Aldinhagi i Vik

Publisert i Pridlao 9(3):31–32 (1992)

I soga om kong Sverre er det med ei hending på ein stad i Vik som vart kalla Aldinhagi. Eg tek med det som står i «Noregs kongesoger» om dette (7). Hendinga er tidfesta til året 1201: «Baglarane tok då nord gjennom Gudbrandsdalen og kom ned i Romsdalen; der fekk dei seg skuter og drog seg sør med landet. Då dei kom utanfor Sognefjorden, bøygde dei inn der, men fekk hard andror. Dei kom om natta inn i Vik, og tok ei skute frå Jon Stål med alt som på ho var. Sjølv sprang han i land. Jon hadde esla seg sør til Bergen. Han og alle mennene i sprang til skogs, og bøndene gav dei våpen og klede.

Dagen etter for baglarane til Hove og skulle ta bad. Det såg Jon Stål; han var oppi fjellet med atten mann. Då Jon tykte rette augneblinken var komen, sette han ned til gards, og baglarane sprang unna; Jon følgde etter ned til Aldinhage, og drap der ein mann, så snudde han oppetter att.»

Det står følgjande forklaringar i margen i boka: Jon Stål, venteleg sysselmann i Sogn; han var lendmann i 1217, og ætta hans sat på Kvåle i Sogndal. Aldinhage, bortkome namn, no ein del av garden Sjøtun i Vik.

Aldenhaug - 2019

Aldenhaug slik det ser ut i dag. Sjølve haugen i framgrunnen med flaggstong på. Foto 2019: © Google

Aldinhagi – Aldenhaug

Eg har funne følgjande som har, eller kan ha, med staden «Aldinhagi» å gjera:

  1. I «Norske Gaardnavne» står Aldinhagi oppførd under bortkomne stadnamn i Vik i Sogn (9). Det blir vist til eit dokument frå 1611 der Allehoug vart omtalt som identisk med «Klockergaard». Det vart konkludert med at «Allehoug» må vera det same som «Aldinhagi» i 1201. I 1667 og 1723 vart bruket kalla «Klockergaard». Det kjem også fram at «Klockergaard» saman med Hofsviki seinare utgjorde det meste av garden Sjøtun.

  2. Av bygdeboka for Vik går det fram at denne klokkargarden var eit lite bruk ved eller nær osen av Hopra (6). Jorda låg truleg på båe sider av elva. Bruket hadde høyrt inn under Hopperstad og hadde vore bustad for klokkaren til hovudkyrkja. Omkring 1650 budde det ein leiglending på bruket. Han var «forarmet» (dvs han var for fattig til å betale skatt). I 1666 var sånaden 1,5 tynner korn, og det var 4 naut og ein hest på bruket. Eigedommen hadde då nyleg fått stor skade på åker og eng av fjellskred og elveflaum. Bruket vart i 1733 og seinare kalla for Skaffargard, truleg fordi det hadde budd ein skyss-skaffar der ei tid. I 1801 var Skaffargarden, Hovsviki og ein part av Sæbø slege saman til ein eigedom som hadde fått namnet Sjøtun.

  3. Sjøtun vart også kalla «Aall-garden». Denne garden, som i dag er sterkt oppdelt, vart omtalt i Pridlo årgang 7, nr 2 1990, side 26.

  4. I ein artikkel i «Mål og Minne» fortel Arnfinn Brekke (rektor i Oslo) at på garden «Havnen», som opphaveleg var ein del av Sjøtun, er det ein låg haug (eller eit opphøga område) som blir kalla Aldenhaug (2). Brekke hevdar at det ikkje kan vera tvil om at «Aldenhaug» er identisk med «Aldinhagi» frå sagatida. Han meiner at namnet «Allehoug» i 1611 er eit prov for det, og skriv: «Ombytningen av andet led hagi med haug har altsaa fundet sted før gaardnavnet gik over til lokalitetsnavn.» Han skriv også: «Aldinhagi maa vel være enstydig med gn. aldingardr, frugthave, og synes at henvise til frugtavl i middelalderen.»

  5. I bygdeboka fortel Eva og Per Fett om eit funn på garden Sjøtun: «Det kom frå Aldinhaug ved Hamnen, der flaggstongi no står; haugen ligg litt upp frå flaten og 20 m frå sjøen» (4, side 108). Funnet var frå den tidlegaste vikingtida og var: eit sverd, ei øks, ei lita smitang, eit grev og ein gullring. Lengre framme i same artikkel (side 65) står det: «Aldinhagi, som ligg der Hamnen er no, og som har vore «en væsentlig Del» av den garden som no er Sjøtun, hadde eit namn som tyder frukthage; det er knapt førhistorisk, men viser heller til epleavl i millomalderen.»

  6. I ei nyare stadnamngransking er haugen kalla Aldenhaug (5).

  7. I bygdeboka er det gitt eit historisk oversyn over jordbruket i heradet (3). Der er det også skrive litt om fruktdyrking i Vik i gamal tid, og det står følgjande: «Elles er det alt i 1201 nemnt i Sverre-soga at det var ein «aldinhagi» i Vik, ein frukthage millom Hove og Vikøyri, men kor det var er ikkje godt å segja. Det har vore gissa på at det kunde vera i Sjøtun, men det kan vel lika snart ha vore i Vange eller Sæbø (Sjøtun høyrde nok i den tidi under Sæbø, og var vel ikkje alt då eige bruk). I 1594 og i 1597 er det nemnt skatt «aff allehauge», og det må vel vera aldehagen som er meint.»

Før eg drøftar desse utsegnene nærare, må eg koma inn på kva tyding og skrivemåte ord som «aldin» og «hage» har hatt opp gjennom tidene.

Aldin

«Aldin» er eit gamalnorsk ord for frukt. Det vart som oftast avgrensa til frukt på tre (1). Stadnamn med ordet «aldin» vart etter kvart til samansetjingar med: «alde», «alda» og «alle», som: «allegarden» og «aldehagen» (1). «Alde», og andre liknande ord om frukt, gjekk ut av språket i Sogn på slutten av 1800-talet. Men det har vore brukt av gamle folk heilt opp til vår tid. Ove Arbo Høeg (1) siterer såleis ein bonde frå Aurland som hevda at «de mao ikkje eta ugjorde alde, de faor krim tao da.» (Ugjorde = umogen).

Gard

Ordet «gard» (som kunne tyde eit inngjerda jordstykke slik vi i dag brukar or» det i kyrkjegard) var både før og etter 1201 brukt om det vi dag kallar hage. I gamalnorsk var «aldingard» ein stad med fruktre innanfor eit lite inngjerda jordstykke (8). «Gard» (gardr) var det einerådande ordet for «hagebruks-hage» på 1200– og 1300–talet (grasgard, kvanngard, laukgard, eplagard).

Hagi

Ordet «hagi» stod på gamalnorsk for heimemark eller hamnehage, altså grasmark som (ofte) var inngjerda. På Island tyder ordet «hagi» i dag beitemark.

Etter dansk påverknad fekk ordet «hage» etterkvart overtaket i tydinga «hagebruks-hage». Men ordet «hage» i tyding beitemark har vi framleis i ordet «hamnehage». I Vik er det fleire stader som heiter «Hagen» (td Hagen på Hove og Hagen og Låningshagen/Løyningshagen på Bøadalen). Dette er område som har vore hamnehagar.

Aldinhagi eller Aldingardr

Sokneprest (og hagebrukshistorikar) Olafsen hevda at «Aldinhagi» i Vik i 1201 er første gongen ordet «hage» er funne i skriftlege kjelder i tydinga frukthage (8). Etter mitt syn er dette tvilsamt. Den naturlege tolkinga av namnet er at det innanfor eit inngjerda beite voks tre som bar frukt/bær. «Aldin» kan til dømes ha vore ville eller forvilla kirsebær.

Kva ordet stod for har betydning for vurdering av storleiken av «Aldinhagi». Dersom det var ein ekte «aldingard» i 1201, var det eit innegjerda område på 90–200 kvm. Dersom det var eit område som tidlegare hadde vore beite, kan det i 1201 ha vore ein jordeigedom (bondegard).

Hage = «hauge» 

Det danske ordet «have» i tydinga «plass for dyrking av hageplanter» var heilt fram til ca 1850 som oftast skrive «hauge». Dette ordet finn vi difor i del fleste norske kjelder som omtalar hage= bruket frå 1550 til 1850. Men skrivemåten var svært ustabil på 1500– og 1600–talet. Vi kan til dømes finna «Æblehafue» og «Abellhaffve» om eplehage.

På dansk var norsk «haug» eit heilt anna ord: «høi» eller «høj».

Etter at dansk vart skriftspråk oppstod det difor ofte forvekslingar mellom dei norske orda gard (i tydinga eit innegjerda jordstykke for hagebruk), hage og ordet haug.

Av «Norske Gaardnavne» går det fram at i tillegg til «Aldinhagi» i Vik var det i sagatida i Høyland på Jæren ein gard med tilsvarande namn: «Aldinnghage».

Denne garden vart i 1416 skriven som «Aldenshaga» og i 1563 som «Oldenhaffue». Det siste viser tydeleg at «hage» har blitt omsett til det danske ordet haffue/hauge/have.

Ser vi så på nytt på namnet «Allehoug» i Vik i 1611, kan det ha vore ein dansk skrivemåte for Aldehage.

Utdraget frå bygdeboka ovanfor (punkt 7) viser at det i 1594 og 1597 vart betalt skatt «aff allehauge». Men på denne tida vart det ikkje betalt skatt for frukthagar.

Vi veit at det då somme stader vart lagt tiende på «humlehagar», men elles var det ikkje skatt innanfor det som vi i dag kallar hagebruk (7). Altså må skatten «aff allehauge» vere landskatt - på ein eigedom.

Eg vonar at ein eller annan iherdig granskar vil finne fram til kva dette gjeld i dei gamle skattelistene.

Påstanden min er at skatten i 1594 og 1597 gjeld eigedommen Aldehagen ved osen av Hopra.

Konklusjon

Aldinhagi var i 1201 ein eigedom som låg ved osen av Hopra. Tydinga av namnet kan vera: «frukttre på eit inngjerda beiteområde».

Omkring 1590–1610 var namnet på garden Aldehagen. Den dansk skrivemåten var Allehauge og Allehoug. Det siste kan tyde på at gardsnamnet heldt på å endre seg til Aldehaug. Frå ca 1610 fekk eigedommen andre namn.

Det opphavelege namnet levde vidare med Aldenhaug: ein låg haug i bakken vest for elva Hopra ca 150 m frå brua over osen. På haugen står ei flaggstong.

Årsaka til namnskifte frå -hage til -haug kan vera:

  1. påverknad av dansk skrivemåte for ordet «have»,
  2. at «Aldehaug» låg i «Aldehagen», eller
  3. at namnet vart avgrensa eller endra av andre grunnar.

Kjelder

1. Arbo Høeg, O. 1976. Planter og tradisjon. Universitetsforlaget.
2. Brekke, A. 1922. Aldinhagi. Maal og Minne, s. 158.
3. Brekke, O.A., og J. Laberg. 1956. Jordi og bonden. Bygdeboka for Vik, bind I, s. 359.
4, Fett, E. og P. 1956. Det førhistoriske Vik. Bygdeboka for Vik, bind I, s. 52–138.
5. Holstad Smedsdal, S. 1989. Stadnamntydingar. Pridlao 6(3):41.
6. Hoprekstad, O. (Red.) 1956. Sjøtun. Bygdeboka for Vik, bind III-2, s. 693–695.
7. Hødnesbø, F., og H. Magerøy (Red.) 1979. Noregs kongesoger, bind 3, s. 258. Det Norske Samlaget.
8. Olafsen, O. 1898. Havebrug og Frugtavl i Norge i Middelalderen. Selskabet «Havedyrkningens Venner».
9. Rygh, O. 1919. Norske Gaardnavne, bind 12, s. 170.

Gudmund Balvoll