Husmannsplassar utanom Røysane
Røysane var området for husmannsplassar i Sæbø. Men vi har nokre få huslydar som ikkje var der, men som kanskje budde inntil busetnaden på Vikøyri.
Plass 1. Hermund Olason Stedje (1747–1816) frå lnr 64 & 1772 Turid Oladtr Bø (1744–1828) frå lnr 103 fortel sjølv, under ein tvist om allmenningen på Vikøyri, at dei i seks år hadde vore husmannsfolk under lnr 2 og at dei brukte jord ned mot allmenningen. Omkring 1780 var dei på prestegarden, men flytta så til Vikøyri v334, sjå om borna der.
Plass 2. Alf Olason Åse (1771–1845) frå lnr 50 i Vik & 1803 Solveig Hansdtr Wulff Bartolomæi (1779–1845) frå Vikøyri v276 var husmannsfolk under lnr 1 Sæbø. Dei fekk borna: Ingebrigt 1804 (døydde truleg før 1815), Ola 1806 (lnr 49 Åse), Sigrid 1810 (sjå plass 3), Hermund 1813, Gyrid 1816, Kari 1819 (Huglagjerde på Ovrisdalen). Karakteren for Sigrid ved konfirmasjon i 1824 var: «Ringe evner, svag i kundskap og fliid, for resten skikelig». Hermund Alfson Sæbø (1813–) fekk Solveig 1842 (USA 1867) med Gjertrud Ingebrigtdtr Vikøyri v362 (1819–1898). Han reiste til Nordland i 1844. Gjertrud gifte seg til Vikøyri v270. Gyrid Alfdtr Sæbø (1816–1903) fekk Ingebrigt 1857 (bnr 1/45 Røysane-Sæbø) med Anders Hansson Bale (1833–) frå ein husmannsplass under Tjugum i Balestrand. Ho døydde som innerst i Sæbø.
Plass 3. Johannes Nilsson Vikøyri v712 (1804–) & 1835 Sigrid Alfdtr Sæbø (1810–) kan ha vore på same plass som foreldra til Sigrid. Born: Ola 1833 (Vikøyri v806), Nils 1835, Alf 1838, Ingebrigt 1841, Andreas 1844, Solveig 1844, Kari 1846, Johannes 1850, Barbra 1853. Paret og fem born reiste til USA i 1862. Sjå òg note lnr 30 Stadheim. Nils Johannesson Sæbø (1835–1861) fekk Johannes 1857–58 med ei Ragnhild Oladtr som var tenestejente på Tenål då ungen vart døypt, men var på Seim då han vart gravlagd. Nils fekk òg Jon 1859 (lnr 61 Refsdal) med Ragnhild Oladtr Seim (1831–1892) frå plass under lnr 82 Hønsi. Nils flytta til Balestrand i 1861 for å gifta seg. Han døydde same året. Ein son: Nils 1862.
Plass 4. Ola Markusson Vange (1821–) frå plass 1 i Moane-Vange & 1845 Synneva Anfindtr Vikøyri v106 (1815–) fekk borna: Anfin 1844 (gift 1874 i Bergen), Markus 1846 (gullsmed i Bergen), Eirik 1848, Ragnhild 1852, Ola 1855 (gift 1881 i Bergen), Karen Johanna 1857. Dei to første borna var fødde på Vikøyri, dei tre neste i Sæbø. I 1856 flytta huslyden til Bergen, der Ola var daglønar i 1865.
Plass 5. Ola Hermundson Undi (1783–1831) frå lnr 63 var under stadnamnet Sæbø lærar for Stor-Øyri. Han gifte seg 1816 med Gyrid Hermunddtr Grønsberg (1788–1848) frå plass under lnr 41 og dei fekk: Hermund 1817–18, Ola 1819–19, Ola 1821–21, Anna 1823–23, Hermund 1826–28. Gyrid vart attgift 1834 med Amund Andersson Vikøyri v022 (1795–1888) og dei vart husmannsfolk på plass 1 i Skulen-Grov.