Vollareina

Under Vollareina reknar vi ny busetnad etter 1950. Nokre av tomtene er frådelt Hove.

Bnr 27/9 Hauglund 0,06 mark vart frådelt bnr 27/4 i 1957 til Olav Alfson Hønsi (1928–) frå lnr 84b & 1951 Borgny Endredtr Fjærestad Brekke (1929–) frå lnr 88a. Born: Aud Marit 1952 (Balestrand), Arnstein 1957 (bnr 27/13).

Bnr 27/13 Haugbu. Tomt frådelt bnr 27/4 i 1979. Arnstein Olavson Hønsi (1957–) & 1989 Jorunn Elisabet Mykjebust (1962–) frå Ålvik har borna: Mariann 1986 og Maiken 1990. Jorunn og Arnstein er skilde.

Bnr 27/10 Haugtun 0,04 mark frådelt bnr 27/4 i 1968. Synneva Endredtr Voll (1899–1972) frå lnr 81 & 1938 Ola Jonson Hønsi (1897–1972) frå lnr 84b fekk: Endre 1938, Jon 1940 (Nesbru i Akershus). Endre Olason Hønsi (1938–1966) & Sigrid Sofie Berge (1941–1984) frå Fjærland fekk: Erna Sofie 1967 (Sogndal). Torstein Andersson Hønsi (1974–) frå lnr 83b overtok i 2002. Han gifte seg 2007 med Eli Rasmusdtr Sunde (1973–) frå Balestrand, ei dotter til Rasmus 1944 frå bnr 1/130 på Skulejordi-Sæbø.

Bnr 26/55 Bakketun 0.06 mark utskilt frå bnr 26/20 i 1962. Lars Nilsson Sandvoll (1926–) frå bnr 1/74 på Vetleøyri & 1958 Guri Nilsdtr Fosse (1932–) frå lnr 34a fekk borna: Kjell 1959 (Høyanger), May Britt 1961 (Stavanger).

Bnr 26/53 Solbakken 0,01 mark, av bnr 26/18 i 1958. Harald Person Fosse (1904–1974) & 1930 Fredrikke Kristendtr Tryti (1908–2004) frå Øvre Trytisøyna hadde før drive bnr 14/5 Bruavoll, vore på bnr 7/9 under lnr 34 Fosse, eigd lnr 122a Hopperstad før dei i 1979 flytta inn i ny bustad her. Born: sjå bnr 7/9.