Seim

Seim (saim): Semme, Scemir, Sseimir (ca 1320), Sem (1563), Semb (1611, 1647, 1667), Sæim (1647), Seim (1723, 1863, NG, VIK).

I 1603 finn vi Elling, Lasse og Ola på Seim. I 1611 var framleis Elling og Lasse der, men i staden for Ola er Per komen inn. I 1645 finn vi Johannes med Marita, unge Lasse med Marita Jesperdtr, Alf med Gjertrud, gamle Lasse med Barbra. I 1647 finn vi dei same fire oppsitjarane, men Johannes og unge Lasse er førde opp saman, og om gamle Lasse heiter det at han var «slett forarmet». I 1655 var det fem leiglendingar, men berre tre bruk. Johannes og Lasse driv saman som før, Alf var skifta ut med Bendik og Ingebrigt, og gamle Lasse med Anders. På denne tida eigde adelsmannen Axel Mowat 5 laupar og Munkeliv kloster 2,75 laupar Seim, og denne eiga for dei to var delt på to bruk. Det tredje bruket var på 2 laupar og her eigde Hovekyrkja 0,67 laup og Kongen resten. I 1667 er det ført opp fem brukarar, og no er det ikkje nemnt samdrift mellom brukarar. I 1701 er det ført opp 6 brukarar. Av dei var Endre Olason 72 år og han dreiv difor truleg eit kårbruk. I 1711, 1718 og 1723 finn vi fem brukarar på Seim. Slik var det til sist på 1700-talet då eitt av bruka gjekk inn i Sæbø. Då vi på grunn av dette berre har fire lnr for Seim, er dette femte bruket gitt lnr 11B.

Munkeliv-godset og adelsmannen Axel Mowat eigde til saman 7,75 laupar i 1647. Munkeliv si eige i Seim går tilbake til slutten av 1200-talet. Mowat hadde truleg kjøpt eller overteke eiga i Seim frå etterkommarar av Tenål-adelen. I 1723 sat magister Bugge med eiga etter Mowat (5 laupar) og futen Per Leganger med munkeliveiga.

Lnr 9 Seim

6,49 spd. Eigarar: I 1647 Hovekyrkja 0,67 laupar og Kongen 1,33 laupar. Hove kyrkje si eige i bruket vart i 1724 overteken av Anders Daae, deretter av Daae-ætta fram til 1837. Kongen eigde resten av bruket også i 1723, men denne delen vart frikjøpt i 1784. Matrikkelskyld i laupar: 2,0 i 1647, 1,67 i 1667, 1,71 i 1723 og 2,17 i 1838. Produksjonsdata frå 1845: 15,7 daa bygg, 4,9 daa poteter, 2 hestar, 20 storfe, 86 vinterfôra smalar og 5 svin.

Vi trur at det var på dette bruket gamle Lasse og Barbra var i 1645 og 1647. I 1655 heitte brukaren Anders. I1667 finn vi Eirik Torsteinson (1635–) på bruket. I 1685 trur vi brukaren heitte Alf, og han kan ha vore gift med enkja etter Eirik, og ho heitte kanskje Ingeborg (1656–1734). I 1701 var Tollak Eirikson Føli (1672–1713) frå lnr 22 leiglending på bruket. Han var gift med Gjertrud Oladtr (1673–1764) og dei fekk: Anna 1701 (truleg til lnr 13 Tenål) og Gjertrud (lnr 10). Gjertrud Oladtr vart enkje og gifte seg på nytt med Anfin Andersson Tenål (1689–1764) frå lnr 13 og dei fekk Tollak 1719. Tollak Anfinson Seim (1719–1799) & 1743 Mari Guttormdtr Midlang (1716–1780) frå lnr 99 fekk borna: Gjertrud 1744 (lnr 11), Anna 1746 (lnr 2 Øksdal i Vangsnes sokn), Anfin 1748, Solveig 1750 (lnr 189+190 Vangsnes), Guttorm 1753 (lnr 53 Gullteigane), Nils 1762–62. Anfin Tollakson Seim (1748–1811) & 1774 Gyrid Andersdtr Tenål (1747–1836) frå lnr 13 hadde borna: Tollak 1776, Anders 1779–1848, Mari 1781–82, Anfin 1781–1865, Nils 1782 (sjå note), Mari 1788 (lnr 52 Orvedal), Lussi 1791 (lnr 4 Hovland), Johannes 1794 (lnr 89 Brekke). I tillegg fekk Anfin «et pigebarn» med eit «kvinnemenneske» og som vart døypt 14 dagar før sonen Tollak vart døypt. Vi meiner dottera er Ragnhild 1774 (som kom til lnr 90 Brekke). Dersom dette er rett, vart jenta truleg oppfostra på bruket. Mora har vi ikkje identifisert. Måten dette er skrive på, viser vel tydleg at presten mislikte hendinga. I 1784 fekk Anfin kongeskøyte på statseiga i bruket, og i 1811 skøytte enkja Gyrid denne delen til sonen Tollak. Men eigaren av Hovekyrkja sat framleis med 0,67 laupar i bruket. Mange i den store barneflokken var lenge heime og arbeidde på bruket. På ei liste i 1816 vart såleis fire søner og fire døtrer oppførde som tenarar. Tollak Anfinson Seim (1776–1842) & 1816 Durdei Ellenddtr Holstad (1788–1871) frå lnr 85 fekk borna: Gyrid 1816 (lnr 109 Tryti), Anfin 1819, Anna 1822 (lnr 9 Liktvorane), Mari 1826 (sjå note lnr 76 Hove), Ellend 1829 (lnr 15 Tenål), Jon 1834 (lnr 13b Tenål). I 1847 vart sjølveigardelen av bruket skøytt over på Anfin 1819. Anfin Tollakson Seim (1819–1901) & 1851 Anna Oladtr Øksdal (1831–1865) frå lnr 2 i Vangsnes sokn fekk: Tollak 1852, Guri 1854 (lnr 59 Refsdal), Ola 1857 (lærar i Årdal), Anders 1860 (vart handelsmann i Vik, busett bnr 1/11 i Røysane-Sæbø), Durdei 1862–65 (drukna i ein brønn), Anna 1864 (bnr 26/12 i Moane-Hove). Anfin vart attgift 1869 med Eli Tordtr Linde (1823–1901) frå Kvamsøy sokn. Dei hadde ikkje born. I 1837 var det eigarskifte for Hove kyrkje med jordegods ved at Anna H. F. Fasting, gift med lensmann Aarestrup i Bø, og Anna Kathrina Fasting arva kvar sin halvpart. I 1846 skøytte Anna Kathrina sin del over på Anfin. Dermed vart han eigar av halve Hove kyrkje med jordegods. Men han var framleis leiglending for 0,33 laup. I 1871 skøytte dei to eigarane Hove kyrkje til «Hove Sogns Menighed». Då vart også resten av jordegodset under Hove kyrkje oppløyst, slik at lnr 9 kom i full sjølveige. I 1854 kjøpte Anfin lnr 18d Tenål 0,42 spd. I 1862 fekk han hand om ein ny parsell av lnr 18. Bruket fekk dermed ei samla skyld på 6,91 spd. Det vart i 1886 omforma til bnr 3/1 Seim med Tenål 9,41 mark. I åra fram mot 1949 var fleire småparsellar frådelte: i 1896 bnr 3/14, i 1920 bnr 3/21 (på Ovrisdalen), i 1921 bnr 3/22, i 1923 bnr 3/23 og i 1945 bnr 3/25, slik at skylda på bnr 3/1 i 1949 var 8,60 mark. I 1955 vart frådelt bnr 3/27, i 1960 bnr 3/29 Strandhagen (busett av John Kristenson Lilleøren, sjå under Vetleøyri), i 1963 bnr 3/31. I 1885 vart bruket skøytt til Tollak Anfinson Seim (1852–1938). Han gifte seg 1878 med Eli Helgedtr Stadheim (1853–1936) frå lnr 25 og dei hadde borna: Anna 1878 (Åsane i Bergen), Anfin 1881–81, Brita 1883–83, Brita 1885–85, Olina 1887 (bnr 3/25), Anfin 1890. Anfin Tollakson Seim (1890–1978) & 1921 Kristina Marie Oladtr Tenål (1886–1966) frå lnr 13e fekk skøyte på bruket i 1925. Born: Trygve 1922–23, Marta 1923 (bnr 3/27), Trygve 1926, Eli 1928 (bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri). Trygve Anfinson Seim (1926–) & 1953 Sigrun Ivardtr Refsdal (1932–) frå lnr 61 fekk: Arnstein 1953 (bur heime), Bjørg 1957, Kjersti 1959 (bur Kaupanger). Trygve hadde bruket 1955–93. Bjørg Trygvedtr Seim (1957–) & 1993 Kåre Sigurdson Henjum (1956–) frå Gudvangen har: Bård Kjetil 1979 (Kyrkjebø), Ingfrid 1987, Jenny 1992.

Bnr 3/25 0,38 mark. Olina Tollakdtr Seim (1887–1962) frå lnr 9 fekk Thorleiv 1921 med Ola Olason Tenål (1880–1939) på lnr 18b*. Lina hadde ei ku og nokre sauer. Thorleiv Olason Seim (1921–1983) & Ingeborg Hansdtr Lilleøren (1921–2002) frå «Smedhuset» i Røysane-Vange hadde ikkje born. I 1986 gjekk bruket tilbake til bnr 3/1.

Bnr 3/27 Vidsyn 0,10 mark. Denne hustomta vart utskilt i 1955 til Jørgen Olavson Eldegard (1915–) frå Årdal & 1944 Marta Anfindtr Seim (1923–2005) frå lnr 9. Born: Olav 1944 (bnr 3/38), Kjellaug Marie 1945 (bnr 40/59 i Gildhus), Alv Rune 1958–2005.

Bnr 3/38 Sæbrekka. Busett i 1971 av: Olav Jørgenson Eldegard (1944–) & 1967 Klara Erlingdtr Stavedal (1945–) frå Ovestevegen 15 i Øyane-Grov. Dei har: Jarle 1967 (Nesodden).

Bnr 3/22 Solhaug med Tenål 0,10 mark. På denne tomta vart oppført «Villaen» av den første disponenten for Vik Trevarefabrikk, dansken Waldemar Andersen (1880–1961). Han var gift med Borghild Eggen (1888–1958) frå Stjørdal. Born: Holger 1911, Rolf 1913, Kai 1918, Aage 1922. I 1935 reiste huslyden frå bygda og bustaden vart kjøpt av forretningsmann Mons Torson Thorsen (1899–1984) frå Vikøyri-søraust og systrene Malene (1896–1986), Johanna (1898–1989), Anna (1903–1987) og Borghild (1906–1987). Dei var alle ugifte. Bustaden vart seld til hotelleigar Carl Melchior Riiber (1935–) frå Vestre Slidre, gift 1960 med Anne Marie Balterud (1938–1999) frå Kløfta. Born: Carl André 1964 (bnr 97/189 i Sinklesteinsviki, Vangsnes), Bjørn Melchior 1967, Anne-Cecilie 1972 (bnr 41/84 i Sjøtunvegen). Bjørn Melchior Riiber (1967) & 1993 Margunn Sveinsbø (1969–) frå Ovestevegen 3 i Øyane er busette på Kløfta og har: Karen-Marie 1995 og Stine-Elise 1998. I 2002 vart «Villaen» seld til Olav Olavson Nummedal (1935–) frå bnr 1/33 på Vetleøyri. Han bur i Odda.

Nils Anfinson Seim (1782–1855) & 1813 Marta Alfdtr Holen (1779–1855) frå plassen Hola på Seljadalen fekk på Seim Brita 1813–97 og Anfin 1818–59. Nils og Marta vart bønder på Austreim i Kyrkjebø, men var framleis i Vik då Brita vart konfirmert i 1828. Brita gifte seg til Sæbø i Høyanger og Anfin overtok bruket på Austreim.

Lnr 10 Seim

6,18 spd. I 1647 og 1755 var det samdrift mellom lnr 10 og lnr 12. Eigarar var Axel Mowat 3,0 laupar og Munkeliv kloster 1,0 laupar. I 1723 var truleg både magister Bugge og Per Leganger eigarar i lnr 10. I 1739 og 1748 vart bruket frikjøpt. Matrikkelskyld: i 1667 1,67 laupar, i 1723 2,21 laupar, i 1838 2,0 laupar. Data frå 1845: 15,7 daa, 3,5 daa poteter, 4 hestar, 19 storfe, 50 smalar og 4 svin.

På dette bruket finn vi i 1645, 1647 og 1667 Johannes Larsson (1608–) gift med Marita de Oladtr Tenål (–) frå lnr 15. Born: Lars 1636 (lnr 28 Stadheim), Ola 1644 (lnr 40 Vetle-Nummedal), Ingebrigt 1650 (lnr 11 Seim), Jon 1652 (død etter 1701), Ola 1654 (død etter 1701), Lussi (ugift) og Kari (Grinde på Leikanger). Neste leiglendingspar var Endre Olason Fosse (1626–1704) frå lnr 33 & Marita Hermunddtr Hopperstad (–) frå lnr 119+120. Marita var ei syster til Unni de på lnr 12. Born: Ola 1664 (soldat i 1701, gift 1719/1720 til lnr 2 Sæbø), Jon 1672 og døtrene Sigrid og Randi (sjå lnr 11 Seim). Alt i 1701 var Jon Endreson Seim (1672–1733) ført opp som brukar, så då dreiv vel faren eit kårbruk. Jon gifte seg med Synneva Oladtr Brekke (1681–1733) frå lnr 88. Jon og Synneva vart gravlagde på same dag i det store dødsåret 1733. Vi veit om sønene: Endre, Ola 1718 (lnr 72 Hove) og Anfin 1722 (lnr 11). Endre Jonson Seim (–) & 1734 Gjertrud Tollakdtr Seim (–) frå lnr 9 fekk borna: Jon 1735–42, Tollak 1738, Anfin 1741–78, Synneva 1744 (lnr 36 Åse-Arnafjord), Jon 1748 (lnr 65 Hallrynjo), Gjertrud 1751 (Bergum i Feios), Ola 1755 (konfirmert 1774, borte før 1801), Anna 1755–56. Vi veit ikkje når Endre og Gjertrud døydde, men Endre var i live i 1781. Dette bruket vart alt i 1739 og 1748 frikjøp av leiglendingen Endre Jonson. Tollak Endreson Seim (1738–1805) & 1777 Brita Oladtr Brekke (1750–1811) frå lnr 88 fekk borna: Brita 1778 (Vikøyri v064), Anfin 1781, Gjertrud 1785 (lnr 15 Tenål), Endre 1789 (lnr 25 Stadheim). Brita var dotter til den rike Ola Bendikson Brekke. Tollak og Brita var også rike, for i buet etter Tollak var det 2100 riksdalar og etter Brita 4069 dalar. I skiftet etter Tollak Endreson i 1806 vart eiga delt på ein gamaldags måte ved at garden på papiret vart delt på enkja og fire sysken. Den eldste sonen Anfin vart difor leiglending under mor og sysken for mykje av garden. Etter kvart vart delane skøytt attende til bruket. Anfin Tollakson Seim (1781–1863) & 1807 Ragnhild Andersdtr Tenål (1785–1843) frå lnr 15 hadde: Tollak 1807 (sjå note) og Anders 1809. I 1839 vart bruket skøytt til Anders Anfinson Seim (1809–1898). Han gifte seg 1843 med Guri Andersdtr Halland (1819–1916) frå Leikanger og dei fekk borna: Anders 1841, Ragnhild 1843 (lnr 14 Tenål), Marie 1846 (USA 1874), Marta 1848 (lnr 10b), Anna 1851–52, Anna 1853–82, Anfin 1856 (USA 1874, sjå òg plassen Hola på Seljadalen), Endre 1860 (USA 1882). Anders Andersson Seim (1841–1918) frå lnr 11 & 1863 Gjertrud Kjelldtr Vikøyri v564 (1839–1929) hadde: Karl 1859–60, Anders 1862–71, Ola 1865 (USA 1883), Anders 1871 (USA 1887), Guri 1867–1905, Kristina 1873 (lnr 15b Tenål), Ingebjørg 1875–1955, Anfin 1877, Ola 1879 (lnr 14a Tenål), Anna 1881–1977, Inga 1883–83. Fram til 1873 vart Anders førd opp som husmann ved dåp. Paret var då truleg på ein plass som i 1876 vart skilt frå som småbruk, lnr 10b 0,88 spd. Hovudbruket fekk dermed lnr 10a 5,50 spd og som vart omforma til bnr 3/2 7,35 mark. I 1911 gjekk bruket til Anfin Andersson Seim (1877–1952) & 1918 Brita Ingvarddtr Tønjum (1889–1978) frå Lærdal. Born: Anders 1919, Gjertrud 1922, Ingvar 1924–94, Sunneva 1928–99. I 1935 kjøpte Anfin lnr 8 Vetla-Vange og som seinare vart overteke av Gjertrud 1922. Anders Anfinson Seim (1919–2004) & 1946 Agnes Malene Andreasdtr Tveit (1918–1990) frå Hyllestad fekk: Anfinn 1948, Arne 1950 (Bergen), Gudmund 1951 (Hatlevegen 15 i Prestberget), Bjarne Kjell 1952 (Stavanger), Borgny 1954 (Sogndal), Ingeborg 1956 (Voss), Karsten 1958 (Førde), Åse 1959 (ugift, leiger hybel på Tenål), Solveig 1962–62. Anders hadde bruket 1950–91. Anfinn Andersson Seim (1948–) er ugift.

Tollak Anfinson Seim (1807–1867) gifte seg 1834 med Brita Eirikdtr Bergum (1810–) frå Feios. Dei vart skilde, og årsaka må vera at Tollak levde eit utsvevande liv. Han budde på Seim, men gardbrukar vart han ikkje. Etter fleire straffesaker gjorde han i 1846 eit innbrot og fekk 6 år og 1 månads straffarbeid.

Hus på bygsla grunn. Anders Helgeson Tryti (1873–1945) frå lnr 105 & 1899 Synneva Ivardtr Tenål (1876–1959) frå plass under lnr 13 fekk borna: Helge 1899, Ivar 1902 (bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun), Marta 1902 (Bergen), Anna 1905 (bnr 41/9 i Villastrøket-Sjøtun, sjå òg note Moane-Grov), Oline 1907–87, Kari 1910–14, John 1912 (bnr 41/84 i Sjøtunvegen), Kristian 1914 (bakar, bnr 41/33 i Villastrøket-Sjøtun), Astrid 1921 (lnr 12a Seim). Borna brukte etternamnet Seim. I tillegg fekk Anders sonen Johan 1894 med Ingeborg Oladtr Vetleøyri s176 (1869–1921). Anders var bygningssnikkar. I den gamle bygdeboka står det at Anders og Synneva hadde eit bruk på Tenål, men det er ei forveksling med brorsonen Anders Jonson Tryti på lnr 13a3 Tenål. I året 1900 var huslyden innerstar på bnr 3/9. I 1906 kjøpte Anders bnr 1/5 i Røysavegen-Sæbø, men bustaden vart teken tilbake på odel i 1909. Helge Andersson Seim (1899–1986), snikkar, overtok. Han var ugift. Huset er borte.

Lnr 10b 0,88spd = bnr 3/3 Seim 1,18mark, Taraldebruket. Dette småbruket låg mellom Seim og Seimsøyri, ned mot slettene ved Vikja, på Vedledna. Tarald Johannesson Ringereide (1842–1902) frå Lavik kjøpte parsellen i 1876. Han gifte seg 1868 med Marta Andersdtr Seim (1848–1944) frå lnr 10a og dei fekk: Anders 1869 (USA 1885), Johannes 1872 (lærar i Drangedal i Telemark i året 1900, så Jessheim), Nils 1875–75, Nikolai 1876–82, Anfin 1879–82, Anfin 1882–82, Guri 1883, Birte 1887 (USA 1902), Nikolai 1892 (USA 1911). I 1919 vart bruket skøytt til Guri Taralddtr Seim (1883–1978). Ho var ugift. I 1968 var bruket eigd av Per Ottar Seim (1914–1997), busett i Oslo. I 1990 overtok Anfinn Andersson Seim og staden kom dermed inn under bnr 3/2.

Husmannsplass på Vedledna. Botolv Ellendson Ovri (1792–1849) frå lnr 70 & 1823 Guri Ingebrigtdtr Vangsnes (1790–1859) frå lnr 192 var husmannsfolk på Seim. Born: Marie 1820 (USA 1862), Sigrid 1824 (USA 1853). Denne huslyden kan ha vore på den parsellen som Tarald Ringereide kjøpte.

Lnr 11 Seim

4,33 spd. I 1647 eit storbruk lnr 11+ lnr 11B med samla matrikkelskyld 3,751aupar, med eigarar: Axel Mowat 2,00 laupar og Munkeliv kloster 1,75. I 1667 var storbruket delt og kvar av delbruka hadde matrikkelskyld 2,03 laupar. I 1723 var Anna Finde eigar av delbruket lnr 11, deretter Daae-ætta. Frikjøpt i 1818. Matrikkelskyld: 1,79 laupar i 1723, 1,58 laupar i 1838. Data for 1845: 13,5 daa bygg, 4,9 daa poteter, 2 hestar, 11 storfe, 58 vinterfôra smalar og 2 vinterfôra svin.

I 1645 og 1647 var lnr 11 og lnr 11B eitt bruk drive av Alf med kona Gjertrud og ei dotter, Guri. I 1655 var det samdrift mellom to brukarar: Ingebrigt og Bendik. I 1667 er storbruket delt i to like delar. Bendik har då det vi kallar lnr 11B, medan det er komen ein ny leiglending på lnr 11, Øystein Olason (1619–). Han hadde sønene: Johannes 1657, Ingebrigt 1659 og Jon 1661 (lnr 87 Holstad). Vi tru at Øystein flytta til lnr 8 Vange. I 1685 var likevel Johannes Øysteinson Seim (1657–) brukar. Men i 1701 var det han som var leiglending på bruket på Vange. Dette året var det Ingebrigt Johannesson Seim (1650–1718) frå lnr 10 som var brukar på lnr 11. Han var gift med Sigrid Endredtr (1661–1731) og dei hadde Johannes 1699–1734, Gjertrud 1700-34 og Brita (sjå note). Randi Endredtr (1666–1734), som var på Seim då ho døydde, var truleg ei syster til Sigrid, og båe kan ha vore døtrer til Endre Olason på lnr 10. Etterfølgjaren var Johannes Knutson Åse (1693–1734) frå lnr 35+36 Arnafjord. Vi kan gissa på at han gifte seg til bruket med enkja Sigrid. Vi merkar oss fire dødsfall i huslyden i det store dødsåret 1734. Johannes vart gift på nytt 1734 med Kristi Hermunddtr Stadheim (1711–1767) frå lnr 26. Dei hadde neppe born. Kristi vart attgift 1735 med Johannes Johannesson Fosse (1704–1755) frå lnr 35 og dei fekk: Johannes 1737 (konfirmert 1757, Vikøyri v490), Hermund 1745 (sjå note under plass lnr 3 i Røysane-Sæbø), Ivar 1746 (lnr 57 Karevoll), Sigrid 1746–47, Sigrid 1747 (Seimsøyri s037), Brita 1750 (plassen Myri under Holstad). I 1756 gifte Kristi seg for tredje gong med Anfin Jonson Seim (1722–1805) frå lnr 10. Dei hadde ikkje born. Anfin vart attgift 1767 med Gjertrud Tollakdtr Seim (1744–1830) frå lnr 9 og dei fekk borna: Jon 1769, Nils 1770 (sjå note), Tollak 1774 (lnr 51 Orvedal), Marie 1776 (sjå note lnr 73 Hove), Kristi 1777 (lnr 56 Kinni), Sjur 1778 (lnr 119 Hopperstad), Ola 1782 (Vetleøyri s160), Anna 1789 (gift 1833 med husmann og enkjemann Hans Torsteinson Kvamme i Kvamsøy sokn). Jon Anfinson Seim (1769–1832) & Ragnhild Arnedtr Stadheim (1767–1820) frå lnr 32 fekk borna: Unni 1795 (plass på Rislåg), Anna 1798 (plassen Vedledna på Seim), Gjertrud 1800 (lnr 69 Ovri), Anfin 1803 (lnr 11a), Arne 1805–22, Ola 1807, Marta 1810 (lnr 13 Tenål). Jon overtok som leiglending i 1804. I 1816 hadde han fått kjøpt bruket, men ei anna grein av Daae-ætta prøvde å ta bruket tilbake på odel. I 1822 krangla Jon med Tollak på lnr 9 om eit merkeskilje. Det var eit vanleg stridstema, men det interessante er her at dei båe hadde planta alme- og frukttre. Trea hadde fått greiner som gjekk inn over på naboeigedomen. Dei vart einig om at slike greiner kunne sagast av. I tillegg kjøpte Jon ein alm hjå Tollak for nedhogging, for di almen stod i vegen for Jon sine frukttre. I eit skifte i 1833 fekk Ola 1807 tildelt ein parsell av bruket, lnr 11b 0,64 spd. Hovudbruket fekk deretter lnr 11a 3,68 spd.

Brita Ingebrigtdtr Seim (–) & 1730 Elling Knutson Åse (1700–1771) frå lnr 35+36 i Arnafjord sokn kom til Engum i Kvamsøy sokn. Ei dotter, Sigrid (1736–), kom til lnr 13 Tenål.

Nils Anfinson Seim (1770–1842) & 1798 Synneva Larsdtr Hove (1774–) frå lnr 76 fekk Unni 1798. Dei var på Seim i 1801, men kom seinare til ein plass under Suphamar på Leikanger.

***

Parsellen lnr 11b var samansett av to einingar. Det eine var eit sagbruk og mølle ved Kyrelvi. I 1863 vart det skrive at dette var ei steinstrand med litt gras mellom steinane. Den andre delen var jordbruksjord i Vedledna nær Seimsøyri. Det var truleg tanken at Ola skulle busetja seg på eigedomen, men det skjedde kanskje ikkje, for alt i 1836 var han komen til ein husmannsplass på Hønsi. Der var far til kona eigar og bonde. Men i 1843 overtok dei hovudbruket lnr 11a. Men bruket vart selt ut av slekta i 1848, og i 1853 gjekk lnr 11b ved auksjonsskøyte til landhandlar Hopstock. I 1855 vart jordbruksjorda av parsellen, lnr 11c 0,56 spd, selt til storbonden Ola Nilsson Sæbø, og gjennom ein mellommann kom denne delen i 1856 over på Per Tønder. Saman med lnr 12c var dette ein hovudpart i det småbruket som Per bygde opp på Vedledna, sjå under lnr 12. Lnr 11b 0,09 spd (= bnr 3/5 0,17 mark) var frå då av mølla og sagbruket ved Kyrelvi. Hopstock vart sitjande som eigar av denne delen.

Lnr 11a 3,68 spd = bnr 3/4 5,22 mark. I 1865 var det 13,2 daa bygg, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 13 storfe, 33 smalar og 3 svin på bruket. I 1905 vart Teigane på Ovrisdalen, bnr 3/19 0,90 mark, skilt frå til Arne Helgeson, slik at ny bnr 3/4 vart 4,32 mark.

Anfin Jonson Seim (1803–1847) frå lnr 11 & 1831 Brita Rolanddtr Tistel (1811–1883) frå lnr 91+92 tok over denne hovuddelen av bruket i 1833. Born: Ragnhild 1831–69, Jon 1833, Torbjørg 1837, Roland 1839, Arne 1843–62. Huslyden reiste til USA i 1844. I følgje den gamle bygdeboka selde Anfin då bruket til broren Ola 1807. Ola Jonson Seim (1807–1874) frå lnr 11 & 1833 Eli Larsdtr Hønsi (1806–1869) frå lnr 83 fekk 6 born. Huslyden kom frå ein husmannsplass undre lnr 82 Hønsi, sjå om borna der. Som før sat Ola også som eigar av parsellen i Vedledna og mølla og sagbruket ved Kyrelvi. Men økonomisk må det ha gått dårleg, for i 1848 selde dei lnr 11a og flytta tilbake til plassen på Hønsi. Kjøpar var Anders Anfinson Thue (1806–1879) frå Balestrand. Han gifte seg 1839 med Sesilia Mikkeldtr Feidje (1811–1869) frå Feios. Dei hadde ikkje born, men fostra opp Roland 1848 (USA 1876), eitt av fleire born til Botolv og Kari Espesete som fattigkommisjonen måtte ta seg av frå og med 1852. Roland var på Seim minst fram til 1865. I 1870 gifte Anders seg på nytt med Anna Oladtr Åse (1830–1919) frå lnr 50. Dei fekk ikkje born, men Anna hadde fått Johan 1862 med Ivar Olason Åse (1837–) frå lnr 49, som hadde reist til USA i 1861. I kyrkjeboka står det at Anders «faldt død om på landeveien». Johan Ivarson (Åse) Seim (1862–1887) & 1882 Brita Oladtr Tenål (1863–1957) frå lnr 16 fekk borna: Anders 1883 (Bergen), Ingebjørg 1885–1969, Olav 1886 (gartnar, USA 1907). Johan døydde ved ei ulukke på Hopstock-saga ved Kyrelvi. Brita gifte seg oppatt 1893 med Gjert Lasseson Vetleøyri s130 (1867–1964) og dei fekk: Anna 1893–1928, Johan 1895, Brita 1897 (Linde i Kvamsøy sokn), Lars 1899 (Sandefjord), Gjertina 1901 (sjå note), Ivar 1902 (Sandefjord), Harald 1904 (Oslo). Anna Oladtr hadde ikkje skøytt bruket over på sonen Johan før han døydde, og ho vart sitjande med bruket til ho i 1892 skøytte det til over til guten Anders Johanson Thuen Seim (1883–1958). Men i praksis var det Gjert og Brita som dreiv bruket, og i 1904 gjekk det over til dei. Anders vart rektor i den høgare skulen, først i Ålesund og så i Bergen. I 1932 vart bruket skøytt til Johan Gjertson Seim (1895–1990) & 1939 Katrina Gjertdtr Livdi (1908–2004) frå Kvamsøy sokn. Dei hadde ikkje born. I 1959 kjøpte dei bnr 1/66 Røysum i Røysane-Sæbø og flytta dit. Bruket vart skøytt til ein son til Gjertina 1901. Sigurd Olavson Aase Seim (1931–2008) & 1961 Kari Jakobdtr Grov (1934–) frå bnr 40/13 i Skulen-Grov hadde bruket 1961–93. Born: Gjert Johan 1962, Olav Jakob 1968 (bnr 97/181 Sinklesteinsviki på Vangsnes). Gjert Johan Sigurdson Seim (1962–) & sb Anne Kjell-Mikal-dtr Espeland (1967–) frå Hatlevegen 2 i Prestberget har: Sindre 2000, Alette 2004.

Gjertina Gjertdtr Seim (1901–2001) gifte seg i 1930 med Olav Severinson Åse (1905–1935) frå bnr 15/4 og dei fekk Sigurd 1931 og Brita 1934 (til Oslo). Etter at Olav døydde, flytta Gjertina og borna tilbake til farsbruket på Seim. I 1945 gifte ho seg på nytt med Hans Arneson Seim(1885–1945) på lnr 12, men han døydde ein månad etter bryllaupet. Det var Sigurd 1931 som overtok bnr 3/4.

Lnr 11B Seim

I 1647 og 1655 del av lnr 11. I 1723 eigd av Anna Finde, deretter Anders Daae og så major Tuchsen. Etter makeskifte i 1771 gjekk bruket inn under lnr 4 Sæbø. Matrikkelskyld: i 1667 2,03 laupar, i 1723 0,83 laupar, deretter 0, 67 laupar.

I 1647 var lnr 11 og lnr 11B eitt samla storbruk med Alf som bonde. I 1655 var storbruket samdrift mellom Ingebrigt og Bendik, men i 1667 var Bendik åleine på det som vi kallar lnr 11B. Bendik Torsteinson (1618–) hadde ikkje heimeverande søner i 1667. Bendik var framleis bonde på bruket i 1685. I 1701 heitte brukaren Lars Monsson (1652–). Han var gift med Marita Lassedtr (‒1695) frå lnr 12 Seim, og dei hadde Lasse 1695. Lars var der òg i 1711 og 1718. I åra frå 1667 til 1723 var bruket blitt redusert frå 2,03 laupar til 0,83 laup. Omlag 0,5 laup kan ha blitt lagt til lnr 10, men då samla skyld for Seim gjekk tilbake, kan bruket tidlegare ha hatt jord på Seljadalen eller Ovrisdalen og som var blitt lagt under gardane der. I 1723 var Lasse og Karsten på småbruket. Den første var truleg Lasse Larsson Seim (1695–), frå bruket. Han kom deretter til Seimsøyri s131. Den andre må vera Karsten Person Mjølsvik (‒) frå Kyrkjebø og som seinare kom til lnr 17 Tenål. Den nye oppsitjaren finn vi ikkje i manntalet i 1763, noko som tyder på at det då var ein offiser som sat der. Anders Daae var eigar, men etter han døydde i 1763 overtok Karen Cathrine (Daae) Tuchsen (1718–1796), gift med major Frederich Wilhelm Tuchsen (1703–1768). I 1771 la Karen lnr 11B på 0,67 laupar inn under lnr 4. (Sjå meir under lnr 4 Sæbø.)

Lnr 12 Seim

4,33 spd. I 1647 og 1655 var det samdrift mellom lnr 10 og lnr 12, og eigarar var Axel Mowat 3 laupar og Munkeliv kloster 1 laup. I 1667 var lnr 12 drive for seg. I 1723 eigd av Blixencrone, deretter Anders Daae. Frikjøpt frå Daae-ætt-eiga i 1774. Matrikkelskyld: 2,17 laupar i 1667, 1,63 laupar i 1723 og 1,58 laupar i 1838. Data frå 1845: 13,5 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 13 storfe, 40 smalar, 3 svin.

Ein av dei to leiglendingane på det udelte storbruket i 1645 var unge Lasse med kona Marita Jesperdtr. Han dreiv saman med Johannes Larsson (‒) som vi har plassert på lnr 10. Også i 1655 var det samdrift mellom dei to. I 1666 var Lasse Person leiglending på lnr 12 Seim, og det var truleg han som var «unge Lasse» i 1645. Lasse og Marita fekk 9 born som vi veit om: 1. Hans Lasseson (1656‒1741) & Anna Oladtr (1662‒1743), ikkje born, husmannsfolk på bruket. 2. Per Lasseson Seim (1661‒1733) leiglending på bruket. Først ekteskap med Unni de Hermunddtr Hopperstad (‒) frå lnr 119+120, og dei hadde dottera Marita 1691 (lnr 114 Skjørvo). Andre kone: Brita Jondtr (1689‒1758). Born: Anna 1715 (s014), Jon 1720 (lnr 24+25 Stadheim) og Lasse (1729‒1752). Brita Jondtr gifte seg på nytt med Ingebrigt Endreson (1702?‒1780) og som neppe var frå bygda, og dermed gjekk bruksretten over på nye folk. 3. Anfin Lasseson (1663‒ 1745) døydde ugift på Vikøyri. 4. Sjur Lasseson (1664‒1734), til lnr 101 Bø, 5. Nils Lasseson (1671‒?), husmann på Breia under lnr 114 Skjørvo. 6. Marita Lassedtr (?‒1698) & Lars Monsson (1653‒?) leiglendingspar på lnr 11B Seim, son Lasse 1695. 7. Sigrid Lassedtr (1669?‒1754) døydde ugift på Stadheim med oppgitt alder 85 år, 8. Brita Lassedtr & Ivar Bale (truleg Balestrand), 9. Kristi Lassedtr, ugift. Ingebrigt Endreson og Brita Jondtr hadde neppe born.

Ingebrigt gifte seg på nytt 1758 med Ingegjer Guttormdtr Tveit (1733–1759) frå lnr 1 i Vangsnes sokn. Ho døydde på barselseng. Han gifte seg for tredje gong 1759 med Sigrid Oladtr Stadheim (1732–1820) frå lnr 30 og dei fekk borna: Endre 1760–60, Ola 1763–63?, Ola 1765–89 (døydde som soldat i Fredrikstad), Mari 1766 (plass under lnr 3 i Røysane-Sæbø), Endre 1768, Brita 1771 (lnr 9 Liktvorane). Ingebrigt Endreson vart sjølveigar i 1774. Ved skiftet etter han vart gardseiga delt mellom enkja og dei fire borna. Etter at Ola 1765 døydde, vart hans del fordelt på dei tre syskena. Sigrid vart attgift 1781 med Johannes Endreson Brekke (1730–1798) frå lnr 90. Johannes var blant fleir vikjer som var i Danmark under 7–årskrigen, men han vart ikkje dødeleg sjuk, slik mange andre vart. Sigrid og dei to døtrene skøytte i 1789 sine deler i bruket over på Endre 1768, og ho og Johannes tok då truleg kår. Sigrid døydde på Stadheim. Endre Ingebrigtson Seim (1768–1816) & Ingegjer Andersdtr (1762–1826) fekk borna: Ola 1795, Anders 1796 (lnr 2 Sæbø). Ingegjer vart konfirmert i 1779, men utan bustadadresse. Det tyder på at ho ikkje var frå bygda. Ingegjer gifte seg oppatt 1821 med Alf Jonson Holstad (1760–1823) frå lnr 85 og enkjemann på lnr 18 Tenål og flytta dit. Ola Endreson Seim (1795–1872) tok over bruket i 1820. Han gifte seg 1821 med Ragnhild Ellenddtr Ovri (1795–1869) frå lnr 70. Borna: Endre 1822–54, Elling 1828 (sjå note), Jon 1831, Ola 1834 (lnr 17h Tenål), Anders 1838 (lnr 13a3 Tenål). I 1850 var Jens Krogh Hopstock blitt eigar av ein parsell av bruket. Han skøytte parsellen vidare til storbonden Ola Nilsson Sæbø. Gjennom ein mellommann var lnr 12b 0,83 spd i 1856 kome over på Per Tønder. I 1856 stod det nokre hus på parsellen, noko som kan tyda på at dette var ein tidlegare husmannsplass. Lnr 12a fekk deretter skyld 3,50 spd og vart i 1856 skøytt til Jon 1831. Jon Olason Seim (1831–1919) & 1858 Kari Guttormdtr Tryti (1832–1908) frå lnr 107 fekk Ola 1861–81. I 1868 gjekk lnr 12c 0,28 spd til Ola Helgeson Turvoll (1835–1907) på lnr 79a Hagen-Hove. Det var ein parsell på Teigum på Ovrisdalen. I 1883 gjekk ein ny part, lnr 12d på 0,78 spd til ein bror til Kari, Arne Guttormson Tryti. Arne busette seg på parten. Ny skyld 3,24 spd. Arne overtok i 1889 sjølve bruket, og i samband med det selde han unna det meste av lnr 12d. Det var lnr 12e 0,74 spd, som gjekk til Peder Tønder. Unntak var truleg sjølve tunet som husa stod på. Sjølve hovudbruket vart bnr 3/9 Seim 4,59 mark. I tillegg kom resten av lnr 12d (bnr 3/11 0,06 mark) inn under bruket. På bruket skjedde det ingen ny frådeling før i 1965. Då gjekk bnr 3/65 Strandstua til Hans Jacobsen (sjå busetnad under Vetleøyri). Arne Guttormson Tryti (1850–1937) frå lnr 107 & 1880 Hansina Hansdtr Vange (1850–1914) frå plass i Røysane-Vange fekk borna: Olav 1881–1969 (ugift agronom som tok over bruket og som tidleg tok kår), Guttorm 1883 (USA 1902), Hans 1885, Anna 1888–90, Anna 1891–1934, Brita 1894, Sigurd 1898. Sigurd Arneson Seim (1898–1942) fekk skøyte på bruket i 1935. Han var ugift. Hans Arneson Seim (1885–1945) tok over etter at broren døydde. Han hadde vore i USA i åra 1911–20 og gifte seg i 1945 med Gjertina Gjertdtr Seim (1901–2001) frå lnr 11a, men han døydde ein månad etter bryllaupet. (Om Gjertina: sjå òg note lnr 11a). Brita Arnedtr Seim (1894–1976) vart eigar, men skøytte i 1947 bruket til Helge Jonson Grønsberg (1914–) frå lnr 15k på Tenål & 1940 Astrid Andersdtr Seim (1921–1983) frå hus under lnr 10a. Born: Svanhild 1940, Solveig 1948, Aud Helene 1953 (bnr 2/58, Vange-aust). Svanhild Helgedtr Grønsberg (1940–) & 1973 Alexander Sindar Johnston (1941–) frå Skottland overtok i 1988. Born: Anita 1973, Frode Alexander 1975.

Bnr 3/35 Sollia. Solveig Helgedtr Grønsberg (1948–) & 1974 Konrad Hansson Aksnes (1948–) frå Fjærland. Born: Edgeir 1979, Elisabeth 1982.

Elling Olason Seim (1828–) & 1853 Marta Ivardtr Tenål (1826–) frå plass 1 under lnr 13 fekk: Jensina 1857. Huslyden var innerstar på Seim og reiste til USA i 1857.

Bnr 3/6+3/7+3/8+3/12 Seim 0, 85+0,13+0,21+1,04 = 2,23 mark, Tønderbruket. Dette bruket hadde lnr 12e (bnr 3/12) og lnr 11c+12b (bnr 3/6) som hovudparsellar. Bnr 3/8 0,21 mark (lnr 23e 0,15 spd) var eit støls- og beiteområde på Ovrisdalen og som hadde lege under Føli. I1865 var det 2,2 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 5 storfe, 8 smalar og 2 svin på småbruket.

Husa på bruket låg i Vedledna, men nærare Seimsøyri enn Tarald-bruket. Bruket vart samla og busett av Per Henrikson Tønder v920(1813–1894). Han var oppfostra på Vikøyri av mora Brita Tolleifdtr. Faren var «en person som kaldte sig Tønder». Per gifte seg 1837 med enkja Sigrid Øysteindtr Vikøyri v980 v546 (1789–1849) og dei budde på Vikøyri v871. Dei hadde ikkje born. Per gifte seg på nytt 1850 med Brita Andersdtr Halland (1815–1903) frå Leikanger. Ho hadde ei syster som var gift til lnr 10. Per og Brita fekk borna: Sigrid 1851 (sjå note), Mari 1855 (sjå note), Thomas Andreas 1862. I 1884 vart bruket skøytt til Thomas Andreas Person Tønder (1862–1929) & 1884 Brita Knutdtr Stadheim (1857–1940) frå lnr 27. Born: Per Henrik 1884, Brita 1885–85, Brita Johanna 1887 (Blaker, Akershus), Ingeborg 1890 (Drego), Knut 1891 (Breili i Fresvik), Sigurd 1894 (Harstad, så Stavanger), Anna 1896–96, Anna Marie 1897 (lnr 56 Sylvarnes i Arnafjord sokn), Synneva 1899, Olav Andreas 1901–25 (drukna i eit fjellvatn). I 1894 kjøpte Thomas og Brita bruket Drego i Dyrdal, Aurland, og flytta dit. I 1904 skøytte Svein Aase, som verje for Thomas Tønder, bruket over på Johannes Jonson Tenål (1866–1946) frå lnr 13b. Han gifte seg 1890 med Inga Hermunddtr Øvstedal (1865–1939) frå bnr 13/4 og dei hadde born: Mari 1890–90, Jon 1892–1929 (som drukna etter å ha sykla på elva), Mari 1896 (bnr 41/15 i Villastrøket-Sjøtun), Hermund 1898–1902, Brita 1901 (Vikøyri v162), Hermund 1906. Johannes eigde òg bnr 4/5 Tenål 0,19 mark. Johannes kjøpte hus nr 6 på Vikøyri og budde der, men etter brannen i 1927 bygde han hus på Vedledna. Johannes dreiv handel med landbruksvarer. Sonen Hermund overtok småbruk og handel. Hermund Johannesson Tenold (1906–1969) & 1941 Kari Oladtr Hove (1902–1990) frå lnr (71+73)a hadde ikkje born, men tok til seg Inge 1951. Inge Johannesson Tenold (1951–1999) & 1973 Marry Anita Ramfjord (1954–) fekk Henning 1973. Henning Ingeson Ramfjord (1973–) skøytte eigedomen til Anfinn Andersson Seim. Han kom dermed inn under bnr 3/2. Bustadhus og to tomter er unnateke og har bnr 3/48. Staden gjekk 2003 til Gry Helen Nesse (1971–) frå Nedste Hopperstadmarki nr 13 & sb Edvard Gissinger (1974–) frå Oppdal. Dei har Even Andre 2001 og Elias 2005.

Sigrid Perdtr Tønder (1851–1891) var ugift og budde heime. Ho fekk Anna Marie 1875 med husmannsson Guttorm Arneson Fosse (1844–) frå plass lnr 22c Teigum på Ovrisdalen. Anna Marie reiste til USA i 1891. Mari Perdtr Tønder (1855–1945) & 1885 husmannsson og jekteførar Steffen Olason Finnen (1858–1933) kjøpte i 1886 gard på Lilleås, Kvam i Hardanger.

Husmannsplass i Vedledna. Ein husmannsplass som i 1865 låg under bruket til Per Tønder, og dermed truleg i Vedledna, kan ha lege på 11b. Det må ha vore uklart kva gard plassen høyrde til, for når born vart døypte var adressa både Vetleøyri, Seim og Sæbø. Anna Jondtr Seim (1798–) frå lnr 11 & 1828 Ola Ingebrigtson Vikøyri v360 (1799–) fekk borna: Anna 1823 (USA 1852), Ragnhild 1828, Marta 1831 (USA 1852), Anna 1833 (USA 1862), Johanna 1838 (USA 1856). Anna og Ola reiste til USA i 1856. Ragnhild Oladtr Vedledna (1828–) & 1854 Guttorm Bendikson Huglagjerde (1826–) frå Ovrisdalen flytta truleg inn i plasshusa. Born: Helge 1853, Jon 1855, Ola 1858–62, Brita 1862, Ola 1865. Huslyden reiste til USA i 1871. På plassen var i 1865 også Lars Bendikson Huglagjerde (1833–) & 1864 Brita Nilsdtr Karevoll (1837–) frå lnr 57. Dei fekk Olina 1862 og Ivar 1866. Dei reiste til USA i 1867. Til saman hadde Guttorm og Lars i 1865: 1,7 daa potet, 1 ku og 1 sau. Plassen var nedlagd i 1875.