Voll

Voll (vådl): Voldt (1563, 1611), Vold (1647), Wold (1667, 1723), Vold (1838, 1863, NG), Voll (VIK). Skrivemåten som familienamn er i dag mest Voll, men òg Vold og Wold.

På slutten av øydetida var det eitt bruk på Voll. I 1603 var det ei enkje som dreiv bruket, og ho hadde Bård som tenestedreng. I 1611 var det han som var blitt leiglendingen. I 1645 var det blitt to brukarar: Eirik Isakson med kona Ingeleiv og Eirik Lasseson med kona Ingrid Oladtr. I 1667 heitte leiglendingane Tollak og Ingebrigt og i 1685 Ola og Johannes.

Voll var i 1647 kome inn under Kaupangergodset. Dette godset var framleis eigar i 1723.

Lnr 80 Voll

3,68 spd. Eigar: I 1647 og 1723 Kaupangergodset, og deretter Tjugum kyrkje. Frikjøpt i 1862. Matrikkelskyld: 2,00 laupar i 1647, 1,94 laupar i 1667, 1,58 laupar i 1723, 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 13,5 daa bygg, 4,6 daa poteter, 2 hestar, 11 storfe, 34 smalar og 3 vinterfôra grisar.

Tollak Nilsson (1623–) var på dette bruket i 1667. Deretter kom Dorte Tollakdtr Voll (–1710) og som vart gift med Ola Person (–1698). Då det ca 1666 var berre ein bonde i Vik som heitte Per (Peder), er det sannsynleg at Ola var innflyttar. Han var truleg komen til Voll alt i 1685. Vi må rekna med at førstefødde son vart døypt Per, og at han døydde ung. Ved skiftet etter Ola var det følgjande born: Brita de, Eli, Brita dy og Sjur 1694. Eli kom kanskje til Gulteigane. Dorte gifte seg på nytt med Hermund Ivarson Stadheim (1675–1733) frå lnr 24+25 og dei fekk: Ola 1699 (lnr 44 Øvstedal), Anna 1703 (lnr 27 Stadheim) og Tollak 1704 (lnr 63 Undi). Hermund gifte seg på nytt med Brita Oladtr (1671–1743) og flytta tilbake til lnr 24+25 Stadheim. Brita 1671 har eg ikkje identifisert.

Til bruket kom Markus Sjurson Hopperstad (1693–1767) frå lnr 117+ 118+121 som på Voll fekk borna: Brita 1713–72, Marta 1716, Ola 1717 (lnr 55 Rislåg), Helga 1718 (lnr 186 Vangsnes), Sigrid 1722 (lnr 7 Vange). Markus var på Voll frå 1714 til 1727. Då flytta han til lnr 15 Tenål og hadde då truleg fått ny kone: Marta Oladtr (1688–1761). Dei fekk Sjur 1727 (lnr 15 Tenål), Synneva 1729–46, Hermund 1730 (plass nr 28 Vangsnes), Marta 1732 (lnr 197 Vangsnes), Guri 1733 (truleg død før konfirmasjonsalder). I følgje bygdeboka for Balestrand kom Ingrid Ellenddtr Holstad (–) frå lnr 85 & Ola Andersson Mundal (1696–) frå Fjærland til bruket som leiglendingar. Dei gjorde i 1731 gardbyte med Rødsæter i Fjærland, slik at det nye leiglendingsparet vart: Lasse Ingebrigtson «Vangsnes» (1667–1750) & Anna Markusdtr Vangsnes (1687–1734) frå lnr 192+193. Dei hadde ikkje born. Lasse vart attgift 1735 med Anna Ingebrigtdtr Ovri (1707–1774) frå lnr 69 og dei fekk: Ingebrigt 1736–36?, Ingebrigt 1738 (plass i Gildhus), Hans 1739 (lnr 60 Refsdal), Ingebrigt 1740–63. Anna vart attgift 1751 med Botolv Andersson Bø (1720–1778) frå lnr 104 og dei fekk Lasse 1753. Lasse Botolvson Voll (1753–1826) & 1775 Anna Johannesdtr Føli (1748–1820) frå lnr 19 hadde: Anna 1776–1802, Botolv 1779 (Vikøyri v138), Johannes 1781–81?, Brita 1782, Elsebe 1784 (lnr 45 Turvoll), Guri 1788 (lnr 2 Øksdal i Vangsnes sokn), Johannes 1790 (Vikøyri v484). Brita Lassedtr Voll (1782–) & 1807 korporal Johannes Ivarson Vange (1775–1847) frå lnr 6 fekk borna: Anna 1807, Anna 1810 (lnr 46 Turvoll), Randi 1812 (lnr 76b Moane-Hove). Johannes vart attgift med Kristi Anfindtr Tue (1789–) frå Balestrand og dei fekk: Brita 1817 (sjå note lnr 5 Vange) og Ivar 1824 (kjem bort for oss). Kristi reiste til USA i 1853. Anna Johannesdtr Voll (1807–1891) & 1831 Anfin Andersson Skjørvo (1804–) frå lnr 113 fekk: Johannes 1830 (sjå note), Brita 1834–34, Anders 1835, Lasse 1836, Brita 1840, Ivar 1843 (lnr 66 Hallrynjo), Elling 1847, Endre 1847. Jamvel om lnr 80 var leiglendingsbruk, gjorde Anna og Anfin i 1852 gardbyte med ein vossing, som var fødd på Reime, og flytta med huslyden til Jordalen. Asle Sveinson Fjose (1811–1886) & 1837 Kristense Larsdtr Vinjo (1811–1887) frå Vossestrand fekk bygselbrev på bruket i 1854. Borna: Svein 1839, Ranveig 1842 (lnr 121 Hopperstad), Synneva 1853 (lnr 80b). Svein Asleson Voll (1839–1927) & 1862 Anna Tordtr Voll (1838–1867) frå lnr 81 pakta i åra 1865–70 prestegarden Grov. Dei overtok så drifta av bruket på Voll. Born: Olina 1860 (USA 1869), Solveig 1864 (USA 1882), Kristense 1862 (Vetleøyri s148). Svein vart attgift 1869 med Kristi Ellenddtr Kinni (1840–1926) frå lnr 56 og fekk: Anna 1869–69, Asle 1870 (USA 1888), Ellend 1872–95, Anna 1874 (bnr 26/8 på Voll), Anna Larsine 1877–80, Lars 1879, Johannes 1882 (sjå note). I 1862 fekk Svein skøyte på bruket, men faren dreiv fram til 1870. I 1878 delte Svein bruket med ei syster: lnr 80a og lnr 80b.

Lnr 80a 1,24 spd = bnr 27/1 2,72 mark. Svein heldt fram med å driva dette halvbruket, og i 1895 fekk han kjøpt til ein part av lnr (71+73)b3 Hove 0,13 spd = bnr 27/12 0,23 mark. I 1904 vart bruket skøytt til Lars Sveinson Voll (1879–1970) & 1910 Kari Klausdtr Thue (1882–1966) frå Engum i Kvamsøy sokn. Born: Svein 1911 (Sogn Folkemuseum i Kaupanger), Klaus 1913, Borghild 1913 (Skien og bnr 97/28–11 Tråna på Vangsnes), Arne 1917 (Suldal i Rogaland), Anna 1919 (Osen i Rena, så Mysen i Østfold), Kåre 1922 (bnr 27/7), Liv 1925 (sjå lnr 1/28 i Røysane-Sæbø), Sigmund Adolf 1929–92 (mongoloid, på institusjon). Klaus Larsson Voll (1913–1998) & 1943 Inga Marie Albertdtr Nesse (1921–) frå Kvamsøy sokn fekk borna: Lars 1943, Kari-Lovise 1947 (bnr 87/28–10 Tråna på Vangsnes). Klaus hadde bruket 1946–1980. Far til Inga Marie var vegarbeidar Albert Hansson Baug. Lars Klausson Voll (1943–) & 1969 Ranveig Kristofferdtr Selje (1948–) frå Voss har ikkje born.

Bnr 27/7 Teigum 0,18 mark vart frådelt som kårstykke i 1948, men vart seinare overteke av Kåre Larsson Voll (1922–1996), som bygde hus på staden. Han gifte seg 1954 med Kristina Marie EndredtrHove(1935–). Kristina overtok i 1973 foreldrebruket bnr 26/16 i Moane-Hove, men huslyden vart buande på Teigum. Born: Eivind 1955, Kirsten 1957 (Larvik), Leif Arve 1958 (bnr 97/215 under lnr 195 Vangsnes), Åsmund 1961 (Bergen), Anne Marie 1966 (lnr 64 Stedje). Eivind overtok bnr 26/16 og har bygt hus der.

Lnr 80b 1,23 spd = bnr 27/3 2,73 mark. Synneva Asledtr Voll (1853–1897) & 1875 Markus Torson Hove (1849–1920) frå bnr 26/16 Moane-Hove fekk borna: Brita 1877 («Fastinghuset» i Røysane-Vange), Kristina 1882 («Fastinghuset»), Brita 1882–1922, Tor 1889. Markus og Synneva hadde i åra 1875–78 eigd og drive småbruket lnr 40d Nummedal. I Markus si styringstid vart jord i Svolsviki, bnr 27/5 0,13 mark, skilt ut frå bruket. Ny skyld bnr 27/3 2,60 mark. I 1885 kom parsellen bnr 26/14 Hove 0,37 mark (på Hovsåsen) inn under bruket. Markus gifte seg på nytt i 1901 med Brita Perdtr Undi (1854–1940) frå lnr 62. Tor Markusson Voll (1889–1970) & 1919 Brita Andersdtr Hønsi (1897–1936) frå lnr 83b fekk skøyte på bruket i 1919. I 1921 fekk Tor kjøpt halvparten av lnr 22a Teigane-Føli på Ovrisdalen. Denne parten fekk bnr 6/20 0,64 mark. Born: Markus 1919–30, Anders 1920, Sunniva 1922, Ragnhild 1923 (Lærdal), Anna 1925 (bnr 15/5 Åse), Brynhild 1928 (bnr 7/7 Fosse), Magna 1930 (sjå bnr 2/30 under lnr 6+7 Vange), Markus 1935. Sunniva 1922 og Markus 1935 bur i eit hus i same tun. Anders Torson Voll (1920–2001) & 1943 Ingebjørg Hansdtr Yndesdal (1914–1991) frå Brekke i Ytre Sogn fekk Tor 1945. Tor Andersson Voll (1945–) & 1973 Kari Marie Norekvål (1949–) frå Voss har borna: Frode 1973, Svein Arve 1975, Tone Iren 1981 (sjå bnr 37/33 under lnr 106 Tryti). Tor tok over bruket i 1985.

I nytt hus på bruket er busett: Frode Torson Voll (1973–) & 1998Birgit Arnedtr Hove (1971–) frå bnr 16/1 under lnr 71+73. Born: Seline 1996, Mirian 1998, Anders 2007.

Plassen Vollateig

Denne plassen låg oppunder Hovsåsen og vart truleg busett av Johannes Anfinson Voll (1830–) frå lnr 80 & 1856 Anna Oladtr Skjørvo (1828–). Om foreldra til Anna: sjå note lnr 111 Skjørvo. Born: Gjertrud 1850–50, Anna 1858. Familien reiste til USA i 1861. Ved teljinga i 1865 var det eldste son på garden, Svein Asleson, med kone og born, som var plassfolk. Dei hadde: 0,7 daa bygg, 2,1 daa poteter, 2 mjølkekyr og 6 smalar. Deretter kom husmannsson Ola Endreson Sygnefest (1838–) & 1861 Johanna Larsdtr Nyhammar (1840–), båe frå Gulen. I 1875 hadde dei ei ku og tre sauer på plassen, men eigde berre ein sau av dei fire husdyra. Det er fortalt at Ola disponerte eit stykke av ein teig som bruket hadde nær Svardal. Teigen gjekk frå strondi og opp til eggi. Husmannen skal ha bore ei høybør på ryggen frå dette stykket over eggi til Gunnarsete og vidare til Voll. Ola og Johanna reiste til USA i 1884 og plassen vart nedlagt.

Johannes Sveinson Voll (1882–) & 1906 Marie Jondtr Jordalen (1877–) reiste til USA i 1906.

Lnr 81 Voll

3,68 spd = bnr 27/4 5,34 mark. Eigar i 1647 og 1723 Kaupangergodset, deretter Knagenhjelm. Frikjøpt i 1804. Landsskyld: 2,00 laupar i 1647, 1,88 laupar i 1667, 1,58 laupar i 1723, 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 13,5 daa bygg, 4,9 daa poteter, 3 hestar, 12 storfe, 34 smalar og 4 svin.

I 1667 finn vi Ingebrigt Jonson (1648–) med sonen Ola 1655 på dette bruket. I 1685 heitte brukaren Johannes. I 1701 var Arne Bendikson (1640–) på bruket. Han var gift med Guri Botolvdtr (–1701) frå lnr 114 Skjørvo. Dei hadde sønene: Ola 1676, Bendik 1684, Botolv 1692 og Anders 1694 (lnr 104 Bø). Neste bonde var Ola Arneson Voll (1676–1750). Han var gift med Lussi Oladtr Stadheim (–) frå lnr 32. Dei hadde neppe born. Ola var enkjemann då han døydde. (Gravferda til Lussi er ikkje førd inn i kyrkjeboka.) Frå 1721 bygsla Hermund Anfinson Skjørvo (1688 –) frå lnr 113 bruket. Han var gift med Randi Ellingdtr Hove (1679–1755) frå lnr 73, og dei hadde Endre 1720, Guri 1722–41 og truleg Anders (Vikøyri v038). Endre Hermundson Voll (1720–1791) & 1745 Ragnhild Andersdtr «Tenål» (1726–1826) fekk mange born: Guri 1744, Ragnhild 1744–44?, Anna 1746–65, Hermund 1747–48, Randi 1749–49, Randi 1750 (lnr 28 Stadheim), Lussi 1753 (lnr 108 Tryti), Ragnhild 1756 (lnr 25 Stadheim), Anders 1767 (lnr 113 Skjørvo). Tenål er truleg tenaradresse for Ragnhild. Kring 1775 flytta Endre og Ragnhild til lnr 113 Skjørvo. Guri Endredtr Voll (1744–1791) & 1767 Sjur Lasseson Bø (1736–1806) frå lnr 101 fekk borna: Hermund 1766, Marta 1769–69?, Lasse 1770 (til Lærdal), Marta 1773 (lnr 87 Holstad), Anna 1775 (lnr 32 Stadheim), Ragnhild 1778 (lnr 65 Hallrynjo), Endre 1780–92, Hans 1783–1803. Hermund Sjurson Voll (1766–1837) & 1814 enkja Hildeborg Knutdtr Vikøyri v972 (1758–1827) hadde ikkje born. Difor kom ein son til Marta 1773 til bruket: Tor Endreson Holstad (1814–1875) frå lnr 87 & 1834 Solveig Oladtr Hønsi (1815–1880) frå lnr 84. Dei fekk: Guri 1835 (sjå note), Anna 1838 (lnr 80), Marta 1841 (sjå note), Johanna 1844 (USA 1866), Synneva 1848–57, Andrina 1852–52, Olina 1852–52, Olina 1854. Tor, Solveig og Olina reiste til USA i 1869. Lars Person Hove (1834–1914) frå lnr 76a & 1851 Gyrid Endredtr Hove (1834–1863) frå lnr 79b hadde vore på ein plass under lnr 76a Hove, sjå note lnr 76. Born: Per 1860 (USA 1881), Johannes 1863 (USA 1883). Lars vart attgift 1864 med Brita Endredtr Hove (1834–1914) frå lnr 79b og dei kom til bruket. Born: Endre 1866, Johan 1868 (lektor i Vestfold), Marta 1870 (sjå «bustad i Vollatunet», Ola 1873 (overlærar i Drammen), Gyrid 1876 (lnr 79a Hagen-Hove) Kristina 1879–82. Endre Larsson Voll (1866–1910) & 1898 Anna Ellenddtr Holstad (1878–1965) frå lnr 85 fekk: Brita 1898–1982 (heime), Synneva 1899 (Vollareina), Kristina 1901–89 (heime), Johanna 1903–69 (heime), Emma Lovisa 1906–86 (heime), Lars 1909. Lars Endreson Voll (1909–1980) var ugift. Odd Guttormson Kinden (1950–) frå bnr 26/42 i Moane-Hove fekk skøyte på bruket i 1980. Han gifte seg 1978 med Jorunn Veseth (1950–) frå Osterøy og dei har: Kjersti 1979 (Moss), Kari 1981 (Bergen), Vegard 1984 (sb med Britt 1973 Ovedtr Valsvik frå bnr 1/48–4 i Hamnen, og dei har Mia 2007 og bur i 2008 på bruket).

Guri Tordtr Voll (1835–1897) & Steffen Larsson Gjøstein (1832– 1893) frå Voss var innerstar på Voll. Born: Synneva 1858, Brita 1860. Huslyden reiste til USA i 1861. Marta Tordtr Voll (1841– 1927) & 1863 Mikkel Ellendson Holstad (1837–1892) fekk: Tor 1862, Gyrid 1865. Huslyden reiste til USA i 1867.

Lnr (71+73)b3 Hove 0,23 spd. Bustaden på denne parsellen låg heilt inn til grensa mot Voll, og for di folka som budde her rekna seg for vollingar, blir staden teken med her. Asle Sveinson Voll kjøpte denne delen i 1860. I 1887 vart parsellen frådelt ein part som vart lagt direkte inn under bruket på Voll (bnr 27/2 0,23 mark). Resten, lnr (71+73)b3a 0,10spd = bnr 26/8 0,11mark, der det truleg hadde vore hus frå før (vore husmannsplass?) vart selt til dottersonen Asle Johanson Liljedahl (1865–1929). Asle busette seg på staden. I 1893 kjøpte han ein part av lnr 5 i Juvik og flytta dit. Same året vart småbruket skøytt til Mikkel Larsson Brekke (1860–1933) som på denne tida var paktar på prestegarden Grov, og som i 1899 kjøpte lnr 86 Holstad. l 1895 vart gardparten skøytt til Svein Asleson Voll. Frå tidlegare hadde Svein hand om tre andre svært små parsellar på Hove. Det eine var ein parsell av lnr (71+73)c på 0,01 spd og som fekk bnr 27/10 0,01 mark i den nye matrikkelen. Dei to andre var parsellar av lnr 76 som vart kjøpte frå Jon Ivarson Refsdal i 1876 og 1881 (bnr 27/24 0,07 mark og bnr 27/25 0,05 mark) og som Asle Sveinson Voll hadde kjøpt før 1886. Ved utskifting vart truleg desse partane samla i ein liten eigedom som låg inn mot Voll, bnr 26/8+ 26/10+26/24+26/25 i alt 0,29 mark (i 1981 samla til bnr 26/8). Svein hadde tenkt å bruka staden som kårplass. Men i husa flytta inn: Karl Tollakson Vikøyri v950 (1880–1969) & 1908 Anna Sveindtr Voll (1874–1961) frå lnr 80. Huslyden brukte Vold/Voll som familienamn. Born: Tormod 1908 (Høyanger), Anders 1910 (bnr 39/30 på Hatlekolo og Årdal), Anfin 1911–85 (Årdal), Kristian 1913 (Årdal, så Nedste Hopperstadmarki nr 19), Lars 1915, Astrid Kristine 1919 (Lærdal). Anna hadde i tillegg Svein Kristian 1900 med Nils Knutson Melås (1878–) frå Slinde. Etter fødselen fekk ho kr 50 i støtte til oppfostring, i tillegg skulle Nils ut med kr 12 i barselsbidrag. Svein 1900 brukte familienamnet Wold, sjå meir under bnr 1/30 i Røysane-Sæbø. Bruket vart skøytt til Karl i 1926. I 1956 gjekk det til Tormod 1908 og i 1981 til Konrad Andersson Voll. Ingen av dei budde i bygda, sjå bnr 39/30 Hatlekolo. Dei som budde på staden og dreiv småbruket var: Lars Karlson Voll (1915–1971) & 1943Marry Rasmusdtr Fjelly (1923–2005) frå Hareid. Born: Anne Karin 1944 (Stord), Kjell 1946, Ragnar 1948 (Uskedalen, Hardanger), Solveig 1952 (Voss), Magne 1956 (bnr 26/51), Kirsten 1958 (Nesttun i Bergen), Laila 1962 (Laksevåg). I 1997 var bruket skøytt til Kjell 1946. Som faren driv han med sau ved sida av arbeid utanfor bruket. Kjell Larsson Voll (1946–) & 1969 Sigrun Leikny Flæte (1950–) frå lnr 18b i Arnafjord sokn fekk borna: Siv Merete 1969 (bur Galilea under lnr 126 Grov), Linda Iren 1971 (Oslo), Liv Trude 1975 (Sotra i Hordaland). Mor til Sigrun 1950 var Selma Flæte, far Ola Olasson Kvamme (1922–).

Bnr 26/51 Flaten 0,02 mark vart utskilt frå bnr 26/8 som bustadtomt i 1958. Her vart busett: Lars Karlson Voll (1915–1976) og Marry Fjelly (1923–2005). Magne Larsson Voll (1956–) bur her.

Bnr 26/78 Vollheim vart utskilt i 1973 og busett av: Kjell Larsson Voll (1946–) og Sigrun Leikny Flæte.

Bustad i Vollatunet . Anders Tollakson Vikøyri v950 (1885–1953) & 1915 Marta Larsdtr Voll (1870–1948) frå lnr 81 hadde ei lita stove i tunet på Voll. Dei dreiv nokre små jordstykke på farsgarden til Marta. I 1936 fekk dei kjøpt eit jordstykke i Moane-Hove, bnr 26/42 Øvremo I 0,32 mark frå bnr 26/4, men busette seg ikkje der. Anders dreiv med lagging, mest gamalostformer for Vik meieri. Dei to hadde ikkje born.

Plassen Haugane. Anders Olason Holstad (1765–1829) frå lnr 86 & 1800 Magnhild Perdtr Vange (1775–1838) frå lnr 5 dreiv i 1801 plassen Hovsviki mellom Vikøyri og Liktvorane. I ei skatteliste 1816 finn vi dei som relativt velståande husmannsfolk under lnr 76 Hove, men dei kom så til husmannsplassen Haugane under Voll. Dei hadde ikkje born. Både i Hovsviki og på Voll hadde dei med seg Marta Oladtr Holstad (1760–1842) og Per Person Holstad (1778–1848), som var ei syster og ein halvbror til Ola. Haugane er eit område av Voll i retning mot nykyrkja, oppe på reina. Plassen var truleg ikkje busett etter dette.