Ekstraskattane på Vangsnes

Publisert i Pridlao 30(1):65–66. 

I 1816 vart det skrive ut to særskattar. Den eine var sølvskatten. Dette var ein skatt som skulle innbetalast i sølvvarer og gi eit sølvfond for den norske staten. Sølvverdien var bunde opp til spesidalar. Den andre var ein inndragingsskatt for den andre pengeeininga på denne tida, riksbankdalar. Dette var pengar som hadde vore utsett for hyperinflasjon, og som i 1816 vart sett til 10 % av den opphavlege verdien. Denne skatten skulle delast på 11 år og skulle i start året utgjere 10 % av sølvskatten. Dette er det gjort nærare greie for under Vik.

Grunnlaget for å skrive ut skattane var svært dårleg. Det mangla gode over syn både kapital og inntekter. Den totale summen vart difor delt på svært skjønsmessig på amta og så vidare ned over i systemet til soknene. Vangsnes låg under Tjugum skipreide. Unntak var gardane Tveit, Øksdal og Hovland som låg under Kvamsøy skipreide. Det var tre valde likningsmenn i kvar sokn. I 1816–17 var det for Vangsnes: Jon Sjurson Vangsnes (Inr 191), Gjest Olason Vangsnes (Inr 195) og Markus Anfinson Hovland. For Tjugum og Systrond skipreide var både skattane i hovudsak lagde på gardbrukarar og kårfolk. For Kvamsøy og Vik sokn vart inndragingsskatten i 1816 også lagt på tenestefolk og vaksne heimeborn. Dette skulle vere skattar på formue og næring. Men denne skilnaden mellom skipreidene viser at det ikkje var klare retningslinjer for korleis inndragingsskatten skulle fordelast.

For Vangsnes, Feios og Fresvik har vi også lister over inndragingsskatten i 1821–22. Denne skatten vart i dette skatteåret innbetalt i spesidalar. Det kjem av at riksbankdalaren var borte frå marknaden. Men vi må rekne med at skattenivået var det same som for 1816/17. For Tjugum skipreide vart det i 1817 kravd inn 2680 rbd, i 1822 368 spd. For å få tal som kan samanliknast har eg difor «indeksregulert» skatten i 1822 tilbake til nivået til riksbankdalar i 1816.

Vangsnes. Sølvskatt i spd og ekstraskatt 1816–17 og 1821–22 i rbd. S = sjølveigar, L = leiglending.

Lnr Skatteytar Sølvskatt,
spd
1816–17,
rbd
1821–22,
rbd
184 Ingebrigt Nilsson, S  3 5 5,1
185 Per Bendikson, S  0 0 2,9
  T. von Krogh, kår  0 2  
186 Malena Andersdtr, L  ½ 3  
  Marta Jondtr, kår  1 7  
  Ola Gauteson, L  - - 2,9
187 Ingebrigt Knutson, L  4 7 4,4
188 Jon Hansson, L  9 10 10,2
189 Tollak Bendikson. S  7 7 5,1
  Bendik Olason, kår  1 0  
190  Frik Kjellson, S 7 7 5,9
191 Jon Sjurson, S 7 7 4,8
192 Hermund Ivarson, L  4 7 8
  Eirik Jonson, kår     1,5
193 Mikkel Nilsson, L 6 11 8
194 Lars Nilsson, S 18 14 18,3
195 Gjest Olason, S /kår 13 13 2,9
  Sjur Sjurson, S     10,2
196  Mons Hansson, S 14 13 14,6
197  Halvar Samuelson, S 6 7 5,9
198  Lasse Anfmson, S 1 2 1,8
         
P.nr   Plassmenn      
38  Kristen Larsson ½ 1  
39 Lars Hermundson ½ 0  
43  Lars Larsson ½ 1  
69 Torstein Hansson ½ 0  

 

På Vangsnes vart både sølvskatten og inndragingsskatten, med små unntak, lagt på bøndene. Grunnen var at på denne tida var det ikkje anna kjend næringsverksemd som kunne vere skatteobjekt. Vi må difor tru at båtbygging, som seinare på 1800-talet vart viktig for fleire vangsneser, ikkje kan ha hatt noko særleg omfang. På Vangsnes var det ei gjestgjevarstove (lnr 198), men det var tydelegvis ikkje nokon lønsam forretning. Det hadde truleg med hamneforholda å gjere, for dei som dreiv gjestgjeveriet i Kvamsøy var jamt over velståande folk. (Men på denne tida var heller ikkje der dette lønsam forretning, for gjestgjevaren på Kvamsøy betalte berre 6 spd i sølvskatt.) Gjestgjevarane på Vangsnes, i Feios og Fresvik dreiv ikkje gardsbruk. Dei i Feios og Fresvik må reknast som husmenn, medan gjestgjevaren på Vangsnes var sjølveigaren. I tillegg til sjølve gjestgjevarstova eigde han ein liten åker.

Offiserar i militære var på denne tida jamt over velståande og hadde høg løn. Dei finn vi i 1816 i Ortnevik, Vik og Fresvik. Den einaste med militær tittel på Vangsnes var pensjonert oberstløytnant Thomas Christian von Krogh som sat som kårmann på småbruket lnr 185. Han hadde gift seg med ein arving av den rike Daae-Munthe-slekta på Vangsnes. Men rikdomen var tydelegvis borte i 1816. Han hadde ikkje eingong sølvvarer til å betale sølvskatt. Men respekten for tittelen var framleies stor: Han vart innført i skattelista med «Hr.» framfor tittelen.

Vi må rekne med at det mellom husmennene var handtverkarar som smedar, snekkarar og skreddarar. Men det må ha vore fattige folk, for dei fire husmennene som betalte litt skatt i 1816 hadde tittelen sjømann.

Den vanlege skatten hadde tidlegare vore bunde til matrikkelskylda. Men for dei to skattane i 1816 er det ingen tydeleg samanheng mellom matrikkelskyld for bruket og skattenivå for bøndene. Her skil Vangsnes seg klart frå Arnafjord sokn. Dei bøndene som betalte mest var busette på Ytre Vangsnes. Lars Nilsson på Inr 194 betalte like mykje sølvskatt som mange av dei mest velståande bøndene i Vik. Dette er elles den einast garden på Vangsnes om ikkje har blitt vidare oppdelt etter 1816. Det er bruket som Ola Hopperstad har i dag. Lnr 186 var eit nærpå like stort bruk på indre Vangsnes. Dette var eit leiglendingsbruk, men dette var neppe grunnen til dårleg økonomi. Hovudgrunnen var truleg dårleg helse. Marta Jondtr Vangsnes og Gaute Monsson Husabø tok tidleg kår (i 1790) og eit par frå Balestrand tok over, men Malena Andersdtr vart enkje i 1811 og borna deira vart alle husmannsfolk. Fattigdomen kjem tydeleg fram i skattelistene. Gardane på Midttun var lnr 189 og lnr 190. Det må på denne tida vore gode gardsbruk. Opphavet var eit storbruk som vart delt ca år 1800 og som hadde vore eigd og drive av to mektige lensmenn etter kvarandre. Dersom vi aksepterer skattenivået i 1816–17 som grunnlag for økonomisk tilstand, finn vi at den lensmannen som delte garden, Bendik Olason, då var fattig kårmann. Den eldste sonen, Ola 1779, øydsla bort mykje av rikdomen. Det får vi greie på i omtalen av Ola Bendikson Vangsnes i dette nummeret av Pridlao.

Ved å samanlikna tala for inndragingsskatten i 1816 og 1821 ser vi at det har skjedd svært små endringar i formue og næringar på Vangsnes på desse fem åra.

Tveit–Hovland 

Dei tre namngardane Tveit, Øksdal og Hovland høyrde til Vangsnes kyrkjesokn, men til Kvamsøy tinglag. Dei kom likevel saman med Vik i skattelistene. Dei fire brukarane der var alle leiglendingar, men betalte likevel mykje i ekstraskattar i 1816 og 1816–17:

Lars Simonson Tveit L, 10 spd, 11 rbd. 
Ola Johannesson Øksdal L, 8 spd, 10 rbd.
Johannes Ellingson, kår, 3 spd, 4 rbd. 
Nils Hermundson Øksdal L, 8 spd, 9 rbd.
Johannes Johannesson, 2 spd, 4 rbd. 
Håvard Hansson, dreng, 0 spd, 2 rbd. 
Markus Anfmson Hovland L, 10 spd, 8 rbd.
Brita Nilsdtr, kår, 1 spd, 2 rbd.
Markus Nilsson, plassmann, 0 spd, 2 rbd.

At det ikkje var skattereglane for Tjugum sokn som vart fylgde, ser vi at ein dreng i Øksdal vart skattelagd. Ein bror til Ola Øksdal, Johannes 1787, var skreddar og han vart skattelagd for di han hadde motteke arv. Han kom seinare til Ortnevik.

Gudmund Balvoll