Vange
Vange (vaonje): Wange, Vangh, Vange (ca 1320), Vongh (1563, 1603), Wange (1611, 1647, 1667, 1723), Vange (1838, 1863, NG, VIK).
I 1522 er det nemnt to oppsitjarar på Vange, i 1567 finn vi fire. Fire var det òg i 1603, 1611 og 1635. Sjur, Torkjell, Asgrim og Anfin sat der i 1603, i 1611 var Anfin skifta ut med Mikkel. I 1635 heitte bøndene: Johannes, Mons, Lasse og Sjur. Kvart av dei fire bruka hadde truleg berre ein eigar. I 1647 var dei fire eigarane: Anna Jensdtr Hjermann 1,5 laupar, Munkeliv kloster 1,5 laupar, Vik prestebol 2,0 laupar og Hospitalet i Bergen 1,5 laupar. I oppgåver frå 1645, 1647, 1701, 1711, 1718 og 1723 var det fem brukarar. I 1655 var det 6 bruk, men eitt av dei var truleg kårbruk. I 1685 og 1762 er berre fire leiglendingar oppførde. I 1802 finn vi 4 leiglendingar: Nils Ivarson, Nils Person, Nils Olason og jomfru Grøegaard. I den nye matrikkelen i 1838 var det òg fire bruk: lnr 5–8. Det er denne inndelinga vi følgjer. Problemet med at det jamt over var fem brukarar fram til ca 1730 har vi løyst ved å gå ut frå to bruk då vart slegne saman til det vi kalla lnr 7. Eit problem er at det har vore uråd å finna ut av fleire endringar i matrikkelskylda før 1838.
Oppsettet skil seg frå den gamle bygdeboka særleg for tida før 1723 og mest ved at alle fire bruk her byrjar alt i 1647. Den gamle boka fortel at oberst Coucheron kom inn som eigar på Vange i 1723 med 3,5 laupar. (Dette må gjelda lnr 5 og 6.) Han bygde eit stort og staseleg hus på Vange (Vangshuset). Boka vil ha det til at han slo saman to bruk, men det kan likevel sjå ut til at han hadde ein leiglending på kvart av bruka. I 1762 var det i alle høve fire leiglendingar.
I 1789 var dei fire bøndene leiglendingar. Av det som skjedde på 1800-talet kan vi trekkja følgjande ut av panteregisteret: Sorenskrivar Munthe gav Markus Nilsson rett til ein plass under lnr 5, men i margen er det tilført seinare at dette gjeld ein plass under lnr 7. Det kjem av at det var lnr 7 og 8 som var benefiserte, og det var slike bruk sorenskrivaren styrde med. I 1833 finn vi at Munthe hadde selt bruket til Nils Endreson Smidje. Men også her er det skrive til seinare at skøyta gjeld lnr 7. Men det er inga innføring i registeret om skøyte til Nils for lnr 5. Det gjer at det som er skrive i den gamle bygdeboka, om at Nils Endreson måtte betale eitt bruk to gonger, kan vere sant.
I panteregisteret under lnr 5 og lnr 6+7 må det vere forvekslingar. Det rette må vere at Nils i 1829 kjøpte lnr 5 og 6 av Ludvig Daae, kvar på 1,65 laupar. På lnr 6 døydde den tidlegare leiglendingen i 1821 og kona hans i 1830. Her passa nok Nils på at borna til leiglendingen ikkje fekk overta bygsla. Men på lnr 5 hadde Per Nilsson i 1819 fått bygsel på livstid, slik at Nils ikkje kunne overta drifta. I 1833 fekk Nils òg kjøpt bruk nr 7 av sorenskrivaren (det var eit benefisert bruk). Deretter dreiv Nils lnr 6 og lnr 7 saman som eitt bruk.
Lnr 5 Vange
4,33 spd = bnr 2/1 6,28 mark. Eigar: I 1647 Anna Jensdotter Hjermann, i 1723 Montagnie, deretter kapellan Jens Garmann, Anton Jacob Coucheron, von Holstein og frå 1737 Anders Daae og Daae-ætta, frå 1829 Nils Endreson (Smidje) Vange. Sjølveige frå 1867. Matrikkelskyld: 1,5 laupar i 1647, 1655 og 1667, 1,6 laupar i 1723 og 1,65 laupar i 1788 og 1838. På bruket var i 1845: 11,9 daa bygg, 5,6 daa poteter, 2 hestar, 12 storfe, 24 smalar og 2 svin.
På dette bruket finn vi i 1645 og 1647 Sæbjørn med kona Sigrid Jondtr. Vi veit ikkje noko meir om dei. I 1667 og 1685 var Bendik Sjurson (1613–) på bruket med sonen Arne 1652. På bruket var det i 1667 òg ein gamal tiggar, «Nils i Hagen» 82 år. Deretter kom Endre Anfinson (1634–1697) & Anna Hermunddtr Hopperstad (–1729). Ho var dotter til gamle Hermund på lnr 119+120. Ho kom til bruket frå lnr 36 Stor-Nummedal. Det kan vera nært slektskap med Bendik, eller kona hans, som har gjort at Endre og Anna kom til Vange. Born: Brita 1660 (lnr 58 Refsdal), Ingebrigt 1660, Nils 1665, Sigrid 1668–1748 (ugift, døydde i Svardal), Anders 1673 (lnr 51 Orvedal), Hermund 1678 (lnr 4 Sæbø), Barbra 1681 (lnr 10 Svardal), Anfin 1682 (lnr 86 Holstad), Brita 1684 dy (lnr 19 Føli). Anna gifte seg på nytt med Per Anfinson Svardal (1661–) frå lnr 10. Dei hadde ikkje born. I 1701 hadde Per og Anna, saman med born etter Endre, flytta over til lnr 6 Vange. Neste leiglendingspar på lnr 5 var Ingebrigt Endreson Vange (1660–) & Brita Amunddtr Dale (1665–1740) frå lnr 23 i Arnafjord sokn. Vi veit om følgjande born: Nils 1695, Marta 1698 (lnr 77 Hove). I 1723 hadde Nils Ingebrigtson Vange (1695–1777) & Marta Ellingdtr Hallrynjo (1699–1772) frå lnr 65 overteke drifta. Dei fekk på Vange: Ingeborg 1727–32 og Synneva 1729 (sjå note). Dei var på bruket til ca 1729, deretter var dei plassfolk under lnr 9 Liktvorane. Der var bror til Marta bonde. Der fekk dei: Ingeborg 1730–32, Ivar 1732–32, Marta 1733 (lnr 4 Hovland), Ivar 1735 (lnr 6 Vange), Anna 1738 (plass Svolsvik), Ingeborg 1739–39 og Randi 1740 (Vikøyri v704). Oberst Anton Jacob Coucheron (1682–1736) vart eigar av lnr 5 og lnr 6 frå 1723. Han bygde eit staseleg bustadhus, «Vangshuset», sjå meir under lnr (6+7)cfh. Bruka vart kjøpt på auksjon i 1737 av etterfølgjaren som sjef for «Det Vigske Liv-Compani», oberst Georg Holstein. Men alt året etter selde Holstein bruka til prost Anders Daae. Det er uklart korleis bruka no vart drivne, men noko seinare var det i alle høve leiglending på båe bruk. Til lnr 5 kom Per Hansson Føli (1727–1785) frå lnr 20+21 & 1758 Kristi Nilsdtr Berdal (1733–1806) frå Feios. Born: Nils 1760, Brita 1762 (lnr 104 Bø), Hans 1764–65, Hans 1773 (lnr 10 Svardal), Kari 1773–1813, Magnhild 1775 (plassen Haugen under Voll), Gyrid 1776 (plass under lnr 10 Svardal). Neste leiglendingspar var Nils Person Vange (1760–1833) & 1792 Agata Arnedtr Bø (1770–1821) frå lnr 104. Dei fekk borna: Per 1793, Arne 1794 (lnr 104 Bø), Anders 1797 (lnr 79 Hove), Kari 1800 (lnr 52 Orvedal), Ola 1803 (USA 1844), Kristi 1806 (lnr 79 Hove), Anna 1807, Ingebrigt 1810 (sjå note), Nils 1817–17. Nils vart attgift 1822 med Anna Beintdtr Tenål (1756–1823) frå lnr 14 og enkje frå lnr 22 Føli. Sonen Per 1793 fekk bygselbrev i 1819 frå eigaren Ludvig Daae. Per Nilsson Vange (1793–1878) gifte seg i 1818 eller 1819 med Brita Ivardtr Hønsi (1788–1819) frå lnr 80 og enkje frå lnr 6 Vange. Dei fekk Brita 1819 (Vomb under lnr 88 Brekke). Per vart attgift 1820 med Ingeborg Oladtr Hopperstad (1794–1829) frå lnr 125. Born: Nils 1820–20, Nils 1821 (Vikøyri v722), Ola 1824 (sjå note under lnr 6+7), Anna 1826 (lnr 91b Tistel), Agata 1829–29, Anders 1829 (tenar i Myrkaskog i 1875). Per gifte seg for tredje gong 1830 med Gjertrud Jondtr Vangsnes (1794–1872) frå lnr 191. Gjertrud hadde før vore gift med Tomas Monsson Vangsnes (1794–1828) frå lnr 196, men hadde ikkje born med han. Born: Ingeborg 1831 (lnr 189b Vangsnes), Brita 1832 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Agata 1834 (lnr 43a Myrkaskog) og Johanna 1838 (USA 1867). I 1829 fekk Nils Endreson (Smidje) Vange skøyte på bruket, men han kunne ikkje overta drifta då Per Nilsson hadde bygsel på livstid. I 1864 sat enkja etter Nils Endreson, Turid Oladtr, som eigar av bruket. Då det var klart at borna til Per og Gjertrud ikkje ville få bygsel på bruket, valde dei to i 1866 å gå frå bygsla mot kår. I 1867 skøytte enkja Turid Oladtr bruket til sonen Endre 1837. Han vart dermed eigar. Endre Nilsson Vange (1837–1885) & 1867 Brita Andersdtr Stadheim (1840–1919) frå lnr 29 hadde: Nils 1868–68, Nils 1869–69, Nils 1871, Turid 1873 (busett på bnr 2/14 i Røysane-Vange), Anders 1876–76, Anna 1877–77, Anders 1880–80, Anders Tuxen 1883 (bnr 2/15 under lnr 5), Marta 1886–1935. Endre døydde etter ei køyreulukke i 1885, og enkje Brita Andersdtr styrde bruket til 1905 då sonen Nils 1871 overtok. Deretter vart fleire parsellar delte frå, særleg bnr 2/15 Holum 1,40 mark som i 1924 gjekk til Anders 1883. Skylda for bnr 2/1 vart redusert frå 6,28 mark i 1888 og 1907 til 4,48 mark i 1949 og 1968. Nils Endreson Vange (1871–1940) & 1904 Marta Andersdtr Føli (1872–1966) frå lnr 19 fekk: Brita 1905–92, Anna 1907–90, Endre 1908, Brita 1910 (bnr 5/1 under lnr 24 Stadheim), Anders 1912 (bnr 30/6 under lnr 88 Brekke), Anders Tuxen 1913 (bnr 2/35 i Røysane-Vange), Inga 1915 (bnr 2/34 i Røysane-Vange). Marta hadde òg Anna 1898–1902 med Eirik Johannesson Hopperstad (1865–1928) frå lnr 122a. I 1948 overtok Endre Nilsson Vange (1908–1995) & 1947 Olina Ivardtr Vange (1912–1984) frå bnr 2/12. Born: Marta Sofie 1948 (bnr 2/59 Vange-aust), Ingunn 1949 (Os i Hordaland), Nils 1953. Endre og Olina overtok òg bnr 2/12+17 under lnr 6+7. I 1989 var frådelt bnr 2/59. Nils Endreson Vange (1953–) & 1984 Kari Haga (1955–) frå Karmøy har drive bruka samla frå 1976. Born: Turid 1986, Endre 1987, Karen 1990.
Synneva Nilsdtr Vange (1729–) & 1754 Ola Hansson Føli (1731–) frå lnr 20+21 busette seg på Vikøyri v774 og fekk borna Sara 1754 (Vikøyri v900) og Nils 1756, men vart borte for oss etter 1763.
Ingebrigt Nilsson Vange (1810–1893) & 1842 Brita Johannesdtr Voll (1817–1891) frå lnr 80 fekk: Agata 1839–39?, Agata 1841, Kristi 1843. Huslyden var innerst på Voll og Vange. Dei reiste til USA i 1844.
Husmannsdtr Kari Jensdtr Nesen (1797–1878) frå Lærdal var ugift. I 1865 var ho hjå Per Nilsson Vange. I 1866 fekk ho fattighjelp. Ho kom på legd i 1869 og vart i 1875 sett bort til forpleiing på Vikøyri. Heile tida hadde ho Vange som stadnamn.
Bnr 2/15 Holum 1,40 mark. Anders Tuxen Endreson Vange (1883–1966) frå lnr 5 & 1913 Eli Nilsdtr Øvstedal (1882–1972) frå lnr 44a Øvstedal fekk: Endre 1914, Stina 1915 (Gudvangen), Anna 1918, (Søreide), Nils 1921 (Ulvik), Helga 1923 (Solund), Arne 1925 (Oslo). Endre Tuxen Andersson Vange (1914–1957) & 1945 Borghild Georgdtr Setevik (1920–1957) frå lnr 7 Gotevik fekk borna: Erna 1945, Audun 1947. Endre hadde bruket 1952–57. Erna Endredtr Vange (1945–) & 1963 Oddmund Larsson Skeie (1945–) har: Siv 1964 (Ås i Akershus), Lars Kjetil 1968 (Høyanger). Huslyden bygde hus på bnr 2/49. Om foreldra til Oddmund: sjå Meieriet-Sæbø under Tomtebu på Vikøyri. Audun Endreson Tuxen Vange (1947–) & 1969 Synnøve Remmen (1947–), Vikan i Fræna, har: Aud Sissel 1969 (Bærum), Bjørn Egil 1971 (bnr 2/72 i Røysane-Vange). Bruket vart frådelt bnr 2/21 i 1947, 2/28 i 1960 og 2/31 i 1966. Skyld i 1968: 1,26 mark.
Bnr 2/49 Skeietun vart frådelt 1974 og busett av Erna Vange og Oddmund Skeie, sjå bnr 2/15.
Lnr 6 Vange
(til 1833). Eigar: I 1647 Munkeliv kloster, i 1723 Anna Finde, deretter kaptein Tuchsen, Anton Jachob Coucheron, von Holstein, frå 1737 Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1823. Frå 1833 slege saman med lnr 7. Matrikkelskyld: 1,5 laupar i 1647, 1,0+0,5 laupar i 1655, 1,6 laupar i 1723, 1,65 laupar i 1788.
På dette bruket finn vi i 1645 Ola Olason (1605–) med kona Ingrid Jensdtr. I 1655 dreiv Ola 1605 ein laup av bruket, medan vi trur at det var enkja Kari etter ein son som vart kalla «unge Ola» som dreiv eit delbruk på 0,5 laup. I 1667 vart delbruket auka til 1,0 laup, truleg ved kjøp av tidlegare leigejord (på Seljadalen). Den samla skylda for Munkeliv-bruket var difor 2,0 laupar. Det var Anders, ein son til Ola 1605 som då dreiv ein del av bruket. Anders Olason Vange (1635–) & Mildrid Lassedtr Fjærestad (–) frå lnr 95+97 fekk: Sjur 1673 (lnr 111 Skjørvo), Ola 1681 (lnr 2 Øksdal) og Anna 1682 (lnr 5 Juvik). I 1685 var Anders åleine leiglending på Munkeliv-bruket. I 1701 var brukaren Per Anfinson Svardal 1661–) frå lnr 10 og han var gift med ei enkje frå lnr 5, Anna Hermunddtr (–1727). Anna hadde då med seg tre vaksne søner frå første ekteskap på bruket: Anders, Hermund og Anfin. Per og Anna var der også i 1711, 1718 og 1723. Av matrikkelen for 1723 ser vi at lnr 5 og 6 no var justerte til like nivå, 1,6 laupar. Per vart attgift 1730 med Brita Lassedtr Dale (1700-1773) frå lnr 23 i Arnafjord sokn. Etter at Per døydde, gifte Brita seg på nytt i 1733 med Markus Hansson Føli (1704–1764) frå lnr 20+21. I følgje den gamle bygdeboka var gjestgjevaren Hans Madsson Sæbye no blitt eigar av ein part av Vange, og denne jorda vart i 1734 bygsla til Markus. Men det var truleg berre for nokre år, for ekteparet kom som leiglendingar til lnr 7. Som nemnt under lnr 5 vart oberst Anton Jacob Coucheron (1682–1736) eigar både av lnr 5 og lnr 6 i 1723 og dreiv kanskje dei to bruka saman. I 1738 vart Anders Daae eigar av dei to bruket. Det er uklart korleis Daae dreiv lnr 6 i dei etterfølgjande åra, men Halvar Nilsson Ovri (1709–1788) & 1737 Anna Tordtr Ovri (1716–1790) kom til Vange frå lnr 68 Ovri ca 1755. I 1763 står dei på ei manntalsliste som brukarar og med følgjande heimeverande born over 12 år: Bothilda 1741, Tor 1749 og Nils 1750. Dei yngste var: Bendik 1754–64 og Ola 1659–71. Under Ovri har vi skrive at Halvar truleg måtte forlata bruket der på grunn av drikk og svir. Presten Anders Daae gav han kyrkjerefs fleire gonger, og det er difor underleg at Daae sleppte Halvar til på dette bruket sitt på Vange. I 1764 var huslyden komen til lnr 13 Limmesand. I følgje den gamle bygdeboka hadde enkja etter Anders Daae langt større grunn til å vera nøgd med neste leiglendingspar, som bygsla bruket frå ca 1764: Ivar Nilsson Liktvorane (1735–1810), husmannsson på lnr 9 & 1766 Anna Oladtr Stadheim (1734–1801) frå lnr 30. Dei fekk borna: Nils 1768, Sigrid 1771 (lnr 57 Karevoll), Johannes 1775 (lnr 80 Voll), Ola 1780 (lnr 96 Fjærestad). Nils Ivarson Vange (1768–1818) & 1804 Brita Hermunddtr Bø (1779–1817) frå lnr 101 fekk: Ivar 1803–18, Anna 1805 (lnr 104 Bø), Barbra 1808 (Nord-Noreg), Brita 1811 (USA 1843), Hermund 1814–96 (døydde i Bø), Ingebjørg 1816 (Vikøyri v792). Nils gifte seg oppatt 1817 med Brita Ivardtr Hønsi (1788–1819) frå lnr 82, og dei fekk Brita 1818 (USA 1843). Etter at Nils døydde i 1818, gifte Brita seg på nytt med Per Nilsson Vange (1793–1878) og flytta til han på nabobruket lnr 5. Då kom Nils Endreson Smidje, Feios (1791–1897) til bruket og kjøpte det i 1823. Nils var av ein velstandsfamilie, og var sjølv ein rik mann. Han kjøpte også lnr 5 og lnr 7 på Vange, og slo i 1833 lnr 6 og 7 saman til eitt storbruk. (Sjå vidare under lnr 6+7).
Lnr 7 Vange
(til 1833). Eigar: Prestebolet i Vik i 1647, 1655 og 1723, benefisert frå ca 1725, sjølveige frå 1833. Deretter slege saman med lnr 6. Matrikkelskyld: 2,0 laupar i 1647, 1,31+0,69 laupar i 1655, 1,06+1,06 laupar i 1723, 1,18 laupar i 1788.
I 1647 var Lasse på prestebolbruket på Vange. Truleg var «gamle Paul» og kona hans Ingrid med han på bruket utan at det går fram av skattematrikkelen. I 1655 dreiv Lasse Sæbø berre 0,69 laup i Vange, men hadde og 0,31 laup av presteboleiga i Sæbø. «Gamle Paul» dreiv då ein laup jord. I 1667 dreiv Lasse Amundson «Sæbø» (1623–) eit bruk på 1,6 laupar og det er truleg same Lasse som vi hadde på bruket i 1647. Lasse hadde då sonen Amund 1664. I 1685 er desse folka borte frå Vange, og brukaren heitte då truleg Ola. I åra 1701 til 1723 trur vi at presteboleiga var blitt til to like delbruk på 1,06 laupar. På det eine delbruket finn vi i desse åra Rognald Nilsson (1659–). Rognald finn vi ikkje i Vik prestegjeld i manntalslista for 1667. Han var gift med Ragnhild Ellingdtr Hove (–1700) frå lnr 71. Ho var av den store Ovrisætta. Dei hadde ikkje born. Rognald gifte seg kanskje på nytt (utan vi veit noko om kona) og fekk Johannes som kom til lnr 124+125 Hopperstad. På det andre delbruket var Johannes Johannesson (1661–1734) & Ingeborg Oladtr (–1715). Også Johannes ser ut til å vera innflyttar. Han døydde på Vikøyri. I 1716 var det fem etterkommarar: Ola 1697 (lnr 30 Stadheim), Johannes, Marta, Randi (sjå note) og Anna (Vikøyri v834). I 1723 var Rognald framleis delbrukar. Den andre brukaren heitte då Paul. Vi veit ikkje noko meir om han. Til eit samla bruk kom Markus Hansson Føli (1704–1764) frå lnr 20+21 & 1733 Brita Lassedtr Dale (1700–1773) frå lnr 23 i Arnafjord sokn. Brita var enkje frå lnr 6. Born: Per 1735, Barbra 1737, Lars 1740, Kari 1743, Solveig 1746. Omkring 1760 må Markus ha makeskifta bygsling med ein brukar på Hovland i Vangsnes sokn og flytta dit. Til Vange kom: Botolv Olason Hovland (1712–) frå lnr 4 i Vangsnes sokn & 1749 Sigrid Markusdtr Voll (1722–1791) frå lnr 80. Dei hadde borna: Synneva 1750, Markus 1753–53, Marta 1754–54?, Marta 1757–1835, Ola 1760–73, Markus 1766–72. Dottera Marta 1757 var sinnsjuk. Ho døydde på legd. Synneva Botolvdtr Vange (1750–1792) & 1774 Nils Olason Stadheim (1749–1821) frå lnr 28 fekk: Markus 1772 (plass 1 i Vangsreina), Ola 1776–1821, Hermund (død før 1801), Sigrid 1778 (lnr 77 Hove), Botolv 1781–81, Botolv 1781–1845 (Gjerde i Balestrand). Dei to med namnet Botolv var ikkje tvillingar: Den første var fødd i januar, den andre i desember! Nils vart attgift 1774 med Anna Kristendtr Hove (1749–1830) frå lnr 73. Dei hadde ikkje born. Nils Endreson Smidje kjøpte det benefiserte bruket i 1833 og ville overta drifta. Dermed miste Markus 1772 retten til å overta som leiglending. Som kompensasjon fekk han same året bygsla ein husmannsplass under bruket. Nils slo lnr 7 saman med lnr 6 til eitt bruk.
Randi Johannesdtr Vange & 1736 Ola Botolvson «Hopperstad» kjem bort for oss. Hopperstad var truleg tenaradresser for Ola.
Lnr 6+7 Vange
(frå 1833). På bruket var det i 1845: 14,6 daa bygg, 14,0 daa poteter, 3 hestar, 18 storfe, 40 smalar og 6 vinterfôra svin.
Nils Endreson Smidje (1791–1862) frå Feios kjøpte lnr 6 i 1823 og lnr 7 i 1833 og slo dei saman til eitt bruk. Han gifte seg 1830 med Turid Oladtr Sætre (1812–1897) frå Feios og dei fekk borna: Kari 1832 (sjå note), Unni 1833 (lnr 29 Stadheim), Nils 1835–35, Endre 1840, Nils 1843–43, Kirsti 1846–47, Kirsti 1848 (lnr 109 Tryti), Synneva 1851 (lnr 33 Fosse). I 1863 skøytte enkja Turid Oladtr lnr (6+7)b 0,13 spd til Nordre Bergenhus Amtkommune. Det var tomta til fengslet. Skylda på lnr (6+7)a vart 7,50 spd. I 1864 skøytte ho samlebruket over på sonen Ola Nilsson. Turid fekk fråskilt ein kårpart, lnr (6+7)c på 0,13 spd og i 1867 vart frådelt ei hustomt, lnr (6+7)d 0,03 spd. I 1870-åra vart lnr (6+7)g 0,13 spd frådelt. Det var husmannsplassen Hola på Seljadalen. I 1888 var dermed skylda på lnr (6+7)a 7,31 spd. Det vart omforma til bnr 2/2 11,54 mark. Ola Nilsson Vange (1840–1913) dreiv dette storbruket vidare frå 1864. Han gifte seg 1870 med Kari Jondtr Målsnes (1847–1922) frå Kvamsøy sokn og dei fekk: Nils 1871, Anna 1873 (lnr 85 Holstad), Turid 1875 (lnr 71a+73a Hove), Johanna 1878 (bnr 35/2 under lnr 100 Midlang), Ivar 1882, Anders 1885, Jon 1888. Storbruket vart delt på fire søner: Nils 1871 fekk bnr 2/2 4,91 mark, Ivar 1882 bnr 2/12 Elvatun 2,47 mark, Anders 1885 bnr 2/11 Nyvang 2,47 mark og Jon 1888 bnr 2/13 Midtun 1,65 mark. Nils Olason Vange (1871–1955) var sjukleg og var umyndig i over 40 år. Bruket hans vart delt. Anders 1885 fekk bnr 2/2 og Ivar 1882 bnr 2/17.
I eit hus på bruket budde: Kari Nilsdtr Vange (1832–1864) & 1859 Ola Person Vange (1824–1896) frå lnr 5. Born: Eirik 1855, Nilsina 1858–58?, Nilsina 1862–1927. Ola vart i 1865 kalla byggmeister, og huslyden budde i leigd husvære. I 1875 var Ola huseigar og snikkar.
Eirik Olason Vange (1855–1893) & 1882 Karen Oladtr Turvoll (1862–1942) frå lnr 46 fekk: Nils 1882–84, Karen 1884 (lnr 36c Nummedal), Olav 1887 (Ullensaker). Eirik var handelskar. Karen vart attgift med Lars Jondtr Grønsberg (1868–) frå lnr 41a. Dei busette seg på garden Holum ved Kløfta, Ullensaker. I året 1900 hadde dei der fått: Jenny 1896, Anna 1897 og Ragna 1899; og deretter Sigurd, Olaf, Helga og Laura Johanne.
Bnr 2/2+ 2/11 Vange 2,46+2,47 = 4,93 mark. Anders Olason Vange (1885–1941) frå lnr 6+7 & 1917 Inga Andersdtr Fosse (1892–1968) fekk borna: Lina 1918 (til Årdal), Olav 1919, Astrid 1921 (lnr 18b Tenål), Kåre 1923 (lnr 17h Tenål), Margit 1924 (til Nordfjord), John 1927 (bnr 2/23 Vange-aust), Torhild 1929 (sjå bnr 2/25 Vange-aust). Inga Vange var lærar, om foreldra hennar: sjå lnr 35a+34b Fosse. Olav Andersson Vange (1919–) & 1952 Borghild Oladtr Stadheim (1920–) frå bnr 5/14 under lnr 32 hadde bruket 1966–92. Born: Inger 1952, Laila 1953 (Ålesund), Anders 1958–99. Inger Olavdtr Vange (1952–) & 1969 Frode Helgesen (1947–) frå Høyanger har: Fridtjov 1970 (før Oslo), Beate 1974 (Skien). Inger og Frode bur på bnr 2/50 (sjå Vange-aust). Gardshusa er busette av: Fridtjov Frodeson Helgesen (1970–) & 2004 Monica Alvdtr Vatterdal (1971–) frå Tysnes. Barn: Andreas 2006.
I 1954 vart frådelt bnr 2/23 og i 1956 bnr 2/25.
Bnr 2/12+2/17 Elvatun 2,47+2,45 = 4,92 mark. Ivar Olason Vange (1882–1950) frå lnr 6+7 & 1909 Stina Marie Arnedtr Tenål (1886–1939) frå lnr 16 fekk: Ola 1910, Olina 1912 (lnr 5 Vange), Kari 1915 (lnr 52 Orvedal), Anna 1920 (Arendal). Ola Ivarson Vange (1910–1969) var ugift. Bruket vart overteke av Olina Ivardtr Vange (1912–1984) & Endre Nilsson Vange (1908–1995) som deretter dreiv bruket frå bnr 2/1 (= lnr 5). Bnr 2/12 vart frådelt bnr 2/27 i 1959, bnr 2/50 i 1975, bnr 2/56 i 1985, sjå Vange-aust.
Bnr 2/30 Svingheim 0,04 mark, 1965. Thor Endreson Brudevoll (1928–) frå lnr 47b & 1950 Magna Tordtr Voll (1930–) frå lnr 80b brukar båe etternamnet Stadheim. Seinare busette i Ytre Arna. Feriehus.
Bnr 2/13 Midtun 1,65 mark. Jon Olason Vange (1888–1966) frå lnr 6+7 & 1916 Agata Perdtr Hove (1894–1972) frå lnr 76a fekk: Kari 1917 (var heime), Anna 1921 (Os i Hordaland), Olga 1925 (Ålesund), Olav 1928. Olav Jonson Vange (1928–) & 1959 Ragnhild Kjerstina Breilid (1935–) frå bnr 41/65 i Sjøtunvegen hadde bruket 1958–97. Dei flytta deretter til bnr 41/65. Born: Signe Agathe 1960 (Kaupanger), John Ole 1962. John Ole Olavson Vange (1962–) & 1987 Kathe Solheim (1959–) frå Os har: Anne Kristin 1987, Ole Kristian 1990, Tom Erik 1993.
Lnr (6+7)cfh Vangshuset 0,09 spd = bnr 2/4 0,13 mark.
I matrikkelutkastet frå 1724 var ein av eigarane av garden Vange Montagnie. Det var oberstløytnant Peder Montagnie Lillienskjold (1667–1725). Mor hans var dotter til rikmannen Hans Hanssen Smidt (1610–1672) i Bergen, og som vart adla til etternamnet Lillienschiold. Hans vart eigar av Lyseklostergodset med hovudgard i Kvinnherad. Peder var knytt til Bergenhus, men det militære var nærast ei bistilling, for i 1697 kjøpte han storgarden Handeland i Kvinnherad. Alle 11 borna hans vart fødde der. Med «godset» følgde det eige på over 30 laupar i gardar berre i Sunnhordland. På Handeland starta han omfattande næringsverksemd av ulik slag, mellom anna eit marmorverk. Peder var gift med Abel Cathrina Hjort (1675–1727) frå storgarden Stend i Fana. Også ho var av adeleg ætt.
Anthon Jacob de Coucheron (1682–1736) var av offiserslekt og fødd i Bergen. Som mange andre offisersøner fekk han offiserstilling alt som barn. Han gifte seg med Petronelle Christendtr Gammelgaard (1693–1726), ei prestedotter frå Lesja. Dei hadde mange born. Coucheron gifte seg på nytt i 1727 med Henriette Antonette Lillienskjold (1704–1783?), ei av døtrene til Peder Montagnie Lillienskiold.
Den 10. januar 1729 vart Coucheron oberst og sjef for 1. Bergenhus nationale infanteriregiment også kalla «Nordre Bergenhusiske Regiment». Dette regimentet kom i til i 1718 ved deling av regimentet for Bergen stift. Dei to regimenta i Bergen stift hadde mange kompani, og som regel kvar med ein kaptein som leiar. I ytre Sogn var det tre kompani. Dei hadde senter i Lavik, Tjugum og Vik.
På denne tida var det opptil embetsmennene sjølve å finna og kosta ein representativ bustad. Dersom Coucheron skulle finne ein stad i Sogn eller Fjordane, var det eit problem at det på denne tida kunne ikkje ei høveleg tomt frådelast eit bruk. Altså måtte Coucheron kjøpe seg eige i ein gard. Eit anna problem var at leiglendingane sat med bruksrett på livstid. Dermed kunne det gå mange år før det ein kjøpar sjølv kunne drive garden. Men for ein høgtståande offiser var det kanskje ikkje noko ønskjemål å vere gardbrukar. Vi må gå ut frå at Coucheron først på året 1729 vitja kompania i regimentet. Då han kom til Vik fekk han truleg eit tilbod som ville løyse bustadproblemet. Kompanisjefen for infanterikompaniet i Vik var kaptein Hans Petter Tønder, og gjennom kona sat han på eige i Vange. Tønder var viljug til å selja til Coucheron. I pantebok for ytre Sogn finn vi skøyte, dagsett 16. august 1729 til Coucheron frå H. P. Tønder på ein laup, ei hud og 8 mæle korn i Vange.
Kjøpesummen var 299 riksdalar. Dette var eige etter «salige» Anna Finde. I tillegg finn vi ei ny skøyte, dagsett 19. november 1729, over landskyld ein laup og ei hud i Vange, underteikna av Anders Daae og Jens Garman. Jens Garman var kapellan i Vik. Det går fram av skøyta at dette var eige etter «salige» oberstløytnant Lillienskjold. Det merkelege er at kjøpesummen berre var 75 riksdalar. Det kom kanskje av at det var uklart korleis denne eiga var kommen over på Anna Finde-arvingar. Dermed var Coucheron blitt eigar av halvparten av namngarden Vange og kunne gå i gang med planlegging av ein standsmessig bustad for ein regimentsjef.
Oberst Coucheron må ha flytta til Vik tidleg på året 1730. Men det einaste sikre provet vi har er at i kyrkjeboka finn vi i 1730 at oberst Coucheron og «høyædle og welborne hustru Lillienskiold» var fadrar på eit barn. Men det er rimeleg å tru at «Vangshuset» først var ferdig for innflytting i 1731.
I samband med gudstenester førde prosten Anders Daae inn i kyrkjeboka nokre personar som prosten hadde hatt samtale med etter altergang. På denne måten får vi greie på mykje både om familie og tenarskap. Med seg som selskapsdame hadde oberstinna den yngste søstra: Anna Sophia, fødd i 1711. Ho vart ofte omtalt som «welborne frøken Lillienskiold». Husholderske i Vangshuset var den «welborne» frøken Inger Marie Schiothe, og Maren Andersdtr Kierumgaard var «stuepige». Ho var truleg frå Bergen og sikkert nærslekta med kona til gjestgivaren Hans Sæbye og som hadde same etternamnet før ho gifte seg. (Sjå under lnr 1 Sæbø.) Då denne kona døydde, gifte Hans seg på nytt i 1735 med Maren. I mai 1735 fører Anders Daae inn i kyrkjeboka:
«Trolovet udi høyædle og welborne oberstens hus Hans Madssen Sæbye og mademoiselle Maren Andersdatter Kierumgaard». Noko seinare ser vi at ein sersjanten i kompaniet også vart trulova i Vangshuset. I «oberstens hus» var det også ammer for borna. I 1732 var det Anna Johansdtr, i 1736 Anna Hansdtr, i 1737 Anna Johannesdtr og ei tid var det Abelone. Det siste var neppe noko namn frå Vik, men av andre innføringar i kyrkjebok ser det ut til at ho var gift med ein skomakar. Abelone gjekk ofte til alters saman med «prostens stuepige» Ingeborg. Anders Daae kjende tydelegvis att desse to under nattverden.
I året 1736 finn vi innført i kyrkjeboka: Tirsdagen den 2. october æfter aften kl. 9 døde den H:haver høyædle og welborne obristen Coucheron, efter at den nu himmelsalige mand hafde taget enn kierlig afskeed med sin høytsørgende frue, børne og andre tilstædeværende med mange gudsord formaninger til dem alle.
Fredagen den 19. october kl. 4 eftermid. begravet H: obrist Coucheron .... udi i all stillhed, uden sang og klang, ligprædiken eller parenation. Kva skal vi tru? Det var i alle høve ei lite ærefull gravferd. Etter mitt syn døydde obersten etter å ha blitt dødeleg skadd i sjølvmordsforsøk. På denne tida vart sjølvmord likestilt med mord. Men sjølvmord under sjukdom og raseri kunne gjera samfunnet si straff mildare, men i alle høve skulle personen gravleggjast utan jordpåkasting og liktale. Dessutan såg kyrkja på sjølvmord som Satan sitt verk. Det skreiv i alle høve Anders Daae i samband med at han hadde gitt kyrkjelyden formaningar etter at «ukristelig menneske» Rognald Hermundson Refsdal hengde seg i 1738.
Årsaka til sjølvmordet var truleg økonomiske problem på grunn av høge byggekostnader og for kostbar livsstil. Obersten kunne heller ikkje rekne med økonomisk hjelp av kona sin familie, for faren sine næringsverksemder gjekk dårleg dei siste åra før Coucheron døydde, og i 1734 gjekk dei alle konkurs og Lillienskiold-familien måtte flytta frå godset i Kvinnherad.
Korleis det økonomiske oppgjeret vart ordna, veit vi ikkje. Men det kan ha blitt halde eit militært skifte. Det kom såleis fram at det var pantegjeld og pantobligasjonslån på til saman ca 1200 riksdalar. Denne gjelda kan regimentet ha overteke mot å overta eigedomsretten. Vi kan i høve slå fast at regimentet vart eigar av Coucheron si eige i Vange, medrekna Vangshuset.
I Vik fekk ekteparet to døtre: Sophie Magdalene 1733 og Helche. Dei vart båe i vaksen alder busette i Bergen.
Foreldra fekk til slutt eit tvillingpar som truleg døydde som spebarn. Sophie Magdalene vart gift med ein regimentsjef og kommandant og Holche med Gunder Faldnes. Han hadde tidlegare vore kapellan i Vik.
Etter Coucheron kom oberst Georg von Holstein. Det vart skrive skøyte til han den 24.07.1737. Kjøpet omfatta eiga i garden Vange og Vangshuset. Eigedomen hadde blitt selt på auksjon for 1400 riksdalar. Dei som skreiv under på skøyta var kaptein for kompaniet i Vik (frå 30.01.1736 til 13.09.1743) Johan Hartvig Kaas (1695–1759) og offiser Even Pedersen Kraft. Den siste kom til Bergenhusiske regiment i 1720 og var busett i Brekke (Gulen) i åra 1727–1745 og var deretter kommandant på Munkholmen festing.
Frå hausten 1737 til midt på året 1738 må obersten ha vore busett i Vangshuset i Vik. Moritz Georg von Holstein var frå området Mecklenburg-Vorpommern i Nord-Tyskland. Vi veit ikkje om kva karriere han hadde i Danmark-Noreg, men det er oppgitt at han var oberst frå 35.03.1733. Kona Johanna Elisabeth von Holstein (1691–1738) var fødd med etternamnet von Verbern. I Vik hadde dei truleg med seg to døtrer og ein son.
Den 21.03.1738 døydde oberstinne von Holstein. Det er ikkje ført inn i kyrkjeboka. Det er ikkje uventa, for med unntak av det dramatiske dødsfallet til oberst Coucheron, finn vi at Anders Daae på denne tida ikkje førde dødsfalla inn i kyrkjeboka. Men 05.04.1738 var kapellan Grøn på sjukebesøk i Vangshuset. Det var oberstens «kokkepige» som var dårleg. Av di namn ikkje er oppgitt, var kanskje også ho tysk. Anders Daae førde elles ikkje inn sjukebesøk i kyrkjeboka.
Med dato 11.04.1738 fører Anders Daae inn i kyrkjeboka: Begravet H: obristinde Holsten med ringen udi Hopperstads kirke, 4–re timer, og jordpåkastelse, og ellers ingen videre forvistning. Vanlige folk skulle gravleggjast innan 8 dagar etter dødsdag, men for personar av høg stand kunne det gå tre veker. Oberst von Holstein utsette altså gravferda så lenge han kunne. Gravlegginga av oberst Coucheron skjedde utan «sang og klang». Men her var det ulovleg lang klang, for i følgje lov frå 1687 skulle det ringjast maksimalt ein time ved gravferder. Ei inntektskjelde for kyrkjeeigarane var at det måtte betalast for ringing ved gravferder. Vi bør difor kunna rekna med at obersten måtte betala spesielt mykje for den lange ringjetida. Vi merkar oss at von Holstein sløyfa liktalen. Det var det elles berre fattige pårørande som gjorde i Vik. Førenamnet til fru Holstein får vi her ikkje greie på – og etternamnet er feilskrive. Etter mitt syn var den «begravelsen» som Anders Daae skreiv om ingen gravlegging i jord, men ein formell seremoni.
Preikesundagen etter fører Anders Daae inn: Com med obristens stuepige Catharine Kølle, og så 1. mai 1738: Com med Hr: obrist Holstein med 2de frøken døtrer og lieut. Holstein. Her skreiv han altså Holstein, og dette var siste innføring før familien flytta frå Vik til Bergen.
I det første bandet av Bygdabok for Vik i Sogn, har Robert Kloster ein lang artikkel om dei gamle kyrkjene. Her finn eg grunn til å minna om at Knut Glad var den siste presten før Ivar Eirikson Leganger tok over. På side 177 gir Kloster eit oversyn over kva Blix fann om tre gravkammer i Hopperstadkyrkja: «Da Blix grov under golvet fant han tre gravkjellere med kister og «mummifiserte» lik. Den ene var oppe under alterfoten og må være Glads gravplass. Den andre, som inneholdt seks kister, lå øst i skipet og var rimeligvis Iver Ericsøns. Vest i skipet var den tredje kjelleren. Over den ligger framleis en svær gravstein med innhugne våpenskjold. På søylen like ved henger en likkisteplate av messing med samme våpenskjold og en innskrift som viser at steinen er lagt over graven til oberstinne von Holstein i 1738. (Det rette er 1739.) Hennes våpenskjold malt på små ovale blikkplater henger dessuten oppe på tangen over søylene. Da Blix undersøkte likkjelleren fant han at gravsteinen hadde ornamenter og innskrift på undersiden. Innskriften var på tysk og fortalte at den erbare Hindrich Ihe døde den 28. august 1618 og anropte Gud om å være hans sjæl nådig. (osv). I kjelleren var det to store kister og en liten barnekiste. Etter mitt syn er det rimeleg å tru at dei to som låg i gravkjellaren i vest frå før var ei prestefrue og barnet hennar. Prestefrua må ha vore gift med ein av forgjengarane til Knut Glad. Dette var danske prestar som berre var ei kort tid i bygda og som truleg reiste tilbake til Danmark. Det var såleis rimeleg for Anders Daae å sjå på denne gravkjellaren som eigarlaus, og at han som kyrkjeeigar kunne «selja» plassen til oberst von Holstein. Plasseringa av kista til fru Holstein i denne gravkjellaren må ha skjedde nokså raskt etter at ho formelt vart «gravlagd» i 1738.
Den andre søndagen etter pinse i 1739 (som dette året må ha vore ca 10. juni) var det ei spesiell gudsteneste i Hopperstadkyrkja og som vanlege bygdefolk ikkje fekk vera med på. Grunnen var at oberstinne von Holstein no skulle ærast på tilsvarande måte som det var vanleg for adelege der obersten kom frå. Denne gongen kan det ikkje vera tvil om at Anders Daae leigde ut kyrkja for eitt døgn og at han sjølv ikkje var til stades. «Prædiken» vart halden av ein «welboren» prest på «Winstorpladsen [Winsdor?] ved Sælsted», skreiv Anders Daae i kyrkjeboka. Dette var truleg «Selsted church of England» i Kent. Oberst von Holstein tok truleg den engelske presten med seg frå Bergen. Dette var elles ein militær tilstelling. Til stades var oberstløytnant Johan Frederich Frølich (1681–1757), oberst von Holstein og oberstløytnant Kraft (busett i Gulen) – og andre over- og underoffiserar. Til stades var også 6 «sædvanlige» kompanisoldatar. Anders Daae skreiv òg om minneplate og to våpenskjolda som var komne opp på søyler. Dessutan skriv Anders Daae i kyrkjeboka at frå kl 11 om kvelden same dag til klokka 3 om morgonen arbeidde 42 soldatar med å leggje ned ein store gravsteinen inne i kyrkja. På eit messingskilt står det: «Hochwohl Geborne Frau Johanna (Obristin) Elisabeth von Holstein, Geborne von Verbern. Geborne, den 17 junij 1691. Gestorben den 21 martij Anno 1738». Vi må tru at Anders Daae såg på seremonien i Hopperstadkyrkja som ei rein militær markering. Anders Daae var ein svært pågåande forretningsmann, og vi må rekna med at han tok seg ei svært godt betalt kyrkjeleige for dette eine døgnet.
I følgje slektsoppsett på nettet var Moritz Georg von Holstein (1686–1742) av Kesslin-linja i Mecklenburg. Far var Jürgen von Holstein (1625–1699). Personar i denne linja har ikkje fått plass i norske historiebøker. Faren var kanskje ein godseigar som eigde kyrkja på godset på same måte som godseigarar gjorde i dei adelige storgodsområda i Danmark. Historikarar i Danmark fortel at alt innvendig i slike kyrkjer var prega av kven som hadde hatt makta gjennom mange generasjonar. Inventar frå altertavle til preikestol var merka med våpenskjolda til dei adelege givarane. «Og med sine kister, gravminder, rustninger, sværd, og mørnede gravfaner fremstod kirkerommet som et mausolæum over kirkens ejere gennem tiderne».
Frå midt i året 1738 må oberst von Holstein ha vore busett i Bergen. Vangshuset selde han til Anders Daae for 1200 riksdalar alt i 1738. Det er nærliggjande å tenkja seg at dette kjøpet gjekk inn i handelen om plass i gravkjellaren! Av dei to var nok Anders Daae den smartaste forretningsmannen. Georg von Holstein reiste tilbake til heimtraktene for å finna ny kone, og han gifte seg 13.05.1740 i Pentzin med Eleonora Marie Arentzdorph. Ho døydde 1758. Georg von Holstein døydde i 1742, og kista hans fekk ærefull plass i kjellaren under alteret i Mariakyrkja!
I nettboka fylgjer vi så busetnaden i Vangshuset i åra 1739–1814. Anders Daae overtok eiga av dette løpenummeret. Han brukte huset som bustad for kapellanar. Det første kapellan-ekteparet som budde der må vera Hans Grøn og hustru Christine Andersdtr Daae. For fjerde søndag i advent 1739 (rett før jul) fører Anders Daae inn i kyrkjeboka at han hadde døypt den førstefødde til kapellanen «i huset på Vange». Det var Johan 1739–79. Prosten gir opp at vêret var så dårleg at fadrane ikkje kunne ta seg til kyrkja. Fadrar var: krigsråd Moduvit, Anders Daae, sonen Jonas Daae, prestefrua Birgitte Daae og kaptein Tuchsen si hustru, Karen Daae. Av desse var det vel berre krigsråd Moduvit som var så gamal at grunnen verkar truverdig. Moduvit var busett på Vangsnes og Karen Daae i Balestrand, og dei to var nok innlosjerte i gjesterom i Vangshuset.
Den siste kapellanen til Anders Daae som budde i Vangshuset var Jonas Andersson Daae (1717–1777). Då han vart prest og flytta inn i prestgarden, flytta presteenkja Birgitte Daae inn i Vangshuset. Ho sat i uskift bu i fem år, men i 1768 samla ho arvingar i Vangshuset for skifte etter mannen. Ei eventyrleg gardseige, verdsett til over 30.000 riksdalar, vart då delt. Men verdien av Hoppestadkyrkja med kyrkjegods var berre 300 riksdalar. Den låge verdien av kyrkja understrekar vel at kjøp av kyrkjer med kyrkjegods i Sogn hadde vore ein dårleg investering for dei fleste kjøparar. (Etter ombygging og tilbygging vart kyrkja kanskje vanskeleg å vedlikehalda. Anders Daae fortel i kyrkjeboka om ei gudsteneste i 1738. Det kom svært sterk vind frå sydvest. Da kraka og braka det så sterkt i kyrkja at han måtte ta med seg kyrkjelyden til Hovekyrkja og fullføra gudstenesta der!)
Det siste kapellan-ekteparet som budde i Vangshuset var Ludvig Ludvigsen Daae (1774–1843) & 1802 Catharina Dorothea Liliedahl (1771–1809) frå lnr 121 Hopperstad. Dei var der under ein bispevisitas i 1806. Men innan 1809 må Ludvig ha blitt prest i Lavik. Eigar av huset var då Birgitte Elisabeth Cathrine Daae (1752–1821), det einaste barnet til presten Jonas Andersson Daae i Vik. Ho var gift med presten Jacob Post Michelet (1740–1803), sokneprest i Manger. Dei hadde ikkje born. Det har blitt hevda at Birgitta «formodentlig boet på gården Vange» som enkje. Det er ikkje rett. Men i 1814 må ho i alle høve ha stelt stovene i Vangshuset til disposisjon for dei som kom til Vik for å velja utsendingar til Eidsvoll-forsamlinga. Dette vart kanskje ordna av pensjonert oberstløytnant Fasting på Sjøtun. Han var gift med Karen Tuchsen, ein Daae-arving. I 1814 var 40 valmenn frå fylket samla i Vangshuset for å velja Eidsvoll-menn. Deretter var to sorenskrivarar Deretter var to sorenskrivarar busette her. Det første paret var Jens Christopherson Munthe (1788-1858) & 1814 Maren Christine Johandtr Baar (1791-1819) frå Porsgrunn. Dei fekk: Christopha Theodore 1816, Johan Christian Fredrik 1818 og Jens Marenius 1819. Borna vart fødde i Oslo. Jens gifte seg på nytt 1821 med Anna Sophie Thoresen (1800-1836). I 1833 vart Munthe sorenskrivar i Telemark. Sjølv om han var stortingsmann, var han likevel ein uærleg mann, og i 1850 vart han avsett for å ha stukke stempelavgifter i eiga lomme. Det må vera Munthe som lurde Nils Endreson ved gardskjøp på Vange, ikkje neste sorenskrivar slik det er skrive i den gamle bygdeboka. Johan Henrik Cappelen (1796–1850) var sorenskrivar i Ytre Sogn 1833-50. Han var gift med Hanna Sophie Manthey (1805-1881), ei dotter av sorenskrivar Samuel Wilhelm Manthey og kona Antonette Wilhelmina Elisabeth de Stockfledt (sjå om to andre døtrer under Kålhagen). Born: Johan Henrik 1838 (kontorsjef på Stortinget), Sophie Lucie 1840, Isabelle Mathilde 1842. Cappelen flytta etter få år til Skau i Fresvik, og borna vart fødde der. Cappelen vart kjend for å ha eit råflott levevis og stå for utrulege utskeiingar. Pengar skaffa han seg ved å tilrana seg midlar, mellom anna frå umyndige. Men før straffesaka var avslutta, døydde han. Vangshuset var i 1865 ikkje særskilt busett og var då truleg disponert av Nils Endreson Vange med born. Staden vart ca 1868 kjøpt av løytnant, seinare kaptein Oscar Christian Julius Michaelson Lyche (1819-1898) frå Drammen. Han kjøpte til småparsellane av lnr (6+7) i 1874. Han gifte seg 1854 med Birgitte Cathrinka Madsdtr Fasting Christensen (1823–1857), ei dotter til Marie Daae Fasting frå lnr 127 Sjøtun. Oscar med huslyd budde kanskje ei tid i Fasting-huset på Hove, men i 1865 var dei på Tenål. Born: Christian Frederich August 1855 og Birger 1857. Oscar gifte seg på nytt med Divert Johandtr Harmens (1838–) frå Bergen og dei fekk: Annette Marie 1870, Divert Johanne 1872, Boilette Augusta 1874, Helga 1876, Anna Birgitta 1879. Divert og eit par av døtrene hadde visstnok nerveproblem. I 1875 hadde huslyden 2 kyr, litt grønfôr og 0,7 daa potet på småbruket. I år 1900 budde Divert med døtrene Helga og Anna i Bergen. Helga var då lærarinne og Anna massøse. Staden vart i 1907 selt av enkjefru Lyche til Anfin Jonson Holstad (1844–1923) frå lnr 85. Anfin var i mange år i Amerika, og då han gifte seg i 1899 med Barbra Endredtr Holstad (1869–1926) frå lnr 87 vart han kalla farmar. Dei hadde ikkje born. Dei oppretta testamente i 1926 og same år gjekk bnr 2/4 til Marta Endredtr Holstad (1876–1965), ei syster til Barbra. I 1927 vart bnr 2/19 Pærehagen fråskilt og gjekk saman med bnr 2/13 Midtun, slik at bnr 2/4 fekk skyld 0,10 mark. Bustaden var leigd bort, frå ca 1943 til: Inga Andreasdtr Sæbø (1891–) frå Hirtplassen i Røysane-Sæbø & 1919 Bastian Jonson Holten (1892–) fødd i Stangvik i Romsdal, men oppfostra på Brekke i Tingvoll på Nordmøre. Born: Helga Ingebjørg 1926 (Årdalstangen), Borghild 1920 (Øvre Årdal), Herman 1924 (Bergen), Bjørg Ingtryd 1929 (ugift, Årdalstangen), Borgny 1933 (ugift, Sandane). Familien budde ei tid i Røysane-Sæbø. Dei var i Vik 1933–47, deretter i Årdal. I 1952 skøytte Marta eigedomen til brordottera Anna Bendikdtr Holstad (1914–1969) frå bnr 6/28 Teigum på Ovrisdalen gift i 1943 med Harald Nilsson Helleland (1902-1979) frå Feios. Born: Arne Gunnstein 1951–68, Audun Bodvar 1944 (Voss), Kjell Normann 1946 (Strømmen), Borgny Maria 1953. Staden vart kjøpt av: Arne Bårdson Skeie (1945-) & 1967 Eva Alfdtr Vatle (1946-), båe frå Voss. Born: Randi 1967 (bnr 40/34 i Moane-Grov), Alf 1971 (Oslo), Bård 1974 (Voss).
Lnr 8 Vange
3,36 spd = bnr 2/7 5,21 mark. Eigar i 1647, 1655, 1723 og til ca 1730: Hospitalet i Bergen. Sjølveige frå 1832. Matrikkelskyld i laupar: 1,0+ 0,5 i 1647 og 1655, 1,50 i 1667, 1,69 i 1723, 1,36 i 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 9,6 daa bygg, 8,4 daa poteter, 1 hest, 13 storfe, 12 smalar og 5 vinterfôra svin.
Vi trur at dette bruket i 1647 hadde to brukarar: Ola dreiv ein laup og Paul 0,5 laup. I 1655 var framleis Ola og Paul på bruket, men i 1667 finn vi berre Paul Tørrisson (1595–) med sønene Tollak 1648, Tørris 1652 og Johannes 1660 (plass i Gildhus). Sidan Paul må ha fått desse borna med ei ung kone, må vi kunna rekna med at han har hatt minst ei kone tidlegare. Med henne hadde han kanskje Torkjell 1631 som kom til lnr 3 Sæbø. I 1685 heitte brukaren Øystein og vi trur at dette var Øystein Olason (1619–) som var på lnr 11 Seim i 1667 og der hadde sønene Johannes 1657, Ingebrigt 1659 og Jon 1661. Johannes Øysteinson Seim (1657–1717) & Anna Anbjørndtr Hove (1663–1729) frå lnr 72 hadde to søner som vi veit om: Anbjørn 1698 og Øystein 1701. Øystein Johannesson Vange (1701–1727) var leiglending på bruket i 1723 og han var der òg i 1727. Då var han fadder på Johannes Anbjørnson Hovsviki. Øystein var gift med Marita Oladtr Fjærestad (1703–1763) frå lnr 96 og dei hadde Marta 1723 (lnr 54 Rislåg). Marita gifte seg oppatt 1728 med Ola Lasseson Refsdal og flytta til lnr 59 Refsdal. Anbjørn Johannesson Vange (1698–1767) vart leiglending på bruket. Han gifte seg med Sigrid Styrkdtr Føli (1693–1776) frå lnr 19 og dei hadde borna: Ingegjer 1719 (Vetleøyri s174), Styrk 1723, Johannes 1727–27 Johannes 1733 (lnr 56 Kinni), og Ingeleiv 1734–63. Huslyden var i Hovsviki i 1723 og fram til ca 1729. Styrk Anbjørnson Vange (1723–1771) & 1747 Marta Knutdtr Stadheim (ca 1714–) frå lnr 27 fekk borna: Endre 1746 (Vetleøyri s037), Øystein 1748 (Vikøyri v980), Knut 1750 (Vetleøyri s110), Tørris 1755–61, Guri 1759 (lnr 82 Hønsi). Småguten Tørris miste livet ved å drukna i Vangselva. Det kom nye folk til bruket. Presten bygsla i 1780 bruket til Jon Andersson Skjørvo (1749–) frå lnr 114 & 1780 Anna Johannesdtr Hopperstad (1742–1812) frå lnr 124+125. Born: Johannes 1781–81?, Kari 1782 (Vikøyri v092). Jon og Anna vart kanskje sjukelege, for dei overlet drifta mot kår til Jakobine Grøegaard (1773–1841). Ho dreiv ei tid bruket åleine, men let så Nils Halsteinson (1772–1841) & Guri Jondtr Hove (1780–1841) frå lnr 79 driva halve bruket. Nils var truleg frå Slidre i Valdres. Dei fekk borna: Synneva 1807 (lnr 14 Tenål), Johanna 1820–20, Jon 1823–23, Johanna 1829 (USA 1854). Men Nils greidde ikkje å gjera opp for seg, og han måtte i 1817 overlata drifta til Jakobine og vart husmann under bruket. I 1832 fekk ho kongeskøyte på bruket. Men økonomisk gjekk det dårleg, og ho selde difor bruket til presteenkja Thode. Jakobine fekk kår under bruket. Enkjefru Thode testamenterte bruket til ei systerdotter, Anna Elisabeth Fürstenberg (1806–1893). Ho var dotter til ein klokkar i Sunnfjord. Ho gifte seg 1839 med løytnant og enkjemann Ditlef Fredrik Tillisch (1811–1896). Første kona hans var Margrethe Tollefdtr Meyer (1811–1838) frå Bergen. Dei gifte seg i 1837 og fekk Frederik 1838 (kjøpmann i Bergen, så USA). Anna og Ditlef fekk borna: Wilhelm 1840 (USA), Jacob Thode 1842 (USA), Johan Wilhelm 1845–46, Margrethe 1848 og Bartholine Euphemia Fürstenberg 1850. Bruket dei var på vart kalla Vetla-Vange eller Tillisch-garden. I 1884 vart bruket fråskilt lnr 8c 0,08 spd, slik at i 1886 var lnr 8a 3,44 spd = bnr 2/7 5,15 mark. Margrethe Ditlefdtr Tillisch (1848–1934) hadde bruket etter faren. Frå ca 1862 var det paktar på bruket. Det første paret var Ola Guttormson Vikøyri v254 (1821–1867) & 1857 Mari Hermunddtr Vetleøyri s166 (1823–1914). Born: Guttorm 1855, Hermund 1858, Jon 1860, Anders 1862–1907 og Olina 1867–69. Frå tidlegare hadde Ola fått Guttorm 1949 og Brita 1850 med Sigrid Andersdtr Vikøyri v070 (1821–1856). Ola og Mari hadde vore på ein husmannsplass på Vetleøyri, og Mari flytta tilbake dit etter at Ola døydde, sjå plassen Vedledna-Sæbø under Vetleøyri. Frå 1867 til ca 1880 pakta Ingebrigt Johannesson Hov (1841–) frå Fresvik bruket (sjå lnr [1+4]d Sæbø). Bartholine Euphemia Fürstenberg Tillisch (1850–1881) & 1873 kaptein Gulbrand Oscar Johan Peterson Lunde (1847–1928) var busette i Bergen, men var mykje på Vange, for Lunde vart oberstløytnant og sjef for 3. kompani av Sogns Landværnsbataljon. Dei fekk borna: Sigurd 1874 og Anna Margrethe 1879–1966 (gift 1902 med presten Hans Thiis). Det er uklart om bruket var bortpakta i åra 1880–90, men Nils Kristofferson Tryti (1855–1895) frå lnr 109 kom dit seinast i 1890. Han gifte seg 1890 med Anna Jondtr Moane-Hove (1855–1938) frå lnr 76b og dei fekk: Gyrid 1893 (lnr 26 Stadheim). Enkja Anna budde først på Vange, men flytta seinare til Stadheim. Deretter pakta Anders Endreson Hove (1842–1922) frå lnr 79b & 1879 Brita Jondtr Moane-Hove (1852–1927) frå lnr 76b bruket i nokre år. Dei hadde eit lite bruk på Føli, bnr 6/3–5, og flytta tilbake dit. Margrethe Tillisch var ugift, og bruket gjekk i 1925 til Inga Larsdtr Grue Lunde (1870–1949), fødd på Smøla, & 1901 Sigurd Lunde (1874–1936). Inga var songar og songlærar, Sigurd var arkitekt. Ekteparet budde i Bergen, men var mykje i Vik. Dei hadde fire born: Gulbrand 1901–42, Lars 1903–83, Margrethe 1906–90, Sigurd 1912. Gulbrand var direktør for Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavangar frå 1929 og var frå 1940 konstituert statsråd («propagandaminister»). Han døydde i ei «bilulukke». Lars var mykje med i gardsdrifta, men flytta ca 1932 til Bergen og kjøpte 1938 eit småbruk i Fana. I 1926 vart bruket frådelt bnr 2/18 0,60 mark til A/S Vik Svineavlstasjon. Inga Lunde dreiv sjølv stasjonen. I åra 1906–29 var Elling Gjertson Råsberg (1861–1947) frå Lavik gardsstyrar på Tillischgarden. Han var ugift. I åra 1930–34 pakta Anna Sjurdtr Grønsberg (1889–1970) frå lnr 41a bruket. Anna hadde med seg sonen Anders 1911 (til bnr 7/6 Fosse). Bruket vart i 1935 selt til Anfin Andersson Seim (1877–1952) frå lnr 10. Han var bonde på Seim, og etter nokre år pakta han bort Vetla-Vange til ei dotter. Gjertrud Anfindtr Seim (1922–) & 1950 Olaf Olason Turvoll (1925–1994) frå lnr 46 fekk skøyte på bruket i 1986. Born: Berit 1950 (bnr 2/57 på Vange-aust), Arnfinn 1952 (Lillehammer), Odd Rune 1954 (overtok bruket i 2006), Brita Sissel 1956 (bnr 97/28–3 Tråna på Vangsnes), Ranveig 1962 (bnr 97/184 i Sinklesteinsviki på Vangsnes). Bruket er i dag utan driftsbygning, og då det er innan regulert område, kan det ikkje setjast opp ny. Odd Rune Olason Turvoll (1954–) & 1995 Francine Charron (1953–) frå Quebec i Canada har båe born frå før. Han er gift og skild frå Olga Anfinndtr Horne (1955–) frå Svortevik i Naustdal. Born: Ole Andre 1977 (London), Ann Kristin 1980 (Bergen). Dei var før på Bryne i Rogaland. Odd Rune overtok bnr 2/7 i 2006.
Bnr 2/7 vart i 1987 frådelt bnr 2/57, og i 1988 bnr 2/58, sjå under Vange-aust.
Lnr 8c 0,06 spd = bnr 2/8 Vange 0,06 mark. På denne parsellen ved Vangsbruna, kjøpt i 1884, vart busett: sersjant Nikolai Johannes Nilsson Erdal (1849–1922) & 1878 Helene Sofie Danela Bendikdtr Rotenes (1856–1899), båe frå Førde. Dei hadde teke til seg Petra Kristine 1885, ei dotter til furer Oliver Larsson Indrebø (1853–1887) frå Førde & Anna Kristine Torsteindtr Myklebust (1858–1932) frå Nordfjordeid. Anna gifte seg oppatt med enkjemann Nils Andersson Vangestad (1859–1952) på Åberge i Sogndal. Ei syster til Helene, Anna Birgitta Rotenes (1860–1913) døydde på Vange. Før det hadde ho vore industrilærarinne på jenteskulen i Kroken. Nikolai gifte seg på nytt 1920 med Eli Hansdtr Brekke (1880–1963) frå lnr 105b Vomb under lnr 88. I 1919 overtok Petra Kristine Oliverdtr Indrebø (1885–1936). Ho gifte seg 1920 med Jakob Abrahamson Hornnes (1896–1952) frå Førde og dei fekk: Oddvar 1920–43, Nicolay Abraham 1922, Ragnar 1923, Kjell 1929 (til Bergen). Nicolay Jakobson Hornnes (1922–2000) var eigar 1943–54, men budde i Danmark. Ragnar Jakobson Hornnes (1923–) & 1953 Enny Bergnice Knutdtr Styve (1927–) fekk borna: Jacob 1955 (bnr 1/48–3 i Hamnen), Knut 1958 (Trondheim), Håkon 1963 (Enebakk). Om foreldra til Enny: sjå Vikøyri v584.