Her reknar eg med at den geistlege eiga i 1525 for gardar i drift neppe var meir enn 5–7 laupar. Sjølveiga på denne tida var truleg 1,0–1,5 laupar.
Verdsİege godseigarar kan ha eigd meir enn 50 % av bolverdiane i Fresvik før øydetida. Jakob Bøthun meinte at det kunne vere Galtung- eller Rustungætt som eigde «Fresvikgodset» før det vart overteke av «den gamle lendemannsætt Dal». Etter mitt syn er det ikkje noko som knyter dei to første ættene til Fresvik, og den einaste dokumentasjonen for det siste er att Gaute Ivarson Dal, busett på Valen i Kvinnherad, i 1512 selde jordegods i Fresvik til Hans Kruckow. Hans var adeleg og hadde setegard i Kroken. Hans Kruckow og kona hadde ikkje born, og etter dei døydde vart godseiga selt ut av slekta. Men i 1524 gjekk eiga tilbake til Dalætta etter odelssøksmål (4).
Jakob Bøthun skreiv at Gaute Ivarson Dal i 1512 selde 9 laupar i Fresvik (4). Men i salsbrevet står det at det vart selt 9 bol i midttunet i Fresvik (mædeltunne i Frøswygh).
Midttunet må vere Holum. Kanskje låg husa på eit bruk på Bøtun også der. For å finne fram til kor stor laupsleiga var på denne tida for 9 bol, er det mest nærliggjande å samanlikne med tal frå Vincens Lunge si jordebok frå 1535. I boka er det oppgitt opphavleg verdi i bol og kor stor landskyld som kunne takast ut. Lunge hadde ikkje eige i Fresvik, men for Lærdal og Borgund er det føreteke utrekningar som viser at landskylda i laupar i 1535 ofte utgjorde 15–20 % av bolverdien. Det er då ikkje medteke dei bruka i godseiga som då låg øyde. For å ha eit eksempel frå Vik kommune tek eg med at 10 bol i eit bruk på Nese (Arneffiordeness) hadde ei landskyld på 2,50 laupar. Ut frå dette er det rimeleg å tru at Dal-eiga i Fresvik omkring 1525 neppe gav landskyld særleg over to laupar. Men mine utrekningar på grunnlag av leidangen i 1567 gir 2,80 laupar i landskyld for det bruket Hermund Holum var på. I 1641 kjøpte presten Eirik Ivarson 2,64 laupar i Holum av Johan Straarup. Det var truleg den tidlegare Dal-eiga.
Uavhengig av om Dal-eiga ca 1525 gav 2,0 eller 2,8 laupar i landskyld: Det er ikkje rett at Dal-ætta eigde heile «Fresvikgodset».
Ordlegginga i salsbrevet frå 1512 tyder på at på denne tida var busetnaden i Fresvik samla i tre tun. (Unntak må vere Hov på andre sida av Storelvi.) Det viser vel at på slutten av øydetida var mykje av gardsstrukturen frå før øydetida nokså øydelagd. Det spesielle for Fresvik er at bruk frå 2–3 tidlegare namngardar no vart drivne frå eitt tun. Det kan vere grunnen til at samnamnet Fresvik vart så mykje brukt.
Fresvik i 1603
I 1603 korn det ein ny pengeskatt. Dei som hadde sjølveige måtte betale på grunnlag av den sjølveigde landskylda, leigelendingar betalte ein riksdalar kvar og «øydegardsmenn» måtte ut med ein halv dalar. Også «husmenn» og tenestekarar vart skattelagde.
Under sjølveigarar finn vi Olluff Olluffssøn i Frøssvigh med 1 laup smør. På slutten av lista for leiglendingar under Thiugum Skibbredt finn vi fire personar i Frøssuig: Olluff Saugemester, Anfindt, Aslach og Olluff Olsønn. Heilt til slutt kjem: Annders paa Høyum og Olluff paa –?–. Det siste gardsnamnet er så uklart skrive at det må tolking til, men Oluf Rygh i «Norske Gaardnavne» meinte det står Grundedall og at det var ei feilskrift for Grundeland. Då er det meir sannsynleg at det er Grindedal i Feios. Rygh førde opp at Høyum er identisk med Høgheim.
Vi kan merke oss at O/uJ Saugemester i Fresvik også dreiv sagbruk i Frønningen i 1603.
Under drenger med full løn i 1603 står Olluff i Fraswiigen. Bonden med sjølveige, Olluff OIluffssøn, må vere den same som Olluff Olsønn under leiglendingar og som vi finn som Ola Bøtun i 1601. Ein kan undre seg over at Høgheim er med som eige gardsnamn, medan Holum og Hov ikkje er nemnde. Det ser ut til at det var litt tilfeldig kva som kom inn under fellesnamnet Fresvik.
Under oppgåver over førstebygsel i 1600–1601 finn vi Aslac Jensønn med landskyld 1,50 laupar. Vi ser at han er med på lista i 1603.
Etter dette kjem vi fram til at det berre var 7 gardsbruk i Fresvik i 1603. Ut frå det er konklusjonen at ikkje eit einaste øydebruk i Fresvik vart atterreist i Fresvik på 1500-talet. Det er svært overraskande.
Bønder i 1634
I skatteliste frå 1634 er følgjande brukarar med: Lasse, Arnfinn, Ola Olason og Tolleif, alle med «gardsnamnet» Fresvik, Bård Skau, Åmund Høgheim, Ola Madsson Holum, Torbjørn Hov, Anders Vikdal og Kristoffer Simlenes (5). Til saman blir dette 10 skattepliktige bønder.
Landskyld i 1647
Som nemnt tidlegare reknar vi med at det meste av atterreisinga av øyde gardar og bruk kom før rydding av nye bruk. Grunnen til dette er at styresmaktene la vekt på at nedlagde gardar ikkje skulle bli varig innlemma i andre bruk. Dessutan fekk «øydegardsmennene» skattelette og ryddebolsrett, det vil seie same rett som leiglendingane hadde på dei etablerte bruk. Dei attrydda bruka skulle skyldsetjast. I attreisingsåra auka dermed den samla skylda for bygda. Vi må rekne med at også jordeeigarane ivra for å få øydegardane busette. Det førte til verdistigninga av eiga og på sikt også auka inntekter.
For året 1647 finn vi for nærpå heile landet eit skatteoversyn der gardar med brukarnamn og eigarar med landskyld er med. Desse oppgåvene vart tolka og trykte av Norsk lokalhistorisk institutt. I alt er det 17 bind. Fresvik finn i bind 14 (Sogn og Fjordane), side 94–95 og 99. Binda er lagde ut på nettet, og det er der lette å finne fram i dei. Eit tilpassa oversyn for Fresvik er gitt i tabell 1. Først står gardsnamn, deretter omrekna samla landskyld i laupar og så førenamnet på brukaren. Under denne første linja kjem eigar med eige i omrekna laupar. Når det er fleire eigarar, er den først oppførde førstebygslar, det vil seie den som rådde med bygslinga («eier og bygger»).
Samla landskyld for gardane i tabell 1 er 24,71 laupar. Dette er 5–6 laupar under nivået i 1667. Skilnaden er rydningsbruk som vart skyldsette innan 1667.
Tabell 1. Landskyldmatrikkel 1647Skau 2,21 laupar, Gaute Høgheim 3,96 laupar, Lasse, Rognald, Åmund Bøtun 1,24 laupar, Ivar Bøtun 2,14 laupar, Ola, Antonius Bøtun 3,46 laupar, Jens Madtzen Otterhjell 0,50 laupar, Kristen Hov 3,75 laupar, Torbjørn Holum 3,50 laupar, Torbjørn ("forarmet") Vikdal 0,50 laupar, Matias Fresvik 3,45 laupar, Anders |
Merknader til gardsoppgåver i 1647
I tillegg til oppgåvene i tabell 1 har vi mange personnamn i eit manntal over ein personskatt i 1645. Der er også namna på konene med. Desse oppgåvene er hovudgrunnlaget for følgjande merknader.
Skau. Gaute Torbjørnson og Sofie Jensdtr. Gaute var son til Torbjørn på Hov. Vi merkar oss at Gaute var leiglending.
Høgheim. Lasse og Anna Jensdtr, Rognald og Barbra Endredtr, Åmund og Ingeborg lngebrigtdtr. Det var neppe meir enn to bruk. Lasse dreiv truleg saman med Åmund (som var eldst, sjå om kårbruk i «Jordbruket i Vik»). I jordebøkene til Munkeliv er det somme stader ei samanblanding av overskrifter (bygdenamn) og gardsnamn. Under Årdal står såleis i 1427 Fresuere med 2 bol. Dette må vere bygdenamnet Fresvik, og dermed manglar truleg gardsnamnet Høgheim. Det kan tenkjast at eiga på 2 bol berre er nedskriven til 0,82 laupar i 1647.
Bøtun I. lvar Andersson og Anna Andersdtr bygsla ½ laupar smør, ½ hud og 3 mele korn i Bøtun i 1640. Det same gjorde Johannes Olason og Marta Hansdtr i 1636. Vi må tru at lvar overtok etter Johannes, slik at Johannes og Marta dreiv kårbruk i 1645.
Bøtun II. Antonius Andersson og Åsa Bårddtr dreiv saman med Ola i 1647. Ola står ikkje under Bøtun i 1645, men dette er kanskje den gamle Ola Sagmeister, som i tilfelle hadde eit slags kår.
Bøtun III. Skrivargarden. Jens Madtzen og Gundle. Sjå meir under kapittelet om skrivargarden. Mukeliveiga i bruket er kanskje kome til etter 1427.
Otterhjell. Kristen Jensson frå Aurlandsvangen gift med Brita Perdtr. Kristen var den einaste sjølveigaren i Fresvik. Han har truleg arva øydegarden han atterreiste.
Hov. Torbjørn Gauteson Dal (ca 1520–død før 1578) var busett på Fimreite og eigde det meste av namngarden der. Vi må tru at det var han som disponerte Dal-eiga i «midtre tunet i Fresvik». Sonen Gaute overtok på Fimreite. Ein son hans, Torbjørn Gauteson Fimreite, korn til Hov. Torbjørn var først gift med Gjertrud Skakdtr Lystrup og hadde tre born med henne. Han var i 1645 gift med Sofie Jensdtr og er då oppførd med fire born. Av dei mange borna vart Gaute 1614 leiglending på Skau, Vidrik 1629 overtok som leiglending på Hov og Hans 1634 korn til Bøtun. Jakob Bøthun skreiv at eige som Dalætta og Rustungætta hadde i Fresvik vart delt mellom fleire: «Torbjørn Gauteson og sonen Vidrik Torbjørnson budde på Hov i Fresvik og eigde dertil Holum. Gaute til Skau eigde godset sin part i Skau og dertil Øyri (10).» Men Torbjørn Gauteson hadde ikkje sjølveige i 1647. I mange slektssoger er det skrive at Holum og Hov var ein del av Dal-eiga. Men Hov kan ikkje ha høyrt til det mellomste tunet i Fresvik, som salet i 1512 var avgrensa til. Dessutan var det aller meste av Hov eigd av prestebol og Aurland kyrkje (tabell 1). Torbjørn må difor ha kome til Hov som leiglending.
Prestane tok stundom hand om presteboleige som dei skulle vere eigarar. Eirik Ivarson var blitt einig med presten Glad i Vik om eit makeskifte av presteboleige slik at Leikanger prestebol skulle overta eiga på ein laup som Vik prestebol hadde i Hov. Dei la også inn i bytet eige som Glad hadde i Brekke og Føli i Vik og som Eirik Ivarson hadde i Hamre i Leikanger og Holseter i Årdal. Dette vart godkjent av Kongen i 1656!
Holum. Framanfor har eg kome fram til at «Fresvikgodset» etter lvar Dal var avgrensa til garden Holum. I 1645 var Torbjørn Hansson Berdal (1588–) frå Feios og Magnhild Eirikdtr leiglendingspar på bruket. Han var «forarmet», det vil seie ikkje i stand til å betale skatt.
Vikdal. Mattias og Mildrid Oladtr var i Vikdal 1641–1655 (9). Ho var truleg frå Bøtun og dei flytta dit i 1661 (9).
Fresvik. Anders må vere Anders Andersson gift med Brita Helgedtr. Dei er førde opp under Bøtun i 1645, men var utvilsamt på Bjørnetun. Der hadde Anders vore leiglending etter foreldra frå 1638.
Prestegarden i Fresvik vart ikkje teken opp att som gard etter øydetida, men den dyrka jorda må ha lege så sentralt at ho vart brukt heile tida. Det mest sannsynleg er at garden vart presteboleige under Leikanger prestegard og gjekk inn i eitt eller fleire bruk. Landskylda kan ca 1530 ha vore 1,00–1,50 laupar. Det mest sannsynlege er at denne garden i 1647 utgjorde ein stor del av bruket som Ola og Antonius dreiv på Bøtun.
Kvegskatt i 1657
I 1657 var det 16 menn som betalte kvegskatt i Fresvik. Av dei var det berre Hans som vart førd opp under «gardsnamnet» Fresvik. Han var utvilsamt på Bjørnetun. Johannes Øyri er komen til. Til å vere på ein liten gard ved stranda, betalte han mykje kvegskatt. Det tyder på at han leigde jord. Også Grundeland er no oppførd som eigen gard. Nye gardar i tillegg til dei vi finn i 1647 er elles Flete, Breili og Djupevik. Høgheim har to bruk og Bøtun tre. Matias Bøtun, lvar Flete og Torbjørn Hov betalte over to riksdalar i skatt. Rognald Høgheim, Torbjørn Holum og Antonius Otterhjell måtte ut med 1–2 riksdalar.
Atterreising eller nydyrkingsbruk?
For Vik og Arnafjord sokn kan vi nokså sikkert hevde at dei nye namngardane som kom til i åra 1550–1665 var slike som hadde vore i drift før øydetida og som vart atterreiste. Som nemnt tidlegare har vi ikkje tilsvarande gode prov for Fresvik.
Her må nemnast at Per Bøthun i Leikanger bygdebok hevda at det som kom til på 1600-talet var «nyrudningsbruk i utmarki» (6). Denne konklusjonen meiner eg byggjer på ei oppfatning på denne tida om av at busetnaden før øydetida var langt lågare enn det vi trur i dag.
Djupevik. I følgje Leikanger bygdebok fortalde Tor Jensson i eit vitneprov i 1675 at far hans ca 1651 hadde fått lov av sokneprest Glad i Vik å rydde garden (9). Garden kom under Kaupangergodset. Det tyder på at det var Glad personleg som sat som eigar. Om det er rett, eller det var på vegne av Hopperstadkyrkja eller Vik prestebol Glad gav eit slikt løyve, er ikkje viktig. Det avgjerande er her at garden må ha vore ei eiga eining. Det må vere ein øydegard som vart atterreist.
Øvre Hatleli og Nedre Hatleli har vore omtalt som rydningsplassar opptekne under Hov. Etter mitt syn kan dette tolkast som bruk som låg nede i øydetida, men vart drivne frå Hov. Det er ei ordning som lettast kunne skje dersom Hov og Hatleli hadde felles eigar.
Flete, Breili, Tretteteig og Simlenes. I 1672 hadde «kyrkjegodset» (truleg Leikanger prestebol) sine målsmenn reist sak mot presten lvar Leganger fordi han hadde tileigna seg eigarretten til Flete, Breili og Tretteteig, og som dei hevda vart plassar som vart opptekne og rydda i «kyrkjegodset» si mark for stutt tid sidan (4). Det vart ført prov for at Breili vart rydda av Einar først på 1600-talet. I 1655 var brukaren Peder og då vart bruket skyldlagt av skrivaren og 6 lagrettemenn til 1 pund og 6 mark. Etter det som vart framført i retten, skulle dei andre bruka ikkje vere særleg eldre (4). Per Bøthun fann Breili og Flete først nemnt i lensrekneskapane i 1657. Tretteteig og Simlenes vart skyldsette i 1667 (6). I følgje Jakob Bøtun vann lvar Leganger saka. Når det vart sak om eigedomsretten, kan grunnen vere at dei rydningsmennene hadde fått løyve til dette av presten Eirik Ivarson på Leikanger. For han var det kanskje ikkje så viktig å skilje mellom privat eige eller eige til Leikanger prestebol, då leiglendingar under prestebolet betalte landskyld som gjekk i hans lomme. Dessutan kunne det vere like viktig at dei fire leiglendingane var arbeidskraft i skogen og i sagbruk. Då var det heller ikkje så viktig å få bruka raskt skyldsette.
Ein Jon Salamonson, gift med Gjertrud Gunnardtr og med sonen Ola, vart oppførd som husmann på Simlenes i manntalslista i 1645 (9), men då han ikkje var knytt til nokon gard, må vi kanskje rekne han som uløyves plassmann. Denne familien blir borte. Ein som heitte Peder var gardmann på Simlenes i 1660-åra, og då kom det også ein leiglending på lndre Simlenes, Halvor 1636 (9). I manntalet i 1701 er det med to bønder på Simíenes: lvar Ørjeson, 50 år og med 4 søner, og Nils Endreson, 34 år og med sonen Sivert 1688. Men i matrikkelen i 1667 og 1723 er det berre eitt bruk på Simlenes. Her trur eg at det vart gjort ein feil av fut eller sorenskrivar. Den første plassen som vart busett på Simlenes vart aldri skyldsett. Han vart rekna som husmannsplass, og brukaren kom dermed unna skatt som vart lagt til matrikkelen. Men staden kan heller ikkje ha lege som husmannsplass under eit bruk i Fresvik, slik at det neppe vart betalt festeavgift.
Skrivargarden på Bøtun
Jens Madsen (Madtzen) var sorenskrivar for Ytre Sogn. Distrikta for sorenskrivarembeta er ikkje lett å finne ut av på denne tida, men i ei bok om sorenskrivarar er det skrive at Sogn ei tid var saman med Voss og Jens Madsen var i dette embetet i 1654 og forbi 1660. Det rette er truleg at han først var sorenskrivar for Ytre Sogn og så underordna skrivar for Ytre Sogn og Voss, men frå ca 1651 med Voss som arbeidsplass. Per Bøtun skreiv at eit bruk på Bøtun «vart utteke til skrivargard ca 1630» og at det vart bygt opp hus i eit eige tun – «skrivartunet» (6). I ættesoga står det derimot at Jens Madsen budde på Bøtun frå 1640 og at han også hadde sagbruk (9). Det må vere det siste som er rett.
I 1636 var Hans Pedersen sorenskrivar i Ytre Sogn. Jens Madsen må ha fått løyve etter han. På denne tida ser det ut til at sorenskrivarane vart plasserte på bruk eigd av krona. Ein grunn til at Bøtun var vald, kan vere at dette var eit stort bruk og at det då ikkje var leiglending på bruket.
Jens Michelsen var sorenskrivar i Nordhordland. Han var son til Michel Michelsen Due, prest i Sogndal (7). Som andre sorenskrivarar i Nordhordland var han busett i Bergen. Han overlet embetet til ein svoger. Det var Christen Jensen (1609–1669), ein borgar i Bergen. Denne «handelen» hadde tydelegvis lensherren ikkje likt og hadde rapportert dette til København. Men i brev av 13.11.1639 skreiv Kongen til lensherren at løyve skulle aksepterast. I 1644 vart sorenskrivaren i Sunnhordland flytta til Nordhordland og Christen Jensen omplassert til Ytre Sogn og Voss. Han er påvist å vere sorenskrivar i Ytre Sogn i 1648, 1655 og 1662 og var i tillegg underskrivar av eit dokument på Voss i 1663. Christen Jensen og kona Gye Lauritzdtr vart busette i Balestrand, og han vart gravlagd under alterfoten i Tjugum kyrkje. På ei tavle i kyrkje står det at han hadde vore sorenskrivar i Ytre Sogn i 24 år, 3 veker og 5 dagar. I følgje den gamle «Balestrandboki» vart eit måleri i kyrkja av dei to kjøpt av Bergens Museum.
I lensrekneskap 1649–1650 bli Jens Madsen omtalt som «forrige Sorrenschriffuer her i Sogn» (6). Han må ha blitt fråteken stillinga alt i 1645, for i lister over koppskatten i 1645 er han kalla «gårdmand» på Bøtun. Då var den nye sorenskrivaren på plass i Balestrand, og det ser ut til å vere han som skreiv listene. Men i matrikkelen i 1647 blir bruket framleis oppført som skattefri skrivargard. Det ser ut til at Jens Madsen ønskte å halde fram som ein slags leiglending på Bøtun etter han vart avsett som sorenskrivar. Det fekk han til i 4–5 år.
Kanskje hadde Jens fått halde fram som skrivar under den nye sorenskrivaren og at det måtte eit uvanleg tiltak til for å få han bort frå bruket i Fresvik. Den offisielle grunngivinga i lensrekneskapen var: och formedelst den samme Gård Bøthun, handbruger och besitter er nu mageschifft fra Cronen. Som kompensasjon fekk han rett til å ta ut landskyld for Dalen på Leikanger, som også krona var førstebygslar av. Det var presten Eirik Ivarson som i 1648 makeskifta seg til all eiga i bruket mot eige han hadde i andre bygder.
Kvifor Jens Madsen miste stillinga si veit vi ikkje. Kanskje hadde Eirik gått i kompaniskap med futen i Ytre Sogn for å få Jens Madsen bort frå Fresvik? Futen var i åra 1643–1653 Jacob Christensen, ein bergensborgar, deretter til 1659 lvar Andersen (ca 1630–1688), futeson frå Romsdal. (Dette året gifte lvar seg med Anna Munthe, bispedotter. lvar vart så fut i Romsdal.) Deretter kom Jørgen Post fram til 1662 og så Hans Johannes Brun. Fram til 1650 var Målsnes lutegard, deretter Skåsheim, båe i Balestrand.
På Voss var Jens Søffrenssen skrivar 1634–1651. Dette var truleg ein underordna skrivarstilling og som Jens Madsen overtok etter han. I «Voss Tingbok 1654–1661», utlagt på nettet, ser vi at det var Jens Madtzen som då styrde tinget der.
I 1668 vart dansken Nils Hansson Rue (1643–1716) sorenskrivar i Ytre Sogn. Ein bror, Johan Hansson Rue, var fut i Indre Sogn. Ved teljinga i 1701 var Thue i Balestrand sorenskrivargard. Omkring 1655 var Skrivargarden i Fresvik blitt til 2 leiglendingsbruk, kvar på to laupar. Før deling må det ha blitt lagt til litt øydejord (til dømes frå den tidlegare prestegarden).
Presten Eirik Ivarson til Leikanger
Eirik Ivarson Nordal (1591–1658) var prest i Leikanger prestegjeld frå 1618. Han gifte seg i 1620 med Karen Werner (1598–1634), enkje etter den tidlegare soknepresten, og fekk 9 born med henne: Hans 1620 (truleg busett i Danmark), Marta 1621–23, Nils 1623, Margrete 1625, Anna 1627–29.
lvar 1629, Lucie 1631 (prestefrue i Lærdal), Karen 1632–32, Karen 1634–34. Av dei var det berre Hans 1620, lvar 1629 og Lucie 1631 som levde i 1658. I 1635 gifte han seg på nytt med Malene Spliddtr (1615–1670), kalla «Lene», og med henne fekk han 10 born: Karen 1636–36: Splid 1637–88, Peder 1638–1706 (prest i Hå), Daniel 1640 (døydde ung), Jens 1641 (ukjent opphaldstad), Anna 1642–17 19, Karen 1643–1706 (kjøpmannskone i Stavanger), Margrete 1644–1700, Nils Paaske 1645–1705, Eirik 1647 (busett i Umeå i Sverige). Margrete 1644 vart busett på Stadheim i Vik. I 1685 eigde ho 7,50 laupar i denne namngarden. Ho budde der truleg saman med systera Anna, som også var ugift (3,7).
Eirik hadde i si prestetid 10 kapellanar i teneste. Den første vart avsett i 1622. Nils Hansen Clod kom i 1628. I 1629 var det usemje mellom Eirik og Nils. Den siste gjekk til åtak med både kniv og børse, og han knuste eit bord med børsa. Gode menn gjekk i mellom. Ei tid etterpå var det eit nytt slagsmål. Det var andre personar til staders, så kanskje var det «lest». Nils Clod vart sokneprest i Røyken i 1631! Prest og kapellan hadde kanskje lært «å svinge begeret» då dei var studentar i København? Også andre rike var med på leiken. lvar Leganger fortalde om bryllaupet til Thiess Nagel og prestedottera Anna Glad den 26.10.1662: «Øl oc Vin lagde hand till.» (7)
I starten fekk Eirik Ivarson litt jordegods gjennom første kona si, mellom anna i Nordhordland. I skiftet etter henne var det lausøyre for heile 1300 riksdalar og eige i 11 gardar. Av oppgåvene i 1647 ser vi at Eirik er oppførd med ei omrekna eige i Fresvik på 7,39 laupar. Eiga i Høgheim og Holum hadde han kjøpt av Johan Straarup i 1641 saman med sjøsaga under Holum (9). Johan var forretningsmann i Bergen. Pengane rår, då som i dag. Vi kan tenkje oss at eigarane har vore i økonomiske vanskar og har fått lån mot pant i landskyld. Når økonomien vart endå dårlegare, overtok Johan Straarup eiga. Han selde så vidare når han fann ein kjøpar som var viljug å betale nok og som hadde ein solid økonomi. Ein slik person var Eirik Ivarson.
I 1648 overtok Eirik Ivarson parten på 0,50 laupar som Kongen hadde i bruket til lvar i Bøtun.
Jakob Bøthun fortel at då Eirik Ivarson døydde i 1658 var eiga hans i Fresvik: Bøtun 6,46 laupar, Holum 2,64 laupar, Høgheim 3,14 laupar, Flete 0,82 laupar, Breili 0,50 laupar,
Grundeland 1,00 laupar, Hov 1,00 laupar og Djupevik 0,33 laupar. I alt blir dette 14,89 laupar. Frå 1647 til 1658 har eiga til Eirik Ivarson i Fresvik auka med ca 6 laupar. Mykje av auken kjem av at Eirik hadde overteke Skrivargarden. Men han hadde også tileigna seg nymatrikulerte gardar. Mykje av «godset» hans var pantsett. Men reknar vi berre på landskylda, eigde han halve Fresvik.
Arv etter Eirik Ivarson
Jakob Bøthun fortel om skiftet etter Eirik i 1658. Det var kona og borna i andre ekteskap som delte arv som var knytt til gods i Fresvik. Dei tre borna frå første ekteskap fekk sin arv i jordegods i Årdal. Jakob Bøthun fortel at samla bruttoeiga i buet var verdsett til 2500 riksdalar, men gjelda var på heile 1383 riksdalar, slik at det var 1117 riksdalar å fordele. Enkja Lene fekk halvparten av heile arven, dei fem sønene hennar fekk 62 dalar kvar og døtrene 31 dalar, alt som jordegods i Fresvik. Lene fekk eige i Holum og Grundeland og ein part av Bøtun. Dessutan skulle ho ha «i live kor tiende av alle dei bruki i Fresvik, som var lagt til prestebolet og tiendi av Feios sokn», skreiv Jakob Bøthun. Han fortel at enkja vart busett på Hov og legg til: «Ho hev visseleg vore ei drusteleg fruva, men hev livt yver evne, då ho snart måtte gjeva frå seg både Holum og Grundeland for skuld til Lodvik Middelstorp, og endå hadde ho gjeve Jens Tollevson pant i Hov for 400 riksdalar.» Dette lånet åleine var like stort som den samla arven til dei åtte borna. Her gjekk pengane unna!
Stesonen lvar var sokneprest i Vik, og det var nok han som måtte ordna opp i problema. I1667 fekk han skøyte på den parten av Holum og Grundeland som Lene hadde pantsett og på det ho enno eigde. Vi merkar oss at Lene var busett på Hov, ein gard som i stor grad var eigd av prestebol. Det var vanleg at slike bruk var presteenkesete. Sonen Splid var på Hov saman med Lene og er oppførd som brukar av Hov 1665–74 (9). I 1678 overtok lvar Eirikson Splid sin part i Bøtun medrekna «Splidsagi» i Fresvikåsen. (Splid og broren Nils vart borgarar i Bergen.)
Jamt over må vi rekne med at dei fleire av dei åtte borna ikkje var interessert i ha arven sin bunden opp i litt jordegods i Fresvik. Etter kvart let dei halvbroren lvar overta eiga.
Jakob Bøtun skreiv at det var prestar i Leikanger som samla «Fresvikgodset» på nytt, og: «Den fyrste som tok til med dette samlingsverket vart Eirik Ivarson Nordalen som var prest i Leikanger frå 1618 til 1658.» Ein motsett påstand er at Eirik Ivarson, på same måte som mange andre høgt lønna embetsmenn på denne tida, tileigna seg jordegods for å styrkje familiens velstand. I tillegg til innkassering av dei vanlege «rentene» (landskyld, førstebygsel og tredjeårstaka) gav furuskogen og sagbruka ekstrainntekter frå gardseiga i Fresvik. Det var fresvikjene som betalte for velstanden, og dei fekk lite og ingenting tilbake. Når oppkjøpet skjedde i Fresvik, og i liten grad i Leikangerbygda, kjem det kanskje av at mykje av jordegods i Fresvik var lett å få tak i og truleg for ein rimeleg pris.
Leikangerpresten Eirik Ivarson hadde utan tvil samkvem med rike og mektige familiar i Bergen. Eit eksempel er at då Eirik feira trulovinga med Lene Spliddtr i 1635 skjedde dette i heimen til enkja Anne Jensdtr (ca 1598–1675) i Bergen (7). Mannen hadde vore Peder Nilsen Hjerman (ca 1598–1633), skrivar for det dansk-norske riket før han vart lagmann i Bergen. Anne var rådmannsdtr frå Kolding. Ho vart attgift ca 1656 med Hans Hansen (adla som Liljenskjold), borgarmeister i Bergen. Denne karen var uvanleg rik. I 1647 hadde Anne Jensdtr stor godseige i Sogn. Lene var kanskje fosterdotter. Bryllaupet stod også i Bergen, og først 17 dagar etterpå reiste dei til Sogn. Eirik og sonen lvar må også ha hatt samkvem med biskopane i Bergen. Ein son til Eirik, Nils Paaske 1645, vart oppkalla etter den dåverande biskopen (7). Under skiftet var med to futar som skulle ivareta interessene til arvingar og som var gifte med døtrer av biskop Munthe i Bergen: lvar Andersen i Romsdalen og Christopher Morgenstierne i Indre Sogn.
Dei kondisjonerte heldt saman, også når avstandane var store. Det ser vi av at fadrane til dottera Karen 1634-34 var: Maren Mule (kona til presten Knut Glad i Vik); presten Jens Thisted i Hafslo; presten Peder Finde i Førde; tidlegare fut, no borgar i Bergen, Simen Nilsen (gift andre gong med Karen Glad, ei syster til Knut Glad); og fut i Indre Sogn, Christian Andersen Heiberg. Men personane var kanskje komne til gravferda for mora, som døydde i barselen.
Manntal 1665
Omkring 1665 vart det laga eit manntal over menn og gutar, med alder. Det var embetsmannen Titus Bülche som skreiv, men det var sokneprestane som samla inn data. Protokollane er skanna inn av Arkivverket og er fritt tilgjengelig på nettet. Fresvik finn vi under bind 23 Sogn prosti, side 272–274. Her vart alle dei «gamle» gardane førde opp med Fresvik som felles namn. Dei låg i område der det hadde vore åkerdrift gjennom heile øydetida. Der er det 11 brukarar. Dei andre vart førde opp med gardsnamn og vart jamt over kalla rydningsplass. Namna finn vi i ættesoga (9), men her er dei 11 bruka under namnet Fresvik i den rekkjefølgja dei står i manntalet, berekna fødselsår:
Skau, Gaute 1614
Bjørnetun, Hans 1624
Bøtun, Endre 1626
Bøtun, Ola 1643
Bøtun, Hans 1632
Høgheim, Ola 1628
Høgheim, Botolv 1636
Bøtun, Eirik 1620
Holum, Torbjørn 1588
Hov, Splid 1637
Grundeland, Ola 1645
Manntalet må sjåast i samanheng med matrikkelen i 1667. Samla matrikkelskyld for kvar namngard er oppsett i tabell 2. Med alle småbruk var det 23 matrikulerte bruk i 1667, og samla skyld var 31,09 laupar.
Stagnasjonen 1650-1720
Åra 1650–1720 var ein stagnasjonsperiode for folketalet i distriktet (2). Årsakene til det var fleire. Klimatisk var det ein vanskeleg periode. Det kjølige veret førte til at breane voks («den vesle istida»). Det var uår i korndyrkinga, og særleg frå 1685 til 1700. I 1695 fraus kornet alt 20. august, og våren 1696 var det berre dei beste områda på Sør-Vestlandet som hadde brukbart såkorn. Prost lvar Leganger i Vik skreiv i eit brev til islendingen Tormod Torfæus at avling i hagar, åker og eng slår no feil. Det er også dårleg fiske. Kanskje slo klimaendringa spesielt ut i Fresvik, for i sine (merkelege) tolkingar av stadnamn i Sogn skreiv han at Fresvik kom av Frostvik: «På grunn av den svære frosten og kulden, som der på vinterstid i denne viki er større enn andre stader.» (Nynorsk omsetjing frå latin av Jarle Bondevik.) I eit klageskriv i 1661 vart det hevda at det hadde vore mykje sjukdom på storfe i Sogn. Somme hadde mista alle dyra, andre halvparten (2).
På 1600-talet var det fleire pestperiodar. Pesten slo ofte ut i hungersår og heile huslydar vart ofte utrydda. Dessutan døydde mange av tarmsjukdomar (landfarsott). Soldatar som kom heim hadde ofte med seg smitte. Landfarsott var tyfus og liknande bakterielle sjukdomar. lvar Leganger skreiv at første kona hans døydde av landfarsott. Men av di ho berre låg til sengs i 16 dagar, var kanskje dette tyfoidfeber. Herjingsår av koppar var truleg vanleg, og då kunne ein heil barneflokk bli borte. Ei dotter til presten Eirik Ivarson, Anna 1627, og halvsystera Johanna Hansdtr Arstander, døydde båe av koppar i ein farang i 1629.
Dei stadig tilbakevendande krigane mot svenskane førde til store tap av unge menn. For Rogaland er det skrive at i ein periode på 20 år var minst 8 årgangar av unge menn borte. I åra 1665–1717 vart bygdene organisert i små legder som kvar skulle stille med ein utrusta soldat. Nå ein vart borte, måtte legda stille med ein ny. Før dei reiste var dei i teneste på gardar.
I 1701 har vi eit nokså påliteleg manntal for alle mannspersonar over to år, med alder. Tabell 3 gir eit samla oversyn for gardsfolk i Fresvik. Husmenn er ikkje med.
Dei fleste bønder var nokså unge. Tolleif Mikkelson Holum var 30 år og gift. Broren Åmund 1656 hadde bruket, og det vart delt mellom dei to. Stefaren Kristen Åmundson var 73 år. På rydningsplassen Kolåsen var Lars Torsteinson, 98 år. Dei to er dei einaste mennene over 70 år på gardane i Fresvik. Men meir overraskande er at av 39 bondesøner var berre 6 over 12 år. I alderen 21–29 år var det ingen bondeson! Dei aktuelle soldatemna finn vi i tenargruppa. To av dei var frå soknet, ein var frå Aurland og ein frå Voss.
Den skeive fordelinga må ha samanheng med epidemiar og soldatutskriving. Ei annan forklåring er at unggutar over 12 år rømde til Bergen eller tok hyre på utanlandsskip for å steppe unna soldatutskriving. Det siste var i alle høve noko Jørgen og Ola Simlenes gjorde i 1728 (9).
Det er grunn til å tru at når det var så mange unge menn som vart borte frå bygda, var det eit stort kvinneoverskott. Men mange kvinner døydde i samband med barsel. Det er ei sannsynleg årsak til at mange bønder i Fresvik omkring år 1700 var gift 2–4 gonger.
Fresvikbønder 1701-1723
Frå 1701 til 1723 kan vi lettare enn før finne ut kven som var bønder på bruka i Fresvik. Grunnen er at vi har ei skatteliste frå 1711, eit matrikkeloversyn frå 1718 og eit matrikkelutkast frå 1723. Tabell 4 gir eit oversyn for dei fleste av gardane.
Kyrkjebøkene for Leikanger byrjar alt i 1690. Vi må tru at dei fleste som vart giHe og døypte er komne med. Men svært mange dødsfall må mangla, slik at det er vanskeleg å seie sikkert kor personar og familiar vart av. Grunnen til at så mange dødsfall manglar, er truleg at prestane tok seg svært godt betalt for å halde likpreik, og når folk vart gravlagd utan at presten var til stades, vart dødsfallet heller ikkje ført inn i kyrkjeboka. Det gir særleg grunn til å tru at massedødsfall manglar.
Som eksempel på at folk vart borte, brukar eg eitt av delbruka på Holum nemnt ovafor. Tolleif/Tollak Mikkelson Holum (1669–) gifte seg 1699 med Gjertrud Anbjørndtr (1679–) og dei fekk i Holum: Marta 1701 og Mikkel 1704. Marta vart gift til Tingastad, noko som vi kan bruke som eit prov for at familien ikkje flytta frå bygda. Men innan 1718 må Tollak, Gjertrud og Mikkel ha døydd, for i 1718 var det kome ein ny huslyd på bruket. Denne nye leiglending på bruket på Holum var Johannes Nilsson (1690–1733), gift med Marta Knutdtr (Skau?). Johannes Nilsson kan vere frå Kvamme i Vik prestegjeld (i dag under Balestrand). Kanskje stod bryllaupet i Kvamsøy kyrkje? Det kan forklare kvifor vi ikkje finn vigsla, for kyrkjebøkene for Vik prestegjeld byrjar først i 1727. Dei to fekk fire born på Holum.
Den kort levetida finn vi også på andre gardar i Fresvik. Det gjer at det stadig kom nye folk på bruka. På dei fire bruka i Bøtun var såleis følgjande bønder i 1723: Hans Endreson Øvre Hatleli (1658–1739) med 2,02 laupar, Tolleif Olason Grundeland (1674–1764) med 1,83 laupar, Hans Jonson Orvedal frå Vik (1680–?) med 2,07 laupar og Eirik Styrkson Henjum frå Leikanger (1648–1741) også med 2,07 laupar. Med unntak av Eirik kom dei til Bøtun etter 1701.
Hans Torsteinson (1651–1733) var på den eine halvparten av «Skrivargarden», men i 1712 flytta huslyden til Berdal i Feios. I Berdal var det velståande folk, inngift med rik Hopperstadslekt i Vik. Kanskje var kona til Hans frå Berdal? Dei hadde i alle høve så mykje pengar at dei kjøpte seg sjølveige i bruket der. Hans Jonson Orvedal var av same Hopperstadslekt, og det kan ha vore grunnen til at han overtok bygslinga i Bøtun etter Hans Torsteinson. Men her kan også nemnast at Tor Ellingson Hove (1675–1739) frå Vik kom til Høgheim, og han var i nær slekt med Hans Jonson Orvedal.
Hans Endreson Hatleli må ha overteke bygsling på Bøtun etter Åmund Olason (1667–) som vi finn som bonde på Bøtun i 1701. Enkjemann Åmund gifte seg 1701 med Brita Monsdtr Frettheim frå Arnafjord sokn. Kanskje døydde dei båe før 1711. Guri Frettheim, ei syster til Brita, gifte seg i 1705 med Ola Ellingson Tretteteig. Også dei blir borte for oss.
Tolleif (Tollak) Grundeland var i følgje bygdeboka gift tre gonger. Men det rette er truleg fire, for på Bøtun fekk han ei «ekte» dotter i 1692, Gyrid. I 1704 gifte han seg med Kari Botolvdtr Høgheim. I 1701 var han sagmeister på Stølås sag, men familien hadde kanskje også plasshus på Bøtun, der born vart fødde. Han overtok eit bruk i Bøtun etter Jon Aslakson Berdal (1669–) frå Feios. Jon med huslyd kom til Bøtun ca 1700 og flytta ca 1707 til Øvre Breili. Der låg bruket truleg øyde i 1701, for då var det berre ein husmannsfamilie der. Kona til Jon, Kristi, var ei syster til Kari, så det gir vel ein rimeleg grunn til at Tolleif overtok på Bøtun etter Jon. Jon fekk sonen Aslak i 1715 i Breili. Aslak voks opp, men familien var ikkje Øvre Breili i 1723, så då var truleg Jon død. Men dødsfallet kom ikkje inn i kyrkjeboka. Ektefellen Kristi Botolvdtr (1661–1740) døydde på Skau.
Mannfolka i husmannsfamilien i Øvre Breili i 1701 var: Botolv Nilsson 34 år, sonen Hans 5 år, Nils hesteskjerar 86 og Halvar Olason 73. Hans vart fødd på ein plass i Borlaugviki. Botolv Nilsson «Fresvik» gifte seg 1697 med Marita Tomasdtr Vikdal. Det siste var nok tenaradresse. Vi kan merke oss at hesteskjerar var eit lite respektert yrke og var ofte knytt til fantefolk.
I Vik var det ikkje uvanleg at leiglendingar bytte gard. Det same skjedde mellom Vikdal og Haukanes ca 1705.
I 1711 hadde Åmund kone og eitt barn. På Haukanes var Nils ny brukar i 1723. Det må vere Nils Eirikson (ca 1693–1765). Det er freistande å tru at dette var Nils Eirikson Nedre Hatleli (5 år i 1701) som i 1721 gifte seg med Synneva Botolvdtr «Fresvik» (1704–?). Ho var fødd «Åsen» og kan vere frå Tretteteig eller ha vore dotter til den før omtalte husmannen på Breili. Men dette stemmer ikkje med andre oppsette slektsrekkjer.
Mangel på ungkarar måtte gjere det vanskeleg for gifteferdige kvinner å finne ein mann i bygda. Eit eksempel har vi for Anna på Nedre Breili. Ho var fødd ca 1679 og var jordajente eller enkje på garden då ho gifte seg med Elling Hansson Hove (1670–1704) frå Feios i 1699. Ho gifte seg på nytt 1705 med Lars Andersson Rinde (1667–1732), også frå Feios. Av tabell 4 ser vi at Lars var på bruket i Breili i 1711, 1718 og 1723.
Konklusjonen av denne drøftinga må bli den same som for Vik: Busetnaden på gardane var ustabil på denne tida og er vanskeleg å fylgje. Hovudgrunnen er at mange døydde tidleg og at ung menn vart borte frå bygda. Det førde til mykje omgifte og at det ofte kom nye familiar på bruka. Mange av desse nye leiglendingane i Fresvik kom frå bygder lenger ute i Sogn.
Deling av bruk
Av tabell 2 ser vi at tre av bruka i Fresvik var delte mellom 1667 og 1723. Den eine gjeld Hiagheim som var todelt i 1667. Der var Jens og Botolv brukarar i 1701. Dei var 64 og 65 år. Det er difor ikkje uventa at Jens er skifta ut med Tor i 1711. Mellom 1711 og 1723 må eitt av delbruka på Høgheim på nytt blitt delt, for i 1723 dreiv Anders eit bruk på 2,08 laupar, medan Guttorm og Endre dreiv kvart sitt bruk på 0,96 laupar.
På Hov det berre eitt bruk i 1667, men to brukarar i 1701: Knut 1651 og Styrk 1649. I 1711 er det ført opp tre bønder på Hov: Knut, Styrk og Ola. Dei var alle gifte, men berre Styrk hadde med seg ein son. Styrk var truleg på eit kårbruk, for i 1723 finn vi to like bruk.
Den tredje delinga gjeld Holum og var på veg i 1701 mellom brørne Åmund og Tolleif. I 1711 var Åmund skifta ut med Hans, som då var gift og hadde to born. Men det må vere feil, for Åmund er på bruket i 1718 og 1723. (Feilen kan liggje i skattelista eller den digitaliserte avskrifta.) Åmund Mikkelson Holum døydde i 1741.
Bruksoversyn 1723
Eg avsluttar bruksutviklinga i Fresvik med eit samandrag i tabell 5 frå matrikkelutkastet i 1723. Merk at skilnaden mellom landskyld, berekna på grunnlag av landskyldvarer, og matrikkelskyld kan vere stor. Dersom skilnaden er spesielt stor, kan vi sjå på differansen som sjølveige.
Summerer vi landskyldverdiar, ser vi at Anna Finde eigde 16,37 laupar, Leikanger prestebol 6,70 laupar, Lektoratet i Bergen 1,82 laupar. Sjølveiga var berre ca 1,50 laup. Resten var anna kyrkjeeige og presteboleige. Det var altså ingen verdslege eigarar utanom Anna Finde. Anna Finde var enkje etter prost lvar Leganger i Vik.
lvar Leganger
lvar Eirikson (1629–1702) tok etternamn Leganger etter bygda han var frå. Som vi har sett var arven etter faren ikkje særleg stor, men i tillegg til presteutdanning må han blitt påkosta langvarige utanlandsopphald med tilleggsutdanning. I 1656 vart han kapellan hjå presten Glad i Vik og vart seinare prest etter han. Før det må han ha overteke eige etter søsken i Fresvik – truleg med lånte pengar. Men då han gifte seg i 1659 med enkja etter Glad, Maren Berteldtr Mule (1614–1665), ei dotter til ein lagmann i Oslo, auka formuen. Men stor kapitalist vart han først då han vart attgift i 1667 med Anna Finde (1645–1728), ei dotter til den svært rike sunnfjordpresten Peder Finde. Med henne fekk han stor eige i gardar i Ytre Sogn. Samla gardseige då han døydde var ca 85 laupar. I 1723 eigde enkja Anna Finde 49,4 laupar i Vik (medrekna Arnafjord sokn). Ho hadde altså halvparten av «godset» sitt i nærområdet. Av fire søner vart Peder 1673 fut i Ytre Sogn (og rikt gift) og tre vart prestar. Av dei vart lvar prest i Leikanger prestegjeld og overtok eiga i Fresvik.
Vi må tru at lvar og Anna måtte ha medhjelpar som tok seg av kontroll av drifta og kravde inn og selde vidare den årlege landskylda. Men nokon «godsforvaltar» i Fresvik hadde dei nok ikkje, slik Gjert Heiberg har skrive (8). I tvistar med leiglendingar og andre eigarar må vi tru at lvar sjølv var med. Eit døme er at talsmannen for kyrkjegodset i Fresvik i 1672 tok opp sak mot lvar Eirikson då han meinte at Eirik med urett hadde tileigna seg eiga av Flete, Breili, Tretteteig og Simlenes. Han meinte gardane var rydda på kyrkjeeigd grunn. Men lvar Eirikson vann saka, men vi kan merke oss at Øvre Breili i 1723 vart eigd av Leikanger prestebol.
I 1673 samla lvar Leganger avskrift av mange dokument for det han kalla «mit Lille Jorde-Gods» i ei mappe og som han tileigna eldste sonen, Eirik. Han skreiv at dette var odelsbrev, skøyter, kjøpekontraktar, pantebrev, domar og arveskifte, «samt anden lowlig Beviis». Jakob Bøthun gav uttrykk for at samlinga omhandla «Fresvikgodset», men dokumenta galdt heile godseiga hans. Ein del av dokumenta går langt tilbake i tid. Eit eksempel er ei erklæring frå adelsmannen Ingebrigt Tenål i 1561 om at han hadde arva tre gardar fremst på Seljadalen i Vik. lvar må ha skaffa seg avskrift av dokumentet fordi han hadde blitt eigar av Bruavoll, den fremste garden i dalen.
lvar Leganger skreiv i åra 1654–1665 ei notisbok om viktige hendingar (7). Han fortel i notatane sine om salet av geistlege gods (Lysekloster, Apostelkyrkja og Munkeliv) til borgarlige hender, men nemner ikkje sitt eige «gods» i det heile. Men nota- tane viser at han var sterkt oppteken av skatteforhold og andre inngrep som påverka inntektene til ein eigar av mykje jordegods. Der skreiv han mellom anna om nyskjerpa og endra skattereglar og i 1661 omkring arbeidet til Landkommisjonen. Det var fire rike embetsmenn i Bergen som skulle kome til Sogn for å utføre registreringsarbeid om eigedomar. Der står:
«optegne all Gejstlighedens gaarder, taxere dem, [–-], Hvor mange boer hver Saug kan skære.» I 1662 refererer han eit kongebrev om skatt. Der nemner han skatt på skorne bord og skattlegging av «Saugmesteren». Så følgjer setninga: «Noch alle Udfarer at flytte til Byen.» Dette må vel oppfattast slik at lvar Leganger var arg over at ekstraskattane vart lagde på folk på landsbygda. Deretter kjem ein ny setning som går på skatteforhold:
«Mand Siger at Fiscalen bruger seg vældig Syden-Fields.» (Austlandet og Agder. Vestlandet høyrde til det nordafjelske.) Med Fiscalen må han meine skattekontrollørar (truleg medrekna tollarar). Kanskje fortel han her at det enno var nokså lett å sleppe unna skatt ved trelasthandel i Sogn?
lvar Leganger fortel om eit kongebrev av 08.11.1662 der det står at heretter skal det ikkje førast tingvitne på at ein leiglending ikkje er i stand til å betale skatt (er «forarmet»). I staden skal ein ny leiglending innsetjast, eller jordeigaren skal betale skatten. Dette var nok ei ordning som eigarane av jordegods likte dårleg. I 1661 skreiv lvar inn at det var innført ei avgift på tilsetjingsbrev (bestalling). Dette var det nok berre embetsstanden som mislikte. Men då det i 1664 kom ein ekstraskatt for å finansiere bryllaupet til prinsesse Anna Sophie i København, reagerte nok også leiglendingane. lvar Leganger kalla dette «Frøiken skat».
Christopher Gjertsen Morgenstierne var fut i Indre Sogn. Han fekk kjøpt den store eiga som Apostelgodset hadde i Sogn. I 1657 skreiv lvar Leganger inn i notisboka si: «Bleff Birgitte Munthe gifft med Christopher Gerdtssøn». Birgitte var bispedotter, og borna tok hennar etternamn. Det er skrive at Birgitte og lvar var nære vener, og då eldste barnet til lvar, Karen 1668, var 13 år skal dei to ha avtalt at Ludvig Munthe (1657–1708) skulle gifte seg med Karen. Ludvig kom til Vik som kapellan for lvar Leganger, og Ludvig og Karen gifte seg då Karen var blitt 16 år. Ludvig fekk som arv all eige som Apostelgodset hadde hatt i Vik. Her kan leggjast til at Maren 1678, ei syster til Karen, gifte seg med Gjert Munthe, ein bror til Ludvig. Men her var det kanskje dei unge sjølve som gjorde ekteskapavtale.
Vi veit lite om korleis lvar Leganger dreiv den store godseiga si. Men størst personleg innsats la han kanskje inn i skogs- og sagbruksdrift. Det gjeld særleg eiga i Fresvik. Det blir drøfta i siste kapitel.
Jakob Bøthun gjer i 1924 greie for kjøp som lvar Eirikson gjennomførte i Fresvik og skreiv at i 1680 eigde lvar Eirikson «heile Fresvik med unntak av Otterhjell og Vikdal som endå hadde sjølveigarar. Men desse bruki kom um kort tid under same eigarmann». Året etter skreiv han det same, men gjorde unntak for «det som høyrde prestebolet til» (5). Av tabell 5 ser vi at det er ei overdriving at lvar eigde heile Fresvik. lvar Leganger skreiv eit minneord om seg sjølv på ein vegg i Hopperstadkyrkja. Der manglar det ikkje på sjølvskryt, og han fortel at han hadde levd etter Guds ord. Omsett til nynorsk er ei av setningane: «Han vyrde ikkje verdi, men gjekk heilt opp i sine bøker, og heilt opp i sine bøner.»
Men heilt utan interesse for verdsleg gods var han vel ikkje.
Trelasteventyret
På 1500-talet vart eksport av trelast ein stor næring i Noreg. Grunnlaget for eksporten var mangel på tømmerskog i Vest-Europa, særleg i Nedertanda og England. Dessutan vart enkle oppgangssager vanlege frå ca 1520. Skurlast vart på Vestlandet mest henta av nederlandske skipparar. Somme av dei kom att år etter år og vart godt kjent med bygdefolk. Dei dreiv dermed også «snuskhandel» med andre varer enn trelast. På Sør-Vestlandet kom det også båtar frå Skottland, Orknøyane og Shetland. For Sogn er denne trelasthandelen lite granska. Men det måtte vere fureskog som vart hogge, og då må dei mest aktuelle hamnene ha lege i Fresvik, Kaupanger og Frønningen.
I 1563 skatta adelsmannen Ingebrigt Tenål i Vik ut frå ei sjølveige på over 30 laupar. Vi veit han hadde to søner: Otte på Tenål og adelsmannen Samson til Finden i Arnafjord sokn (3). Denne tenåladelen må ha eigd Frønningen, for i 1651 vart «Frønninggodset» selt av etterkommarar av Otte og Samson til magister Peder Nilsson Lem (1617–1663). I skøyta står det at med salet av Frønningen følgde halvparten av eit sagbruk i Frønningen. Den andre halvparten hadde Gudmund Samsonson Finden tidlegare selt til Peder Madsson på Fimreite. Andre indikasjonar på at tenålslekta hadde interesser i skog og trelastnæring er at ein son til Otte, Peder, hadde sag på Tenål, at Roland Samsonson kom til Hovland (som er det næraste vi kjem til ein skogseigedom i Vik) og at Samson Otteson kom til skoggarden Vindedal i Lærdal. Vi må tru at folk av tenålætt var busette i Frønningen. Ein slik kar er O/lull Freeninge som vi finn som øydegardsmann i ei skatteliste frå 1603. Det må vere same karen som er «Ole Frønninge» i 1647 og som var eigar av Brudevoll i Vik. Det er ein gard som i 1561 var oppgitt å vere arva av Ingebrigt Tenål, ei eige som deretter vart overteke av Samson Finden.
Vi har tidlegare sett av presten Eirik Ivarson, og borna, var sterkt knytte til to døtrer til biskop Ludvig Munthe i Bergen. Ei tredje dotter, Abel (1628–1676), var gift med Peder Nilsson Lem, lektor ved latinskulen i Bergen. Undervisinga var truleg underordna forretningsverksemda hans. Han hadde arva store verdiar, og han og Abel hadde neppe problem med å finansiere kjøpet av Frønningen. Gjert Heiberg meiner dei hadde forvaltarar eller ombodsmenn som styrde med drifta i Frønningen (8).
Etter at strandagardane i Arnafjord sokn hadde lege øyde i 200 år, må vi kunne rekne med at det var bra med fureskog på mange av desse gardane omkring 1550. Geithus var nabobruk til Finden, og det gjer grunn til å framheve at Geithusbui (på Sogn folkemuseum) hadde langt fleire sengeplassar enn det som var rimeleg for vanleg gardsdrift. Eit vindauge i bua er eit glasmåleri. Det kan ha vore ei gåve frå ein skippar på ei nederlandsk trelastskute.
For Tenål-adelen må det ha vore eit problem å få utnytta dei store skogsviddene i Frønningen då det var lite arbeidsfolk å hente i nærområdet. Her kan vi merke oss at Vik og andre bygder i nærleiken hadde Tingastad allmenning. I 1561 hevda bønder i Vik sine gamle rettar der (2). Det viser at bøndene i Vik organisert tømmerdrift i allmenningen. Noko tilsvarande kan Tenål-adelen fått til for Frønningen. Bygdene ved kysten vart langt mindre avfolka i øydetida enn innover i Sogn. Sesongarbeidarar kan blitt henta derfrå. Fresvik låg nær til, men der var folketalet svært lågt på 1500-talet. Men det må framhevast at under sagskatt i 1603 finn vi: Udi Lagmand Aas j flomsaug som Mogenns ibid, bruger og Udi Freninge j flomsaug som Oluff Saugemester i Frøssuig bruger. Det kan også nemnast at i 1723 er det oppført to menn under plassen Simlenes. Der står det at ein av dei arbeidde for sagmeisteren i Frønningen.
Sameige av skog
Frå gamalt av var skogen i utmarka i bygder som Vik delt mellom bruka ved hjelp av merkesteinar og naturlege grenser som elvar og grøver. Ei bruk kunne ha skogteigar fleire stader i bygda. Beita i utmarka var derimot i høg grad felles. I Fresvik må det derimot i tida før Svartedauden vore eit overskott av fureskog og som ikkje låg i nærområdet for gardane. Store område av furuskog låg difor i sameige. Det er naturleg å tenkje seg at det ikkje kan ha lege gardar før Svartedauden i denne sameiga. Men på 1500og 1600-talet var interessa for tømmer og skurlast stor, og sameiga var til ulempe for den største eigaren av landskyld i Fresvik. lvar Leganger søkte difor Kongen om utskifting og grunngav det med at skogen var vanskjøtta og «forhuggen» Vi må oppfatta det slik at leiglendingane i Fresvik dreiv omfattande skogsdrift med sal av tømmer og skurlast utan at den største jordeigaren kunne gripe inn. Utskifting vart gjennomført i 1679. Då vart liene utskifte. Men retten kom til for den største skogsvidda, Fresvikåsen og Otterhjelldalen, måtte alt vere som før då det der var uråd å få til ei fornuftig teigdeling. Men det vart fastsett kor mykje som kunne hoggast ut kvart år, og det skulle peikast ut to ombodsmenn som skulle passe på at skogsdrifta var forsvarleg. Leiglendingane sin del skulle som lovfesta vere skog til drift av bruket og til vedlkehald og nybygging på bruket. Men når leiglendingane hogg skog og skar tømmer for eigar som selde tømmer og skurlast hadde dei sjølvsagt rett på løn for arbeidet. Dessutan måtte dei få godtgjersle for bruk av eigne hestar og reiskap. Men leiglendingane fekk eit uventa motkrav. I følgje Jakob Bøthun hevda lvar Leganger at dei skulle halde såpass hus at dei kunne ta mot både godseigaren og «den geistlige og verdslige øvrighed». Retten hevda at «bøndernes hjemmehuse, udløer, sæl, nøster samt flytningsbåder fandters hel ringe og mangelhaftige» (4). I utskiftingsretten fekk kvar leiglending på Eirik Ivarson sine bruk påbod når det gald hus. Dei fleste skulle byggje sengebu (5).
lvar Eirikson var ikkje nøgde med manglande utskifting. I 1680 tok han opp saka på nytt og då fekk gjennomslag for at Fresvikåsen skulle todelast. Eiga til lvar Eirikson skulle ha og «staten» (Leikanger prestebol og Lektoratet i Bergen) resten. Grunnlaget var at lvar eigde 18,67 laupar i Fresvik, Leikanger prestebol 4,67 laupar og Lektoratet 1,82 laupar. Men det er viktig å ha klart for seg at det var gardane som dei tre eigarane rådde over som sat med retten, ikkje «godseigarane». Skogen kunne altså ikkje skiljast frå bruka.
Leganger-einiga i Fresvikåsen vart i 1723 oppførd med spesiell landskyld på 0,70 laupar, truleg med tanke på skattlegging. Men denne eiga kom ikkje inn i skattematrikkelen som eigen post.
Sager i Fresvik
Vi veit at «Oluf Saugemester» dreiv ei sjøsaga under Holum i 1603, 1612, 1614 og 1618. «Sagi» var eit magert og ekstremt tørkesvakt område som var lite nyttig til jordbruksdrift. For å få vatn fram til sjøsaga vart det bygt ein over ein km lang tilføringskanal, «Sagaraosi» (6). Vatnet vart teke inn frå Storelvi, slik at sagbruket kunne drivast frå tidleg vår til frosten kom på seinhausten. Av di saga låg ved sjøen, kunne tømmer transporterast dit på fjorden, til dømes frå Tingestad allmenning og Frønningen. Det er rimeleg å tru at saga vart bygd alt i siste halvpart av 1500-talet av personar som var engasjert i eksport av trelast. Kan det ha vore lokale «eksportørar» som Dal-slekta på Fimreite eller Tenål-adelen? Ættesoga gir opp at «Oluff Sagemester» var leiglending på Bøtun 1597–1610 (9). Men ut frå oppgåvene ovafor var han på Bøtun minst fram til 1618. I 1601 betalte Ola Bøtun leidang etter ei landskyld på 1,9 laupar.
Etter Ola sagmeister kom Ola Madsson. I ætteboka er han førd opp som leiglending på Skau 1611–1626 og som leiglending på Holum 1630–1641. I 1616 var han lensmann. Ola Madsson betalte sagskatt i Fresvik i 1624, 1629, 1632, 1636 og 1639 (10). Vi må tru at i alle desse åra dreiv han sjøsaga på Holum. I 1636 betalte tre personar sag- og bordskatt for Fresvik sag: Ola Madsson, Peder Madsson og Nils Madsson (10). Det er freistande å tru at dei var brør. Kanskje var Jens Madsen ein yngre bror av dei tre. I 1641 betalte både Ola Madsson og sorenskrivar Jens Madsen sagskatt av flaumsag i Fresvik. I 1642 er Ola Madsson borte og då var truleg Torbjørn Berdal komen til Holum som leiglending.
I 1593 var det rettssak i Bergen mellom eigaren av Lagmannsåsen, adelsmannen Hans Pedersen til Sem i Eiker, og Mads Sagmeister (8). Mads hadde teke seg til rette med skogshogst og bruk av sag utan å betale for seg. Mads ser vi ikkje noko meir til. Men då Mads var eit lite brukt namn, er det nærliggjande å tru at han var far til Ola Madsson Bøtun og dei to andre Mads-sønene. Dersom det var fire Madsson-brør knytt til sagbruksnæringa i Fresvik, og ein av dei var sorenskrivar, var faren Mads neppe vanleg bonde. Kanskje var Mads Sagmeister son til Otte Tenål, for han hadde ein son som heitte Mads og som vi ikkje kjenner opphaldstaden til (1). I tilfelle må Mads ha vore nokså ung då han var på Lagmannsåsen.
Då Ola Sagmeister dreiv sagbruk både i Fresvik og Frønningen i 1603, kan også han ha vore av Tenål-ætt. Det er då nærliggjande å tenkje seg at sjøsaga i Fresvik vart bygd av Tenål-adelen i siste halvpart av 1500talet.
I 1641 kjøpte presten Eirik Ivarson eige i Holum, området «Saven» og sjøsaga av Johan Straarup. Dette var eige som Johan hadde kjøpt i 1634 av Elling Botolvson på Manger og Oluf Ingebrigtson «indvåner udi Bergen» (4). Det siste namnet indikerer at karen var av Tenål-ætt.
Frå 1641 var presten Eirik Ivarson, og deretter lvar Eirikson Leganger, eigar av sjøsaga. Men drifta av sjøsaga gav ikkje berre inntekter. Flaumar kunne øydeleggje vassinntaket og dei årlege kostnadene med å halde den lange sagaråsi i stand måtte vere store. I følgje Jakob Bøthun fekk Eirik Ivarson brev frå statshaldaren om at han skulle vere fri for skatt på sjøsaga, av di han måtte ta imot og hyse så mange ferdafolk, då det ikkje var noko herbyrge i bygda. Men han hadde ikkje noko gjestehus i Fresvik, for ei anna kjelde viser at saka galdt opphald på prestegarden på Leikanger.
I 1647 var leiglendingen på Holum «forarmet» og hadde neppe noko med sjøsaga å gjere. Eirik Ivarson, og seinare lvar Eirikson, må då ha hatt sagmeister ved sjøsaga. Truleg var dette personar som dreiv saga for eiga rekning, men betalte for tømmer og for leige til eigaren. I 1686 var dette Kasper Davidsen. I 1701 var Hans Pedersen, 56 år, sagmeister på Fresvik sjøsag. Han hadde ein tenar, Ola Nilsson 44 år. Hans hadde to søner som båe heitte Jens, 12 og 20 år. Den eldste trur eg kom til Osen i Feios. Ola hadde også to søner. I 1705 var Hans Pederson framleis sagmeister ved sjøsaga (10). Hans og Ola finn vi ikkje som gravlagde i Leikanger prestegjeld.
Sjøsaga kunne drivast i den frostfrie delen av året. Vinterstid må vi rekne med at sagmeister og medhjelpar var sysselsett med å skaffe tømmer til saga. Etter kvart kom eit alvorleg problem fram: Mangel på tømmer. Ein grunn til dette var at gardskogane vart uthogne og at det kom fire flaumsager i Fresvikåsen. Det siste medførte at leiglendingane der nokså ukontrollert kunne sage og selje trelast. I domen for skogutskiftinga i 1679 fekk difor lvar Eirikson inn ein avtale om to tilsynsmenn. Desse mennene skulle sjå til at leiglendingane og hans folk følgde reglane, «ei tagende andre fremmende udbygdere, husmænd, drenge og naboer til sig» (4). Det spørs om det hjelpte, for tilsynsmennene var bygdefolk og eigarane budde langt unna. Retten ville ha slutt på at leiglendingane og hans medskuldige eigenrådig skamhogg skogen og sjølv valde kva sag i Fresvikåsen som skulle brukast, «og forbigåer den ældste og mest berettigede, sjøsagen, som herover vorder stillestående og øde» (4, 5). Det meste av tiltaka mot leiglendingane var vel eigarane einige om, men det siste var det nok lvar Eirikson som fekk inn. Men her konkurrerte lvar med seg sjølv, for han eigde i 1685 tre av fire flaumsagene i Fresvikåsen. Den eine hadde han blitt eigar av etter at faren kjøpte skrivargarden på Bøtun. Ho vart i 1686 drive av Hans Bøtun. Ei anna var knytt til garden Flete og var då drive av lvar Flete og ei tredje var drive av leiglendingen Jens Høgheim. Ei fjerde flaumsag var knytt til den femdelen av Fresvikåsen som Prestebolet og Lektoratet var tildelt, og presten Samuel Bugge stod som ansvarleg (10). I 1705 vart denne saga drive av Ola Breili. I 1705 ser det ut til at to av sagene til lvar Leganger i Fresvikåsen var ute av drift på grunn av mangel på skog og tømmer. Tilbake var berre Flete sag.
Vi følgjer ikkje utviklinga av sagbruksnæringa i Fresvik vidare, men Per Bøthun fortel om store skader på sagbruket av ein storflaum i 1744 (6), og i 1781 vart det gitt nytt løyve for bruk av Fresvik sag. Det gjaldt tømmer frå gardane Otterhjell, Bjørnetun, Høgheim, Bøtun, Flete, Breili, Holum, Grundeland, Tretteteig og Simlenes (10).
Gudmund Balvoll
Kjelder
- Balvoll, G. 2000. Adel på Tenål og i Finden. Pridlao 17(2):32–35.
- Balvoll, G. 2001. Jordbruket i Vik fram til 1950. Vik Lokalhistoriske Arkiv, 232 s.
- Balvoll, G. 2002. Fresvikgodset – var det eit gods? Pridlao 19(2): 58–59.
- Bøthun. J. 1924. Fresvikgodset. Tidsskrift Historielaget for Sogn, nr 6, side 11–36.
- Bøthun, J. 1925. Soga om Fresvikgodset. Gula Tidende Prenteverk, 71 s.
- Bøthun, P. 1965. Leikanger bygdebok. Gardssoga. Leikanger bygdeboknemnd, 542 s.
- Finne-Grønn, S. H. 1945. Leganger'ske optegnelser for årene 1621–1665. Cammermeyers Boghandel, 47 s.
- Heiberg, G. 2001. Godsdannelse i Sogn fra omkring år 1600. Årbok for Sogn 2001. Historielaget for Sogn 47:93–108.
- Lyngvær, R. 1979. Leikanger bygdebok. Ættesoga. Leikanger bygdeboknemnd, 811 s.
- Sæbø, A. I. 2003. Sagbruk i Fresvik. Pridlao 20(1):84–85.