Frå husmannsplass på Balvoll til Nord-Noreg
Vokser her intet? Her vokser alt, mennesker, dyr og grøde. Isak sår. Kvældsolen skinner på kornet, det stritter ut fra hans hånd i bue og synker som en gulddryft i jorden. ...Skogen og fjældene står og ser på, alt er høihet og vælde, her er sammenhæng og mål.
Frå «Markens grøde» av Knut Hamsun.
I Pridlao nr 1 1991 hadde eg eit stykke om husmannsfolk på Balvoll som reiste til Nord-Noreg midt på 1800-talet. Plassen var berre ei stove med ein liten åker. Han låg under Tryti, men jorda kom seinare under Balvoll. Stova låg midtvegs mellom der Ragnvald Balvoll bygde hus og elva Hopra.
Dette er nye kunnskapar og rettingar omkring det som stod i den første artikkelen.
Helge og Sigrid Balvoll
Helge Endreson (1790−1844) og kona Sigrid Oladtr (1798−1860) med borna Sigrid 1831 og Endre 1835 reiste nordover i 1844. Dei hadde gift seg i 1832. I gards- og ættesoga ser vi at foreldra til Helge var på ein plass under Hagen-Bøadalen før dei busette seg på Balvoll. Sigrid var frå lnr 51 Finnen i Arnafjord sokn. Huslyden reiste til Hamarøy i Nordland.
Fleire slektsgranskingar om etterkommarar av Endre 1835 er lagde ut på nettet. Ei av dei har med skjebnen til Helge. Dette gav eit godt grunnlag for vidare gransking av skanna kyrkjebøker for Hamarøy.
Sofie Tiltvik, fødd 1904, skreiv i 1980 ein minnebok der ho fortel at Sigrid 1831 var mormor hennar og at Sigrid på sine gamle dagar budde hjå foreldra hennar. Sigrid hadde fortalt at dei fire «kom flyttende med en jekt til Hamsundpollen». Dette må vere rett, for inderst Helge Endresen Egerdal døydde 28.09.1844. Egerdal ligg ved bukta Hamsundpollen, litt nord for garden Hamsund. Det er uklart kvifor familien kom til Egerdal. Kanskje var det slik at Helge hadde vore med på Lofotfiske og har fått lovnad frå jekteskipper Peter Hartvigsen på Egerdal om at han kunne få busetje seg der som innerst eller husmann. I minneboka skreiv Sofie: «Jeg har hørt at far til min mormor ble enkemann før barna ble voksne. Så min mormor var hos presten Holter til hun giftet seg». Dette er omsnudd! For barnet Sigrid vart farlaus same året ho kom til Hamarøy, ikkje morlaus. Mora derimot gifte seg på nytt 01.12.1846 med ungkar Andreas Johannesson, 22 år. Far hans var gardbrukar «Johannes Mikkelsen Hamsund». Andreas vart gardbruka på lnr 61 Hamsund etter han. På Hamsund var det fire små bruk og som var omlag like store. Sigrid hadde ikkje etternamn då ho gifte seg. Kanskje var ho tenar på Hamsund. Sigrid var 48 år i 1846. Dei to fekk difor ikkje born. Gardskone «Sigrid Olsdatter Hamsund» døydde 26.03.1860 og gardbrukar Andreas Johannesson Hamsund 25.12.1862. På eit anna bruk på Hamsund var i 1865 ein huslyd frå Gudbrandsdalen, medrekna Knud 1859 (seinare den berømte diktaren Knut Hamsun).
På Hamarøy var konfirmantane 17−18 år. Der finn vi også Sigrid 1831 og Endre 1835, men utan tenaradresse.
Sigrid 1831 fortalde lite frå barndomen sin i Vik til barnebarnet Sofie, men sa at dei stundom var på stølen om sommaren. Ho fortalde om to småjenter som drukna i ei elv. Dette må vere i Skjelingen, der morsystra hennar på Midlang hadde fjellstøl.
Sigrid Helgedtr Balvoll (1831−1915) og Fredrik Schytte Olsen (1824−1902) gifte seg 1852. Far til Fredrik var Ole Pederson, fødd 1786 på Hamsund. Ole gifte seg 1813 med Synnøve Chatrine Torbersdtr. Ho var fosterdotter hjå klokkar Fredrik Schytte Opeide. Fredrik 1824 var det femte barnet til Ole og Synnøve. Familien budde i Svartfjell. Dette er ein gard som frå 1964 kom under Steigen kommune. Oppattkallinga var sikkert grunnen til at Sigrid og Fredrik fekk busetje seg på klokkargarden på Opeide, der Fredrik vart sjølveigande bonde. Garden ligg nær kyrkja på Hamarøy. I følgje Sofie Tiltvik hadde Fredrik også ei tid eit tilleggsyrke: Han førde posten over Vestfjorden mellom Tranøy (på nordspissen av Hamarøy) og Kjeøya i Løddingen. Det var ei farefull ferd i dårleg vêr. Dei kunne bli liggjande vêrfast i opptil ei veke utan å få sendt beskjed heim.
Sigrid og Fredrik hadde 8 born som voks opp, 6 døtrer og to søner. Einar Jordanger i Trondheim sende meg minneboka til Sofie og ei lang liste over etterkommarar av Sigrid. Der tel eg opp 44 barneborn! Fem av dei fekk namnet Sigrid.
Sofie Tiltvik skreiv i minneboka: «Hun og hennes mann er gravlagt på den gamleste kirkegården, helt nederst mot Presteide. Kristen Løvseth og jeg kostet en sten på gravstedet. Håper den får stå.» Sofie og Kristen var to av dei 44 barneborna. Innsett fotografi av gravsteinen er henta frå nettet. Legg merke til plasseringa av gardsnamnet Opeide. For SIGIRD OLSEN står det f. Helgesen.
På kyrkjegardane i Vik er det få gravsteinar over personar som døydde før 1920. For Hamarøy kan vi lett samanlikne tal gravlagde personar med dødsår på register over gravsteinar. Då finn vi at i 1915 utgjer dei registrerte 11 % av dei gravlagde, for 1920 19 % og for 1925 38 %. Det spesielle her er at Sigrid fekk varig gravminne tidlegast 20−25 år etter ho døydde.
Endre Helgeson Balvoll (1835–1888), tenestedreng på Uteide, gifte seg 1859 med Ingeborg Anna Mathiasdtr (1825−1909), fødd i Karlsøybotn på Finnøya. Endre hadde dåpsattest frå sokneprest Winsnæs i Vik, datert 10.05.1844. Ved teljinga i 1865 var familien leigebuarar på lensmannsgarden på Uteide. Der var det uvanleg mange leigebuarar og husmenn. Endre var fiskar. Ut frå barnedåp ser vi at dei i 1873 var komne til den vesle øya Tannøya. Der var dei husmannsfolk og hadde i 1875 ei ku, 8 sauer, ei geit og ein liten potetåker. Born: Hans Sigfred 1860, Mathilde Marie Karolina 1864−1952, Edvard Johan 1868−1953, Laura Kristine 1873−1968. Dei tre yngste var ugifte og budde i 1900 saman med broren Hans Sigfred og familien hans på husmannsplassen på Tannøya. Hans Sigfred stod for plassleiga. I 1910 budde dei tre yngste saman på gnr 8/3 Storækra i Sørkil og hadde eit pleiebarn. Edvard var eigar.
I 1906 flytta Hans Sigfred med kone og born frå plassen og vart eigar av gnr 8/23 Sørkil. Denne namngarden ligg aust for Tannøya, ved E6. Ved teljinga i 1910 vart Hans registrert som gardbrukar og fiskar. Men det var eit svært lite småbruk, for i 1907 var skylda berre 0,05 mark. Det var kalla Frydenlund.
Hans Sigfred Endresen (1860−1936) gifte seg 1886 med husmannsdtr Anna Sofie Ellersen (1860−1924) frå Bjerkeneset, Tysfjord. Born: 1. Johanna Fredrikke 1887−1970 (gift 1916 med Kristian Angel Pettersen 1878−1955, dei budde på gnr 1/4 Tysnes med skyld 0,79 mark), 2. Endre Helge 1888−1963 overtok Frydenlund (gift 1922 med Elise Magdalene Rørvik 1895−1980 frå Tysfjord, gravstein på Hamarøy), 3. Einar Emelius 1891−1970, 4. Ingeborg Anna 1893−? (gift 1931 med Reidar Severin Olsen 1896−1967 frå gnr 1/3 Tysnes med skyld 0,12 mark, busett der), 5. Leonarda Josefine 1897−1948 (gift 1922 med Emil Olai Pettersen 1893−1956, ein bror til Kristian Angel, frå 1926 på gnr 67/4, 0,50 mark, i Kalvik i Tysfjord), 6. Alma Helvine 1898−1904, 7. Alfred Nikolei 1900−1983 (ugift, Sørkil, Hamarøy), 8. Selma 1904−1968 (gravstein på Hamarøy).
Garden Tysnes hadde i 1907 seks bruksnummer. Han kom i 1965 under Tysfjord. Men også før dette brukte Tysnes-folka Korsnes kyrkje, som låg i Tysfjord. Frå Tysnes til Kalvik er det i luftlinje berre 10 km. På nettet har ein etterkommar lagt ut fotografi av alle i familien til Hans Sigfred (www.freewebs.com/kalvika)! Einar døydde i Bergen. Det må vere han som kom til Balvoll ca 1948 og spurde om forfedrane sine og ikkje fekk svar. Sonen Henning var to gonger på Balvoll i 1980-åra for å snakke om plassen og slekta. Ei dotter til Leonarda Josefine og Emil Olai var Astrid Alvilde Petrine (1930–2014). Astrid gifte seg med Paul Norvald Jørgensen. Dei busette seg i Bodø og har dottera Hanne-Eva. Paul og Astrid var to gonger på Balvoll og vart gode vener med Ragnvald og Aasa Balvoll og ikkje minst med Inger Balvoll. I 1991 tok Inger foreldra med seg til Bodø (sjå fotografi).
Bodø i 1991. Frå venstre Aasa Balvoll, Ragnvald Balvoll, Astrid Jørgensen og Paul Jørgensen. Foto: Inger Balvoll.
Brita Johannesdtr Geithus (1828−1898)
I 1855 vart Tobias Olsen, 26 år, og Brita Johannesdtr, 27 år, vigde i Hamarøy kyrkje. Han var bror til Fredrik Schytte Olsen og ho dotter til husmann Johannes Olason Geithus. Johannes var bror til Sigrid Oladtr Balvoll. Han hadde reist til Nord-Noreg med kone og born i 1845. Brita hadde før vigsla vist fram dåpsattest frå sokneprest Winsnæs i Vik, skriven 28.04.1843. Brita hadde ei halvsyster som også heitte Brita, men var fødd i 1822 og som også var med Johannes nordover. Dette er ei nødvendig avklaring, for då ho døydde vart fødsels-året gitt opp å vere 1824! Tobias og Brita busette seg på garden Finvik på Hamarøy og fekk fleire born. Sofie Tiltvik skreiv i minneboka si at ho hadde sogneslekt i Finvik. Der hadde ho slekt i dobbel dose, for Tobias var bror til bestefar hennar, og Brita 1828 var søskenbarn til bestemora.
Dette er Leonarda Josefine Endresen, mor til Astrid Jørgensen. I slektsoga for Tysfjord er ho kalla Harda. Far hennar var son til Endre Balvoll.
Adressenamn og familienamn
I Vik var det på 1700- og 1800-talet ikkje vanleg med familienamn. I staden for det finn vi adressenamn: den staden som personen til ei kvar tid budde (medrekna tenaradresser). Dessutan hadde kyrkjebøkene nesten alltid med farsnamnet, med endinga -sen eller -datter, som mellomnamn. Adressenamn finn vi i liten grad for kyrkjebøker og folketeljingar for Hamarøy og Tysfjord på 1800-talet, men vart brukt for Helge Endreson då han døydde i 1844. Familien hadde då berre hatt husvære på garden Egerdal i nokre månader. Etternamnet Balvoll finn vi ikkje i kyrkjebøkene og teljingane der nord. Men gardsnamn kunne bli teke i bruk som familienamn (etternamn) etter at eit bruk vart kjøpt. Det gjeld til dømes for Sigrid Helgedotter Balvoll, men berre saman med Olsen-namnet til mannen (Olsen Opeide). Men oppvekststaden kunne bli brukt som familienamn seinare. Knut Hamsun er eit eksempel (for han vart siste bokstav i Hamsund borte ved ein prentefeil i 1885), og eg har merka meg at på gravsteinen til ein son til Endre Balvoll står det: «Edvard Johan Endresen Tannøy». Det siste var oppvekststaden, ikkje staden der han seinare vart busett. Sist på 1800-talet vart far eller farfar sitt førenamn ofte familienamn på Hamarøy. Ved konfirmasjon på Hamarøy i 1895 vart såleis berre ca 70 % av jentene skrivne inn med tradisjonelt mellomnamn med endinga -datter. Resten var -sennamn. Barneborna til Endre Balvoll på Hamarøy fekk alle som gifte personar -sennamn: Endresen, Olsen og Pettersen. I etterslekta til systera Sigrid er det færre etternamn med endinga -sen. Fredriksen finn vi som etternamn i slekta etter dei to sønene. Minnebokforfattaren Sofie Tiltvik var fødd Olsen. Tiltvik er ein gard på Hamarøy. Slektsnamnet Opeide dukkar opp for etterslekt i Trondheim, mellom anna finn vi her forfattaren Marit Opeide.
Johannes og Brita Balvoll
Dei som overtok husmannsstova på Balvoll etter Helge og Sigrid var Johannes Olason Hagen-Bøadalen (1806–1876) og Brita Johannesdtr Lindehagen (1806−1890) frå Kvamsøy sokn. Dei gifte seg i 1840. Dei var båe husmannsborn. Johannes kom frå same plassen som Helge, men dei var ikkje i slekt. Johannes og Brita fekk: Ola 1842, Brita 1845 og Endre 1847. I gards- og ættesoga er det skrive at familien flytta til Nord-Noreg og dei derfrå reiste til Amerika. Det siste er feil. Men dei reiste frå Vik til Nordland hausten 1859 og vart sjølveigarar i Kikvik i Indre Tysfjord på nordsida av fjorden. I dag er det veg langs fjorden frå Kjøpsvik nordaustover til Kikvik. Men på denne tida måtte dei bruke båt. Garden låg einsleg til. Kikvik var delt i to bruk, lnr 181 og lnr 182. Johannes fekk kjøpt lnr 181 i 1859 for 40 spd. Jordbruksoppgåver i 1865 for lnr 181 Kikvik var: 3 storfe, 12 sauer, 2/8 tønne bygg, 3 tønner poteter. Omrekning til areal for dei to siste oppgåvene er usikker. Men det tilsvarar mindre enn eitt dekar bygg og 1,5−2,0 dekar poteter. Vi må tru at fiske var den viktigaste delen av levevegen.
I 1875 var det to familiar på lnr 181: Johannes og Brita med Endre 1847, og Ola 1842 med kone og born. På bruket var det då 4, kyr, 15 sauer og potetarealet var dobla sidan 1865. Etter at Johannes døydde i 1876 overdrog enkja Brita eigedomen til sønene Ola 1842 og Endre 1847 for kr 240 og med kår for enkja.
Ola Johannesson Balvoll (1842–1879) gifte seg 1866 med Jakobine Kristine Mathisdtr (1844−) frå Fredagsvik i Tysfjord. Dei fekk fem born: Indianna Birgithe 1868, Iverentse Marie 18711964, Emilie Sofie 1873, Jacob Winter 1875, Citona 1878−1930. Her var namnskikkane frå Sogn borte! Ola døydde ung. Dødsårsaka var «almindelig sygdom». Jakobine vart attgift 1882 med Hans Martin Ruthberg Hansen (18211905), enkjemann på garden Tørnes. Hans overtok då rollen til Ola på bruket og dei fekk Ole Johan 1884 og Hansine 1886−86.
Endre Johannesson Balvoll (1847–1883) gifte seg 1883 med Marte Bertine Andersdtr «Botn» (1839−). Då Endre døydde to månader etter bryllaupet, vart han førd opp som gardbrukar i Kikvika. Foreldra til Marte var frå Modalen. Ho blir borte frå Tysfjord.
Deretter var Hans Martin einebonde på bruket nokre år. Men det var borna til Ola som hadde odelsretten. Ved teljinga i 1900 var gardbrukarparet Indianna Birgithe Oladtr (1868−1944) og Johan Peder (1862−1930) frå Nordre Tørnes. Dei gifte seg i 1885. Han var son til Hans Martin i hans første ekteskap! Dei hadde i 1900 fire born. Hans Martin og Jakobine var då kårfolk. Jacob Winter 1875 (son til Ola) og Ole Johan 1884 (son til Hans Martin) var òg på bruket og var fiskarar. I 1910 hadde Indianna og Johan Peder seks born på bruket. Den eldste, Bernhard Johan 1894, vart kalla fiskar, og faren er førd opp som gardbrukar og fiskar. I den nye matrikkelen frå 1886 hadde bruket gnr 24/2.
Brita Johannesdtr Balvoll (1845–1933) gifte seg 1869 med Kristen Peder Olai Olsen (1844−1905) frå Kjøpsnes og dei busette seg på Kjøpneshaugen i Kjøpsnes. Dei fekk fem born, men tre av dei døydde før dei vart vaksne. Kristen var i 1875 sjølveigande gardbrukar og fiskar saman med foreldra hans. Oppgåver for lnr 179 i 1875: 1 hest, 6 kyr, 7 sauer, 2 svin, ca 3 dekar bygg og ca 5 dekar poteter.
Kjelder
Kjelder for folka på Hamarøy nemnde i artikkelen. For folka i Tysfjord er mykje stoff henta frå nettboka «Slektshistorie for Tysfjord kommune» av Finn Rønnebu. Stoffet er der lagt inn med ei fil for kvar namngard.
Gudmund Balvoll