Ekstraskattane 1816–20 i Fresvik
Publisert i Pridlao 30(1):77–79.
Dette er den siste artikkelen i frå Pridlao om sølvskatten og inndragingsskattane frå 1816 for dei noverande soknene i Vik kommune. Dei er delte på Vik, Arnafjord, Vangsnes, Feios og Fresvik. Ei innføring om desse ekstraskattane er gitt i den første artikkelen.
Likningsmenn i 1816–17 var: Ola Albrigtson Høgheim, Per Olason Otterhjell og Eilif Ivarson Høgheim.
Bruksstrukturen
Med eit par unntak vart alle brukarar av matrikulert jord i Fresvik skattelagde. Den oppsette tabellen for Fresvik gir difor også oversyn over gardsbruka på denne tida. Som for Feios kan vi slå fast at bruksstrukturen i Fresvik var svært stabil i åra 1800–1838. Vi kan difor bruke matrikkelen i 1838 for åra 1816–1820 utan at det skaper problem for tolking av skattelegging og busetnad. Faktisk er det slik at det i dei første åra av 1800-talet var to små bruk som vart delte sist på 1700-talet på nytt vart slegne saman. Det eine gjeld lnr 125 Otterhjell, som jordkommisjonen i 1801 fann var delt mellom far og son (Ola Aslakson og Per Olason) ved at sonen i 1794 hadde fått skøyte på ein del av bruket, medan faren framleis i 1803 var leiglending på ein del av bruket. Det er ein delingsmodell som også vart brukt andre stader, til dømes for Le i Arnafjord sokn. Men innan 1816 var Otterhjell på nytt samla i eitt bruk. Før det må Per ha overteke også foreldra sin del av garden. Men heile Otterhjell vart då rekna som leiglendingsbruk. Ei tilsvarande deling ser ut til å ha skjedd for lnr 106 Simlenes. Der var faren Botolv Johannesson i 1803 leiglending og sonen Johannes Botolvson sjølveigar etter å ha fått skøyte på ein del av garden i 1793. For åra 1816–20 var det på Simlenes berre Johannes som betalte ekstraskatt. I motsetnad til Otterhjell var Simlenes i 1816 blitt sjølveigarbruk. Det var på denne tida også ein annan familie på Simlenes, men det må ha vore ein fattig husmannsfamilie.
Storleik på bruk
Samanlikna med Feios var Fresvik ei småbruksbygd. I 1803 hadde dei fleste bønder i Fresvik 4–6 mjølkekyr, mot 6–8 i Feios. Ein annan målstokk er den nye matrikkelskylda i 1838. I Feios var det då mange bruk som hadde over 4 spd i skyld. I Fresvik finn vi i tillegg til Frønningen berre to bruk over 4 spd.
Vi kan merke oss at lnr 103 Ytre Frønningen ikkje vart matrikulert på 1600-talet, men i 1838 fekk bruket 5,24 spd i matrikkelskyld. Grunnen var at matrikkelen frå gamalt av vart bygd opp omkring vilkåra for matproduksjon.
I 1803 fører jordkommisjonen opp 12 husmenn i Fresvik. Av dei var 7 på bruk under Bøtun og 3 under Hov.
Jordegods i Fresvik
Frå ca 1650 til ca 1730 var mykje av Fresvik eigd av prestane Eirik Leganger på Leikanger og deretter av sonen Ivar i Vik. Dei budde ikkje i bygda og hadde heller ikkje godsforvaltar. Deretter var eiga meir oppsplitta. Men i 1792 hadde kaptein Tomas Meidel fått skøyte på mykje av denne eiga for 2500 riksdalar. Det korrekte historiske namnet på dei son eigde mykje strøgods på denne tida er proprietær – ikkje godseigar.
I 1746 vart det ført opp eit telthus i Fresvik for det Tjugumske kompani. Major Tuchsen flytta frå Balestrand til Bergen i 1745, og dette gir grunnlag for å tru at den nye kommandanten vart busett i Fresvik. Tomas Meidel var sjef 1788–94. Eksersisplassen låg på Høgheim. Meidel busette seg på lnr 110 Holum. Då han døydde i 1809, vart jordegodset overteke av Lars Matias Helle og som busette seg på lnr 110. I 1816 var svært mange av bruka i Fresvik eigde av Hille. Han dreiv sjøsaga under bruket på Holum og dreiv også omfattande handel. Han kjøpte til noko meir gardseige, men i 1812 var Skau selt frå til kaptein Lomann. Då Lomann døydde i 1814, vart Skau kjøpt av staten som sjefsgard for Tjugumske Kompani. Det vart bygd ein stor kommandantbustad på garden. Skattelegginga av Skau tyder på at oberstløytnant Scharffeberg først flytta til Fresvik mellom 1817 og 1820.
Sist på 1700-ta1et hadde det blitt lite lønsamt å vere proprietær. Unntak for dette var eige i bruk med tømmerskog. Grunnen var at det med unntak av tømmer til bruk av vedlikehald av bygningar, var det eigaren som disponerte skogen. Dette må vere hovudgrunnen til at nesten alle bønder i Fresvik i 1816 framleis var leiglendingar, medan dei fleste bønder i Feios då var sjølveigarar.
Etter kyrkjesal 1720-talet vart presteboleige og noko anna geistleg gods samla i det som vart kalla benefisert gods. I 1827 vedtok stortinget at dette godset skulle seljast. Men omkring 1816 må det ha vore nærpå like mykje benefisert gods i Fresvik som i 1723, og då utgjorde prestebolgods litt under /a av samla landskyld. Hille var altså ikkje den einaste «godseigaren» i Feios.
I Frønningen var det store område av fureskog, men lite og ikkje dyrka jord. Dette området vart eigd av Tenåladelen i Vik, men vart i 1651 selt av etterkommarar til Peder Nilsson Lem (1617–1663), gift med bispedotter Abel Ludvigdtr Munthe (1628–1676). Peder var lektor ved latinskulen i Bergen, men tente. truleg mest på forretningsverksemd. Han var av rik og mektig ætt. Etterkommarar vart busette i Frønningen som godseigarar. Dei siste 15–20 åra før 1808 hadde det vore eventyrlege vilkår for trelasthandel, slik at vi ikkje bør tvile på at godseigar Lem hadde sølvvarer og pengar nok til å gjere opp sølvskatten på 195 spd.
Skattenivået
Bøndene i Fresvik betalte mindre skatt enn dei i Feios. Det er to klare grunnar til det: Bruka var mindre og svært mange av bøndene i Fresvik var leiglendingar. Det kan også ha verka inn at 2–3 svært velståande personar betalte ein svært stor del av skatten i Fresvik. Det siste kan ha hatt innverknad ved at ekstraskattane var fordelt på bygdene utan at embetsmennene hadde grunnlag i gode oppgåver for skatteytarane når det gjeld formue og inntekt.
To sjølveigar betalte mykje i sølvskatt, sjølv om dei ikkje hadde store bruk. Det mest spesielle er at Lasse på Tretteteig måtte ut med 16 spd. Ein sjølveigar på eit tilsvarande småbruk i dei andre soknene i noverande Vik kommune, slapp jamt over unna med 5–8 spd. Men Lasse kan sjølvsagt ha vore velståande av andre grunnar enn småbruksdrift.
I Fresvik var det berre to kårmenn som betalte sølvskatt. Den eine var Åmund Person (1747–1820) på lnr 114 Bjørntun. Han var frå Horpedal i Fjærland og hadde kome til bruket ved å gifte seg med leiglendingsenkja Marta Sveindtr (1741–1820) i 1786. Dei var barnlause, og den nye leiglendingen var også frå Fjærland: Anders Olason (Tufte) Bøyum. Åmund måtte ut med 2 spd. Den andre kårmannen var Nils Ivarson Breili (1761–1837) på lnr 136 Hov. Sølvskatten hans var 1 spd. Han hadde kome til bruket ved at han som enkjemann gifte seg med enka Marta Perdtr (1765–1827). Første mannen hennar var Anders Albrigtson. No var det eldste son hennar som sat som leiglending på bruket. I 1803 vart det skrive at Anders hadde kjøpt «eigedomsgodset» av faren i 1782. Men då kjøpesummen berre var litt over 9 rdl, kan dette berre ha vore ein liten part av gardseiga.
Tre husmenn betalte sølvskatt. Den eine var Per Olason (1770–1845). Han betalte ½ spd i sølvskatt. Han var frå øvre Hatleli, men var husmann på Høgheim. Kona hans var frå lnr 123, så difor er det rimeleg å tru at dei var husmannsfolk under dette bruket. Dei fekk fire born som voks opp.
Dei to andre skattebetalande husmennene var på Bøtun. Også dei betalte minstesummen på ½ spd. Kristen Hansson (1766–1832) var på ein plass under lnr 116 («Skrivargarden»), der far han hadde vore leiglending. Ivar Olason Breili (1751–1828) var frå ca 1790 på ein plass som vart kalla Brekken. Kona hans var frå «Skrivargarden».
I Vik og i Arnafjorden var det mange heimeverande born som betalte inndragingsskatt i 1817. Desse gruppene i Fresvik slapp heilt unna denne skatten i 1817. I Fresvik betalte fem kårfamiliar og tre husmenn ekstraskatt i 1820.
Gjestgjevar i Fresvik
I lista for inndragingsskatten i 1820–21 finn vi på «Rykken» i Fresvik gjestgjevar Johannes Johannesson. Han betalte ein nokså symbolsk skatt. «Rykken» er førd opp under kolonnen for gard. Men i nettleksikon finn vi at namnet Rykkinn har vore brukt som namn på vertshus og kroer og tyder «kom inn» (rykk inn). Det noko feilskrive namnet «Rykken» var altså ikkje noko reelt stadnamn. I folketeljinga for 1801 finn vi på Tretteteig ein tenar med namnet Johannes Johannesson. Han var brorson til husbonden, Lasse Olason Tretteteig, og han var då 19 år. Frå oppgåver i kyrkjeboka kan vi slå fast Johannes var fødd i 1782 som uekte son av Johannes Olason «Sagen» (1749–1781) og Kari Johansdotter. Johannes Johannesson Tretteteig gifte seg 1812 med Synnøve Perdtr Høgheim. Dei fekk med stadnamnet Høgheim Mart 1813 og Anna 1815, og så med adresse Fresvik: Johannes 1818, Brita 1820, Ola 1823, Per 1827 og Brita 1829. Ved dåp av Per 1827 er faren oppgitt å vere gjestgjevar. Vi kan dermed slå fast dette er gjestgjevaren i Fresvik i 1820.
Strandsitjar Johannes Johannesson Bøtun døydde i 1853, 74 år. Sjølv om oppgitt alder ikkje stemmer med fødselsåret, må dette vere den same personen som hadde vore gjestgjevar.
Vi kan leggje til at i 1801 var Botolv Monsson Bøtun, 63 år, gjestgjevar. Han var gift med Mart Andersdtr, 49 år, og dei hadde med seg dottera Marie, 18 år. Botolv Monsson «Fresvik» døydde i 1817. Familien kan ha drive gjestgjeveriet fram til 1815–1819, då Johannes overtok. Gjestgjevarstova må ha lege under eit Bøtun-bruk på «strandstaden» i Fresvik. Botolv Monsson og Johannes Johannesson betalte ikkje ekstraskattar i 1816–17.
Snitt av liste for inndragingsskatt i 1826–21. Gards- og personnamn er skrivne med latinske bokstavar, yrke og eigarforhold med gotisk skrift. Øvst står det her «Leilænding», så «Eier og bruger». For Johannes Johannessen står det «Gjestgiver». Skatten er i spesidalarort-skilling. Det var soknepresten Nils Norman som hadde denne flotte handskrifta.
|
|
|
Matr. 1838 |
1816 |
Inndr., rbd |
||
Gard |
Bonde |
Lnr |
laup |
spd |
spd |
1817 |
1820 |
Tingstad |
Torbjørn Petterson, L |
96 |
0,25 |
0.92 |
1,5 |
- |
|
Frønningen, indre |
Ingebrigt Jensson / |
97 |
0,42 |
1,67 |
0,5 |
3,0 |
3,3 |
Lagmannsås |
Nils Endreson, L |
98 |
1,00 |
2,67 |
4,0 |
9,0 |
11,7 |
|
Torstein Olason, L |
99 |
0,50 |
1,53 |
3,0 |
5,0 |
7,3 |
|
Botolv Ellingson, L |
100 |
0,50 |
1,33 |
1,0 |
3,0 |
4,4 |
Stølås |
Ingebrigt Torkildson, L |
101 |
0,60 |
1,33 |
|
2,0 |
2,9 |
Nyborg |
Ola Ellingson, rydningsmann |
102 |
|
0,50 |
|
|
2,2 |
Frønningen, ytre |
Saren Hus Lem, S |
103 |
|
5,24 |
195,0 |
150,0 |
65,5 |
Lagmannsvik |
Sjur Jakobson, L |
105 |
0,13 |
0,58 |
0,5 |
|
|
Simlenes |
Johannes Botolvson, S |
106 |
0,17 |
1,50 |
8,0 |
11,0 |
8,7 |
Svea |
Sjur Ivarson Bøtun, rydningsmann |
107 |
|
0,08 |
|
|
0,5 |
Holum |
Mons Olason, L |
109 |
0,89 |
2,00 |
2,5 |
6,0 |
7,3 |
|
Wollert Krohn Hille, S |
110 |
0,89 |
2,42 |
115,0 |
100,0 |
83,8 |
Grundeland |
Ivar Bendikson, L |
111 |
1,00 |
1,33 |
1,0 |
7,0 |
5,1 |
Skau |
Tolleif Olason, P / |
112 |
2,17 |
4,99 |
5,0 |
7,0 |
36,5 |
Bjørnetun |
Eirik Botolvson Åsen / |
113 |
1,46 |
2,67 |
7,0 |
12,0 |
3,7 |
|
Anders Olason Tufte, P |
114 |
1,46 |
2,67 |
0,5 |
4,0 |
2,6 |
Bøtun |
Sjur Person Grundeland, L |
115 |
2,03 |
4,49 |
5,0 |
10,0 |
8,0 |
|
Hermund Person **, L |
116 |
1,67 |
3,33 |
12,0 |
15,0 |
18,2 |
|
Jon Olason, S / |
117 |
1,56 |
3,99 |
14,0 |
17,0 |
18,2 |
|
Lasse Ingebrigtson Feidje, L |
118 |
0,87 |
1,67 |
1,0 |
4,0 |
5,1 |
|
Ellend Eirikson, L |
119 |
0,87 |
1,67 |
1,0 |
4,0 |
3,7 |
Høgheim |
Per Eirikson Flete, L |
120 |
0,83 |
1,67 |
1,0 |
4,0 |
4,4 |
|
Tomas Olason Hatleli, L |
121 |
0,83 |
1,67 |
1,0 |
4,0 |
4,4 |
|
Ola Albrigtson Hov, L |
122 |
0,92 |
1,67 |
2,0 |
6,0 |
10,9 |
|
Eilif Ivarson Breili, L |
123 |
0,67 |
1,42 |
1,0 |
4,0 |
2,9 |
Flete |
Anders Hansson Ylmeim, L |
124 |
0,50 |
1,33 |
2,0 |
5,0 |
5,8 |
|
Anders Eirikson, L |
125 |
0,50 |
1,33 |
3,0 |
9,0 |
8,7 |
Otterhjell |
Per Olason, L |
126 |
0,58 |
1,50 |
3,0 |
8,0 |
10,2 |
Breili, nedre |
Mikkel Nilsson Vangsnes, L |
127 |
0,67 |
1,50 |
3,0 |
8,0 |
10,9 |
Breili, øvre |
Per Eirikson Flete, L |
128 |
0,33 |
0,83 |
0,5 |
- |
9,1 |
Tretteteig |
Lasse Olason Hov, S |
129 |
0,13 |
1,50 |
16,0 |
19,0 |
29,2 |
Hatleli, øvre |
Lars Olason Skau, L |
130 |
0,17 |
0,67 |
0,5 |
2,0 |
2,2 |
|
Ola Nilsson, L |
131 |
0,17 |
0,67 |
0,5 |
2,0 |
2,2 |
Hatleli, nedre |
Hermund Olason Otterhjell, L |
132 |
0,13 |
0,67 |
0,5 |
2,0 |
2,2 |
|
Anna Albrigtdtr, enkje, L |
133 |
0,13 |
0,67 |
0,5 |
2,0 |
2,2 |
Hove |
Per Botolvson Simlenes, L |
134 |
0,88 |
2,13 |
2,5 |
8,0 |
8,7 |
|
Per Olason, L / |
135 |
0,88 |
2,21 |
3,5 |
9,0 |
3,3 |
|
Albrigt Andersson, L |
136 |
1,25 |
3,75 |
5,0 |
12,0 |
13,1 |
Øyri |
Ingebrigt Botolvson, S |
137 |
0,56 |
1,50 |
4,0 |
4,0 |
2,9 |
Haukenes |
Tomas Olason (1765–1829), L |
138 |
0,33 |
1,17 |
1,0 |
4,0 |
4,4 |
Djupevik |
Jon Botolvson Simlenes, L |
139 |
0,67 |
1,17 |
2,0 |
3,0 |
5,1 |
Vikdal |
Hermund Bøtun** / |
141 |
0,67 |
1,25 |
- |
2,0 |
|
Straumsnes |
Elling Ellingson (1757–1834), L |
143 |
0,17 |
1,42 |
1,0 |
|
|
* Oberstløytnant Christian Fredrik Wilhelm Scharffenberg (1769–1823) var sjef for Jegerkompaniet frå 1814 og var busett på den statlege sjefsgarden Skau, men vi ser at han hadde paktar i 1816. Han betalte ikkje ekstraskattar under Fresvik i 1816–17, men inndragingsskatt i 1820.
** Hermund Person (Vikdal) Bøtun (1772–1836) var leiglending, men eigde Vikdal. I 1816–1 7 betalte Botolv Tolleivson inndragingsskatt, angiveleg som paktar, men vart elles rekna som innerst. Botolv og kona Brita Jakobdtr fekk tre born då dei var i bygda, men kjem bort etter 1825. Det er ikkje klarlagt kor dei var frå.
*** Ingebrigt Jensson Hov (1791–1875) vart gitt opp som paktar av lnr 135 i 1820. Per Olason Holum (1769–1845) vart då skattlagd som kårmann og då med 5,8 indeksregulerte riksbankdalar.