Innføring

Gards- og ættesoga er i stor grad bygd opp som «Bygdabok for Vik i Sogn» bind III. Namnegardane er eit viktig utgangspunkt, men til skilnad frå den gamle bygdeboka er busetnad også omtalt områdevis. Døme på slike område er Hola (Holen) på Seljadalen, Røysane-Sæbø på Flatbygdi, Åsberget i Indrefjorden, Salbu på Vangsnes og nyare bustadfelt som Hopperstadmarki og Prestberget i Vik og Tråna på Vangsnes. Nokre undergrupperingar er brukte for å motverka at det blir så mange eigedomar eller hus at det blir vanskeleg å finna fram. Fleire område har eigedomar frå to eller fleire namnegardar. Husa på Vikøyri ligg såleis under Grov, Sæbø, Sjøtun og Almenningen.

Skrivemåte for gardsnamn er i samsvar med dei nye vedtekne namna. Skrivemåten for gardsnamnet i tidlegare tider er med, rett etter gardsoverskifta. NG står for verket «Norske Gaardnavne», som kom ut sist på 1800-talet, VIK for «Bygdabok for Vik i Sogn» og Ba for bygdeboka «Balestrand» av Jon Laberg.

Tida før 1647

Granskingar av åkerreiner på Le har vist at der var det faste kornåkrar alt 2000 år f. Kr. Husdyrhald starta nok endå tidlegare. Følgjeleg må det då ha vore drive jordbruk mange stader både i Vik, i Arnafjord sokn og på Vangsnes utan at det er påvist ved arkeologiske utgravingar. Kanskje flytta folka lenge bustad mellom strandområde, dal og fjell med årstida.

Sikre opplysingar om gardar har vi frå sist på 1200-talet. Omkring 1340 var med få unntak alle noverande namnegardar busette. I tillegg kom Åsen i Vik og Kalhagen på Nese i Arnafjord sokn. Det budde truleg like mange menneske i bygdene våre først på 1300-talet som det gjorde sist på 1600-talet. Vi kan sikkert seia at fleire gardar som i dag er avfolka, som Svardal og Hellane, var skattelagde gardar før Svartedauden.

I åra 1350–1550 låg dei fleste av gardane på dalane i Vik øyde. På Seljadalen var alle gardar ned til Fosse utan busetnad i det meste av øydetida. Unntak var kanskje Åse. På Ovrisdalen budde det i 1522 folk i Refsdal og på Ovri. Resten av gardane, medrekna Orvedal, låg øyde. På Bøadalen var det ingen fast busetnad i øydetida før ein kom ned til Bø. I boka «Jordbruket i Vik» er det rekna med at i 1522 var det berre 8 aktive gardsbruk i Arnafjord sokn, mot 50 omkring år 1300. I sjølve Vik var det i 1522 i alt berre 39 gardsbruk, medan det i boka er rekna med 124 bruk i året 1300.

I denne boka følgjer vi brukstalet for namnegardane frå 1563. Omfanget av gardsdrift kjem til ei viss grad fram i skattematrikkelen, første gong i 1647. Personopplysingane vi har for 1600-talet er så mangelfulle at få ættegreiner kan førast lengre tilbake enn år 1700.

Matrikkel og skyld

Ved hjelp av skattematrikkelen kan vi følgja bruksutviklinga nokså bra frå 1647 fram til i dag. Kvar namnegard hadde frå 1663 sitt eige nummer, men den vidare oppdelinga i bruk var nokså uklar. Systemet var uendra fram til 1838. Då kom ein ny matrikkel der kvart bruk fekk eit løpenummer (forkorta til lnr i boka). Nokre få av desse nummera var ikkje busette eigedomar.

Frå 1667 til 1838 var bruksstrukturen nokså stabil. Det er difor valt å bruka lnr-systemet som grunninndeling i gardssoga også tilbake på 1600- og 1700-talet. Frå 1838 til 1886 skjedde det ei sterk bruksdeling og omfattande kjøp og sal av jord og driftsrettar. Då nummersystemet var låst, vart oppdelingane markerte med bokstavtilføringar på ulik vis. Særleg for bruk som vart slegne samman og deretter delte i fleire partar, blir nummereringa komplisert. Men ein føremon med systemet at det likevel gir eit godt innsyn i korleis oppdeling og samanslåing skjedde. Andre føremoner med å bruka systemet i gards- og ættesoger er at det jamt over plasserer nabobruk inn til kvarandre og at vi lett finn fram til tilvisingar i boka utan å gå vegen om innhaldslista. Men inndeling etter lnr ser likevel ikkje ut til å ha vore brukt i gardsoger tidlegare.

I 1886 kom det ny matrikkel med gards- og bruksnummer, slik vi har det i dag. Skrivemåten for systemet er i boka forkorta til bnr med skråstrek som markering mellom gards- og bruksnummer.

Skattematrikkelen var frå først av bygd opp kring landskyldvara smør. Vekteiningane for smør var laup, pund og merke. Det var 3 pund i ein laup og 24 merke i eitt pund. Her er desse einingane omrekna til eit desimalsystem med laup som grunneining. Ein laup tilsvara 15,5 kg smør. Før 1800 eigde dei fleste bønder i området ikkje gardane sine. Dei betalte ei årleg landskyld til eigarane. Denne skylda samsvara til ei viss grad med matrikkelskylda (skatteskylda). Landskylda vart betalt med fleire ulike landskyldvarer. I våre område var det mest smør, huder, skinn og korn. Denne verdisetjinga vart brukt ved kjøp og sal av bruk, og ved arveoppgjerd, langt inn på 1800-talet. Når oppgåvene er brukte i boka, er dei omrekna til laup med desimalar. I den nye matrikkelen i 1838 vart matrikkelskylda korrigert for å få betre samsvar med produksjonen på bruket. Informasjon om endringane er gitt i boka «Jordbruket i Vik». I den nye matrikkelen vart skatteskylda gitt opp i pengesystemet på denne tida: spesidalar (spd), ort og skilling. Det gjekk 24 skilling i ein ort og 5 ort i ein spesidalar. Desse oppgåvene er omrekna til spd med desimalar. I middel låg skyldverdiane for ein spd 2,5 gonger over skyldverdien av laup.

I den nye matrikkelen i 1886 vart einingane skyldmark og øre, med 100 øre i ein mark. Jamt over låg verdiane i mark 1,4 gonger høgare enn verdiane i spd. I dette nye systemet vart matrikkelskylda endra ved frådeling av jord og rettar utan at det førde til nytt bruksnummer. For mange låge bruksnummer gjekk difor matrikkelskylda nedover. Men nummer kunne òg bli slegne saman. Nye, høgare nummer for namnegarden kjem til etter som tida går. Vi kan difor ikkje lesa ut av nummeret kva for bruk den nye eigedomen kjem frå. Eit nytt bruksnummer under Hopperstad i 2008 kan til dømes koma på Hopperstad, på Balvoll eller vera ei hyttetomt i Nyastølli ytst på Bøadalen. Av di eigedommane blir omtalt under det opphavlege bruket, eller i eit område utan opphavsgard, er det ei ulempe at det for store namnegardar lett blir leiting i teksten når utgangspunktet er bruksnummeret. I den generelle omtalen av Vangsnes er det kome med ein hjelpetabell med stigande bruksnummer for garden og med korresponderande lnr og områdenamn. Av plassomsyn er ikkje slike tabellar teke inn for andre store namnegardar. Systemet med skylddeling vart avvikla frå og med 1980. I staden kom målebrev. Men gards- og bruksnummer blir framleis nytta.

I dei to gamle bygdebøkene vart bruka gitt eit stigande nummer innan namnegarden i rekkjefølgje med omtalen. Dette nummeret var ikkje identisk med bruksnummeret i matrikkelen. I boka er ei slik «kunstig» nummerering berre brukt for strandsitjarar på Vikøyri og Vetleøyri, og det er brukt for husmenn eller plassar der det var mange plassar på namnegarden. For Vangsnes, Vikøyri og Vetleøyri er omtale av husmenn, strandsitjarar og andre busette gitt i alfabetisk rekkjefølgje etter fornamn. Som regel er det «husbonden» i familien som er alfabetisert. Men ein del kvinner er også med. Framfor nummer på Vikøyri står det v, til dømes v130 Botolv Henrikson Vikøyri v318. Det siste nummeret viser familien han kom frå. For Vetleøyri (Seimsøyri) er tilsvarande bokstav s. Ein meir omfattande omtale er gitt i innleiinga for det alfabetiske systemet for Vikøyri og Seimsøyri.

Skipreide og kommunegrenser

Dei gamle skattelistene vart delte inn etter skipreida. Listene er viktige både i gards- og ættesoga. Dei områda som boka omfattar høyrde inn under tre skipsride: Vik, Kvamsøy og Tjugum. Namnegarden Vangsnes låg under Tjugum skipreide, medan resten av gardane som vi her har teke med under Vangsnes sokn: Tveit, Øksdal, Hovland, Juvik og Gotevik, låg under Kvamsøy skipreide. Det siste galdt òg Liktvorane, Svardal og Svolsviki i Arnafjord sokn.

Løpenummersystemet vart lagt opp etter skipreida. Tveit–Gotevik har såleis lnr 1–7 i Kvamsøy skipreide, medan Vangsnes har dei siste løpenummera i Tjugum skipreide: lnr 184198. Liktvorane i Vik var lnr 9 i Kvamsøy skipreide og nummereringa heldt fram med gardane mot Arnafjorden. Gardar med lnr 12 og 13 i Kvamsøy skipreide har vi teke med sist i del 3, sjølv om lnr 12 Røyrvik og lnr 13 Limmesand frå gamalt av og fram mot vår tid har høyrt til Arnafjord sokn. Arnafjord sokn (del 4) i denne boka har lnr 1463. Bruk i Vik skipreide fekk i 1838 lnr 1–41.

Vik kommune omfatta før 1964 soknene Vik, Arnafjord og Kvamsøy. Ved regulering i 1964 gjekk Kvamsøy sokn til Balestrand, medan Vangsnes, medrekna gardane Tveit, Øksdal og Hovland, vart overførde frå Balestrand til Vik. Gardane Juvik og Gotevik hadde høyrt til Vik kommune også tidlegare. I 1992 kom òg Feios og Fresvik inn under Vik kommune.

Etter overflytting i 1964 fekk fire namnegardar nye gardsnummer: Vangsnes, som før hadde 72 fekk 97, Tveit fekk 98, Øksdal 99 og Hovland 100. I boka er dei nye gardsnummera brukte også for åra 1886–1964.

Før 1807 høyrde Kyrkjebø inn under Vik prestegjeld, og før 1849 høyrde Vangsnes med Tveit, Øksdal og Hovland inn under Leikanger prestegjeld, deretter under Balestrand prestegjeld.

Særleg folka i Arnafjord hadde mykje samkvem med folk i Kvamsøy sokn på andre sida av Sognefjorden og med Ortnevik sokn i Kyrkjebø (no i Høyanger kommune). Det førde til mykje inngifte og flytting mellom dei tre soknene. Til Kvamsøy sokn høyrde gardane: Koldingsnes (Kollangsnes), Brekke i Lånefjorden, Bolstad, Lønne, Kvist, Ytre Nesse, Indre Nesse, Nokken, Ytre Tennefoss, Indre Tennefoss, Sagi, Tusvik, Sæle, Linde, Kvamme, Kvamsøy, Engum, Naustvoll, Målsnes, Kallestad, Hanevik og Stokkebø. Under Ortnevik reknar vi her: Fitje, Brekke, Øvre Tune, Nedre Tune, Sande, Mjølsvik, Indre Dyrdal, Ytre Dyrdal, Slantevik, Tangen, Heggenes, Skultestrand, Fuglsbø og Vamråk. Namnet Kyrkjebø er under omtale av gardar og folk i Arnafjord sokn mykje brukt for resten av Høyanger kommune. Med tanke på kjeldebruk er det skrive Kyrkjebø i staden for Høyanger kommune.

Balestrand kommune omfatta lenge også Fjærland. Dette området ligg i dag under Sogndal kommune. I boka brukar vi vanlegvis Fjærland som områdenamn både for bygda og gardar langs Fjærlandsfjorden og for folk som kom frå eller flytta til området. Avgrensinga mellom Balestrand og Leikanger er òg problematisk. Men i boka reknar vi gardar i det vi her kallar Eitorn krins inn under Leikanger. Det gjeld: Tenningåsen, Tenningen, Hella, Rud, Flete, Vestreim, Eitorn, Eitorngjerde og Suphamar.

Jordbruksteljingane

For 1800-talet er det i stor grad teke med jordbrukoppgåver frå 1845, 1865 eller 1875. For korn var oppgåvene på denne tida volum av såkorn og for poteter volum av setjepoteter. Volumet var gitt i tynner. Hausta avling var gitt som foll av så- eller setjevolumet. Desse oppgåvene er omrekna til areal i dekar (daa). Dei som ønskjer å setja seg inn i omrekning og avlingsnivå kan lesa om dette i «Jordbruket i Vik». Husdyroppgåvene på denne tida var oppteljing pr 31. desember. Det var altså berre vinterfôra dyr som kom med. Vi må særleg ta omsyn til at dei fleste gjøgrisar vart slakta før jul, men at dei då ofte var over eitt år og såleis vart fôra over ein vinter.

Leiglendingsrettar og odel

Før 1770 var dei fleste bønder i Vik leiglendingar. Dei eigde ikkje jorda og husa på bruket og hadde avgrensa råderett over skogen. Men dei hadde rett til å driva bruket på livstid. Denne bruksretten var godt verna. Leiglendingane kunne såleis selja bruksretten sin til andre utan at eigaren kunne leggja seg bort i det, og dei kunne byta «gardar». Meir stoff om leiglendingstida finn du i «Jordbrukt i Vik». Bruksretten gjekk også i arv. Berre når eigaren sjølv hevda «buslit», det vil seia at han måtte overta drift for å skaffa seg ein fullverdig leveveg, kunne han overta drifta av heile eller halve bruket. Men då ein leiglending hadde kontrakt på livstid, kunne full overtaking berre skje ved generasjonsskifte. Ofte lokka eigaren med kår for å få til ein tidleg overgang. Ein deleigar kunne òg krevja deling, sjå lnr 188 Vangsnes. Når ein eigar elles ville overta drifta, hadde slekt av leiglendingen forkjøpsrett.

For å hindra at leiglendingsborn brukte forkjøpsrett, kunne eigaren gjera avtale med leiglendingen om å skøyta bruket over på leiglendingen, mot at han straks skøytet bruket over på eitt av borna til eigaren (sjå til dømes lnr 33 Fosse). «Premien» var ofte godt kår.

Leiglendingsrettane likna mykje på vanleg odelsrett, men det var eitt viktig unntak: når ei leiglendingsenkje gifte seg på nytt, kunne den nye mannen forlanga å få overta bygsla på livstid, og det var borna hans som deretter hadde førsteretten til bygsla. Det galdt også om han ikkje fekk born med enkja, men med ei ny kone. Gamle leiglendingsenkjer var altså tiltrekkjande gifte for ungkarar i alle aldrar.

På sjølveigarbruk var det born av første ekteskap som hadde odelsrett. På 1700-talet var odelsretten slik at dersom ei enkje på bruket gifte seg på nytt, kunne born av første ekteskap nekta den nye ektemannen i å driva bruket (sjå lnr 51 Orvedal). For første halvpart av 1800-talet kan vi merka oss at når ein sjølveigar døydde, kunne ikkje ektefellen overta eigedomen, men bruket vart av skifteretten skøytt over på eitt av borna. Ved tidlege dødsfall kunne difor bruket bli «lagt ut» til ein liten gut eller ei lita jente (sjå lnr 93 Espesete).

Husmenn med ektefelle fekk frå litt ut på 1700-talet rett til å sitja på plassen for livstid. Born hadde ingen rett til å halda fram på plassen, men vi ser likevel at på svært mange plassar fekk eitt av borna ny kontrakt. Dei som gifte seg med ei husmannsenkje hadde ingen rett til plassen når enkja døydde. At ein slik enkjemann vart jaga frå plassen, var uvanleg, men det skjedde for Ola Knutson Seimsøyri på ein plass på Breidi (sjå under lnr 120 Hopperstad).

Oppbygging av ættesoga

Ættesoga er bygt opp etter eit fast system. Følgjande eksempel er teke frå lnr 40 Vetle-Nummedal: Anders Olason Nummedal (1759–1828) & 1782 Brita Helgedtr Føli (1758–1816) frå lnr 22 fekk borna: Ola 1783–86?, Marta 1785, Helge 1789–89, Ola 1789–89, Ingeborg 1790 (lnr 36 Nummedal), Lussi 1792 (lnr 77 Øvre Hove), Eli 1795–1832 (ugift i Nummedal).

Førenamnet på barn er følgd av fødselsåret. For personane som døydde som born eller som unge ugifte på garden utan å ha fått born, er også dødsåret ofte kome med. I eksemplet gjeld dette tvillingane Helge 1789 og Ola 1789. Også Ola 1783 døydde truleg liten, men her er dødsåret usikkert. For Ingeborg 1790 og Lussi 1792 er det ei tilvising til kor dei vart av. For Marta 1785 er det inga tilvising då ho vart leiglendingskone på bruket etter Anders og Brita. For ekteparet står fødselsår og dødsår i parentes. Namna på dei to er samanbundne med & 1782, noko som viser at dei gifte seg i 1782. Vi ser at Brita 1758 var frå lnr 22 Føli. For Anders er det ingen slik tilvising, då han var frå bruket. I ny tid er mange sambuarar. Her er namna førde opp med & sb.

Den første kyrkjeboka for Vik prestegjeld er frå 1727. Når fødselsår manglar, har vi i stor grad rekna oss tilbake til tilnærma fødselsår. Desse tala er tekne med utan merknad om at dette er usikre årstal. Fram til 1820 er kyrkjebøkene for prestegjeldet mangelfullt førde. Særleg ille var det i åra 1785 til 1817 då Jakob Thode var prest i Vik prestegjeld. Vi manglar ofte både fødsels- og dødsår. Også her er det sett inn utrekna tal, dersom vi har grunnlag for det. Viktige kjelder for manglande fødselsår er konfirmasjonslister og alder ved død i kyrkjeboka og for sist på 1700-talet: folketeljinga i 1801. Seinare har vi brukt jordbruks- og folketeljinga i 1865 og 1875 og folketeljinga i 1900.

Kyrkjebøkene for Leikanger byrjar alt i 1690. Også her er det mangelfull innføring. Det gjeld særleg dødsfall. Alder ved dødsfall avvik ofte 5–10 år frå det rette både for Vik og Leikanger prestegjeld. Spesielt for Leikanger prestegjeld er at alder for dei som gifte seg lenge vart avrunda til heile 10 år, og desse årstala er ofte sterkt misvisande. Stundom er feilen 20–25 år.

Skifta etter dødsfall har vore viktig både for dei som arbeidde med dei gamle bygdebøkene, og for oss, for å finna fram til slektningar, stundom òg for dødsår.

Vi gjer merksam på at tilvisingane i denne boka er langt meir omfattande enn i dei først trykte hefta.

Ved slektsgransking blir databasar for kyrkjebøker, folketeljingar, skifter og liknande meir og meir brukte. I 2022 er alt dette samla på ei side for Digitalarkivet på nettet. Mykje av dette er skanna materiale. Det som tidlegare fanst av lokale databasar er no borte. Men mange tilleggsopplysingar både om personar og gardar finn vi i dei gamle bygdebøkene og utvandringsboka "Ein stad skal ein vera". Dessutan tilrår vi boka "Jordbruket i Vik" frå 2001 av Gudmund Balvoll og mykje stoff i "Pridlao".

Reglar for namnskriving

I dei fleste høve er alle personnamn før 1900-talet normaliserte. Det er fleire årsaker til det. Det eine er at skrivemåten for namn i kyrkjebøker, manntal, skattelister og folketeljingar varierte mykje. For same person kan vi finna ulike skrivemåtar i dei ulike kjeldene. Det andre er at folk jamt over ikkje visste korleis namnet vart skrive inn i kyrkjeboka ved dåp, eller dei sjølve ikkje ønskte å skriva namnet slik. Som eksempel kan vi bruka namnet Synneva i «Synnøve Finden». Ved dåpen i 1883 er det skrive Synneva og ved folketeljinga i 1900 Syneva. Sjølv skreiv ho altså Synnøve. Heilt fram til fødselsår ca 1930 finn vi at mange seinare har skrive førenamnet på ein annan måte enn det som står i kyrkjeboka. Som regel følgjer vi her skrivemåten som personen har brukt.

Ein viktig grunn for normalisering er at ulike, eller tilfeldige skrivemåtar for namna lagar store problem i slektsgransking. Dei som har prøvt seg med namnsøk i databasar, kjenner til dette. Under arbeid med stoffet har normaliserte personnamn i kombinasjon med fødselsår vore svært viktig fordi vi dermed kunne bruka enkelt «søk» i datafilane for å finna fram. Dei viktigaste normaliserte namna står i lista nedanfor.

Ei tid var det vanleg å ta «fine» slektsnamn med under dåpen. Det mest brukte var Tuxen. Her blir dei sett på som eit tillegg til personnamnet (førenamnet).

I fullstendige namn er personnamnet etterfølgd av farsnamnet som -son eller -dtr. Det ville ha vore språkleg korrekt å lagt inn ein s framfor etterstavinga, men det ville ha auka omfanget av boka mykje. I dag er det uvanleg å la personnamnet bli etterfølgd av farsnamnet. Når det likevel blir gjort også for mange personar fødde etter 1950, er det fordi det lettar identifiseringa.

Vi må skilja mellom gards- eller stadnamn og slektsnamn. Heilt fram til 1900-talet hadde folk flest ikkje slektsnamn, men brukte stadnamnet der dei til ei kvar tid budde. Personnamnet er såleis etterfølgd av farsnamn og adressestad i kjeldene. Tenaradresse var vanleg. Eitt eksempel har vi for Lussi Guttormdtr som kom til husmannsplassen Haugen på Turvoll. Ho er døypt Gildhus i 1732, konfirmert Ovri i 1752 og gift Tryti i 1761. Vi har difor brukt normaliserte stadnamn for dei fleste som er fødde før ca år 1900. For gardar brukar vi her dei godkjende stadnamna. Vi brukar også dei valde områdenamna som adressenamn. For 1900-talet har vi derimot jamt over respektert slektsnamnet. Ved giftarmål har vi prøvt å føra alle «adressenamn» tilbake til staden der personen var oppvaksen. I somme høve har det vore ønskjeleg å få med to «adressenamn». Då står det første i parentes framfor det siste. Det er mykje brukt for enkjer eller enkjemenn som gifte seg på nytt til ei ny adresse. For nyare tid er ofte adressenamn kome med etterpå som ei tilvising. Til dømes skriv vi under lnr 40c Vetle-Nummedal: «Inga Ivardtr Midlang (1936–) frå lnr 93b Espesete». Dette for å få fram at ho ikkje var frå Midlang, men Espesete.

 

Normaliserte namn før ca 1900

Agata Agate Agathe Ågata Ågate

Albrigt Albregt Albrikt

Alf Alv Alff

Amund Åmund Omund

Anfin Anfinn Anfind Andfin Andfind

Anna Anne Ane

Arnfinn Arnfind

Aslak Aslac Aslach

Barbra Barbro Barbara

Beint Bent

Bendik Bendic Bendich Bendicht Bendix

Birge Berge Birje Byrje

Birte Birthe Berte Berta Berthe Bertha

Bothilda Bothilde Botilde Bodil

Botolv Botolf Bottolv Botolph

Brita Britha Brithe Brite

Bryteva Brytteva Brytteve

Dorte Dorthe Dorthea (Durdei)

Eilif Eilef Eilev

Eirik Erik Eric Erich

Ellend (ofte namnskifte med Elling)

Elling (ofte namnskifte med Ellend)

Elsa Else

Fredrikka Fredrika

Gjertrud Giertrud

Gjørond Gjørund Gjørunn Jørund

Gunhild Gunnhild Gunild Gunilde

Gunnar Gunder Gunnerius

Guri Guro

Guttorm Gutorm

Gyrid Gjørid Gjøri Gyri

Helge Helje Hellie

Ingeborg Ingebor (stundom Ingebjørg)

Ingebjørg Ingebør Ingebiør («Bølla»)

Ingebrigt Ingebrikt Ingebricht

Ingegjer Ingegjerd Ingegier Ingegjær

Ivar Iver Iffuer Ifver

Jakob Jakop Jacob Jacop

Johanna Johanne

Johannes Johans

Jon John Joen

Karl Carl

Katrina Katrine Chatrine

Kjell Kjeld Kield

Knut Knud

Kristoffer Christoffer Christopher

Kristian Christian

Kristina Kristine Christine

Lovisa Lovise

Lussi Lussie Lucie

Marie Maria

Markus Marcus

Marta Martha Marthe Marte

Martin Marthin Marthinus

Matias Mattias Mathias Matthias

Mikkel Mikjell Michael Mikael

Mons Mogens

Nils Niels

Ola Ole Olle Oluf Oluff

Olaf

Olav

Olina Oline

Palne Palme

Paul Povel Pouel

Per Peder

Petter Peter

Ragnhild Ragnhilda Ragnhille

Ranveig Randvei Rannvei Randveig Rannei (stundom Randi)

Sesilia Cecilie Sesilja Sesilie

Sigrid Sigri Siri

Sjur Siur (Sivert, Siver)

Sofie Sophie Sofia

Steffen Stephen

Stina Stine

Sitona Sittona Sithona Sigtona

Styrk Størk Styrker Styrcher

Svein Svend Sven

Synneva Syneva Synneve Synnøve Sunniva

Tolleiv Tolleif Tollef

Tomas Thomas

Tor Thor

Torbjørg Torbiør Thorbjørg Thorbiør

Torstein Torsten Tosten

Åsa Aasa Åse Aase