Røysavegen-Sæbø
Aust for Røysavegen (Vangsvegen) låg det først på 1900-talet fire bustader. Rekna nordfrå budde først skreddar og postbod Anders Jensson Vikøyri, deretter kom tre bustader som var delar av parsellen lnr (1+4)d.
Bygslingstomt under bnr 1/24. Anders Jensson Vikøyri v436 (1856–1943) & 1879 Mari Tordtr Sværen (1857–1903) frå Sværefjorden i Balestrand hadde borna: Brita 1879 (gift Sværen, bnr 60/8 i Åseberget i Arnafjord sokn), Jens 1882–89, Tor 1884–1901, Elling 1886 (USA 1903), Martin 1888 (USA 1904), Jens 1891–1903, Kristoffer 1893 (USA 1911), Hans 1896 (USA 1921), Kristine Marie 1898 (Bergen). Anders var skreddar og postbod. Anders og Mari var busette inn mot Røysavegen. Anders gifte seg på nytt med husmannsdtr Kristi Larsdtr Mundal (1877–1935) frå Fjærland og dei fekk: Jens 1914, Mari 1917 (Bergen). Jens Andersson Sæbø (1914–1994) & 1942 Brita Sjurdtr Tenold (1920–) frå lnr 17a fekk borna: Arvid 1944, Kirsten Johanna 1950 (Svelgen). Arvid Jensson Sæbø (1944–) & 1968 Ingunn Olavdtr Aase (1950–) frå Teigum på Ovrisdalen har: Aud Iren 1968 (til Voss). Dei er skilde og Ingunn har flytta til Voss. I 1977 vart grunnen kjøpt, slik at eigedomen fekk bnr 1/168 Soltun med enkja Brita 1920 som eigar. I 1986 vart bnr 1/174 fråskilt og i 1988 gjekk resten av eigedomen til Kirsten Johanna (Sæbø) Bueie (1950–).
Bnr 1/174 Solhaug. I 1982 vart det sett opp nytt hus, og med Brita Sjurdtr (Tenål) Sæbø (1920–) frå huset ovafor som eigar.
Lnr (1+4)d Sæbø 0,34 spd. Denne delen var kjøpt av Ingebrigt Johannesson Hov (1841–1928) frå Fresvik. Han gifte seg 1867 med Anna Oladtr Seim (1842–1920) frå plass under lnr 82 Hønsi og dei fekk: Hansina 1868, Ola 1870–82, Brita 1873, Johan 1875, Jens 1878, Eli 1878, Andreas 1881, Gyrid 1883. Fram til ca 1880 pakta dei Tillisch-garden på Vange (lnr 8), men Jens og Eli vart fødde i Sæbø. Deretter forpakta Ingebrigt prestegarden på Leikanger, og der vart Andreas fødd. Ved oppsett av vegroder i Vik i 1880 vart skylda på bruket til Ingebrigt sett til 0,79 spd. Det må vera medrekna lnr 17g Tenål 0,23 spd (= bnr 1/18 0,28 mark), som han hadde kjøpt ved deling av «Nitter-garden». I 1879 selde Ingebrigt det meste av eigedomen, og parsellen på Tenål, til Tor Linde. I 1884 og 1886 vart to nye småparsellar selde til Tor. I 1886 reiste huslyden frå Vik til USA. Då gjekk bnr 1/23 til Jon Ivarson og bnr 1/5 0,06 mark, som var den delen som bustadhuset stod på, til Jon Johannesson Hove.
Bnr 1/15+1/16+1/17+1/18 Sæbø = 0,46+0,02 +0,04 +0,28 = 0,80 mark. Tor Ingebrigtson Linde (1838–1883) frå Kvamsøy sokn & 1873 Synneva Oladtr Tenål (1849–1928) frå lnr 16 fekk borna: Ivar 1873 (Bergen), Brita 1876–82, Olav 1878 (til «Lærarjord» i Gildhus), Tor 1883–1951 (ugift). Far til Tor var frå lnr 124 Hopperstad. Tor var i åra 1863–66 lærar i Gildhusskulen, så krambusvein hjå Hopstock. Det var sonesonen Tor Olavson Linde (1914–1997) som overtok. Han gifte seg 1941 med Anna Torsteindtr Fosshaug (1914–2002) frå Sogndal. Born: Olav 1942, Solfrid Johanne 1946 (Skien). I 1991 vart staden skøytt til Olav Torson Linde (1942–) & 1967 Inger Elise Edsberg (1944–) frå Kongsvinger. Dei bur i Kongsvinger. Born: Ellen 1971, Heidi 1973.
Bnr 1/5 Sæbø 0,06 mark. Jon Johannesson Hove (1862–1895) frå lnr 76b i Moane-Hove & Gyrid Bergedtr Thune (1863–1906) frå storplass under lnr 1+4 i Røysane-Sæbø fekk borna: Johannes 1887, Anna 1889–1916 (døydde på pleieheim i Haugesund), Bjarne Martin 1891 (bnr 1/15 i Villastrøket-Sjøtun), Kristian 1893, Ragnvald 1895–1908. Same året som Ragnvald døydde, var han sett bort for tilsyn og pleie hjå moster si, Mathilde, gift med Ola Ivarson Vikøyri på lnr (1+4)v i same området. Jon var sersjant. Då han døydde, kom huslyden i økonomiske vanskar. Etter at også Gyrid døydde, vart staden seld på auksjon til Anders Helgeson Tryti (1873–1945), om han sjå hus på bygsla grunn under lnr 10 Seim. Men sonen Johannes tok eigedomen att på odel i 1909. Johannes Jonson Hove (1887–1960) & Sitona Katrina Vedo Tuxen Tenål (1881–1956) frå lnr 17a hadde ikkje born. I 1915 vart Johannes kalla skomakar, men han vart elektrisk installatør og forretningsmann: kjøpte tomt i sentrum av Vikøyri og sette opp forretningsbygg, sjå bnr 1/73 under forretningsbygg på Vikøyri-vest. Det var ferdig i 1930. Der dreiv han mellom anna elektrisk forretning. I 1961 vart det skrive skifteskøyte til Kristian Jonson Hove (1893–1971). I 1979 gjekk eigedomen til sonesonen Harald Martinson Hove (1949–) i Laksevåg.
Lnr (1+4)v Sæbø 0,04 spd = bnr 1/23 0,04 mark vart kjøpt i 1886 av husmannsson Jon Ivarson Tenål (1863–1927) frå plass 1 under lnr 13. Jon reiste til USA i 1889 frå Sæbø, men vart seinare busett på lnr 195d Vangsnes. Denne vesle parsellen vart selt til Ola Ivarson Vikøyri v412 (1863–1924) & 1889 Mathilde Bergedtr Thune (1861–1947) frå storplass under lnr 1+4 i Røysane-Sæbø. Dei busette seg på staden. Ola var son til Ivar Sjurson – Brit-Ivar – og vart difor kalla Brit-Ivar-Ola, sjå meir om «Brit-Ivar-folka» under hus nr 37 på Vikøyri. Born: Ivar 1890 (Bergen), Bernhard 1893 (Tysnes), Kristen 1895, Anna 1899 (Laksevåg), Agnes Marie 1902 (Bergen). Ola var skreddar. Kristen Olason Sæbø (1895–1955) overtok buplassen i 1958. Han var ugift og dreiv med oppkjøp av skinn for eit firma i Bergen. I 1968 var staden eigd av Ivar 1890, Anna 1899 og Agnes 1902. I 1986 gjekk heimelen til fleire og i 2002 til Anders Vikøren (1961–) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø. Han er busett her i 2008.